a g n i n n o r
Toto La Momposina:
D
AV CUMBIA!
Førdefestival
i beste sendetid
Dansen
-direktøren sitt dop!
FESTIVALMAGASINET 2015
fordefestival.no
5 dagar – 30 arenaer – 300 artistar
1
”
Og den som er rik vil ha seg eit hus som er såleis bygt at alle som høyrer til huset kjenner det godt og trygt Og såleis at framande gjerne kjem innom dørene der og aukar den rikdom som finst der frå før med alt det dei sjølve er.
Slik skriv Halldis Moren Vesaas til mor si, i den andre strofa i diktet Å vere i livet. Sjølv om ho skriv til si aller næraste, vender teksten seg til så mange av oss. Førdefestivalen er bygt på denne forståinga av rikdom. Difor vert vi rikare, år for år. Festivalen vender seg til så mange, men musikken du møter fortel om det aller næraste. Difor finn den fram til deg. Og gjer deg rikare!
26
16
FAMILIEFESTIVAL
DANSEGLAD
7
WORLD CONNECTIONS
31
37
FESTIVALBYEN FØRDE
SAREPTAS KRUKKE
44
TETT PÅ I TEATERSALEN
2
FØRDEFESTIVALEN
46
FØRSTEKLASSES I FESTSALEN
JUBILEUMSMAGASINET 2015 Ansvarleg redaktør: Hilde Bjørkum Redaksjon: Janne Karin Støylen, Torill G. Faleide og Lene Grande Grafisk formgjeving: findriv.no Førde Opplag: 37.000 Med atterhald om feil og endringar.
I det store stille universet Heilt sidan eg byrja med musikk har møtet vore viktig. Oppdaginga av at folkemusikk hadde slike sosiale bonusar, både lokalt og internasjonalt har sidan vore bensinen i spelemannshjartet mitt.
Musikken gjer oss alderslaus fordi den bind oss saman på tvers av alt. Eg kjende det som lita jente i møtet med spelemannslaget. I trioen eg og venninna mi hadde med gamle Sigvald då vi var 13 år. I krigsherja Libanon som 16 åring med fela i handa og bunadssølv under splintvesten. Soldatar med heimlengt og interessert lokalbefolkning kjende seg igjen i våre tonar. Musikk seier det orda ikkje kan og lagar nye filmar i den som tek i mot. Skapt av noko gjenkjenneleg, men blanda med nye assosiasjonar og stoppestadar. Utan mottakar er musikken i seg sjølv ganske stille. ”Kva verd har vel det om eg ikkje har nokon å gjeva det til?” skreiv diktaren Jan-Magnus Bruheim. Vi veit korleis den kjennes ut, den trygge møtande kjensla av å høyre til.
Eg forelskar meg lett. I musikk -og musikarar. Ikkje sånn romantisk forelska, men eg samanliknar ofte kjensla; å bli øsa over å høyre nokon som er bra, å få blande mine tonar med andre sine. Den intime tonesamtalen. Galskap og glede. Eg har hatt mange forelskingar på Førdefestivalen. Det er difor eg har tilbragt uttallige festivalnetter på Sunnfjord Hotel. Saman med nye vener har eg jaga frå lobbyen via bar og bibliotek til overfylte hotellrom for å spele og høyre. Som døgnfloger som må leve akkurat no. Vi veit at i morgon kan det vere over. Då fer alle sin veg. – eg ber med dette om unnskyldning til frustrerte nattevakter vi har irritert på vår veg leitande etter den optimale jammen. Og eg er glad for at festivalen i år har gjort slike møter til årets tema.
”Connexions” har eigentleg alltid vore tema syns eg. For når verda kjem til Førde, då blir verda meir samanvevd: Musikarane svermar. Publikum deler magiske stunder. Dei frivillige kjenner felleskap. For møter no og folkemusikk kjennest viktig! Viktig for store ord som respekt, forståing, fred og kjærleik. Det er ei stor ære for meg å bli spurt om å leie publikum og sjåarar gjennom Opningskonserten 2015. Det kjennest alltid som å kome heim å vere her. Eg gler meg til nye møter. Finn deg ein musikalsk flørt du også og kjenn på felleskapen i det å vere menneske på den lille blå musikalske planeten i det store stille universet. God Festival! Sigrid Moldestad
FESTIVALMAGASINET 2015
3
Førdefestival i beste sendetid -Opningskonserten har ei fantastisk artistliste, profesjonell produksjon og den perfekte vertinna. I NRK har det berre vore begeistring i prosessen fram mot beslutninga om å sende konserten ut til sjåarane i vår aller beste sendetid: Laurdag kveld på NRK 1.
Stian Sjursen Takle er tilbake i stillinga som journalist i NRK Sogn og Fjordane, etter at han i fjor vikarierte som arrangementssjef i Førdefestivalen, i jubileumsåret. Også då vart opningskonserten sendt på fjernsyn, men utan særleg redigering same kveld på NRK 2. –Tilbakemeldingane var likevel overveldande, fortel Takle. Både internt i NRK og frå sjåarane. -Difor har det vore stor oppslutning om satsinga på å bruke materialet til ein meir bearbeidd tv-produksjon av konserten, forklarar han. - I TV-programmet vil vi vere opptekne av å kunne formidle historiene artistane kan fortelje, slik at musikken kan få større meining for publikum. Difor er Sigrid Moldestad den perfekte vertinne, smiler Stian Sjursen Takle. Ho har ei eineståande formidlingsevne og ho bryr seg verkeleg om publikum.
4
FØRDEFESTIVALEN
I tillegg til å vere NRK sin produksjonsansvarlege for opningskonserten, har Stian Sjursen Takle nemleg ei anna stor oppgåve under festivalen, ei oppgåve som er blitt ei hjartesak for den populære programleiaren: -Det starta for ein del år tilbake, vi hadde ei tom sending. Redaktøren sa til meg: -Kan du ikkje lage eit program om platene som blei gitt ut i fylket vårt i fjor? Eg såg for meg ein liten bunke, men han la eit heilt lass på pulten min! –Det er ei utfordring å vere musikar i distriktet, forklarar Stian. Det er god grunn til å gjere ein innsats for å løfte fram våre eigne artistar. Det eine programmet vart til fleire, snart utvikla det seg til å omfatta konsertar, kåringar og meir under namnet LUTT: NRK Sogn og Fjordane si satsing på å løfte fram musikarar frå fylket. –Siste høgdepunkt var sendinga frå Åmot operagard med Sigrid Moldestad på
OPNINGSKONSERT
Torsdag 2. juli kl 19.30 Idrettshallen Velkomen til ein kveld i selskap med norske og internasjonale artistar som utforskar likskapar og samanhengar mellom ulike musikktradisjonar. Her får du smakebitar frå nye produksjonar som Vocal ConneXions med Unni Løvlid, Annie Ebrel, Julie Fowlis, Ulla Pirttijärvi, Gergana Dimitrova og Håkon Thelin. Frå String ConneXions-prosjektet: Gro Marie Svidal, Emilia Amper og Peyo Peev. Desse opptrer også: Catrin Finch & Seckou Keita, Saïd El Maloumi og Houcine Baqir (Driss El Maloumi Trio), Fiddlers’ Bid, Noreum Machi og FRIKAR.
påskeaftan. Til sommaren kjem eit nytt: Då lagar vi FOLKELUTT på Torgscena i Førde sentrum, gratis for alle og med både store stjerner og unge talent på scena, fortel Stian Sjursen Takle. -Gleda over å syne fram dei dyktige artistane våre er ein stor motivasjon. –Men det kjekkaste er kanskje å sjå kor stor pris publikum set på opplevingane det gjev dei. Eg har fått klemmar frå tårevåte kjakar frå folk eg ikkje kjenner. Dei finn ikkje ord når dei skal takke. Eg kan vere så sliten etter veker med detaljplanlegging og ei krevjande gjennomføring, men slikt betyr enormt mykje for meg! Då er eg straks klar for å ta nye tak, og eg trur gratiskonserten i Førde sentrum vil innebere mange slike nye, gode møter mellom publikum og artistar. - Eg skulle gjerne vore artist sjølv, eg! Det var ein draum då eg var liten. Eg gjekk på orgelkurs og greier. Men eg hadde ikkje nok tålmodigheit, eg er redd talentet heller ikkje var stort nok, ler programleiaren. Som fann seg ei anna hylle. Den rette!
Offisiell opning ved statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag.
NRK FOLKELUTT Fredag 3. juli kl 15.00 Torgscena Med Gro Marie Svidal, Unni Løvlid, Linda Gytri trio og Firda spelemannslag. Stian Sjursen Takle er vert.
FESTIVALMAGASINET 2015
5
Å vere i Førde Audire Linda Gytri er aktuell med plata Audire, saman med pianist Timo Alakotila og bassist Anders Bitustøyl. Audire betyr å lytte. Høyr dei i Festsalen, Førdehuset Laurdag 4. juli kl. 12.00
Korleis opplever du som artist å vere på Førdefestivalen? Det er stor stas å få spele på Førdefestivalen, og inspirerande å høyre musikk frå alle verdas krinklar og krokar. Midt i vesle Sogn og Fjordane. Tenk så heldige vi er! Eg føler at festivalen er ein døropnar både for publikum og musikarar som kjem. For oss som spelar opnar det dører til nye samarbeid og andre arrangørar i inn- og utland, og for publikum opnar det opp for nye impulsar. Kva forventningar du har til kva konserten dykkar, kva de ynskjer å formidle? Vi ynskjer å formidle musikalske forteljingar - litt gladmelankolsk trekkspelpoesi som eg likar å kalle det. Låtane mine er inspirerte av folk og hendingar i både kvardag og fest, og eg trur der er mykje folk kan kjenne seg igjen i. Litt kvardagsbetraktningar, litt livsfilosofi og litt framtidsvon. Det er ei lita forteljing knytt til kvar einaste av låtane, og desse forteljingane gjev ofte publikum knaggar å feste låtane på. Så vonar eg at vi treff publikum i hjartet med vår musikk - og at vi kan få fram både latter og tårer iløpet av vår konsert. 3. Kva blir høgdepunkta for deg, elles i programmet? Eg gler meg heilt vilt til å høyre Fiddler`s Bid fredags kvelden, og ekstra til å faktisk dele scene med dei og Emilia Amper på Columbi Egg laurdag kveld. Så blir det også spennande med dei ulike samarbeidskonsertane som festivalen har sett i stand. Spennande å sjå kva som kjem utav det. Buskspel og den gode festivalstemninga er noko av det kjekkaste. Ein av mine favorittpostar på festivalen er ”Møt artisten”. Midt i ein kokande festival er det godt å trekkje pusten og få møte menneska bak musikken i ei fin samtale. Ei unik oppleving!
6
FØRDEFESTIVALEN
KONSERT
KONSERT
Verda kjem til Førde, men nokre av perlene i programmet står det norske namn bak. Korleis ser dei fram til festivalen? Vi har tatt ein prat med to av våre fremste folkemusikarar: Linda Gytri og Benedicte Maurseth. Å vere ingenting Benedicte Maurseth & Knut Hamre. Elev og meister gjennom 24 år, møt dei i spel og samtale. Laurdag 4. juli kl. 15.00 Haarklousalen, Førde Kulturskule
Korleis opplever du som artist å vere på Førdefestivalen? Ei glea sjølvsagt! Førdefestivalens program skil seg ut frå alle andre folkemusikkfestivalar i landet, og eg ser fram til å oppleva musikk og musikarar eg aldri har høyrt før. Kva forventningar har du til konserten du skal halde saman med Knut Hamre? Eller heller - forhåpningar? Vel; at publikum går heim att etterpå med kanskje litt andre tankar kring det å vera kunstnar, læremeister, og å vera i teneste for musikken - og ikkje musikken i teneste for oss. Kva blir høgdepunkta for deg, elles i programmet? Sist gong eg vitja festivalen las eg ikkje programmet. Og slik vert det nok no og. Eg fann ut det var rett og slett ikkje trong for å sikra seg kva det var for noko eg skulle høyre, det var berre til å gå og gå og høyre og høyre - for eg røynde at alle konsertane var framifrå!
WORLD CONNEXIONS
DANS
Temaet på den 26. Førdefestivalen er «World ConneXions». I år vil festivalen gjennom fleire prosjekt setje fokus på likskapar og samanhengar mellom musikk-, song- og dansetradisjonar i ulike kulturar.
«Dance ConneXions», ein av tre temaproduksjonar på festivalen, viser samanheng og likskapar mellom to av verdas mest uttrykksfulle dansetradisjonar: Indisk kathakdans og spansk flamenco. Dansarane i framsyninga er legendene indiske Mahua Shankar og spanske Pilar Astola, som kjem med kvar sine ensemble til Førde.
PILAR ASTOLA
Dance ConneXions: Kathak-Flamenco Laurdag 4. juli kl. 13.30 Teatersalen, Førdehuset
MAHUA SHANKAR
MINISEMINAR Laurdag 4. juli kl 12.30– 13.00 Jamie Trancoso: The Kathak-Flamenco Connection. Utstillingssalen. Fri entre.
FESTIVALMAGASINET 2015
7
WORLD CONNEXIONS
UNNI LØVLID 8
FØRDEFESTIVALEN
Vocal MED MÅL OM NY MUSIKK
Unni Løvlid er mellom våre mest anerkjente folkesongarar, og ho har rett i at lista over kunstnarlege samarbeid er lang og usedvanleg. På denne festivalen gjennomfører ho ein draum, ved å samle fire av dei folkesongarane ho sjølv set høgst i ein heilt ny konsertproduksjon. Annie Ebrel frå Bretagne, Gergana Dimitrova frå Bulgaria, Ulla Pirttijärvi frå Finland og Julie Fowlies frå Skottland er dei fire stjernene Løvlid og festivalen har valt ut til konserten ”Vocal ConneXions” i Førde kyrkje fredag kveld. -Det første vi må gjere når vi møtest er å sørge for ei stemning der aller kjenner seg trygge og ivaretekne. Ingen kan vere usikre eller kjenne på behov for å markere seg om dette skal fungere, seier prosjektleiaren. -Reint musikalsk trur eg vi vil møtest i musikklinjene, i det polyfoniske, meir enn i harmoniar og akkordar. Men også det å arbeide utifrå tekst kan vere eit produktivt møtepunkt. For litt sidan arbeidde eg med kinesisk poesi, over 2500 år gamle tekstar omsette av Harald Böckmann. Mange gonger slo det meg: Dette kunne like gjerne vore skrive i dag! Tekstar
om kjærleik fortel meir enn noko anna om kor like vi er som menneske, på tvers av tid og stad, utdjupar Unni Løvlid. -Eg har nok kanskje tatt mange rare val i karrieren mi, seier Unni Løvlid stille. -Eg orkar ikkje styre etter pengar eller popularitet, eg må gjere det som kjennest intuitivt rett. Men Førdefestivalen har alltid inkludert meg, der er eg alltid velkomen. -Vi forstår kvarandre, festivalen og eg, smiler Unni. -Nettverket av musikarar og arrangørar det å vere i Førde har gjeve meg, gjer at eg har kontaktar kor i verda eg dreg. Lite er meir verdifullt for ein artist om ein vil bu i Noreg og likevel satse på ei karriere internasjonalt. -Grete Pedersen, dirigent for Det norske solistkor, er med som produsent for konserten. Ingen av oss veit kva de vil få lytte til, avsluttar Unni. - Men er du i kyrkja denne kvelden har du ein sjeldan sjanse til å høyre noko uendeleg vakkert bli skapt.
KONSERT
Foto: Ingvil Skeie Ljones
- Dei siste 20 åra har eg vore involvert i mange samarbeidsprosjekt. No har eg lyst å gjere det på ein ny måte. Denne gongen er målet meir enn å la ulike tradisjonar møtast. Vi skal skape ny musikk i dette møtet!
Vocal ConneXions Fredag 3. juli kl. 21.00 Førde kyrkje
FESTIVALMAGASINET FESTIVALMAGASINET2015 2015
9
WORLD CONNEXIONS
String Meisterutøvarar på strykeinstrument frå fire ulike land møtest for første gong. Felles for instrumenta er at dei har resonansstrengar som kling med når ein stryk.
EMILIA AMPER
KONSERT
Medverkande i prosjektet er vår eigen hardingfelemeister Gro Marie Svidal frå Jølster, vinnar av Landskappleiken 2014, den svenske nyckelharpemeisteren Emilia Amper, Murad ali Khan frå India på sarangi og Peyo Peev frå Bulgaria på gadulka. Med fire topputøvarar og over 80 strengar i vibrasjon blir dette eit formidabelt meistermøte med store klangopplevingar i vente, lovar direktør Hilde Bjørkum. Nye musikkopplevingar og ny kunnskap for publikum er målet når vi lagar slike nye produksjonar, utdjupar Bjørkum. – Vi går ikkje etter «kjendisartistar», men artistane våre er likevel nøye utvalde frå øvste hylle! Oppdraget vårt som knutepunktfestival er nettopp å presentere det ingen andre har. –Førdefestivalen går andre vegar, og gjev folk noko dei kanskje ikkje visste dei ville setje stor pris på, avsluttar direktøren. String ConneXions Fredag 3. juli kl. 18.00 Festsalen, Førdehuset
MINISEMINAR Fredag 3. juli kl 11.00– 11.30 Bjørn Aksdal: Ekstra Ressonans: Understrengsfeler som fenomen. Utstillingssalen. Fri entre.
10
FØRDEFESTIVALEN
PEYO PEEV
MURAD ALI
LØSTØS
TEAM G
ULLA
NDIMA
& UL
DA
NOMADIC VO
ICES
G
N LUNDE E N N SUSA
Festivalgalla PILAR AS
TOLA
KONSERT
RAJERY
Festivalgalla Laurdag 4. juli kl. 20.30 Idrettshallen, Førdehuset
Så står heile verda på same scene Etter fleire temakonsertar som fokuserer på eitt uttrykk; songen, dansen eller spelet vert festivalgallaen i idrettshallen ei spektakulær feiring av alt folkemusikk kan vere! FESTIVALMAGASINET 2015
11
WORLD CONNEXIONS
Overtonen Hestane gallopperer over endelause stepper, vinden held fylgje, syng i graset. Tonen ber langt, over fjella, til dalar der gjetarane lyttar.
12
FĂ˜RDEFESTIVALEN
”
They are the last witnesses of ancient times when man knew how to be one with nature. (Alain Weber).
møter den enorme Gobiørkenen. I følgje gamle segn var det her overtonesongen, Khoomii (strupehovud), oppstod. Denne songstilen er på mange måtar ein metafor for Mongolia: Fjellandskapet, dei enorme steppene, den barske naturen. Og tonen som ber over alt dette. I Førde finn møtet stad på to av byens tak: Laurdag på byfjellet, 706 meter over havet. Søndag på takterassen i kunstmuseet. Den urgamle songtradisjonen ber fram ein stor
bodskap vi treng i vår del av verda, i vår tid: ”They are the last witnesses of ancient times when man knew how to be one with nature.” (Alain Weber).
KONSERT
Nomadic Voices er møtet mellom vakker fleirstemt tenorsong frå det barske og vakre fjellandskapet på Sardinia og inderleg strupesong frå dei endelause steppene i Mongolia. Det er også møtet mellom to eldgamle musikktradisjonar. Tenorsongen frå fjella på Sardinia var ein del av gjetarkulturen langt tilbake i tida. Og her, i fjellheimen, er songtradisjonen framleis i live. Langt borte frå desse fjella ligg Gobi-Altai-steppene, der Altaifjella
Laurdag 4. juli kl. 13.00, Hafstadfjellet Søndag 5. juli kl. 13.00, Takterrassen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum
706 moh. Samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag.
FESTIVALMAGASINET 2015
13
Foto: Olav Sægrov
Førde Turistinformasjon tlf. +47 57 72 19 59 post@sunnfjord.no • www.sunnfjord.no
Fjordmann av Stig Amdam Premiere torsdag 19. november i Førde. www.softeater.no
Førdefestivalen – også rein energi
FESTIVALPAKKE
for ungdom, student, festivalpass og overnatting. Dobbeltrom og familierom. God standard.
Telefon 57829960 forde@hihostels.no
14
FØRDEFESTIVALEN
Din lokale kraftleverandør
Den lokale drivkrafta! - vi sponsar Førdefestivalen
Vi er også leverandør av:
FOTO: BENT ARE IVERSEN / FIRDA MEDIA
MANGFALD. FARGERIKT. PULSERANDE SYNERGIAR. VI ER HER. GØY Vi har vore sponsor for Førdefestivalen sidan 2008. Vi køyrer på vidare. Sjåast på festival! spv.no / 05555
FESTIVALMAGASINET 2015
15
DANSEGLAD
Direktøren sitt dop: Dansen! Dans var reine dopet for meg i mange år, eg berre måtte ha det! Og det er jo ikkje så farleg, for dans er jo verkeleg sunt dop – både for kropp og sjel. Og dansegolvet er dessutan ein usannsynleg god sjekkearena!
16
FØRDEFESTIVALEN
mellom dansarane, mellom anna gjeld det «vår eigen» Sigmund Eikås frå Jølster, som er ein legendarisk dansespelemann – og var ein av pionerane bak festivalen. I hans ånd byr festivalen opp til dans med landets fremste spelemenn og –kvinner på scena: Øyvind Sandum trio, Firda Spelemannslag, landsfestivalvinnar Bjørkås kvintett og sist, men ikkje minst Eikås sitt eige lag; Indre Sunnfjord Spelemannslag.
DANS
- Under festivalen ynskjer vi både at folk skal få oppleve gode danseprestasjonar på scena, og at dei skal få oppleve dansegleda ved å delta i den sosiale dansen. Kvar kveld går dansen på det gode dansegolvet i Festsalen i Førdehuset, til nokre av Norges beste dansemusikarar, fortel direktør Hilde Bjørkum og utdjupar: - Det er verkeleg ein kunst å vere nettopp det; nokre musikarar har ei eiga evne til å få til denne eggande, uimotståelege måten å formidle musikken på som gjer det nesten umogleg å sitte stille! Den evna er ikkje alle musikarar forunt, men dei som har den blir fort populære
Torsdag 2. juli kl. 21.30, Festsalen, FH Fredag 3. juli kl. 21.00, Festsalen, FH Laurdag 4. juli kl. 22.30, Festsalen, FH
DANSA SIDAN HO VAR LITA JENTE - Eg har dansa sidan eg var lita jente og lærte mine første dansesteg på kjøkengolvet heime. Eg trur den sterke, nærast ekstatiske gleda over å kunne røre seg til god dansemusikk er sterkt underkommunisert. – Det å kjenne korleis rytmane kan drive deg framover, meistringskjensla ved å greie å utføre nokre intrikate dansetrinn og vendingar du har øvd på, å få til nokre steg du nettopp har lært, eller fridomen ved berre å improvisere og røre seg fritt til musikken, det er jo rett og slett fantastisk, og noko eg unner alle å oppleve!, avsluttar den dansande direktøren.
DANSEGLAD
Danseglad du også? Her er festivalløypa for deg!
ONSDAG 1. JULI: 20.00: FRIKAR: GotoGuta
TORSDAG 2. JULI: 15.30: Gresk dansekurs 17.30: Giorgis Xylouris ensemble 19.30: Opningskonsert: World ConneXions 21.30: Dansen går I Førdehuset
FREDAG 3. JULI: 10.00: 16.30: 19.30: 21.00: 23.00:
Gresk dansekurs (forts) VILLNISS: Årstidene Natacha Atlas Dansen går i Førdehuset Keltisk kveld: Danú og Fiddlers’ Bid
Foto: Knut Utler
LAURDAG 4. JULI: 13.30: Dance ConneXions: Kathak – flamenco 14.00: Danse, sa fela! 15.00: Toto La Momposina 17.00: Noreum Machi 20.30: Festivalgalla 22.15: Sembakurs 23.00: Festivalnatt
SØNDAG 5. JULI: 11.30: Ndima 18.00: Pilar Astola Flamencoensemble
FESTIVALMAGASINET 2015
17
VERDSPREMIERE!
DANS
Foto: Erlend Apneseth
DANSEGLAD
FRIKAR Onsdag 1. juli kl. 20.00 Storsalen, Førdehuset
FRIKAR. Fri kar. Ein som kan gjere ”godkarstykkje”. Mjukt, spenstig, akrobatisk. Smilande medan sveitten driv av spente musklar. Men som også er vanskeleg å temje. Kva gjorde vi eigentleg på før i tida? Før det hadde vore folk på månen, før det fanst ein einaste mobiltelefon? Før internettet, før fjernsynet, før straumen? FRIKAR er tilbake med ei ny, modig framsyning! I samarbeid med Førdefestivalen har dansekompaniet utvikla framsyninga ”GotoGuta” - ei studie i gruppedynamikk og fysisk kontakt mellom gutar. ”Gotoguta” får verdspremiere i Førde, når festivalen tjuvstartar onsdag kveld. Saman med dansarane Ådne Kolbjørnshus, Vetle Spring-
18
FØRDEFESTIVALEN
gard og felespelar Andris Hemsing har Hallgrim Hansegård laga ei danseframsyning der dei tek publikum med til ein tenkt støyl. På setra slår dei i hel tida med kreative og lett surrealistiske påfunn. Gjer ”godkarstykkje” for kvarandre. Er frie karar, slett ikkje gode å temje! Frontfigur og koreograf i FRIKAR, Hallgrim Hansegård held i tillegg kurs i GoKarma Yoga under festivalen. Sjå eigen kursinformasjon! Torsdag 2. juli kl 16.00 – 17.30.
Vilt. Og veldig vakkert.
Fandenivoldsk og flørtande flyg ho over scena, heile tida i intens kontakt med publikum. Har du sett Silje Onstad Hålien danse? Du gløymer det aldri.
DANS
Foto: Phil Keen
Under jubileumsfestivalen i fjor gjorde Silje eit uutsletteleg inntrykk i danseteateret Kong Nor. I år er ho tilbake med dansekompaniet Villniss. Saman med Andreas Ljones har ho tatt initiativet til kompaniet, som på kort tid er blitt ein markant aktør innan sceniske folkemusikk – og danseproduksjonar. I framsyninga Årstidene utforskar seks framifrå dansarar og musikarar naturkreftene, men dermed også tilhøvet til kvarandre og seg sjølve: Tuva Færden, Mari Midtli, Andreas Löfberg, Torkjell L. Børsheim, Andreas Ljones og sist men slettes ikkje minst: Silje Onstad Hålien. VILLNISS – Årstidene Fredag 3. juli kl. 16.30 Storsalen, Førdehuset
FESTIVALMAGASINET 2015
19
DANSEGLAD
Foto: Johannes Selvaag
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Festivalnatt
Norsk og internasjonal dansefest i to etasjar
SVER seier SKÅL! For festen, jentene, musikken - og livet!
20
FØRDEFESTIVALEN
og den som berre vil sjå. Festivalen gjev deg: SVER med Olav L Mjelva, Anders Hall, Leif Ingvar Ranøien, Adam Johansson og Jens Linell! Team GløsTøs overtek scena, og tek ansvar for å halde norske dansefesten i Barthold Bar varm utover natta. Av konkurransemessige høgdepunkt kan sigeren i nordisk meisterskap i folkemusikk i 2008 nemnast, for ikkje å gløyme 2. plassen i lagspel på lands-
kappleiken i 2009 og 2013, der Team GløsTøs beviste at dei er Norges beste hardingfelespelemannslag.Team GløsTøs si målsetting er likevel ikkje berre å spele best, dei har også ein klar ambisjon om å sjå best ut og gå sist til sengs!
DANS
Festivalnatta på festivalhotellet får ein pangstart når desse karane går på scena. Med den ferske plata FRYD byr dei på ein kritikarrost musikalsk skål og inviterer til fest. Norske fele- og hardingfeletradisjonar ligg til grunn, men dei meislar ut sitt eige musikalske språk og gjev seg i kast med kvar einaste konsert som om det var den siste. For den som vil danse, den som vil lytte
FESTIVALNATT: Norsk dansefest Laurdag 4. juli kl. 23.00 Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Over Gibraltar etter ein annan dans
Festivalnatt
Semba! Ukjent? Ikkje etter denne natta i toppetasjen på festivalhotellet.
Eksotisk i etasjen over
Under festivalen vert det òg kurs i sembadans. Sjå kursomtale på neste side. Varme i trøya gjer vi klart for dronninga av ørkenblues frå Timbuktu, Mali: Khaira Arby! Den blå bluesen har sitt opphav her, gjennom slavane som kom til Amerika frå landet langs Niger. No herjar ekstremistane landet, men denne musikken har ei sterk overlevingskraft. Khaira Arby og bandet hennar formidlar glede, håp og heilt uimotståeleg danselyst!
DANS
Barthold Bar er open frå kl. 21.30, og fram til konsertane startar er DJ Darius på plass. Aldersgrense 20 år.
Paulo Flores er fødd i Angola, men oppvaksen i Lisboa. Her regjerte unge Flores med danserytmar, saman med Eduardo Paim. På 90talet gjorde fleire slagerar Paulo Flores til eit angolansk musikk-ikon i Portugal. På leiting etter ny inspirasjon gjekk han etter røtene sine i heimlandet. Angola si frigjering frå koloniherrane gjorde inntrykk på han. Det gav håp, og det gjorde at han fatta interesse for den autentiske sembaen. I denne musikkstilen fann han det han leitte etter, som korresponderte med kjenslene hans. Mjuke rytmar, lengt og håp. Ein ny musikalsk heim, som han har innreia på sin eigen måte; litt gammalt og litt nytt, dansbart – og med mykje kjærleik.
FESTIVALNATT: Internasjonal avdeling Laurdag 4. juli kl. 23.00 Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
FESTIVALMAGASINET 2015
21
KURS
TORSDAG 2. JULI
FREDAG 3. JULI
LAURDAG 4. JULI
15:30-17:00 Gresk dans - Kreta. Instruktør: Ioannis Zacharioudakis 2 dagars. 500/350*
09:30-11:30 Sembakurs, 2 dagars. Instruktør: Mau Kobri 500/350*
11:30-13:30 Sembakurs (forts)
10:00-12:00 Gresk dans - Kreta (forts)
16:00-17:30 Gokarma Yoga med Hallgrim Hansegård 300/200*
10:00-11:30 Familiekurs: Noreum Machi 100/50*
18:00-19:00 Lynkurs parhalling. Instruktørar: Inger Furevik og Bjørnar Slåtten. Prøvesalen, Førdehuset. Gratis
18:00-20:00 World music DJ-kurs for ungdom med DJ Darius Darek. Skrivarløa. Avgrensa tal plassar. Gratis
Informasjon * Pris med festivalpass. Påmelding og informasjon: fordefestival.no. F.o.m. måndag 29. juni skjer påmelding til Billettkontoret i Førdehuset, tlf. 46 90 50 10.
Ope under festivalen:
2. – 5. juli: Torsdag kl 15.00-19.00 Dagens middag
FREDAG og LAURDAG kr 195,- pr pers kl 15:00-19:00 Festivalbuffé - eit utval av varmrettar og salat kr 175,-
22
FØRDEFESTIVALEN
Mokurset: Meisterklasse og samspelkurs Instruktørar: Bjørn Kåre Odde og Øyvind Sandum. Påmelding/info: www.mokurset.no Støtta av Førdefestivalen.
presenterer operaen
09.30 - 24.00
Fredag–lørdag FESTIVALKAFE I FØRDEHUSET Opningstidkl 5. 14.00-19.00 - 8. juli: 09:00 - 24:00 Festivalbuffét
tlf: 57 72 19 99 e-post: post@sunnfjordcatering.no www.sunnfjordcatering.no
SØN 5.- FRE 10. JULI
FESTIVALKURS
Festivalkafé i Førdehuset Sal av lunsjmat, kaker og kioskvarer
22:15-23:00 Sembakurs (nybyrjar) Gratis for publikum med billett til Festivalnatt
Søndag SØNDAG - Familiedag kl 13.00-15.00 Ein smak av festival kr 95,barn kr 55,Festivallunsj kr 99,- pr porsjon
av Giuseppe Verdi
i samarbeid med Den Norske Opera & Ballett i Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid
Premiere 30.09. kl. 18.30 Meir info: www.operanordfjord.no
OSLO
WORLD
Festivalhotellet!
Smaken av Marokko med Driss el Maloumi Trio i Restaurant Hugleik torsdag 2.7
MUSIC
Marokko har mykje spennande å by på, både av mat og musikk og i kveld får du servert begge deler.
FESTIVAL
carmen linares & javier baron (es) kHaira arbY (ml) cHico trujillo (cl) teresa salgueiro (pt) beirut & beYond:
Columbi Egg
Restaurant Hugleik fredag 2. og lørdag 3.7
Den inspirerande og muntre bergensmusikaren Gabriel Fliflet skaper klubbstemning det går gjetord om. Fredag: Ulrika Bodén med Ahlgren, Ek og Roswall, Rajery og Sandum Trio. Lørdag: Fiddlers’ Bid, Emilia Amper og Linda Gytri Trio.
Festivalnatt lørdag 3. 7
alsaraH & tHe nubatones (us/sd) wasl: kamilYa jubran (ps) Hello psYcHaleppo (sY/le)
Norsk og internasjonal dansefest i 2 etasjar!
I Barthold Bar leverer SVER ein musikalsk skål til festen, jentene, musikken og livet! I tillegg spelar unge og energiske Team GløsTøs. I etasjen over er det Paulo Flores og suggererande semba frå Angola. Khaira Arby og bandet hennar byr på dampande ørkenblues frå Timbuktu i Mali.
Hindi ZaHra (ma) silvia pereZ cruZ (es) Flavia coelHo (br) saraH camille (no/mQ) alo wala (us/in/dk) batida (pt/ao)
I Restaurant Laxen serverer vi lunsj og middag frå kl 1200 – 2200. Uteservering på Laxen Terrasse. Lobbybaren Bartine - ope frå kl 1800. Servering av småretter og god drikke både ute og inne.
findriv.no
pluss mYe mer
kjøp billetter pÅ: billettservice.no 7-eleven, narvesen & posten Følg osloworld.no For Fullt program
Velkomen til festivalhotellet – god mat, god festivalstemning og gode opplevingar! For bestilling: 57 83 40 00
FESTIVALMAGASINET 2015
23
quiz onsdag kveld
stor uteservering
Festivalopningstider: Onsdag 11-02 | mat 11-20 Torsdag 11-02 | mat 11-22 Fredag 11-02 | mat 11-22 Laurdag 11-02 | mat 11-22 Søndag 11-23 | mat 11-20
alle rettar − mange lokale sortar
heimelaga mat
på elvekanten − midt i sentrum
57 83 22 95 − pikant.no facebook/pikantbar
Gode resultat er som musikk i våre øyrer!
FY LL ER • ENIVEST
R LE YL
ÅR 15
Vinn!
Alle våre kundar kan vinne 15 mnd. kostnadsfritt breiband! F
er ein enklare kvardag for innbyggjarane, samtidig som vi skapar lokale verdiar.
EST FYLLE R1 ENIV 5Å R
15 ÅR • EN IVE ST
MÅLET
• ÅR
BYTT TIL OSS I DAG! 57 00 91 00 | enivest.no
Lokalt breiband – Lokale verdiar
LER YL TF ES
har vi jobba for gode internettløysingar i Sogn og Fjordane.
15
YLLER 15 Å R• ST F VE EN NI IV •E
På nett med Sogn og Fjordane i 15 år
I FEMTEN ÅR
ADCOM Fjord Data - moderne rekneskapsbedrift med unik kombinasjon av fagkunnskap innan økonomi, rekneskap, lønn og teknologi
Stolt hovudsponsor av Førdefestivalen.
Kontakt oss på tlf: 57 72 35 00 I Nettside: adcom.no
24
FØRDEFESTIVALEN
-Heilt sidan 1974
FØRDE GJESTEHUS OG CAMPING AS
Med Firdaabonnement får du
lokale nyheiter og reportasjar frå Sunnfjord, Ytre Sogn og Gloppen, samt hendingsnyheiter frå heile fylket!
Velkommen
Alt innhald på firda.no
Tilgang for fem familiemedlemer
eAvis kl 21 kvelden før
ekstra
til Førdefestivalen
ek stra
Digitalt avisarkiv tilbake til 2003
Riksavisa ekstra
Bestill abonnement på firda.no/bestill eller telefon 57 83 33 00.
Rimeleg overnatting i Førde Enkeltrom frå kr 520,- pr. natt, 2 pers. i dobbeltrom kr 690,- pr. natt Hytter med plass til 6 personer frå kr 1130,- pr. natt (188,-pr. pers. pr. natt)
For booking:
Kontakt oss på telefon 468 06 000 eller via internett. fordecamping.com | post@fordecamping.com
Vi har dagleg*: 34.000 lesarar av papirutgåva 23.000 lesarar på nett 10.000 ledsrar på mobil *Kjelde: Forbruker og Media 15/1
FESTIVALMAGASINET 2015
25
FAMILIEFESTIVAL
Førdefestivalen er for alle, dei små ikkje minst. Gjerne i lag med dei store. Gje deg sjølv og dei små i familien ein god start på dagen med ei konsertoppleving i det fri der alle sansane får spele med i opplevinga.
DEI FEM SANSANE Høyre fug leson Sjå harar g om morgonen i s som leika e r seg på e nga Lukte mø n g a kk Kjenne ka som bonden spreie ttepels m ot berr-fo r over jordet t under b Smake kla ordet ppa-kake som ein s jølv har b aka. (Eva Jens e n)
For kva er vel kulturen si oppgåve i verda om ikkje å opne sansane våre for det fine som finst?
Elin Grytting og Synnøve Bjørset held selskap med ”Røyskattrumpa og dei knisande geitene”: Songar, eventyr og forteljingar frå Sogn og Fjordane.
26
Morgonstund har gull i munn! Onsdag 1. juli kl. 09.00, Nærleiken barnehage Fredag 3. juli kl. 09.00, Vieåsen barnehage
FØRDEFESTIVALEN
KONSERT
MORGONSTUND HAR GULL I MUNN!
Kari Malmanger tek deg med inn i storskogen der du får møte rocke-huldra, eit troll, ein prins, ulven, bjørnen og fleire andre dyr.
KONSERT
MORGONSTUND HAR GULL I MUNN!
Morgonstund har gull i munn! Torsdag 2. juli kl. 08.30 Sunnfjord Museum
FAMILIEFESTIVAL
Alt som er kjekt og sluttar på TUR Leik deg på jakt etter samansette ord som sluttar på -tur, då finn du mykje moro i festivalprogrammet. Nytt i år er overnattingstur, sykkeltur og blåtur. Dei siste to i kombinasjon! BlåTUR på SykkelTUR
KONSERT
Bli med når Barnas Turlag og Førdefestivalen inviterer på overnattingstur på Mosetra. Pakk sekken, teltet og soveposen og nyt sommarnatta ute i friluftslivets år. Ut på kvelden får vi besøk av Elin Grytting og Synnøve Bjørset som syng, spelar og fortel om ”Røyskattrumpa og dei knisande geitene”. Ein kveld i lag ”off line”, kun på nett med naturen. Kjekt å vere med på, godt å tenkje tilbake på!
OvernattingsTUR Onsdag 1. juli kl. 18.00 Oppmøte ved Sunnfjord Museum
KONSERT
OvernattingsTUR
ho stadig på jakt etter nye tonar å vekke til live. Til Førde kjem Ulrika med favorittmusikarane i trioen Alberg, Ek & Roswall. Dei er kjende for eit glitrande samspel, fantasifulle arrangement og eit stort og variert repertoar. Musikken deira har innslag av både pop og barokk, det er store klangvariasjonar, og ikkje minst – det svingar skikkeleg! Meir seier vi ikkje, for denne sykkelturen er også ein blåtur! Start frå Førdehuset. Slutt? Den som syklar får sjå!
Førdeentusiast Hans Jakob Reite tek deg med på guida sykkeltur i sentrum. Turen endar på ein heilt ny festivalarena. Den er intim og heimekoseleg, og ei perfekt ramme for stemningsfull svensk folkemusikk servert av Ulrika Bodén og hennar musikarvener: Ulrika Bodén er ein allsidig songar, musikar og låtskrivar. Viser frå Ångermanslän går som ein raud tråd gjennom musikken hennar; viser ho har lært av den eldre generasjon i heimtraktene sine. Her ferdast
BlåTUR på SykkelTUR Torsdag 2. juli kl. 13.30–15.30 Turen går frå Førdehuset
FESTIVALMAGASINET 2015
27
FAMILIEFESTIVAL
Førdefestivalen spanderer Festivalen finn fram spanderbuksene når han kler seg til helg laurdag morgon. Festivalfrukost i parken, festivalparade og festivalkonsert på Torgscena: Til publikum frå Førdefestivalen og gode samarbeidspartnarar for kroner null! Torgscena. For slik spelar det skandinaviske folkroots-bandet Basco. Med smittande energi, stor virtuositet og kreativitet har Basco spelt seg inn i hjarta og hovuda på eit stort publikum i heile Europa. Dei låner frå skandinaviske, irske, skotske og nordamerikanske tradisjonar, men kom og høyr alt dei gjev tilbake! Basco si siste plate, «The remarkable return of old man Basco» var foreslått til Nordic Music Prize, som første stringband gjennom tidene. Til publikum frå Førdefestivalen: Basco – gratis - på Torgscena!
GRATIS
Start dagen med ein god frukost i godt selskap. På festplassen dekker Bondens Marknad og Kokkenes Meisterlaug til gratis festivalfrukost i det grøne. Musikk til maten? Sjølvsagt! Festivalartistar varmar opp til paraden som litt seinare går frå Førdehuset til Elvetorget. Sjeldan kjenner festivalen seg så kry som når opptoget med dans og musikk frå heile verda fløymer gjennom byen. - Dette er min by! Her bur eg, tenkjer festivalen stolt. Førdefestivalen er mangfaldig. Somme tider kan den utfordre publikum, så mykje er nytt og annleis enn alt anna ein har høyrt og sett. Men somme tider frir festivalen til små og store gjennom glade rytmar og fengande tonar som er lette å like for alle og ein kvar. Eit slikt frieri er kjem laurdag formiddag, når paraden når
Festivalfrukost kl. 08.30, Festplassen Festivalparade kl. 10.30, Førdehuset–Elvetorget BASCO kl. 11.00 Torgscena, Elvetorget
ARCHITECTS (UK) MILLENCOLIN (SE) HOFFMAESTRO (SE) EMILIE NICOLAS MARMOZETS (UK) JONAS ALASKA THE TOY DOLLS (UK) HONNINGBARNA TEAM ME VIOLET ROAD HURULA (SE) TØNES THE DOGS THEA HJELMELAND COMET KID SVELENE DRUSAR JØRN M/ TROLLEBØ I SEE RIVERS
28
FØRDEFESTIVALEN
FAMILIEFESTIVAL
La deg fange på Førdehuset
Familiesøndag: SAMVAAD INDIA BASCO DANMARK TEAM GLØSTØS NORGE JANUSZ PRUSINOWSKI KOMPANIA POLEN NOREUM MACHI KOREA
KONSERT
Det ferske folkedansteateret Danse, sa fela! lokkar med friske hallingspark og saftig felespel. Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet tek små og store med på ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike i Festsalen i Førdehuset laurdag ettermiddag. Søndag forvandlar heile Førdehuset seg til eit mylder av moro for heile familien, gratis og gøy. La deg fange!
Barneframsyning: Danse, sa fela! Laurdag 4. juli kl. 14.00 Festsalen, Førdehuset
KONSERT
Ei lita jente er teken til fange inne i fjellet. Med kløkt og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen.
Familiesøndag Søndag 5. juli kl. 13.00–14.30 Førdehuset
FESTIVALMAGASINET 2015
29
VELKOMMEN til ein triveleleg handel!
Opplev sagaøya Kinn I havgapet vest for Florø ligg den grøne, graskledde øya Kinn. Med si vakre middelalderkyrkje, spektakulære natur og spanande historie fascinerer øya alle som tar turen hit. I dag er det Kinnaspelet som lokkar flest menneske til Kinn. Naturen, nærleiken til storhavet og den vakre steinkyrkja er med på å danne ei unik ramme rundt teateropplevinga. I 2015 vert Kinnaspelet arrangert 20.-21.juni. Guida tur til Kinn. Frå 23.juni-16.august er det guida turar til Kinn, med start i Florø. Turen går tysdag, onsdag, torsdag, fredag og søndag. Billettar kan kjøpest på fjordkysten.no og på Flora Turistkontor (tlf 57 74 30 00). I heile juli er det open kyrkje på Kinn kvar dag, med middags- og kveldsbøn. www.kinnaspelet.no
49 butikkar/ restaurantar
500 gratis parkeringsplassar Treningsenter
Leikeland
...vi har det! Opningstider: Kvardagar: 10-20 (21) Laurdag: 10-18 (20) Nokre butikkar har andre opningstider
30
FØRDEFESTIVALEN
HANDELHUSET FØRDE
www.fjordkysten.no
SAREPTAS KRUKKE
Sareptas krukke Vi ynskjer kvart år å gje publikum noko dei kanskje ikkje har opplevd før. – Eg er sjølv notorisk musikalsk nysgjerring, og eg opplever at mange av publikummarane våre er det også, fortel Bjørkum. Eg trur desse nye opplevingane gjer noko med oss! - Å få lov å jobbe med musikk og musikarar frå heile verda, er som å ha tilgang på Sareptas krukke! Mange undrar seg over dette, smiler Hilde. –Tek det aldri slutt? Kor mange nye, eksotiske og ukjende tradisjonar er det mogleg å hente hit til Førde? Det er inga grunn til uro, lovar festivaldirektøren. - Det er så utruleg mykje spennande der ute! Det finst musikkuttrykk eller dansetradisjonar vi knapt kjenner til, langt mindre høyrer eller ser i det daglege her i Norge. Det er eit privilegium å kunne legge til rette for å gje publikum både nye opplevingar og ny kunnskap gjennom det vi presenterer på festivalen. Krevjande og komplisert Det kan sjølvsagt òg vere krevjande, frustrerande og energitappande når ein møter hindringar på vegen, det vere seg visumproblem, reisekomplikasjonar, kulturkollisjonar, fordommar eller ukunne. Men du verda for ein energi det gjev når publikum kjem ut frå ein konsert med stjerner i augene, spring etter meg og fortel at «denne opplevinga vil eg aldri gløyme!» Og då har dei kanskje vore
på ein konsert der dei verken kjende artisten eller musikken frå før. Ei spennande reise Det er ei spennande reise å legge programmet for Førdefestivalen, fortel Bjørkum. Og det manglar ikkje på tilbod! Festivalen har etter kvart opparbeidd seg ein høg status i det internasjonale musikkmiljøet, så vi får overveldande mange tilbod av musikarar frå heile verda. Mange tusen forslag strøymer inn kvart år. Mitt viktigaste faglege nettverk er i utlandet, fortel Bjørkum. Det er uhyre viktig å oppleve musikarane i reelle konsertsitusjonar – Og det aller beste er ofte å oppleve dei i sitt heimlege miljø – då får ein mykje tilleggsinformasjon både om kultur, miljø, og konteksten musikken står i, fortel ho. Dei siste åra har eg besøkt m.a. Marokko, Korea, England, Estland, Kapp Verde, India, Zanzibar, Serbia, Ungarn, Polen, Palestina, Danmark og Frankrike for å oppleve og oppdage musikk og musikarar og delta i konferansar og møte med festivalkolleger og andre frå musikkbransjen.
Ikkje alt kan teljast I Norge er vi veldig opptekne av å telje no for tida, også innan kulturlivet, vi tel antal publikummarar, antal arrangement, antal budsjettkroner, antal sponsorar og antal offentlege bidragsytarar. Men alt som tel kan ikkje teljast! Kvalitet, nyvunnen kunnskap, opplevingar som endrar vår innstilling til både vår eigen og andres kultur, eller påverkar vår haldning til andre menneske kan ikkje teljast på den måten. Men dette er jo minst like viktige aspekt ved det arbeidet vi gjer som det som kan talfestast! Det er uhyre viktig at både vi som er kunstnarleg ansvarlege innan kunstproduksjon og –formidling, og våre styresmakter som utformar kulturpolitikken er oss bevisst nettopp dette. I år er Vietnam Water Puppetry, Noreum Machi frå Korea og Ndima frå Republikken Kongo mellom musikarane og musikkuttrykka som mange blant publikum antakeleg ikkje har opplevd før. Les om desse og andre eksotiske og ekslusive opplevingar på dei neste sidene i magasinet.
FESTIVALMAGASINET 2015
31
SAREPTAS KRUKKE
Eksotisk & eksklusivt Vietnamesisk vassdokketeater, jodlande pygmear frå akafolket, spektakulær koreansk perkusjon og russisk surrealisme: Kort oppsummert det vi trur blir årets mest eksotiske opplevingar på Førdefestivalen!
32
FØRDEFESTIVALEN
Torsdag 2. juli kl. 16.00, Langebrutorget Fredag 3. juli kl. 10.30, Langebrutorget Laurdag 4. juli kl. 12.30, Langebrutorget
NDIMA Ndima tyder skog på akaspråket. Gruppa vart etablert i 2003 som ein slags «redningsaksjon» for musikk- og dansetradisjonane blant akafolket, eit av pygméfolka nord i Republikken Kongo. Gjennom framsyninga Moaka na ndima, («Mennesket og skogen»), får du eit historisk tilbakeblikk og eit gløtt inn i ein kultur som fram til nyleg vart ignorert og i ferd med å forsvinne. Akafolket er særleg kjende for si fleirstemte jodling, som vert framført med imponerande vokalteknikk og stemmeprakt.
KONSERT
KONSERT
VIETNAM WATER PUPPERY Vietnam er det einaste landet i verda som har ein tradisjon med vassdokketeater. Tradisjonen går heilt tilbake til det 11. århundre i landsbyane ved elvedeltaet til Sông Hồng, «Den Røde elv» i Nord-Vietnam. Med vatn som scenegolv framfører tredokkene som vert ført av skjulte dokkeførarar dramatiske, humoristiske og spennande eventyr og historiar, og det heile vert akkompagnert av musikk og song frå eige orkester! Vassdokketeaterframsyninga under Førdefestivalen skjer på Langebrutorget i Førde sentrum. Teaterbassenget, med tribune og scene vert bygd på staden, men det meste av utstyret er frakta heilt frå Vietnam til Førde! Etter den 30 minuttar lange framsyninga, vert publikum invitert til å sjå nærare på dokkene og korleis dei vert handterte av dokkeførarane. I samarbeid med den vietnamesiske ambassaden i Oslo.
VIETNAM WATER PUPPERY
Ndima Søndag 5. juli kl. 11.30 Teatersalen, Førdehuset
KONSERT
NDIMA
NOREUM MACHI Noreum Machi er for tida det mest kjende folkemusikkbandet frå Korea. Instrumenta dei brukar er tradisjonelle trommer (janggu, jing, buk and kkaaenggwari) og essensen i framsyningane er musikalitet og kreativitet. I botnen ligg tradisjonsmusikken, men Noreum Machi lagar også eigne komposisjonar. Noreum Machi, tyder «den som ingen vågar å følgje», så dei har lagt lista høgt! Til no har suksessen ført dei på turné til rundt 30 land og resultert i mange inspirerande møte med nye kulturar og tradisjonar. Førdefestivalen er stolt over å presentere Noreum Machi på norsk jord for første gong, og vi gler oss til ei framsyning som er like fargerik som den er spektakulær!
OTAVA YO
OTAVA YO Otava Yo forvandlar tradisjonelle russiske folketonar til livleg gladmusikk. Dei gjev oss eit glimt inn i livet på den russiske landsbygda med kjærleik, fest, vemod og villskap i ein slags surrealistisk harmoni.. Dei leikar med tradisjonelle, nasjonale instrument som gusli, Zhaleika og fele, og med utgangspunkt i tidlause russiske folketonar tek dei musikken vidare til det dei omtalar som «russiskgotisk rhythm and blues». På scena er Otava Yo iført russiske skinnluer og slitne singletar. Dei er gjennomgåande humoristiske i alt dei gjer. I heimbyen St. Petersburg har dei stjernestatus. Det blir eit surrealistisk eventyr å oppleve dei i full fyr på scena i Idrettshallen – ein søndag ettermiddag.
KONSERT
NOREUM MACHI
Noreum Machi Laurdag 4. juli kl. 17.00 Storsalen, Førdehuset
Otava Yo Søndag 5. juli kl. 15.00 Idrettshallen, Førdehuset
FESTIVALMAGASINET 2015
33
SAREPTAS KRUKKE
Diva
E
Ordet har sitt opphav i det italienske språket og blir brukt om ei songarinne med stjernestatus og eineståande songtalent. Diva på festivalen i år er Natacha Atlas!
34
FØRDEFESTIVALEN
Å bygge musikalske bruer har ført til samarbeid artistar som Peter Gabriel, Sinnead O’connor og Jean-Michel Jarre. Dei siste åra har Natacha Atlas nytta musikarar frå klassiske strykeorkester i prosjekta sine og har også spelt på festivalar for klassisk musikk. Og det er dette uttrykket ho konsentrerer seg om når ho kjem til Førde med sitt 10-manns sterke ensemble. Samy Bishai (fele) Mara Lucia Tieles Cutie (fele) Chandra Varona Vega (fele) Andy Hamil (bass) Ivan
Hussey (cello) Alcyona Mick (flygel) Louai Al Henawi (ney) Aly Abdel-Alim (perkusjon) Visilis Sarikis (perkusjon). La den varme stemma omfamne deg og len deg tilbake til mjuke tonar frå tusen og ei arabiske netter av fløyel og silke.
KONSERT
Natacha Atlas har nådd status som superstjerne gjennom si musikalske brubygging. Med egyptisk-engelske foreldre, og oppvaksen i Brüssel, har det vore naturleg for henne å ta med seg fleire kulturar inn i musikken. Med stor tryggleik blandar ho arabiske melodiar og instrument med vestlege rytmar og harmoniar på ein måte som har skapt enorm begeistring i fleire delar av verda. Den multikulturelle bakgrunnen gjev grunnlag for eit uttrykk mange finn litt av sitt eige i.
Natacha Atlas Fredag 3. juli kl. 19.30 Idrettshallen, Førdehuset
Dronning
Om Natacha Atlas er årets diva, er Toto La Momposina dronninga av denne Førdefestivalen.
med henne, sjå berre på dette bandet som inntar festplassen i Førde laurdag ettermiddag: Jorge Luis Aguilar (perkusjon, vokal, gaitas) Rafael Castro Vergara (perkusjon, vokal) Wilmer Guzman Arevalo (perkusjon, vokal) Edwin L Hernandez Ardila (klarinett, saksofon) Juan Carlos V Muñoz (tiple, vokal) Marco V Oyaga Basanta (perkusjon, vokal) Freddy Soto Coavas (trompet, vokal) Nestor Vanegas Forero (bass, vokal ) Alejandro Niño.
Men det er likevel ikkje tvil om kven som er frontfiguren! I alder av 74 år elskar ho framleis å stå på scena – og det er fantastisk å kunne ønskje den berrføtte, flotte dronninga av cumba velkomen tilbake til Førde 23 år etter ho var her første gong!
KONSERT
Cumbia-dronning, nærare bestemt. Toto La Momposina er den fremste ambassadøren for musikktradisjonen frå Colombias karibiske kyst. Musikken er ein arv etter både afrikanske, indianske og spanske kulturar, og med dronning Toto i spissen har cumbia-rytmane vorte ein internasjonal dansefarsott. Den colombianske cumbiaen er kjernen i hennar musikalske liv, men andre latinamerikanske rytmar inngår sjølvsagt også i repertoaret. Det er sett på som ei ære å få spele
Toto La Momposina Laurdag 4. juli kl. 15.00 Festplassen
FESTIVALMAGASINET 2015
35
FESTIVALBYEN
Vi er stolte sponsorar og samarbeidspartar for Førdefestivalen SPONSORAR
SAMARBEIDSPARTAR
Barnas Turlag Førde, Bary as, Bellis Blomster, Bergens Tidende, Blomsterhagen Restaurant, Bondens Marked Førde, Byggmakker Bruland, Fjordamattunet, FjordKysten, Førde Kyrkje, Hellenes as, Hellevang Kontorsystemer as, Hjarterommet, Jølstramuseet, Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane, Kontorsenteret, Lotteri- og stiftingstilsynet, Magne Hafstad as, Naustdal Dampbakeri, Norkring, Nærleiken Barnehage, Rotary Førde, Rytne Gard, Sognefjord.net, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum, SNU, United World College, Vieåsen Barnehage, Øren Hotel
36
FØRDEFESTIVALEN
FESTIVALBYEN
Ute til lunsj Det er fredag, snart helg og festivalen inviterer deg ut til lunsj på rådhusterassen. Bak invitasjonen står to menn som på kvar sin måte minner oss om det universelle visdomsordet: Kindness is magic! Førdefestivalen er gjester første fredagen i juli, veit vi ikkje. Men det er grunn til å gle seg til å gå ut til lunsj! Om møtet med Ståle Randal og teamet hans sin kokkekunst er ei sanserik oppleving, vil det musikalske møtet festivalen byr inn til på lunsjkonserten vere i same skala. Til Førde kjem Rajery med trioen sin - og dei intrikate rytmane, den fleirstemde songen og den gode, døse stemninga frå Madagaskar. Rajery er ein kulturformidlar av rang, som kombinerer eit sjeldan musikktalent med stor innleving og formidlingsevne. Han syng og spelar valiha, tubesitteren som vert rekna som nasjonalinstrumentet på Madagaskar. Frå han var femten år har Rajery vore ein musikalsk ambassadør for heimlandet sitt, og spreidd rytmane frå Madagaskar til resten av verda. Han spelar valiha med éi hand og har utvikla sin heilt spesielle måte å spele på sidan han måtte amputere fingrane på høgre hand tidleg i barndommen. Rajery er eit musikalsk under og eit stort førebilete på Madagaskar. Dermed kjem tanken om slektsskapet mellom dei to, han som står på kjøkkenet og han som står på scena. Det er det gode som får råde når dei gjer det dei kan best: Resultatet blir føredømeleg: Kindness is magic!
KONSERT
I kantina på det nye rådhuset i Førde bugnar lunsjbuffeten innbydande mot gjestene kvar einaste dag. På kjøkkenet er stemninga god og energisk. Ut frå mylderet kjem ein blid kar, stikk neven fram og helsar fast. Ståle Randal er kokk og ansvarleg for tilrettelegginga av arbeidsplassane i kantina. Menneske med ulike føresetnader får meiningsfulle oppgåver dei meistrar og resultat er overveldande: Denne oppdekkinga må vere den flottaste i heile byen! –Ja, dette brenn vi for. Vi har drive kantine på Kronborg i fleire år, no har vi utvida drifta til å omfatte rådhuskantina, eg er ikkje framand for at vi kan drive endå fleire kantiner, smiler Ståle Randal. –Her på rådhuset får dei som bestemmer, politikarar og byråkratar, sjå – og smake - kva resultat det kan gje når den enkelte får tilpassa oppgåver, held Ståle fram. Men så må han springe, dei ropar på han frå kjøkkenet, lunsjgjestene kjem frå alle etasjar og korridorar. Mot ein buffet som er ein fest i fargar og smakar, endå det berre er ein heilt vanleg kvardag. Korleis serveringa då vil bli når
Lunsjkonsert med Rajery Trio Fredag 3. juli kl. 12.00 Rådhusterrassen
FESTIVALMAGASINET 2015
37
FESTIVALBYEN
Skattejakt
LØYPA FOR DEG SOM SER ETTER PERLER I FESTIVALPROGRAMMET!
ONSDAG 1. JULI: 20.00: FRIKAR: GotoGuta
TORSDAG 2. JULI: 13.30: Blåtur på sykkel: Ulrika Bodén m/Ahlberg, Ek og Roswall 16.00: Vietnam Water Puppetry 19.30: Opningskonsert: World ConneXions 22.00: Smaken av Marokko – med Driss el Maloumi
FREDAG 3. JULI: 12.00: Susanne Lundeng: «Nesten ikke helt som før.» 13.30: Cathrin Finch & Seckou Keita 18.00: String ConneXions (Gro Marie Svidal, Emilia Amper, Peyo Peev, Murad Ali Khan) 19.30: Natacha Atlas 21.00: Vocal ConneXions (Unni Løvlid, Annie Ebrel, Julie Fowlies, Gergana Dimitrova, Ulla Pirttijärvi, Håkon Thelin) LAURDAG 4. JULI: 12.00: Linda Gytri Trio 13.30: Dance ConneXions: Kathak – flamenco 15.00: Benedicte Maurseth & Knut Hamre: Å vera ingenting 16.30: Møt artisten: Ndima 17.00: Noreum Machi 18.30: Talent 2015 20.30: Festivalgalla 23.00: Columbi Egg
SØNDAG 5. JULI: 11.30: Ndima 13.00: Nomadic Voices 17.00: Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola
38
FØRDEFESTIVALEN
Gamle instrument – nytt blikk FESTIVALUTSTILLING PÅ FESTPLASSEN Festivalen sin designar, Piotr Pucylo, har prega det grafiske uttrykket til festivalen i ei årrekkje. I år pregar festivalen bybildet ytterlegare ved ei flott utstilling på store flater i
parken på Festplassen. Her er nokre smakebitar, Piotr Pucylo har eit heilt spesielt blikk for verdas tradisjonsinstrument. Offisiell opning onsdag 1. juli kl 18.30.
FESTIVALMAGASINET 2015
39
FESTIVALBYEN
FESTIVALKOMMUNEN Kommunereforma tek ikkje Førdefestivalen stilling til, men vi tek stadig fleire kommunar med i mylderet av scener vi brukar, både på sjølve festivalen og på Folkjazzscena gjennom året. Florø var ny i fjor, Høyanger er ny i år. Gaular, Fjaler og Jølster har vore med i festivalkommunen lenge!
ONSDAG 1. JULI 20.00 – 21.00 Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek og Roswall Blomsterhagen restaurant, Florø
SØNDAG 2. JULI 12.00 – 13.30 Ulla Pirttijärvi & Ulda Rytne gard, Bygstad
Vi inviterer til nye festivalopplevingar i Florø! I år kan du gle deg til vakre viser og svingande polskar med Ulrika Bodén, Emma Ahlberg, Daniel Ek og Niclas Roswall.
Finske Ulla Pirttijärvi-Länsman er ein av dei store stjernene i Sapmis, og saman med trioen sin, ULDA, byr ho på tradisjonell samisk joik i nye arrangement. Alt i alt ei perfekt blanding for den vakre arenaen ved foten av Storehesten i Bygstad. Buss t/r Førde inkl. i billetten.
20.00 – 21.00 Giorgos Xylouris ensemble Øren Hotel, Høyanger Festsalen, Førde torsdag 2. juli kl 17.30 Velkomen til vår aller første festivalkonsert i Høyanger! Giorgos Xylouris er kjend for si sensuelle stemme og eminente laoutospel, og byr på song, dans og spel frå fjella på Kreta. Med greskinspirert meny i restauranten, blir det god tavernastemning.
TORSDAG 2. JULI 23.00 – 01.30 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden I dei intime museumsstovene på Jølstramuseet ønskjer vi velkomen til nye magiske musikkmøte. I år får du oppleve Knut og Ole Aastad Bråten, Emilia Amper, Samvaad, Julie Fowlis, musikarar frå Vietnam, og unge talentmusikarar frå Iran, Armenia og Norge. Indre Sunnfjord Spelemannslag spelar i tunet. Buss t/r Førde inkl. i billetten. Sal av mat på Jølstramuseet.
40
FØRDEFESTIVALEN
17.00 – 19.00 Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola Fjordamattunet, Vassenden Med utgangspunkt i Summers sine tradisjonar frå det skotske høglandet, har den skotsk-finske duoen skapt eit musikalsk landskap. Samspelet er som ein lett flørt; Summers og Silvola trivst i kvarandre sitt selskap – og som publikum får vi ta del i musikk som osar av kjensler. Buss t/r Førde inkl. i billetten. Sal av lokalmat i pausen.
18.00 – 19.00 Pilar Astola Flamencoensemble United World College, Flekke Ein av dei mest etterspurde flamencodansarane i verda, Pilar Astola, gjev deg ei danseoppleving av dei sjeldne. Her kjem du tett på den uttrykksfulle og dramatiske flamencoen, og du kan til fulle nyte det intense samspelet mellom dansaren og musikarane i ensemblet. Buss t/r Førde inkl. i billetten.
FESTIVALBYEN
Keltisk sommarfest!
”
Eg gler meg heilt vilt til å høyre F iddlers´ bid på fredagsk velden! (Linda Gytri, artist
på festivale
n).
Musikken frå dei grøne øyane vest i havet kling godt i norske øyre. Irsk folkemusikk er kanskje den mest populære her til lands, utanom vår eigen. Fredag kveld inviterer festivalen til ein festkveld av dei sjeldne på Festplassen. Og blunkar til folk i Florø med eit frieri: Buss til og frå!
kommunikasjonssjef Torill Faleide. Vi har gjeve Florøpublikummet eit par gode konsertopplevingar i Florø, så no håpar vi at vi kan lokke endå fleire til å komme til festivalen her i Førde. Vi veit at publikum i vår vestlegaste by har eit nært tilhøve til musikken frå øyane lenger vest. Som kjent høyrde Shetland tidlegare til Norge, og framleis er det tette band. Hovudstaden Lerwick ligg nærare Bergen enn Edinburgh, og mange namn på Shetland stammar frå Norge. Slik også med musikken, her er klar slektskap mellom den norske og den shetland-
ske tradisjonsmusikken. Det er berre å kle seg til fest og møte ”slekta”! Vi lovar ekslusiv mottaking når bussen kjem fram til Førde, smiler Torill Faleide lurt.
kl. 21.00
KONSERT
Frå Waterford, Kerry, Dublin og Donegal i Irland kjem dei, Danu. Gruppa er rekna som verdsleiande innan irsk folkemusikk i dag. Dei byr på heftig ril og stemningsfulle balladar; irsk folkemusikk på sitt aller beste. Dei spelte på festivalen i 2002, og no er dei klare for ein ny visitt. Fiddlers’ Bid er eit forrykande band som held i hevd den rike feletradisjonen frå Shetland. Musikarane er blant dei beste Shetland kan by på. Så kvifor festivalbuss frå Florø? - Fordi vi så gjerne vil at fleire skal få oppleve stemninga på festivalen, seier
Bussavgang frå Firda Billag Florø kl 21.00. Retur frå Festplassen kl. 02.00.
Danu og Fiddlers´Bid Fredag 3. juli kl. 23.00–02.00 Festplassen.
FESTIVALMAGASINET 2015
41
Gratiskonsertar på Torgscena
Festiva
morl-o
Hei !
ONSDAG 16.00
FREDAG 1500
Her er annonsa eg hadde i fjor. Frikar – Norge NRK Folkelutt sender TORSDAG 1100
direkte frå Torgplassen med Stian Sjursen Takle som vert. Gro Marie Svidal, Unni Løvlid, Linda Gytri Trio og Firda Spelemannslag
Ulrika Bodén – Sverige Følgjande program er det i år: Giorgos Xylouris ensemble – Hellas Fiddler’s Bid – Shetland
LAURDAG 1100 Gratiskonsert etter ankomst av Festival-parade. Basco – Danmark
elvetorget.no
ÅRETS BOB-KONSERT VIETNAM WATER PUPPETRY (vassdokketeater) I eit spesiallaga basseng på Langebrutorget (ved Rådhuset) vert dramatiske historier og fantasifulle eventyr framført, til levande musikk av dokker over og under vatn. Ei flott framsyning for heile familien! Vis me dlem Torsdag 2. juli kl. 16.00-17.00 frå BO skortet B og få Fredag 3. juli kl. 10.30-11.30 20% ra b på bille att Laurdag 4. juli kl. 12.30-13.30 tten!
gasta.no
BOB Region NordVest | Førde: Storehagen 1D, Pb. 234, 6802 Førde | Florø: Strandgata 35, 6900 Florø
42
FØRDEFESTIVALEN
Versågod og nyt Blant dei rundt 90 arrangementa på årets festival, er det ei rekkje opplevingar du kan få med utan å løyse billett. Her er ein liten guide. • Morgonstund har gull i munn; onsdag, torsdag og fredag • Festivalutstilling på Festplassen • Festivalfrukosten laurdag morgon på Festplassen • Festivalparade laurdag morgon frå Førdehuset til Torgscena • Lynkurs i parhalling torsdag • Festivalgudsteneste søndag i Førde kyrkje • Familiesøndag i Førdehuset • Verdsmusikk-DJ kurs med DJ Darius Darek fredag
Førdekonferansen 2015 Vi har sterk tillit til kvarandre og samfunnet i landet vårt. Men frivilligliv og deltaking i samfunnslivet er i endring. Kan endringane påverke viktige fundament i samfunnet vårt, som ytringsfridom og høve til ytring? Konferansen 2015 drøftar også festivalar og andre kulturaktørar sitt bidrag til lokal kultur- og samfunnsutvikling.
Program og påmelding: fordefestival.no
KONSERT
Utfordringane og emna årets konferanse tar opp, er høgst dagsaktuelle, påpeikar Hilde Bjørkum. - Konferansen vender seg til alle som driv med organisering eller på anna vis er aktive i frivillig arbeid, leiarar av kulturinstitusjonar, og ikkje minst politik-arar og næringsaktørar. Mellom innleiarane er Sturla Stålsett, leiar for Frivillighet Norge, Knut Olav Åmås (foto), direktør i Fritt Ord, Bjørgulv Vinje Borgundvaag, statssekretær i Kulturdepartementet. Førdekonferansen 2015 Torsdag 2. juli kl. 10.30–16.30 Scandic Sunnfjord hotel
Musikk i Sentrum på Torgscena ved Elvetorget ONSDAG 1. JULI 16.00 Torgscena FRIKAR TORSDAG 2. JULI 11.00 Torgscena Ulrika Bodén 11.15 Torgscena Giorgos Xylouris ensemble 11.30 Torgscena Fiddler’s Bid FREDAG 3. JULI 15.00 Torgscena NRK Folkelutt LAURDAG 4. JULI 08.30 Festplassen Festivalfrukost Janusz Prusinowski Kompania 11.00 Torgscena Basco
Foredrag og Møt artisten
i Utstillingssalen i Førdehuset FREDAG 3.JULI 11.00-11.30 Bjørn Aksdal: Ekstra resonans Understrengsfeler som fenomen. 14.30-14.55 Møt Ole og Knut Aastad Bråten 17.30-17.55 Gerard Kurdjian: The Sacred Musics of the World as medium of intercultural dialogue. LAURDAG 4.JULI 12.30-13.00 Jamie Trancoso: The kathak - flamenco connection 16.30-16.55 Møt Ndima
FESTIVALMAGASINET 2015
43
FESTIVALBYEN
Tett på i Teatersalen -Teatersalen i Førdehuset er ein av favorittsalane mine å programmere i, fortel direktør og kunstnarleg leiar Hilde Bjørkum. Mange av mine sterkaste konsertopplevingar har eg nettopp frå denne salen. - Her kan ein dukke inn i ei eiga verd, skjerma frå støy og andre inntrykk utanfrå, utdjupar Bjørkum. Salen er intim, med gode sete i fullt amfi, ein kjem tett på artistane, og har samstundes ei stor, god scene med alle fasilitetar for profesjonell lyd og lys. Noko av det som er spennande med programmeringa av festivalen, er nettopp å finne dei rette artistane og musikalske uttrykka til dei ulike arenaene fortel direktør og kunst-
narleg leiar for festivalen, Hilde Bjørkum. – Kvar arena har sin eigen atmosfære og sine moglegheiter. I teatersalen kan vi presentere skjulte skattar og smaksrike konfektbitar frå den store musikkfloraen verda byr på, nært og eksklusivt. La meg fortelje om to av konsertane våre her i år:
DRISS EL MALOUMI
44
FØRDEFESTIVALEN
Då eg høyrde Driss el Maloumi ved eit besøk i Marokko for eit par år sidan, var eg med ein gong sikker på eg ville invitere han til Førdefestivalen, og at han måtte få sleppe til nettopp i Teatersalen! Driss er både diktar og musikar, og ein virtuos på luttinstrumentet oud. Med seg har han to framståande perkusjonistar. Eit lite og høgst uttrykksfullt ensemble! Det er som om Driss framfører dikt også når han spelar, forklarar Hilde entusiastisk. Med briljant teknikk og stor autoritet i det han framfører – han meiner verkeleg det han gjer! I samspelet med perkusjonistane kjem òg det leikne og improvisatoriske fram, samspelet er så tett og presist, og med mykje humor og varme. Eg vil at publikum skal kunne sitte så nær at dei kan sjå ansiktsuttrykka til musikarane og fingrane sin raske flukt over strenger og trommeskinn, at dei kan fornemme den tette stemninga og den sterke konsentrasjonen i samspelet, seier Bjørkum. - Slik kan opplevinga bli endå sterkare enn ved framføring i ein stor sal.
KONSERT
KONSERT
Driss El Maloumi Fredag 3. juli kl. 15.00 Teatersalen, Førdehuset
Susanne Lundeng Fredag 3. juli kl. 12.00 Teatersalen, Førdehuset
-Teatersalen med sin intimitet og tekniske fasilitetar er òg ei perfekt ramme for soloframføringar, så det var eit heilt naturleg val også for Susanne Lundeng si nye soloforestilling «Nesten ikke helt som før», der Førdefestivalen er medprodusent saman med Riksscenen i Oslo. – Susanne er eit fyrverkeri på scena! Ho spelar ut kjærleiken til det nordnorske folkemusikktradisjonen, med alt frå sjølvironi til brådjupt alvor. Eg gler meg til å møte hennar store energi og sterke utstråling både i spel og som person, seier Bjørkum. -Susanne kan «ta» salen enten den er stor eller liten, men eg trur det kan bli litt av ei energiinnsprøyting å kome så tett på, held Hilde fram. Framsyninga har også i seg audiovisuelle element som vil kome godt til sin rett i denne salen.
SUSANNE LUNDENG
FESTIVALMAGASINET 2015
45
FØRSTEKLASSES
Pianisten Mediebildet har denne våren vore prega av markeringa av at det er 75 år sidan den tyske invasjonen av Noreg. Men det starta i Polen. Året før.
