Em vektløfting avis

Page 1

10.–16. april i Førdehuset european weightlifting championships

#ewcforde2016

FØRD2E16 ewcforde2016.no

FØRDE VULK

Etablert 1949

Naustdal kommune

Tambarskjelvar IL


Helsing til EM i vektløfting i Sunnfjord EM i vektløfting, som går av stabelen i Sunnfjord den 10.-16. april i år, er det største internasjonale arrangementet nokon gong i Sogn og Fjordane. Då kjem dei sterkaste menn og kvinner i Europa til Førde og Naustdal for å konkurrere om kven som skal pryde seg med tittelen «Europa sin sterkaste mann og europa si sterkaste kvinne». Det er venta om lag 400 deltakarar frå både Noreg og dei europeiske landa. Arrangøren er tradisjonsrike Tambarskjelvar Idrettslag i Naustdal i tett samarbeid med Norges Vektløftarforbund, Førde IL og fleire andre idrettslag i fylket.

European Weightlifting Championships

10.–16. april

2

FØRD2E16

For meg som fylkesordførar i Sogn og Fjordane er dette eit eventyr som skal finne stad i Naustdal og Førde, kommunane som skal vere arena for og arrangør av meisterskapet. Å jobbe fram eit EM til Sogn og Fjordane viser med full styrke at når gode krefter dreg i same retning, så kan vi greie tunge løft. Arrangementet vert sendt på TV i 55 land og med potensiale til å nå opp mot 33 millionar sjåarar. Dette vil bli ei massiv marknadsføring av vårt flotte og naturskjønne fylke. Vi kan syne fram rein og lokalprodusert mat og marknadsføre turistmål i verdsklasse. Allereie no ligg det mykje informasjon på heimesida til arrangementet om reisemål og opplevingar i heile fylket. Effektane av dette for reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane kan potensielt bli veldig store. Erfaringar frå tilsvarande arrangement andre stader viser at det genererer meirverdi for langt fleire aktørar enn arrangementet isolert sett. Tenk å kunne kombinere tur til EM-meisterskap med å oppleve det beste av norske turistdestinasjonar. Eg trur at dette arrangementet og ringverknadane det fører med seg vil slå positivt ut for Vestlandet og Sogn og Fjordane som reisemål. Desse aprildagane er Europa sine auge retta mot Førde, Naustdal og Sogn og Fjordane. Eg vil gratulere arrangøren og eldsjeler som har jobba for å få EM til fylket vårt. De gjer ein fantastisk jobb! Allereie før eitt kg er løfta har dette arrangementet bidrege til positivitet og merkevarebygging i fylket vårt. Eg gledar meg til å følgje arrangementet i april og ynskjer dykk lukke til med dei siste førebuingane!

Fylkesordførar Jenny Følling

EM-AVISA

Ansvarleg utgjevar: EM Vektløfting Sunnfjord 2016 AS Ansvarleg redaktør: Tom Farsund Redaksjonssjef: Vidar Slettehaug Grafisk formgjeving: findriv Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Opplag: 53 000 Distribusjon: Sogn og Fjordane


Kysten si viktigaste vekstnæring har bruk for din kunnskap! Veterinær, fiskemeklar, marknadsførar, ernæringsfysiolog, røktar, skipsførar, ingeniør eller programmerar? Norsk laksenæring er full av viktige oppgåver for kompetente menneske. Saman legg vi grunnlaget for vekst i norsk sjømatproduksjon.

Salmon Group representerar gjennom 46 lokaleigde oppdrettsselskap om lag 10 % av norsk lakseproduksjon. Dette gjere oss til landets tredje største havbruksaktør. Vi ynskjer å bidra til at ungdom vel ei karriere i vår næring. Kontakt oss gjerne med spørsmål eller førespurnader. Lær meir om Salmon Group og laksenæringa på www.salmongroup.no Salmon Blog- aktuelle kommentarar på www.salmongroup.no Salmon Group samarbeider med Linjeforeningen for fiskehelse- og havbruksbiologi ved Universitetet i Bergen.


Kva er vektløfting? Vektløfting er ein olympisk idrett med øvingane rykk og støt. Historisk sett har det i alle tider vore kjempa om å løfte tunge ting, både frå bakken og over hovudet. Vektløftinga har endra seg med tida, men er ein av dei eldste styrkeidrettane. I øvingane rykk og støt skal vektstanga løftast frå bakken/ platninga og over hovudet på strake armar. European Weightlifting Championships

10.–16. april

FØRD2E16

Foto: Espen Nyttingnes

4


RYKK: Jantsen Øverås Tambarskelvar IL - 77 kg klassen - demonstrerer rykk. Foto: Espen Nyttingnes

Vektløfting har i alle tider vore ein typisk mannsidrett. Første OL kvinner fekk delta i, var Sydney 2000. Dei siste åra har dette endra seg radikalt, og styrketrening har vorte trendy særleg blant unge kvinner. Fleire av desse søkjer seg til vektløftarklubbar, og vert deltakarar på konkurransar.

vere strake og «låste», og stanga vere over hovudet. Frå denne stillinga skal ein reise seg. Fullføring med føtene i linje med stanga og kroppen parallelt med denne linja. Ein brukar eit breiare grep i rykk enn i støt. Rykk er den mest teknisk krevjande øvinga i vektløfting. Sjå illustrasjon.

LØFTAREIGENSKAPAR

STØT

Ein vektløftar må vere sterk, smidig, rask, ha god koordinasjon og ikkje minst god konsentrasjon. I konkurransar er det også mykje psykologi i spel, om utøvarane er jamne vil ofte startvekta vere avgjerande for plassering. Om ein bommar på første løft, får ein eit press på seg, og då kan god støtte og gode råd frå trenar og støtteapparat vere avgjerande for resultatet.

VEKTKLASSAR Før konkurransen startar er alle utøvarane på vekta, og kroppsvekta vert registrert med 2 desimalar. Ein konkurrerer i ulike vektklassar, kvinner og menn har ulike klassar: Kvinner: 48 – 53 – 58 – 63 – 69 – 75 - +75 Menn: 56 – 62 – 69 – 77 – 85 - 94 – 105 +105 Vektklassen gjev høgaste lovlege vekt i kvar klasse. Døme: i 77 kg klassen finn vi dei med kroppsvekt frå og med 69,01 kg til og med 77 kg. Om to eller fleire utøvarar i same vektklasse lyfter like mange kg, er det kroppsvekta som avgjer plassering og premiering i konkurransar, og den lettaste vinn. Om både kroppsvekt og lyfta vekt er den same, er det kva tid i konkurransen ein tok det tyngste lyftet, som avgjer plassering. Utøvarane har tre forsøk i både rykk og støt. Herrestanga veg 20 kg, damestanga 15 kg.

RYKK Stanga skal løftast frå bakken og over hovudet med strake armar og i ei rørsle. Det er vanleg å ta imot stanga med ei djup knebøystilling, medan ein sit i denne stillinga skal armane

Støt er delt i to rørsler: vending og overstøt, som vert utførte etter kvarande. I vendinga skal stanga løftast frå bakken og opp til skuldrane i ei rørsle. Det er vanleg å setje seg under stanga med ein djup knebøy for å få opp meir vekt, og vendinga vert avlutta ved at ein reiser seg opp, og er klar for overstøtet. Herifrå gjeld det å få fart på stanga! Ved eksplosiv kraft og skyv frå armar og bein skal den løftast over hovudet og takast i mot på strake og låste armar. Det er vanleg at ein i overstøtet splittar føtene i denne fasen. Ein samlar så føtene med stanga over hovudet i same sluttposisjon som i rykk. Sjå illustrasjon.

DØMMING Det er alltid 3 dommarar, dei sit framfor platninga, ein midt på og dei to andre på kvar si side. Når løftet er gjennomført, gjev dommarane nedsignal, og lyftaren slepp ned stanga. Dommarane gjev kvitt signal for godkjendt løft, og raudt for underkjendt. Dei dømer uavhengig av kvarandre. Om dei dømmer ulikt, gjev to kvite signal godkjendt, og to raude underkjendt løft. Dommarane sine avgjerder kan omgjerast av ein jury/overdommarar. Vanlege feil som medfører underkjende løft er at: • ein ikkje får fullført løftet • armane ikkje er strake • armane ikkje er strake og ein pressar vekta opp / såkalla etterpress • ein slepper stanga før ein har fått nedsignal frå domarane • ein ikkje får kontroll på stanga i rett sluttposisjon

STØT: Jantsen Øverås viser støt i den nye vektløftarhallen i Naustdal. Foto: Espen Nyttingnes

UTSTYR SOM KAN BRUKAST • Spesialsko, vektløftarsko. Desse har flat såle, ikkje demping, litt oppbygd hæl. Skoen gjev stabilitet og ein kan sitje med rettare rygg i ei djup knebøystilling. • Vektløftarbelte vert brukt av fleire for å auke buktrykket og for å verne ryggen. Beltet er nesten berre brukt i støt. • Magnesium (kvitt pulver) vert brukt på hendene for å betre grepet om stanga. • Knebind, handleddsband og sportsteip er også vanleg å sjå. Drareimar er vanleg i bruk på trening, ikkje lovleg i konkurransar.

POENG Sinclair-tabellen som tek omsyn til kroppsvekt og løfta vekt, gjer det mogeleg å samanlikne utøvarane på tvers av vektklassar. Denne tabellen vert brukt t.d. nå Kongepokalen skal utdelast til beste herre og beste dame i norgesmeistarskap, og er også brukt i uttak av utøvarar til EM og VM. Ved innveging 2 timar før konkurransen får alle løftarane ein koeffisient etter ein nøye utarbeida tabell (Sinclair). Dei som veg minst, får ein høgare koeffisient. Denne vert multiplisert med totalt løfta kg, og ein får ein poengsum. Den høgaste individuelle poengsummen er den beste utøvaren totalt. Det er ulike poengtabellar for kvinner og menn, og tabellen vert justert kvart fjerde år (OL), og er basert på verdsrekordane i kvar vektklasse.


FØRD2E16 i Førdehuset • 396 deltakarar • 40 nasjonar • 30 timar direktesending på Eurosport og TV2 2016 EWF European Weightlifting Championships & 2016 Rio Olympic Qualification Event

PROGRAM

European Weightlifting Championships

10.–16. april

6

ewcforde2016.no

FØRD2E16

Søndag 10. april

Første konkurransedag

10.00 - 13.30 14.00 - 14.30 15.00 - 17.00 18.00 - 20.00

B og C grupper kvinner og menn Opningseremoni TV sendt A-finale kvinner 48 kg Eurosport / TV2 Sportskanalen TV sendt A-finale menn 56 kg Eurosport / TV2 Sportskanalen

Måndag 11. april

Andre konkurransedag

10.00 - 15.30 16.30 - 18.30 19.30 - 21.30

B og C grupper kvinner og menn TV sendt A-finale kvinner 53 kg TV sendt A-finale menn 62 kg

Tysdag 12. april

Tredje konkurransedag

10.00 - 15.30 16.30 - 18.30 19.30 - 21.30

B og C grupper kvinner og menn TV sendt A-finale kvinner 58 kg TV sendt A-finale menn 69 kg

Onsdag 13. april

Fjerde konkurransedag

10.00 - 15.30 16.30 - 18.30 19.30 - 21.30

B og C grupper kvinner og menn TV sendt A-finale kvinner 63 kg TV sendt A-finale menn 77 kg

Torsdag 14. april

Femte konkurransedag

10.00 - 15.30 16.30 - 18.30 19.30 - 21.30

B og C grupper kvinner og menn TV sendt A-finale kvinner 69 kg TV sendt A-finale menn 85 kg

Fredag 15. april

Sjette konkurransedag

08.30 - 15.30 16.30 - 18.30 19.30 - 21.30

B og C grupper kvinner og menn TV sendt A-finale kvinner 75 kg TV sendt A-finale menn 94 kg

Laurdag 16. april

Sjuande og siste konkurransedag

08.30 - 10.30 11.30 - 13.30 14.30 - 16.00 17.00 - 19.00 20.00

B gruppe menn +105 kg TV sendt A-finale menn 105 kg Eurosport / TV2 Sportskanalen TV sendt A-finale kvinner +75 kg Eurosport / TV2 Sportskanalen TV sendt A-finale menn +105 kg Eurosport / TV2 Sportskanalen Bankett

Eurosport / TV2 Sportskanalen Eurosport / TV2 Sportskanalen

Eurosport / TV2 Sportskanalen Eurosport / TV2 Sportskanalen

Eurosport / TV2 Sportskanalen Eurosport / TV2 Sportskanalen

Eurosport / TV2 Sportskanalen Eurosport / TV2 Sportskanalen

Eurosport / TV2 Sportskanalen Eurosport / TV2 Sportskanalen

Billettar

og familie. Dagspass gir adgang til Billettar kan kjøpast som dagspass for born, vaksne Du kan kjøpe billettar til EM på nett og i Førdehuset. born. Kjøper du billettar på av ein dag. Familiepass gir adgang for 2 vaksne og 2 alle konkurransane og arrangementa i Førdehuset i løpet nett kjem det ei lita avgift i tillegg til billettprisen. kr 170,- Born kr 60,- Familie kr 340,Dagpass måndag 11. april til fredag 15. april: Vaksen n kr 200,- Born kr 70,- Familie kr 400,Dagpass søndag 10. april og laurdag 16. april: Vakse

.fordehuset.no for og kjøpe din billett! Gå inn på www.ewc2016vektlofting/tickets eller www



European Weightlifting Championships

10.–16. april

8

FØRD2E16


NAUSTDALS STERKASTE: Hjalmar Ness var 21 år gammal då han lyfta denne digre stein på Nesstølen. ”Naustdals sterkaste” har Hjalmar skrive i fotoalbumet. Foto utlånt av familien Ness

Hadde faderen te han, så måtte eg ta han òg. Eg gjorde meg godt sinte - Eg hugsar vi sat i sofaen heime hos meg, få dagar før Stian og Odd Gunnar skulle flytte til Oslo. Då tenkte eg “korleis skal det gå med dei, og korleis skal det gå med oss?” Naustdal i Sunnfjord. Gunnar Reiakvam fortel. Han tek oss med 22 år tilbake, til sommaren 1994. I stova til Gunnar sat kompisane og snakka og kva som hadde vore, og om kva som venta i hovudstaden. Dei var spente. Stian Grimseth (f. 1972) er yngst av tre søsken frå småbruket Bjørndalen, bruk nr. 4 på Grimset. Jamaldringen Odd Gunnar Røyseth bur nokre få kilometer lenger oppe i dalen. No var dei klare til å ta steget fullt ut, flytte frå trygge Naustdal og bli vektlyftarar på heiltid på Toppidrettssenteret, som ein del av ”Prosjekt Atlanta 96”. Det hårete målet var å sende tre deltakarar til olympiaden i Atlanta, 20 år etter at Norge sist hadde ein vektlyftar i OL.

allereie eit miljø for styrketrening. Dessutan gav det status å vere sterk i den vesle bondebygda mellom Førde og Florø. - Det var tre ting som talde den gongen. Sterke karar, store bilar og god knurr, fortel Magn humoristisk. - Og fine motorsyklar, legg broren Hjalmar Ness (f. 1959) til. Biletet frå Nesstølen, teke i 1980, viser kva Ness-brørne siktar til. Det er Hjalmar som lyftar den digre steinen, som faren Joar hadde letta frå marka fleire gonger før. - Hadde faderen te han, så måtte eg ta han òg. Eg gjorde meg godt sinte, humrar Hjalmar.

STARTA I VEDAHUSET

Brørne hadde fått nyss om at det låg nokre gamle jarnlodd og ei vektstong i ei myr lenger oppe i Naustedalen. Karane reiste opp og grov fram lodda og tok dei med seg heim. Dermed var dei i gang. Dei ferske lyftarane tok til å trene i vedahuset i Bakkjen. På ein bjelke er ”1972” måla i kvitt med brei pensel. Nokre av dei gamle lodda, truleg laga på Ankerløkken, eksisterer framleis. Arvid Espehaug frå Naustdal var sveisar på Florø-verftet på 60-talet. Han kom med i miljøet kring kastkjempa Magne Føleide, og karane trena i kjel-

Det moderne vektlyftareventyret i Naustdal byrja same året som Stian og Odd Gunnar vart fødde. Inne i vedahuset i Bakkjen, eit brattlendt småbruk fem-seks kilometer oppe frå fjorden, driv nokre tenåringar og lyftar på heimelaga vekter – inspirert av sterke karar i Førde. Magn Ness (f. 1954) byrja på gymnaset i Førde i 1971. Der vart han kjend med Tom Farsund, som dreiv vekttrening saman med mellom andre broren Ove og Øystein Bjørbæk, begge kastarar i norgestoppen. I Førde var det

GROV FRAM JARNLODD

laren på det legendariske ungdomshuset Fram i kystbyen. Under ein ryddesjau på garden der Espehaug kom frå, mange år seinare, hamna det heimelaga utstyret i myra.

SPELTE PLATER I ”STAUA” Det var ikkje tilfeldig at idretten fekk eit oppsving desse åra. I februar 1972, same året som han tok OL-gull i München, var Leif Jenssen på turné i Sogn og Fjordane. Året etter vart vektlyftargruppa i Førde IL skipa. Hjalmar hugsar at dei såg gullyftet til Jenssen på fjernsyn hjå naboane, og det gjorde ikkje akkurat treningsviljen svakare. Det var også i Bakkjen at Gunnar Reiakvam (f. 1961) kom med. Den seinare visepresidenten i forbundet og no landslagstrenar, er den som har halde på lengst og er sjølve kontinuitetsberaren i gruppa. Men starten var ikkje all verda, skal vi tru kompisen Hjalmar. - Gunnaren sat ofte i ”staua” og prata med mor mi og spelte plater, medan vi trena, avslører han.

REPRESENTERTE FØRDE På siste halvdel av 70-talet tok naustedølingane til å trene meir og meir i Førdehuset.

Framhald neste side


BRANNEN: Løa til familien Røyseth brann ned i august 1991. Dei bygde opp att med verkstad og lager og innreia treningsrom i kjellaren. Dette var avgjerande for at lyftarane frå Naustdal flytta heim att. Foto: Ivar M. Longvastøl, Firda OPP FRÅ MYRA: Hjalmar Ness viser fram to av lodda som dei grov opp frå ei myr i Naustedalen i 1972. Kompisane trena i vedahuset i Bakkjen (bak) - og starta der vektlyftareventyret i Naustdal. Foto: Ivar M. Longvastøl

European Weightlifting Championships

10.–16. april

UNG: Håvar Røyseth var 13 år då han tok til å trene i Førdehuset. Foto: Hjalmar Ness

10

YNGST: Odd Gunnar Røyseth (her 15 år) kom med i miljøet allereie som 10-11 åring. Han drog med seg jamaldringen Stian Grimseth. Foto: Firda

FØRD2E16

Ove Varlid var sentral i miljøet i Førde IL, og brørne Ivar og Bjarte Hauge kom med for fullt på 80-talet og hevda seg i toppen i Norge og Norden. Frå Naustdal kom Håvar Røyseth (f. 1967) med. Han er syskenbarn og var nabo til Magn og Hjalmar. Den spede ungdommen oppnådde raskt godt resultat, og i 1982 vann han NM for junior i 52,5 kilosklassa i sin første konkurransesesong. Veslebror Odd Gunnar Røyseth ville sjølvsagt prøve seg, og han drog med seg kameraten Stian Grimseth. På heile 80-talet trena dei i Førdehuset og konkurrerte for Førde IL.

DEN ”HELDIGE” BRANNEN Noko stort var på gang, men før det løysna for alvor, skulle naustedølingane flytte heim att. Ein dag troppa to ungdommar opp på kontoret til Kjell Klopstad, ordførar frå 1991 til 1999. Ærendet til Odd Gunnar og Stian var greitt, dei ville heim att og representere Tambarskjelvar IL. Ordføraren greip tilbodet med opna armar og lova dei velvilje og litt pengehjelp. Ingen hugsar nøyaktig kor mykje, men det var snakk om nokre tusenlappar. - Eg synest dei var framtenkte, seier Klopstad. Ein viktig grunn til at dette let seg gjere, var at løa til familien Røyseth brann ned i 1991. Huset vart bygt opp igjen med lager til fami-

liebedrifta Røyseth Maskin på toppen, medan den gamle gjødselkjellaren vart innreia til treningslokale.

BOLSING OG KROPPSLUKTER Nytt treningslokale og eit godt miljø gav fort resultat. I 1993 talde den nye gruppa i Tambarskjelvar IL fem aktive, året etter var talet dobla, og i -95 var dei 17 aktive. Trenarane Gunnar Reiakvam og Håvar Røyseth var på alle treningar, og dei hadde god kontroll på alle ungdommane som kom til. Ein direkte og lett omgangstone, kombinert med friske utsegner – også kalla bolsing – har prega miljøet. Her er det lov å slenge litt med leppa og gje klare meldingar, men samstundes skulle miljøet vere kjemisk fritt for Jantelova. Men ikkje fritt for andre ting … Etter eit par timar var lufta stinn av sveitt og andre kroppslukter, og det hende at besøkjande rygga i trappa. Gunnar understrekar at ein samansveisa kameratgjeng var avgjerande for å fungere i lag og lykkast. Det var svært trongt i den tidlegare møkkakjellaren, og dei måtte ta omsyn til kvarandre.

MARERITT KVAR GONG Idrett har alltid hatt ein sterk posisjon i Naustdal. Tambarskjelvar IL (skipa 1905) har stolte

tradisjonar i ski og friidrett, og i volleyball og vektlyfting har naustedølingane hevda seg nasjonalt og internasjonalt. I 1994 var Odd Gunnar og Stian klare til å ta det store spranget mot Atlanta, der første steg gjekk frå Sunnfjord til Oslo. Mange var spente på korleis det skulle gå, men toppidrettssatsinga inspirerte også dei som var heime og sveitta i gjødselkjellaren – sjølv om trenarane offisielt sa noko anna. - Det var eit mareritt kvar gong Odd Gunnar og Stian kom heim frå Oslo. Då hadde dei lært masse nytt som dei meinte at vi skulle byrje med, fortel Gunnar. Trenarane Gunnar og Håvar gav klart uttrykk for at dei ikkje brydde seg om ”det nye tullet” frå Oslo, men det var eigentleg berre for å jekke litt ned dei to storkarane frå hovudstaden. - Med ein gong dei var reiste, så sette vi i gang, avslører Gunnar. - Vi kunne seie kva vi ville, og dei hadde bite på, flirer Odd Gunnar, og Gunnar nektar ikkje. AV: IVAR LONGVASTØL Artikkelen byggjer på boka ”Åsmund Berthelsen/Ivar M. Longvastøl: Eldsjeler, dugnad og talent. Tambarskjelvar Idrettslag gjennom 100 år.


svensk kvalitet på norsk kraft VOLVO V60 233 HK PLUG-IN HYBRID MOMENTUM AWD AUT KAMPANJEPRIS KR 515 900,KUNDEFORDEL KR 64 837,PRIVATLEASING PR MND KR 3 799,- INKL. MVA.

Startleige kr 74 900,- inkl. etableringsgebyr. Månadsleige kr 3 799,-, og totalpris kr 211 664,vil variere med rentenivået. 3 års bindingstid. Køyrelengde 45 000 km.

Utstyr: City Safety generasjon 2, VOC m/fjernstyrt parkeringsvarmar, Ryggesensor, Elektrisk kupevarmar, Køyrecomputer, Active Dual Xenon lys, Skinnratt Audio HP Sensus Consoll 7”, 8 høgtalarar, El. innfellbare speil m/bakkebehov, Klimaanlegg ECC, elektrisk, Volvo Alarm, Regnsensor, LED køyrelys, Cruise kontroll, DAB+ radio, El. vindaugsheis framme + bak, Alufelgar 17”, Doble integrerte enderør, Digitalt kombi instrument, El. justerbar/oppv. sidespegl med mykje meir...

Volvo V60 Hybrid med firehjulstrekk og 233 hk til disposisjon for køyreglede og komfort. Sikre løysingar frå VOLVO, innovasjon for mennesket. Kva om du kunne glede deg over fordelane ved både eIn elektrisk motor og eIn vanleg motor? Volvos Plug-in-Hybridteknologi gjev deg som den fyrste i verda det beste frå alle teknologiar - eineståande god drivstofføkonomi, ultralågt utslepp og strålande yting

frydenbo-bil.no

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

BERGEN VEST 55 50 15 40

SANDANE 57 86 84 00

SOGNDAL 57 67 34 00

FØRDE 57 83 72 00

KRISTIANSAND 38 04 90 00

MANDAL 38 26 03 22


Kva vil EM få å seie for Naustdal? HÅKON MYRVANG syner seg som ein idrettsin-

European Weightlifting Championships

10.–16. april

12

FØRD2E16

teressert ordførar, kanskje naudsynt i ein kommune der halvparten av innbyggjarane er med i idrettslaget, Tambarskjelvar. Han har fått med seg mange av vektløftarstemna som har gått i hallen i Naustdal, og er fasinert over den spenninga som er under konkurransane og all teknikken som skal stemme i kvart eit vellukka løft. I tillegg til å dele ut medaljar, har han også teke seg tid til å studere førebuingane i oppvarmingsrommet før lyftarane skal på plattingen. Han uttrykkjer at det er storarta at EM kjem hit, men er snar å legge til at vektløftarmiljøet har kompetanse og røynsle med arrangement. Fleire NM har gått i Naustdalshallen, men klart at EM vert i eit anna og meir krevjande format. Han har klokketru på at vi vil få eit godt arrangement, der kombinasjonen av dyktige folk i komitèen og den fantastiske dugnadsånda både i vertskommunane og i fylket er avgjerande. For vektløftarmiljøet og kvar enkelt utøvar vil dette arrangementet få mykje å seie, «heile» Europa kjem til oss. Vi vil få gode opplevingar, vil sjå at trening

nyttar, og dette vil gje energi for framtida, og truleg styrke rekrutteringa til idretten. Tildelinga av EM var utløysande for bygging av den nye hallen i Naustdal. Den vart sett opp på rekordtid og vil verte brukt av utøvarane under EM. Også her har dugnadsinnsatsen vore stor både i timar og i pengar, og tilskotet frå Trond Mohn gjorde det mogeleg. Denne hallen vil vere til glede for oss i mange år etter EM. Myrvang ser ingen problem med at konkurransen går i Førdehuset, samarbeidet og samhandlinga naboane i mellom har vore positiv, og skapt engasjement. Det er også positivt, at dei klubbane som stiller på dugnad, får av utstyret som vert brukt under EM. At Tambarskjelvar har med 5 av dei 13 utøvarane frå Noreg er heilt imponerande, det å verte utteken til EM er ein siger i seg sjølv. Myrvang avsluttar med at han håpar på fulle tribunar og god stemning kvar dag under EM, og ikkje minst ynskjer han utøvarane lukke til!

EWC Førde 2016 i Førdehuset • 396 deltakarar frå 40 nasjonar • Det skal konkurrerast i 15 vektklassar, 7 dameklassar og 8 herreklassar • Det skal delast ut tilsaman 135 medaljar, 45 gull, 45 sølv og 45 bronsemedaljar • Norge stiller med 13 deltakarar, der 5 er frå arrangørklubben Tambarskjelvar IL

med at 33 millionar fjernsynssjåarar vil få med seg EM frå Førde • EM er den siste sjansen for europeiske løftarar til å kvalifisere seg til OL i Rio i august • Arrangørane har arbeidd i 4 år med å planlegge meisterskapen

• Ruth Kasirye frå Tønsberg Kameratene er ein av favorittane i 69-kg klassen for kvinner

• 300 frivillige vil være i sving under meisterskapen • Det vert lagt ned rundt 10.000 dugnadstimar i samband med EM 2016

• 30 timar direktesending frå Førdehuset på Eurosport og TV2 Sportskanalen. Ein reknar

• Budsjettet for EM er på 16 mill. kr. i tillegg kjem ny vektløftarhall i Naustdal til ein verdi av 15 mill. kr.


findriv.no Alle foto: Øystein Ullaland.

Naustdal kommune gratulerer Tambarskjelvar Idrettslag med EM i vektløfting!

Tusenårsstaden i Naustdal er Sanden - lagune, badestrand, volleyballbane, badebrygger, gangstiar og småbåthamn like ved sentrum og fjorden. Kyra vart avduka i november 2013.

Kunstbygda Vevring - har arrangert Vevringutstillinga sidan 1979. Foto av Thingnes.

Naustdal stadion.

Tambarskjelvar IL er ein viktig drivar i lokalsamfunnet vårt med kring 1/3 av innbyggjarane som medlemmer. Idrettslaget bidreg sterkt til bygging og drift av idrettsanlegg, og har tilbod i alt frå barneidrett, idrettsskule, fotball, ski, orientering, volleyball, friidrett til basisball, vektlyfting, bogeskyting og hundekøyring.

Naustdal kommune er bygdekommunen mellom Førde og Flora, i det mest ekspansive bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane. Naustdal har bygda sine kvalitetar og byen sine tilbod like ved. Vi er om lag 2800 personar busett langs tre mil dal og tre mil fjord.

Naustdal barne- og ungdomsskule. Ny skule hausten 2017. Illustrasjon: Ivest Consult AS

Naustdal kommune


Han får fram topplyftarane Gunnaren har site fire dagar på trenarkurs i Polen utan å forstå eit kvekk. I treningsrommet til Tambarskjelvar IL funkar derimot kommunikasjonen.

European Weightlifting Championships

10.–16. april

14

Foto: Espen Nyttingnes

FØRD2E16

SMIL PÅ LUR: Gunnar Reiakvam er røyrleggjar, bestefar og båtentusiast når han kjem seg ut frå treningsrommet. Foto: Ivar M. Longvastøl


GUNNAR REIAKVAM (fødd 1961) går rundt i lokalet med ein lang stokk i hendene. Som ein rektor med stålkontroll på klassen. Det breie gliset og den kjappe kommentaren er aldri langt unna. Sjølv var Gunnar ein villmann på skulen. Hadde det vore i dag, ville eg nok hatt heile alfabetet i diagnosen, seier han. Mange lurte på korleis det skulle gå med friskusen frå Reiakvam.

TETT PÅ UTØVARANE Det har gått fint. Gunnaren er landslagstrenar og sender 13 lyftarar på EMpodiet i Førde om få dagar, fem av dei frå eigen klubb. Den kvelden eg møter han, er fleire av dei på plass. ”Rektor” Reiakvam spankulerer rundt og brukar ”peikestokken” til å syne korleis teknikken kan bli enda litt betre. Du vil legge merke til han i sekunda før dei norske lyftarane skal i aksjon i Førdehuset. Tett på, framoverbøygd, nærast spyttar han ut dei siste beskjedane mot utøvarar som kokar av adrenalin. Nokre få råd om teknikken, eit kraftig klask i ryggen og klar melding om å gje alt. Då kan han sjølv sleppe ut litt av villmannen. Gunnar har vore med frå starten. I over 40 år har han vore vektlyftar, trenar, leiar og miljøskapar. Kontinuitetsberaren, framfor nokon. Han kan vere lei av og til, men framleis har han entusiasmen og gleda. 55-åringen er ikkje utlærd enno. Resultata kom raskt. Dei første åra var det stas å komme til KM, men ambisjonane retta seg snart mot NM, nordisk og andre internasjonale meisterskap. Han har sjølv ei solid merittliste – bøttevis av gull i lag-NM for Tambarskjelvar, over ti individuelle gull i veteran-NM og sølv i VM for veteranar i 2007. Han har vore visepresident i Norges vektløfterforbund og har fleire nasjonale og internasjonale utmerkingar for lang og tru teneste. I dag har Gunnar eit stort internasjonalt nettverk. Særleg samarbeidet med Latvia og trenar Eduards Andruskevics er viktig. Når dei norske lyftarane trenar saman med latviarane, ser dei kva som skal til. Det er likevel ikkje aktuelt å følgje den latviske modellen, der dei til dømes hentar 14-15 år gamle talent og plasserer dei på internat for å forme dei.

GLEDE, FØRST OG FREMST - Mykje av gleda ved idretten er å få kontakt med likesinna over heile verda. Tenk deg – du møter russarar du ikkje kan snakke eit ord med, og dei vert så glade for å sjå deg igjen, skrattar Gunnar. Han snakkar mykje om glede. Først og fremst gleda når utøvarar lykkast. Lyftarar som har trena knallhardt i lang tid, og som etter motgang og nedturar endeleg får utteljing og når eit mål. - Det gjer noko med deg. Eg kjem veldig nær dei, både i medgang og motgang. Nivået er ikkje avgjerande for glede, seier han. Mange har hevda at Gunnar er ein av dei viktigaste ungdomsarbeidarane i Naustdal. Han får stundom inn ungdommar som ikkje finn seg til rette andre stader. Ein rett miks av krav, humør og meistring kan gjere underverk. - 99 prosent av dei vi har fått inn, er eksemplariske ungdommar. Det er ulike typar, og dei må behandlast på ulike måtar for å få det beste ut av dei, og der trur eg vi har vore dyktige, seier Gunnar.

OPPFØRER SEG MEIR DANNA Dei siste åra har jentene komme med for alvor, og det er positivt for miljøet. Karane skjerpar seg og oppfører seg meir danna, fastslår trenaren. No skal fem av hans eigne løftarar i Tambarskjelvar IL representere klubben og Norge på heimebane i Sunnfjord. Trenaren har for lengst gått inn i ein fase der han tenkjer vektlyfting døgnet rundt, slik han alltid gjer før store meisterskap. Alt handlar om å legge til rette for korleis dei skal vere i best mogleg stand til å yte når det gjeld mest. - Kva er dine viktigaste eigenskapar? - Eg er trottig og ”struten” som vi seier i Naustdal – eg gir meg ikkje så lett. Når du har vore med på så mange internasjonale meisterskap, får du ikkje skuldrane oppunder øyrene. Det er bra for utøvarane når dei ser at eg er roleg. Eg er ikkje høgskuleutdanna, men eg har lang læringskurve, svarer Gunnar.

BEKYMRA FOR REKRUTTERINGA

LÆREMEISTEREN: Gunnar Reiakvam gir råd til Jantsen Øverås på ein treningskveld nokre veker før EM i Førde. Rett etterpå flytta lyftarane inn i nytt, stort treningslokale knytt til idrettshallen i Naustdal. Foto: Ivar M. Longvastøl

Gunnar brukar no mesteparten av tida si på dei etablerte løftarane. Nokre ungar og ungdommar er innom, men for første gong på mange år er ikkje Tambarskjelvar med i ungdomsserien. Det er rett og slett eit farleg ”hol” i rekrutteringa. Eg minner han om kva som har skjedd i volleyballgruppa i klubben. Etter ein lang og ærerik periode som også går tilbake til 70-talet, er det berre eit hobbylag med jenter igjen i volleyballgruppa. Ein har ikkje klart å fylle på med trenarar, leiarar og spelarar.

GUNNAR ER MERKSAM PÅ FAREN. - Ungane må følgjast tett opp av flinke trenarar. Du må ha respekt for dei, på same måte som dei har respekt for deg, understrekar han. Men no er det EM, eit kjempeløft for heile lokalsamfunnet, og etter det kan alt skje. - Det er klart eg er stolt av å ha med fem frå klubben, og ha vore med å få det til. Det gir ei stor glede, seier Gunnaren. AV: IVAR LONGVASTØL


Aktivitet for alle! Sogn og Fjordane fylkeskommune set kvardagen til barn og unge i sentrum når dei satsar på fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Fylkeskommunen og samarbeidspartane arbeider for at flest mogleg i fylket skal vere fysisk aktive. Visjonen for arbeidet er fysisk aktivitet for alle. Barn og unge skal kunne vere aktive i kvardagen. Å styrke kommunane si satsing på meir fysisk aktivitet i skulen og bygging av fleire gang- og sykkelvegar er blant tiltaka.

ANLEGG FOR EIN MILLIARD Fylket har sterk tradisjon for å nytte midlar frå spelemiddelordninga for å etablere anlegg. Tal søknader i fylket er femdobla – frå 60 søknader i år 2000, til nærare 320 søknader i 2016 – med ein samla investeringsverdi på over 1 milliard kroner! Fylkeskommunen arrangerer kurs i søknadsskriving, og hjelper til slik at flest mogleg av søknadane vert godkjende for spelemidlar. Det målretta arbeidet gjev arenaer som friluftslivanlegg, idrettsanlegg og nærmiljøanlegg som bingar og klatreparkar. European Weightlifting Championships

10.–16. april

16

FØRD2E16

KJØKEN, KIOSK OG STØRRE LOKALE Fylkeskommunen har sett ein auke i tal søknader til klubbhus som er viktige møteplassar for idretten i lokalsamfunnet. Tambarskjelvar IL ser verdien av dette, og har i samband med EM i vektløfting starta utbygging av Naustdalshallen. – Tambarskjelvar IL har i mange år sett behovet for å få til betre fasilitetar som betre tilkomst for alle, kiosk, kjøkken, og ikkje minst eit større lokale for vektløftargruppa vår, som har vore i Noregstoppen i dei siste 20 åra. EM i vektløfting i 2016 vart den utløysande faktoren som gav oss sjansen til å realisere draumen vår. Sidan vi starta planlegginga av prosjekta våre i juni 2014 har det gått veldig fort, seier Jan Inge Rygg, prosjektleiar utbygging, Tambarskjelvar IL. – Naustdal kommune har saman med fylkeskommunen losa oss gjennom prosessen på kortast mogeleg tid.

Kulturbygg: Eig ditt lag eller organisasjon eit kulturbygg de vil setje i stand, slik at bygget kan bli brukt meir og av fleire? Delar av spelemidlane går også til kulturbygg, både lagseigde og offentleg eigde hus. Tilskotet skal bidra til eigna lokale, bygningar og arenaer ute som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift. Les meir på sfj.no/lokalekulturbygg.

GOD DUGNADSÅND Dugnadsånda i Sogn og Fjordane er i landstoppen, slik også i Naustdal. Idrettslaget driftar blant anna Naustdalshallen på kveldstid og i helgar. Anleggsutbygginga i Naustdalshallen er på om lag 15 millionar kroner og heile 1,2 millionar av dette er dugnadsinnsats. Les meir om «Fysisk aktivitet» på www.sfj.no

Gratis søknadskurs Søk om midlar til: Anlegg for idrett, nærmiljø, friluftsliv og kulturbygg

Kurset gjev deg verktøy for å få godkjend søknad og inspirasjon til ulike typar anlegg. Innføring i retningsliner og krav til spelemiddelsøknader 2017.

Målgruppe: Kommunar, frivillige lag og organisasjonar innan fysisk aktivitet/idrett/friluftsliv, grendalag (nærmiljøanlegg) og ungdomslag (kulturbygg).

Sogndal: 17. aug. – Sogndal kommunehus Førde: 22. aug. – Storehagen Atrium Stryn: 25. aug. – Stryn kulturhus Tid: kl. 18.00-21.00

Påmelding og informasjon, kontakt: atle.skrede@sfj.no, tlf. 415 30 716, guro.hoyvik@sfj.no, tlf. 415 30 608 Frist: dagen før kurset

www.sfj.no


Rein Design

Vi kan büde lage og drive dei digitale løysingane dine. Det er vi gode til. Sü kan du bruke tida pü det du er best til.

mediebruket.no


Vil du løfte som Grimseth, må du snakke som Grimseth NAMN: VEBJØRN VARLID ALDER: 25 ÅR FRÅ: FØRDE VEKTKLASSE: >105 KG RYKK/STØYT: 163 KG/195 KG

European Weightlifting Championships

10.–16. april

18

FØRD2E16

DENNE KRAFTGUTEN på 130 kg er den tyngste EM-kandidaten frå arrangørlaget Tambarskjelvar. Til sommaren blir han ferdig med ein master i strategisk marknadsføring, og på fritida si likar han å snakke skikkeleg breidt. - Eg er veldig opptatt av språk og identitet. Det er frykteleg viktig. Mange blir ikkje bevisste på det før dei er godt vaksne, og innser først då kor viktig språket er for identiteten. I heimbyen Førde har Vebjørn alltid vore kjent for å snakke ei breiare sunnfjordsdialekt enn jamnaldringane sine. Og når han skriv, brukar han utelukkande nynorsk, sjølv om han held til i bokmålsbyen Oslo. Passar det å snakke skikkeleg breidt som vektløftar? - Hehe, Stian Grimseth har vel etablert standarden her, og lagt til rette for oss andre. Men det er mange gode vektløftarar utan brei dialekt på Austlandet, så dei klarer seg godt, dei også. Sjølv om det berre gjenstår ein siste innspurt før masteroppgåva er i boks, har Vebjørn allereie sikra seg jobb i eit kommunikasjonsbyrå, og begynner i full stilling til sommaren. Er du flink til å snakke for deg? - Eg håpar det, sidan eg fekk meg denne jobben. Det er veldig interessant med kommunikasjon, og det går godt overens med det eg har studert. Men førdeguten seier at han prioriterer vektløftinga høgt, og kjem difor ikkje til å bli nokon karrierejeger med det første. Korleis er det å vere gut i vektløftarmiljøet? - Det er ekstra moro no, som det har blitt så mange jenter. Eg og Marit Årdalsbakke er treningskameratar, og trenar i lag på Olympiatoppen. Og sjølv om dama mi driv med friidrett, trenar ho vendingar og knebøy med oss. Men vektløftarkarriera til Vebjørn har ikkje berre vore moro, og i 2012 blei han verkeleg sete på prøve. Det var NM på heimebane, og Vebjørn gjekk for kongepokalen. Under eit forsøk på 190 kg i støyt, rauk han ei sene i kneet, og den då 21-årgamle guten gjekk i golvet. Han seier det heile kosta han to år. - Akkurat då det skjedde skjønte eg det ikkje heilt, så eg sa at eg kom til å vere tilbake i trening om eit par veker. Men når dei på Olympiatoppen hadde sett på skadene, fekk eg beskjed om at det kunne eg berre gløyme. Dei meinte heller at det var usikkert om eg i det heile tatt kunne løfte igjen. No er Vebjørn berre 6 poeng unna rekorden han hadde før skada. Han seier at vegen hit ikkje hadde vore mogleg utan klubben, kjærasten eller familien. - Som følge av skada har eg jo over lang tid prestert på eit nivå under det eg tidlegare har vore på. Så det å få økonomisk støtte av foreldre, og å bli spurt om korleis det går, har vore viktig. Dama mi driv også med idrett, så vi støttar kvarandre. Og så har klubben satsa på meg til EM, sjølv om ikkje landslaget ville gjere det. Det at nokon trur på deg er viktig. Vebjørn seier at påmeldingslista til årets EM ser veldig hard ut, og han er nøgd med ei plassering i topp 20-sjiktet. Målet hans er å sette poengpers, og dermed vise at han er sterkare i forhold til vekta si, enn han var før skada. Men han har også planar på lengre sikt. - Eg har ein draum om å støyte 200 kg. Det har eg vore veldig nær før skada mi, og eg nærmar meg dei vektene igjen no. Og så vil eg gjerne greie 167 kg i rykk, for då vil Stian Grimseth vere den einaste nordmannen som har rykka meir enn meg. AV: IVAR BRUVIK SÆTRE


Skal du på et arrangement?

Få 10 % rabatt på reisen om dere er ti eller flere som reiser – selv om dere ikke drar samlet. wideroe.no/arrangement

Hele Norge. Hele tiden.


European Weightlifting Championships

10.–16. april

20

FØRD2E16

DENNE JENTA frå Skei var den første til å kvalifisere seg til EM frå Sogn og Fjordane. Som framtidig fysioterapeut håpar ho å få lære vekk vektløfting til andre, men når ho har fri, ligg ho helst på sofaen og ser på Homeland . - På fritida mi prøvar eg å ikkje tenke så mykje på trening, og kople litt av. Eg brukar å sjå ein del på seriar, som t.d. Vikings eller Homeland, og berre slappe av, helst i godt selskap. Og når eg slappar av, då prøvar eg å ikkje tenke for mykje. Men dette betyr ikkje at Marit er nokon slask. Med 18 treningstimar i veka, har ho all grunn til å slappe av når ho kan. Og i tillegg til vektløfting og serietitting, har ho også fått tid til ein Bachelor i fysioterapi. - Draumen min er å bli ein flink fysioterapeut, og få ein jobb der eg kan drive med den typen fysioterapi eg ønsker. Eg vil helst jobbe på ein klinikk der det er moglegheit for å jobbe med treningskundar og der eg også kan lære vekk vektløfting og teknikk. Og med Bacheloren i fysioterapi ferdigskriven og levert, gjenstår berre eit turnusår før ho kan kalle seg fysioterapeut. Men ho har lagt turnusen på vent til fordel for vektløftinga. - Dette året har eg tatt meg eit friår og utsett turnusåret, for å satse på vektløftinga og kvalifisere meg til EM. I tilleg til å trene jobbar eg i resepsjonen og som treningsveiledar på Ullevål fysioterapiklinikk . Den unge vektløftaren legg ikkje skjul på at det er dagar då trening ikkje freistar. Men då er det berre å dra seg på trening. - Når ein driv med toppidrett, så blir det til at ein rett og slett må på trening. Dersom det kjennest kjempetungt, kan det plutseleg vere dagen då ting klaffar, og omvendt. Det er rart, det der. Det er aldri godt å vite korleis økta går. Kva tenker du på midt i eit løft? - Då prøvar eg å tenke minst mogleg. Dersom ein tenker for mykje, blir det fort til at ein bommar eller at det blir rusk i teknikken. Enten må ein tenke på ein spesfikk ting ein kanskje slit med, eller så må ein berre kople heilt ut og la rutinen gå av seg sjølv. Som kvinneleg vektløftar er Marit i godt selskap, men det har ikkje alltid vore slik. Ho fortel at ting var annleis i starten. - Då eg begynte med vektløfting var det få jenter, og eg hugsar at vi berre var 15 stykk på eit NM . Og så hugsar eg at gutane forsvann når vi jentene gjekk inn i frivektsrommet på treningsenteret. Når jentene var sterkare enn gutane, måtte dei komme seg vekk. No er det meir trendy å vere sterk for jenter enn før, og det trur eg er mykje sunnare enn å vere tynnaste mogleg. Får du betre sjølvtillit av å kjenne deg sterk? - Eg har aldri vore beskjeden. Men det hjelper på sjølvtilliten når ein sjølv synest at det å vere sterk er bra og fint. Resultata er veldig målbare, og ein ser det på kroppen når ein blir sterkare. 23-åringen synest det er veldig stas å vere med å løfte i eit EM med så høgt nivå som i år. Men ho har ikkje nokon konkrete mål for plassering, og målet er å konkurrere meg seg sjølv. - Dette blir ei heilt anna setting enn det eg har vore med på før. Og så er det på heimebane, så det blir kanskje litt ekstra press. Eg må klare å behalde roa, og klare og prestere. AV: IVAR BRUVIK SÆTRE

Borte bra, men Homeland best NAMN: MARIT ÅRDALSBAKKE ALDER: 23 ÅR FRÅ: SKEI I JØLSTER VEKTKLASSE: <63 KG RYKK OG STØYT: 85 KG/99 KG


BILLÅN PÅ TIMEN! Kjøpe bil, ny eller brukt? • Lån inntil 100 % av kjøpesummen* • Du kan få inntil 10 års nedbetalingstid Søk på nett eller ta kontakt med oss. Tlf. 57 82 97 00 ssf.no/billan *Vi tilbyr billån gjennom Sparebank1 Finans


Våre Norske EM-løftarar VÅR GULLKANDIDAT,

Ruth er rangert som nr. 1 på førehand. Løftar som den einaste av dei 13 norske i A-pulja, torsdag 14. april kl. 16.30. Dette er på dagen 20 år etter at Stian Grimseth vart Europameister i Stavanger. Ruth har fleire år vore den suverent beste løftaren i Norge, og fekk æra av å vere flaggberar for den norske OL-troppen i Beijing i 2012.

KRISTIAN HELLEREN Vigrestad IK, Rogaland, Kl 94 kg

SINDRE RØRSTADBOTNEN

Tambarskjelvar IL, Sogn og Fjordane, Kl 105 kg European Weightlifting Championships

10.–16. april

22

FØRD2E16 RUTH KASIRYE

VEBJØRN VARLID

Tønsberg Kameratene, Vestfold, Kl 69 kg

Tambarskjelvar IL, Sogn og Fjordane Kl + 105 kg

INE ANDERSSON Tambarskjelvar IL, Sogn og Fjordane Kl 63 kg

DANIEL RONESS STRAND Spydeberg Atletene, Østfold Kl 69 kg

SARA HOVDEN ØVSTHUS AK Bjørgvin, Hordaland Kl 53 kg


JANTSEN ØVERÅS

Tambarskjelvar IL, Sogn og Fjordane Kl 77 kg

ZEKIYE NYLAND

Tysvær VK, Rogaland Kl 56 kg

PER HORDNES

AK Bjørgvin, Hordaland Kl 105 kg

REBEKKA TAO JAKOBSEN Larvik AK, Vestfold Kl 53 kg

KIM EIRIK TOLLEFSEN

Tønsberg Kameratene, Vestfold Kl + 105 kg

MARIT ÅRDALSBAKKE

Tambarskjelvar IL, Sogn og Fjordane Kl 63 kg


Vi vil vere med i verda

Gløym smålåtne og forsiktige sunnfjordingar. EM 2016 knuser alle tidlegare rekordar. Tirana, Tel Aviv, Tbilisi, Førde. Dei tre føregåande åra har storbyar ute i Europa arrangert EM i vektlyfting. No er det Førde og Naustdal sin tur, eit område med 15.000 innbyggjarar.

stand til å uttrykkje sterk kjærleik til fjella, fossane, fjordane og folket mellom Nordfjord og Sogn. EM er eit ypparleg høve til å kombinere fleire lidenskapar. Dessutan er han lett å tenne.

REKORDPÅMELDING

IDÉEN KOM FRÅ LARSEN

Stian Grimseth og Tom Farsund har tenkt store tankar før. No vil dei vise fram Sunnfjord i all si prakt – til gjester frå store delar av Europa. Påmeldinga er 40 prosent høgare enn tidlegare rekord. - Eg har vore med på forskjellig spetakkel før, men dette er det største, seier Tom Farsund. Farsund er dagleg leiar for EM Vektløfting Sunnfjord 2016 AS, og Grimseth er styreleiar i selskapet der Tambarskjelvar Idrettslag i Naustdal eig 100 prosent. Når Farsund snakkar om spetakkel, tenkjer han mellom anna på Sommarfesten i Sunnfjord, Førde Opp, VM i aurefiske og Stian Grimseth Cup, sistnemnde har også lokka verdas beste vektlyftarar til Førdehuset før.

Men det var ein annan kar som kasta fram idéen. Farsund fortel: - Det var etter NM, i mars 2012. Arne Larsen vart intervjua av Vestlandsrevyen. Han bøygde seg godt bak, i fin positur, og sa at ”no må vi søkje på eit EM”. Resten av eldsjelene vart overrumpla, men hengde seg på. I tunge stunder - når Farsund vaknar midt på natta med ein diger klump i magen og lurer på korleis dette skal gå - hender det han tenkjer at blekkslagar og veteranlyftar Larsen i Naustdal godt kunne late dette vore usagt. Det høyrer med til historia at Larsen sjølv har gått inn i dugnadsarbeidet med stor kraft.

VANN EM PÅ HEIMEBANE

Det var eit møte med dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes som forløyste prosjektet. Ho var i fyr og flamme, og våren 2013 løyvde fylkestinget 1,1 millionar kroner til arrangementet. Deretter vart søknaden sendt. - Kronene var avgjerande, men den entusiasmen vi vart møtt med av fylkespolitikarane var like viktig, seier Grimseth og trekkjer også fram noverande fylkesordførar Jenny Følling. Førde er den minst plassen som nokon gong har arrangert EM i vektlyfting, og som altså set ein knusande deltakarrekord. Ein del av forklaringa er at jentene har komme sterkt med siste ti åra. Dessutan har mange tilreisande sagt at dei vil til eksotiske Norge for å sjå fjordane, fjella og breane. - For meg er dette ekte glede. Med EM viser vi at vi vil vere med i verda, seier Farsund.

Grimseth er bondeguten som reiste frå treningskjellaren i Naustedalen og tok med seg vektene ut i verda. Ein eineståande karriere med mange oppturar og nedturar. Høgdepunktet European kom på heimebane. EM i StaWeightlifting vanger 1996. Grimseth vart Championships europameister i rykk, 10.–16. april litt overraskande. - For meg var det ein fantastisk motivasjon å lyfte på heimebane, med familie og vener på tribuna. Eg har lyst at andre unge norske og nordiske lyftarar skal få same sjansen, seier Grimseth. Tom Farsund er sjølv vektlyftar, og han har jobba mykje med reiseliv. Han er sunnfjordpatriot i særklasse og i

24

FØRD2E16

- Når publikum kjem inn i Førdehuset, håper eg at dei skal kjenne ei stoltheit over at dette vart noko stort og flott, seier Grimseth. Han trekkjer fram draghjelpa frå kommunar og idrettslag lokalt og frå naboklubbar i Florø, Eikefjord og Jølster. Også frivillige frå vektlyftarklubbar i Trondheim, Bergen, Larvik og Tønsberg stiller opp. - Vi arrangerer EM i år, neste år er det landsskyttarstemne i Førde og i 2018 går NM i friidrett på Byrkjelo. Vi kan få til det meste, dersom vi samlar kreftene, seier Grimseth og snakkar om samhandling i heile fylket. - Kva vil du at gjestene skal sitje igjen med etter EM? - At vi er eit vakkert land med hyggelege og gjestfrie folk. Det hadde vore fint om dei kunne få sjå Heilefjellet med blå himmel over, nokre dagar. Men vi må levere, seier Stian Grimseth. AV: IVAR LONGVASTØL

SKRYT AV FYLKESKOMMUNEN

SKAL KJENNE STOLTHEIT Grimseth set også arrangementet i ein større samanheng.

Statsminister Erna Solberg besøkte EM-standen under Sanden Søndag i Naustdal hausten 2015. I samtale med Stian Grimseth som er leiar i hovudkomiteen og arrangementskomiteen ønska ho lykke til med arrangementet.

DRAUMEN: EM i vektlyfting Sunnfjord 2016 skal byggje ”Draumanes teater” i Førdehuset, der konkurransen skal føregå. Stian Grimseth (t.v.) er styreleiar og Tom Farsund er dagleg leiar i arrangementskomitéen.


Lerum • Enivest Bolseth Glass • Gloppen Hotell • Firda Sogn og Fjordane Energi • Sparebanken Sogn og Fjordane • Tine • Sparebanken Vest • Normatic • Sognekraft • Fjord1 • Nordfjord Kjøtt • Hotel Alexandra • Gloppen Hotell • Moods of Norway • Åsen & Øvrelid • Eid Elektro • Serit • Enoro • Berge & Co • Frydenbø • Coast Seafood • Coop • Harpefossen • Stryntrappa • Pretre • Indre Sogn Sparebank • Norgesvinduet Bjørlo • Scandic Sunnfjord Hotel • Airlift • Stryvo •Sunnfjord Energi • LocalHost • VideoNor • Nordwest3D • Eurofoto • Signes Raspeball • Erketunet Gardsbakeri • Lærdal Grønt • Brødrene Larsen • Beat.no • Skogstad Sport • SGN Skis • Saga Boats • Firda Billag • Østerbø Maskin • Hell • Nor Tekstil

Ein treng ikkje reise langt for å finne fantastiske varer og tenester til ein god pris. I Sogn og Fjordane er vi velsigna med mange dyktige leverandørar, som ikkje minst gir mykje tilbake til regionen vår. Saman er vi sterkare!

Sogn og Fjordane Energi er hovudsponsor for EM i vektløfting 2016

Kraft til å påverke framtida

Foto: Steinart / Steinar Engeland

MED HJARTE FOR SOGN OG FJORDANE


European Weightlifting Championships

10.–16. april

26

FØRD2E16

Coop Vest er sentrale i utviklinga av regionen I 2015 omsette Coop Vest SA for historiske 1,7 milliardar kroner. Dette gjer dei til den største handelsaktøren i regionen og for Coop Vest er det viktig å bidra til vidareutvikling av Sogn og Fjordane og Sunnmøre. – For oss er det viktig å gje noko tilbake til samfunnet vi er ein del av. Vi vil vere med på å skape aktivitetar og gjere at folk trivast. Skal vi ha handel hos oss må det jo bu folk her, seier Øyvind Indrebø, personalsjef i Coop. Dette er ein av grunnane til at Coop Vest no er samarbeidspartnar til EM i vektløfting. Dette er eit fantastisk arrangement som kjem i stand på våre trakter, grunna engasjerte eldsjeler i lokalsamfunnet. I tillegg har Coop Vest samarbeidsavtalar med t.d. Malakoff Rockfestival, og en rekke større og mindre lokale lag- og organisasjonar. Dette er avtalar som utviklar både Coop Vest og samarbeidspartnaren. Coop Vest satsar også stort på lokalmat for å gje noko ekstra til kun-

dane og for å støtte opp om arbeidsplassar i distriktet. Coop Vest SA er ein medlemseigd organisasjon med over 50 000 medlemar. Alle medlemane får kjøpeutbyte på det dei handlar for i butikkane. Det er rundt 900 tilsette i selskapet, fordelt på ca 500 årsverk. – Noko av suksessen til Coop Vest er at vi fokuserer mykje på mennesket og leiing. Vi er svært opptekne av å utvikle våre medarbeidarar uansett arbeidsoppgåver og ansvar, seier Indrebø. – Daglegvarebutikkar og faghandel kan i mange samanhengar vere ganske like, og då er det avgjerande at personalet får deg til å trivast i butikken.


Vest SA

REGIONEN I heile Sogn og Fjordane og Sunnmøre bugnar det av gode råvarer, dyktige bønder og småskalaprodusentar som lagar mat av svært høg kvalitet. Lokalmatprodusentane er varmt velkomne inn i Coop Vest sine butikkar som satsar tungt på lokalmat. Vi har besøkt BakarJon på Byrkjelo og Coop Extra Førde som begge er store på lokalmat. – Ved å gje lokalmatprodusentar tilgang til ein større marknad gjennom Coop Vest sine butikkar – og dermed gjere ein jamn produksjon mogleg gjennom året, opnar vi samtidig moglegheitene for at distriktsjordbruket får ny livskraft, seier administrerande direktør Geir Espe i Coop Vest . Han er sjølv lidenskapeleg oppteken av lokalmat og engasjementet har smitta over på alle dei tilsette i Coop Vest. Coop Vest bidreg til lokal verdiskaping ved å opne opp for lokalmat i butikkane – som igjen gjev produsentane tilgang til ein større, dagleg open marknad for varene sine. – Dette bør gje grunnlag for at lokalmatprodusentane tør å satse meir, satse langsiktig – og skape nye arbeidsplassar, seier Espe.

KORTREIST OG UREIST På Byrkjelo har det vore drive bakeri i mange år og i 2013 kom BakarJon inn i Coop-familien. Då bestemte Coop Vest seg, saman med Jon og Åse Myklebust, for å satse på lokalmat i butikken, i tillegg til brød, bakevarer og kafédrift. I tillegg har dei møtelokale som kan brukast til dåp, konfirmasjon, gravferd, møter for lag- og organisasjonar og andre typar samlingar. Mottoet til butikken er «Bondens marknad kvar dag» og varer frå ca. 80 lokalmatprodusentar er representert i butikken – med alt frå ost, kjøt, lefser, sjokolade og syltetøy til hudpleieprodukter og shampo. – Vi er veldig glade for at Coop Vest satsar på oss – det skapar arbeidsplassar. Ikkje berre her i bakeriet og butikken, men også for produsentane vi kjøper

produkt av, seier Jon Myklebust. Han er sjefen for butikken og sjølve bakeriet, medan Åse har ansvaret for lokalmatbutikken. Janne Marie Solheim styrer kaféen. – Eg er jo en lokalmatprodusent sjølv, som bakar og veit kor viktig det er med utsalsstader for produkta ein lager, seier BakarJon. Butikken ligg rett ved E39 og er fast stoppestad for mange forbipasserande. Omlag 75 prosent av dei som er innom butikken er på reise, medan resten er innbyggjarar i Gloppen. «Er du på tur, må du innom BakarJon, er det mange som seier.» Tv2-sportens Davy Wathne er ein av dei og har uttalt på Twitter – «Med all respekt for dere andre: Dette er landets beste baker!» Det er nok bakevarene som får mange til å stoppe opp, men med en økt matinteresse blandt det norske folk ser ein at kundane er meir opptekne av lokalmat og kvalitet i dag enn for berre nokre år sidan. – Mange blir overraska når dei kjem inn og ser kor mykje vi har, seier Åse Myklebust. – Mange kosar seg med å handle her og brukar god tid, seier ho.

EIGEN LOKALMATBU I BUTIKKEN Også ved Extra Førde på Kronborg satsast det hardt på lokalmat. Butikken er Norges største Extra-butikk og har teke seg god plass til å inspirere kundane til å velje lokalt. Inni butikken finn du ei eiga «lokalmatbu» der lokale spesialitetar frå Sogn og Fjordane står i sentrum. - Vi skal vere best på lokalmat! Dette er noko kundane våre vil ha, og folk kjem langveisfarande for å kjøpe produkta, seier Ørjan Alme, butikksjef ved Extra Førde.

Gjennom året har butikken rundt 200 – 300 ulike lokalmatprodukt inne. Butikksjefen er også oppteken av å heile tida søke marknaden for nye produkt. - Det som er fint er at vi kan hjelpe dei som er i startgropa med å komme i gang, seier den engasjerte butikksjefen.

GOD SAMARBEIDSPARTNER SolundMat AS er ein av aktørane Coop samarbeidar med når det gjeld lokalmat. Til SolundMat leverar både bonde og fiskar det ypperste av råstoffa som naturen kan gje. Og her omgjer dei råstoffa til nokre av dei mest smakfulle kvalitetsprodukt som marknaden kjenner til; som fenalår, pinnekjøtt av villsau og ein klippfisk - lutefisk av SolundLange, dregen ombord like ute på Synstegrunnen vestom Øyriket Solund. På same tid som SolundMat leita etter den rette kunden å samarbeide med, så starta Coop Vest SA i Førde å sjå etter leverandørar og produkt som skulle vere med å skilje deira butikkhyller ut frå dei andre butikkjedane sine. Begge desse verksemdene ville så gjerne levere det beste som fanst av produkt til sine kundar; - både SolundMat og Coop Vest! No har selskapa samarbeida i fire år og satsinga blir bare større og bedre med åra. – Her er det klima for å gje kvarandre konstruktiv kritikk og her sit latteren laust. Og det må til om ein vil verte best i vest! seier Geir Espe.


European Weightlifting Championships

10.–16. april

28

FØRD2E16

F.V.: Malin Ivarsson og Rakel Sunde.

Coop Vest

satsar på dei unge

Coop Vest jobbar strategisk med å få unge menneske til å velje salsfaget i butikk som yrke. Gjennom ei eiga traineeordning og samarbeid med Mo og Øyrane Vidaregåande Skule (MOY) gjer dei det attraktivt for unge å velje salsfaget og daglegvarebransjen.

– Det er viktig for bransjen å få inn unge, gode medarbeidarar som ønskjer å ta ansvar, seier Rakel Sunde, som jobbar som butikksjef ved Coop Mega Førde. Ho er sjølv berre 28 år gamal og leier ein butikk som omset for 80 millionar kroner i året og har 40 tilsette. I fjor var Sunde ein av deltakarane i Coop Vest sitt trainee-program, der talent i Coop går gjennom eit program med vel eit års varigheit. Deltakaren får leiartrening, har praksis som butikksjef, og får ein mentor som kan hjelpe med å utfordre dei både fagleg og som leiarar. Frukt- og grøntansvarleg ved Coop Mega Førde, Malin Ivarsson, har også vore deltakar ved trainee-programmet. – Trainee-programmet gjev muligheit til utvikling både personleg og fagleg, og vi blir ein samansveisa gjeng som utfordrar kvarandre og hjelper kvarandre, seier ho. Coop Vest er no i gang med kull to i trainee-programmet, og der er deltakarane ute i praksis no. På Extra Bygg Førde finn vi Stian Sand som er ein av årets deltakarar. – Det å få delta i trainee-programmet

F.V.: Stian Sand og Rune Øksenberg.

betyr at ein har fått tillit frå leiinga i Coop Vest. Det er både utfordrande og vi må ofte ut av komfortsona, seier han. Mentoren hans er Rune Øksenberg, som er butikksjef ved Extra Bygg Førde. – Eg har vel vore ein pådrivar til å få til eit slikt trainee-program. Det er veldig nyttig og vi ser resultata seier han entusiastisk. – Det er moro å sjå korleis deltakaren utviklar seg og får sjølvtillit, samtidig blir vi «gamle» utfordra på nye system og tankar frå den yngre garde.

Trainee-programmet gjorde at Rakel Sunde ved Coop Mega Førde vart rusta til å ta utfordringa som butikksjef, og ho er no sjølv mentor ved trainee-programmet. I tillegg har ho tre elevar frå Mo og Øyrane Vidaregåande skule i praksis i butikken gjennom 4S-programmet. - Her får elevane ved «salg, service og sikkerhet» praksis som dei kan ta med tilbake på skulebenken og diskutere. Det er viktig at vi no får meir fokus på butikk som salsfag og legg til rette for at unge, lovande kan få ansvar og utfordingar, seier Sunde. Ved ei vanlig lærlingeordning har elevane to år med skule før dei går to år ute i lære. Coop Vest har saman med MOY snudd på dette. Elevar som deltek på ordninga får både fagbrev og generell studiekompetanse. Gjennom heile studiet vekslar dei mellom teori på skulen og praksis i Coop Vest. Dette gjer at både teori og praksis blir meir meiningsfyllt.Ein tilleggsgevinst er at skule og næringsliv utviklar eit fruktbart samarbeid.



Velkomen

til Cooperaen i Naustdal! I november 2015 opna «Cooperaen» i Naustdal; Extra Naustdal. Frå framsida er blikkfanget det moderne butikklokalet med den store glasfasaden, men går du på baksida ser du at bygningen er integrert i parken og forsvinn inn i naturen. Arkitektur og miljø har vore stikkord når Coop Vest bygde den nye butikken midt i Naustdal. Butikken er det første ein ser når ein kjem til Naustdal. Bygget ligg tett opptil kyrkja, og det er teke omsyn til i utforminga av bygget. Ein av grunnane til det spesielle taket er å ikkje hindre utsikt for kyrkja. – Vårt mål har vore å bygge ein eigen identitet. Eit signalbygg som folk kan vere stolte av, ikkje berre dei som jobbar i butikken, men heile bygda. Vi har møtt eit stort engasjement lokalt, seier Geir Espe, administrerande direktør i Coop Vest.

BUTIKK SOM NAVET I LOKALSAMFUNNET European Weightlifting Championships

10.–16. april

30

Lokal næringsutvikling og lokale arbeidsplassar er eit viktig tema for bygda. Den nye Extra-butikken erstattar to mindre butikkar, Matkroken og Coop Marked. Begge hadde betydeleg mindre vareutval og omsetning. Dette ser ut til å ha vore rett strategisk val av Coop Vest. Kundane har nemmeleg strøyma til sidan opninga i november i fjor. I tillegg

til innbyggjarane i Naustdal, er det mange som pendlar mellom Førde og Florø som handlar i butikken. – Det var som å kome «heim» då eg fekk opne butikken her. Eg kjenner kundane i Naustdal godt, og eg er veldig glad for at vi fekk Extra-konseptet til bygda, seier butikksjef Bjarte Espeland som sjølv er frå Naustdal. Han gler seg til sommaren og ser fram til yrande folkeliv på taket til butikken. Der skal graset gro og folk kan nyte utsikta eller ein medbragt piknik – sjølvsagt kjøpt på Extra Naustdal. – Naustdal er eit sommarparadis med gode bademogelegheiter og laksefiske. Vi gler oss til sommaren; til å selje ferske reker og finne på aktivitetar for fastbuande og tilreisande, seier Espeland entusiastisk.

bygget godt på varmen, og om sommaren slepp det inn lite varme. Heile bygget er utstyrt med Led-lys både inne og ute. Dette medfører ei større investering på kort sikt, men medfører lågare driftsutgifter. Det er også investert i CO2-anlegg på kjøle- og fryseavdelinga for å redusere energikostnadene ytterlegare. Totalt er energisparinga på 40-50 prosent samanlikna med ein «vanleg» butikk. Det er ingen tvil om at innbyggarane i Naustdal er strålande nøgde med den nye butikk. Her får kundane alt dei treng av ferskvarer, middagsmat og til helgehandelen på ein stad – heime i Naustdal.

MODERNE LØYSNINGAR Grastaket er ein av fleire årsaker til at bygningen brukar lite energi. Om vinteren held

FØRD2E16

– Eg går og tenkjer på om vi er på rett stad – er vi verkeleg i Naustdal? HØYRT FRÅ KUNDE PÅ OPNINGSDAGEN


volvo xc90 tek deg heile vegen fram Volvo XC90 D4 AWD 190 hk frå kr 794 000,Volvo XC90 AWD Hybrid 407 hk frå kr 940 000,Skandinavisk eleganse

Ein harmonisk, enkel design, stilrein luksus, med avansert sikkerheit og komfort for alle 7 passasjerar. Kvar detalj er designa for at køyringa skal bli enklare, kjekkare og mindre stressande.

XC90s yting og miljøfotavtrykk er forbetra. Dette understreker det vi alltid har sagt; du treng ikkje å ofre yting og køyreevne for drivstoffeffektivitet og lågare CO2-utslepp. Med forskjellige køyremodi som Comfort og Off Road, tilpassa ein kvar sinnsstemning og eit kvart terreng.

Hei bilen - Sensus

Utforma til å vere så naturleg og intuitiv å samhandle med som mogleg – berre snakk for å få ting gjort, eller trykk for å styre systema med ein gong. Sensus-løysingar kombinerer det siste og beste innan informasjon og underhaldning. Med ein innebygd hotspot, slik at du og din XC90 alltid er på nett.

Ta kontakt for prøvekøyring eller en hyggeleg bilprat!

frydenbo-bil.no

SANDANE 57 86 84 00

SOGNDAL 57 67 34 00

FØRDE 57 83 72 00

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

BERGEN VEST 55 50 15 40

KRISTIANSAND 38 04 90 00

MANDAL 38 26 03 22


Vi har stand på Førdehuset og ved Coop Extra Kronborg måndag 11. til laurdag 17. april

POLARBAD ER SPONSOR FOR EM I VEKTLØFTING European Weightlifting Championships

10.–16. Rettl.april 72.000,–

32

FØRD2E16

COOP – BADET

59.900,• M/ trapp og handklevarmar • Automatisk rensesyklus • Termosisolert • LED belysning • Vinterlok

Frå 235.000,Swim Spas! Symje og trene heile året! 240 x 435 eller 240 x 590 cm.

Summit-28 Romsleg bad for 7 personar.

Wellis Venus 215x115cm Romsleg bad for 6 personar.

Wellis Saturn 230 x 230 cm Bad til 5 personar.

Tundra L61 Romsleg bad til 7 personar. SpaBoy saltsystem og masse utstyr.

Før 89.000,-

Før 108.000

Før 129.000,-

Før 249.000,-

BERRE 68.000,-

BERRE 85.000,-

BERRE 99.000,-

BERRE 186.750,-

POLARBAD VEST AS Lerstadveien 506B, 6018 Ålesund. Tlf. 70 15 11 07 Avd. Sogn og Fjordane, 6797 Utvik. Tlf. 413 11 218 (Frode Blindheim) TA KONTAKT MED VÅRE KUNDERETTLEIARAR: Frank Vedeld tlf: 917 67 946 vedeld@polarbad.no Øystein Steffenakk tlf: 980 70 369 steffenakk@polarbad.no Frode Blindheim tlf: 413 11 218 frode@polarbad.no

www.polarbad.no


50

72

på Ska bil de 57 en 83 ?

BESKyTT

bilen din hos

te Dinol behandling, den

BILSKADESENTERET Vi tilbyr lakkonservering frå Diamondbrite med 6 års garanti utan kostbare rebehandlingar.

ANTIRUSTBEHANDLING Vi tilbyr miljøtilpassa og holdbare antirustbehandlingar. Tuff-Kote Dinolbehandling, den mest avanserte og omfattande rustbeskyttelsesbehandlinga.

Tlf: 57 83 72 50 post@bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30 Følg oss facebook.com/ Bilskadesenteretas


VERDSREKORD:

Brørne Håvar (t.v.) og Odd Gunnar Røyseth lyfta 270 kilo i støyt i dobbellyft og sette uoffisiell verdsrekord. Brørne prydar framsida på magasinet World Weightlifting nr. 3 1998. Stian Grimseth Cup vart arrangert fem gonger frå 1998 til 2004 med fleire verdsmeistrar og olympiske meistrar på podiet. Det råaste publikumsbrølet frå 1500 i Førdehuset var det likevel brørne Røyseth som fekk fram. Dei bomma første gong, men fekk opp rekordvekta i andre forsøk. Faksimile

RÅSTERK: PIONEREN:

Andreas Engebø (f. 1934) frå Kvellestad i Førdefjorden starta med spydkast og kulestøyt på bygdevegen heime. Som lærar på Osterøy kom han i kontakt med vektlyftarklubben Milo i Bergen. Han vart norsk og nordisk meister i styrkelyft i 1967, der dette bildet er frå. Nesten 40-år gammal vart han norsk meister i supertungvekt i vektlyfting tre år på rad. Andreas har gitt ut fleire diktsamlingar. Han bur i Holmedal der han var lærar i 28 år. Foto i privat eige

European Weightlifting Championships

10.–16. april

34

FØRD2E16

Leif Apneseth (f. 1942) frå Førdefjorden var inspirert av naboen Andreas Engebø. Leif flytta til Oslo og melde seg inn i Sportsklubben 09, der han vart kalla den råsterke vestlendingen. Leif vann fleire norgesmeisterskap i styrkelyft og vektlyfting. OL i München 1972 var det store målet, men Leif fekk ein senebetennelse under kneet og vart sett ut av spel i to og eit halvt år. Leif er onkel til Solrunn og Yngve Apneseth, begge kjende Tambar-lyftarar. Leif bur i Stavang. Foto i privat eige


VOLVO SELEKT –- våre VÅRE beste BESTE BRUKTBILAR bruktbiler BRUKTBILFEST HOS FRYDENBØ BILSENTER I FØRDE

NTI

GARA

NTI

GARA

21

24 mnd

NTI

GARA

34

20

mnd

NTI

mnd

mnd

Volvo s60 momentum r-design

Volvo v40 d2 summum

Volvo v40 d2 summum

Volvo v40 CC D2 MOMENTUM

2013 mod. | 44 753 km

2013 mod. | 69 500 km

2013 mod. | 32 466 km

2014 mod. | 37 100 km

Active Dual Xenon lys, Bluetooth™ Handsfree, Volvo on Call med fjernstart av dieselvarmer, Navigasjon, Cruise kontroll, Skinninteriør, Ryggesensor med mer.

Active Dual Xenon lys, Bluetooth™ Handsfree, Cruise kontroll, Dieselvarmer med timer, Skinninteriør, Ryggekamera, Regnsensor, Kjørecomputer med mer.

Active Dual Xenon lys, Bluetooth™ Handsfree, Cruise kontroll, Skinninteriør, Ryggesensor, El Sete Førar med minne, Regnsensor, Kjørecomputer med mer.

Active Dual Xenon lys, Bluetooth™ Handsfree, Cruise kontroll, Ryggekamera, Ryggesensor, DAB+Radio/CD/AUX/USB, Regnsensor med mer

Totalpris:

kr 278 900,-

Totalpris:

GARA

kr 258 900,-

NTI

Totalpris:

GARA

kr 258 900,-

NTI

GARA

24

22 mnd

Totalpris:

kr 258 900,-

NTI

GARA

50

mnd

NTI

17

mnd

mnd

Volvo v60 d2 r-design

Volvo v60 summum, awd, 163hk

Volvo v70 d2 dynamic edition

Volvo v70 d4 r-design

2013 mod. | 47 500 km

2013 mod. | 43 220 km | automat

2015 mod. | 25 518 km

2013 mod. | 82 500 km | automat

Volvo on Call m fjernstart av dieselvarmer, Bluetooth™ Handsfree, Navigasjon, Active Dual Xenon lys, Skinninteriør, Ryggesensor, Regnsensor med mer.

Driver Support-pakke, Teknikkpakke, Volvo on Call med fjernstart av dieselvarmer, Tilhengerfeste, Skinninteriør, Bluetooth™ Handsfree med mer.

Driver Support-pakke, Teknikkpakke Senus, Herregårdspakke, Plusspakke, Volvo on Call med fjernstart av dieselvarmer, Skinninteriør, Handsfree med mer

Driver Support-pakke, Teknikkpakke med 7” skjerm, Volvo on Call med fjernstart av dieselvarmer, Tilhengerfeste, Navigasjon, Integrerte barneseter, med mer

Totalpris:

kr 298 900,-

Totalpris:

GARA

kr 388 900,-

NTI

Totalpris:

GARA

47

kr 378 900,-

NTI

GARA

19

mnd

Totalpris:

NTI

19

mnd

mnd

Volvo xc 70 d4 summum, awd

Volvo vxc70 d4 summum, awd

Volvo v70 d2 dynamic edition

2015 mod. | 33 500 km | automat

2013 mod. | 68 980 km | automat

2013 mod. | 60 821 km

Driver Support-pakke, Teknikkpakke, Herregårdspakke, Volvo on Call med fjernstart av dieselvarmer, El soltak, Hengerfeste, Nøkkelløs med mer

Driver Support-pakke, Teknikkpakke, Volvo on Call med fjernstart av dieselvarmer, Rear seat entertainment system, Tilhengerfeste, Int. barneseter med mer.

Driver Support-pakke, Teknikkpakke, Plusspakke, Herregårdspakke, Volvo on Call med fjernstart av dieselvarmer, Tilhengerfeste, Skinninteriør med mer

Totalpris:

kr 594 900,-

Totalpris:

kr 498 900,-

Totalpris:

kr 464 900,-

kr 368 900,-

volvo selekt Våre beste bruktbiler Når du kjøper en Volvo Selekt, får du mer enn en bruktbil. Du får vår omtanke vedrørende din tilfredshet. Vi tar bare imot de beste brukte Volvo-modellene, og vi gjør de enda bedre med våre oppdaterte krav til kvalitet og sikkerhet. • Volvo Selekt Garanti • 12 mnd Volvo Veihjelp • 100% fornøydgaranti. Bytterett innen 30 dager eller 1500 km. Les mer på frydenbo-bil.no

Layout: Frydenbø Inhouse. Med forbehold om trykkfeil.

GARA


MEDALJANE som vert utdelt til medaljørane under EM tek utgangspunkt i logoen og profilen som

Findriv har utforma til EM 2016, med vengeslaget til ei Ørn. Eit slikt vengeslag er kraftfullt, elegant og innehar ein råskap. Både krafta, elegansen og råskapen må også være til stades i eit godt utført løft av ein vektløftar. Som arrangør har vi valgt lokale leverandørar. Medaljane er produsert av Gosh PGP. I tillegg vil samanlagtmedaljørane få med seg ein Eggen Hellekniv med inngravert EM 2016 logo.

European Weightlifting Championships

10.–16. april

36

FØRD2E16


Stolt

Våre verdiar

Godt humør

Open og ærleg

Påliteleg og held lovnadar

- Norges største ferjeselskap - Leiande i næringa innanfor «det grøne miljøskiftet» - Norges største opplæringsreiarlag - Samfunnsengasjert - Kompetansearbeidsplassar A til Å - www.atilaa.no I Foto: Photoevent

lønnsam

samhandling og teamånd

stolt

www.fjord1.no


Velkommen til EM i vektløfting i Førde! Med dette europamesterskapet settes Førde og Norge igjen på det internasjonale vektløfterkartet. Det er i år 20 år siden EM i vektløfting sist ble arrangert her i landet, den gang i Stavanger. Vektløfting er en stor internasjonal olympisk idrett, og de beste utøverne fra dette europamesterskapet kvalifiserer seg til OL i Rio. Det er gledelig å registrere at det nå settes ny deltakerrekord for EM i vektløfting med 396 utøvere fra 40 nasjoner, og det er positivt at Norge har 13 utøvere påmeldt i Førde. Det er gledelig er det at hele 250 personer har meldt seg som frivillige til mesterskapet. Jeg håper og tror at disse vil få en god opplevelse, og at de bidrar til å vitalisere de lokale vektløfter- og idrettsmiljøene i regionen i tiden etter mesterskapet. Vektløftersporten har gode tradisjoner i Norge. Leif Jensens OL-gull i München i 1972 og Stian Grimseths EM-gull i Stavanger i 1996 representerer kanskje de fremste og mest kjente prestasjonene.

European Weightlifting Championships

På vegne av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité ønsker jeg arrangørklubben Tambarskjelvar IL, arrangementskomiteen, de frivillige og alle involverte utøvere, trenere, ledere og publikum lykke til med arrangementet.

10.–16. april

38

FØRD2E16

Generalsekretær Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité Inge Andersen

Billettar til EM Vektløfting 2016

og familie. Dagspass gir adgang til Billettar kan kjøpast som dagspass for born, vaksne Du kan kjøpe billettar til EM på nett og i Førdehuset. born. Kjøper du billettar på av ein dag. Familiepass gir adgang for 2 vaksne og 2 alle konkurransane og arrangementa i Førdehuset i løpet nett kjem det ei lita avgift i tillegg til billettprisen. kr 170,- Born kr 60,- Familie kr 340,Dagpass måndag 11. april til fredag 15. april: Vaksen n kr 200,- Born kr 70,- Familie kr 400,Dagpass søndag 10. april og laurdag 16. april: Vakse

.fordehuset.no for og kjøpe din billett! Gå inn på www.ewc2016vektlofting/tickets eller www


NÅR DET ER STYRKE SOM GJELDER Ramirent er Norges største maskinutleiefirma, med en sterk og allsidig maskinflåte. Hos oss kan du leie det du trenger av maskiner og utstyr til dine prosjekter.

Tel: 57 82 70 00 Angedalsvegen 43 Førde

Vi har byggmaskiner og verktøy, lifter, gravemaskiner, komprimeringsutstyr, varme- og tørkeutstyr, letthus, toaletter og mye mer. www.ramirent.no

ruller lett og gir god holdbarhet

Vi har årets testvinnar i NAF på lager

FØRDE VULK

Din lokale dekkleverandør

Halbrendsøyra 9, 6800 Førde Telefon 57 83 08 00 www.fordevulk.com

Bestill gjerne time til dekkskift på vår nettside


FAGHANDELEN INNAN TRELAST OG BYGGEVARER

XL Farsund Bygg har alltid sett det som viktig å støtte lokale aktørar innan idrett og frivillege organisasjonar XL Farsund Bygg har gjennom si 60 år lange historie sponsa arrangement i Sunnfjord og Ytre Sogn

European Weightlifting Championships

XL Farsund Bygg sin forretningsidé er å vere sterke lokalt og bygge merkevarer. Difor er det naturleg for oss å vere ein av hovudsponsorane for EM i Vektløfting 2016 i Førde

10.–16. april

40

FØRD2E16

DIN LOKALE FAGHANDEL INNAN TRELAST OG BYGGEVARER


ygg.no

egil@farsundb

VÅRE LOKALE ROFFAR KLAPPET & KLART-P ld Yndestad ri A ør n re ep tr n E : er al Fj AS Gaular: Harald Kapstad M Bygg as Førde: Byggteam AS, V FERSKVANN.NO / FOTO: JH STUDIOS

KLAPPET & KLART: LIKE ENKELT SOM NYTTIG

For deg som ikkje vil, kan eller har tid, har vi avtale med handverkarar som tek heile jobben for deg. Dette er like enkelt som det er nyttig enten du har eit stort eller lite byggeprosjekt på gang. Legge golv? Fikse taket? Etterisolere? Sette inn nye dører eller vindauge? Kontakt Egil og ta ein prat om prosjektet ditt. Vi sørger for ei synfaring, eit komplett tilbod og at jobben blir gjort. Snakk med oss om Klappet & Klart.

Sanderplassen 7, 6801 Førde Tlf. 57 72 18 00 Fax 57 72 18 10 Man-fre 0730–1630, tors 0730–1800, lør 0930–1400

xl-bygg.no


Kva vil EM få å seie for Førde og Sunnfjord? ORDFØRAR I FØRDE, OLVE GROTLE, helsar EM hjarteleg velkomen til Førde og Førdehuset!

European Weightlifting Championships

10.–16. april

42

FØRD2E16

Først vil eg seie at det vil bli ei hektisk, men svært spennande veke for mange. Alle overnattingsstader vil vere fulle, Førdehuset er fullt, og Førde vil som vertsskap for eit stort internasjonalt idrettsarrangement yre av folkeliv og aktivitetar. Det blir direktesendingar på Eurosport og TV2 Sportskanalen, og dette vil gi god marknadsføring av Sunnfjord og fylket vårt. Forutan store idrettsprestasjonar, vil TV-sjåarar over heile Europa bli betre kjent med alt vi har å by på. Dei vil sjå vakre bilete frå heile Sogn og Fjordane. Frå innland til kyst. Frå kulturlandskap halde i hevd ved aktivt landbruk til villmarksområde. Og frå tettstadane til dei mindre bygdene våre.

Å stille Førdehuset til disposisjon var ei enkel avgjerd, og dette samarbeidet oss naboar i mellom er positivt. Så må vi også særleg trekke fram den store dugnadsinnsatsen, der mange dreg lasset i lag for å arrangere ein god meisterskap. Å samle seg om dette gir samhald på tvers av kommune- og klubbgrenser. Vanlegvis er det dei store byane som er vertar for EM, så det var ikkje sjølvsagt at EM skulle kome til oss. Men vi greidde det, og no skal vi vise kva vi kan få til!

EWC Førde 2016 i Førdehuset • 396 deltakarar frå 40 nasjonar • Det skal konkurrerast i 15 vektklassar, 7 dameklassar og 8 herreklassar • Det skal delast ut tilsaman 135 medaljar, 45 gull, 45 sølv og 45 bronsemedaljar • Norge stiller med 13 deltakarar, der 5 er frå arrangørklubben Tambarskjelvar IL

med at 33 millionar fjernsynssjåarar vil få med seg EM frå Førde • EM er den siste sjansen for europeiske løftarar til å kvalifisere seg til OL i Rio i august • Arrangørane har arbeidd i 4 år med å planlegge meisterskapen

• Ruth Kasirye frå Tønsberg Kameratene er ein av favorittane i 69-kg klassen for kvinner

• 300 frivillige vil være i sving under meisterskapen • Det vert lagt ned rundt 10.000 dugnadstimar i samband med EM 2016

• 30 timar direktesending frå Førdehuset på Eurosport og TV2 Sportskanalen. Ein reknar

• Budsjettet for EM er på 16 mill. kr. i tillegg kjem ny vektløftarhall i Naustdal til ein verdi av 15 mill. kr.


findriv.no

Førde - ein levande by og region Førde kommune har hatt ein kraftig vekst dei siste ti- åra, og utvikla seg til å bli eit senter i fylket. Førde er i dag ein moderne by med handel, service, utdanning og kultur. Grunna den raske veksten kan kommunen tilby nye skular og barnehagar. Vi merkar oss ut med ein av dei beste grunnskulane i landet. I Kommunebarometeret for 2015 vart Førde for tredje gong på rad kåra til den beste skulekommunen i landet. Vi er 12 900 innbyggjarar i Førde kommune, men Førde er ein regionby med nærare 50 000 innbyggjarar innan ein times pendlaravstand. Vi er det største handelssenteret mellom Bergen og Ålesund, og årsomsetninga i vare-handelen er mellom dei høgste i landet per innbyggjar. Førde har urbane kvalitetar og fungerer som eit senter i Sunnfjord-regionen.

Førde – midt i landet og kort veg til Oslo og Bergen Førde ligg midt i landet og i sentrum av Sogn og Fjordane. Det tar ein time å reise til Oslo med Widerøe og 40 minutt til Bergen. Byen ligg elles sentralt til ved E39 som bind Vestlandet saman, og har daglege ekspressbussar til Oslo, Bergen og Trondheim.

Førde – stor felles arbeidsmarknad og variert arbeidsliv Nærare 4000 personar pendlar dagleg inn til Førde. Den største arbeidsplassen er Helse Førde med 2300 tilsette, dei aller fleste i Førde. I tillegg er arbeidsmarknaden stor innan finans- og servicebedrifter, ikt, bygg og anlegg, media, hotell og restaurant. Førde har eige høgskuletilbod, sjukepleiarhøgskule og ingeniørhøgskule, og ein fagskule innan tekniske fag og to vidaregåande skular, ein for allmennfag og ein for yrkesfag. Førde og Sunnfjord har vist seg å vere store nok til etablering og utvikling av kunnskapsbedrifter. Eitt døme er Lotteri- og stiftelsestilsynet som etablerte seg i Førde i 2001. Direktoratet har heile tida hatt god rekruttering av juristar, økonomar og samfunnsvitarar.

Førde – tyngdepunkt i kulturlivet Førde er «kulturhovudstaden» i Sogn og Fjordane med Førdehuset, eit unikt kultur- og idrettshus, som naturleg samlingspunkt. Her er den største kinoen i fylket, profesjonelt teater, konsertar, utstillingar og bibliotek. Førdehuset har også storhall med tre handballbaner og tribune, samt stadionanlegg, friidrettsanlegg, og kunstgrasbane. Førdefestivalen er den største festivalen for folk/trad/world musikk i Skandinavia med nærare 30 000 besøkande kvar sommar. Midt i Førde sentrum ligg Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Førde – idretts- og fritidstilbod Vi har nyleg opna ein idretts- og folkepark til 100 millionar kroner i sentrum av Førde, Hafstadparken. Parken inneheld to kunstgrasbaner, BMX-baner, skatepark, trimpark, fleire sandvolleyballbaner, rulleskianlegg, og ein «møteplass» for uorganisert aktivitet med klatring, basketballbane, handballbane, og sittegrupper. Det er elles rike friluftstilbod både i og rundt Førde som mellom anna skianlegg for tilrettelagte løyper for langrenn og turgåing på Langeland (Gaular kommune) og to alpinanlegg, eit i Førde (Blomlia) og eit i Jølster kommune (Jølster skisenter). Langeland vil òg snart få eit eige rulleski- og sykkelanlegg.

Førde kommune er stolt sponsor og samarbeidspart av EM i vektløfting, og ser med glede fram til arrangementet!


European Weightlifting Championships

10.–16. april

44

FØRD2E16


VOLVO V60 CROSS COUNTRY D3 AUT. MOMENTUM KAMPANJEPRIS KR 471 900,KUNDEFORDEL KR 55 987,PRIVATLEASING PR. MND KR 3 968,- INKL. MVA. Startleie kr 74 900,- inkl. etableringsgebyr. Månedsleie kr 3 968,- og totalpris kr 217.748,vil variere med rentenivået. 3 års bindingstid. Kjørelengde 45.000 km. UTSTYR: Volvo on call pakke og Teknikkpakke High Performance

vOLVO V40 CROSS COUNTRY D2 MOMENTUM KAMPANJEPRIS KR 349 900,KUNDEFORDEL KR 33 600,PRIVATLEASING PR. MND KR 2 969,- INKL. MVA. Startleie kr 59 000,- inkl. etableringsgebyr. Månedsleie kr 2 969,- og totalpris kr 165 884,vil variere med rentenivået. 3 års bindingstid. Kjørelengde 45.000 km. UTSTYR: Teknikkpakke, Volvo on call pakke og skinn interiør

frydenbo-bil.no MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

BERGEN VEST 55 50 15 40

SANDANE 57 86 84 00

SOGNDAL 57 67 34 00

FØRDE 57 83 72 00

KRISTIANSAND 38 04 90 00

MANDAL 38 26 03 22


Fiber

– fordi vi elskar Sogn og Fjordane I 16 år har Enivest jobba mot eit mål: At flest mogleg i Sogn og Fjordane skal få best mogleg breiband. I dag betyr det fiber!

– Målsetjinga til Enivest er å tene folk og bedrifter i Sogn og Fjordane, både som ei drivkraft og som pådrivar for å bygge ut fiber. Mange tenker ikkje på kor viktig fiber er! Samfunnet er inne i eit teknologiskifte som krev fornying av infrastruktur. Fiber blir viktigare og viktigare for folk og bedrifter, seier Roger Saugestad, nettsjef i Enivest. – Vi koplar opp mellom 1000 og 2000 nye fiberkundar årleg. Siste to åra har vi bygd ut fiber på forskjellige stadar i 14 kommunar i fylket, frå Hornindal i nordaust, til Solund i sørvest. I år skal vi bygge ut fiber så langt vest som råd, på Værlandet, smiler Roger. – Vi har prosjekt i Bygstad, Bremanger og ei utbygging i Ytre Sula i krevjande topografi, med stort lokalt bidrag frå folket der. I tillegg er det no bestemt å bygge ut fiber på Bruland i Førde samt fleire områder i Florø, i Deknepollen, på Sandane og i Høyanger.

FIBER TIL FLEST MOGLEG

European Weightlifting Championships

10.–16. april

46

FØRD2E16

– Vi har bygd ut fiber mange stader der vi knapt trudde det var mogleg å få til. Det får vi til fordi Enivest går inn i spleiselag med kommunar og bygdefolk. Enivest har bygd ut mange felt dei siste åra, der finansieringa har vore ei blanding av offentlege tilskot, kommunale bidrag og dugnad frå innbyggjarane. Område med for dårleg internett, det vil seie lågare fart enn 4Mbit/s, får tilskot av det offentlege til utbygging. – Om ein har det staten definerer som godt nok internett, får ein ikkje tilskot: 4Mbit/s held til ”småsurfing”, men det er lite framtidsretta. Fiber med opptil 500 Mbit/s - begge vegar - er framtida!! Det er det ein må ha, og vi er ikkje ferdige med å bygge ut fiber i Sogn og Fjordane. I prinsippet kan alle få fiber. Det meste kan løysast teknisk, men det handlar om kostnad. Om ein er kreativ, lagar gode løysingar og samarbeider – ja, då får ein det til, seier Roger. – Enivest lanserer konseptet Grendafiber: Saman med dei som

bur i grenda finn vi smarte løysingar på korleis vi kan levere fiber til stader som elles ikkje kan få fiber.

flest mogleg fiber. Vi føler eit ansvar for å bidra til å utvikle fylket vårt.

FOR SOGN OG FJORDANE

I tillegg til fiber handlar det om å gje kundane ei god oppleving når dei brukar Enivest sitt nett. Derfor er Enivest med i eit prosjekt som skal gi kundane eit betre trådlaust heimenett. – Kundar har stadig fleire ting kopla til sitt trådlause nettverk. Det kan bidra til at nettverket blir mindre stabilt. Eit problem er at når kundar ringer oss fordi ”internett ikkje verkar”, så har ikkje kundeservice gode nok verktøy for å sjekke nettverket deira, seier Stig Myrmel i Enivest. Eit samarbeid mellom Eye Networks, Universitetet i Oslo og Enivest skal gjere noko med det. – Eye Networks har utvikla ei proff heimeløysing for trådlause nett, kopla saman med ei skybasert tenesteplattform for tenesteleverandørar. 100 Enivest-kundar er pilotar i prosjektet. Vi ønskjer å vere tidleg ute med å skape eit betre tilbod til brukarane våre. Målet er eit ”smertefritt” trådlausnett, og å få eit verktøy til å yte betre kundeservice. Vi i Enivest ønskjer at resultatet frå pilotprosjektet skal komme alle aktørar i marknaden til gode. – Partane i prosjektet er opptekne av at piloten skal gje oss målbare resultat. Vi skal finne ut om tenester som Eye Networks har utvikla er eigna til å gje betre kundeopplevingar, og om det reduserer trafikken inn til kundeservice eller ikkje, seier prosjektleiar Christiane Ulriksen.

Enivest har 42 tilsette og gjev store verdiar tilbake til fylket: I form av superraskt breiband, millionar i sponsormidlar, kompetansearbeidsplassar, samt ringverknader hos leverandørar og samarbeidspartar. –Det viktigaste vi gjer er å legge til rette for at folk og bedrifter får tilgang til fiber. Ein klarer seg ikkje utan stabilt, raskt internett i 2016. Fiber gjev lokalt næringsliv høve til å vekse og utvikle seg – og bidreg til at folk kan bu der dei ønskjer. Fiber gjev deg fridom. Har du ein god ide du vil jobbe fram, gjer du det like gjerne frå ei grend i Sogn og Fjordane som frå New York. Det sit mange kloke hovud rundt i fylket vårt. Enivest ønskjer å gje dei verktøya dei treng for å leve og virke der dei vil. Difor strekk vi oss langt for å få til løysingar som sikrar

FRAMTIDSRETTA


Kaffi, softice og burger

Best Centrum Bensin AS Førde, tlf. 57 72 55 40 Naustdal Bensin & Service AS, tlf. 57 91 91 96 Auto-senteret AS Sandane, tlf. 57 86 55 39


HOS OSS ER ALLE VINNARAR! Som stolt sponsor av EM i vektløfting på heimebane, tilbyr vi vårt

”STERKASTE”

tilbod på medlemskap nokon sinne!

European Weightlifting Championships

10.–16. april

48

Bli medlem NO, tren GRATIS fram til 20. august!*. Vær rask, gjeld kun ved signerering t.o.m 18. april.

FØRD2E16

Vi ynskje alle i Tambarskjelvar vektløfting lykke til på heimebane.

Trening for alle

* Gjeld kjøp av 12 mnd. medlemskap. Spenst Førde, Tlf. 57 72 01 21. E-post: post@spenstforde.no. Kjøp medlemskap direkte på www.spenstforde.no. Velkommen!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.