Balejazz program 2014

Page 1

25 ÅR

9.–11. mai 2014

www.balejazz.no


FESTIVALKUNSTNAR

FOTOGRAF

BJØRN SKANKE SANDE

Opning av festivalutstilling 9. mai | 17:00 Bøyum Pensjonat | Gratis Årets festivalkunstnar er Bjørn Skanke Sande frå Balestrand. Han har i mange år fotografert naturen og kulturlandskapet ved Esefjorden. Mykje av identiteten til sogningane er knytt til dei små gardane langs fjorden. Stiane som slynger seg opp­ over fjellsidene har historiske spor etter menneske og husdyr. Men natur­en er trua. Gardar vert nedlagde og gror att. Den urørde villmarka må vike for byggverk og installasjonar. Bjørn Skanke Sande har bygd opp Kringsjå leirskule og Sognefjord akvarium. I 35 år har han hatt Esefjorden som arbeidsplass. Nær 40.000 elevar, foreldre og lærarar har i desse åra fått undervisning i dette unike fjordlandskapet. Inspirasjonen til å leite etter det gode motivet, sjå lyset og fargane, har han fått frå far sin Magnus Sande, som måla og skar treskurd. Skanke meiner at å leve og bu så nær naturen gjer noko med deg. Det er dette han søker å formidle med denne utstillinga.

Billettsal Narvesen og 7-Eleven og på Festivalkontoret, Kviknes Hotel i festivalperioden. Balejazz | P.b 24, 6898 Balestrand | Tlf. 57 69 42 00 | Epost: post@balejazz.no Følg Balejazz på Facebook facebook.com/balejazz og Instagram #balejazz www.balejazz.no Samarbeidspartnar/booking: Kjell Kalleklev Management – www.kalleklev.no Overnattingsstader Kviknes Hotel Midtnes Hotel Askelund Futegard Dragsvik Fjordhotell Sjøtun Camping

www.kviknes.no www.midtnes.no www.askelund.no www.dragsvik.no www.sjotun.com

Balejazz 2014 er støtta av:

57 69 42 00 57 69 42 40 57 69 12 02 57 69 12 93 950 67 261


FREDAG 9. MAI

PROGRAM

17.00

Opning av kunstutstilling Bøyum Pensjonat

Gratis

18.00

Jubileumskonsert - Balejazz 25 år Kviknesalen

kr 345

20.00

Jazz, wine & dine Privaten, Kviknes Hotel

21.00

Bjørn Berge Natthuset

kr 250

22.00

Babylon Brothers Bøyum Pensjonat

kr 250

22.30

Kristin Asbjørnsen Kringsjå

kr 250

24.00

Bo Kaspers orkester Kviknesalen

kr 395

kr 1245

LAURDAG 10. MAI 12.00

Henrik Mestad & Trygve Seim Den Engelske Kyrkja

kr 250

13.00 Hagekonsert Hotellhagen, Kviknes Hotel

Gratis

16.00

Building instrument Ciderhuset

kr 250

18.00

Zap Mama Kviknesalen

kr 345

20.00

Jazz, wine & dine Privaten, Kviknes Hotel

21.00

Amund Maarud Natthuset

kr 1245 kr 250

22.00 Pixel Bøyum Pensjonat

kr 250

22.30

Stian Carstensen & Ola Kvernberg Kringsjå

kr 250

24.00

Bigbang & Valkyrien Allstars Kviknesalen

kr 395

SØNDAG 11. MAI 12.00 Unge talent og barnekonsert med Lyriaka Kviknesalen kr 125/Gratis* *Barn under 15 år kjem inn gratis

Serviceavgift kjem i tillegg til billettprisen. 18 års aldersgrense på klubbkonsertane og på «Jazz, wine & dine». Det er ikkje høve til å kjøpe festivalpass. Med atterhald om programendringar.


