Feriemagasinet 2015 2016 travelnet fjordane reisebyrå

Page 1

FERIE magasinet 2016

fjordanereisebyra.no

FJORDANE REISEBYRÅ Travelnet Fjordane Reisebyrå

1


FJORDANE REISEBYRÅ

Ditt sikraste val!

FØRDE Frå venstre: Aud M. Støfring Anne Oline F. Gullaksen Solfrid Vie Pettersen Ingunn Herstad Jorunn Vågen

FØRDE

Hovudkontor Førde tlf. 57 72 50 70 | fax 57 72 50 71 fjordane@travelnet.no Du finn oss i Rutebilstasjonen i Førde. Velkommen inn!

SANDANE

SANDANE Frå venstre: Marianne Ryssdal Sæther Svein Ryssdalsnes Solbjørg Kirkeeide

Avdelingskontor Sandane tlf. 57 72 50 90 sandane@travelnet.no Du finn oss i Rutebilstasjonen på Sandane. Velkommen inn!

BRINGELAND Frå venstre bak: Edvard Tefre Åge Romarheim Arve Svalheim Vincent Yndestad Cathrine Scheflo Frå venstre framme: Arild Vindheim Kjell Ove Kusslid Monica Øvretvedt Agnete Smelvær

BRINGELAND

Flyplassen Bringeland tlf. 57 71 81 50 | fax 57 71 81 51 forde@wideroe.no Held til i Widerøe sine lokale på flyplassen på Bringeland.

REISEVILKÅR FOR TURANE TIL TRAVELNET FJORDANE REISEBYRÅ For alle turane til Travelnet Fjordane Reisebyrå gjeld særskilde vilkår, mellom anna vilkår for innbetaling av turpris, refusjon ved avbod osv. Likeeins har vi som turoperatør reglar og forpliktingar overfor turdeltakarane. Desse reisevilkåra vert utsendt saman med stadfesting for tinga tur etter at vi har motteke påmeldinga di.

Utgjevar: TRAVELNET Fjordane Reisebyrå Ansvarleg redaktør: Anne Oline F. Gullaksen Opplag: 34.000 | Grafisk utforming: findriv.no Trykk: Lasertrykk

2

FERIEmagasinet 2016

Rein reiselyst! Vi er også i år stolt over turprogrammet for komande år. Det er eit program med stor spennvidde og eg vonar alle vil finne «sin» drøymetur. Stikkord for dagens reisetrend er aktivitet. Dette ber turprogrammet vårt preg av. Du finn vandreturar, treningsreise og nytt av året – ei reise med fokus på Yoga! Elles må eg nemne det gode samarbeidet vi har med Dag Lindebjerg. Han er ein ressursperson. Turane til Vesterhavsøyane saman med Dag er blitt ein stor suksess! Også i år har vi turar til Shetland og Orknøyane og til eit nytt reisemål, Hebridene, som ingen andre turoperatørar kan tilby! Kos deg med lesnaden og gled deg til du skal på tur! Ikkje vent for lenge med påmelding. Turane blir fort fullteikna. Vi på reisebyrået ser fram til å høyre frå deg! Beste helsing Anne Oline F. Gullaksen


innland 4 4 5 5

Sommartur med Hageselskapet BUSS | 18.-22. JUNI | 5 DAGAR

Vårtur med Hurtigruten BÅT | 8.-19. APRIL | 12 DAGAR

Svalbard FLY | 24.-27. JUNI | 4 DAGAR

Finnmark og Nordkapp FLY/BUSS | 29. JULI-3. AUGUST | 6 DAGAR

Ny tur!

utland 3 6 7 7

Julemarknad i Tivoli, København FLY | 19.-22. NOVEMBER 2015 | 4 DAGAR

Ny tur!

FLY | 7.-14. MAI | 8 DAGAR

Ny tur!

Toscana med Pisa og Lucca FLY | 28. MAI-4. JUNI | 8 DAGAR

FLY/FOT | 27. MAI-3. JUNI | 8 DAGAR

Topptur i Vik SKI | 11.-13. MARS | 3 DAGAR

Ny tur!

Ny tur!

Fottur i Bad Gastein

FLY/FOT | 23.-30. JULI | 8 DAGAR

Ny tur!

Pilgrimsvandring til Lindisfarne FLY/FOT | 11.-18. JUNI | 8 DAGAR

Ny tur!

Yoga med Anette på øya Lopud FLY | 1.-8. OKTOBER | 8 DAGAR

Treningsreise til Dubrovnik med Spenst FLY | 19.-23. APRIL | 5 DAGAR

FLY | 10.-14. MARS | 5 DAGAR

Makarska i Kroatia

Vandring på Mallorca

tema

Roma og Assisi

Ny tur!

aktivitet 8 9

9 10 11 11 13 13

Vandring i Cinque Terre FLY/FOT | 10.-16. SEPTEMBER | 7 DAGAR

Amalfi-kysten med Pompei og Capri FLY/FOT | 8.-15. MAI | 8 DAGAR

København

MED JULEMARKNAD I TIVOLI

14 15 15 18 19

Shetland og Orknøyane m/ Dag Lindebjerg FLY | SOMMAR 2016 | 8 DAGAR

Vinterfestival på Shetland tuNy r! FLY | 22.-27. JANUAR | 6 DAGAR Ny

Hebridene m/ Dag Lindebjerg tur! FLY | SOMMAR 2016 | 8 DAGAR Vietnam FLY | 21. OKTOBER-1. NOVEMBER | 12 DAGAR Equador og Galapagos FLY | 8.-22. OKTOBER | 15 DAGAR

Ny tur!

Ny tur!

Julemarked i Tivoli er kanskje det mest kjende av alle julemarknad i den danske hovudstaden. Det osar av tradisjon og julestemning når heile Tivoli-området er pynta til jul med nær ein halv million julelys og over tusen juletre! Husa er julepynta, bodene er fulle av allslags gode saker, og julegåveideane er mange. Rundt 50 boder snor seg langs stiane i Tivoli, og det bugner av brente mandler, varm gløgg, varme rettar og masse julepynt. Vi skal nyte ein skikkelig god dansk julelunsj, og det vert god tid til shopping. Kombiner julehandelen med ei triveleg helg i Kongens By saman med gode reisevener! Du kan nytte ekspressbuss til og frå Bergen.

REISEFAKTA

Turpris: ............. kr 4.950,Tillegg enkeltr... kr 900,Antal dagar........... 4 Avreisedato........... 19/11 2015 Returdato............... 22/11 2015

Irekna i turpris: Flyreise BergenKøbenhavn t/r | 3 netter i delt dobbeltrom på Comfort Hotel Vesterbro | 3 frukostar og 1 ekte dansk julefrokost, (julelunsj) | Inngangsbillett til Tivoli | Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

3


«Det Blide Sørland» SOMMARTUR MED HAGESELSKAPET Også i år inviterar Hageselskapet Sogn og Fjordane deg med på tur. Turen går til Kristiansand via Telemark og Setesdalen. «Det Blide Sørland» har mange vakre hagar og parkanlegg som vi skal vitje. På veg til og frå Sørlands-hovudstaden vil turen by på blomstrande opplevingar. Jostein Kjøsnes er sjåfør og kjentmann. Han er som vi alle veit ein stor hage-entusiast og har mange kontaktar som vi vil nyte godt av undervegs på turen. Ver med oss og opplev det gode sosiale samhaldet som det alltid er på ein busstur med gode hagevener. Du treng ikkje vere medlem i Hageselskapet for å vere med på turen, alle er like velkomne!

REISEFAKTA

Turpris...................................................................... kr 8.990,Tillegg enkeltrom.................................................... kr 1.000,Antal dagar.............................................................................. 5 Avreisedato.............................................................................. 18/6 2016 Returdato.................................................................................. 22/6 2016 Irekna i turpris: Turbuss frå Firda Billag | Ferjer og bom-utgifter | 4 overnatting i dobbeltrom | 4 frukostar, 4 lunsjar, 4 middagar | Byvandring i Kristiansand | Hagebesøk og utflukter | Sjåfør og kjentmann Jostein Kjøsnes | Turkoordinator.

MINUTT FOR MINUTT LANGS NORSKEKYSTEN

Bergen-Kirkenes-Bergen Rundreise med MS Nordkapp Bli med Travelnet Fjordane Reisebyrå på Vårtur med Hurtigruta MS Nordkapp. Vi får med oss våren og oppvakninga til naturen langs kysten. Vi går mot den lyse årstida, landskapet skifter frå sør til nord, nokre stader er våren komen, og lenger nord er det gjerne litt att av vinteren. Uansett, dette er ein tur som må opplevast, den flotte naturen, lyset, stemninga om bord, det kan ikkje skildrast godt nok. Turleiar møter i Bergen, og er

med på heile reisa. På ei reise langs Norskekysten er vi innom 34 hamner, og om bord får vi servert norske matperler, den beste lokale maten der vi til ein kvar tid er, og kvar årstid byd på forskjellige smaksopplevingar langs leia. Om bord er det ei uformell atmosfære med gjester frå heile verda. På dei 12 dagane reisa varer, skal vi få sjå «Norge frå utsida» kyststripa er lang og variert.

REISEFAKTA

Turpris................................................................. kr 13.475,Tillegg for utvendig lugar pr. pers.................. kr 2.800,Tillegg for lugar aleine på førespurnad. Antal dagar........................................................................ 12 Avreisedato........................................................................ 8/4 2016 Returdato .......................................................................... 19/4 2016 Irekna i turpris: Full rundreise Bergen–Kirkenes–Bergen | Del i innvendig dobbel lugar (dekk 4,6 eller 7) | Full pensjon om bord | Reiseleiar med på heile turen.

4

FERIEmagasinet 2016


Opplev det arktiske øyriket som ligg halvvegs til Nordpolen

Eksotiske Svalbard

Dersom du ønskjer å oppleve vill, arktisk natur, tilbyr vi tur til det nordlegaste reisemålet i verda og den nordlegaste staden du kan reise med rutefly – eksotiske Svalbard! Kontrastane er store, over halvparten av øyriket er dekka av isbrear, men Golfstraumen syter for at det likevel blømer meir enn 150 ulike blomsterarter mellom breane. Stadig fleire ønskjer å oppleve denne juvelen av arktisk villmark, der isbjørnen er i fleirtal og er konge i sitt rike. Turen går med fly frå og til Bergen og det vert lagt opp til at vi skal få store opplevingar på kort tid. Vi får eit kulturhistorisk møte med Longyearbyen, båttur til Esmarkbreen og Barentsburg og fottur til Platåfjellet på 424 m.o.h. Velkommen med på eit arktisk eventyr!

REISEFAKTA

Turpris................................... kr 13.990,Tillegg enkeltrom................. kr 2.050,Antal dagar.................................... 4 Avreisedato.................................... 24/6 2016 Returdato ...................................... 27/6 2016 Irekna i turpris: Fly Bergen–Longyearbyen t/r | Flyskattar og avgifter | Overnatting i delt dobbeltrom på Spitsbergen Hotel | 3 frukostar, 3 lunsjar og 3 middagar | Utflukter i samsvar med program | Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

FANTASTISKE NORDKAPP, UTFLUKTER I ALTA OG KARASJOK MED VANDRING PÅ VIDDA

Finnmark og Nordkapp Finnmark er eit stykke Norge som mange av oss kjenner lite til. Vi kan difor tilby ein ferdigpakka 6-dagars tur til dette spennande fylket. Du får oppleve naturen, kulturen, samisk historie, krigs-historie, attraksjonar, lokalt handtverk, lokale mattradisjonar med meir. Vi veit av erfaring at på slike opplevingsturar vil det vere ulike ønskjer om aktivitetsnivå og kva ein vil oppleve. Nokre vil kome nærare på den fantastiske naturen og vi har difor eit fleksibelt opplegg to av dagane, med tilbod om vandreturar med lokal guide. Den storslagne naturen gjev inntrykk og minner som varer lenge. Desse dagane får vi utandørs lunsj med bål og bålkaffi.

Base for turen er Scandic Hotel Alta og turleiar frå reisebyrået er med på heile turen.

REISEFAKTA

Turpris.................................................................. kr 12.990,Tillegg enkeltrom................................................ kr 1.900,Antal dagar: ........................................................................ 6 Avreisedato: ....................................................................... 29/7 2016 Returdato: ........................................................................... 3/8 2016 Irekna i turpris: Flyreise Oslo–Alta t/r | 4 overnattingar i delt dbl.rom, Scandic Hotel Alta | 1 overnatting i delt dbl.rom, Scandic Hotel Bryggen Honningsvåg | 6 frukostar, 5 middagar, 3 lunsjar | Guida utflukter | Inngangsbilletter iflg program (dag 4 og 5) | Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

5


ITALIA SITT GRØNE HJARTE OG DEN HEILAGE STAD

Roma og Assisi Assisi ligg midt i Italia sitt grøne hjarte i regionen Umbria som er ei herleg oase. Eit mjukt, bølgjande landskap der folk lever det gode liv i ein region som andar av fred og harmoni. Kanskje ikkje tilfeldig at den heilage Frans av Assisi kom nettopp herfrå. Med svensktalande guide får vi innføring i historia om Fransiskanarordenen som framleis er den største munkeordenen i verda. Vi vitjar sjølvsagt den fantastiske San Francesco kyrkja. Den vakre hovudstaden, Roma er ein av dei viktigaste turiststadane i verda med alle sine arkeologiske og kunsthistoriske skattar. Vi vitjar mange av desse attraksjonane som ligg tett i tett i gåavstand frå kvarandre. Spansketrappa, Colosseum, Vatikan-

staten, Pantheon, Forum Romanum, Fontana di Trevi. Lista er lang og du får vere med og oppleve det meste.

REISEFAKTA

Turpris................................................................... kr 13.030Tillegg enkeltrom................................................. kr 1.900,Antal dagar........................................................................... 5 Avreisedato........................................................................... 10/3 2016 Returdato ............................................................................. 14/3 2016 Irekna i turpris: Flyreise Bergen–Roma t/r | 4 netter i delt dobbeltrom | 4 frukostar, 4 lunsjar og 4 middagar | Utflukt med skandinavisk talande guide i Assisi og Roma | Turleiar Leon Haugsbø.

JULEBORD PÅ SCANDIC SUNNFJORD HOTEL & SPA Julebord frå 21. november Kvar helg vil det svinge på med norske orkester. I Restaurant Laxen bugnar vår tradisjonsrike buffet, og i Restaurant Hugleik serverer vi deg gjerne ein meny basert på lokale råvarer. e Prisar frå kr 1495 inkl overnatting, julebord og dans

Underhaldning

e 27. november: Julebordsopphald kan kombinerast med konsert «Stille Natt – Hellige natt» i Førde Kyrkje

e 5. desember: Julebordshow med KLYPA – frå kr 1790 pr pers inkl overnatting, julebord, show og dans

Det er alltid sommer et sted i verden. Vi flyr deg gjerne dit!

e 11. desember: Julemeny og ølsmaking – frå kr 1545 pr pers inkl overnatting, meny og dans

e 12. desember: Julebordsopphald kan kombinerast med konsert «Helene Bøksles Jul» i Førde Kyrkje

For bestilling eller meir informasjon: Tlf 57 83 40 00 | sunnfjord@scandichotels.com scandichotels.no

6

FERIEmagasinet 2016


Makarska er sentrum for turismen på den 60 km. lange rivieraen mellom byane Omis i nord og Gradac i sør. Den dramatiske kystlinja og det turkisblå havet lokkar til seg turistar frå alle verdshjørne. Vi skal bu på eit godt, 4-stjerners hotell som ligg berre ein kort spasertur frå sentrum. Her kan du sitje på altanen og nyte utsikta medan du vert servert eit godt måltid frå det lokale kjøkkenet. Veka er fylt med utflukter. Mellom anna til Split, den nest største byen i landet, med si 1700 år gamle historie. Nasjonalparken Krkas med innsjøar og fossefall, og til Mostar i BosniaHercegovina med si tragiske historie frå krigane på Balkan. Vi skal på gardsbesøk med vinproduksjon og delta på ein landsbyfest i løpet av denne mai-veka i den vakre hamnebyen Makarska.

BLI MED TIL KROATIA, EIT AV VÅRE MEST POPULÆRE FERIELAND

Makarska

ei perle ved Adriaterhavet

REISEFAKTA

Turpris................................................................ kr 12.990,Tillegg enkeltrom.............................................. kr 2.350,Antal dagar....................................................................... 8 Avreisedato....................................................................... 7/5 2016 Returdato........................................................................... 14/5 2016 Irekna i turpris: Flyreise Oslo–Split t/r | Flyskattar og avgifter | 7 netter i dobbeltrom på Hotel Park, Makarska | Utflukter i samsvar med program | 7 frukostar, 6 lunsjar og 7 middagar | Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

UNN DEG EIN PAUSE I KVARDAGEN OG OPPLEV SJARMERANDE ITALIA

Toscana

med utflukter til Lucca og Pisa

Denne vakre regionen i Italia er verdskjent for sine maleriske landskap med pinjetre, sypressar, olivenlundar og vinranker, god vin, spennande matrettar, middelalderbyar og vakre kunstskattar. Det vert utflukt til Pisa. Den største attraksjonen her, er den blendande kvite katedralen med sitt skeive klokketårn som står på UNESCO si verdsarvliste. Det vert også utflukt til Lucca, ein by som kanskje er ukjent for dei fleste, men når vi passerar den vakre bymuren, finn vi ein by med særpreg. Vakre gågater, eit ovalt torg som tidlegare var eit gamalt amfiteater. Piazza S. Michele med sitt yrande folkeliv, palass og kyrkje. Bli med og opplev denne vakre delen av Italia saman med oss.

REISEFAKTA

Turpris.................................................................... kr 12.490,Tillegg enkeltrom.................................................. kr 2.500,Antal dagar............................................................................ 8 Avreisedato............................................................................ 28/5 2016 Returdato................................................................................ 4/6 2016 Irekna i turpris: Flyreise | 7 netter i dobbeltrom | Utflukter i samsvar med program | Måltid i samsvar med program | Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

7


Aktivitet VANDRETURAR

BLI MED TIL ITALIA OG OPPLEV EKTE MIDDELHAVSMAGI

Cinque Terre – vandring mellom vakre italienske landsbyar

Flotte fotturar mellom fem blendande vakre landsbyar, der kulissane undervegs er olivenlundar, vinranker og eit asurblått Middelhav. Nyt italiensk gjestfridom, vin, lokal mat og sosialt fellesskap i seks herlege dagar på den italienske rivieraen. Vi bur under heile opphaldet i småbyen Levanto der livet er «tempo giousto» som italienerne ville sagt det og som betyr å skunde seg langsamt. Ein populær tur, så ikkje vent med påmelding.

REISEFAKTA

Turpris.................................................................................................. kr 15.400,Tillegg enkeltrom................................................................................ kr 1.900,Antal dagar................................................................................................................. 7 Avreisedato................................................................................................................. 10/9 2016 Returdato..................................................................................................................... 16/9 2016 Irekna i turpris: Flyreise Bergen–Milano t/r | 6 netter i dobbeltrom på Hotel Nazionale, Levanto | Busstransfer flyplass – hotell t/r | Båtbillettar iflg program | Togbilletter iflg program | 6 frukostar, 3 lunsjar og 5 middagar | Norsk reiseleiar er med på heile turen.

8

FERIEmagasinet 2016


Amalfikysten POMPEII, CAPRI OG VANDRING LANGS «THE PATH OF GOD» - GUDESTIEN

Vandring på

Mallorca OPPLEV DET UTRULEGE LANDSKAPSMANGFALDET PÅ DEN VAKRE MIDDELHAVSØYA

Denne vandreturen tek deg med til dei vakraste områda langs Amalfikysten. Vi skal vandre på gamle muldyr-stiar og gjennom sjarmerande landsbyar langs kysten. Vi får oppleve den italienske landsbygda og nyte eit storslagent utsyn over den vakre naturen på vår vandring som fører oss «frå sjø til sky». Vi startar turen med guida vandring i Pomeii. Det blir båttur til den vakre øya Capri. Turen går med fly frå Bergen til Roma. Vi bur i byen Sorrento, ein sjarmerande by med ekte italiensk atmosfære. Og sist, men ikkje minst, skal vi nyte gode fellesmåltid frå det italienske kjøkkenet.

REISEFAKTA

Turpris....................................................... kr 15.990,Tillegg enkeltrom..................................... kr 3.000,Antal dagar............................................................ 8 Avreisedato............................................................ 8/5 2016 Returdato................................................................ 15/5 2016 Irekna i turpris: Flyreise Bergen–Roma t/r | Busstransfer flyplass – hotell t/r. | 7 netter i dobbeltrom på Imperial Hotel Tramontano | Vandring iflg program | Båtbilletter iflg program | Guiding i Pompeii og på Capri | 7 frukostar, 1 lunsjar og 4 middagar | Turleiar Aud Lundeland.

Mallorca er meir enn sol og strand. Middelhavsøya har også ein fantastisk varierande natur, fasinerande historie, pittoreske småbyar og fjellstiar langt unna den vanlege turistløypa. På denne turen skal vi oppleve alt dette. Vandringa går på høgtliggande fjellstiar med fantastisk utsikt mot kysten og Middelhavet og på stiar langs strandkanten. På vestsida av øya går vandreruta på ein vakker og godt merka sti som er murt opp av stein og som føl kulturlandskapet under dei mektige Tramuntana-fjella. Om våren er det vakker blomstring på Mallorca, god temperatur og få turistar. Vi avsluttar med 3 netter på hotell i hovudstaden Palma. Her finn du eit rikt kulturtilbod, spennande arkitektur frå middelalderen, bra shopping, og ei fin by-strand om du vil ta ein dukkert i Middelhavet.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr 14.700,Tillegg enkeltrom................................................kr 5.000,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 27/5 2016 Returdato............................................................................. 3/6 2016 Irekna i turprisen: Flyreise Bergen–Palma de Mallorca t/r | Mat og bagasje på flyet inkludert | Busstransfer på Mallorca i flg. turprogram | 7 netter i dobbeltrom | 7 frukostar, 2 lunsjar, 5 middagar | Vandring iflg program – 4 dagar | Lokal turguide | Norsk reiseleiar er med på heile turen.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

9


Topptur i Vik Toppturtrenden går til himmels. Stadig fleire får sans for å utfordre kondisjonen samstundes som ein når til topps, for så å få heilt uspora snø ned att. Plassert midt blant dei vakre vestlandsfjella, er Vik det perfekte utgangspunkt om du likar å leggje fellar under skia. Jon Arne Kvåle, guide og fjellførar har ansvar for toppturen. Vi skal bu på nyrenoverte Blix Hotell i Vik med god lokal mat, lokal underhaldning. Ei fin råme for sosialt samvær med gode tur-vener. Lars Fredrik Tvinde er med som motivator og reiseleiar på turen.

REISEFAKTA

Turpris...................................................................... kr 2.990,Tillegg enkeltrom.................................................... kr 800,Antal dagar.............................................................................. 3 Avreisedato.............................................................................. 11/3 2016 Returdato ................................................................................ 13/3 2016 Irekna i turpris: 2 netter i dobbeltrom på Blix hotell | 2 frukostar, nistepakke, kvelds fredag og middag laurdag | Topptur med fjellførar Jon Arne Kvåle | Turleiar Lars Fredrik Tvinde.

FIRDA BILLAG BUSS AS – din samarbeidspartnar når du skal på tur

Bestill bussturen din hos TRAVELNET Fjordane Reisebyrå Tlf. 57 72 50 00 • post@firda-billag.no • www.firda-billag.no

10

FERIEmagasinet 2016


Fottur i Bad Gastein Populære Bad Gastein byd på flotte og varierte fotturar i eit fantastisk alpemiljø. Fjellbyen hadde si første blomstringstid på 1800 talet, då kongelege og dåtidas kjendisar reiste dit for å bade i dei varme kjeldene og puste inn frisk alpeluft. I Gasteinerdalen i Austerrike er det aldri langt til ei hyggeleg fjellstove der du vert ønskt velkomen med god mat og drikke og masse «gemyttligheit». Dette er ein fottur for dei som har normal kondisjon og er vant å gå i naturen.

REISEFAKTA

Turpris er ikkje klar når magasinet går i trykken. Ta kontakt så sender vi program og pris så snart det er klart. Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 23/7 2016 Returdato ........................................................................... 30/7 2016 Irekna i turpris: Fly Oslo–Salzburg t/r | Busstransfer flyplass–hotell t/r | 7 netter hotell/gjestehus | Transfer flyplass til start vandring/ret. | Halvpensjon | Utflukter iflg. program | Norsk reiseleiar er med på heile turen.

PILGRIMSVANDRING TIL

Lindisfarne

i nord-aust England mot grensa til Skottland På grunn av stor etterspurnad arrangerer vi og i 2016 tur til Lindisfarne. Mange frå fjordfylket har vandra saman med oss på St. Suthberts Way til Lindisfarne og hatt gleda av å oppleve den vakre naturen, den avslappa stemninga og det gode sosiale miljøet på ein slik tur. Her kan ein «sleppe verda» og la tankane vandre – over tusen år attende i tid. Dagsetappane (5 dagar) er på 6–8 timar. Bagasjen vert transportert og turleiaren vår er med på heile turen. Ei oppleving for livet!

REISEFAKTA

Turpris............................................................... kr 13.900,Tillegg enkeltrom på førespurnad................ kr 1.900,Antal dagar...................................................................... 8 Avreisedato...................................................................... 2/6 2016 Returdato ........................................................................ 9/6 2016 Irekna i turpris: Flyreise Bergen–Edinburg t/r | 7 netter i dobbeltrom på Bed&Breakfast eller gjestehus | Busstransfer flyplass–hotell t/r | Transport av bagasje undervegs | Buss frå etappeslutt til overnattingsstad og retur neste morgon (dag 2 og dag 5) | 7 frukostar, 7 middagar | Norsk reiseleiar er med på heile turen.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

11


Varebilar

Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing!

Stasjonsvogner Personbilar Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80 FØRDE • SANDANE • STRYN • FLORØ • LEIKANGER • MÅLØY • SOGNDAL

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE

Kreditering: CH - visitnorway.com

REIS MED OSS TIL OPPLEVINGANE Ekspressbussane gjer det enkelt og komfortabelt for deg å reise rundt i Noreg, anten du skal mellom dei store byane eller du skal til og frå mange av dei minste stadane i landet vårt.

Trondheim

Ålesund

Lillehammer

Velkommen om bord og vi tek deg fram! Sjå nor-way.no og bruk rutesøket frå/til stad - og finn di reiserute, eller ring 815 44 444. - VI SKAL SAME VEGEN

12

FERIEmagasinet 2016

Sogn og Fjordane Bergen

Oslo

findriv.no

Treng du leigebil?

VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR


YOGA

Ei reise til paradis

PÅ ØYA LOPUD

For aller første gong inviterer vi til Yoga reise – til øya Lopud i Kroatia. Som ein grøn oase ligg øya 50 min med båt frå hamna i Dubrovnik. Den er heilt bilfri og eit paradis for alle som vil finne roen i vakre omgjevnader. Få stadar har like klart og reint vatn som Kroatia. Anette Eide Rørsandhaug er vår yoga lærar på reisa. Ho har praktisert yoga i mange år og tok si først Yogalærar-sertifisering i 2012, i Hatha yoga. I 2014 tok ho nok ei lærar utdanning og blei sertifisert i Ashtanga yoga. I dag har Anette eige yoga-studio i Naustdal og i Førde. For Anette er yoga blitt mykje meir enn trening. Det er ein livsstil som fargar tankar, haldningar og handlingar.

Ho ønskjer å dele sin lidenskap med fleire - og at DU og skal få finne velvære, aksept, styrke og ro ilag med ho – på yogamatta på Lopud. Velkommen til ei sanseleg reise!

REISEFAKTA

Turpris........................................................kr 10.990,Tillegg enkeltrom .....................................kr 1.900,Antal dagar............................................................. 8 Avreisedato............................................................. 1/10 2016 Returdato ............................................................... 8/10 2016 Irekna i turpris: Flyreise t/r Dubrovnik | Buss og båt-transfer flyplass – hotell t/r. | 7 netter i dobbeltrom på Hotel Lafoida på Lopud | 2 yoga økter dagleg med Anette | By vandring i Dubrovnik | 7 frukostar og 7 middagar | Turleiar frå Fjordane Reisebyrå.

Dubrovnik, perla i Adriaterhavet Få perfekt start på sommaren med Ingvild Lien og Spenst på treningsreise til Dubrovnik. Dette er turen for deg som likar å trene og ynskjer meir- og ny kunnskap. Det vert allsidig trening med mykje moro. Vi nyttar området rundt hotellet og Ingvild vil motivere deg til å yte maksimalt! Det vert lagt opp til to daglege treningsøkter og mellom treningsøktene vert det tid til sol, bad og kultur. Vi skal vandre i gamlebyen i Dubrovnik og gå på Srd Hill, fjellet som ligg bak gamlebyen. Vi bur på Hotel Lacroma i Dubrovnik.

REISEFAKTA

Inkludert i turpris: Flyreise Oslo–Dubrovnik t/r | 4 netter i delt dobbeltrom på Hotel Lacroma | Byvandring i Dubrovnik | 4 frukostar, 4 middagar | Trening med Ingvild Lien | Reiseleiar er med på turen.

Vi tar alle treningskort!

findriv.no

Turpris (Spenst-medlem) kr 7.990,(ikkje Spenst-medlem) kr 8.990,Tillegg enkeltrom kr 900,Antal dagar 5 Avreisedato 19/4 2016 Returdato 23/4 2016

Ut oktober kan du trene GRATIS på Spenst Førde uansett kor du trenar til vanleg. Vis medlemskortet ditt!

Fylkets største treningssenter!

www.spenstforde.no Travelnet Fjordane Reisebyrå

13


Tema EKSOTISKE OG SPENNANDE REISEMÅL

MED DAG LINDEBJERG SOM KJENTMANN OG REISELEIAR

Shetland og Orknøyane

Ei reise til Shetland og Orknøyene er ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Skandinavia heilt frå vikingane inntok øyane for meir enn 1000 år sidan. Her finn vi eit vakkert, grønt landskap og vi vitjar mange historiske attraksjonar saman med Vesterhavs-entusiast Dag Lindebjerg. På heile turen nyt vi god mat og eit gjestfritt folkeferd i vakre og rolege omgjevnader. Ver med oss på ei eventyrreise i til øyane vest i havet. Det vert fire overnattingar i Lerwick på Shetland og tre netter i Kirkwall på Orknøyane. Dato for turane er i skrivande stund ikkje fastsett, men ta kontakt og registrer di interesse. Ein populær tur, så ikkje vent med påmelding. 14

FERIEmagasinet 2015

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr 19.200,Tillegg enkeltrom................................................kr 1.700,Antal dagar......................................................................... 8 Turane går sommaren 2016. Endeleg dato er ikkje fastsett enno. Irekna i turpris: Flyreise Bergen–Lerwick og Kirkwall t/r | Båtreise Lerwick–Kirkwall | Flyskattar og avgifter, pr. 1. september | Transferbuss og annan busstransport | 7 netter i delt dobbeltrom med frukost | Inngangsbillettar i samsvar med program | Lokale guidar som i program | Måltid i samsvar med program | Kjentmann Dag Lindebjerg | Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.


Vinterfestival på Shetland

«Up Helly Aa» OPPLEVINGAR OG VIKINGGALSKAP, DETTE VERT MORO! Vesterhavsturane saman med Dag Lindebjerg har blitt utruleg populære. Den første turen går alt i januar og dette er ein heilt spesiell tur. Dei siste 200 år har vinterfestivalen eller «vikingfestivalen» «Up Helly Aa» blitt arrangert siste tysdag i januar i Lerwick. Dette er den store «happeningen» på øya og vi kan love deg ein tysdag du seint vil gløyme. Byen står på hovudet og det seier vel sitt at påfølgjande onsdag er offisiell fridag på øya! I tillegg til festivalen tek Dag Lindebjerg oss med på interessante utflukter. Vi skal til Haraldsvik på Unst, der Harald Hårfagre erklærte Shetland for norsk i år 874. Vi skal til vikingbusetnaden Jarlshof og til Shetlandsgjengen sitt hovudkvarter Scalloway. Flyet tek berre 12 passasjerar, så her det berre å vere rask dersom du vil vere med på denne spesielle turen!

REISEFAKTA

Turpris.......................... kr 15.980,Tillegg enkeltrom........ kr 1.795,Antal dagar........................ 6 Avreisedato........................ 22/1 2016 Returdato .......................... 27/1 2016

Inkludert i turpris: Flyreise Bergen–Shetland t/r | Flyskattar og avgifter | Transferbuss og annan busstransport | 5 netter i delt dobbeltrom med frukost | Utflukter i samsvar med program | Måltid som skissert i programmet | Kjentmann og reiseleiar Dag Lindebjerg.

NY TUR OG NYE ØYAR, MED DAG LINDEBJERG I VESTERLED

Hebridene – på kanten av verda

Det er National Geographic sin påstand at Hebridene ligg «på kanten av verda». Det er over 500 større og mindre øyar i øygruppa Indre- og Ytre Hebridene, men berre i underkant av 100 av desse har busetnad. På vår tur skal vi gjere oss kjende med Ytre Hebridene. Dramatiske geologiske omveltingar har forma øyriket som tidlegare tilhøyrde Norge, men som no ligg til Skottland. Ilag med Dag Lindebjerg si brennande interesse for øyane, historia, kulturen og folket vil han med sin fengjande forteljarkunst dele sin kunnskap om både 6000 år historie og kvardagsliv i notid. Nytt høvet, dette er eit reisemål utanfor vanleg turist-allfarveg!

