10.-12. MAI 2013
www.balejazz.no
Festivalkunstnarar: Magni Jensen og Elisabeth Knap Opning av festivalutstilling Cooperhuset - 10. mai | 17.00 Balejazz er glade for å kunne presentere to lokale kunstnarar til årets festivalutstilling «OMATTogOMATTogOMATT». Magni Jensen og Elisabeth Knap har gått saman om å spegle det vi alle gjer i kvardagen. Slik blir to uttrykk til eitt uttrykk. Elisabeth Knap er opprinneleg frå Sandefjord, men kom til Sogn i 2000 og til Balestrand i 2002 for å stille ut i Cooperhuset. Sidan vart ho buande. Ho har utdanning frå både inn- og utland, har tidlegare jobba som teiknar på markedsavdelinga i Dagbladet. No jobbar ho med teikning, grafikk og måleri. Foto: Bjørn Skanke Sande.
Magni Jensen er keramikar, og driv sin eigen verkstad i Kvamsøy, like utanfor Balestrand sentrum. Ho arbeider med porselen og steingodsleire, vedfyrt «keramikk til dagleg bruk». Magni Jensen har vore aktiv kunsthandverkar i 35 år - delteke og arrangert utstillingar og workshops - regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Billettsal
815 33 133
I festivalperioden også på Festivalkontoret – Kviknes Hotel. Balejazz Postboks 24, 6898 Balestrand Tlf. 57 69 42 00 – Faks 57 69 42 01 Epost: post@balejazz.no www.balejazz.no
Følg Balejazz på
facebook.com/balejazz
• Serviceavgift kjem i tillegg til billettprisen. • Det er 18 års aldersgrense på alle klubbkonsertane. • Med atterhald om programendringar. • Det er ikkje høve til å kjøpe festivalpass Samarbeidspartnar/booking: Kjell Kalleklev Management – www.kalleklev.no Overnattingsstader Kviknes Hotel Midtnes Pensjonat Askelund Futegard Dragsvik Fjordhotell Sjøthun Camping
www.kviknes.no www.midtnes.no www.askelund.no www.dragsvik.no www.sjotun.com
Balejazz 2013 er støtta av:
57 69 42 00 57 69 11 33 57 69 12 02 57 69 12 93 950 67 261
24 ÅR
PROGRAM 2013 FREDAG 10. MAI 17.00 18.30 20.00 21.00 22.30 22.30 24.00
Opning av kunstutstilling Cooperhuset Gratis «Heimafrå» - Odd Nordstoga & Ingebjørg Bratland Kviknesalen kr 345 Jazz, wine & dine Privaten, Kviknes Hotel kr 1195 Morning Has Occured med Karl Seglem Bøyum Pensjonat (Ungdomskonsert, inga aldersgrense) kr 150 Arild Andersen trio Kringsjå kr 250 Reidar Larsen & The Storytellers Natthuset kr 250 Mezzoforte Kviknesalen kr 295
LAURDAG 11. MAI 12.00 13.00 16.00 18.00 20.00 22.30 22.30 22.30 24.00
Sondre Bratland & Annbjørg Lien Den Engelske Kyrkja Sogndal Storband Hotellhagen, Kviknes Hotel Arve Henriksen & Jan Bang Ciderhuset «Løsrivelse» - Kari Bremnes & Ketil Bjørnstad Kviknesalen Jazz, wine & dine Privaten, Kviknes Hotel Mats Eilertsen trio Kringsjå Ibrahim Electric Bøyum Pensjonat Yngve & his Boogie Legs Natthuset Hanne Boel Kviknesalen
kr 250 Gratis kr 250 kr 345 kr 1195 kr 250 kr 250 kr 250 kr 295
SØNDAG 11. MAI 13.00
Unge Talent Kviknesalen
kr 125
FREDAG 10. MAI «Heimafrå» Odd Nordstoga & Ingebjørg Bratland Konsert - Kviknesalen 10. mai | 18.30 | www.heimafra.no «Kva med eit folkemusikkfundert prosjekt», tenkte Odd Nordstoga. «Kven kan eg gjera noko slikt med?» Ein vakker vårdag for eit par år sidan tok Ingebjørg Bratland vegen opp til Lambertseter i Oslo, opp på musikkloftet til Odd. Og her Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen byrja songane å trille fram. Den fyrste songen som vart prøvd, var Jørund Tellnes sin tekst «Å bån og veslegut». Med kvar sin gitar og to songstemmer vart eit enkeltopptak gjort. Det var noko med dette opptaket. Veldig fint var det. Berre to songstemmer og eit enkelt akkompagnement. Trong ikkje meir. Folkemusikkprosjektet «Heimafrå» var fødd. Ingen band, ingen strykearrangement. Så enkelt som det kan gå an: Berre bruke av dei songane som utgjer det musikalske jordsmonnet der dei begge to kjem ifrå, nemleg Vinje. Odd Nordstoga | gitar og vokal Ingebjørg Bratland | gitar og vokal Gjermund Silset | bass
Jazz, Wine & Dine Salongkonsert - Privaten, Kviknes Hotel | 10. mai | 20.00
Illustrasjonsfoto.