JANUSZ PRUSINOWSKI KOMPANIA & JANUSZ OLEJNIECZAK
46
FØRDEFESTIVALEN
musikken som kjelde. Og det er nettopp sambandet til den klassiske musikken Janusz Prusinowski Kompania tek oss med inn i i hovudkonserten sin under Førdefestivalen; “The village roots of Frédéric Chopin’s music.” Polen har fram igjennom historia vore eit plaga land, klemt inne mellom store krigsmakter. Men folkekulturen har hatt ein sterk posisjon og vore verna om. Janusz Prusinowski Kompania spelar polsk tradisjonsmusikk i sin eigen versjon. Med utgangspunkt
i den særprega mazurka-tradisjonen i landet, ville Janusz Prusinowski finne fram til nye måtar å presentere den på som passar for vår tid. Klassiske perler av Chopin, framført av Olejniczak ved klaveret, leier publikum tilbake til desse kjeldene. Og så fram, ved dei polske virtuosane, til eit nytt møte med tradisjonen.
KONSERT
Ei av dei sterkaste skildringane av redslane under andre verdskrigen er den kritikarroste filmen “Pianisten” av Roman Polanski. Ved klaveret i Festsalen denne ettermiddagen sit Janusz Olejniczak, slik han gjorde under innspelinga av filmen. Musikken er den same: Frederic Chopin sine meisterstykke, inspirert av den polske tradisjonsmusikken. Chopin sette ein ny standard for sine samtidige komponistar i attenhundretalets Europa ved måten han brukte folke-
Janusz Prusinowski Kompania Laurdag 4. juli kl. 18.30 Festsalen, Førdehuset
Himmelsk strengeleik Leikande, drøymande. Så godt, så godt å lytte til. Samspelet mellom Catrin Finch frå Wales og Seckou Keita frå vest-Afrika er av ei anna verd.
ration 2014 i Songlines, og er på Best of-listene til både The Guardian og BBC. Nyleg spelte duoen på den store festivalen Celtic Connections i Glasgow. Snart kan du høyre dei i Festsalen i Førdehuset. Duoen som toppa alle verdsmusikklister i fjor. For første gong i Noreg. Eit himmelsk eventyr ventar deg!
KONSERT
Keita er griot med røter til store musikarslekter både i Mali og Senegal, og ein av dei fremste utøvarane på den vestafrikanske harpa, kora. Finch er harpe-dronninga i Wales, der harpa er det mest walisiske av alle instrument. Men det er i samspelet det magiske skjer, noko nytt blir skapt i dette møtet, noko vakkert og djupt fellesmenneskeleg. Eit eventyrleg giftarmål mellom walisisik og vestafrikansk kulturarv. Slik vert plata Clychau Dibon omtala. Den er kåra til beste album både i magasina Songlines og MOJO Magazine, er vinnar av best cross-cultural collabo-
Catrin Finch og Seckou Keita Fredag 3. juli kl. 13.30 Festsalen, Førdehuset
FESTIVALMAGASINET 2015
47
Onsdag 1. juli
ARENA:
09.00-09.30 18.00 18.00-19.40 18.30-19.00 20.00-21.00 20.00-21.00 20.00-21.00
Nærleiken barnehage Fri entré Sunnfjord Museum 160/100/50 Lisjesalen, FH 95 (Resepsjonen FH) Festplassen Fri entré Blomsterhagen rest., Florø 220/130/50 Øren Hotel, Høyanger 220/130/50 Storsalen, FH 300/180/50
Morgonstund har gull i munn Ut på tur, aldri sur! Overnattingstur med Bornas Turlag Film: Timbuktu Opning av festivalutstilling Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek og Roswall Giorgos Xylouris ensemble FRIKAR - GotoGuta
Ord./Fpass/USpass, Barn
INFORMASJON Følg Førdefestivalen på
Torsdag 2. juli 08.30-09.00 10.30-16.30 11.00-11.45 13.30-15.30 16.00-17.00 17.30-18.30 19.30-21.00 21.30-23.30 22.00-24.00 23.00-01.30
Morgonstund har gull i munn Førdekonferansen Musikk i sentrum BLÅTUR på sykkel: Ulrika Bodén m/Ahlberg, Ek og Roswall Vietnam Water Puppetry Giorgos Xylouris ensemble Opningskonsert: World ConneXions inkl dans Dansen går i Førdehuset Smaken av Marokko - med Driss el Maloumi Sommarnatt på Jølster
Sunnfjord Museum Amfi Eikaas, SSH Torgscena, Førde Torg Førde sentrum Langebrutorget Festsalen, FH Idrettshallen, FH Festsalen, FH Hugleik, SSH Jølstramuseet
Fri entré *Påmelding Fri entré 240/140/50 220/130/50 220/130/50 330/ - /50 (unum) 160 450 290/170/50
Fredag 3. juli 09.00-09.30 10.30-11.30 11.00-11.30 12.00-13.00 12.00-13.20 13.30-14.30 13.30-14.30 14.30-14.55 15.00-16.00 15.00-16.00 16.30-17.20 17.30-17.55 18.00-19.00 19.30-20.30 21.00-23.30 21.00 21.00-22.00 21.00-22.45 23.00-02.00
Morgonstund har gull i munn Vieåsen bh, avd Tussero Fri entré Vietnam Water Puppetry Langebrutorget 220/130/50 Bjørn Aksdal: Ekstra resonans: Understrengsfeler som fenomen Utstillingssalen, FH Fri entré Susanne Lundeng: “Nesten ikke helt som før” Teatersalen, FH 220/130/50 Lunsjkonsert med Rajery Trio Førde Rådhus 300/ born 150 inkl. lunsj INTRO-folk - årets unge folkemusikar | Semifinale 1 Haarklousalen, FK 220/130/50 Catrin Finch & Seckou Keita Festsalen, FH 220/130/50 Møt artisten: Ole og Knut Aastad Bråten Utstillingssalen, FH Fri entré Driss el Maloumi Teatersalen, FH 220/130/50 NRK Folkelutt Torgscena, Førde Torg Fri entré VILLNISS - Årstidene Storsalen, FH 240/140/50 Gerard Kurdjian: The Sacred Musics of the World Utstillingssalen, FH Fri entré STRING ConneXions Festsalen, FH 220/130/50 Natacha Atlas inkl dans Idrettshallen, FH 310 - /50 unum) Dansen går i Førdehuset Festsalen, FH 160 Busstur med festivalguide frå Florø til Førde Firda Billag, Florø fordefestival.no VOCAL ConneXions - Unni Løvlid med songarar Førde kyrkje 220/130/50 Columbi Egg Hugleik, SSH 240/140/50 KELTISK KVELD - DANÚ og Fiddlers’ Bid Festplassen 300/180/50
Laurdag 4. juli 08.30-10.00 10.30-11-00 11.00-11.45 12.00-13.00 12.30-13.00 12.30-13.30 13.00-13.30 13.30-14.30 14.00-14.30 14.00-14.40 15.00-16.00 15.00-16.00 16.30-16.55 17.00-18.00 17.30-19.30 18.30-19.30 18.30-19.30 20.30-22.00 22.30-01.00 23.00-01.00 23.00-02.30
Festivalfrukost Festivalparade BASCO Linda Gytri Trio Jamie Trancoso: The kathak - flamenco connection Vietnam Water Puppetry 706 moh: NOMADIC VOICES Dance ConneXions: Kathak - Flamenco Omvisning Kjartan Slettemark-utstilling Barneframsyning: Danse, sa fela! Benedicte Maurseth & Knut Hamre: Å vera ingenting Toto La Momposina Møt artisten: Ndima Noreum Machi Tonar & Tapas Janusz Prusinowski Kompania & Janusz Olejniezak Talent 2015 Festivalgalla inkl dans Dansen går i Førdehuset Columbi Egg Festivalnatt
Søndag 5. juli 11.00-12.30 11.30-12.30 12.00-13.30 13.00-14.00 13.00-14.30 15.00-16.00 17.00-19.00 18.00-19.00 18.00-19.40 21.30-22.30
48
Festivalgudsteneste Ndima Ulla Pirttijärvi & Ulda Nomadic Voices Familiesøndag Otava Yo Sarah Jane Summers & Juhani Silvola Pilar Astola Flamencoensemble Film: Timbuktu BASCO
FØRDEFESTIVALEN
Festplassen Fri entré Førdehuset - Førde Torg Fri entré Torgscena, Førde Torg Fri entré Festsalen, FH 220/130/50 Utstillingssalen, FH Fri entré Langebrutorget 220/130/50 Hafstadfjellet 160/100/50 Teatersalen, FH 220/130/50 Sogn og Fj. Kunstmuseum Fri entré m/festivalpass Festsalen, FH 220/130/50 Haarklousalen, FK 220/130/50 Festplassen 310/ - /50 Utstillingssalen, FH Fri entré Storsalen, FH 240/140/50 Hjarterommet, Sentrum Sør 450 Festsalen, FH 220/130/50 Teatersalen, FH 220/130/50 Idrettshallen, FH 360/ - /50 (unum) Festsalen, FH 160 Hugleik, SSH 240/140/50 Scandic Sunnfjord Hotel 360/210/50 Førde kyrkje Fri entré Teatersalen, FH 220/130/50 Rytne gard, Bygstad 250/150/50 inkl. buss Sogn og Fj. Kunstmuseum 220/130/50 Førdehuset Fri entré Idrettshallen, FH 310/ - /50x(unum) Fjordamattunet, Vassenden 250/150/50 inkl. buss UWC, Flekke 250/150/50 inkl. buss Lisjesalen, FH 95 (Resepsjonen FH) Festivalsalen, SSH 220/130/50
FH = Førdehuset, SSH = Scandic Sunnfjord Hotel, FK = Førde kulturskule Idrettshallen: Unummererte plassar på tribuner og galleri, tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C kr 40,*Påmelding Førdekonferansen - sjå fordefestival.no **Konsertar merka med grønt er inkl. i Festivalpasset.
NYTT! Gratis festivalapp!
BILLETTSAL på Billettservice.no, tlf. 815 33 133 og hos Narvesen og 7-Eleven. Spørsmål: tlf. 46 90 50 10 og billettar@fordefestival.no NB! Fullstendig billettinformasjon på fordefestival.no FESTIVALPASS Vaksen kr 910 Ungdom/Student (14-20 år/stud.) kr 440 Leg.plikt. Barn (u/14 år) kr 190 Festivalpass gjev fritt tilgjenge til dei 4 store konsertane i Idrettshallen og utekonserten på Festplassen 4. juli, samt rabatt på alle andre konsertar (nokre unntak) og kurs. Ungdom/student betaler kr 50 pr. konsert ved kjøp av festivalpass. Billettpris for born er kr 50 pr konsert, uavhengig av festivalpass. Sjå fordefestival.no eller ring 46 90 50 10 for meir informasjon om billettar, reservasjon av plassbillettar (Idrettshallen).
BILLETTKONTORET I FØRDEHUSET: Opningstider 29. juni - 5. juli: Måndag - tysdag: 09.00 - 20.00 Onsdag:
09.00 - 22.00
Torsdag - laurdag: 09.00 - 24.00 Søndag:
10.00 - 18.00
Ting billettar på tlf.: 46 90 50 10 NB! Med atterhald om feil og endringar.