REISEFAKTA

Turpris er ikkje klar når magasinet går i trykken. Ta kontakt så sender vi program og pris så snart det er klart. Antal dagar...................................................................... 8 Avreisedato...................................................................... juni/juli 2016 Returdato ........................................................................ juni/juli 2016 Inkludert i turpris: Flyreise Bergen t/r | Flyskattar og avgifter | Transferbuss og annan busstransport | 7 netter i delt dobbeltrom med frukost | Utflukter i samsvar med program | Lokal guide som i program | Måltid som skissert i programmet | Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå | Kjentmann Dag Lindebjerg.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

15


Vitaltour Vi bryr oss litt mer.

REIS TIL VARMEN

I VINTER!

Våre erfarne reiseledere står klare med mange aktiviteter og spennende utflukter. Lanzarote Direkte fra Bergen hver fredag hele vinteren, vi tilbyr både korte og lengre opphold. Priseksempel: 27/11, 1 uke, Gaviotas Village ***+ fra kr. 4395,-

Spar 500,-

Bestill innen 1.11 Bruk kampanjekode PREM 2015

SOLIA PREMIUM fellesreiser for livsnytere!

SPANIA

Kypros Langtidsferie på Sunwing Sandy Bay Beach **** i vinter, avreiser 20/11 – 4/1 og 4/1 – 12/2. Direktefly med SAS fra Bergen. Priseksempel: 20/11 – 4/1, Sunwing Sandy Bay Beach **** fra kr. 10 295.-

www.vitaltour.no Tlf. 56 57 47 50

Island og Færøyene

Rundreiser med guide - bilferie - vandreturer sykkelferie - aktiv ferie

Solia Premium Gran Canaria Bo bra på lekre Gloria Palace San Agustín med all inclusive inkludert, og bli med på opplevelsesrike utflukter på nordmenns vinterfavoritt nr 1! Se alt som er inkludert i prisen: • Flyreise t/r Oslo Lufthavn - Gran Canaria med Norwegian • Maks 20 kg innsjekket bagasje + 10 kg håndbagasje • 1 uke på Hotel Gloria Palace San Agustin ****+ i dobbeltrom med havutsikt • All inclusive på hotellet hele oppholdet • Utflukt: Oppdag Gran Canaria - heldagsutflukt inkl. lunsj • Utflukt: a og Mogân - halvdagsutflukt inkludert båttur og lunsj • To inngangsbilletter til thalassoterapibassenget • Avslutningsmiddag i Restaurant Gorbea • Skandinavisk reiselederservice

Avreise 30. januar

Se våre hjemmesider for program og priser

Island spesialisten

16

FERIEmagasinet 2016

...med hjerte for Island! www.islandspesialisten.no E-post: reise@islandspesialisten.no Tlf: 69 01 78 80

10495,-

Avreise 5. mars

10895,-

Enkeltromstillegg fra 1400,Avreise fra Oslo Lufthavn. Tillegg for transport flyplass-hotell. Mat kjøpes om bord. Bestill reisen på www.solia.no eller på telefon 810 67 700


VILKÅR OG VIKTIG REISEINFORMASJON - LES DETTE FØR DU MELDER DEG PÅ TUREN PÅMELDING OG BETALING: Kort tid etter at påmelding er registrert sender Travelnet Fjordane Reisebyrå ut stadfesting av tinging og informasjon om pris. Samstundes sender vi også ut reisevilkår som det er svært viktig at du les nøye.

på at du er medlem i norsk folketrygd og at du dermed har same rettane til medisinsk hjelp i eit EØS-land som innbyggarane i dette landet.

REGLAR FOR AVBOD: Desse reglane finn du også i reisevilkår. Ver merksam på at det er strenge reglar når det gjeld refusjon ved avbod. Reglane og fristane for avbod vil vere ulike for kvar enkelt tur og det er svært viktig at du set deg inn i fristane og vilkåra som gjeld «din tur». TILSKIPAREN TEK ATTERHALD OM PRISENDRING som skuldast nye eller auka skattar og avgifter, endring i valutakursar, eller tilsvarande omstende som skiparen ikkje rår over. Likeeins naudsynte endringar i program (t.d. utflukter, hotell, reiseleiar) som må endrast av grunnar vi ikkje rår med. Det vert også teke atterhald om trykkfeil i programmet.

PERSONAR SOM REISER ALEINE, og ikkje har nokon å dele rom med, må i utgangspunktet betale tillegg for enkeltrom/lugar. Dersom personar som reiser aleine ynskjer å dele dobbeltrom/lugar med ein annan person, må ein gje melding om dette ved påmelding. Tilskiparen har då ikkje ansvar for problem undervegs som dette kan medføre. Det er heller ikkje turtilskiparen si plikt å finne nokon å dele rom/lugar med. PASS: Sjekk i god tid før avreise om passet er gyldig (10 år frå utstedingsdato. For barn under 16 år, 5 år frå utstedingsdato.) NB! Barn må ha eige pass. Til enkelte land må passet vere gyldig min. 6 mnd. etter utreise frå landet.

TILSKIPAREN KAN ANNULLERE TUREN dersom det ikkje er nok påmelde. Melding om dette skal den reisande ha seinast 20 dagar før avreise. TILSLUTNING: Opplysningar om avreisestad for turar som går med fly finn du i «Reisefakta»-rubrikken under kvar tur. NB! Turtilskiparen dekker ikkje kostnader som vedkjem reise til og frå oppgjeven avreisestad. REISEFORSIKRING: Alle må ha reiseforsikring og avbodsforsikring. Ta kontakt med eige forsikringselskap. EUROPEISK HELSEKORT: Dette er eit kort som ein kan tinge på NAV-kontoret når ein skal reise til land som er medlem av EØS. Kortet er eit prov

TOLLREGLAR FOR INNFØRSEL: Den reisande er sjølv ansvarleg for å halde seg orientert om reglane. BÅTREISE MED NATTFERJE: Når du reiser på turar der vi reiser med nattferje, tilrår vi at du pakkar toalettsaker og anna som du treng i ein ekstra bag. Dermed slepp du å dra på ein tung koffert ombord på båten. DERSOM DEN REISANDE IKKJE KAN TA HAND OM SEG SJØLV, eller er til sjenanse for dei medreisande, kan vedkomande måtte avbryte reisa undervegs og betale dei ekstrakostnadar som dette medfører. Turdeltakarar som er avhengig av hjelp, må ha med reisefølgje. Kontakt oss om spørsmål du har vedkomande vilkår og reiseinformasjon.

UNDERHOLDNING

OG OVERNATTING I BERGEN

SØR-ATLANTEREN, ANTARKTIS OG PATAGONIA

SKREDDERSYDD

18 dager fra

35 790,-

FOR DEG!

Avreise 25.10.2016

CHILENSKE FJORDER OG PINGVINENES LAND OPPLEV DEN SØRAMERIKANSKE KYSTEN OG ANTARKTIS!

Santiago Montevideo

A

West Point Island MAG ELL STR ANEDE T

Punta Arenas

MAG ELL STR ANEDE T

Puerto Williams

Stanley

© Shutterstock

NTIN ARGE

LE

FALKLANDSØYENE

BEAGLE KANALEN

Bestill på tlf. 06154, showpakker.no eller gjennom ditt lokale reisebyrå.

66°33

POLA

RSIR

'S

KEL

EN

© Hilde Foss

Kapp Horn

ANTARKTISHALVØYA

Kontakt Travelnet Fjordane for mer info. Telefon Førde: 57 72 50 70, Sandane: 57 72 50 90

I våre showpakker kan du velge mellom konserter, teater og revyer inklusiv overnatting, julebord og deilig frokostbuffet. Vi har de beste billettene til de mest populære forestillingene og konsertene.

Península Valdés

CHI

Reisen starter i Montevideo, så setter vi kursen til Valdés-halvøya som har et fantastisk dyreliv og natur. Og så, Antarktis! Vi bruker fire dager på å utforske dette hvite og uberørte kontinentet. På vei tilbake besøker vi Kapp Horn og de ville fjordene i Chile, før vi avslutter seilasen i Punta Arenas.

© M.K.Miller

UTFORSK

Travelnet Fjordane Reisebyrå

17


OPPLEV EIT VARIERT OG MANGFALDIG LAND

Vietnam – ei reise frå sør til nord

i samarbeid med Sunnfjord Folkehøgskule

På denne turen reiser vi dette eksotiske landet på langs frå sør til nord. Vi reiser i eit land som byd på storslagen natur- og kulturopplevingar. Vi startar i sør i Ho Chi Mihn (Saigon) og vitjar militærmuseet som minner oss om krigen som herja i landet i nær 20 år. Vi skal også på tur i Mekongdeltaet som vert kalla «Vietnams kjøkkenhage». I den sjarmerande vesle byen Hoi An skal vi vitje ein av dei mange skreddarane, så kanskje vert det ein ny dress på turen? I Hanoi er det utflukt til Ha Long-bukta på cruise mellom vakre øyar, med måltid og overnatting på båten. Dette er berre ein smakebit av alle opplevingane på turen. Ta kontakt for meir informasjon.

18

FERIEmagasinet 2016

REISEFAKTA

Turpris er ikkje klar når magasinet går i trykken. Ta kontakt så sender vi program og pris så snart det er klart. Antal dagar......................................................................... 12 Avreisedato......................................................................... 21/10 2016 Returdato ........................................................................... 1/11 2016 Irekna i turpris: Flyreiser | Flyskattar og avgifter | 10 netter på gode hotell | 1 natt cruisebåt | Transport iflg program | Måltider iflg program | Lokale engelsktalande guidar | Turleiar på reisa er Leon Haugsbø.


Equador & Galapagos PÅ EVENTYR I STILLEHAVET, OG INKARIKET SIN SISTE SKANSE

På denne turen skal vi vitje den kanskje mest eksotiske staden på kloden, Galapagos. Det vesle øyriket i Stillehavet, hundre mil utanfor kysten av Ecuador, er eit verna naturreservat der turismen er avgrensa og tilpassa dyrelivet. Her er dyre- og fugleartar som vi ikkje finn noko annan stad i verda. Opplevinga er unik! Vi skal også vitje Ecuador, det minste av Andeslanda. Landet vert kalla eit skattekammer av vakker natur, godt klima, hjartevarme menneske og ekte kultur. Her finn vi snøkledde vulkanar, tett jungel, moderne storbyar og avskjerma småsamfunn. Hovudstaden Quito var Inkariket sin siste skanse før også den måtte gje tapt for overmakta. Turen er i samarbeid med Escape Travel og norsk reiseleiar er med frå Gardermoen.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr 43.950,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 6.495,Antal dagar......................................................................... 15 Avreisedato......................................................................... 8/10 2016 Returdato ........................................................................... 22/10 2016 Irekna i turpris: Fly Oslo–Ecuador–Galapagos t/r (Pris på fly frå andre byar i Norge på førespurnad) | Flyskattar | Overnatting med frukost i dobbeltrom på gode hotell | Program og transport i samsvar med program | Måltid som er omtala i program | Nasjonalparkavgift til Galapagos, USD 100,- (atterhald om endring i 2016) | Engelsktalande guide på utfluktene | Norsk reiseleiar med frå Oslo.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

19


Dagene vi husker...

Bestill ferien hos Travelnet Fjordane Reisebyr책. Tlf 57 72 50 70


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.