Dette blir ein sanseleg eksplosjon! Kjøkensjefen på Kviknes hotel komponerer fin firerettars gourmetmeny, basert på det beste av våre lokale råvarer. Til menyen vil Merete Bø, Norges beste vinekspert, velje ut svært passande vinar. Til kvar rett vil ho fortelje om råvarene i menyen, vinane ho har valt og kvifor. Og oppå det heile: Den musikalske opplevinga. Til kvar rett improviserer saksofonist Olav Dale sine inntrykk av maten og vinen. Merete Bø | vinkelner Olav Dale | saksofon
Morning Has Occured med Karl Seglem Ungdomskonsert - Bøyum Pensjonat 10. mai | 21.00 www.karlseglem.no Denne konserten er ein ungdomskonsert som er open for alle. Foto: Laila Meyrick/Velour.no «Monitor» er ei heilt ny konsertserie som har som mål å få fleire unge til å få øyrene opp for jazz, spele jazz og arrangere jazzkonsertar. Det er Norsk jazzforum og Vestnorsk jazzsenter som presenterer første runde av Monitor våren 2013. Denne miksen av unge jazzmusikarar saman med ringreven Karl Seglem tek publikum med på ei spennande reise inn i eit jazzlandskap der melodiøse parti går over i leiken improvisasjon og kraftfulle energitrekk. Fem likeverdige stemmer som saman kan skape magiske augneblink, skapt frå eigenkomponert materiale frå Morning Has Occured og Seglem. Morning Has Occurred har utspring frå jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen, og har spelt saman sidan 2010. Årdølen Karl Seglem er ein av Norges fremeste saksofonistar som i 2010 mottok norsk jazz si høgste utmerking, Buddyprisen. Mats Mæland Jensen | trommer Marte Eberson | piano Natalie Sandtorv | vokal, waterphone, håndpumpeorgel Sebastian Kittelsen | kontrabass Karl Seglem | saksofon, bukkehorn
Arild Andersen trio Klubbkonsert - Kringsjå 10. mai | 22.30 www.arildandersen.com/ projects/arild-andersen-trio Trioen Arild Andersen, Tommy Smith og Paolo Vinaccia er ein av dei mest spanande nye gruppene på den europeiske jazzscena i år. Andersen har vore ein av kjempene i skandinavisk jazz sidan samarbeidet med Jan Garbarek på byrjinga av 1970-talet. Forankra i hans massive og rike basspel kombinerer trioen melodisk kreativitet med friske rytmar. Den skotske saksofonisten Tommy Smith er allsidig som tenorspelar, og saman med Paolo Vinaccias kreative og nyskapande trommespel og sjefen sjølv på bass skapar dei eit landskap av lyd som er orkestral i omfang, men like fullt eineståande og nær. Arild Andersen | bass Tommy Smith | saksofon Paolo Vinaccia | perkusjon
Reidar Larsen & The Storytellers Klubbkonsert - Natthuset 10. mai | 22.30 www.reidarlarsen.com «Mr. Blues» er tilbake i Balestrand! Reidar Larsen kjem til å løfte taket på Natthuset denne kvelden! Med vaskekte blues frå sitt piano, svingar det skikkeleg når denne rutinerte stavangermusikaren kjem på besøk. Kanskje ikkje så rart det blei slik som son av ein pianobyggar. Larsen tok pianotimar frå sjuårsalderen, og la fundamentet for å danne band alt i 1968. Den første «offisielle» spelejobben gjorde han i Stavanger 17. mai 1970. Og då var det eigentleg gjort. Sidan har Reidar Larsen rocka både i inn- og utland. No er han tilbake i Balestrand med sitt faste band, The Storytellers! Reidar Larsen | vokal og piano Knut Hem | trommer Kyrre Sætran | bass og vokal Arne Skage | gitar
Mezzoforte Klubbkonsert - Kviknesalen 10. mai | 24.00 | www.mezzoforte.com Det er ei glede å ønskje Mezzoforte velkommen tilbake til Balejazz! Suksessen var enorm i 1983 då låta «Garden Party» gjekk sin seiersgang verda over. Fire islandske gutar var knapt utvaksne. Men sidan den gongen har Mezzoforte vore rekna som Europas viktigFoto: Ulla C Binder aste fusionband. I fjor feira dei sitt 35-årsjublileum, og dei er framleis like gnistrande på scena. På deira siste album, «Islands», er bandet meir akustisk enn tidlegare. I staden for keyboards føretrekk den briljante Eythor Gunnarsson flygel oftare og oftare. Trommene er meir jazza, gitaren er meir funky og treblåsarane brukar plassen sin til karakteristiske soloar medan bassisten held det heile saman med groovy basslinjer. Live er dette sprengstoff! Eythor Gunnarsson | tangentar Gulli Briem | trommer Johann Asmundsson | bass Oskar Gudjonsson - saksofon Sebastian Studnitzky | trompet Bruno Mueller | gitar Fridrik Karlsson | gitar Thomas Dyani | perkusjon
LAURDAG 11. MAI Sondre Bratland & Annbjørg Lien Konsert - Den Engelske Kyrkja 11. mai | 12.00 www.sondrebratland.no I løpet av dei siste 20 åra har Sondre Bratland vore ein av våre fremste, mannlege folkesongarar. Hans spesialområde er religiøs folkesong, men hans uttrykk spenner seg frå norsk kvedartradisjon til country. I 2010 ga han og Annbjørg Lien ut albumet «Alle vegne», deira eigne versjonar av norske, religliøse folketonar. Lien er ein velkjend norsk felespelar og folkemusikar som også har jobba saman med ei rekkje jazzmusikarar. Om du er muslim, kristen, buddhist eller ateist, konserten i Den engelske kyrkja blir ei musikkreligiøs oppleving! Sondre Bratland | vokal Annbjørg Lien | hardingfele
Foto: Lars Jonas Pedersen
Sogndal storband Konsert - Hotellhagen, Kviknes Hotel | 11. mai | 13.00 www.myspace.com/sogndalstorband Sogndal Storband vart starta i 1979 og har hatt samanhengande drift sidan starten. Storbandet har standard storbandbesetning med 18 medlemmer: Vokalist, fem saksofonar, fem trompetar, fire trombonar, piano, gitar, bass og trommer. Medlemmane kjem frå Sogndal og Leikanger. Dei seinare åra har Sogndal Storband jobba mykje med storbandmusikk frå 1930 og 40-talet (Duke Ellington, Tommy Dorsey, Count Basie, Glenn Miller og Frank Sinatra) og noko materiale frå 1960 og 70-talet (Thad Jones, Buddy Rich og Sammy Nestico). Sogndal Storband er oppteken av å få fram mangfaldet innanfor storbandjazzen og på hagekonserten laurdag 11.mai spiller Sogndal Storband eit knippe kjende låtar som har vore med på å forme storbandjazzen frå 1920-talet og fram til i dag - både tradisjonell «swing and sweet», drivande latinlåtar og rolege balladar. Vi lover ei hyggjeleg musikalsk oppleving for dei som finn vegen til Kviknehagen.
Arve Henriksen & Jan Bang Konsert - Ciderhuset 11. mai | 16.00 www.arvehenriksen.com Arve Henriksen er ein Foto: C. Oliver Heisch/A. Danielsen gammal Balejazz-kjenning. Han har tidlegare skrive bestillingsverk for festivalen, og har lenge vore landets fremste i samtidsjazzen. Trompetisten og komponisten frå Stryn har jobba med fleire av dei fremste jazzmusikarane i Norge. Denne gongen har han med seg Jan Bang som sidan han var ein suksessfull popprodusent på 1990-talet, har vore ein pioner innanfor utviklinga av live remix - improvisering med elektroniske instrument saman med meir konvensjonelle instrument. Frå kl. 14.30: servering av suppe og heimebakt brød i Ciderhuset. Arve Henriksen | trompet og vokal Jan Bang | live sampling
«Løsrivelse» Kari Bremnes & Ketil Bjørnstad Konsert - Kviknesalen | 11. mai |18.00 www.karibremnes.no På same tid som Ketil Bjørnstad arbeidde med den store Munch-biografien «Historien om Edvard Munch» (2011), komponerte han også musikk til fleire av Munchs tekstar. Den verdskjende, norske kunstnaren skreiv alltid om sine motiv diktfragment, prosalyriske stykke og utkast til romanar. Mest kjent er nok det han skreiv om «Skrik»: «Jeg hørte som et stort uendelig skrik gjennom naturen». Musikken som Bjørnstad laga av dette, Foto: Marcel Lelienhof/M.Rygh&M.Eriksen blei spelt inn på plate på Kirkelig Kulturverksted saman med Kari Bremnes (Løsrivelse). Dette blei ein stor suksess, ikkje berre i Norge, men også i Tyskland og Japan. Suiten handlar om nokre av Munchs mest kjende verk som «Skrik», «Melankoli», «Syk pike», «Løsrivelse» og «Angst». Kari Bremnes | vokal Ketil Bjørnstad | flygel
Illustrasjonsfoto.
Jazz, Wine & Dine Salongkonsert - Privaten, Kviknes Hotel | 11. mai | 20.00 Dette blir ein sanseleg eksplosjon! Kjøkensjefen på Kviknes hotel komponerer fin firerettars gourmetmeny, basert på det beste av våre lokale råvarer. Til menyen vil Merete Bø, Norges beste vinekspert, velje ut svært passande vinar. Til kvar rett vil ho fortelje om råvarene i menyen, vinane ho har valt og kvifor. Og oppå det heile: Den musikalske opplevinga. Til kvar rett improviserer saksofonist Olav Dale sine inntrykk av maten og vinen. Merete Bø | vinkelner Olav Dale | saksofon
Foto: CF Wesenberg
Mats Eilertsen trio Klubbkonsert - Kringsjå | 11. mai | 22.30 www.matseilertsen.com/groups/trio/ Mats Eilertsen har markert seg som ein førsteklasses bassist gjennom fleire år. Kvalitetane hans gjer han til eit perfekt medlem av ein trio. Han har ein spesielt varm og lyrisk måte å handtere bassen på. Han er stødig og eksperimentell på same tid. Eilertsen er ein attraktiv musikar som har vore med på ekstremt mange innspelingar. Denne gongen har han med seg Thomas Dahl på gitar og finske Olavi Louhivuori på trommer. Mats Eilertsen | bass Thomas Dahl | gitar Olavi Louhivuori | trommer
Ibrahim Electric Klubbkonsert - Bøyum Pensjonat 11. mai | 22.30 www.ibrahimelectric.com Åtvaring: Dette kjem til å ta av! Det er berre å tjore fast Bøyum pensjonat denne laurdagskvelden. Danske Ibrahim Electric har sidan 2002 spelt over heile verda Foto: Mikkel Heriba med deira anarkistiske tilgang til forskjellige sjangrar som afro-beat, blues, funk, jazz og rock. Dette blandar dei saman til eit fyrverkeri. Live er nemleg denne gjengen spontane, stramme, virtuose og ikkje minst hamrande glade over å vere tilstade.Ein gitar, eit hammondorgel og eit sett med trommer. Meir skal ikkje til for å lage fest! Niclas Knudsen | gitar Jeppe Tuxen | Hammond B3 Stefan Pasborg | trommer
