1 minute read

14 Den realistiske tradisjonen etter krigen

I dette kapittelet skal du lære om • kva som kjenneteiknar realistisk litteratur etter 1945 • form og innhald i litteraturen • sentrale forfattarar og tekstar frå perioden

Kvifor skal du lære dette? • Du lærer at den andre verdskrigen bringar nye tema inn i litteraturen. • Du lærer å sjå tematiske likskapar i verk frå eldre og nyare litteratur. • Du lærer at både den realistiske og den modernistiske tradisjonen går side om side i heile perioden.

Viktige fagomgrep • sentrallyrikk • psykologisk litteratur • sosialrealisme

REALISTISK TRADISJON

1850 1870 1880 1890 1900 Den første verdskrigen 1914–1918 1930 Den andre verdskrigen 1940–1945

Poetisk realisme Kritisk realisme Naturalisme Etisk realisme Krigslyrikk Sentrallyrikk 1970 1980 2000

Sosialrealisme Samtidslitteratur

MODERNISTISK TRADISJON

1890 1900 1920–1940 1950 1960 1970 1980 2000

Tidleg modernisme Nyromantikk Mellomkrigsmodernisme Nullpunktslyrikk Etterkrigsmodernisme Nyenkelheit Postmodernisme Samtidslitteratur

Før du les • Diskuter kva som ligg i omgrepet realistisk tradisjon. • Kva for tema trur du at ein krig kan bringe inn i kunst og litteratur? • Les om Sigmund Freud og psykoanalysen på SNL. Skriv ned fem fakta om psykoanalysen.

Litteraturen etter krigen: ei modernistisk og ei tradisjonell retning

Etter 1890-åra og fram til i dag følger litteraturen to hovudretningar: ei realistisk og ei modernistisk. Begge retningane tar opp mange av dei same temaa. Den viktigaste forskjellen finn vi i forma: Realistane bruker eit klart språk med tradisjonelle bilde og symbol, medan den modernistiske litteraturen eksperimenterer mykje meir.

This article is from: