8 minute read

Etter krigen – oppgjer og nullpunktslyrikk

Jentene blei møtte med harde sosiale sanksjonar under, men særleg etter, krigen. I diktet til Grieg blir dei samanlikna med prostituerte. GATEPIKER, skriv han med store bokstavar. Barn av norske mødrer og tyske fedrar blei kalla «tyskarungar», og dei opplevde mobbing og utestenging. Å vere på feil side under krigen blei ei utilgiveleg handling.

Formål med diktinga

• formidle heltehistorier • feire siger og fridom • utforske skyld og ansvar • sette ord på det uforståelege • finne ny meining i livet

Krigen er over!

8. mai 1945 kapitulerer tyskarane, og Noreg er eit fritt land. Dei norske lesarane er nesten umettelege på heltehistorier frå krigen, og det blir publisert både romanar og forteljingar om norske bragder. Eit eksempel er Det vil helst gå godt (1945), skriven av motstandsmannen Max Manus (1914–1996). Desse tekstane har ei klassisk oppbygging med klare spenningstoppar, og det er tydeleg kven som er helt og skurk.

Etter krigen blei også dikt som hadde sirkulert ulovleg under krigen, gitt ut i bokform. Dette var tekstar av blant andre Inger Hagerup, Arnulf Øverland og Nordahl Grieg. Krigslyrikken var svært populær også i etterkrigstida.

Tema 4: Oppgjer

Etter krigen var det også tid for oppgjer. Landssvikarar blei stilte til ansvar, blant dei forfattaren Knut Hamsun. Hamsun la aldri skjul på si støtte til det nazistiske regimet. I 1943 reiste han til Tyskland, der han møtte Adolf Hitler personleg. Medaljen Hamsun fekk da han i 1920 blei tildelt nobelprisen i litteratur, gav han til den nazistiske propagandasjefen Josef Goebbels.

Da Adolf Hitler døydde, skreiv Hamsun eit minneord om han i avisa:

Jeg er ikke verdig til å tale høyrøstet om Adolf Hitler, og hans liv og gjerning innleder ikke til noen sentimental rørelse. Han var en kriger, en kriger for menneskeheten og en forkynner av evangeliet om rett for alle nasjoner. Han var en reformatisk skikkelse av høyeste rang, og hans historiske skjebne var den, at han virket i en tid av den eksempelløseste råhet som til slutt felte ham. Slik tør den almindelige vesteuropeer se på Adolf Hitler, og vi, hans nære tilhengere, bøyer nå våre hoder ved hans død.

(Aftenposten 7. mai 1945)

«Varig svekkede sjelsevner»

Nazistøtta kosta Hamsun sympati og lojalitet hos nordmennene. Etter krigen drog fleire lesarar til Nørholm der Hamsun budde, og brente bøkene hans framfor porten. Hamsun blei også stilt til ansvar for sine handlingar i landssvikoppgjeret etter krigen. Han blei ikkje dømt, for retten konkluderte med at Hamsun hadde «varig svekkede sjelsevner».

Hamsun sjølv fnyste av denne diagnosen. Sjølv om han var gammal, stod han inne for det han meinte, sa og gjorde. I tida under og etter rettssaka skreiv Hamsun på eit manus som skulle bli det sjølvbiografiske verket Paa gjengrodde stier (1949). Verket skulle motbevise at han ikkje lenger tenkte klart. Den siste setninga i verket er ein direkte kommentar til rettssaka: «I dag har høyesterett dømt, og jeg ender min skriving».

Litterært oppgjer: «Kvifor blei nokon nazisympatisørar?»

Kvifor blei nokon nazisympatisørar under krigen? Var det tilfeldig kva side ein hamna på? Slike spørsmål blei stilte i mange tekstar som kom ut i Noreg etter krigen. Forfattarane utforska menneskesinnet for å finne forklaringar på kvifor folk handla som dei gjorde. I samfunnet elles var ikkje viljen til å forstå like sterk.

Skyld og ansvar

Eit eksempel på ein roman som tematiserer skyld, skam og ansvar er Sigurd Hoels (1890–1960) Møte ved milepelen (1947).

I romanen spør hovudpersonen seg om han er medskyldig i nazisympatisørane sine handlingar under krigen. Kunne dei tatt andre val om han hadde sett kor einsame dei var?

