Feriemagasinet 2015

Page 1

FJORDANE REISEBYRÅ

FERIE magasinet 2015

Travelnet Fjordane Reisebyrå

1


FJORDANE REISEBYRÅ

Ditt sikraste val! FØRDE

FØRDE Frå venstre: Aud M. Støfring Gro Anita Ratvik Anne Oline F. Gullaksen Solfrid Vie Pettersen Ingunn Herstad Jorunn Vågen

Hovudkontor Førde tlf. 57 72 50 70 | fax 57 72 50 71 fjordane@travelnet.no Du finn oss i Rutebilstasjonen i Førde. Velkommen inn!

SANDANE

Avdelingskontor Sandane tlf. 57 72 50 90 | fax 57 72 50 91 sandane@travelnet.no

SANDANE Frå venstre: Marianne Ryssdal Sæther Svein Ryssdalsnes Solbjørg Kirkeeide

Du finn oss i Rutebilstasjonen på Sandane. Velkommen inn!

SOGNDAL

Avdelingskontor Sogndal tlf. 57 72 57 50 | fax 57 72 57 51 sogndal@travelnet.no Du finn oss i Skysstasjonen i Sogndal. Velkommen inn!

BRINGELAND

Flyplassen Bringeland tlf. 57 71 81 50 | fax 57 71 81 51 forde@wideroe.no Held til i Widerøe sine lokale på flyplassen på Bringeland.

Utgjevar: TRAVELNET Fjordane Reisebyrå Ansvarleg redaktør: Anne Oline F. Gullaksen Opplag: 35.000 | Grafisk utforming: findriv.no Trykk: Lasertrykk

2

FERIEmagasinet 2015

SOGNDAL Frå venstre: Jorunn Lerum Westli Kjetil Bakken

BRINGELAND Frå venstre bak: Edvard Tefre Åge Romarheim Arve Svalheim Vincent Yndestad Cathrine Scheflo Frå venstre framme: Arild Vindheim Kjell Ove Kusslid Monica Øvretvedt Agnete Smelvær

REISEVILKÅR FOR TURANE TIL TRAVELNET FJORDANE REISEBYRÅ For alle turane til Travelnet Fjordane Reisebyrå gjeld særskilde vilkår, mellom anna vilkår for innbetaling av turpris, refusjon ved avbod osv. Likeeins har vi som turoperatør reglar og forpliktingar overfor turdeltakarane. Desse reisevilkåra vert utsendt saman med stadfesting for tinga tur etter at vi har motteke påmeldinga di.


tema

innland 4

2014 Julemarknad på Oset Høgfjellshotell BUSS | 26.-28. NOVEMBER | 3 DAGAR

15

5

2015 Rørosmartnan BUSS | 16.-19. FEBRUAR | 4 DAGAR

6 6 5

Vårtur med Hurtigruten

16 20 19 17

BÅT | 13.-24. APRIL | 12 DAGAR

Flor og Fjære med Hageselskapet BUSS | 11.-14. JUNI | 4 DAGAR

Svalbard med Rutebilhistoriskforeinig FLY | 22.-26. JUNI | 5 DAGAR

utland 4

2014 Krakow med julemarked BUSS | 25.-29. NOVEMBER | 5 DAGAR

7

2015

8 8 3 9 9

Vårtur til Malta

10 10 12 13 11 14 11

Madeira - med Gro Haga FLY | 13.-20. APRIL | 8 DAGAR FLY | 11.-18. APRIL | 8 DAGAR

Dubrovnik - Cavtat FLY | 2.-9. MAI | 8 DAGAR

Blåtur i Scandinavia FLY | 1.-3. MAI | 3 DAGAR

Busstur til Paris med Moseldalen BUSS | 10.-20. SEPTEMBER | 11 DAGAR

Albania FLY | SEPTEMBER | 8 DAGAR

aktivitet Opplev Cinque Terre

FLY/FOT | 9.-15. MAI | 7 DAGAR

Lindisfarne, i pilgrimars fotspor FLY/FOT | 7.-14. JULI | 8 DAGAR

Vandring i Alpane

FLY/FOT | 30. JULI-6. AUGUST | 8 DAGAR

Mat, vin og vandring i Piemonte

FLY | 30. AUGUST-6. SEPTEMBER | 8 DAGAR

Amalfi-kysten, Pompeii og Capri FLY | 3.-8. MAI | 5 DAGAR

Kina med Sunnfjord Folkehøgskule og Leon FLY | OKTOBER | 9 DAGAR

Explorer reise med Fram – Hurtigruten BÅT | 2.-13. JUNI | 12 DAGAR

Orknøyane med Dag Lindebjerg FLY | JULI | 8 DAGAR

Færøyane med Dag Lindebjerg FLY | 6.-10. AUGUST | 5 DAGAR

Myanmar FLY | OKTOBER | 12 DAGAR

Ut på tur! Eg er stolt av å vise fram det nye reisemagasinet vårt og håpar den nye utforminga av turpresentasjonen fell i smak. Vi ønskjer å presentere turane i eit lekkert magasin som du kan ta vare på og kose deg med i mørke haust- og vinterkveldar - medan du drøymer deg vekk til spennande reisemål. Turprogrammet for 2015 er variert med turar for einkvar smak. Aktivitetsturane har ein brei plass i programmet vårt. Noko som samsvarar med den trenden som er i dagens reiseliv. Mange ønskjer eit turopplegg der dei sjølve deltek. Vi har difor lagt opp til vandreturar til både Italia, Portugal, England og Austerrike. Valet er ditt – om du vil vere med på lett vandring i låglandet eller ein tyngre tur i vakre Alpelandskap. Elles tilbyr vi opplevingsrike tematurar til eksotiske reisemål som Myanmar(Burma), Grønland, Vesterhavsøyane, Kina og Svalbard. Og innanlandsturar med både buss og båt der eg spesielt vil nemne vinterturen til Rørosmartnan som var ei stor oppleving for dei som var med på denne turen sist vinter. Kos deg med lesnaden! Vi ser fram til å høyre frå deg med spørsmål, synspunkt og sjølvsagt påmelding! Ny Ferieavis med meir informasjon og nye turar kjem som vanleg i januar!

Treningsreise til Venezia

FLY | 19.-26. SEPTEMBER | 8 DAGAR

Anne Oline F. Gullaksen

Vandrecruise i Dourodalen

BÅT/FOT | 21.-28. SEPTEMBER | 8 DAGAR

Travelnet Fjordane Reisebyrå

3


Julemarknad DU TRENG EIN VITAMINPILLE I MØRKETIDA

Oset Høyfjellshotell

Krakow

Julebordstur til Oset Høyfjellshotell. Ei lun og avslappa atmosfære møter deg når du kjem til Oset Høyfjellshotell. Hotellet sitt slagord seier «Kom til Oset og ver deg sjølv». Dette skal du få oppleve når du er med oss på julebordstur til hotellet på Golfjellet. Då står raushet og omsorg i fokus. Du vil oppleve ein ekte og oppriktig service, gode matopplevingar frå bugnande julebord, eit allsidig aktivitetsprogram, kjempefin dansemusikk og det gode sosiale samhaldet som kjenneteiknar fellesturane til Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Treng du eit avbrot i ein litt lang og mørk novembermånad? Ver med oss på ein herleg 5-dagarstur til Krakow, denne utruleg vakre byen i Polen som stadig vert eit meir og meir populært reisemål. Utflukter som kvar på sin måte vil gje deg minner for livet – Auschwitz og Birkenau med si grusome historie og saltgruvene med sine vakre utsmykningane 135 meter under bakken. Når du i tillegg får høve til å gjere deg ferdig med julehandelen på det fargerike og travle julemarkedet i byen, seier det seg sjølv at dette er ein tur du skal vere med på!

REISEFAKTA

REISEFAKTA

Turpris...............kr 4.490,Tillegg enkeltr...kr 400,Antal dagar.......... 3 Avreisedato.......... 26/11 2014 Returdato.............. 28/11 2014 4

FERIEmagasinet 2015

Irekna i turpris: Turbuss frå Firda Billag | Ferjer | 2 overnatting i dobbeltrom | 2 frukost, 3 lunsj, 2 middag| Program | Turleiar.

Turpris...............kr 4.900,Tillegg enkeltr...kr 1.000,Antal dagar.......... 5 Avreisedato.......... 25/11 2014 Returdato.............. 29/11 2014

Irekna i turpris: Fly t/r Bergen-Krakow | 4 hotell overnattingar | Transfer til/ frå hotell | Frukost alle dagar, 1 lunsj, 2 middager | Utflukter etter program | Reiseleiar Tore Storkås.


Rørosmartnan Den første Rørosmartnan vart halden i 1854. Ein kongeleg resolusjon frå 1853 seier følgjande: «Fra 1854 av skal der i Røros avholdes et marked der begynder næst siste tirsdag i februar måned». I 2014, 160 år seinare, hadde Travelnet Fjordane Reisebyrå endeleg sin første gruppetur til denne populære marknaden. Denne turen vart ein suksess og vi er glade for at vi kan tilby ny tur i 2015. Ver med til Rørosmartnan saman med Travelnet Fjordane Reisebyrå på nyåret i 2015! Ein tur med mykje moro, mange opplevingar og mykje triveleg sosialt fellesskap!

REISEFAKTA

Turpris: ............. kr 7.945,Tillegg enkeltr... kr 2.100,Antal dagar........... 4 Avreisedato........... 16/2 2015 Returdato............... 19/2 2015

Foto: Finn Nilsen

MED RUTEBILHISTORISK FOREINING TIL

Svalbard Ei arktisk perle der isbjørnen er konge. Svalbard ligg midt mellom Nordkapp og Nordpolen og er verdas nordlegaste tilgjengelige destinasjon. Og den mest eksotiske, meinar mange. Ei øygruppe der det bur fleire isbjørnar enn menneske.

Irekna i turpris: Turbuss frå Firda Billag | Ev. ferje- og bomutgifter | 3 overnatting i dobbeltrom | 3 frukost, 2 lunsj, 3 middag | Guida tur på Røros | Inngangsbillett i Martnadshallen | Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå | Valfri tilleggsaktivitet: kanefart kr 350,- pr. person.

REISEFAKTA

Turpris..............................................kr 13.750,Tillegg for enkeltrom................kr 2.400,Antal dagar.................................... 5 Avreisedato.................................... 22/6 2015 Returdato ...................................... 26/6 2015 Irekna i turpris: Fly Bergen/Longyearbyen/Tromsø | Flyskattar og avgifter | 4 netter i dobbeltrom på hotell | 4 frukostar, 2 lunsjar, 3 middagar | Utflukter i samsvar med program | Turleiar Håkon Råheim.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

5


Hagetur

Med oljebyen Stavanger, palmeøya Flor & Fjære og vakre Hardanger. Ver med Hageselskapet, Jostein Kjøsnes og Eva Hagen, på hagetur over Jæren. Vi vitjar mange vakre hagar og får også oppleve den utruleg vakre palmeøya Flor&Fjære. Ein tur med blomstrande opplevingar i tillegg til det gode sosiale samhaldet som det alltid er på ein busstur med gode hagevener. Du treng ikkje vere medlem i Hageselskapet for å vere med.

REISEFAKTA

Turpris........................................................................ kr 6.750,Tillegg for enkeltrom............................................... kr 750,Antal dagar: ............................................................................... 4 Avreisedato: .............................................................................. 11/6 2015 Returdato: .................................................................................. 14/6 2015 Irekna i turpris: Turbuss frå Firda Billag | Ferjer og bom-utgifter | 3 overnatting i dobbeltrom | 3 frukostar, 2 lunsjar, 3 middagar | Utflukt til Flor og Fjære med middag | Hagebesøk på Jæren og i Hardanger | Sjåfør Jostein Kjøsnes | Turleiar Eva Hagen frå Hageselskapet.

Vårtur med hurtigruta M/S Trollfjord 34 hamner, spektakulære fjell og magiske fjordar. Våren er ei herleg tid å oppleve den vakre kysten vår. Sola kjem høgare på himmelen, landskapet vaknar til liv etter ein lang vinter og som ein ekstra bonus er prisen betydeleg rimelegare enn om sommaren! På denne rundreisa med M/S Trollfjord kan du nyte 11 dagar med nye opplevingar, fullpensjon og samvære med gode reisevener. Reiseleiar på turen er Håkon Råheim.

REISEFAKTA

Turpris............................................................kr 13.275,Tillegg for utvendig lugar pr. pers.............kr 2.500,Tillegg for lugar aleine på førespurnad. Antal dagar.................................................................. 12 Avreisedato.................................................................. 13/4 2015 Returdato .................................................................... 24/4 2015 Irekna i turpris: Full rundreise Bergen- Kirkenes- Bergen | Del i inn-vendig dobbel lugar (dekk 4,6 eller 7) | Full pensjon om bord | Reiseleiar med på heile turen.

6

FERIEmagasinet 2015


Blåtur VIL DU HA LITT SPENNING? VER MED OSS PÅ BLÅTUR TIL UKJENT REISEMÅL!

Blomsterfestival på Madeira Den største øya i ei tropisk øy-gruppe med eit herleg subtropisk klima og eit landskap som tek pusten frå deg. Madeira er med rette kjent som “den flytende hagen” eller “Perla i Atlanterhavet”. Øya ligg plassert i Nord-Atlanteren, berre 900 kilometer frå det kontinentale Portugal og omlag 600 kilometer frå kysten til Marokko; med andre ord, ein utpost av Europa i det atlantiske havet.

Tek du sjansen på å melde deg på utan at du veit kvar turen skal gå? Dersom du likar storbyliv med kafe, shopping, utflukter og opplevingar, er dette turen for deg! Organiser ein vennegjeng eller gode kollegaer og reis på tur med oss – ut i det «blå». Eller om du er einsleg og manglar reisefølgje kan du finne gode turvener på ein slik tur. Ta med pass og pengar og møt opp på Flesland 1. mai om morgonen, så tek vi oss av resten. Meld deg på – dette vert moro!

REISEFAKTA

REISEFAKTA

Turpris................................................................... kr 10.750,Tillegg for enkeltrom (avgrensa tal)................. kr 1.995,Antal dagar........................................................................... 8 Avreisedato........................................................................... 13/4 2015 Returdato ............................................................................. 20/4 2015

Turpris........................................................... kr 4.990,Tillegg for enkeltrom.................................. kr 1.000,Antal dagar ................................................................ 3 Avreisedato................................................................. 1/5 2015 Heimreisedato........................................................... 3/5 2015

Irekna i turpris: Flyreise Gardermoen – Madeira tur/retur | Transport flyplass-hotell tur/retur | 7 netter i dobbeltrom på hotell | Byvandring med guide | Utflukt til Nonnenes Dal og Botanisk hage | 7 frukostar og 2 middagar inkl drikke (1/2 fl. vin el. 1øl) | Madeira-aften med middag | Turleiar Gro Haga.

Irekna turpris: Flybilletter | Flyskatt | Transfer frå flyplass til hotell tur/retur | 2 netter i dobbeltrom på hotel | 2 frukost | 1 middag | 1 guida utflukt | Turleiar.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

7


Dubrovnik CAVTAT, EI PERLE VED ADRIATERHAVET

Malta Gruppetur med reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå. Malta er ikkje eit tradisjonelt turistreisemål. Du reiser til Malta for å oppleve noko spesielt, den unike kulturen og alle dei spennande attraksjonane. Malta er reisemålet for den nyfikne turisten som ønskjer å utforske dei godt verna middelalderbyane, riddarborgene, dei mange steinaldertempela, katakombene, musea, parkane, kirkene og sist, men ikkje minst det herlege middelhavsklimaet og det reine, krystallklåre Middelhavet.

REISEFAKTA

Turpris......................................................... kr 9.890,Tillegg for enkeltrom................................ kr 1.000,Antal dagar.............................................................. 8 Avreisedato.............................................................. 11 /4 2015 Returdato ................................................................ 18 /4 2015 Irekna i turpris: Flyreise med Norwegian t/r | Flyskattar og avgifter | 7 netter i dobbeltrom på hotell | Utflukter i samsvar med program | 7 middagar, 4 lunsjar og 7 frukostar | Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

8

FERIEmagasinet 2015

Ver med oss og utforske det vakre Dubrovnik-området i populære Kroatia. På ein odde i Adriaterhavet, omlag 15 km frå Dubrovnik, heilt sør i Kroatia ligg den idylliske og sjarmerande landsbyen Cavtat. I ein pinijeskog med krystallklårt hav på begge sider ligg «vårt» 5-stjerners luksushotell. Her kan du sitje på altanen og nyte eit godt glas vin etter ein herleg dag med utflukter og opplevingar, før du, saman med gode reisevener, blir servert ein spennande og velsmakande middag frå det lokale kjøkken. Utflukter både til lands og til havs, mellom anna til Gamlebyen Dubrovnik, krigsherja Mostar i Bosnia og den vesle republikken Montenegro. Ein populær tur som vi trur vert tidleg fullteikna. Kontakt oss for program.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr 10.990,Tillegg for enkeltrom.........................................kr 2.700,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 2/5 2015 Returdato ........................................................................... 9/5 2015 Irekna i turpris: Flyreise med Norwegian t/r Bergen | Flyskattar og avgifter | 7 netter i dobbeltrom Hotel Croatia | Utflukter i samsvar med program | 7 frukostar, 3 lunsjar og 4 middagar | Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.


Paris og Moseldalen BUSSTUR I EUROPA - OPPLEVINGSRIKT OG SOSIALT! Ver med oss til Storbyen Paris med si spesielle atmosfære og sine kjende attraksjonar, Europa-hovedstaden Brüssel med den praktfulle gamlebyen, Champagne-distriktet med sine bølgjande vinmarker og den idylliske Moseldalen med den rolege elva i dalbotnen og borger som kneiser på åskantane dette er litt av det du får oppleve på denne klassiske bussturen gjennom Europa med Kjell Arnestad som reiseleiar.

Albania

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr 15.890,Tillegg for enkeltrom.........................................kr 2.600,Tillegg for lugar aleine.......................................kr 600,Antal dagar......................................................................... 11 Avreisedato......................................................................... 10/9 2015 Returdato ........................................................................... 20/9 2015 Irekna i turpris: Turbuss frå Firda Billag | Fjord Line Bergen Hirtshals t/ret | 2 overnattingar i delt dbl innvendig lugar | 8 overnattinger i delt dobbeltrom, gode hotell | 10 frokostar, 8 middagar | Guida rundtur i Brussel/Paris | Reiseleiar Kjell Arnestad.

VAKKERT OG UOPPDAGA

– og kanskje det rimelegaste ferielandet i Europa? Her tilbyr vi tur til eit reisemål der masseturismen enno ikkje har gjort sitt inntog. Truleg vil dette skje med raske skritt, og vår tanke er at du skal få sjansen til å oppleve det ekte Albania, før alle andre gjer det. Sør i landet ved det azurblå havet ligg den vakre byen Saranda der vi skal bu delar av turen. Reiseleiar på turen er Laila Bergheim Ommedal som er Albania-entusiast og ønskjer å vise fram sin andre «heimstad». Ein del detaljar står att før programmet er klart, men turen kjem til å gå i september 2015. Meld di interesse, så sender vi informasjon når programmet er klart.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

9


Aktivitet VANDRETURAR

Vandring i Cinque Terre

Lindisfarne

Bli med til Italia og opplev ekte middelhavsmagi på vandretur i Cinque Terre 9.-15. mai 2015. Lette fotturar mellom fem blendande vakre landsbyar, der kulissane undervegs er olivenlundar, vinranker og eit asurblått Middelhav. Nyt italiensk gjestfridom, vin, lokal mat og sosialt fellesskap i seks herlege dagar på den italienske rivieraen. Vi bur under heile opphaldet i småbyen Levanto der livet er «tempo giousto» som italienerne ville sagt det og som betyr å skunde seg langsamt… Ein populær tur - tek du sjansen på å vente med å melde deg på?

