Førdepatrioten 2 2016

Page 1

Med hjartet på rette stadion!

FØRDEPATRI TEN Nr. 2 2016


Fotballmammaen Tone Lin Støfring Skovro er ny dagleg leiar i Førde fotball. Ho kjem frå jobben som journalist i NRK. Støfring Skovro bur på Vassenden med mann og tre barn som spelar fotball for Jølster. Det første minstemann på 7 år lurte på då mor skulle skifte jobb var om ho kom til å heie på han på Jølster når han spelte fotball. - Eg er som ein kamelon. Eg blir lett engasjert, så sjølv om førdefotballen er jobben min og eg skal gjere mitt beste for at klubben skal lukkast med det organisastoriske og tilrettelegge det sportslege, så får eg puls når til dømes førdedamene spelte opprykkskamp på heimebane og fekk den avgjerande skåringa i siste sekund! Då er det så spennande at ein kan få hjarteinfarkt. Men så må eg jo bite meg i leppa og lime meg fast i grasmatta for eg blir så engasjert når eg ser 13, 11 og 7-åringen spele kampar for Jølster og hugse at eg skal tenke Fair-Play og ha foreldrevett, men det kan vere ein prøvelse. Jølstringen starta i jobben 15. august, og etter to månadar i jobben som dagleg leiar er inntrykka mange. - Eg har hatt ei utruleg bratt læringskurve. Her er dataprogram som skal lærast, rutiner og system som skal lærast. Det har også blitt ein del kaffi til diskusjonar om baneforhold, fotballstrategi og organisering av turneringar. Det er fantastisk spennande å få bruke så mange sider av seg sjølv. Men det som gir mest glede er alle dei smilande fjesa ein møter på dugnadar i fotballen, så masse foreldre som bidrar til at ungdommane og borna skal få kjekke opplevingar. Då får vi masse flott fotballungdom. Det blir eg nesten litt rørt av. Seinast på Jentefotballens dag. Det var eit flott arrangement, og høg stemning. På kva slags måte kjem Førde fotball til å sjå ditt fotavtrykk i tida som kjem? - Det har blitt etterlyst betre kommunikasjon ut frå klubben så det håpar eg vi skal bli betre på. Klubben har eit Akademi som får mykje skryt og ikkje minst har Førde+ vore ei satsing som har fått mykje skryt. Dette må vi kommunisere ut. I tillegg går vi inn ein viktig fase med å bygge klubben opp etter at vi rykka ned med herrelaget, og damene er kvalifiserte for opprykk, og samstundes skal vi ta imot eit rekordstort kull som kjem opp etter å ha spelt i grendaserien. Så her skal mange tankar balanserast. For Skovro er krystallklar på konklusjonen av tida så langt: - Det verste eg kan tenke meg er å gjere det same, dag ut, dag inn. Men her varierer det heile tida, tut og køyr! Så eg har ikkje kjeda meg ein einaste dag!

2

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016


FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

3


For å heve kvaliteten på treninga og trenarane i barnefotballen i Førde kom ideen om ei treningshandbok. I dag er den ein viktig ressurs for både trivsel og spelarutvikling og ein del av Førde+-satsinga.

Satsar på dei yngste – Vi som er trenarar i Førde IL fotball såg at det skjedde mykje tilfeldig på bana i dei ulike aldersgruppene i grendaserien. Det var ulike nivå på foreldra som var trenarar, og det gjorde til at ikkje alle spelarane fekk tilpassa trening til årsklasse og nivå. Vi opplevde enorme forskjellar: frå topptrena foreldre med bakgrunn frå fotballen, til heilt uerfarne trenarar. Alle foreldre kan vere trenarar, men det er viktig at dei får meg seg nokre prinsipp i treningskvardagen, seier Øyvind Berge, leiar i ungdomsgruppa. Saman med Johan Pettersen, Ivar Høyvik og Lars Ove Nistad tok han difor initiativ til ei treningshandbok; eit verktøy som kan kvalitetssikre at laga og spelarane får treningar som er tilpassa sin alder og sine fotballferdigheiter. – Målet er at alle lag i grendaserien skal ha god kvalitet og trivsel på treningane sine, uansett kva krins du tilhøyrer. Vi har fått gode tilbakemeldingar på at boka er nyttig, og at barrieren for å ta på seg trenarjobben blir mindre. Vi er heilt avhengige av at foreldra kan stille som trenarar, uansett fotballfagleg bakgrunn, og då er den eit viktig hjelpemiddel, seier Johan Pettersen, sportsleg leiar i Førde IL Fotball.

Vart riven bort Det er laga to utgåver av treningshandboka som vart lansert i 2015: ei for dei under ti år og ei tilpassa dei over ti år. Innhaldet er basert på kunnskap frå Norges Fotballforbund, som har brukt store ressursar på feltet. Bøkene vart rivne bort og må trykkast i fleire eksemplar.

4

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

– Den er svært populær. I boka finn du ferdig tilpassa økter til aktuell aldersgruppe og samt generelle tips for god barnefotball. Det gjer trenarjobben mykje enklare, og dei yngste laga i klubben får ei god trening som inneheld øvingar dei skal kunne meistre på sine alderstrinn. Vi ser resultata allereie no, i form av at trenarane trivst betre i rolla si, og at både dei svake og sterke i gruppa blir tatt omsyn til, seier Pettersen.

alder og nivå, samt tilbodet om ekstratrening, kan Førde-fotballen hauste godar av om nokre år, meiner Berge og Pettersen. – Førde har nok gått glipp av mange gode spelarar opp gjennom åra. Nokre har vore heldige med gode trenarar, medan andre har ikkje hatt eit tilfredstillande tilbod. Då dett dei av. Vi vil at alle små fotballspelarar i Førde, uansett om du kjem frå små miljø, som i Solheimsdalen, eller større fotballmiljø, Førde+ som på Slåtten, Boka er ein del av ei satsing + e d r skal ha same ø kalla Førde+. er F e t moglegheit m o e ll D – I tillegg til boka tilbyr me larane stilbod tene. Eg e p s e vi ei laurdagstrening for t all ning a e r r t o f har veldig a ass iltak dei mellom 6-13 år. Dette e med • Eit t al ha eit tilp n a trua på r a sk er ei ekstratrening som tren -12 år er for k denne sat6 ø r b a d alle kan nytte seg av – ing han nings jonelle tren r singa, og e r å f T r • å uansett nivå. Trena2 funks m 6-1 rken om 5-6 år mello rane i grendaserien pa e d n a a t r s f la a e vil spelarane H p i s byter på å vere der, og • Alle reningstid r a t i Førde halde g m a o rd banene er aldersinntilbod på lau ne i eit heilt anna a r a n delte. Målet er å skape re g av t nivå på grunn 2 år følgin eit miljø i Hafstadparken • Opp gruppa 6-1 av trivsel og tillaurdagane, der det myldrar alders passa treningar, av spelarar, trenarar og foreldre seier Berge. som kjem og går. På sikt ønsker vi – Vi vil fortsette å få til temadagar også, og vi i Førde med å utvikle tilbodet IL fotball vil jobbe meir praktisk med og bruke ressursar i klubben til rettleiing ute i felten. temadagar, ekstratreningar og kurs, avsluttar Pettersen.

:

Fakta

Heilt anna nivå om fem år

Satsinga med å kvalitetssikre treningane, sørgje for at alle spelarane får øvingar tilpassa


FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

5


STATOIL FØRDE • Bilvask • Storkiosk • Varmmat

BESTILL CONTAINER TIL FAST PRIS BESTILL CONTAINER BESTILL CONTAINER Kontakt på 09700 TIL FASToss PRIS TIL FAST PRIS Du kan også bestille Kontakt oss på: påwww.ngn.no 09700 Kontakt oss på 09700

TIPPING hos STATOIL FØRDE

Du kan også bestille på: www.ngn.no Du kan også bestille på: www.ngn.no

STATOIL BUTIKK FØRDE tlf. 57 82 11 28 – ope til 24.00

Treng du elektrikar?

Rein Design

Til topps med Berge & Co! Berge & Co er fylkets største bilforhandlar, med over 100 tilsette. Som verksemd har vi eit samfunnsansvar, men vi må også vere ein samfunnsaktør. Når vi genererer overskot, er det heilt naturleg for oss å gje noko tilbake til samfunnet og dei som har brukt vår bedrift til å kjøpe varer og tenester. Berge & Co sponsar store og små, amatørar og profesjonelle, aktivitetar og arrangement. Vi kan gjerne skryte av å dele ut sponsormiddel, men til sjuande og sist er det du som kunde som gjer dette mogleg for oss. Vil du komme deg opp og fram, må du stå på. Alternativt kan du gå inn på www.berge.no og lese om Audi sitt quattro-system, Volkswagen 4MOTION og Skoda sitt 4x4-system. Tre fantastiske firehjulstrekk-system som hjelper deg til å nå toppen! Takk for at du brukar oss, og handlar lokalt.

• • • • • • •

Boliginstallasjon Næringsbygg Service Sikkerhetsanlegg Dataanlegg Automasjonsanlegg El-kontroll

Kontakt Bravida på: Tlf. 57 72 29 70 E-post: forde@bravida.no

Sogn & Fjordane Tlf. 02407

6

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016


Førde - Nedre Bøbakkane, byggesteg 2 Vising: Ta kontakt med meklar for informasjon.

Vil du bu lettvint med luftig, fri og vestvendt utsikt? Då har vi leilegheita for deg! Byggesteg 2 inneheld 20 leilegheiter fordelt på to bygningar, med heistilkomst til alle tre etasjane. Praktiske 2- 3- og 4-roms leilegheiter med areal frå 54 m2 til 1o6 m2 BRA. Alle leilegheitene har: - Vestvendt, overbygd veranda - 2,70 m takhøgde i stove - Vassboren varme i alle opphaldsrom - Gjennomgåande gode kvalitetar - Kvitevarer på kjøkken - Sportsbod - Eksklusiv rett til parkeringsplass i carportanlegg/ garasjekjellar.

Prisant.: frå kr. 2.580.000

Adresse: Nedre Bøbakkane, 6812 Førde Tot.pris: frå kr. 2.580.000,- + kostn. Areal frå : 54 - 106 m² Eigarform: Eigarseksjon Bustadtype: Leilegheit

Sjå vår facebookside eller bobakkane.no.

Randi Vigdal Meklar MNEF E-post: randi.vigdal@ssf.no Tlf.: 48 16 71 14/57 82 97 89

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

7


Dei er små, men dei er mange Over åtti seksåringar deltek på fotballtrening i Førde, og i grendaserien 7-10 år er det med 65 lag og over 500 spelarar. Det gjer Førde IL til ein av landets største innan barnefotball. Kvifor er barnefotball så populært i Førde?

Frå dei er sju år får dei spele i grendaserien. Rundt 80% av elevane i Førde-skulane deltek på aktivitetar knytt til fotballen. Slåtten og Flatene er dei to største skulane i Førde med omlag 20 lag kvar, mens Sunde og Førde stiller med omlag 10 lag kvar. – Det gjer fotballen i Førde til ein arena der ein møter venner, og den har fått ei viktig rolle sosialt. Dei siste åra har klubben hatt ein klar auke av jenter som spelar fotball blant dei yngre. – Det at vi klarar å få til reine jentelag er også ein viktig grunn til det høge talet deltakarar i barnefotballen.

Takkar foreldra Geir Vindheim er leiar for barnefotballen (6-12 år) og meiner eit godt og breitt tilbod er ein viktig grunn til at dei famnar om så mange. – Allereie det året du fyller seks år i Førde, får du tilbod om organisert fotball og å vere med i turneringar. Målet er leik og moro, og barna får høve til å bli betre kjent med dei som dei skal begynne på skulen med. Dette tilbodet starta vi opp for tre år sidan, og det er blitt svært populært. Tidleg på vinteren kjem spørsmåla om kor tid vi startar treninga for seksåringane.

8

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2016

Bak suksessen til tilbodet ligg mange års arbeid og god innsats frå foreldra. – Det har blitt jobba godt over fleire år frå klubben si side med å få grendaserien der den er i dag. Foreldra er flinke til å ta på seg trenar- og lagleiarrolla, og vi er heilt avhengige av dei for å få til dette. Barnefotballen er 100% dugnadsbasert, og når vi arrangerer store cupar krev også det stor innsats frå foreldra. Det er fantastisk å sjå arbeidet som blir lagt ned. Dei baker kaker, står i kiosken, er parkeringsvakter, stiller som speaker og gjer andre oppgåver som

må på plass for å gjennomføre arrangementet, skryt Vindheim. Vindheim meiner at ”Trenarhandboka” som klubben tilbyr gjer det enklare å verve trenarar. – Den er eit verktøy som vi er stolte av. Når foreldre tar på seg rolla som trenar, noko som stort sett ikkje er eit problem, så er det viktig at klubben bidrar med trenarkurs og oppfølging. Her jobbar vi kontinuerleg med å utvikle oss, og på sikt vil vi sjå at fleire lukkast på fotballbana på grunn av jobben vi legg.

Førebur seg på store kull Omlag to år fram i tid er det venta store barnekull i Førde. Vindheim er ikkje bekymra for at dei ikkje skal vere førebudde på det. – Førde-fotballen skal vere klar til å ta i mot alle som vil delta. Sjølvsagt vil store kull vere ei ekstra stor utfordring med tanke på baner, men vi jobbar alltid løysingsorientert og skal få det til. Det har blitt jobba godt over fleire år i barnefotballen. Dei neste 3-5 åra blir det viktig at klubben får satt ein god struktur på denne jobben.


VI STØTTAR

FØRDE-FOTBALLEN Tlf. 99 21 25 55 – www.fsement.no

57

50

72

på Ska bi de l 83 en?

Førde IL Fotball sin utstyrsleverandør!

Elvetorget, 3. etasje Tlf. 57 72 00 67 • forde@sport1.no

Beskytt bilen din hos

BILSKADESENTERET

te Dinol behandling, den

ANTIRUSTBEHANDLING Vi tilbyr lakkbehandling frå Diamondbrite med 6 års garanti utan kostbare rebehandlingar.

Vi tilbyr miljøtilpassa og holdbare antirustbehandlingar. Tuff-Kote Dinolbehandling, den mest avanserte og omfattande rustbeskyttelsesbehandlinga.

Tlf: 57 83 72 50 post@bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30 Følg oss facebook.com/ Bilskadesenteretas

Tlf: 57 83 72 50 post@bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30 Følg oss facebook.com/ Bilskadesenteretas

Tlf: 57 8357 72 50 50 Tlf: 83 72 83 72 50 post@bilskadesenteret-as.no post@bilskadesenteret.no post@bilskadesenteret.no post@ www.bilskadesenteret-as.no www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no www.b Man-fre 07:30-16:30 07:30-16:30 Man-fre Man-fre 07:30-16:30 M Følg oss Følg oss facebook.com/ facebook.com/ Bilskadesenteretas Bilskadesenteretas FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

9


Leiar Sesongen 2016 har vore kontrastfylt for A-lag herrer som er «flaggbærar» i klubben. Frå tidenes opptur når Brann vart slått ut av cup`en i vår, vart resten av sesongen ein sportsleg nedtur som enda i sisteplass på tabellen og nedrykk. Situasjonen gjev ei mogelegheit til å bygge noko nytt med utgangspunkt i eigen stall, som ein må utnytte positivt. For damene vart alle mål nådd, og dei er klare for opprykk etter ein svært sterk sesong! Det har vore eit mål i klubben å satse på jenter og damer, og det vil no vere viktig å legge til rette for vidare satsing på damefotball. I barne og ungdomsfotballen har det vore nok ein sesong med stor aktivitet for nær 1200 spelarar frå 6-16 år. Her må vi igjen rette ei stor takk til alle dei som nyttar mykje av fritida si på å legge til rette for at så mange kan få oppleve tryggheit og meistring på fotballbana. Det er dei frivillege og dei yngste som er ryggrada i Førde Fotball, og som vi må slå ring om og ta vare på. Evnar vi det på ein god måte, kjem også resultata for dei som har vilje og ynskje om å nå høge sportslege mål. Sportsplanen er etter kvart godt fundamentert, og bidreg til forutsigbarheit for all sportsleg aktivitet i klubben. FIL fotball er «Kvalitetsklubb», noko som forpliktar alle i klubben til å følgje opp dei krav som følgjer med. Det er positivt å registrere at dei som har roller i klubben har fokus på og følgjer opp «Fair play», og politiattestar. I kvalitetsklubb ligg det også krav til utdanning på både trenarar og dommarar i klubben. Her kan endå fleire nytte mogeleghieta til å delta på kurs som både gjev formell kompetanse, men også eit godt grunnlag for ein tryggare kvardag som trenar, oppmann eller dommar i klubben. Førde Fotball har mange gode samarbeidspartnerar og sponsorar frå næringslivet som er heilt avgjerande for at klubben kan drivast på det nivå som ein gjer. Det må vere eit mål for alle i klubben å vere gode ambassadørar, som bidreg til å skape godt omdømme både for klubben og våre sponsorar. På denne måten skal vi bidra til at det skal vere attraktivt å samarbeide med FIL fotball. Begrepet «stolt sponsor» må vi ta vare på! Etter mange nedturar med undervarmen i Hafstadparken, er det no lagt heilt nytt anlegg og nytt gras på bane 1. Her har Førde Kommune gjort ein god jobb for å finne løysingar når det synte seg at leverandør av det første anlegget ikkje fekk det til å fungere. Alt tyder på at det no fungerer, og at vi i alle fall har ei bane som er spelbar gjennom vinteren. Det vil vere til glede for svært mange.

Leif Arne Åsen Styreleiar

Styremedlemer 2016

Terje Sørbø

10 10 FØRDEPATRI

TEN NR. 1 2 2016 2016

Kjetil Bolsø

Margunn Vallestad

Mariann Njøsen

Odd Hagen

Knut Folkestad


TRENGER DU ELEKTRIKER ELLER RØRLEGGER?

RENATI

Caverion i Førde kjenner ditt lokalmiljø, og står klare til å ivareta dine behov. Ring oss i dag for en uforpliktende samtale.

STRONG HOLD Før 185,-

No kr 149,Caverion Norge avd. Førde Hafstadvegen 76 6800 Førde Tel.: 57 72 36 00 info.no@caverion.com

SOGN OG FJORDANE ØNSKER GOD TUR!

ENKEL OVERFØRING AV PENGAR

Vi støttar Førdefotballen!

Vi kaN hjeLPe deG Med... • Graving

• Boring

• Pigging

• Sprenging

• Masseforflytting

• Transport

• Natursteinsmuring

• Sandtak

• Plastring

• Nydyrking

• Snørydding

• Rørlegging

• Stikking

• Landmåling

• Masseberekning

• Rivingsarbeid

VI KAN HJELPE DEG MED... VIPPS.NO

• Graving • Pigging • Masseforflytting • Natursteinsmuring

• Plastring • Snørydding • Stikking • Masseberekning

DNB.NO

• Boring • Nydyrking Kontakt oss for eit prisoverslag! • Sprenging • Rørlegging • Transport • Landmåling Tlf. 57 82 40 30 eller magne@magnehafstad.no • Sandtak • Rivingsarbeid

Kontakt oss for eit prisoverslag!

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

11


Den viktigaste jobben blir gjort i eigen klubb med eigne trenarar, men for å utvikle dei beste spelarane må soneklubben Førde sjå og ta vare på kvart enkelt talent.

Soneklubben Førde: Dagens nivå lovar godt Det seier Jan Taule, som saman med Rudi Sønnervik er trenar for Sunnfjord sitt sonelag, gutar 14 år. At Førde er soneklubb betyr at dei har ansvar for spelarutvikling i Sunnfjord. – Ein landslagsspelar kan like godt kome frå Hyllestad som frå Førde. Vår jobb er å fange inn talent frå små klubbar, hjelpe dei med å utvikle seg og la dei få møte medspelarar på same nivå frå andre klubbar. Vi brukar Førde sitt store fotballmiljø til å gjere spelarane betre, forklarar Taule. Kvart år blir det meldt inn 20-25 spelarar frå klubbar i Sunnfjord til sonesamling, der 16 av dei får spele på sonelaget. Tre gongar i året spelar dei turnering mot sonelaga frå Sogn og Nordfjord. ¬– Då får dei beste frå dei ulike sonene prøve seg mot kvarandre. I år har vi vunne tre av fire kampar. Nordfjord har vi god kontroll på, medan Sogn er vi meir jamne med. Dette varierer frå år til år, men dette kullet har gjort det veldig bra.

Talent er ikkje nok Når dei skal gjere uttak til sonelaga, er det fleire ting dei ser etter. – Vi ser så klart etter ferdigheiter, og at dei er kome langt for aldersnivået sitt, men vel så viktig er haldning og treningsvilje. Talent er ikkje nok, forklarar han, og utdjupar: – Til du når ein viss alder kan du flyte på talentet ditt, men så held det ikkje lenger. Ein må ha heile pakken: vere villig til å trene mykje over lang tid, læringsvillig, audmjuk og forstå at når du er på trening så må du bruke tida der godt. Ein kan ikkje skusle vekk treninga med fjas og tull. Ingen

12 12 FØRDEPATRI

TEN NR. 2 1 2016 2016

er utlært fotballspelar som fjortenåring. Du har også eit stort fortrinn om du klarar å knekke koden for godt lagspel og har skjøna korleis ein kan gjere kvarandre gode.

Må sjå kvar enkelt Sjølv om Taule vektlegg at ein må jobbe seriøst med fotballen for å bli god, framhevar han trivsel og det å bli sett som viktige faktorar. – Mange talent fell i frå fotballen fordi dei ikkje blir sett som enkeltindivid. Om ein alltid blir snakka til som ei gruppe, så føler ikkje spelarane at det angår dei. Du må sjå kvar enkelt spelar og forbetre det han eller ho er god til, og ikkje ha fokus på kva dei ikkje er gode til. Slik tek dei til seg læring og det blir lettare å påverke dei i rett retning. Du må møte dei med positivitet.

Ser lyst på fotballframtida Taule kan fortelje at dei er inne i ein god periode, og at han ser fleire spelarar frå Sunnfjord som kan gjere det godt i framtida om dei vil. – Eg kan ikkje seie med sikkerheit at ein fjortenåring kjem til å hamne i tippeligaen eller på landslaget, det kan ingen, men det er bra nivå for tida. Først når dei nærmar seg tjue kan ein seie sikkert om dei kan gjere det godt. Eg håpar verkeleg at eg ser att nokre av spelarane på høge nivå når dei nærmar seg seniornivå. Det er jo derfor vi held på med dette, for å få nokon av dei opp på eit høgare nivå og konkurrere med dei beste. Det er slett ikkje umogleg at det skjer, avsluttar han.


Lurer du på hva som skjer Lurer du på hva som skjer i fremtiden? i fremtiden?

Revisorer, advokater og konsulenter Deloitte er verdens største av profesjonelle tjenester Revisorer, advokater ogleverandør konsulenter innen revisjon, rådgivning advokattjenester. Vi arbeider for Deloitte er verdens største og leverandør av profesjonelle tjenester internasjonale selskaper og virksomheter innen privat innen revisjon, rådgivning ognorske advokattjenester. Vi arbeider for og offentlig sektor. internasjonale selskaper og norske virksomheter innen privat og offentlig sektor. Gjennom våre regionskontorer er Deloitte å finne på strategiske steder i store av landet. Fra kontorer i Florø, Førde og Gjennom våredeler regionskontorer er våre Deloitte å finne på strategiske Sogndal dekker vi hele fylket i Fra tillegg at vi utfører oppdrag steder i store deler av landet. våretilkontorer i Florø, Førde for og våre klienter uavhengig av geografi Sogndal dekker vi hele fylket i tillegg og til atkontorstruktur. vi utfører oppdrag for våre klienter uavhengig av geografi og kontorstruktur. Kontakt oss gjerne for en uforpliktende samtale: Hans Jørgen Tlf: uforpliktende 958 19 044 samtale: Kontakt oss Kirkeeide gjerne for en Rune Jørgen Norstrand Olsen Tlf: Tlf: 958 952 19 48 044 004 Hans Kirkeeide Leif Kilnes Tlf: 952 952 48 41 004 942 Rune Norstrand Olsen Tlf: KnutKilnes Midtun Tlf: 952 958 41 12 942 380 Leif Tlf: GunnMidtun Irene S. Bruheim Tlf: Tlf: 958 971 12 42 380 491 Knut Gunn Irene S. Bruheim Tlf: 971 42 491 www.deloitte.no www.deloitte.no

DOLLY.NO

04440

Etter fotballkampen smakar det godt med ein rykande fersk Dollypizza! Hyggeleg restaurant Stort leikerom Utkøyring - der du er!

© 2014 Deloitte AS

Opningstider: Mån.-tor. 12-22, fre.-laur. 12-23, søn. 13-22

© 2014 Deloitte AS

frå

2,0%

nominell rente*

Ung på bustadjakt? Å kjøpe bustad kan vere både spennande, skummelt, skremmande og moro på ein gong. Med Førsteheimslån og Bustadlån Ung gir vi deg under 34 ein trygg økonomisk start som huseigar. Usikker på kor du skal starte for å nå bustaddraumen? Rådgjevarane våre står klar til å hjelpe deg!

Sjekk ut ssf.no/blu eller ring 57 82 97 00

*Effektiv rente frå 2,07%

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

13


Velkomen til Sparebanken Sogn og Fjordane Førde Cup 2016 Vi vil med dette ønskje alle fotballvener velkomne til den 20. utgåva av Førde Cup. Vi har altså 20 års jubileum – og då er det tid for å memorere korleis det heile starta.

I 1997 var Førde-huset ferdig utbygd med 3 hallar/3 baner. Dåverande leiar av ungdomsgruppa i fotballgruppa, Aage Aasen, fekk ideen om å utnytte potensialet som denne utbygginga medførte ved å starte ein innandørs cup. Han fekk med seg ein ivrig komité beståande av Rune Tysse, Magnar Kårstad, Tom Farsund, Sveinung Nordtveit, Tormod Flatebø, Anne Karin Tveit og Henrik Arne Losnegaard. (Dei to sistnemnde vart med i 1998). Dermed var Førde cup, innandørs ein realitet. I november 1997 stilte 57 lag, i aldersgruppene 13 – 16 år, jenter og gutar – til ein vellykka premiere på parketten i Førde-huset. Talet på deltakande lag var stigande i åra som kom. I 2003 vart cupen utvida med juniorklassar – og toppåret var. I 2008 då heile 140 lag var med. Då var cupen fullteikna, og vel så det. I alle desse tjue åra har Bergsøy IL, delteke med ein stor kontingent – så ein ekstra applaus for Dykk! Vi har i år 126 påmelde lag til turneringa, og det tyder at turneringa så å seie er fullteikna.

14 14 FØRDEPATRI

TEN NR. 2 1 2016 2016

Vi trur at når så mange vil vere med så er det fordi de tykkjer det er kjekt å delta og likar konseptet vårt. Vi trur at eit kompakt arrangement med nærleik mellom turneringsarena og overnattingsplassar, kulturtilbod og handel er noko som gjer turneringa attraktiv. Vi ønskjer at de legg merke til at turneringa ber namnet til vår hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Sogn og Fjordane. For oss er det avgjerande å ha ein slik solid samfunnsaktør i ryggen, og vi håpar de brukar både dei og alle våre andre gode sponsorar i løpet av helga og elles om de har høve til det. Fair Play er eit sentralt omgrep i idretten, og for oss i Førde IL Fotball. Trenarar, leiarar, utøvarar og foreldre skal ta vare på medspelarar og motspelarar, unngå stygt spel og filming og skape tryggleik og god lagand. Hugs dette i alt de gjer denne helga! I tillegg ønskjer vi at de brukar helga godt til å kose dykk, og til å skaffe dykk nye vener, kontaktar og impulsar. Vi oppfordrar dykk til å bruke alle tilboda i Førde i løpet av helga, både med symjing, kino og diskotek. Butikkane i

Førde er også klare til å ta i mot dykk med opne armar! Når de står utanfor Førdehuset og ser over elva vil de på motsett side sjå Hafstadparken som no er ferdigstilt. Vi har no snart fullført fjerde sesong med bruk av banene der. Det har gitt oss i Førde eit stort løft i forhold til treningsareal. I år har vi faktisk hatt om lag 125 lag med i seriesystemet. Arbeidet med nytt klubbhus som ligg sentralt i parken vart fullført sist år. I det nye klubbhuset disponerer vi om lag 1000 kvadratmeter. Dette arealet blir nytta til garderobar, kantine, møteplassar og kontorlandskap. Med desse fasilitetane på plass vil treningskvardagen og kampsesongen bli mykje lettare å handtere, både for spelarar og trenarar. I tillegg vil parken bestå av mykje grasareal, som innbyr både til fotball og mykje anna, samt til dømes joggeløyper, skatepark, BMXbane, hoppbakke K7! og sandvolleyballbaner og mykje meir. Vi gledar oss til dette er klart, og håpar at de også vil vurdere å bli med på framtidige utandørsturneringar i Førde i sommarhalvåret.


Førdecup utandørs, for aldersgruppene 10-19 år vil nemleg bli sparka i gang i tida 22. – 25. juni 2017. Nemnast må også at speleunderlaget i Førdehuset er heilt nytt, og stettar alle krav i høve høg funksjonalitet. (t.d til landskampar i handball), og ikkje minst er det eit prima underlag/dekke til Førde-cup! Med dette vil styret i Sparebanken Sogn og Fjordane Førde Cup ønskje alle hjarteleg velkomne og lykke til med jubileumsturneringa. Styret i jubileumsåret består av: Anne Bergitte Seljeseth, Tor Starheim, Anders Skreien, Mariann Njøsen, Per Øyvind Storevik, Anita Solsvik Skilbrei, Svein P. Rundereim, Tone Lin Støfring Skovro og Odd Hagen. Vi håpar alle vil få hyggelege fotballdagar! Hugs Førde Cup Innandørs 2017 vil gå av stablen 10.–12. november . God turnering! På vegne av Førde-cup styret Odd Hagen turneringsleiar

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

15


Billån på timen! Kjøpe bil, ny eller brukt? • Lån inntil 100 % av kjøpesummen* • Du kan få inntil 10 års nedbetalingstid

Sjekk ut ssf.no/blu eller ring 57 82 97 00

Vi Følgjer med - gjer det du òg! Vi med Vi Følgjer Følgjer med VI FØLGJER MED det du òg! - GJER DET ÒG! - gjer gjer det duDU òg!

Vi Følgjer med - gjer det du òg!

Nett Mobil Avis Mobil Nett Avis Nett Avis Mobil

16

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016 2015


FARSUND FLIS VI HAR LEVERT ALT AV FLIS TIL GARDEROBAR OG FELLESAREAL PÅ DET NYE FIL-HUSET

Vi er størst på flis i Sogn og Fjordane og sel flis, både til privatkundar, proffar og offentlege bygg

Velkommen innom for ein hyggeleg handel

Ope: Mån–fre Torsdag Laurdag

7.30–16.30 7.30–18.00 9.30–14.00

Pb. 111, 6801 Førde – tlf. 57 72 18 00 - www.farsundflis.no - post@farsundflis.no

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

17


Eit brennande ønske om å heve kvaliteten på Førde sine keeperar og gje dei meistringskjensle på bana er bakgrunnen for keeperakademiet ”Siste skanse”.

Prosjekt siste skanse I Hafstadparken nærmar gradestokken seg null denne kvelden, men det stoppar ikkje gjengen med keeperhanskar som spring sikk sakk mellom kjeglene på bana. Trenarane ropar kva dei skal gjere – og ikkje gjere – og sluntrar dei unna blir det ein ekstra armeheving eller to. Likevel skimtar ein både smil og iver blant dei som forhåpentlegvis skal bli dei beste keeperane Førde har hatt. – Det er kjekt å sjå at dei er så ivrige på trening og at det er god stemning i gruppa, seier Per Arne Nygård, som er trenar for akademiet saman med Geir Nedrebø og Harald Bahus. To gonger i veka gir dei keeperane i ungdomsgruppa ei ekstra oppfølging. Tilbodet har dei sjølv tatt initiativ til, og dei brukar gjerne fritida si på det dei meiner er eit viktig tiltak for å utvikle Førde-fotballen. Nedrebø har bakgrunn som habil keeper for mellom anna Jølster og Førde, medan Bahus og Nygård har lang erfaring som keepertrenarar.

Trengte ei utvikling – Det er så enkelt som at vi ønsker å skape dei beste keeperane i Førde. Vi såg at dei trengte ei utvikling og begynte å jobbe for å få på plass eit keeperakademi, seier Bahus. Våren 2016 var tilbodet klart, og alle keeperane i ungdomsgruppa med ønske om å bli betre kunne stille. I dag er det 12-14 personar mellom 13 og 15 år som nyttar seg av tilbodet. – Dei jobbar mykje med teknikk, styrke,

18 18 FØRDEPATRI

TEN NR. 2 1 2016 2016

kjerne og kondisjon på trening. Saman med god konsentrasjon er dette viktige faktorar for å bli ein god keeper, forklarar trenarane medan dei unge keeperane tek sit-ups på bakken.

Vil ha jentene med Framover ønsker dei seg fleire jenter med på akademiet. – Vi vil at fleire jenter skal stå i mål og kjem til å sette i verk konkrete tiltak for å motivere til dette. Blant anna vil vi arrangere eigne keepertreningar og samlingar for jenter, seier Nygård. Også barnegruppa vil nyte godt av tilbodet. – Vi kjem til å arrangere nokre samlingar på laurdagar for keeperar i barnegruppa. Dette for å gi dei og trenerane nokre grunnsteinar å bygge vidare på i forhold til trening av unge keeperar, seier trenarane. Dei har alle god tru på satsinga. – Vi ser at dei unge keeperane vil dette og merkar at dei høyrer etter på trening. At lysta til å bli god er der og at dei er villige til å trene masse, er veldig viktig. Når dei opplever meistringskjensle på bana og at ”dette får eg til” er det med på å gi dei sjølvtillit og motivasjon til å fortsette. Eg trur at keeperakademiet kan vere med på å heve kvaliteten i klubben, og at det på sikt vil resultere i keeperar frå Førde på eit høgare nivå, avsluttar Nygård.

– Treninga er avgjerande for å nå eit høgt nivå Robert Nigardsøy Ljøsne er 15 år og ein av dei som nyttar seg av ekstratreningane til keeperakademiet. – Det var i 6. klasse at eg oppdaga at eg likte å stå i mål, og at eg kunne bli ein god keeper. Eg har alltid trena litt ekstra, men eg vart veldig glad då eg fekk tilbodet om akademiet og ekstra oppfølging der. Eg har lyst til å satse og bli ein skikkeleg god keeper, og då er det nyttig med trening som er spissa mot keeper. Ljøsne spelar allereie for 4.divisjonslaget til Førde og har delteke på A- laget sine treningar. Han ser på akademiet som eit steg på vegen mot å spele fotball på eit endå høgare nivå. – Eg drøymer om tippeligaen, og kanskje høgare nivå enn det. Då er denne treninga avgjerande for å nå måla mine. Trenarane er strenge, men heldigvis er dei blide òg. Det er veldig flott at dei satsar på oss keeperane.


FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

19


Dersom tillegg skal vere Dersom bilkøyring bilkøyring i itillegg skal vere eieipositiv ogtrygg tryggoppleving oppleving skal køyre positiv og skal du du køyre bil bil frå Frydenbø Bilsenter Førde. frå Frydenbø Bilsenter Førde.

Rein Design

Dersom bilkøyring berre handlar om å komme seg frå eitt punkt berre til eithandlar anna, spelar det inga Dersom bilkøyring om å komme seg frå eitt punkt til eit anna, spelar det inga rolle kva bil du køyrer. rolle kva bil du køyrer.

kvalitetsfokus

Til beste for deg Puls er eit topp moderne treningssenter og har nytta store ressursar på detaljar, for å gje deg den best mogelege treningsopplevinga:

ventilasjon

Moderne ventilasjonsanlegg med mogelegheit for kjøling. Dette anlegget byter ut all luft i heile senteret fleire gongar i timen, og regulerer temperatur og luftfuktighet. Dette skaper eit godt inneklima for dei som nyttar senteret.

lys Vi som gjergjer at du den opplevinga. Vi har harmodellane modellane som atfår duakkurat får akkurat den opplevinga. Frydenbø Bilsenter Førde er forhandlar av Volvo og og Frydenbø Bilsenter Førde er forhandlar av Volvo Vi har modellane som gjer at du får akkurat den opplevinga.

STOLT SPONSOR AV FOTBALLEN I FØRDE. STOLT SPONSOR AV FOTBALLEN I FØRDE

Frydenbø Bilsenter Førde er forhandlar av Volvo og Renault.

I tillegg til god og riktig el-belysning, er det lagt vekt på å ta inn dagslys i senteret. Ved å nytte store vindauger utvidar ein romma visuelt, og bryt ned skillet mellom inne og ute. Rikeleg med lys gjev også energi og velvære.

akustikkplater i taket

Det er nytta himling av plater kalla Treullit Akustikk Ultrafin. Desse platene er laga av treull (høvla spon) og er 100% naturlege. Treullit har svært gode lydabsorberande eigenskapar, som reduserer støy og skapar god akustikk i romma.

Frydenbø Bilsenter Førde tlf. 57 83 72 00 www.frydenbo.no

spilekledning

FØRDE VULK - din lokale dekkleverandør

Spilekledning på veggane er skråskjært og montert i ein viss avstand for å dempe lyd. Det er og med på å jamne ut svingningar i luftfuktighet, då tre tek opp, og gjev frå seg fukt. Bruk av trespiler gjev ei kjensle av tilknytning til naturen.

gummigolv

Det er brukt gummigolv for å dempe trinnlyd internt og eksternt. Gummigolv er mjukare og varmare enn tradisjonelle golv, og ekstremt slitesterke.

DEKKHOTELL

sportsgolv

Vi tar vare på dekka dine

Nyheit ! Bestill time til dekkskift på vår nettside.

Sportsgolvet i aerobicsalen, Boen Actiflex Stadium, har særs gode støt- og lyddempande eigenskapar. Under golvet ligg eit spesialtilpassa skumlag som syter for optimal støtdemping.

Ta kontakt for å prøve oss gratis!

- Hjulskifte - Dekksjekk

Tren es å p Førd

OG NYASTE ERNE OD MEST M TER N SE

- Vask av dekk og felg - Sikker oppbevaring - Forsikring

20

BESØKS ADRESSE

TELEFON & FAX

WEB & MAIL

Halbrendsøyra 9 6800 Førde

Tlf: 578 30 800 Fax: 578 30 801

firmapost@fordevulk.com www.fordevulk.com

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

www.pulsforde.no


OVER

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

ALLTID PÅ HEIMEBANE!

45

BUTIKKAR

Vi støttar FIL-Fotball 10-20 (18) AMFI.NO/FORDE

Totalleverandør av

automatikk løsninger

Nordfjordeid Førde Lillehammer

Bygg automasjon • Vann- og avløps automasjon • Maritim automasjon

WEB BASERT DRIFTSKONTROLL

NORMATIC AS Postboks 132, 6771 Nordfjordeid Telefon 57 86 48 50 • Fax: 57 86 48 70 E-post: post@normatic.no • www.normatic.no

ID R B Y H S I YAR ACTIVE Se og fety Sens Toyota Sa i prisen tan tillegg u l ju rh te asjon vin ir og navig tg a m to u A rd er standa år* te tren i 3 1 ,95% fas

Yaris Hybrid Active S frå 221 600,- inkl. vinterhjul*

Privatleige 1.878,-**

*Inkl. frakt, lev. og reg.kostn. lev. Førde. Årsavgift kjem i tillegg. ** Renta er subsidiert i 3 år for deretter å bli justert til normal salsrente. Billån: Betingar 2.917,-, totalt 168 238,-. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: YARIS HYBRID frå 0,33 l/mil, 75 g/km, 6 mg/km. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr. Vi tek atterhald om trykkfeil.

Steinavegen 10, 6800 Førde Tlf. 57 72 10 00, www.toyota-forde.no Måndag–fredag 8-16, laurdag 10-13

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

21


Vi støttar Førde-fotballen som har totalt 122 lag i år!

Postboks 506, 6803 Førde Tlf. 57 72 38 50 | www.aasen-ovrelid.no

Billegbutikken med supermarknadsutval Coop - litt ditt. Kjøpeutbytte på alt du handlar. Sjå alle fordelar på coop.no/medlem

EXTRA LÅGE PRISAR Florø - Førde - Naustdal Sogndal - Øvre Årdal - Høyanger

Din lokale kraftleverandør av

FORNYBAR ENERGI

Natur – til nytte og glede

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

22

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

www.sunnfjordenergi.no


ANNONSE

Enivest koplar opp nær 2000 fiberkundar årleg. I Førde, Jølster og på Sande blir det no bygt ut fleire fiberfelt.

FOTO: JOSTEIN VEDVIK

Fiber for framtida Heilt sidan 2001 har Enivest jobba for at flest mogleg i fylket vårt skal få høghastigheitsinternett. – Det er ikkje lett, men det er verdt det, seier nettsjefen. – Samfunnet er inne i eit teknologiskifte som krev fornying av infrastruktur. Fiber blir viktigare og viktigare for folk og bedrifter, seier Roger Saugestad, nettsjef i Enivest. Dei fleste i dag har internett via kopparkabel, men stadig fleire får fiber. – Vi koplar opp mellom 1000 og 2000 nye fiberkundar årleg. Dei siste to åra har vi bygd ut fiber på forskjellige stadar i 14 kommunar i fylket, frå Hornindal i nordaust, til Solund i sørvest. I området Førde, Sande og Jølster er vi i gong med fleire utbyggingar (sjå faktaboks). I år har Enivest ført ut fiber så langt vest som råd, på Værlandet. Å byggje infrastruktur i Sogn og Fjordane er ei krevjande oppgåve, enten ein snakkar om veg eller teknologi. – Vi har jobba med ei utbygging i Ytre Sula i særs krevjande topografi, smiler han.

Grendafiber – Vi har bygd ut fiber mange stader der vi knapt trudde det var mogleg å få til. Vi får det til fordi Enivest går i spleiselag med kommunar og bygdefolk, fortel Saugestad. Konseptet heiter Grendafiber. Det handlar om å tenkje utradisjonelt og smart for å få lagt fram fiber til stader som elles ikkje kan få. Staten har eit minstemål for kva som er godt nok internett. Om ein har det, då får ein ikkje tilskot. – Problemet er at minstemålet held til småsurfing, men ikkje meir, fortel Saugestad. Enivest har bygd ut mange felt dei siste åra, der finansieringa har vore ei blanding av kommunale bidrag og bidrag frå Enivest, samt dugnad frå innbyggjarane. Desse stadane får ikkje tilskot og må difor tenkje annleis. – Det meste kan løysast teknisk, men det handlar om kostnad. Om ein er kreativ, lagar gode løysingar og samarbeider, då får ein det til, seier Roger.

Samfunnsansvar – Det viktigaste vi gjer er å legge til rette for at folk og bedrifter får tilgang til fiber. Ein klarer seg ikkje utan stabilt og raskt inter-

nett i 2016, slår nettsjefen fast. Enivest meiner at fiberutbygginga kan sikre busetting i distrikta, og at det gjev høve til å nå ut internasjonalt. – Fiber er viktig for at lokalt næringsliv skal få vekse og utvikle seg. Har du ein god ide du vil jobbe fram, gjer du det like gjerne frå ei grend i Sogn og Fjordane som frå Oslo. Det sit mange kloke hovud rundt i fylket vårt, avsluttar Saugestad. Enivest har 42 tilsette og er eigd av mellom anna kommunar og energiselskap. Ein stor del av omsetnad og overskot går difor attende til kommunar, blant anna til sponsing av lokale kultur- og idrettslag.

Nett no

Våre neste prosjekt: • FØRDE

Bruland, Holsen og Stakaldefoss. • SANDE

Skilbrei, Bygstad (Sande er under utbygging) • JØLSTER

Stardalen, Klakegg, Skrede/ Fossheim og Førs.

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

23


Vi støttar Førdefotballen! Sjøsanden Eigedom AS

www.rikoforde.no

FØRDE

Advokatfirmaet Blikra, Slotterøy og Fonn

Øyrane 4

Handelshuset - Tlf. 57 72 05 80

Døskeland Marine Angedalsvegen 59

Førde Elektro og Rør AS 16 FørdeFirdavegen Elektro 6800 Førde og Rør AS

Firdavegen 57 72 16 39 90 Telefon: Telefaks: 57 72 39 99 6800 Førde www.fordeelektro.no 57 72 39 90 Telefon:

Telefaks: 57 72 39 99 www.fordeelektro.no

Vie Senter

Utleie - maskiner og utstyr

Tlf: 57 82 70 00

www.ramirent.no

AVD. FØRDE


Anleggsgartner

Baarøy AS

F

R

R

Firda Revisjon & Rådgivning AS

www.fordecamping.no Tlf. 468 06 000

FØRDE


Vegen mot eigen bustad Å kjøpe din aller første bustad er ein stor og viktig milepæl i livet. Det kan vere vanskeleg å vurdere kor mykje du er villig til å betale, og kanskje må du gå med på at kjøkkenet er mindre enn du skulle ønskje. Kanskje får du ikkje vaskerom, og kanskje får du ikkje kjøpt leilegheit i det området du helst ønskjer. Men ein ting er kva ein ønskjer seg, noko heilt anna er faktisk å kome seg inn på bustadmarknaden. Her får du våre tips på vegen mot din første bustad. SPARING TIL EIGENKAPITAL Det er lurt å starte sparing til bustad så tidleg som mogleg. Eit enkelt tiltak er å sette opp eit fast sparetrekk i nettbanken slik at det går eit fast beløp frå brukskonto til BSU den dagen stipendet eller lønna kjem inn på konto. Å bli meir bevisst på pengebruk i kvardagen kan vere ein god måte å sikre seg meir eigenkapital. Til dømes kan du sjekke om du kan få rimelegare telefon-, straum- og internettavtalar. Kontroller impulskjøpa, lag middagsplan og handleliste, innfør shoppestopp, dropp dyre helgeturar og set opp eit budsjett på forbruket. LÅNESØKNAD Finansieringa bør vere i orden før du går på visning og blir med i ein bodrunde. I ein lånesøknad vil banken vurdere kor mykje inntekt du har og kva evne du har til å handtere lånet, kor mykje eigenkapital du har og kva forhold du har til økonomi til dømes ved å vise vilje til sparing. Gjennom ein kjøpsprosess er det også lurt å ha god dialog med banken for best mogleg rådgjeving. KJØPEPROSESSEN OG VISNING Det viktigaste verktøyet i bustadjakta er salsoppgåva og alle vedlegga. Den bør du lese gjennom FØR visning, og du kan enkelt bestille den på nettet, eller stikke innom meklarkontoret. Salsoppgåva gir viktig informasjon som til dømes kva som følgjer med av kvitevarer, kor gamle vindauga er og korleis isolasjonen er utført, om det har vore problem med fukt og om røyrsystema er oppgraderte. Ikkje la deg blende av nymåla

veggar og overflater. Kjenner du ein elektrikar eller snikkar, kan det vere lurt å ta han eller ho med på visninga. Badet bør du sjekke ekstra nøye på visning. Er det god nok helling i dusjen, er det ekstra sluk ved varmtvasstanken, er det eige avtrekk? Hugs at meklaren er til for å brukast, så still spørsmål. Og ikkje minst; spør deg sjølv: Er dette ein plass du kan tenke deg å bu? Er standarden noko du er villig til å betale for og eventuelt gjere oppgraderingar på? Når du har funne ei leilegheit du vil legge inn bod på, er det lurt å sette seg ei maksgrense i bodrunden og halde seg til den. Ikkje delta i fleire bodrunder samtidig! Då risikerer du å ende opp med tilslaget på to leilegheiter og dei økonomiske konsekvensane det inneber. Eit alternativ for deg som har mista motet av dyre bodrundar, eller ikkje vil kjøpe brukt, er å halde utkikk etter nye byggjeprosjekt. Fordelen er at du har ein fastpris, du får lågare dokumentavgift og gjerne moglegheit til å påverke innhaldet. Ulempa er at det er gjerne ei stund fram i tid til byggjeprosjektet er ferdig og det kan dukke opp uføresette ting. FORSIKRING Når du endeleg har vunne bodrunden og fått tak i draumeleilegheita, er det lurt å hugse på at den også må forsikrast mot framtidige tap ved skade eller uhell. Det mest grunnleggande er innbu-, bustad- og personforsikring, men behovet for forsikring er individuelt, ta derfor kontakt med ein rådgjevar for å finne den løysinga som passar deg best.

Hos oss får du alt på ein stad; Økonomisk rådgjeving, eigedomsmekling og forsikring

ssf.no

26

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016


Hotellet for dei

gode opplevingane! • Kurs og møter • Lokalmat på menyen • Kunst og kultur • Blåtur og kick-off • Bryllup og jubileum • Avslapping, velvære og SPA

Storehagen 2, 6800 Førde - tlf. 57 83 40 00 www.scandichotels.no

Vi har lokale spesialitetar, ferdigmat, fruktbar, salatbar og butikkbakeri!

NB! Nye opningstider:

7-23

www.spar.no

(9-20)

HANDELSHUSET

FØRDEPATRI TEN NR. 2 2016

27


Klar for 2. div! Damelaget starta sesongen med nytt trenarteam og blanke ark. Haldensaren John Erik Strøm takka ja til vervet som hovudtrenar og fekk ringreven Bente Hermansen med seg som assistent. Bente gjekk etter kvart over til å bli spelande assistent, med stort hell. Denne duoen har sakte men sikkert utvikla eit miljø og ein treningskvardag som mange spelarar vil ta del i og motiverast av. Både i antal og kvalitet har damelaget framstått som ein solid einheit og representert Førde på ein positiv måte. Damelaget har vært på øvre halvdel av tabellen heile vegen og sikra opprykk i siste kamp på ein svært dramatisk måte. Marianne Undertuns utligning mot Høyang var bortimot kampens siste spark på bal-

len og sendte laget til tabelltopp og opprykk. Ekstra gledeleg er det å sjå at damelaget har fått den støtten de fortjener frå publikum undervegs, og det har til tider vært svært god stemning i Hafstadparken på heimekampane. Tida som kjem blir spennende for damelaget. Opprykk skaper optimisme og gir ein ny arena for spelarane å vise seg frem på. Opprykk skaper også nye forventninger og krav til klubben, spelarane og støtteapparatet. Den utfordringen ønskjer vi å ta og har starta førebuingane inn mot 2017 med masse pågangsmot og glede.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.