Yngve & his Boogie Legs Klubbkonsert - Natthuset 11. mai | 22.30 www.yngveandhisboogielegs.no Yngve and his Boogie Legs har i løpet av dei siste åra blitt eit velkjend namn i Blues-Norge, og har etterkvart fått omdøme som eit av dei mest spanande unge bluesbanda i landet. I fjor storma bandet fram under tittelen Union Blues Band 2012 med god hjelp av Norsk Bluesunion. For sine liveshow har dei hausta kritikk frå diverse presse som til dømes «Eit av dei store høgdepunkta under Vossa Jazz 2012» Låtane rører seg sjangermessig frå reine blueslåtar til rockelåtar med moderne sound - og eit energinivå få andre i sjangeren kan stille opp med. Yngve Jordalen | kontrabass Bjørnar Ekse Brandseth | gitar og vokal Lars Finborud | gitar og munnspel Morten Bessesen | piano og orgel Anders Fretheim | trommer
Hanne Boel Klubbkonsert - Kviknesalen 11. mai | 24.00 | www.hanneboel.com Balejazz er stolt over å kunne presentere Foto: Stephen Freiheit Hanne Boel på vår scene! Den danske soulstemma har hatt ei eventyrleg karriere etter at albumet «Black wolf» kom ut i 1988. Ho har fleire gonger toppa hitlistene i Skandinavia, og har seld meir enn 1 million album. På dei to siste kritikarroste albuma «I think it's going to rain» og «The shining of things» har ho gått i ei meir jazza retning, og trollbinder sitt publikum på konsertane. Der tek ho naturlegvis også for seg musikken som gjorde ho berømt med songar som til dømes «Don't know much about love», «Black wolf» og «Talk i out». Hanne Boel | vokal Krister Jonson |gitar Rune Kjeldsen | gitar Thomas Vang | bass Mads Forsby | trommer
SUNDAG 12. MAI
Foto: Lars Jonas Pedersen
Unge Talent Konsert - Kviknesalen | 12. mai | 13.00 | balejazz.no Balejazz avsluttar med dei som kan bli framtidige publikumsmagnetar på festivalen. Det blir nemleg med ein konsert med deltakarane på Unge Talent. Her er energi, pågangsmot og talent i massevis! Unge Talent er seminaret som startar fredag kveld, og gjennom ei hektisk helg med dyktige og anerkjente instruktørar framfører deltakarane det dei har lært før og under seminaret. For påmelding, sjå informasjonssider for deltakarar her. Instruktørar: Olav Dale | saksofonar Mats Eilertsen | bass Olavi Louhivuori | trommer Meir informasjon og påmeldingskjema finn du på
www.balejazz.no
SPONSORLAUG 2013
Med Sognefjorden som næraste nabo, ligg Kviknes Hotel – eit av dei mest særprega hotella i Skandinavia. Gjestgjevartradisjonane på Balholm strekkjer seg attende til 1752. Familien Kvikne, som eig hotellet i dag, overtok i 1877. Då starta ei rivande utvikling, som har halde fram sidan.
www.kviknes.no
Nesseplast er ein av Noregs pionerar innan produksjon av ekspandert polystyren (EPS). Starten i 1957 var prega av fryseisolasjon og fiskeemballasje. I dag omfattar produksjonen alt innan emballasje og tekniske produkt i EPS.
www.nesseplast.no
Den største mediakanalen på Vestlandet med 9 lokalaviser og 256.000 lesarar.
www.amediamarked.no
I Sognekraft er vi stolte av at vi gjennom snart 70 år har forvalta nokre av dei viktigaste ressursane vi har, og at vi er med på å gje kraft til lokalsamfunnet både i form av arbeidsplassar, energiforsyning, sponsing og nyskapingsevne. Vi er ei mangfaldig bedrift som heile tida er oppteken av å følgje med i samfunnsutviklinga, samtidig som vi leverer viktige produkt på ein berekraftig og trygg måte.
www.sognekraft.no
Andre støttespelarar: Arkitektkontoret 4B • Frank Ytredal • Joker Coop Vest • Balholm Auto • Ese Bygg
findriv.no
SPONSORAR: