BRUA Informasjonsblad frå Fjaler kommune - www.fjaler.kommune.no
Nr. 1/13 12. årgang
INNHALD
Ordføraren ..............................................2
Nye tider
Samhandlingsreforma tek form i Fjaler .. 4 Klippe, klippe .......................................... 9 Fjaler Næringsfond ................................ 13
Folkemøte om kommuneplanen ............ 14 Verdsdag for psykisk helse.................... 21 17. mai i Fjaler ...................................... 23
Tidlegare skipper og kaptein på ferja mellom Dale og Eikenes, Mads Halsnes (86) har god utsikt til Dalsfjordbrua når han trenar i «landgangen». Det er lenge sidan «Massen» var på si bru og styrde ferja, men no er det ikkje lenge til at ferjeleia han styrde vert erstatta med Dalsfjordbrua. For det er nye tider. På same måte som at Dalsfjordbrua skal gje betre flyt i infrastrukturen i vår region, og styrke samarbeidet oss i mellom, skal også Samhandlingsreforma gje betre flyt og styrke samarbeidsforholda i vår kommune, mellom kommunen og Helse Førde, og på sikt kanskje interkommunalt i vår region. For å lukkast med denne brubygginga må Fjaler kommune bygge opp gode, fleksible tiltak innan rehabilitering, og satse på folkehelsearbeid og helsefremjande/førebyggande tilbod. Det inneber også å styrke kompetansen i vår kommunale helse- og omsorgsteneste. I denne utgåva av brua vil du bli losa gjennom ein presentasjon av nokre av dei tiltaka og tilboda kommunen har på gang innan helsetenesta.
Sjå side 4
2
BRUA Nr. 1 /13
ORDFØRAREN HAR ORDET
Ordførar ARVE HELLE Tlf. 57 73 80 52 Mobil 917 37 562 Epost: arve.helle@fjaler.kommune.no Ordføraren er å treffe i skranken på sørviskontoret første onsdag kvar mnd. kl. 08.30-11.30
FJALER KOMMUNE Pb. 54, 6961 Dale i Sunnfjord Tlf. 57 73 80 00 / Faks 57 73 80 01 Besøksadresse: Sørviskontoret, Fjalerhuset i Dale
Gode fjalerbuar! Tema folkehelse Eit sentralt tema i Brua denne gongen er folkehelse. Dette er eit emne som eg trur blir stadig viktigare og som kjem til å få større og større merksemd i åra framover. I ei tid der ein slit med meir stillesitjing og mindre fysisk aktivitet blant folk enn nokon gong, er det viktig at kommunen prioriterer dette området. Ei god folkehelse aukar trivselen blant innbyggarane, men også for kommunen har dette stor gevinst. Friskare, sunnare og meir fornøgde innbyggarar er rimelegare i drift enn det motsette! Mange merka stiar Når ein skal jobbe med å betre folkehelsa, er det viktig at vi prioriterer tiltak som flest mogeleg kan ha nytte av, og som det er lågast mogeleg terskel for å bruke. I så måte er turstiprosjektet som Fjaler er med på gjennom HAFS-prosjektet Kystarven eit glimrande døme. Ved rydding, merking og skilting av 20 turstiar i kommunen har ein lagt mykje betre til rette for å få folk ut i naturen enn kva som var tilfelle tidlegare. Tilbakemeldingane frå folk har vore gode og vi opplever ein auka bruk. Sjølv har eg utsikt til den nye Elvestien i Dale og ser at den har vore flittig i bruk. Eg har også høyrt rykte om reine folkevandringa på Einingsfjellet i påska.
Tilbod innandørs for alle Til hausten opnar også det nye tilbygget til Fjalerhallen med fasilitetar for m.a styrketrening og spinning. Dette er ikkje eit tilbod berre for aktive idrettsutøvarar, men like mykje eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å drive fysisk aktivitet i ei eller anna form. Når vi skal måle kor vellukka dette tiltaket har vore, er det tal personar som brukar hallen som betyr noko, og ikkje tal utøvarar som driv idrett på toppidrettsnivå. Det er ein rein bonus! Ansvar for eiga helse Det er viktig å ufarleggjere det å ta ansvar for eiga helse. Dette handlar ikkje om å leve som ein asket. Det er framleis lov å kose seg, og berre nokre små forbetringar gjer stor framgang. Sjølv har eg vore i langt dårlegare forfatning enn eg er no. Nokre vil sikkert hevde at det er 40-årskrisa som har teke meg, men med nokre enkle grep som regelmessig mosjon og nokre små endringar i kosthaldet føler eg meg i alle fall langt sunnare no enn for 10 år sidan. Når det gjeld kosthaldet er mottoet enkelt; det er framleis lov å kose seg, men ikkje kvar dag! Eg tek også sjansen på å opplyse om at eg ikkje har røykt sidan 9. mars. Ved å offentleggjere det i denne spalta har eg lagt press på meg sjølv for å ikkje sprekke, og i tillegg har eg gjerne ei og anna erfaring å dele med andre i same situasjonen.
post@fjaler.kommune.no www.fjaler.kommune.no Teknisk vakt: tlf. 951 83 515 Arbeidstid i Fjalerhuset/ på Helsetunet: I tida 15. sept. til 14. mai: kl. 08.00 – 15.45 I tida 15. mai til 14. sept.: kl. 08.00 – 15.00
ANSVARLEG REDAKTØR: Rådmann Ola Hovland, tlf. 57 73 80 55. E-post: ola.hovland@fjaler.kommune.no REDAKSJON: Ingeborg Tysnes, tlf. 57 73 80 44. E-post: ingeborg.tysnes@fjaler.kommune.no Kårhild Hustveit, tlf. 57 73 80 08. E-post: kaarhild.hustveit@fjaler.kommune.no Margrete Reisæter, tlf. 57 73 80 20. E-post: frivilligsentralen@fjaler.kommune.no Redaksjon avslutta 01.05.2013. Utgåver 2013: April - november. Opplag: 1300 Informasjonsbladet BRUA er gratis og vert fulldistribuert til alle husstandar i Fjaler og til utflytte fjalerbuar etter nærare avtale. Ta kontakt med sørviskontoret, tlf. 57 73 80 00. Utforming: Findriv AS. Trykk: IHP
BRUA Nr. 1/13
3
Eldresenteret mot nye tider Brukarane av eldresenteret har eit stort ynskje og behov for utbetring av tilkomsten til eldresentret. Den er ikkje tilrettelagt for rørslehemma, og det begrensar kven som kan dra nytte av huset. Ved å montere ei løfteplattform for mindre høgder vil dette lette. Ein vil også opne opp vinterhagen og skifte utgangsdøra med ei ny to-fløya balkongdør slik at ein kan nytte hagen meir om sumaren enn det ein får gjort i dag. Varmepumpa som er installert har liten kapasitet og klarer ikkje å varme opp bruksarealet. Ved å skifte ut denne kan ein oppnå tilfredsstillande varme i huset. Elles er det ein del utbetringar som må gjerast med huset totalt. Leiar i eldrerådet, Kåre Flekke, seier dei er glade for at saka med Eldresenteret er komen på sakskartet. Rådet gjekk i 2012 inn for å arbeide med saka og få kommunen til å investere i utbetringar. Dei har samarbeidd godt med ordføraren og teknisk kontor, og rådmannen har tilrådd ei løyving på kr 400 000 til utbetringane. Formann-
Eldresenteret har ein vakker glasveranda.
skapet har gått inn for saka som skal opp i kommunestyret 13. mai. Eldresenteret i Dale held til i eit eldre bygg. Andre alternativ til hus finst ikkje. «Det er behov for eit eldresenter i sentrum» seier Kåre Flekke. «Skal huset brukast vidare, må det utbetringar til» Inger Skadal vart leiar for eldresenteret i år og er glad for at kommunen ser positivt på planane for huset. Spesielt ser Inger for seg eit fint uteområde om ein får snudd opp ned på hagen og får fellt nokre tre. Det vil lette hagestellet og ikkje minst snøpløying. «Vi skulle hatt nokre heller og hagemøblar, så vil det bli reine oasen!» seier Inger og legg til: «Inne er huset tømt for rusk og rask og det er utført ein del småreparasjonar. Det er mange som har vore flinke til å hjelpe til». Eldresenteret, er det berre for eldre? «Vi vil ha eit nytt namn som syner det er for alle. Alle er velkomne med namneframlegg!» seier Inger og føyer til: «Dei skal få ein blomst dei som finn
Leiar i Fjaler eldreråd, Kåre Flekke Alle foto: Margrete Reisæter
det beste namnet. Og er det nokon som vil hjelpe til å stå i kafèen eller har ekstra hagemøblar å gje vekk, må dei ta kontakt!» Kontaktinfo: Tlf. 977 51 034 og epost inger.skadal@enivest.net Eldresenteret vert drive av Fjaler pensjonistlag og er ein sosial møtestad midt i Dale. Her arbeider 4 faste og 2 i reserve frivillig og held det ope måndag, tysdag, torsdag og fredag 10-14 med sal av natronkaker, sveler, vafler og kaffi.
Noverande tilkomst
4
BRUA Nr. 1 /13
Samhandlingsreforma tek form i Fjaler Presentasjon av nokre nye tiltak innan helsetenesta Samhandlingsreforma (St.meld nr. 47 2008–2009) og den nye Folkehelselova har gjeve Fjaler kommune nye utfordringar som medfører utvikling av nye tiltak innan rehabilitering og helsefremjing /sekundærførebygging. Det har også medført større fokus på tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid, deriblant innan folkehelsearbeid. For å tilpasse kommunen i den retning som Samhandlingsreforma ynskjer, har det vore gjennomført viktige grep i 2012, og det er planlagt nye tiltak som vil komme i gang i løpet av 2013. Noko av det som konkret har skjedd i løpet av 2012, er at
kommunen har fått oppretta ny ergoterapistilling kombinert med folkehelsekoordinatorstilling, ein del av Naustmyra er bygd om til rehabiliteringsplassar og treningssalen på fysioterapiavdelinga er utvida og oppgradert. Vidare er det planlagt oppstart av Frisklivssentral i løpet av 2013, samt utprøving av metoden «kvardagsrehabilitering» som ein del av rehabiliteringstilbodet i Fjaler kommune. Kommunen sin nye ergoterapeut og folkehelsekoordinator, Katrine Johannessen Field, har hendene fulle med ergoterapioppgåver, og det er planlagt at ho vil få 100 % stilling som ergoterapeut når det er tilsett ny folkehelsekoordinator. Målet med denne presentasjonen er å formidle meir info omkring desse tiltaka, slik at du som Brua-lesar skal få nyttig kjennskap til korleis Fjaler kommune har utvikla, og utviklar, nokre område innan helsetenesta i tråd med Samhandlingsreforma og den nye Folkehelselova.
Tilsetting av ergoterapeut Ergoterapi Ergoterapi er nytt i Fjaler kommune, men har eksistert sidan byrjinga av 1900-talet. Det vart utvikla ein fagteori der ein ser klår samanheng mellom aktivitet og helse. Ergoterapeutar kan jobbe mange plassar, til dømes på sjukehus, rehabiliteringsinstitusjonar, i bedriftshelsetenesta eller slik som her i Fjaler, i kommunen. Kommunalt tilsette ergoterapeutar jobbar mykje med hjelpemiddel, men stillinga inkluderer òg arbeid med rehabilitering og i demensteam. Som ergoterapeut skal ein sjå samanhengen mellom mennesket, aktiviteten som skal bli utført og miljøet rundt. Personen, aktiviteten og miljøet vert kartlagt, og utifrå dette set ein i verk tiltak. Dette kan vera tilpassing av miljøet ved å gjere om på det som er der eller nytte hjelpemiddel, det kan vera personretta tiltak som går på å trene på særskilde aktivitetar, eller det kan vera aktivitetsretta tiltak, som å justere aktiviteten. Målet til ergoterapeuten er gjera det mogleg for mennesket å leve eit aktivt liv og delta i samfunnet. Fokus skal vera på det som er viktigast for deg akkurat no. Ergoterapeuten skal gjera kvardagslivet mogleg. Ergoterapeuten er organisert under Fysioterapieininga og det er eit naturleg samarbeid mellom terapeutane. Bistand
Vår nye ergoterapeut heiter Katrine Johannessen Field. Ho er nyutdanna frå Høgskulen i Bergen og kjem opphavleg frå Stord, men som etternamnet antyder har ho også sterke aner frå England. Utover at ho er ein dyktig fagperson og triveleg medarbeidar, har ho handball som hovudinteresse. Ho har spela for Kjøkkelvik og Stord i 2. og 3. divisjon, og har engasjert seg i handballen i Dale mellom anna som trenar for jenter 12.
og Omsorg (BIO) er òg viktig samarbeidspartnar. Dei ulike arbeidslaga kjenner mange av innbyggjarane i kommunen, både dei som bur heime og dei på institusjon, og vidareformidlar når dei ser behov for ergoterapeut. Personar som har
BRUA Nr. 1/13
5
behov for hjelp frå ergoterapeut må gjerne ta kontakt. I Fjaler kommune er ergoterapeuten kontaktpersonen for hjelpemiddelformidlinga. Dersom behovet for hjelpemiddel er kortvarig eller akutt, har vi eit kommunalt lager vi kan ta av. Om behovet er langvarig, over 2 år, vil hjelpemiddelet bli søkt om hjå Hjelpemiddelsentralen. Ergoterapeuten er og kontaktperson for dei som er brukarar av høyreapparat og dei som treng hjelpemiddel grunna redusert syn eller høyrsel. Demensteamet i Fjaler kommune er i startgropa og består av tre sjukepleiarar og ergoterapeut. Dersom ein har sett teikn på demenssjukdom hjå heimebuande, kan teamet bidra med kartlegging og støtte til både personen sjølv og pårørande. Legen gir diagnosen, med hjelp av kartlegginga til Demensteamet. Det er framleis noko arbeid att før teamet er oppe og går på skinner. Ergoterapeuten bidrar i den kommunale rehabiliteringa saman med fysioterapeut og BIO.
Rehabilitering og opptreningstilbod Målgruppe Målgruppa er brukarar i Fjaler kommune som treng rehabilitering/opptrening etter utskriving frå sjukehus, og dei som bur heime og er fysisk på grensa til å klare seg heime, men som har potensiale til å få auka/halde ved like sitt fysiske aktivitetsnivå. Det er viktig at brukaren har motivasjon til å gjennomføre eit rehabiliterings-/opptreningsforløp og at det, eventuelt med hjelp frå fagpersonell, blir definert tydelege mål på kva ein ynskjer å oppnå. I Fjaler har vi fleire ulike tiltak som rettar seg mot rehabilitering/opptrening, deriblant: • Rehabiliteringsopphald på Naustmyra eller sjukeheimen Brukar får tilbod om 3–6 vekers rehabiliteringsopphald, eller etter behov på sjukeheimen/Naustmyra med oppfølging av tverrfagleg team. Eventuelt 2 opphald per år om nødvendig. Fellesrommet ved omsorgsbustadane ved Naustmyra vart i løpet av våren 2012 bygd om til rehabiliteringsplassar. Der er det no inndelt i to soverom, felles kjøkken og bad/toalett. I starten av mai 2012, var dei to første rehabiliteringspasientane på plass ved Naustmyra. • Opptrening eventuelt med dagopphald Brukar får tilbod om fysioterapi/opptrening, eventuelt kombinert med dagopphald på sjukeheimen 2-3 dagar i veka, i ein periode på 5-8 veker eller evt etter behov. Ved behov kan ein få 2 opphald i året.
Her ser vi Aslaug Flekke i aksjon i gangbana på treningssalen. I gangbana gjorde ho ulike øvingar med tanke på å styrke beina og betre balansen. Aslaug gjennomførte eit 3 vekers rehabiliteringsopphald i år og opplevde god framgang og såg stor nytte av opphaldet. Om ho kjenner at det trengst igjen, vil ho gjerne ha eit nytt opphald på Naustmyra.
Mads Halsnes er på dagopphald tre gonger i veka og kombinerer det med ei treningsøkt på treningssalen på fysioterapiavdelinga. Ca 1 ½ time held han på, med innlagde pausar, før han tek turen opp på dagligstova til sjukeheimen. Der får han servert dagens middag.
• Opptreningsgruppe Brukarar med tilvising frå lege får tilbod om gruppetrening 1- 2 økter i veka i treningssalen med høve til ein sosial prat. Varigheit er ca 2 månadar. Etter behov kan ein få 2 treningsperiodar i året..
6
BRUA Nr. 1 /13
• Kvardagsrehabilitering (Utprøving av metode i 2013) Nye brukarar i deler av kommunen får tilbod om tilrettelagt trening i heimen av ergo/fysioterapeut og følgt opp av heimetrenarar innan BIO. Tverrfagleg team med faste møter. (Les meir om dette litt seinare.) • Korleis går ein fram for å nytte seg av desse tiltaka? For dei som kjem direkte frå sjukehus vil tilvising følgje brukaren ved behov for vidare rehabilitering/opptrening i kommunen. Aktuelle brukarar som bur heime kan ta kontakt med sin fastlege, BIO, koordinerande eining, eller fysioterapiavdelinga. Legeerklæring/tilvising, kartlegging av motivasjon/målsetting og brukarmedverknad må ligge til grunn før eventuelt tilbod om rehabilitering/opptrening. Kvardagsrehabilitering «Kva er viktig i livet ditt no?» er det fyrste me spør om når me set i gang med kvardagsrehabilitering. For mange handlar det om meistring av utfordringane i kvardagen. Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging medan brukar framleis bur i eigen heim, og inkluderer ein kombinasjon av trening, teknologiske løysingar, endringar i omgjevnadane og samarbeid med pårørande. Ideen er at dersom ein person får eit auka hjelpebehov, skal ein setje inn meir tiltak tidleg og såleis bidra til at personen kan trene seg opp og vinne att funksjonar. Innsatsteamet vil byrja med ei kartlegging der brukar finn fram til dei måla som er viktigast for han eller ho. Vidare vil det kome heimetrenarar dagleg til brukar og dei trenar saman mot dei gitte måla. Etterkvart som brukar meistrar meir, trekkjer hjelpeapparatet seg gradvis tilbake. I Fjaler er det sett saman ei arbeidsgruppe som jobbar med etablering av Kvardagsrehabilitering. Innsatsteamet består av 2 sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og vernepleiar, og neste steg vert å lære opp heimetrenarar. Grunna spreidd busetnad i kommunen vår, har me fastslått at me skal byrja med personar som bur i Dale og nærområdet rundt. Dei som bur utanom Dale vert prioritert til rehabiliteringsplassane på Naustmyra. Kvardagsrehabilitering skal bidra til ein verdig og aktiv alderdom. Folk ynskjer å bu heime lengst mogleg og styre sine eigne liv. Ein ynskjer å meistre dei utfordringane ein har i kvardagen og delta i det sosiale livet. Målet er å unngå den kjende «hjelpefella» med passivisering, slik ein ser i tradisjonell heimeteneste, og utsetje behovet for pleie og sjukeheimsplass.Me ynskjer at kvardagsrehabilitering skal bli sett på som eit gode. Gjennom erfaringar frå Danmark, Sverige og dei kommunane som har byrja med kvardagsrehabilitering i Noreg, ser ein fleire oppløftande resultat. Det er positivt for dei eldre, som får fleire gode leveår. Heimetrenarane har gitt positive tilbakemeldingar då dei får ein mindre fysisk krevjande jobb
og blir sett meir pris på. Og på sikt kan også kvardagsrehabilitering påverke kommuneøkonomien i gunstig retning. For at kvardagsrehabiliteringa fungere, må brukar vera motivert og utan demensproblematikk. Det vil difor ikkje bli gitt tilbod om det til alle. Dei som ikkje går under kvardagsrehabilitering og som har eit hjelpebehov, vil sjølvsagt framleis få den hjelpa dei treng.
Frisklivssentral Utviding av treningssalen med oppgradering av utstyr, har vore eit naudsynt tiltak for å tilpasse tenesta til samhandlingsreforma. Det har medført auka kapasitet og meir rom for at fleire kan trene samtidig, både rehabiliteringspasientar og kurative pasientar som får treningsrelatert fysioterapibehandling. Ombygginga har også medført auka kapasitet på gruppebehandling. Og med tanke på at enkelte frisklivsdeltakarar også kan bruke treningssalen, viser det at denne investeringa vil mange dra nytte av i tida framover. Kva er ein frisklivssentral? Intensjonen med ein frisklivssentral (FLS) er at den skal være ein del av kommunen sitt helsetilbod innan førebygging og tidleg intervensjon med tanke på sjukdommar og lidingar knytt til helseåtferd. Basistilbodet ved FLS er eit strukturert tilvisings- og oppfølgingssystem for personar med behov for å endre helseåtferd. Metodane som vert nytta for å gjera desse endringane har dokumentert effekt. I utgangspunktet skal FLS legge til rette for fysisk aktivitet, samt koordinere kurs innan røykeavvenning og kosthaldsrettleiing for dei som har høg risiko for livsstilssjukdommar. Ei av FLS sine hovudoppgåver vil være å rettleie deltaka-
Etter ombygginga i fjor, har fysioterapiavdelinga no eit ca. 100 kvm stort treningslokale som kan nyttast av pasientar og frisklivsdeltakarar på dagtid. I påvente av nytt treningsstudio i Fjalerhallen har også andre etter avtale med fysioterapiavd. fått nytte treningssalen på kveldstid.
BRUA Nr. 1/13
7
rar vidare til lokale lågterskeltilbod og eigenmeistring. FLS skal difor ha god oversikt over aktuelle lokale lågterskeltilbod, samt kunne samhandle med frivillige, private og offentlege aktørar, deriblant lærings- og meistringssentra. I Fjaler vil det vera aktuelt å få til eit samarbeid med Hauglandssenteret. Korleis kjem ein i kontakt med Frisklivssentralen i Fjaler? Dersom du i samråd med legen din kjem fram til at du er ein frisklivsdeltakar, altså at du står i fare for å utvikle livsstilssjukdommar, kan du få frisklivsresept. Du vil då få tilbod om samtale og rettleiing om trening og treningstilbod hjå ein av våre fysioterapeutar. Dette er eit nytt tiltak, og er ein konsekvens av samhandlingsreforma og den nye folkehelselova. Har du til dømes høgt blodtrykk, diabetes, kols, eller slit med stor overvekt, og ynskjer endringar ved å komme i meir fysisk aktivitet, kan ein frisklivsresept vere det rette tiltaket for deg. Som frisklivsdeltakar vil du først ha ein startsamtale for å kartlegge behov og vidare tiltak. Deretter eventuelt oppfølging i 3-6 månadar, alt etter behov, med påfølgande sluttsamtale. Frå hausten av vil ein folkehelsekoordinator administrere fjalerfolket sin frisklivssentral og gje rettleiing om alle frisklivstilbod, samt koordinere tilbod om hjelp til kosthaldsendring og røykeslutt for dei som ynskjer det. Møte med ein frisklivsdeltakar Allereie i slutten av aug. -12 fekk vi tilvisning til Frisklivssentralen frå Førde Sentralsjukehus. Med nokre andre aktuelle kandidatar på ventelista, bestemte vi oss for å starte ei lita prøvegruppe. Ein av deltakarane vart Linda Fleten Snekkevåg, tilvist for metabolsk syndrom med bl.a diabetes og høgt blodtrykk. I tillegg hadde ho store problem med beina. I samarbeid laga vi eit treningsprogram som ho skulle gjennomføre med gruppa to gonger i veka, i tillegg skulle ho gå på tredemølla kvar dag ho var på jobb. Ho jobbar på kjøkkenet på sjukeheimen og har lett tilgang til treningssalen. Linda merka raskt betring og dette motiverte henne til vidare trening. Utanom nokre hektiske arbeidsperiodar der ho syntest det var vanskeleg å gå frå jobb for å trene, har ho gjennomført opplegget med stil! Og endringane sidan i haust har vore store. Diabetesen er under kontroll, blodtrykket lågare, kondisjon og styrke i god bedring, beina plagar henne mindre og ho har gått ned i vekt! Men det viktigaste av alt, mykje betre livskvalitet og overskot til alt som skal gjerast både på jobb og heime. Ho kjenner seg som eit nytt menneske og får også kommentarar frå dei nær henne som merkar den store endringa. Men, ho kjenner også at i dei travle periodane der ho ikkje får trena så aukar insulinnivået, kroppen stivnar og ho vert mykje trøyttare. Aller best effekt av treninga kjenner ho når ho er som
Linda i aksjon på tredmølla.
trøttast og eigentleg ikkje orkar å trene. Etter ei slik økt kjenner ho verkeleg kor mykje energi treninga gir. Takk til Linda som sa ja til å stille opp og dele dette med lesarane av Brua!
Kvar torsdag frå kl 12.15–13.15 er treningssalen disponibel for dei over 70 år som ynskjer å trene. Gruppa blir leia av turnusfysioterapeuten. Sykling, roing, gåing- her er ulike treningsapparat å prøve seg på.
Her ser vi Astrid Hauge i gang med armøvingar.Dei som ikkje er gamle nok til å delta, kan trøyste seg med at det snart kjem eit flott treningsstudio i Fjalerhallen.
8
BRUA Nr. 1 /13
Medfinansiering og utskrivingsklare pasientar Samhandlingsreforma handlar også om økonomiske verkemiddel som insentiv for å bygge opp tenester lokalt. Frå 2012 har den enkelte kommune vore økonomisk ansvarleg for 20 % av innbyggarane sitt forbruk av alle somatiske sjukehustenester. Til eksempel fekk Fjaler kommune overført kr. 3,6 mill. frå staten til dette føremålet. Medan kommunane tidlegare kunne vente i 10 dagar før dei fekk eit økonomisk ansvar for desse pasientane, har ein no eit
ansvar frå første utskrivingsklare dag. Dersom ein ikkje er i stand til å ta i mot pasienten, får kommunen ei betalingsplikt med kr. 4000 pr. døgn. Det er kjent for dei fleste at vi i Fjaler opplevde eit svært stort press på tenester dei første månadane etter at samhandlingsreforma tredde i kraft. Sjølv med auke av fem korttidsplassar i tilknyting til sjukeheimen og auka grunnbemanning i heimetenesta, greidde ein ikkje å imøtekomme alle behov. Til samanlikning har ein pr. i dag ikkje hatt pasientar på overliggedøgn i sjukehus sidan oktober 2012. Dette fortel oss er at det er store svingingar i trongen for tenester og at vi må bygge opp ein robust organisasjon som toler desse svingingane.
Målretta innsats for folkehelse ved Dale vgs Arbeidet i folkehelsegruppa for ungdom set fokus på både fysisk helse som omfattar ernæring, fysisk aktivitet, førebygging av rus/tobakk og på psykisk helse som omfattar tiltak for å hindre mobbing, skadar og ulukker. Eit viktig mål er å jobbe for at elevane skal trivast og ha eit godt læringsmiljø, dei skal ha eit godt hybelliv og dei sjølve skal kunne gripe tak i konfliktar/problem og løyse desse på lågast mogleg nivå. Berit Senneseth er miljøkoordinator og leiar i folkehelsegruppa. Av aktive tema og folkehelsetiltak ved og utanfor skulen kan nemnast: Grøn kantine Her er grovt brød, salatbar, frukt og smoothies, frukosttilbod og varm mat 2 gonger i veka Open skule Sosial møtestad tysdag og torsdag med rimeleg middag, ein kan nytte vaskemaskin, dra på lavvotur, sjå film i auditoriet og ein gong i mnd. lage mat i lag, for å nemne noko. «Mekken» er open annakvar torsdag. Fysisk aktivitet Skitur i Bjørkelia, open hall kvar måndag ettermiddag i vinterhalvåret, løypemerking og vedlikehald i Dale på turstiar i prosjekt Kystarven. Hybelliv Hybelbesøk ved miljøkoordinatoren, møte med hybelvertar, foreldremøte, Bli kjent i Dale - velkomstmøte både for hybelbuarar og nye elevar på skulen. Førebygging Oppfølging av handlingsplan mot mobbing, aksjonsveke med mjuk skulestart, fadderordning og tiltak for å ta vare på kvarandre. Opplegg før russetida med infor-
Frå høgre:Berit Senneseth, June Solås, Oline Lindelid, Therese Olset Solheim og Stine Marie Systaddal Høydal. Foto: Rune Dale.
masjon frå Statens Vegvesen, Politiet og helsesyster. Deltek i arbeidsgruppa for nattuglene. Gruppa er sett saman på tvers av representantar frå skulen og kommunen og ser for tida slik ut: Berit Senneset, miljøkoordinator/leiar i folkehelsegruppa, Hilde Søgnen, helsesøster, Margrete Reisæter, leiar Frivilligsentralen, May Jorunn Lykkebø Samuelsen, Tannhelsetenesta, Arve Ese, psykolog PPT, Kathrine Johannesen Field, ergoterapeut/folkehelsekoordinator, Valgjerd Arstein, leiar i elevrådet, Frode Askevold, elevtillitsvald, Rolf Kleiven, OTansvarleg/rådgjevar/lærar og Anne-Lise Nikøy, adm.leiar/ sekretær i folkehelsegruppa.
BRUA Nr. 1/13
KLIPPE, KLIPPE.... Om du ønskjer å lese meir om dei ulike sakene, finn du dei på kommunen sine heimesider www.fjaler.kommune.no: Lokalstyre - Møtekalender og sakspapir - ved å velje formannskapet eller kommunestyret frå møtekalenderen.
Skredsikring av bustadområde i Hatledalen.
Tilleggsløyving – skredsikring av bustadområde i Hatledalen og kommunal veg i Flekke Det er løyvt kr. 1 500 000,- til gjennomføring av sikringstiltak i Hatledalen og Flekke. Løyvinga er finansiert med låneopptak.
reguleringsplan når det gjeld oppføring av spikertelt nr 2, 4, 8, 9 og 10. Dispensasjonen gjeld inntil ny reguleringsplan er utarbeidd, eller seinast 2 år rekna frå det tidspunktet dette vedtaket er endeleg. Det er ikkje gitt dispensasjon for spikertelt nr 1, 3, 5, 6 og 7. Med heimel i §20-1 vert det gitt byggeløyve for spikertelt nr 2, 4, 8, 9 og 10, i samsvar med søknaden. Byggeløyvet gjeld inntil ny reguleringsplan er utarbeidd, eller seinast 2 år rekna frå det tidspunktet dette vedtaket er endeleg. Det er ikkje gitt
byggeløyve for spikertelt nr 1, 3, 5, 6 og 7. Allereie oppførte spikertelt, og eventuelle andre tiltak på eigedomen som ikkje har gyldige løyve, vert å rekne som ulovleg oppførte. Fjaler kommune kjem til å følgje opp desse tiltaka i samsvar med kapittel 32 i Plan- og bygningslova. Les heile saka på www.fjaler.kommune.no. Knut David Hustveit, Flekke, har ikkje fått innvilga søknad om bruksendring for del av eksisterande lagerbygg på gnr 92, bnr 1, på kaia i Flekke. Grunnen til avslaget er at eigar av naboeigedom ikkje har gitt skriftleg samtykke til redusert byggeavstand til nabogrense. Dermed kan ikkje Fjaler kommune gje dispensasjon for redusert byggeavstand, jfr. §29-4 i Plan- og bygningslova.
Revisjon av konsesjonane i Strandavatnet Konsesjonsgjevar, konsesjonshavar og grunneigarane m å gå i dialog for å finne fram til ei føremålstenleg minstevassføring og drift av kraftanlegget i Hålandsfossen. Internasjonalt stipend – United World College Norge Formannskapet løyver kr 50 000 i støtte til stipend til UWC Norge sitt jubileumsfond. Kystvegen Måløy – Florø – aksjeteikning Formannskapet løyver kr 25 000,- til aksjeteikning i selskapet Kystvegen Måløy-Florø A/S. Frode Haugen, Lammetun har søkt om byggeløyve for 10 spikertelt på Lammetun gnr 272 bnr 3. Med heimel i §19-2 i Plan- og bygningslova er det gitt dispensasjon frå gjeldande
9
Dale ungdomslag fekk kulturmidlar i 2012.
Kulturmidlar 2012 – restmidlar Formannskapet vedtok rådmannen si tilråding om å løyve kr 25 000 i tilskot til allment kulturarbeid. Tilskotet vert fordelt slik: Fjaler symjeklubb – oppstart ...................................... 5 000; Dale ungdomslag – oppstart teatergruppe for ungdom 5 000; Flekke ungdomslag ...................................................... 5 000; David Zadig – fotoprosjekt Dalsfjordsambandet ...... 10 000;
10
BRUA Nr. 1 /13
Folkehelsefokus – mandat og organisering – val av medlemmar Medlemer i nemnda - valt av kommunestyret: Leiar: Nina Yndestad (AP) Medlem: Hugo Fretland (SP) Medlem: Kåre Eimind (H) Varamedlem: Frank Vik (SP) Gruppa sitt mandat er å vere rådgjevingsorgan eller styringsgruppe på spørsmål, saker og prosjekt, nemndarbeid i samband med evaluering av eksisterande og/eller utarbeiding av nye planverk innan helseområdet. Gruppa skal rapportere to gonger årleg. Veterinærordning for Fjaler, Hyllestad og Solund frå 2013 Fjaler kommune har slutta seg til den sentrale ordninga for klinisk veterinærvakt som KS forvaltar på vegne av kommunane. Kommunen har også slutta seg til forslag til Samarbeidsavtale mellom kommunane Fjaler, Hyllestad og Solund om veterinærordning for 2013-15. Føresett at Solund kommune sluttar seg til den nye samarbeidsavtalen, har kommunestyret gjeve administrasjonen fullmakt til å inngå nye individuelle avtalar med veterinærane på grunnlag av samarbeidsavtalen. Hyllestad kommune gjorde sitt vedtak 13.12.12. Leiv Arne Nistad Kommunalsjef landbruk rår til at det vert løyvt eit tilskot på kr 52 626 til bygging av landbruksveg med velteplass og oppstillingsplass for taubane på gbnr 53/1, på Nistad i Fjaler. Per Nistad m.fl. Kommunalsjef landbruk rår til at det vert løyvt eit tilskot på kr 85 512 til bygging av landbruksveg med velteplass og oppstillingsplass for taubane på gbnr 53/5, på Nistad i Fjaler. Nina Yndestad, Guddal, har fått løyve til utviding av areal på to tidlegare godkjende hytte-
tomter på gbnr 133/4. Arealet er auka frå 625 m2 til om lag 1000 m2. Deling av tomt på Yksnebjør Det er gjeve løyve til deling av bustadtomt nr 12 i reguleringsplan for Yksnebjør. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova. Søkjar/kjøpar er Fjaler kommune. Detaljregulering Lutelandet industriområde I samsvar med plan- og bygningslova er det vedteke å leggje detaljregulering for industriområde på Lutelandet ut til offentleg ettersyn. Les heile saka på w w w. f j a l e r. k o m m u n e . n o , Formannskapet 26.02.13. Kurth Bortheim, Dale, har fått dispensasjon frå kommuneplanen for Dale og løyve etter plan- og bygningslova til deling av bustadtomt frå gbnr 65/7. Kjøpar er Hilde Genberg. Reidun Bortheim Nistad har fått dispensasjon frå kommuneplanen og byggje- og deleforbodet i strandsona og løyve etter plan- og bygningsliva til frådeling av nausttomt frå gbnr 44/4. Vilkår for løyvet er at den nye eigedommen vert sikra vegrett. Kjøpar er Wenche Bortheim. Kåre Hovland har fått dispensasjon frå arealdeling av kommuneplanen og løyve etter plan- og bygningslova til frådeling. Området skal nyttast som tilleggsareal til eksisterande tomt, gbnr 234/17. Det er sett krav om at tomtene skal samanføyast til ei tomt etter at delinga er gjennomført. Kjøparar er Asta Mildret Foxley, Asmund Johan Hovland og Kåre Hovland. Ove-Jan Skaar, Grytøyra, har fått dispensasjon frå kommuneplanen og løyve etter planog bygningslova til frådeling av bustadtomt på 2,8 m2 frå gbnr 236/2. Kjøparar er Ole-Jørgen Skaar og Kjersti Engvik Nygaard.
Werner Stølen har søkt om å få utvide hyttefeltet på Klenevåg, med ei tomt. I samsvar med plan- og bygningslova er det gjeve løyve til deling av tomt til fritidsbustad frå gbnr 24/4 slik det er søkt om. Idar Skår, Korssund, har, i samsvar med plan- og bygningslova, fått dispensasjon frå reguleringsplan – Hyttefelt i Korssund, samt dispensasjon frå byggjeog deleforbodet i 100-metersbeltet, og løyve til oppretting av punktfeste til fritidsføremål slik det er søkt om. Egil Steinar Lutentun, Korssund, har fått dispensasjon frå byggje- og deleforbodet i strandsona samt dispensasjon frå reguleringsplan for Lutelandet og gjeve løyve til frådeling av tilleggsareal til fritidsføremål frå gbnr 274/1 til gbnr 274/7 slik det er søk om. Det er sett krav om at tomtene må samanføyast til ei tomt etter at delinga er gjennomført. Kjøparar er Atle Lutentun og Steinar Lutentun. Jakob, Anne og Berit Haugen har fått løyve til frådeling av 85 m2 frå gbnr 70/58 som tilleggsareal til gbnr 70/7 med eigar Andreas Haaland. Området er regulert til fritidsbustad. Vilkår for løyvet er at tomtene vert slått saman til ei tomt etter at delinga er gjennomført. Lutelandet Energipark AS har fått løyve til oppretting av festegrunn på gnr 274, bnr 1,3, 4 og 5 for område regulert til vindmøllepark. Olav Brendehaug, Hellevik, har fått løyve til frådeling av areal frå gbnr 24/11 til utviding av fritidseigedommen til Harald Soleim, gbnr 24/61. Fritidseigedommen ligg på Kjøsneset i eit område regulert til hytter. Jan Atle Furre, Førde, har fått dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for Furset – del
BRUA Nr. 1/13
av gbnr 235/6 når det gjeld maksimal mønehøgde på 6 m. Det er gjeve løyve til mønehøgde inntil 7 m. Det er formannskapet som har gjeve løyvet. Byggesøknaden vert handsama administrativt, og gjeld utleigehytte med garasje. Nyleg vedtekne planar, avtalar og reglement Kommunestyret har godkjent ei rekkje planar, avtalar om samarbeid og reglement m.m. Du finn sakene på kommunen sine heimesider om du vil lese meir. Du kan også kontakte sørviskontoret. • Alarmsentralen i Sogn og Fjordane IKS - Endringar i selskapsavtalen, K-sak 106/12 • Samarbeidsavtale mellom Fjaler idrettsråd og Fjaler kommune, K-sak 109/12 • Trafikktryggleiksplan for Fjaler, rullering tiltaksplan 2012, K-sak 106/12 • Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2013-2016, K-sak 110/12 • Fjaler kommune - Eigarpolitikk som eigar i selskap, K-sak 111/12 • Årsbudsjett 2013/ Økonomiplan 2013-2016, K-sak 114/12 • Plan for selskapskontroll, K-sak 115/12 • Reglement for kommunestyret, K-sak 116/12 • Reglement for formannskapet, K-sak 117/12 • Reglement for folkevalde sin innsynsrett, K-sak 118/12 • Reglement for kontrollutvalet, K-sak 119/12 • Reglement for nemnder utpeika av kommunestyret, K-sak 120/12 • Reglement for administrasjonsutvalet, K-sak 121/12 • Reglement for administrative tilsetjingssaker, K-sak 122/12 • Delegasjonsreglement, K-sak 123/12 • Kommuneretta landbrukssatsing – Tiltaksstrategiar 2013-2016 (bruk av SMIL- og NMSK-midlar), K-sak 006/13.
11
• Veterinærordning for Fjaler, Hyllestad og Solund frå 2013 (må godkjennast i kvar kommune), K-sak 9/13 • Plan for permanent ordning for personar utsett for seksuelle overgrep – tilslutnad til ordninga, K-sak 20/13 Ballbinge ved UWC på Haugland kom inn som prioritert nærmiljøanlegg i handlingsplanen 2011 til Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og folkehelse 20092012 og har ei total kostnadsramme på kr 574 000. UWC har fått godkjent tilskotssum på kr 200 000 i spelemidlar, men fekk avslag i 2012 grunna manglande midlar. Det er venta utbetaling i 2013 eller 2014. Kommunestyret har vedteke å forskottere spelemidlane. Plan for forvaltningsrevisjon 2012-2015 Kommunestyret har godkjent kontrollutvalet sin plan for forvaltningsrevisjon for Fjaler kommune i perioden 2012-2015, der følgjande prosjekt er prioriterte: • Rutinar kring sjukefråvær • Internkontroll • Innkjøpsfunksjonen HAFS interkommunale barnevernteneste har søkt og fått statlege midlar til ei 50 % stilling som skal jobbe med kompetanse- og samhandlingstiltak for HAFS barnevern. Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane 2013-2016 Kommunestyret har sendt høyringsuttale til programmet. Dei understreka samtidig at landbruksnæringa i kommunen har trong for vesentleg betre økonomiske rammevilkår tilpassa våre lokale tilhøve for å kunne utvikle ei framtidsretta næring i tråd med målsettingane i Stortingsmelding nr. 9. Vegvedlikehald – revidering av retningsliner Kommunestyret har valt ei politisk nemnd som skal komme med framlegg til innsparing og framlegg til reviderte
UWC får internasjonalt stipend
retningsliner for vegvedlikehald: Arild Yndestad, leiar, Kåre Eimind, Hugo Fretland. Vara: Svein Arne Ness Sekretær og sakshandsamar for arbeidet er Øivind Helle ved teknisk kontor. Arbeidet er kunngjort, frist for innspel var sett til 20. april. Gjeldande retningsliner finn du under kunngjeringar på www.fjaler.kommune.no. Offentleg tenestepensjon Kommunestyret har vedteke å starte prosess med å leggje pensjonsordninga (fellesordninga og folkevaldordninga) ut på anbod, og har valt ei nemnd som skal jobbe med saka: Odd Helge Aase (H), leiar Kjetil Felde (SP) Vara: Sigrid Anette Traa (AP) I tillegg skal det vere med ein tillitsvald og to frå administrasjonen. Rådmannen har fått fullmakt til å inngå avtale med konsulentselskap/ rådgjevarar. Det skal hentast inn prisar. Finansiering opp til 120 000, dekka av disposisjonsfondet. Valstyre og røystestyre til Stortingsvalet 2013 Kommunestyret har valt desse som valstyre:Ordførar Arve Helle, leiar, Varaordførar Marita Solheim, nestleiar, Nina Yndestad, Marit Mjellem, Hans Stav. Vara:Sigrid Anette Traa og Kjetil Felde Røystestyre Kommunestyret har delegert mynde til valstyret med å oppnemne røyststyra.
12
BRUA Nr. 1 /13
Innspel frå folkemøta om kommuneplanen Før påske vart det halde tre folkemøte i samband med oppstart av kommuneplanarbeidet. På folkemøta i Våge, Dale og Flekke kom det inn mange spreke forslag til korleis bygdene kan vere aktive og kommunen attraktiv!
Her kan du sjå nokre av framlegga: • Atløysamband og firkantsamband mot Solund • Ekspressbåtstopp på Grytøyra • Gjennomgangsbustader og eldrebustader i Flekke og i Dale ved sjukeheimen • Fortette i sentrum og byggje i høgda. Kombinere næring og bustader. • Samlokalisere omsorgssenter og leiligheter nær butikkar t.d. i Dale senter eller på meieritomta • Hotell i den gamle sardinfabrikken, sør for Lammetunbrua, Einingsneset, skohallane, Dalsåsen, Meieritomta • Hotell/gjestehus/båtturisme/gjestehamn ved sjøen i Dale; Transplant - ferjekaia – skofabrikkområde • Småbåthamn: Korssund, Grytøyra, Fure, Folkestad, Flekke sentrum, Jensbua • Golfbane • Industri på Lutelandet, Solheimskrysset (Kjørlevika), Skadalen, Hålandsfossen og Vassenden (steinbrotet) • Industrikai i Dalsfjorden (Kvamen) • Gangvegar og sykkelstiar med gatelys frå Haugland til Flekke og frå Flekke til Dale
Folkemøte Våge
Folkemøte Flekke.
Høyringsfristen er no ute og arbeidsgruppene jobbar med å vurdere innspel og utarbeide eit framlegg til plan. Sjølv om fristen er ute er det mogeleg å ta kontakt dersom du har spørsmål eller innspel. Etter framdriftsplanen skal framlegg til plan vere klart hausten 2013. Det blir då ny høyringsrunde og nye folkemøte.
BUSTADOMRÅDE - Fure/Furset - Grytøyra - Våge/Holstad - Utvide eksisterande byggjefelt i Flekke og på Straumsnes - Engja og ved skulen på Guddal - Fortetting i Dale sentrum – byggje i høgda og kombinere med næring - Dalsåsen - Einehaugane, Hatledalen, Steia, Bjerga - Bjergeneset
Folkemøte Dale
Folkemøte Våge
HYTTER - Lammetun nord - Furset – utviding - Hellevika – innanfor butikken - Gunhildsneset - Hernes - Bovika/Myrane - Kalvegjerdet - Straumsnes
BRUA Nr. 1/13
OMRÅDE FOR KUNSTPRODUKSJON - Dalsåsen - Fjalerhallen - fleirbrukshus - Dei gamle tunnelane - Dei gamle husa på tusenårsstaden - Gamleskulen på Dingemoen - NKD – gamle eller nye bygg - Kombinert med Dale VGS og evt. industriområdet - Samarbeid/kombinasjon med andre verksemder. Utnytting av utstyr/ lokale etc. bør vektleggast
GRAVPLASS - Utviding av eksisterande gravplass (Parkering, Ljosheim, mot brua) - Nærleik til eksisterande gravplass for å unngå transport - Mindre gravplassar spreidd i kommunen - Ut av sentrum - Kremering - Øyra - Vollamyra - Flata ved Moldbakkane - Storemyra
FOLKEHELSE - Gang- og sykkelveg - Veglys - Utstyrssentral - Eldretrim - Barnetrim - Lokale treningstilbod - Turstiar - Aktiv livsstil - Møtearena for alle aldersgrupper
Du kan følgje kommuneplanarbeidet på kommunen si heimeside www.fjaler.kommune.no og på Facebook: Kommuneplanarbeidet i Fjaler Kontaktinfo: Marit Hammer; 57 73 80 56. mjh@fjaler.kommune.no Connie Hovland; 57 73 80 47 coh@fjaler.kommune.no
13
KLIPPE, KLIPPE... Forvaltning av hjort i Fjaler Det er vedteke å starte arbeid med rullering av Måldokument for forvaltning av hjortevilt i Fjaler for perioden 2013-2016. Hans Stav er vald som politisk representant i arbeidsgruppa. Dei andre i arbeidsgruppa representerer Fjaler Hjorteutval (representant frå styret). Faglaga for skog og jordbruk i Fjaler (2 personar). Norges Jeger og Fisk, lokallag Fjaler (1 person). Fjaler kommune v/viltansvarleg (1 person)
som det kan vere naturleg at kommunen støttar. Eg føresler difor at vi løyver inntil kr. 100.000,- til opninga av Dalsfjordsambandet, og så får vi vurdere etter kvart kva arrangement det er naturleg å støtte. Det konkrete arrangementet til Holmedal Vel meiner eg vi skal støtte med kr. 75.000,- så sant Askvoll kommune løyver det same. Restsummen tilrår eg at ordføraren får fullmakt til å disponere til ulike arrangement i samband med opninga.»
Dalsfjordsambandet – opningsfest Kommunestyret har løyvt kr 100 000 til ulike arrangement i samband med opninga av Dalsfjordsambandet. Ordføraren har fått fullmakt til å disponere midlane. I saksutgreiinga til kommunestyret skriv ordføraren: «Opning av Dalsfjordsambandet er ei storhending for området vårt, ja kanskje den aller største hendinga i Dalsfjorden nokon gong. Det er difor naturleg at dette vert markert på skikkeleg vis, og eg meiner det er naturleg at kommunen bidreg. Holmedal Vel søker om 75.000 frå kvar av kommunane Askvoll og Fjaler. Eg meiner det er naturleg at kommunane går inn med like mykje. I tillegg trur eg det vil dukke opp ein del mindre arrangement rundt bruopninga
Jordbruksforhandlingane 2013 Kommunestyret har vedteke å støtte uttalen frå Fjaler og Hyllestad bondelag og har bede landbruksministeren ta omsyn til uttale i samband med årets jordbrukstingingar. Les uttalen på www.fjaler.kommune.no, K-sak 22/13. Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014-2023 Kommunestyret støttar HAFS Regionråd og Kystvegen Ålesund – Bergen sine høyringsuttalar til planframlegget og stiller seg bak uttalen som ligg i saksutgreiinga. Formannskapet har fått fullmakt til å gjere naudsynte justeringar av Fjaler kommune si fråsegn. Les saka på www.fjaler.kommune.no,K-sak 23/13.
PERSONALNYTT
.
• Anette Ulvik er tilsett som kokk i BIO • Madina Gatsajewa er tilsett som helsefagarbeidar i BIO, arbeidslag 3 • Miriam Sletteland er tilsett som Vernepleiar i BIO, arbeidslag 2 • Oddfrid Øen er tilsett som assistent i BIO, arbeidslag 2 • Marianne Bøthun er tilsett som spesialpedagog/logoped ved PPT • Sylvi Joan Folkestad er tilsett som helsefagarbeidar i BIO, arbeidslag 2 • Ellinor Leirpoll Espedal vert tilsett som kvilande nattevakt (helsefagarbeidar) i BIO, arbeidslag 2 • Kari Hilde Ulvik er tilsett som helsesekretær ved legekontoret • Maret Krannich har hatt permisjon frå sin fastlegeheimel i eitt år grunna spesialisering. Ho er no, frå og med 4. april, attende som fastlege.
14
BRUA Nr. 1 /13
Kjenner du til Fjaler kommune sitt næringsfond? Kva føremål kan få støtte? Fondsvedtektene § 1 seier m.a. følgjande: «Næringsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å fremje etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikle eksisterande verksemder i kommunen. Fondet kan også nyttast til infrastrukturtiltak og forprosjekt knytt til næringsutvikling. Fondet kan nyttast til fellestiltak, bedrifter og nyetablerarar. Generelle tiltak som kan få stønad er: • Utgreiingar/planlegging i samband med etablering av ny verksemd • Etablerartilskot/oppstartstilskot • Lokale opplæringstiltak for nyetablerarar, bedriftsleiarar og tilsette. • Produktutvikling/næringsutvikling • Kommunale tiltak innan prioriterte næringsområde/bransjar • Pionerprosjekt/prøveprosjekt Kvinneretta tiltak skal prioriterast …..» Tilgjengelege midlar på fondet for 2013 er ca. kr 900 000. Har du ein ide? Treng du hjelp til å komme vidare? Ta kontakt med Fjaler næringsutvikling! Dei har kontor i bankbygget i Dale. Kontaktopplysningar finn du på www.fnu.no. Der finn du også fullstendige vedtekter, søknadsskjema og annan nyttig informasjon. Linda Hovland (990 17 852) er dagleg leiar.
Svolten? Frank leverer! Frank arbeider i Studio Nova i Dale onsdag, torsdag og fredag frå tidleg morgon og til lunsjtid. Fredag førebur han fast lunsjlevering til Fjalerhuset, Helsetunet og Svehogen. Men du kan tinge alt frå salat, urtebrød m/ brie, pai og wraps og f.eks peanøtt-, gulrot- eller sjokoladekake hos Frank. For bestilling, ta kontakt med Arbeidslag 4 v/ Mia tlf. 57 73 81 06/ 917 63 802 eller stikk innom Frank!
Fjaler næringsfond – løyvingar 2012 • Vevang Produksjon as – utviklingsprosjekt, kr 79 800 • Fure Mekaniske As v/Kåre Eimind – SMB hovudprosjekt, kr 65 400 • Joker Grytøyra v/Ole Jørgen Skaar – SMB utvikling hovudprosjekt, kr 80 000 • Smart Utility Solution v/Johnny Pedersen – Bedriftsutvikling og investering, kr 95 000 • FUTT i Fjaler v/ Fjaler kommune – Rekrutteringstiltak, kr 45 000 • Bjørkelunden AS – Utviklingstilskot, kr 16 000 • Sunnfjord Næringsutvikling – Reiselivsutvikling, kr 30 000 • Solid Soft v/Karina Siegmund – Investering, kr 50 000 • Fjaler Eigedom, v/Magnar Høyvik og Blikås Elektro – Forstudie, kr 50 000 • Green Energy AS v/Bjarte Skår – Utvikling og investering, kr 150 000 • Jon Helge Nistad – Forskingsprosjekt og prototypeutvikling, kr 50 000 • UWC Red Cross Nordic – Utviklingstilskot, kr 50 000 • HAFS Regionråd – Rekruttering, kr 10 000 • Askvoll Kommune – Omstilling, SMB utvikling – samlingar, kr 56 000 • BHS Prosjekt AS v/Svein Heggebø, Arild Skår, Ove Johnny Berge – Utvikling og kompetansetilskot, kr 43 030 • Vatnelid Sag v/Jan Arild Vatnelid – Bedriftsutviklingsog investeringstilskot, kr 107 500
BRUA Nr. 1/13
15
Karriere HAFS «Karriererettleiing er tenester og aktivitetar som kan hjelpe personar uavhengig av alder og tidspunkt i livet, til å ta val når det gjeld utdanning, opplæring og arbeid, og til å handtere eiga karriere» 1. mars 2013 var Randi Kyrkjebø på plass ved eitt av dei fire nyetablerte karrieresentra i fylket. Ho er tilsett i 100% stilling i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og har kontorstad i andre etasje på Fjalerhuset. Med HAFS-regionen som sitt ansvarsområde vert det også noko reiseaktivitet ut i desse kommunane. Karriere HAFS skal jobbe både på individ- og systemnivå. På systemnivå er målsettinga å fungere som ein støttefunksjon for mellom anna rådgjevarane ved dei ulike skulane i regionen. På individnivå er tilbodet spesielt retta mot personar som ikkje er i grunneller vidaregåande opplæring, men som av ein eller annan grunn har behov for tenester innanfor karriere-
Randi Kyrkjebø. Foto: Monica-Elisabeta Lacatusu.
rettleiing, det kan vere arbeidssøkjarar, personar med behov for omskulering eller anna form for ny kvalifisering. Ein vil også avgjere og fylgje opp rett til vidaregåande opplæring for vaksne, realkompetansevurdering, rettleie i høve fagbrev for vaksne og vidareformidle kontakt til rette instans innanfor dei ulike systema.
Fibernett i Fjaler
Foto: Katarina Galbava.
Etter ein anbodskonkurranse har Fjaler kommune gått i dialog med fiberleverandør Enivest om å legge fiber-
nett i kommunesenteret Dale i Sunnfjord – og tilbakemeldinga frå Enivest er at dette kan la seg gjennom-
Har du spørsmål eller ynskjer meir informasjon om Karriere HAFS, så ta kontakt med Randi på tlf. 906 19 033 eller epost randi.linda.kyrkjebo@sfj.no. For samtale på kontoret er det lurt å avtale tidspunkt på førehand, sidan ho vert ein del vekke framover i samband med opplæring og reiseaktivitet i HAFS-kommunane.
føra allereie i 2013. Bakgrunnen for dialogen var at Fjaler kommune i 2012 fekk 2 millionar i tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til fiberutbygging i kommunesenteret. Det har vore ein aukande etterspurnad etter betre løysingar både frå næringsliv og privatpersonar. Data og datateknologi har dei siste åra hatt ei rivande utvikling og stadig meir av kommunikasjonen i næringslivet går via data/nett. Fleire verksemder i Fjaler jobbar pr. i dag på eksterne serverar, og videokonferansar og nettmøte er viktig verktøy for å halde kontakt med kundar og leverandørar. Målet med prosjektet er å få bygd ut fiber til alle husstandar, organisasjonar og verksemder i Dale innan 2013 og på noko lengre sikt største delen av kommunen.
16
BRUA Nr. 1 /13
Rutinar ved besøk/fotografering på Dalsfjordsambandet Mektig byggverk, men sikkerheit står i høgsetet. Foto: Margrete Reisæter
Statens vegvesen ønskje kunngjere følgjande: Me har lagt merke til at det har vore nokre tilfelle av fotografering inne på anleggsområdet til Dalsfjordsambandet den siste månaden, der journalistar og intervjuobjekt har teke seg innfor gjerdet til anleggsområdet på Nishammar. Bilete av folk inne på anleggsområdet utan vernekle og hjelm har kome på trykk/nett, og både Vegvesenet og entreprenørane sine folk har reagert på det. Me er glade for publisitet rundt anlegget og våre aktivitetar, men me må presisere at all ferdsel innafor sperringane til anleggsområdet skal vere i følgje med folk frå Vegvesen/entreprenør, og det er påbod om å bruka vernesko, oransje/gule kle og hjelm. Me i vegvesenet er nøye på at desse HMS-rutinane blir følgt opp av våre entreprenørar, og det gir eit uheldig signal om me slepp dette laus for gjestar på anleggsområdet. Me ser føre oss at anleggsområdet på båe sider av fjorden kan bli meir fristande å ta seg inn på, no som anlegget etter kvart blir meir og meir «ferdig» utover året, med asfalt på vegane. Me vil difor minne om at de må ta kontakt med oss for å få følgje inn på området, dersom de vil forbi sperringane, som tydeleg er merkte «Anleggsområde – Adgang forbode for uvedkommande». Desse HMS-rutinane gjeld for alle våre veganlegg, og me håpar at de vil respektere regelverket me må halde oss til.
Nytt desse telefonnummera dersom de vil inn på anleggsområdet: Einar Hovland, prosjektleiar: 974 81 421 Kari Solemsli, HMS-koordinator: 909 42 131
Ordførarane i Fjaler og Askvoll, Arve Helle og Frida Melvær på catwalken over Dalsfjorden 1. mars.
BRUA Nr. 1/13
Ny vår for Fjalerhallen Det har lenge vore planar om ei utbygging av Fjalerhallen – og no er arbeidet endeleg i gong. Eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og tippemidlar gjer det mogeleg å bruke nesten 11 millionar. Vestbygg er godt i gong med arbeidet og planen er at alt skal vera ferdig innan 1. september!
Nytt lager og helsestudio Fyrste utbyggingssteg er nybygg mot kunstgrasbana som inneheld lager og helsestudio. Lageret skal vera i to høgder. I 1. høgda vert det lagerplass for stolar og scenemodular slik at det skal vera lettare å bruka Fjalerhallen til større arrangement. I 2. høgda vert det lagringsplass for traktor og større ting som vaktmeisteren brukar. For dei aktive vert det no større mogelegheit til å drive eigentrening i det splitter nye helsestudioet som fordelt på to høgder er tilsaman 240 kvadratmeter. Det er Dale idrettslag som har fått ansvaret for å fylle romma med treningsutstyr – og dei har sett ned ei prosjektgruppe som jobbar med dette. For å få det utstyret ein ynskjer er dei avhengig av støtte – det er søkt om midlar frå Sparebankfonda og det vert sett i gong ei kronerulling i bygda i løpet av våren. Nøkkelkort Drifta av helsestudioet skal i hovudsak skje på dugnad – som eit samarbeid mellom Dale idrettslag og driftselskapet Dingemoen. For å ha kontroll med betaling og bruk vert det lagt opp til eit nøkkelkortsystem i døra – alle som er inne i lokala skal ha registrert seg før
17
FJALER FOLKEBIBLIOTEK - OPNINGSTIDER OG KONTAKT
HOVUDBIBLIOTEKET I DALE, FJALERHUSET: Tysdag og fredag kl. 10.00–15.30 Torsdag kl. 13.00–19.00 e-post: biblioteket@fjaler.kommune.no Tlf: 57 73 80 17 Biblioteksjef Mette Rysjedal ENDRINGAR PÅ STRAUMSNES FILIAL Filialen på Straumsnes får nye opningstider grunna dei økonomiske kutta som vart vedtekne for 2013. Det vert reduksjon i talet på opningsdagar og opningstid. Her får du ei oversikt over når du kan komme på biblioteket på Straumsnes:
Nytt lager og helsestudio ved Fjalerhallen klart til 1. september! Foto: Margrete Reisæter
dei startar å trene. Meir detaljar om dette kjem før hausten. Vi vonar at det nye tilbodet vert teke godt imot i bygda. Nytt dekke i hallen Det er nokre år sidan Fjalerhallen var ny – og golvet inne i hallen er ikkje godt nok. Nytt dekke er god førebygging mot skadar – og saman med nytt tak så er Fjalerhallen så god som ny. Denne siste utbygginga håpar vi også skal vera klar innan 1. september. Fjalerhallen har på godt og vondt fungert som eit signalbygg i bygda med sin karakteristiske rosa farge. Dersom det ikkje vert for store protestar vert denne fargen tona ned på nybygget.
Sommarles 2013 Det vert Sommarles i biblioteket i år også! Startskotet går som vanleg første veka i juni. Alle mellom 6 og 13 år kan delta. Om du les 5 bøker i løpet av sommarferien og leverer inn lesepasset, får du vere med på Sommarlesfest i september med ein overraskingsgjest. Meir informasjon vil komme på biblioteket sine nettsider.
• 8. og 29. mai • 28. august • 11. og 25. september • 9. og 30. oktober • 13. og 27. november • 11. desember Filialen open mellom kl. 15.00-17.00 GUDDAL FILIAL, GRENDAHUSET/SKULEN Onsdag kl. 13.00–16.00 Tlf: 57 73 88 40 Lilly Ødemark SOMMARSTENGT PÅ GUDDAL FILIAL Siste opningsdag før sommarferien: 19. juni. Første opningsdag etter sommarferien: 21. august Websøk/bibliotekkatalog på nett: http://websok.mikromarc.no/fjaler-fb www.fjaler.kommune.no
18
BRUA Nr. 1 /13
Fjaler hagelag
Hagefoto: Lilly Ødemark
Det «nye» hagelaget i Fjaler er eit ungt lag. Etter 2 år med interimstyre valde vi styre i 2011 og i 2012 hadde vi nytt årsmøte og val. Leiar er no Lilly Ødemark frå Guddal. Dei andre i styret er Kari Heier Nistad, Laila Nistad, Else Tømmerbakke og Inger Skadal. Vi høyrer til Det Norske Hagelag og Sogn og Fjordane Hagelag. Leiaren Lilly Ødemark har hatt gleda av å vere på to årsmøte i SFJ Hagelag i Hornindal og Florø. Der vart det oppfordra til å snakke med Fjaler kommune for å synleggjere meir kommuneblomen som er Bekkelilje. Plan for resten av året: Mai: Plantesal i Dale sentrum Juli: Besøk i hagen til Lilly på Guddal 24. august: Fellestur med Gaular hagelag til Ciderhuset i Balestrand.Oppmøte på Sande kl. 09.00 Turen går til Gro Haga sin grønsakshage på Viksdalen og vidare over Gaularfjellet til Balestrand. Der skal vi sjå nokre hagar og arboretet i Dragsvik. Kontakt for Fjaler hagelag: Lilly Ødemark, Guddal tlf 954 21 320 E-post lillyodemark@hotmail.com
Dalsfjordveka 2013 2.–11. august er det tid for Dalsfjordveka 2013. Tema er som tidlegare «Kulturopplevingar i landskapet». Målet for veka er å trekke folk til vårt distrikt, og gje både tilreisande og lokalbefolkninga kulturelle opplevingar og aktivitetar. Gjennom eit samarbeid mellom kommunane Askvoll, Gaular og Fjaler vonar vi at dette også i år vert ei spennande veke! Vi lagar ei brosjyre som kjem i postkassane i byrjinga av august, men sidan mange planlegg ferien sin i forhold til denne veka, nemner vi her er nokre faste arrangement plassert på dato: 3. august 3. august 9. august 10. august
Postvegrittet Torgdag på Guddal Kobbeskjerkvelden på Haugland Torgdag og gatefest i Dale
BRUA Nr. 1/13
19
Brua på Einehogjen – gjenbruk av beste sort Som ei lita prøveopning ca. eitt år før den store bruopninga i Fjaler, var det offisiell opning av brua på Einehogjen, den vesle (gamle) brua sør på gardsvegen rundt Hovland. Denne brua er rusta opp med bruk av to lemmar frå den gamle brua over Storelva og tre jernbjelkar frå gamlebrua. Resultatet er ei sterk bru som også har fått rekkverk. Bossbilen og posten køyrer no over og kommunen kan brøyte snø over brua og rundt heile gardsvegen. Kostnaden er fordelt på alle bruka og tomtene på Hovland etter samme mal som oppgjeret for brua over Storelva. Samla kostnad vart kr 19 000,Brua på Einehogjen vart offisielt opna i januar 2013 og det var kulturleiar Ingeborg Opdøl Tysnes som fekk æra for å stå for den høgtidelege opninga.
Johannes og Aron frå Førde ventar spent at snora skal klippast
KNM Hitra I Fjaler har det vore sett ned ei arbeidsgruppe som har jobba med 2. verdskrigen og Shetlandsfarten. Til Dalsfjordveka skal vi ha klar ei utstilling som vil stå på Dale senter heile perioden. Vi får også besøk fredag 9. august av KNM Hitra som er ein av tre ubåtjagarar den norske marinen fekk av USA i 1943. I den norske marinen vart dei nytta av Shetlandsgjengen frå hausten 1943. KNM «Hitra» er det siste fartøy av sitt slag som finst i (nesten) opphavleg stand og det einaste norske marinefartøyet frå andre verdskrigen som framleis er i drift. KNM «Hitra» er eigd av Marinemuseet i Horten, men er stasjonert på Haakonsvern i Bergen. Skipet er i dag museum og seglar i sommarmånadane langs kysten av Noreg. Dei legg altså turen innom Dale og det vert ope skip med omvising.
Det er viktig å markera dei små sakene og framskritta som betyr mykje for dei som bur på Hovland. Foto: Ingeborg Opdøl Tysnes
20
BRUA Nr. 1 /13
Overnatting i Fjaler
Søknad om produksjonstilskot pr. 31.07.2013 Utfylling av sjekkliste
Yndestad gard. Foto: Nina Yndestad
Treng du overnatting eller har du ledig kapasitet? Her finn du ei liste med alt frå enkle husrom og leiligheiter til stover, hytter og rom med hotellstandard i Fjaler. Veit du om fleire som vil leige ut? Ytre Fjaler og Tysse Lillingstonheimen tlf. 934 32 133 Farmen på Tysse tlf. 913 86 202 Straumsnes grendacamp tlf. 468 24 771 Fjordane Hyttesenter, Hellevik tlf. 57 73 53 30 Korssund Gjestehamn, oppstilling for bubil&campingvogn tlf. 57 73 75 35/416 98 365 Flekke og Guddal Joker Flekke tlf. 57 73 57 11/919 9 9126 Gardatunet i Flekke tlf. 418 54 859/ 906 33 480. Frå 1. juni Eikeskog Hytter tlf. 911 68 094/481 24 946 Hellebustfossen Hytter tlf. 57 73 57 28/ 996 26 175 Einehogjen på Hovland tlf. 907 90 541 Yndestad gard & camping tlf. 992 99 897
Dale Dale Kro & Motell tlf. 57 73 68 66. Ledig frå 1. mai Dalsbuloftet tlf. 57 73 62 44/ 995 48 767 (frå ca. 20. mai) Tove og Jan Ulltang tlf. 958 52 781 Trond Ole og Elin Håland tlf. 906 03 906/ 913 57 625 Bakketun, Georg Skadal tlf. 57 73 65 79/482 75 533 John Otto Løseth tlf. 959 78 266 Roald Standnes tlf. 951 68 513 Ta kontakt om du har ledig husvære, rom og hytte mm å leggje til eller om det er endringar! Tlf. Fjaler Næringsutvikling 57 73 76 76 post@fnu.no Denne lista vil liggje på www.fnu.no med meir informasjon og er linka til www.fjaler.kommune.no
Frå 01.01.2013 skal alle som søkjer om produksjonstilskot i jordbruket levere søknaden elektronisk. Det vert ikkje utsendt søknadsmateriale til føretaka lenger. Landbruksforvaltninga minner om at for s øknaden pr. 31.07. skal alle også fylle ut sjekkliste for miljøhensyn ved jordbruksdrifta som må leggast fram dersom føretaket får kontroll frå landbruksmyndigheitene. Denne sjekklista har tidlegare vore utsendt føretaket saman med søknadsskjemaet, men etter omlegginga til at alle søknader skal leverast elektronisk - blir ikkje dette gjort for neste søknadsomgang. Du vil finne sjekklista og rettleiing for utfylling (gjeld for 2013 og 2014) på heimesida til Statens landbruksforvaltning på følgjande adresse:https://www.slf.dep.no/no/ dokumenter/
Hjarteleg takk for gåver! Fjaler kommune takkar hjarteleg for dei mange gåvene som er mottekne i samband med gravferder, fødselsdagar, jul og elles. Siste gong det var takkeannonse i Brua var i 2010, så lista over gjevarar og føremål ville bli særdeles lang om vi skulle ta den med. Vi vel difor å sende ei samla takk til alle! På den måten blir ingen nemnde og ingen gløymde. De skal vite at gåvene blir sett pris på og kjem til stor nytte. Avdelingar som har fått gåver er m.a. sjukeheimen, heimesjukepleien, kreftomsorga, sansehagen, miljøarbeid på Øyra, Vevang dagsenter - aktivitetsrom fysioterapi, helsestasjonen, krigsminneprosjektet og turstiar.
BRUA Nr. 1/13
21
Verdsdagen for psykisk helse 2013 Årets tema: Sjå kvarandre – gjer ein forskjell! Nyare forsking syner at mobbing og einsemd er noko ein dreg med seg gjennom heile livet og det kan føre til psykiske helseplager og fråver av skule og arbeidsliv. Helseministeren seier at psykisk helse er folkehelse og at det knapt finst noko viktigare enn psykisk helse: «Å bli sett, hørt og tatt vare på gir motstandskraft. Folkehelse handler om å sørge for at barn og unge får en god start i livet.» Jonas Gahr Støre Det er sagt at einsemd er vår tids folkesjukdom. Mange opplever å ha mange kjende, men få dei kan karakterisere som vener. Et fåtal personar har stått fram i media og erklært seg einsame og åleine, men trass den udelt positive responsen dei har møtt, er det framleis knytt til skam og nederlag. Det er også kjent at menneske som er plaga av einsemd, er meir utsett for depresjon og angst.
DU kan bidra Verdsdagen 2013 ønskjer å skape medvit om dette slik at vi alle kan gjere ein forskjell i eige og andre sine liv, og vil utfordre kvar og ein til å sjå menneska dei omgår til dagleg, uavhengig om dei er vener eller kjende. Vi kan ikke alle vere vener, men vi kan alle vere medmenneske. For å kunne sjå eit menneske i ordets rette forstand, må ein vere open for inkludering og relasjonsbygging. Dette vil bidra til at fleire klarer å stå i skule og arbeidsliv. Også i år vil vi i Fjaler markere Verdsdagen og årets tema. Sjølve dagen er alltid 10. oktober, men vi kan legge arrangement i tida 23. september til 20. oktober. Tre representantar frå Fjaler (NAV, arbeidslag 4 og Frivilligsentralen) deltok på dialogkonferansen i Førde 3. april og ei arbeidsgruppe vil arbeide framover mot hausten. Ta kontakt med Frivilligsentralen tlf. 57 73 80 20 om du har idèar og vil delta!
www.verdensdagen.no
Stand på Verdsdagen 2012, Mario lagar ballongar. Foto: Margrete Reisæter
Norsktimar bak Jakob Sande-bautaen På Fjaler ungdomsskule vert det gjeve norskkurs for framandspråklege tre dagar i veka med Asbjørn Aase som lærar. Dagen vi var innom klasserommet rett bak Jakob Sande-bautaen, var det veldig dårleg vær, men dei tre blide og imøtekomande damene vi møtte, meinte det var grunna været det ikkje var fleire oppmøtte. Det kan nemleg vera opp mot 9 elevar på det meste. Dei tre som var på plass i norsk-
timen denne dagen, var Tasawan Nakprasert frå Thailand og som no bur i Vassdalen, Monica Kuo frå Taiwan som bur på Straumsnes og Coralanne Ytterland frå USA som bur på Steia i Dale. Tasawan og Monica har gått på kurs sidan august, mens Coralanne er nyare i kommunen. Dei syntest det er viktig å få praktisert det norske språket og håpar at alle som møter dei no kan vera med å hjelpe til med dette. Du kan bidra!
Biletet øvst: Jakoben er rett utanfor klasserommet. Frå venstre: Tasawan, Coralanne og Monica. På skulebenken for å lære norsk. Begge foto: Ingeborg O. Tysnes
22
BRUA Nr. 1 /13
Nytt frå gjennviningsstasjonen i Flekke I SUM-info nr 1-2013 kan vi lese følgjande under punkt 5: «Hyttecontainerane/ behaldarar er kun for dei som betalar gebyr for fritidshus utan eigen dunk» Hyttecontaineren er altså berre for hyttefolk og ikkje for dei fastbuande. I Fjaler kan det leverast hytteavfall desse stadene: utestasjonen i Trolleskaret i Dale, gjenvinningsstasjonen i Flekke, Tømmerbakke, Tysse bru, Hellevik, ved Våge skule, Folkestad (Nesje), Korssund og v/ tidl. nærbutikk og Steinset, Guddal. Gjenvinningsstasjonen i Flekke er open kvar tysdag frå kl 12-18. Her kan Ove Myrmel fortelje følgjande som både fastbuande og hyttefolk bør merke seg: Diverre er det registrert at både fastbuande og hyttefolk set frå seg større mengder avfall av ulik sort utanfor hyttecontaineren, sidan det er for stort til å putte inn i luka på containeren. Men hyttecontaineren er kun berekna på mindre mengder restavfall som td i ein vanleg plastbærepose. Ting som vedomnar, bildekk, elektrisk avfall og oljekanner skal sjølvsagt ikkje inn her og heller ikkje plasserast på utsida. Enkelte ting av dette er også farleg avfall. Det kan også vere matavfall og det ser stygt ut når fugl og dyr har fått tak i det. Avfall som vert plassert på utsida av hyttecontaineren, vert ramma av forureiningslova og er difor forbudt. Det er difor viktig at ein møter opp på gjenvinningsstasjonen når den er open. Betalar ein renovasjonsavgift til SUM, kan ein levere kor som helst i SUM-kommunane. Her er det ulik opningstid og difor har ein fleire val. Viss det er hyttefolk som har større mengder avfall og som ikkje er tilstades i kommunen på opningsdagen, skal ein ta det med heim eller få naboar eller kjenningar til å hente og levere i rett tid på rett plass.
Kun restavfall i hyttecontaineren i t.d. ein bærepose presiserer Ove Myrmel ved gjenvinningsstasjoen i Flekke. Foto: Margrete Reisæter
Dette avfallet høyrer ikkje heime ved hyttecontaineren. Foto: Ove Myrmel
BRUA Nr. 1/13
23
17. mai i Fjaler Dale (Leiar i nemnda: Marita Solheim) 08.00 Salutt og musikk 08.00 Frukost på Fossen kl. 8–11 for heile Dale 11.00 Gudsteneste. Barnekoret deltek Kransnedlegging ved støtta 13.00 Hovudtoget går sentrum – Tross – sjukeheimen m stopp og song på sjukeheimen – hovudvegen – Trudvang – Fjalerhallen Tale for dagen: Gro Fivelsdal. Program, leikar, rømmegraut og kaker i hallen Frå 18.00 Ope på Fossen med grillfest på kaia 21.00 Stand-up med Ronny Skilbrei med og dans med Torfinn Fossen Bryggeripub: Else Marie Skår Flekke (Leiar i nemnda: Jørn Dyrstad) 07.00 Salutt 11.45 Oppstilling på skulen og tog via butikken til ungdomshuset 12.30 Tale for dagen v/Rasmus Felde i ungdomshuset Kulturinnslag 13.30 Leikar og sal av rømmegraut, pølser, is, brus, kaker og kaffi på skulen 20.00 Fest i ungdomshuset: «Bondeguten», innslag frå lokale/UWC ungdomar. Premieutdeling. 22.00 Dans til Dalsfjorden Spelemannslag Straumsnes 14.00 Tradisjonell feiring i grendahuset Ord for dagen. Lett underhaldning Sal av rømmegraut, kaker og kaffi Leikar og aktivitetar ute Straumsnes ungdomslag: Evelyn Åsnes/Vera Arstein Hellevik (Leiar i nemnda: Kåre Eimind) 10.30 Tog og musikk frå skulen til butikken og tilbake. På skulen er det leikar, program og matservering.
(Leiar i nemnda: Geir Grytøyra) Gudsteneste i Folkestad kapell Barnetog frå Folkestad kapell til grendahuset Program i grendahuset. Tale for dagen: Anne Karin Misje. Kulturinnslag. 14.00 Matservering i skulen 15.00 Konkurransar og leikar 17.00 Premieutdeling og avslutning Våge 11.00 11.45 13.00
Guddal (Leiar i nemnda: Mona Brask Stenseth) 10.45 Oppmøte ved Guddal skule og barnehage 11.00 Tog frå skulen til Skaret og tilbake. Vadheim musikklag spelar 11.45 Sal av mat 13.00 Gudsteneste i Guddal kyrkje. Familiekoret deltek. 14.00 Leikar og konkurransar, sal av mat 15.30 Premieutdeling og avslutning 20.00 Skodespel i ungdomshuset, «Kjærleik og svarthandel» i 3 akter. Med i spelet er fem vaksne og tre tenåringar som har øvd sia jul! Dans etter spelet ved Ronny Frøholm. Guddal ungdomslag: Sonja Dingsøyr
TOGRUTER 17. MAI Dale musikkorps spelar slik: • Dale kl. 08.00 frå Bjergelandet båthamn til Fossen Bryggeripub • Hellevik kl. 10.30 frå skulen til butikken og tilbake • Flekke kl. 12.00 frå skulen til ungdomshuset • Dale kl. 13.00 frå sentrum til Fjalerhallen • Vadheim musikklag spelar i toget på Guddal kl. 11.00 frå skulen til Skaret og tilbake, noko dei har gjort i 20 år! UWC deltek med internasjonal flaggborg og med programinnslag i Flekke og Dale
POSTREKLAME - INFORMASJON TIL
PORTO
Returadresse: Fjaler kommune, pb 54, 6961 Dale i Sunnfjord
VIKTIGE TELEFONNUMMER: FJALER LEGEKONTOR .................................... 57 73 81 80 ØYEBLIKKELEG LEGEHJELP ............................ 57 73 81 90 SYS INTERKOMMUNALE LEGEVAKT ................ 57 73 81 90
WA N T E D !
ALARMTELEFON FOR BARN OG UNGE .......... 116 111 Blir du utsett for vald og overgrep? Eller rusar dei vaksne seg? Du kan ringe gratis og vi hjelper deg. Ring òg dersom du trur nokon har det slik
Vesta, 2 blågrå Ein nattuglesekk merka vandring og regnjakker merka natte sakna. er r 3 gule/blå vesta je veit Har du det heime og ikk det tilbake? korleis du skal levere kt med Ikkje fortvil – ta konta senter le Da i Frivilligsentralen d me leiar i tlf. 57 73 80 20 eller Friis tlf. 905 01 274 nattuglegruppa, Hilde
OVERGREPSMOTTAKET FOR SOGN OG FJORDANE Førde sentralsjukehus ................................ 57 83 90 00 SMISO.......................................................... 800 57 000 Støttesenter for incest og seksuelle overgrep KRISESENTERET .......................................... 57 74 36 00 Døgnvakt. Opplever du fysisk eller psykisk mishandling frå ektefelle, kjæraste, partnar, born, foreldre eller andre som du har nær relasjon til? Krisesenteret kan hjelpe deg. www.krisesenteret.sf.no RUSETTERVERNET I SOGN OG FJORDANE www.rusettervernet.no Fylkessekretær tlf. 948 34 493 Styreleiar tlf. 415 07 533 Redningsvesten etterverngruppe tlf. 975 89 795 Redningsplanken pårørande gruppe tlf. 906 92 667
R E WA R D :
Glade og fornøgde nattugler og ungdomar!
Sommar i Dale
SØRVISKONTORET, FJALER KOMMUNE .......... 57 73 80 00 Ope 08.00 – 15.00 frå 15. mai – 14. september TEKNISK VAKT, FJALER KOMMUNE, døgnvakt 95 18 35 15 SKATT VEST Ope 09.00–15.00 ...................... 800 80 000 NAV Fjaler, Ope 09.00–15.00 ...................... 55 55 33 33 Europeisk helsetrygdekort kan bestillast på www.helfo.no
FUTT i Fjaler vil også i år pynta litt i kommunesenteret Dale. Vi trur det skal lite til for å gjera det meir triveleg å komme til kommunen vår. Det var ein fin dugnad 30. april som vi vonar skal verte ei årviss hending. Som eit lite eksperiment har vi også sett ut blomar midt i Melkeveien. Vi trur dette er eit godt lite grep som kan endre køyremønsteret til folk og at sentrum vert tryggare for dei som går i butikkane. Vi har i år hatt fokus på at det skal skje meir i Dale gjennom heile sommaren – så følg med….
Kva skjer? På nettsida til Fjaler kommune finn du ein oversiktleg kulturkalender der mykje vert henta frå origosona for Fjaler. Legg inn arrangement sjølv på origo, då har du styringa om noko skal endrast og det rette kjem i Firda. Ta kontakt med Frivilligsentralen om du treng hjelp!