4 minute read
Sosialrealisme 1970-talet
Arbeidsstue for barn, Oslo 1920. Diktet viser at ungdom ikkje er lausrivne frå resten av samfunnet, for ungdom er barn av si tid.
Sosialrealismen har mykje til felles med den realistiske tradisjonen vi kjenner frå 1870-åra. Litteraturen var tydeleg samfunnskritisk, og det er ikkje tvil om kvar sympatien til forfattaren låg. Sosialrealismen var ein sterkt politisk litteratur som handla om korleis samfunnet påverka enkeltmennesket. Dei var særleg opptatte av arbeidarklassen sitt perspektiv. Det var ikkje dei private tankane og særtrekka til personane som stod i sentrum, men det sosiale rundt. Forfattarane var plasserte på den politiske venstresida.
Tema 5: Klassekamp og arbeidardikting
Sidan litteraturen hadde ein politisk agenda, var det viktig for forfattarane å vende seg til folket på eit nivå som var tilpassa dei fleste. Derfor var ei realistisk og tradisjonell framstilling nødvendig. Det var klare krav til dei sosialrealistiske romanane: Dei skulle vise heltar frå arbeidarklassen i situasjonar som var problematiske på grunn av måten samfunnet var organisert på. Heltane skulle få innsikt i rota til problema og deretter kritisere samfunnet. Kritikken skulle leie til ei konkret handling som kunne rette på misforholdet. Litteraturen skulle vere pedagogisk, og ønsket om å forandre verda stod sterkt. Miljøskildringane var detaljerte, personane var typar, og dialogane var naturlege.
Litteratur med kommunistisk appell
Ein sentral sosialrealistisk forfattar er Dag Solstad (1941–). Han er ein forfattar som skriv både i ein realistisk og ein modernistisk tradisjon. I ein periode på 1970-talet skreiv Solstad med eit klart politisk formål. I romanar som 25. septemberplassen (1974), Svik. Førkrigsår (1977), Krig. 1940 (1978) og Brød og våpen (1980) skildra han livet og kampen til arbeidarklassen, og har ein klar kommunistisk appell. Litteraturen på 1970-talet skulle oppfordre til klassekamp og revolusjon. Men i arbeidarromanane sine problematiserer Solstad også utfordringa med å skrive litteratur for ein arbeiderklasse som eigentleg ikkje er interessert i litteratur.
Ekte opprør kjem innanfrå
Romanane som Solstad gav ut i 1980-åra blir rekna som eit oppgjer med det politiske tiåret. Både Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (1982) (filmatisert i 2005) og Roman 1987 (1987) fortel om til dels komiske og i alle fall totalitære sider ved bevegelsen. Solstad er slett ikkje berre kritisk til det kommunistiske partiet AKP (m-l) i desse romanane, men han skjønte at eit ekte opprør må komme innanfrå, frå arbeidarane sjølve.
Du kan lese meir om Dag Solstad i samband med den modernistiske tradisjonen på side 300 og 307.
Arne Ekeland: «Utenfor fabrikken», 1972
Test deg sjølv
1 Kva er sentrallyrikk? Kva kjenneteiknar form og innhald i sentrallyrikken? 2 Kva forfattarar var opptatt av identitet, Freud og psykoanalyse på 1950- og 60-talet? Korleis kom dette til uttrykk i litteraturen deira? 3 Forklar omgrepet sosialrealisme. 4 Korleis skil sosialrealismen på 1970-talet seg frå den kritiske realismen på 1880-talet? 5 På kva måtar blir litteraturen politisk etter krigen? Kva for tema tar dei opp? 6 Kva kan vere årsaka til at forfattarane skreiv meir kvinnelitteratur på 1960- og 1970-talet?
Jobb med stoffet
1 Kva politiske hendingar i Noreg og i verda elles kan ha prega litteraturen i perioden 1945–1980? Lag ei liste og samanlikn i klassen. 2 Gjer kort greie for utviklinga innanfor den tradisjonelle litteraturen etter 1940, og forklar følgande fagomgrep: sentrallyrikk, kamplyrikk, psykologisk roman, sosialrealisme, feministisk litteratur. Trekk inn relevante forfattarar og tekstar. 3 Les dei første sidene av romanen Egalias døtre av Gerd Brantenberg på www.nb.no, og la utdraget inspirere deg til å skrive eit essay om kjønnsroller. 4 Gruppeoppgåve: Lag ein samansett tekst med tittelen
«Samfunnsproblem under debatt». Bruk tekstutdrag, bilde og lyd. 5 Gruppeoppgåve: Sit i grupper på to, tre eller fire. I 1970-åra kom det ei visebølge med songar skrivne på dialekt og med politiske eller samfunnsmessig viktige tema. Sjå på tekstane til band og musikarar som syng på dialekt i dag, slik som Moddi, Lars Vaular, DDE,
Hellbillies, Vamp, Stein Torleif Bjella, Tønes eller andre du kjenner til.
Finn ut kva slags tema dei syng om. Grupper songane etter tema.
Finn to songar med same tema, og sjå på kva som er likt og ulikt ved songane. Diskuter funna i gruppa.
6 Munnleg oppgåve: Jobb i smågrupper. Vel ein tekst frå tekstsamlinga som de tolkar. Bruk eg-ser-modellen og førebu ein kort presentasjon. Fokuser på dei ulike elementa i modellen når de jobbar med tolkinga dykkar. 7 Sokratisk seminar om sentrallyrikk: Les to sentrallyriske dikt frå ulike periodar. Den indre sirkelen startar med at kvar elev seier to ting om kvart av dikta. Den ytre ringen observerer, lyttar og tar notat. Etter 10 minutt byter gruppene, og den ytre sirkelen deler sine tankar.
I eit nøtteskal
I løpet av perioden mellom 1945 og 1980 gjekk Noreg frå krig og okkupasjon til å bli eit velferdssamfunn. Viktige politiske hendingar i samfunnet prega litteraturen og kunsten. Forfattarane i etterkrigstida ønskte å undersøke korleis menneske kunne utføre så vonde handlingar under krigen.
Innanfor den realistiske tradisjonen blei sentrallyrikken populær, og forfattaren Halldis Moren Vesaas skreiv dikt sett frå eit kvinneperspektiv. Her handla det om å sette pris på dei små hendingane i kvardagen.
Fleire forfattarar lét seg inspirere av Sigmund Freuds psykoanalyse. Dei skreiv om identitet og kva barndom og oppvekst har å seie for utviklinga og vaksenlivet til eit menneske.
I tiåra etter krigen fekk kvinnelitteraturen igjen eit nytt oppsving, og politisk litteratur i tråd med Collett sette kvinners moglegheiter i det mannsdominerte samfunnet under debatt.
På same måte blei forfattarar som Jens Bjørneboe opptatte av å skrive litteratur som kjempa for barn og unge som sleit på skolen og i samfunnet.
Sosialrealismen, som har mykje til felles med den realistiske tradisjonen frå 1870-åra, hadde eit tydeleg mål: å ta perspektivet til arbeidarklassen. Dette var ein sterkt politisk litteratur som handlar om korleis samfunnet påverka enkeltmennesket. Det var altså det sosiale rundt personane som var viktig, meir enn dei private tankane og særtrekka til enkeltmenneska.