Pilgrimsvandring til Lindisfarne i nord-aust England mot grensa til Skottland. Vi er glade for at vi også i 2015 får høve til å setje opp denne turen. Mange frå fjordfylket har vandra saman med oss på St. Suthberts Way til Lindisfarne og hatt gleda av og oppleve den vakre naturen, den avslappa stemninga og det gode sosiale miljøet på ein slik tur. Her kan ein «sleppe verda» og her kan også tankane få vandre - over tusen år attende i tid. Dagsetappane (5 dagar) er på 6-8 timar. Bagasjen vert transportert og turleiaren vår er med på heile turen. Ei oppleving for livet!

REISEFAKTA

REISEFAKTA

Irekna i turprisen: Flyreise Bergen – Milano t/r. | 6 netter i dobbeltrom på Hotel Nazionale, Levanto | Busstransfer flyplass – hotell t/r. | Båtbillettar iflg program | Togbilletter iflg program | 6 frukostar, 3 lunsjar og 5 middagar | Reiseleiar som er med på heile turen.

Irekna i turprisen: Flyreise Bergen – Edinburg t/r. | 7 netter i dobbeltrom på Bed&Breakfast eller gjestehus | Busstransfer flyplass – hotell t/r. | Transport av bagasje undervegs | Buss frå etappeslutt til overnattingsstad og retur neste morgon (dag 2 og dag 5) | 7 frukostar, 7 middagar | Reiseleiar med på heile turen.

Turpris...................................................................kr 14.200,Tillegg for enkeltrom..........................................kr 1.980,Antal dagar.......................................................................... 7 Avreisedato.......................................................................... 9/5 2014 Returdato ............................................................................ 15/5 2014

10

FERIEmagasinet 2015

Turpris..................................................................kr 12.880,Tillegg for enkeltrom.........................................kr 1.800,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 7/7 2015 Returdato............................................................................. 14/7 2015


Dourodalen Vandrecruise i frodige Dourodalen med utflukt til den spanske middelalderbyen Salamanca. Når du reiser på vandrecruise vil du kombinere det beste frå to heilt ulike måtar å feriere på. Du nyt avslappande dagar om bord på eit flytande hotell og kan krydre opplevingane med aktive vandreturar i ein herleg vakker natur. Vi skal cruise på Douro gjennom det vakraste vinlandskapet i Dourodalen med idylliske landsbyar, høge fjell og grøne frukt-bare dalsider. Vandreturar i nasjonalparkar, gjennom vinmarks-områder og langs den vakre elvebreidda. Vår samarbeidspartnar på denne turen er Escape Travel.

REISEFAKTA Dei siste detaljar er i skrivande stund ikkje klar. Meld di interesse og sikre deg plass på turen, så sender vi oppdatert informasjon så snart alt er klart. Antal dagar..................................................................... 8 Avreisedato..................................................................... 21/9 2015 Returdato......................................................................... 28/9 2015

Irekna i turpris: Fly t/r Bergen – Lisboa med KLM | 8 dg/7 netter på cruise | Fullpensjon ombord | Det meste av drikkevarer ombord | Utflukter etter program | Reiseleiar som er med på heile turen | Transport mellom flyplass og båt | Flyskattar og hamneavgifter.

Amalfikysten Vandring på Amalfikysten - ei av dei vakraste kyststrekningane i verda. Pompeii, Capri og vandring langs «The Path of God» Gudestien. Denne vandreturen tek deg med til dei vakraste områda langs Amalfikysten. Vi skal vandre på gamle muldyr-stiar og gjennom sjarmerande landsbyar langs kysten. Vi får oppleve den Italienske landsbygda og nyte eit storslagent utsyn over den vakre naturen på vår vandring som fører oss «frå sjø til sky». Vi startar turen med guida vandring i Pomeii. Det er båttur til

vakre øya Capri, med fjelltur til øyast høgste punkt; Monte Solaro på 589 m.o.h. Turen går med fly frå Bergen til Roma. Vi bur på Imperial Hotel Tramontano, eit 4-stjerners hotell som ligg vakkert til i Sorrento, ein sjarmerande by med ekte Italiensk atmosfære. Og sist, men ikkje minst, skal vi nyte gode fellesmåltid frå det italienske kjøkkenet. Kontakt oss for program og informasjon om dagsetappane som vi skal vandre.

REISEFAKTA

Turpris.............................................................. kr 12.990,Tillegg for enkeltrom..................................... kr 1.400,Antal dagar..................................................................... 6 Avreisedato..................................................................... 3/5 2015 Returdato......................................................................... 8/5 2015 Irekna i turprisen: Flyreise Bergen – Roma t/r | Busstransfer flyplass – hotell t/r. | 5 netter i dobbeltrom på Imperial Hotel Tramontano | Vandring iflg program | Båtbilletter iflg program | Guiding i Pompeii og på Capri | 5 frukostar, 5 middagar | Norsk reiseleiar med på heile turen.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

11


Alpane

PUSS FJELLSTØVLANE OG BLI MED TIL DOLOMITTENE Ein ny spennande vandretur i programmet vårt! Ein tur som skal ta oss gjennom den vakre naturen i det særprega fjellmassivet Dolomittene som ligg heilt nord i Italia på grensa mot Austerrike. Sjølv om dette er ein vandretur som vi vurderer som litt krevjande med nokre lange dagsetappar trur vi opplevingane undervegs, trivelege turkameratar og den gode maten og den gode hotellsenga som ventar etter kvar etappe, gjer til at turen går lett. Ikkje vent med påmelding, vi har berre 20 plassar på turen! 12

FERIEmagasinet 2015

REISEFAKTA

Turpris....................................................................kr 16.400,Tillegg for enkeltrom...........................................kr 1.900,Antal dagar............................................................................ 8 Avreisedato............................................................................ 30/7 2015 Returdato .............................................................................. 6/8 2015 Irekna i turpris: Fly tur/retur Oslo - Innsbruck | 7 netter i gjestehus/hotell | Transfer flyplass til start vandring/ret. | Bagasjetransport alle dagsetappar | 7 frukostar, 4 middagar | Billettar for fjellheisar | Autorisert engelsktalande fjellførar | Reiseleiar som er med på heile turen.


Det gode liv i Italia

Vingardsferie i Piemonte

Når du melder deg på denne turen kan du sjå fram til ei herleg veke på ein vakker vingard nord i Italia ved foten av Alpane. Med eigen italiensk kokk i Barolo og Barbaresco-vinane sitt distrikt skal vi nyte det gode liv. Vertsskapet på vingarden Agrihotel Roero i Montà i Piemonte skreddarsyr opplegget med utflukter, smaksopplevingar og vingardsbesøk. På eiga hand kan vi vandre eller sykle på vakre stiar og kanskje får vi vere med på den årlege innhaustinga av vindruer. Ein tur der du opplever det ekte Italia!

REISEFAKTA

Turpris................................................................... kr 13.500,Tillegg for enkeltrom.......................................... kr 1.200,Antal dagar........................................................................... 8 Avreisedato........................................................................... 30/8 2015 Returdato ............................................................................. 6/9 2015 Irekna i turpris: Fly t/r Bergen-Milano | 7 overnattingar i dobbeltrom på vingard | Halvpensjon (frukost og middag) | Busstransport (frå/til flyplass og utflukter) | Utflukter etter program | Flyskattar og turistskatt i Italia | Reiseleiar som er med på heile turen.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

13


Treningsreise Sicilia

Treningsreise TIL VAKRE ITALIA Bli med til nord Italia, like utanfor Venezia skal vi bu på økogarden Adriabelle. Adriabella ligger i byen Eraclea, like utanfor Venezia. Omgitt av vinmarker, åser og daler, og rett på Venezialagunen, med eiga privat strand. Her er herleg blanding av tradisjon, komfort og stil, omgitt av 500 hektar av grønne marker og vingårder. Kort avtand til Venezia, Jesolo, Caorle og til Marco Polo Airport i Venezia. Dette er turen for dei som likar å trene og ønskjer meir og ny 14

FERIEmagasinet 2015

kunnskap. Det blir allsidig trening med mykje moro. Vi brukar området rundt hotellet til trening, tidlig og seint. Det blir 2 treningsøkter dagleg. Mellom treningsøktene blir det tid til sol og bad og kultur. Ein av dagane reiser vi til Venezia på byvandring. Perfekt å oppleve Venezia i september – utanfor det travlaste turisttida. Dette er ein populær tur som raskt blir fullteikna.


Kina

MED SUNNFJORD FOLKEHØGSKULE

Ei reise på 9 dagar der vi vitjar Bejing, Xian og Shanghai ilag med våre dyktige reiseleiarar frå Sunnfjord Folkehøgskule som etter kvart kjenner Kina svært godt.

REISEFAKTA

Turpris...............................................................................kr 13.500,Tillegg for enkeltrom......................................................kr 1.500,Antal dagar......................................................................................... 8 Avreisedato......................................................................................... 19/9 2015 Returdato............................................................................................. 26/9 2015 Irekna i turprisen: Flyreise Oslo – Venezia tur/retur | 7 netter i delt dobbeltrom på Hotel Adriabella | Busstransfer flyplass – hotell tur/retur | Utflukt til Venezia | 7 frukostar, 7 middagar | Trening og motivasjonsforedrag | Reiseleiar som er med på turen.

REISEFAKTA Dei siste detaljar er i skrivande stund ikkje klar. Vi har difor ikkje nøyaktig avreisedato og pris. Meld di interesse og sikre deg plass på turen, så sender vi oppdatert informasjon så snart alt er klart. Antal dagar:............................................ 9 Avreisedato: .......................................... oktober 2015

Travelnet Fjordane Reisebyrå

15


Sør-Grønland DRAUMEN DIN KAN BLI RØYNDOM

REISEFAKTA

Turpris Pr. prs. i dbl. innv. lugar (dekk 3,5, el. 6):.......... kr 40.350,Pr. prs. i dbl. utv. lugar (dekk 3):......................... kr 43.500,Pr. prs. i dbl. utv. lugar (dekk 5 el. 6):................ kr 45.700,Antal dagar............................................................................. 12 Avreisedato............................................................................. 2/6 2015 Returdato ............................................................................... 13/6 2015

Ekspedisjonsskipet M/S Fram er eit hurtigruteskip som er bygd for å gje passasjerane opplevingar i arktiske farvatn. Vi har sikra oss lugarar på eit attraktivt cruise til Sør-Grønland og Diskobukta – eit område som det ikkje er mange forunt å oppleve... Med Reykjavik som utgangspunkt set vi kursen sør-vestover mot spissen av Grønland. Vi navigerar gjennom sund og fjordar, vitjar små busetnader, fråflytta landsbyar og den livlege grønlandske hovudstaden, Nuuk, før vi held fram nord-over til området rundt Diskobukta og midnattssola sine nordlegaste landområde. Kontakt oss for meir informasjon!

© MELNIK/SHUTTERSTOCK

LOS&CO

©DOMINIC BARRINGTON

© MARCEL VAN OOSTEN

SEIL I POLFARERNES FARVANN

Hurtigrutens Explorerskip MS FRAM seiler hvert år, hele året, til polare farvann. Bli med til Grønland, Svalbard og Antarktis og opplev den arktiske og antarktiske naturen og det fantastiske dyrelivet. Historien om polfarerne bærer med FRAM når hun seiler til noen av verdens mest avsidesliggende plasser. Kontakt oss i dag.

Kontakt Travelnet Fjordane Reisebyrå på telefon 57 72 50 90 eller besøk oss på www.fjordanereisebyra.no

16

FERIEmagasinet 2015

© SØRENSEN/GREENLAND.COM

Hurtigruten Explorer

© AXILY/SHUTTERSTOCK

Irekna pris: Reise med M/S Fram i valgt lugarkategori | Full pensjon om bord | Flyreise Kangerlussuq - København | Transport frå skip til Kangerlussuaq | Vind- og vatn avstøtande jakke | Ilandstigning med Polacirkelbåt, aktivitet om bord og på land. Røynd ekspedisjonsteam som held faglege foredrag og tek del på ilandstigning og aktivitet om bord | Kaffi og te om bord. I tillegg til pris: Internasjonale fly (Norge - Reykjavik/København - Norge) Frå kr 3.297,- pr. prs. | Evt. ekstra overnatting i Reykjavik og København | Valfrie utflukter og servicetips | Bagasjeservice.


Myanmar

EIT NYTT OG SPENNANDE REISEMÅL

På kort tid er Myanmar (tidlegare Burma) blitt eit av dei mest spennande reisemål vi kjenner til. Det tidlegare militærdiktaturet har no opna opp for turisme og vi gledar oss til å ønskje velkomne til eit nytt og spennande reisemål. Ei reise til Myanmar er som ei reise attende i tid, ikkje mobildekning og ikkje høve til å nytte betalingskort osv., men til gjengjeld vil du møte gjestfrie og glade mennesker som set pris på at du vitjar landet deira. Ver med oss og opplev eit utruleg vakkert land med rik kultur og ei dramatisk historie før alle andre gjer det!

REISEFAKTA Dei siste detaljar er i skrivande stund ikkje klar. Vi har difor ikkje nøyaktig avreisedato og pris. Meld di interesse og sikre deg plass på turen, så sender vi oppdatert informasjon så snart alt er klart. Antal dagar: .................................................................. 12 Avreisedato: ................................................................. oktober 2015 Travelnet Fjordane Reisebyrå

17


Dag Lindebjerg Vi på Travelnet Fjordane Reisebyrå har som målsetnad at dei som reiser på turane våre alltid skal ha best mogeleg utbyte av turen. Reiseleiaren er ei svært viktig brikke. Vi prøver difor stadig å knyte til oss personar som har spisskompetanse om reisemålet vi skal vitje. Vi er difor svært stolte over å ha innleia samarbeid med Dag Lindebjerg om turane vestover i havet. Sist tursesong var han med oss på to gruppeturar til Færøyane. Tilbakemeldingane frå turdeltakarane slår utvetydig fast at hans innsats som kjentmann og reiseleiar var det som sette spissen på turane. Han er kunnskapsrik og engasjert. Han er ein god forteljar med godt humør og ein lett tone slik at han får god kontakt med både turdeltakarar og lokalbefolkning. I turprogrammet for 2015 er det klart for nye opplevingar i Vesterveg saman med Lindebjerg. Han skal vere med oss på turar både til Færøyane og til Orknøyane og Shetland. Her vert det trongt om plassen, så ikkje vent med å melde deg på!

“...ein god forteljar med godt humør og ein lett tone” 18

FERIEmagasinet 2015

«Alle» kjenner Dag Lindebjerg. Vi har likevel saksa litt om karrieren hans frå Wikipedia: Dag Lindebjerg (født 27. april 1946) er en norsk journalist, kjent fra flere NRK-program og sju olympiske mesterskap som kommentator. I 1978 ble han programleder i Radiosporten, fra 1980 fast ansatt. Han var Bjørge Lilleliens med kommentator i ti år, og overtok i 1987 som ski og fotballkommentator. Høsten 1991 ble han utpekt til å lede Vestlandsrevyen, men rakk bare å rapportere litt ski med Håkon Brusveen før han våren 1992 ble kuppet til den nye TV 2. Utover ski og fotball ledet han også «God ettermiddag» men i februar 1993 ble det meldt at han gikk tilbake til NRK Hordaland der han blant annet fikk radioprogrammet «Maritimen» om kystkultur og ellers laget dokumentaren «Naturgass vår nye pengemaskin» såvel som flere maritime TV-program. Under Sommer-OL 1996 kommenterte han svømming. Det var Lindebjerg som møtte kjendiser om bord i trebåten “Lindy” i serien «Sommerdag» 1997–2002. Han ledet og laget en rekke serier og program, som «Den leiken den ville han sjå» om norsk fiskeri, «Lysglimt i mørket» om norske fyr, “Gamle spor i fjellet”, “Der fartøy flyte kan”, om båtenes betydning for Norge. Den store serien om «Norskekysten» gikk i 2011. Han ble pensjonert i NRK i 2013, Deretter har han ledet programserien “Vesterhavsøyene” om de gamle norske øyene vest for Norge. I tillegg har han laget en rekke TVprogram innen kultur og natur og han er en mye brukt foredragsholder.


Færøyane I VIKINGANE SINE FOTEFAR TIL VESTERHAVSØYANE Saman med den populære TV-kjendisen og lokalkjende turleiaren vår, Dag Lindebjerg, kjem vi tett på lokalbefolkninga og opplever dei ekte Færøyane. Her finn vi ein eineståande natur, ei spennande historie og eit rikt kulturliv. Ein unik sjanse til å oppleve attraksjonane på øygruppa som fram til 1800-talet var ein del av norgesveldet og reisa vår går dermed på ein måte i forfedrane våre sine fotefar. Bli med oss til øygruppa som i ei omfattande undersøkjing som tidsskriftet National Geographic gjorde i 2007, gjekk heilt til topps som det mest innbydande øy-reisemål i verda!

REISEFAKTA

Turpris...................................................... kr 14.900,Tillegg for enkeltrom............................. kr 1.200,Antal dagar........................................................... 5 Avreisedato........................................................... 6/8 2015 Returdato ............................................................. 10/8 2015 Irekna i turpris: Flyreise Bergen – Torshavn t/r | Flyskattar og avgifter pr. 01/12 2013 | Transferbuss og annan busstransport | 4 netter i delt dobbeltrom | 4 frukostar, 2 lunsjar, 1 måltid ved ankomst, 3 middagar | Utflukter i samsvar med program | Lokal guide som i program | Kjentmann Dag Lindebjerg | Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå. Tilleggsprisar: Båttur m/ busstransport til Vestmanna kr 600,- | Utflukt til Koltur kr 765,-

Travelnet Fjordane Reisebyrå

19


Shetland og Orknøyane EVENTYRREISE I VESTERLED

TV-kjendis og vesterhavs-entusiast Dag Lindebjerg er med som kjentmann og reiseleiar. Ei reise til Shetland og Orknøyene er ei reise attende i historia. For 1200 år sidan inntok forfedrane våre desse øyane vest i havet og dagens øybuarar har difor sterke band til Norge og nordmenn og set pris på at vi kjem på vitjing. Vi reiser i juli 2015, og legg opp til eit spennande program. Detaljane er i skrivande stund ikkje heilt klar, men det vert ein vekes-tur med opphald i Lerwick på Shetland og Kirkwall på

20

FERIEmagasinet 2015

Orknøyene. Kvar dag vert det utflukter med buss der vi vitjar kjende attraksjonar. Når vi i tillegg er så heldige at vi får med TV-kjendis Dag Lindebjerg som kjentmann og reiseleiar på turen er vi sikre på at det vert ein tur med mange opplevingar som du vil minnast med glede i lang tid. Meld di interesse til reisebyrået, så sender vi informasjon så snart programmet er klart.

FJORDANE REISEBYRÅ


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.