BALEJAZZ 25 ÅR

JUBILEUMSKONSERT Konsert | 9. mai | 18:00 | Kviknesalen | kr 345 Balejazz blir i år arrangert for 25. gong. Og det fortener ein skikkeleg jubileums­konsert! Her vil det komme mange forskjellige artistar på scena. Kristin Asbjørnsen med ­gitarist Olav Torget skal bidra. Det same skal Trio Mediæval som er eit vokal­ensemble som syng vakker middelaldermusikk. Til slutt skal Karl Seglem, Arve H ­ enriksen og fleire ta oss med på «Nye Sognasongar» som inneheld komposisjonar frå fleire av Seglems album, samt tingingsverket til VossaJazz 2012. Dette blir ei innhaldsrik og fin markering av ­Balejazz sitt jubileum!

Fotocred: Lars Jonas Pedersen

Karl Seglem | tenorsax, bukkehorn, stemme, komponist/arrangør Arve Henriksen | trompet, stemme Håkon Høgemo | hardingfele Jullie Hjetland Jensen | vokal Andreas Ulvo | tangentar Sigurd Hole | bass Jonas Sjøvaag | trommer og perkusjon Kåre Opheim | trommer og perkusjon Anna Maria Friman | Trio Mediæval Linn Andreas Fuglseth | Trio Mediæval Berit Opheim | Trio Mediæval Kristin Asbjørnsen | vokal Olav Torget | gitar

JAZZ, WINE

& DINE Konsert og mat | 9. mai 20:00 | Privaten | kr 1245

Dette blir ein sanseleg eks­ plosjon! Kjøkensjefen på Kviknes hotel komponerer ein firerettars gourmet­meny, basert på det beste av våre lokale råvarer. Til menyen vil Merete Bø, N ­ orges beste vinekspert, velje ut svært passande vinar. Til kvar rett vil ho fortelje om råvarene i menyen og vinane ho har valt. Og oppå det heile: Den musikalske opp­lev­inga. Til kvar rett improviserer saksofonist Karl Seglem sine inntrykk av maten og vinen. Merete Bø | vinkelner Karl Seglem | saksofon


Fotocred: Morten Strøm

Klubbkonsert | 9. mai 21:00 | Natthuset | kr 250

Bjørn Berge er ein etter­ trakta gitarist som alltid står på scena åleine. Dei siste ti åra har han gjort heile Europa til sitt arbeidsfelt, og i løpet av karriera har han opparbeida seg eit svært godt rykte. Berges «fingerstyle» er heilt unik, og ikkje mange gjer dette etter han. Musikken hans er vanskeleg å setje i bås, sidan han kombinerer fleire musikalske sjangrar. Men i hovudtrekk ligg han i området folk-jazz-blues - ispedd element frå blant anna rock og funk. Han framfører stort sett eige materiale, men han gjer også eigne tolkingar av til dømes Red Hot Chili Peppers, John Butler Trio, Joni Mitchell og Motorhead - for å nemne nokre.

Fotocred: Jarl Morten Andersen

BJØRN BERGE

BABYLON BROTHERS Klubbkonsert | 9. mai | 22:00 | Bøyum Pensjonat | kr 250 Babylon Brothers blei sett saman i 2011 for ein einaste konsert i Oslo. Etter over­ veldande publikumsoppslutnad og respons blei konseptet utvikla vidare. Dette er eit fyrverkeri av eit jazzrockband, leia av gitaristen Staffan William-Olsson, kjent frå The Real Thing, Mezzoforte og Sons of Angels. Med på laget har han trommevirtousen Erik Smith, keyboardisten Frode Østang Mangen og bassisten Tom Erik Antonsen.­­Musikken er hovudsakleg skrive av Staffan William-Olsson, og stilistisk ligg den ein ­stad mellom Jeff Beck, Larry Carlton og George Benson. Staffan William-Olsson | gitar Frode Østang Mangen | keyboard Tom Erik Antonsen | bass Erik Smith | trommer


Fotocred: kristinasbjornsen.com

Klubbkonsert | 9. mai 22:30 | Kringsjå | kr 250 Det er fint å kunne ønske Kristin Asbjørnsen velkommen tilbake til Balejazz. I­ løpet av dei ti ­siste åra har ho fått svært mykje internasjonal merksemd frå både kritikarar og publikum. Ho har eit personleg og unikt uttrykk, og har vunne mange nasjonale og internasjonale prisar. Kristin Asbjørnsens stil har røter i «singer/song­writer»-tradisjonen, og let element frå afriansk verdsmusikk, spiritual og jazz flyte inn i musikken. Ho har ei stemme med eit uvanleg breidt klangspekter som gjer det mogleg å framføre vokal musikk med særleg stor dynamikk, kontrast og kraft. I fjor haust ga ho ut sitt siste soloalbum «I`ll meet you in the morning». Til Balestrand kjem ho saman med kvartetten sin.

KRISTIN

ASBJØRNSEN

Kristin Asbjørnsen | vokal Olav Torget | gitarer og vokal David Solheim | lyd Gjermund Silset | bass og vokal Rune Arnesen | trommer og vokal

BO KASPERS

ORKESTER

Fotocred: bokaspers.com

Klubbkonsert | 9. mai | 24:00 | Kviknesalen | kr 395 Vi er stolte over endeleg å kunne presentere Bo Kaspers Orkester på Balejazz. Dette er eit svensk jazz-rockband som har spelt saman sidan 1991, og har på verdsbasis seld over 1,5 million album. Bo Kaspers Orkester har skapt eit skandinavisk soundtrack med si sofistikerte blanding av pop, jazz og latinamerikansk musikk. Live er denne svenske gjengen ei stor oppleving. Og tenk berre på kva dei har å ta av: «Hon är så söt», «Ett och noll», «Allt ljus på mig», «Vi kommer aldrig att dö», «Ett ögonblick i sänder», «Undantag», «I samma bil» og så vidare. Ved inngangen til dette året ga bandet ut eit samlealbum, «Så mycket Bo Kaspers Orkester». Bo Kasper Sundström | vokal og gitar Fredrik Dahl | trommer Michael Malmgren | bass Mats Schubert | piano, klaviatur og gitar


Konsert | 10. mai | 12:00 Den Engelske kyrkja | kr 250

Henrik Mestad | vokal Trygve Seim | saksofon

HENRIK MESTAD &

TRYGVE SEIM

HAGEKONSERT

Fotocred: Lars Jonas Pedersen (www.gang.no)

«Den andre mannen i meg» heiter denne ­kon­­­sert­en som er basert på Olav H. Hauges dagbøker. Og den har fått strålande kritikkar. ­«Hjertemedisin. Her er Henrik Mestad i sin hittil beste rolle», skreiv Aftenposten om denne føre­stillinga. I samband med den kjende diktaren sitt hundreårsjubileum har Me­stad og Seim skrive eit høyrespel. Denne førestillinga har hatt formidabel suksess på National­ theatret, og spelt for fulle hus. Gjer deg klar til ei sterk opplev­ ing i Den Engelske kyrkja denne laurdags føremiddagen!

Konsert | 10. mai | 13:00 | Hotellhagen, Kviknes | Gratis Hovudaktør på årets hagekonsert er Hans Marius Andersen. Han er ein internasjonal trompetist og komponist som starta å spele trompet alt som treåring. Som femårting byrja han i det lokale skulekorpset, og fem år seinare avanserte han til det lokale brassbandet. No er han blitt ein solist i verdsklasse. Og han kjem til Balejazz saman med fleire. Men hagekonserten startar med ein forrykande gjeng med rockabilly-unggutar. «The Vossarebels» har eit sceneshow få kan matche, og består av fire karar frå 10–13 år som tidlegare har delteke på Norske talenter. Hans Marius Andersen | trompet Sondre Hegg (13) | vokal og gitar Eivind Syve (12) | vokal og trommer Jakob Sjøtun (13) | vokal og gitar Sondre Styve (10) | vokal og bass


BUILDING

INSTRUMENT Konsert | 10 mai | 16:00 | Ciderhuset | kr 250 Building Instrument er ein bergensbasert trio som blandar akustiske og elektroniske uttrykk i fargerike komposisjonar. Musikken famnar om mykje, og er vanskeleg å sjanger­ plassere. Men kreativitet og leik står i sentrum. Det går gjerne frå catchy ­rytmar via frie improviserte parti, til kjensleladde melodiar. Tekstane er på moldedialekt, ­skrive av vokalist Mari Kvien Brunvoll. Som band dannar dei eit unikt uttrykk. I mars slapp dei endeleg sitt første album, på det renommerte selskapet Hubro. Øyvind Hegg-Lunde | trommer og perkusjon Åsmund Weltzien | diverse tangentar Mari Kvien Brunvoll | stemme, div.elektronikk, perkusjon, zither

ZAP MAMA Konsert | 10. mai | 18:00 Kviknesalen | kr 345 Zap Mama er ei belgisk-kongolesisk gruppe med Marie Daulne som frontfigur. Ho bygger musikken sin ved å smelte saman vestleg og afrikansk musikk og kultur. Dette er polyfonisk afro-pop med harmoniar som er påverka av ­urban jazz, nu-soul og hip-hop. «Stemma er eit instrument i seg sjølv», seier Marie Daulne. Med andre ord: Dette blir eit fyrverkeri. Og det kan vere gode grunnar til å smørje hoftene og komme i festhumør! Marie Daulne | hovudvokal Marie Ange Teeuwen | vokal Dierdre Dubois | vokal Manou Gallo | bass Babl Keys | keyboards Patrick Dorcean | trommer


Fotocred: Lars Jonas Pedersen

JAZZ, WINE

& DINE Konsert og mat | 10. mai 20:00 Privaten | kr 1245

Dette blir ein sanseleg eksplosjon! Kjøkensjefen på Kviknes hotel komponerer ein firerettars gourmet­meny, basert på det beste av våre lokale råvarer. Til menyen vil Merete Bø, N ­ orges beste vinekspert, velje ut svært passande vinar. Til kvar rett vil ho fortelje om råvarene i menyen og vinane ho har valt. Og oppå det heile: Den musikalske opplev­inga. Til kvar rett improviserer saksofonist Karl Seglem sine inntrykk av maten og vinen. Merete Bø | vinkelner Karl Seglem | saksofon

Klubbkonsert 10. mai | 21:00 Natthuset | kr 250

AMUND

MAARUD

Amund Maarud | gitar og vokal Henrik Maarud | trommer Egil Stemkens | bass Simen Aanerud | tangentar Bendik Brænne | saksofon

Fotocred: Truls Vinju

Etter eit travelt år med turnering og ståande applaus ga Amund Maarud ut albumet «Dirt» i fjor haust. Den forrige plata ga han ein Spellemannspris. No er ein av Norges store gitarheltar klar for Balejazz saman med sitt heiltente band. Dei kjem til å servere mykje frå det nye albumet. «Enkelt forklart er Dirt eit album der eg ser framover, medan Electric var ei oppsummering», forklarar Amund Maarud. Stemninga på den nye plata - og dermed også denne turneen - er mørkare, og lydbildet er meir detaljert enn før. Det byr på eit vell av Amund Maaruds inspirasjonskjelder, bada i høgspente gitarar, store trommer og blås.


PIXEL

Fotocred: Solveig Selj

Klubbkonsert | 10. mai 22:00 Bøyum Pensjonat | kr 250 Pixel kombinerer indierockens energi med improvisatorisk fleksibilitet i ein slags post-bop-pop kombinasjon. ­Ikkje heilt enkelt å forstå det. Med andre ord: Musikken er vanskeleg å omtale, men enkel å like! Bandet blei kåra til «Årets band» i Dags­avisen i fjor, og spelar blant anna på By:larm i år. Pixel har også imponert langt utanfor Norges grenser. Etter fleire utanlandske turnear og festivalbesøk har låta «Call me» vore lista på amerikanske, tyske og franske radiostasjon­ar. Musikkvideoen til denne låta blei dessutan kåra til «Best international dance video» under UK Music Video Awards i London i oktober.

Ellen Andrea Wang | bass og vokal Harald Lassen | saksofon Jonas Kilmork Vemøy | trompet Jon Audun Baar | trommer

STIAN CARSTENSEN &

OLA KVERNBERG Klubbkonsert | 10. mai | 22:30 | Kringsjå | kr 250 Dei to multiinstrumentalistane Stian Carstensen og Ola Kvernberg presenterer her ein cocktail av bluesgrass, ispedd gamaldans, wienervals og foxtrots. Alt dette saman med ein twist av bisarr humor, utført med medfødt tempotourettes og spontane ticks. Dei har spelt saman opptil fleire gonger på fargefjernsyn og i riksdekk­ande radio, men trivst best når dei spelar for folk på nært hald. Duoen er framleis mest kjent for å spele til allsong på nachspiel etter konsertane, men trivast også på scenen! Ikkje gå glipp av denne utadvendte kraftpakka med fele, trekkspel, banjo - og tilløp til song. Ola Kvernberg | fele Stian Carstensen | banjo, trekkspel m.m.


Klubbkonsert 10. mai | 24:00 Kviknesalen | kr 395 Det er ei glede å kunne ta imot eit av Norges ­beste liveband på Balejazz. Big­bang har denne gong­ en forsterka med Valkyrien Allstars når dei dreg rundt for å gi folket magi­ en på den prisvinnande «The Oslo Bowl» live. Erik og Tuva frå Valkyrien var med på Bigbangs siste plate, og har no vore med bandet på turné i Brasil. Forutan musikken frå «The Oslo Bowl» vil jo Bigbang og Valkyrien levere klassiske Bigbanghits. Du hugsar vel «Girl in Oslo» og «Wild bird», «To the mountains» og «Fly like a butterfly sting like a bee»?

BIGBANG

& VALKYRIEN ALLSTARS

UNGE TALENT &

LYRIAKA

Fotocred: Lars Jonas Pedersen

Øystein Greni | gitar og vokal Olaf Olsen | trommer og perkusjon Nikolai Hængsle Eilertsen | bass og keyboards Tuva Syvertsen | hardingfele Erik Solig | hardingfele

Konsert | 11. mai | 12:00 | Kviknesalen | kr 125/Gratis* Balejazz avsluttar med to konsertar i ein! Først med dei som kan bli framtidige publikumsmagnetar på festivalen. Her er energi, pågangsmot og talent i massevis! «Unge Talent» er eit seminar som varer heile festivalhelga, og som avsluttar med ein konsert. For påmelding, sjå balejazz.no Den andre delen er barnekonsert med Lyriaka. Elevar frå Sagatun skule deltek med sang. Lyriaka har reist Norge rundt med barnekonsertar, og har tidlegare motteke Spelemannspris for beste barneplate. Trygve Seim | instruktør Unge talent Staffan William-Olsson | instruktør Unge talent Erik Smith | instruktør Unge talent Jon Arne Bjørnstad | gitar Lyriaka Øyvind Fossheim | keyboard Lyriaka Øyvind Gravdal | saksofon Lyriaka *Gratis for barn under 15 år


SPONSORLAUG 2014

Den største mediakanalen på Vestlandet med 9 lokalaviser og 256.000 lesarar. www.amediamarked.no

Med Sognefjorden som næraste nabo, ligg Kviknes Hotel – eit av dei mest særprega hotella i Skandinavia. Gjestgjevartradisjonane på Balholm strekkjer seg attende til 1752. Familien Kvikne, som eig hotellet i dag, overtok i 1877. Då starta ei rivande utvikling, som har halde fram sidan. www.kviknes.no

Nesseplast er ein av Noregs pionerar innan produksjon av ekspandert polystyren (EPS). Starten i 1957 var prega av fryseisolasjon og fiskeemballasje. I dag omfattar produksjonen alt innan emballasje og tekniske produkt i EPS. www.nesseplast.no

I Sognekraft er vi stolte av at vi gjennom snart 70 år har forvalta nokre av dei viktigaste ressursane vi har, og at vi er med på å gje kraft til lokalsamfunnet både i form av arbeids­plassar, energiforsyning, sponsing og nyskapingsevne. Vi er ei mangfaldig bedrift som heile tida er oppteken av å følgje med i samfunnsutviklinga, samtidig som vi leverer viktige produkt på ein berekraftig og trygg måte.

www.sognekraft.no

Andre støttespelarar: Arkitektkontoret 4B • Balholm Bilutleige • Joker • Coop Vest • Balholm Auto

findriv

SPONSORAR:


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.