I Møte ved milepelen ser vi korleis den tradisjonelle og modernistiske tradisjonen blir vovne tettare saman etter krigen. Sjangermessig er romanen trygt forankra i den tradisjonelle forteljartradisjonen, men tematisk er det slektskap med modernistisk utforsking av menneskesinnet.

Tema 5: Bombe over Hiroshima

Klokka 08.15 6. august 1945 sleppte amerikanarane ei atombombe over den japanske byen Hiroshima. 120 000 menneske blei drepne. Japanarane kapitulerte, og den andre verdskrigen var endeleg over.

I diktet «Regn i Hiroshima» (1947) prøver Tarjei Vesaas å fange det eksakte augeblikket atombomba sprang. Her dei seks første linjene:

I det ho lyfte handa for å ta tekanna kom eit blindande ljos –

var ikkje meir alt var borte dei var borte

Her ser vi at den kvardagslege tedrikkinga står i sterk kontrast til tomheita som følger.

Nullpunktslyrikk

Diktet «Regn i Hiroshima» er eit eksempel på nullpunktslyrikk. Dette er dikt som forsøker å sette ord på det som er igjen etter denne valdsame og øydeleggande krigen. Verda hadde rykt tilbake til eit «nullpunkt», eit stort «ingenting» som igjen måtte fyllast med meining. Men kva meining kan livet gi etter Hiroshima og Auschwitz?

Grunnstemninga i nullpunktslyrikken er at ingenting kan eller vil bli det same igjen. Fleire av dei har eit pessimistisk syn på mennesket og samfunnet. Dikta er modernistiske også i forma. Oppstykka verselinjer og språkbilde underbygger følelsen av å leve i ei kaotisk og øydelagd verd.

«Det er ingen hverdag mer»

Ein annan «nullpunktslyrikar» er Gunvor Hofmo (1921–1995). Ho debuterte i 1946 med samlinga Jeg vil hjem til menneskene. Det lyriske eg-et i desse dikta rettar ofte blikket i sinne og fortviling mot ein fråverande gud:

Gud, hvis du ennå ser: det er ingen hverdag mer.

Diktet formidlar ei oppleving mange sat igjen med etter krigen: Verda var ikkje til å kjenne igjen. Det blei gradvis avdekt kor rå og nådelaus krigen var, og det var klart at menneskeleg vondskap ikkje hadde nokon grenser.

Eigne krigsopplevingar

I neste kapittel kan du lese meir om modernisten Gunvor Hofmo. Forfattarskapet hennar er også uløyseleg knytt til opplevingar under den andre verdskrigen. Gunvor Hofmos kjæraste, Ruth Maier, var jødisk. Saman med 532 andre jødar blei ho deportert frå Noreg og drepen i konsentrasjonsleiren Auschwitz. I «Det er ingen hverdag mer» skildrar Hofmo svarte lik og korleis menneske «trår i oske». Begge desse språklege bilda kan knytast til jødeutryddinga under krigen.

Stumme skrik

Forma i Hofmos dikt er tradisjonell med enderim, faste strofer og verselinjer, men diktet er likevel modernistisk. Det viser nemleg eit individ som er lausrive frå omgivnadene, til og med frå Gud. Denne modernistiske livsfølelsen dominerer dikta hennar.

Dikta til Hofmo handlar både om det å miste nokon ein er glad i, og om tap av meining. Ein sentral tanke i modernismen er at ord ikkje kan formidle det eit menneske tenker eller føler. Det er umogleg for menneske å forstå kvarande fullt og heilt, sjølv orda kjem til kort. Denne modernistiske tanken blir underbygd i kontrasten «stumme skrik» i diktet. Det er opp til lesaren å prøve å forstå kva dette stumme skriket inneheld.

Test deg sjølv

1 Kvifor blei den første verdskrigen eit så stort sjokk? 2 Kva formål hadde diktinga før krigen? 3 Kva åtvarar Arnulf Øverland mot i diktet «Du må ikke sove»? 4 Korleis utnytta Adolf Hitler og nazistane stemninga i Tyskland i mellomkrigstida til å ta makta i landet? 5 Kven meinte nazistane tilhøyrde den «høgverdige» og den

«mindreverdige» rasen? 6 Kvifor blei dei olympiske leikane i München i 1936 viktig for nazistane? 7 Kva het diktet Nordahl Grieg skreiv i etterkant av dei olympiske leikane, og kva handla det om? 8 Kva formål kan vi tenke oss at diktet «Sprinterne» hadde? 9 Korleis skil Griegs dikt «Til ungdommen» seg frå «Sprinterne»? 10 Kva oppfordringar kjem han med i «Til ungdommen»? 11 Kva formål hadde litteraturen som blei skriven under krigen? 12 Beskriv formmønsteret i «Aust-Vågøy». Korleis heng form og innhald saman? 13 Kvifor har fleire dikt skrivne under krigen eit tydeleg «vi»? 14 Kva vil det seie at eit dikt har ein moraliserande tone? 15 Kva formål hadde litteraturen etter krigen? 16 Kvifor blei det så populært med heltehistorier frå krigen? 17 Kva litterær tradisjon høyrer desse heltehistoriene til og kvifor? 18 Kva side var forfattaren Knut Hamsun på under krigen, og kva konsekvensar fekk det for han i etterkant? 19 Kva kjenneteiknar det «litterære oppgjeret» etter krigen? 20 Korleis kan vi påstå at «Regn i Hiroshima» er eit eksempel på eit nullpunktsdikt? 21 Korleis kan vi sjå at nullpunktsdikt er modernistiske dikt? 22 Korleis kan vi seie at «Det er ingen hverdag mer» er eit eksempel på modernistisk nullpunktslyrikk?

Jobb med stoffet

1 Utforsk eitt av dikta som er nemnde i dette kapittelet. Kva for oppleving av krigen er det som blir formidla i diktet? Kan du seie noko om formål og samanhengen mellom form og innhald?

Litterær tradisjon? Lag ein kort presentasjon om diktet.

2 Bli betre kjend med Nordahl Grieg. I dette kapittelet er heile tre dikt av Nordahl Grieg nemnde: «Sprinterne», «Eier du ikke stolthet i livet» og «Til ungdommen». Les gjennom alle dikta, og bruk dei i ein presentasjon om Nordahl Grieg og diktinga hans. 3 Griegs dikt «Til ungdommen» blei mykje brukt i tida etter terrorangrepa 22. juli 2011. Søk etter opplesingar og framføringar av dette diktet i tida etter 22. juli. Lag ein presentasjon eller skriv ein tekst der du utforskar ulike sider ved diktet «Til ungdommen». Kva er det med denne teksten som både gir trøyst, maner til kamp og åtvarer om mørke krefter? Kvifor blir kunst og litteratur så viktig i vanskelege tider, trur du? 4 Lær deg diktet «Aust-Vågøy» utanåt. Deklamer det høgt for klassen.

Du kan også lage ein petcha kutcha der diktdeklamasjonen blir underbygd med bilde. 5 Skriv eit tradisjonelt dikt som «Aust-Vågøy» eller «Til ungdommen» om til eit modernistisk nullpunktsdikt. 6 Les novella «Naken» av Tarjei Vesaas på side 454. Kva slags krigserfaringar er det denne novella tematiserer? Korleis synest du ho behandlar motsetninga mellom skyld, skam og ansvar? 7 Ta utgangspunkt i minst to dikt frå dette kapittelet og skriv eit essay om tap av meining.

I eit nøtteskal

I tida før, under og etter den andre verdskrigen blir det skrive mange tekstar med krigen som motiv og tema. Før krigen var formålet å åtvare mot det fleire såg var i ferd med å skje, men også oppfordre til motstand og fredelege løysingar. Under krigen blei lyrikken viktig. Streng sensur gjorde at dikt gjekk frå munn til munn i befolkninga. Dikta gav trøyst og lindring og mante om vidare motstand og samhald. Etter krigen fekk vi fleire romanar som utforska menneskesinnet i møte med den nådelause krigen og vala ein måtte gjere. Den tradisjonelle krigslyrikken med fast rimmønster og form blei erstatta av ein modernistisk nullpunktslyrikk. Følelsen av at verda slik vi kjende ho, var borte for godt, dominerte. I dette nye nullpunktet kom mennesket ofte til kort – verken ord eller forstand kunne formidle eller gripe det som hadde skjedd.

This article is from: