1 minute read

Ordbok: Presisjonsjordbruk

Ordbok;

[ presisjonsjordbruk ]

Advertisement

KLARGJORT:

Eit slikt klistremerke på reiskapen fortel kva for nokre modular som reiskapen er klargjort for, slik som TC-SC for gjødselspreiarar med seksjonskontroll.

Task Controller (TC):

ISOBUS Task Controller er ein modul som gjer kommunikasjonen mellom skjerm og reiskap mogleg og let ISOBUSsystemet lage dokumentasjonsfilar. Samlar informasjon som nyttast til å styre reiskap og til dokumentasjon. TC er delt inn i dei tre undermodulane BAS, GEO og SC.

TC-BAS:

Task Controller Basic er den enklaste modulen under TC, som samlar inn data frå reiskap og legg saman totalar, til dømes kor mykje gjødsel som er spreidd på eit skifte. Denne modulen gjev dokumentasjon om mengder, arbeid og sort, men informasjonen er ikkje knytt til posisjon meir nøyaktig enn til eit skifte. Gjer det mogleg å importere oppgåver og eksportere dokumentasjonsfilar.

TC-GEO:

Task Controller Geobased samlar inn data knytt til posisjon og styrar mengder og tildeling etter kor traktoren er. Gjer det mogleg med variabel tildeling etter planlagde og importerte tildelingsfilar. Med TCGEO blir dokumentasjonsfilane meir detaljert og ein får posisjonsbestemt informasjon som hastigheit og faktisk tildelt mengde. Sjå variabel tildeling frå tidlegare utgåve.

TC-SC:

Task Controller Section Control nyttast til å styre seksjonane til reiskapen. TCSC opnar og stenger seksjonar etter kvart som dei kjem utanfor skiftegrenser eller over områder som allereie er arbeida på. Dette hindrar overlapp og spreiing av innsatsmiddel utanfor skiftegrenser. Sjå seksjonskontroll frå tidlegare utgåve.

Tekst: Jon Ole Botnevik, utviklingsleder presisjonsjordbruk Illustrasjon: AEF – the Agricultural Industry Electronics Foundation

Nytt år og nye utgåver av Ordbok for presisjonsjordbruk! I denne utgåva fortset forklaringane om ISOBUS, ein digital kommunikasjonsstandard mellom traktor og reiskap. Nokre ord som er gjennomgått før er avhengige av ISOBUS, slik som seksjonskontroll og variabel tildeling. Sjå gjerne i Samvirkeblada frå i fjor for gjenoppfrisking.

Er det ord eller uttrykk du lurar på? Send dei gjerne inn for å få dei med i neste utgåve!

This article is from: