“I ÅR GLER EG MEG ALLER MEST TIL BASSEKOU KOYATE GÅR PÅ SCENA MED FULLT BAND UTE PÅ FESTPLASSEN FREDAG KVELD. SYDANDE MALI I EI SVAL SUNNFJORDNATT” Kristin Hille Valla, styreleiar
1 1990-2014
Foto: Arvid Anthun
JUBILEUMSMAGASIN #1/3
TEMA: LOKAL-GLOBAL I 25 ÅR
Gjensynsglede 2 1990-2014
Førdefestivalen hentar verda til Førde for 25. gong denne sommaren. –At meir enn 6000 artistar frå over 120 land har stått på festivalscenene i bygdebyen, representerer menneskeleg, musikalsk og kulturell brubygging av edlaste merke, skriv Jan Landro på neste side. Gjennom tre jubileumsmagasin vil vi denne våren byggje bruer mellom artistar og publikum, mellom festivalen og deg. I denne første utgåva fortel vi om dei som har vore her før, som kjem att. Om gjensynsglede. Om minne og gode opplevingar som skaper forventningar. Forventningar blir bruer som fører folk til Førde på festival. Her deler vi slike minne med deg, kanskje finn du di bru til Førde i dette magasinet.
11
GABRIELS GJESTEBOD
6
16
FØRDEKONFERANSEN
9
FESTIVALMINNE
ANA MOURA Alle vil ha Ana tilbake!
9
,
ANNBJØRG LIEN Å komme til Førde er som å komme heim!
JUBILEUMSMAGASIN #1 Ansvarleg redaktør: Hilde Bjørkum Redaksjon: Torill G. Faleide og Janne Karin Støylen Grafisk formgjeving: findriv, Førde Opplag: 40.000 Med atterhald om feil og endringar
KRONIKK Jan H. Landro er forfattar og tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende. Han har følgt festivalen i mange år. Vi har bede han om å skrive ein kronikk i høve jubileet.
EI FEIRING AV MANGFALDET
Kva er det som nokre julidagar kvart år gjer Førde, ein bygdeby som ikkje nett er kjend for sine estetiske kvalitetar, til ein gedigen etnisk-kulturell smeltedigel utan like her til lands? Svaret er sjølvsagt Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, som opnar for at gammalt og nytt, framandt og nært kan møtast i musikalsk sameining og gi publikum ein dialog med fjerne kulturar og levevis. På Førdefestivalen må sjølv den mest nærsynte få opp augo for at det finst ei rik og spennande verd der ute. Det er nærmast naturstridig at eit så stort og logistisk krevjande arrangement som dette skal kunna feira jubileum med 25 festivalar. Og at den same leiaren, Hilde Bjørkum, gjennom alle desse åra har vist den evna til fornying og vidareutvikling, som er sjølve hovudvilkåret for at ein festival skal kunna overleva i den stadig sterkare konkurransen om folk si tid og merksemd. Eg vil ikkje ta på meg å forklara korleis ho har greidd det, men nøyer meg med å konstatera at det har ho då vitterleg! Og at ho, saman med den dyktige staben sin, har klart det kunststykket å gjera Førde til arena for ein av dei 25 beste verdsmusikkfestivalane på kloden. Denne feiringa av mangfaldet kan greitt oppsummerast i årets tema, «Lokal – global i 25 år». At meir enn 6000 artistar frå over 120 land har stått på festivalscenene i bygdebyen, representerer menneskeleg, musikalsk og kulturell brubygging av edlaste merke. I eit land som slit med å integrera folk frå litt framande kulturar, er det som kvar sommar finn stad i Førde eit framifrå døme på korleis ein også kan gjera det. Verdien av denne kryssinga av landegrenser, denne menneskelege barrierebrytinga og denne musikalske minglinga kan ikkje reknast om i pengar. Men dessverre er det nettopp i slike baner den nye regjeringa tenkjer. Med sin «fridomsreform» vil den frigjera kulturlivet frå stabil, statleg binding – og i
“PÅ FØRDEFESTIVALEN MÅ SJØLV DEN MEST NÆRSYNTE FÅ OPP AUGO FOR AT DET FINST EI RIK OG SPENNANDE VERD DER UTE.” staden gjera kulturskaparane meir avhengige av skiftande motar og interesser i næringslivet. «Maktspreiing» kallar dei dette påfunnet, ansvarsfråskriving er kanskje meir dekkjande. Det er absolutt på sin plass at Førdekonferansen i år gjer dette til tema. I nyrike Noreg er det framleis slik at premissane politikarane legg for kulturlivet, kan bety liv eller død for dei som skal skapa kulturen. Sjølv ikkje kommunen som er så privilegert å få vera vertskap for festivalen har berre vist forståing for dette verdfulle arrangementet, som også gir kjærkomne arbeidsplassar og ekstrainntekter til næringslivet. Og ikkje er det lenge sidan fylkespolitikarane var ute med sparekniven. I staden burde dei gjera alt dei kan for å få fleire av innbyggjarane i fjordfylket til å sjå kva for eineståande manifestasjon av multikulturell, folkeleg uttrykkskraft denne festivalen er. Noko av det spesielle for Førdefestivalen er at om du vel heilt i blinde frå det rikhaldige programmet, vil du neppe bli skuffa. Det einaste du risikerer, er å få utvida horisonten din i møte med musikk- og kulturuttrykk du ikkje ante fanst. Det er all grunn til å gratulera jubilanten, men endå større grunn til å gratulera oss sjølve, som nyt godt av dei musikalske skattane uslitelege Hilde Bjørkum og hjelparane hennar kvart år hentar fram.
3 1990-2014
4 1990-2014
“DET ER LENGT OG KJÆRLEIK, SÅ VAKKERT AT DET GJER VONDT”
Portugal
Alle ville ha Ana Førde elskar fado! Ana Moura har ikkje berre sunge seg inn i hjarta hos fadoelskarar i heimlandet. Etter ein magisk konsert på Førdefestivalen i 2011, har ho ein heilt spesiell plass hos publikummet vårt. Ana Moura var ein klar favoritt når vi i samband med 25-årsjubileet spurde folket om kven dei aller helst ville høyre i Førde igjen.
Ana Moura har vakse opp i ein syngande familie der familiesamkomer som regel enda i «song-konkurransar». I tenåra song ho i eit coverband. Ein og annan fado var på repertoaret, men Ana Moura var på full fart inn i rocken då lagnaden ville det annleis. Ein tilfeldig kveld på ei kneipe vart ho lokka til å synge fado. Blant publikum var gitaristen António Parreira, som straks forstod at denne stemma var noko spesielt. Via han vart Ana Moura invitert til å synge på fleire fadohus. Ho møtte dei rette folka i bransjen, og tok det eine karrieresteget etter det andre. Ei eineståande, mjuk og sensuell stemme er Ana Moura sitt fremste varemerke. Same kva ho syng, blir
KONSERT
FADO står på UNESCO si verdsarvliste over kulturelle og tradisjonelle kunstformer som mellom anna tango og kinesisk papirklipping.
Fredag 4. juli kl 19.30 Idrettshallen FH
det fado. Høyr for eksempel på den nydelege coverversjonen av Joni Mitchell sin legendariske ”A case of you” på den siste plata ”Desfado”. Det er lengt og kjærleik, så vakkert at det gjer vondt. Portugal sin blues – og fado for Ana Moura sin generasjon. Og for oss! Ana Moura har hatt konsertar med Rolling Stones og Prince. Ho debuterte på plate i 2003, og fekk eit større gjennombrot med albumet «Aconteceu» i 2005. To år seinare kom «Para Além da Saudade», som låg 120 veker på Topp 30 i Portugal. «Desfado» er hennar foreløpig siste plate. www.anamoura.net
5 1990-2014
JPP
GJENSYNSGLEDER 2014: FESTIVALSTYRET PLUKKAR FAVORITTAR
Arne M. Sølvberg
Søndag 6. juli kl 21.30 Festivalsalen, Rica Sunnfjord Hotel
Taraf de Haïdouks
Draumelaget Sogn og Fjordane
Taraf de Haïdouks gjorde stort inntrykk på ein ung felespelar frå Jølster då dei vitja Førdefestivalen for første gong i 1993. Virtuost felespel i høgt tempo, fuglekvitter og fengande rytmar. Det var rett og slett imponerande! Eg gler meg til gjenhøyr i 2014.
Eg har mange gode opplevingar frå festivalen. Dei beste minna har eg frå festivalen sine eigne produksjonar med lokale utøvarar. I år er det Draumelaget Sogn og Fjordane med folkemusikarar og songarar frå fylket vårt. Eg vert både rørt og glad når eg ser kva våre lokale utøvarar under profesjonell leiing maktar å få til. Denne konserten gler eg meg til å sjå.
Eva Kristin Svidal Fredag 4. juli kl 23.00 Festplassen
Arild Herstad
KONSERT
1990-2014
FESTIVALSTYRET: Arild Herstad • Ivar Svensøy • Maria Andrea Ness • Trude Skarvatun • Kristin Hille Valla • Arne M Sølvberg • Eva Kristin Svidal.
KONSERT
6
Minna frå dei aller fyrste festivalane sit godt i. Den finske gruppa JPP hugsar eg som eit herleg og forfriskande innslag med fleirstemt felespel i umiskjenneleg JPP-klang og med overraskande friskt akkompagnement frå trøorgel i feiande polka og sugande tango slik nesten berre finnane kan få det til. Eg gler meg til gjensyn og gjenhøyr!
KONSERT
Foto: Dagrun Reiakvam
Fredag 4. juli kl 15.30 Storsalen, Førdehuset
“EG GLER MEG TIL Å LOSE DYKK GJENNOM SJØLVASTE JUBILEUMSGALLAEN!” Unni Løvlid, konferansier.
7 1990-2014
Sitrande gjensynsglede, glitrande galla! I denne storslåtte konsertproduksjonen vil de få alt temaet for årets festival lovar. På jubileumsgallaen i idrettshallen, laurdag 5. juli blir det gjensyn med Divna (Serbia) • Le Trio Joubran (Palestina) • JPP (Finland) • Bassekou Kouyaté (Mali) Gjermund og Einar Olav Larsen (Norge) • Taraf de Haïdouks (Romania) og String Sisters!
Gjermund og Einar Olav Larsen
Divna
Bassekou Kouyaté
8 1990-2014
LYKKE – REIN LYKKE Foto: Knut Utler
ANNBJØRG LIEN Vi musikarar elskar andre musikarar, smiler Annbjørg Lien mjukt. Musikken har så sterk kraft! Å møte andre som også har musikken som språk fyller meg med energi og livsglede. Men for å ha det godt i lag med andre må du vere glad i deg sjølv. Trygg på ditt eige. Ærleg. Open. Det gjeld for alle gode relasjonar. Til ærlegare, til betre!
Når du er borte “NÆRAST ER DU NÅR DU ER BORTE. Ho kjem mot meg frå elva. Tidleg denne marsmorgonen har rimfrosten lagt eit lyst og reint filter over byen. Ved Akerselva set Annbjørg dei gneistrande augo i kameralinsa og varmar den kalde morgonen med det milde, vakre smilet. Inne på Riksscenen ventar eit stjernelag av unge folkemusikarar som saman med Annbjørg og fleire etablerte, erfarne utøvarar skal utforske korleis instrumentalistar kan formidle historier til publikum. Kva som hender med musikk og song når det blir plassert på ei scene. -Musikken er eit språk, orda er eit anna. Dei spelar eigentleg på dei same strengane i oss, og som til saman kan gje sterkare gjenklang både i den som formidlar og den som tek i mot. Som instrumentalist må du kunne forhalde deg til tekst, i tonar og i rytmikk. For å kunne formidle ei historie må du vite kven du er! Kva er di historie? Det ligg ei enorm kraft i denne innsikta og når den vert levandegjort for publikum er det magisk, forklarar ho entusiastisk.
All kunst har ei kjerne av kjærleik -Ordets makt blir stadig viktigare for meg, held Annbjørg fram og tenkjer seg om. -Eg opplever at andre kunstnarlege uttrykksformer berikar meg både musikalsk og personleg. All kunst har ei kjerne av kjærleik i seg. Livet består av vedunderlege mysterium der kjærleiken er det finaste. Men verken livet eller kjærleiken er muleg å forstå fullt ut. Tor Jonsson seier dette så fint i det diktet eg er aller mest glad i:
NOKO BLIR BORTE NÅR DU ER NÆR. DETTE KALLAR EG KJÆRLEIK – EG VEIT IKKJE KVA DET ER. FØR VAR KVELDANE FYLTE AV SUSING FRÅ VIND OG FOSS. NO LIGG EIN BORTGØYMD TONE OG DIRRAR IMELLOM OSS.”
Så kva kan vi gjere? smiler Annbjørg – anna enn å prøve å leve i nuet og skape gode minner for kvarandre? Musikken har vore ei kjelde til gode minner for Annbjørg så lenge ho kan hugse. Ho har gjort det til eit kjennemerke å vandre i spennet mellom tradisjonelt spel og verdsmusikk, gjennom heile 25 år som artist. Ho let det eine styrke det andre.
Ein gong var det eksotiske svensk -Gleda over å spele med musikarar frå andre kulturar, legge vekk reglar og la musikken ta styringa føreset ikkje eksotiske uttrykksformer frå den andre sida av kloden, det er like sterkt å gå rett over grensa til Sverige. -For meg føddest denne fascinasjonen på Røros-martnan der eg var med frå eg var i tolvårs-alderen. Vi var ein gjeng som reiste dit kvart år. Det var ei veke med jam og dans døgnet rundt! Ein intensitet eg aldri gløymer. Samspelet stod i sentrum, utveksling av slåttar over landegrensene. Ingen reglar, berre delt musikk.
String Sisters – som spelar på Førdefestivalen i år er eitt av fleire musikalske resultat av denne tørsten Annbjørg sidan har hatt etter å møtast i musikken, utan reglar på tvers av kulturar. -Å komme til Førde blir difor som å komme heim for meg. Her er landegrensene viska vekk, det er kulturmøter på kryss og tvers, du anar ikkje kva som møter deg. Anna enn at det er musikarar som veit kvar dei kjem ifrå, er trygge på seg sjølv, og som er nysgjerrige på andres historier. Dette er bra! Førdefestivalen er eit fenomen, korleis er det muleg eigentleg? Tenk berre på logistikken, Widerøe og vestavind... Annbjørg grøssar lattermildt.
Rein lykke i Førde -Eg har mange gonger hatt ein følelse som eg nesten ikkje kan setje ord på når eg har vore på konsertar i Førde, held ho fram. -Du går til noko heilt ukjent og så berre: WOW! Eg hugsar spesielt mannskoret Rustavi frå Georgia i kyrkja i fjor. Det var som om resonnansen i stemmene kom rett frå levra. Wow! Fantastisk. Men, avsluttar ho stille: -Det aller finaste på Førdefestivalen for meg er kveldane med Gabriel (Fliflet, red. anm.) i Restaurant Hugleik. Same kor kjekt det er å spele for publikum så er det best når dei går. Då sit vi att, vi som har vore på scena, musikarar frå alle verdshjørne. Og spelar. I lag. Legg vekk reglar og mål, lyttar oss fram. Til det lysnar om vi orkar. Det er lykke for meg. Rein lykke!
9 1990-2014
String Sisters – stjernedamer tilbake til Førde internt i bandet var damene så glade over å ha funne kvarandre at dei ville halde fram å spele saman. Ein konsert med String Sisters er eit møte mellom irsk, shetlandsk og skandinavisk folkemusikk i veksling mellom vare soloparti og forrykande samspel. Annbjørg Lien (Norge) • Catriona Macdonald (Shetland) • Liz Knowles (USA) • Liz Carroll (USA) • Mairéad Ní Mhaonaigh (Irland) • Liz Doherty (USA)
Band: David Milligan, piano (Skottland) James Mackintosh, perkusjon (Skottland) Conrad Ivitsky, bass (Skottland) Tore Bruvoll, gitar (Norge)
KONSERT
10 1990-2014
-Det er ei ære for meg å vere med på dette stjernelaget. Eg har djup respekt for desse damene, både som personar og som artistar. Når vi møtest att under jubileumsfestivalen blir det heilt garantert eit møte prega av inspirerande gjensynsglede som publikum kjem til å merke, lovar Annbjørg Lien. Dei seks kvinnelege solistane, spelte første gongen saman under namnet String Sisters på roots festivalen Celtic Connections i Glasgow, Skottland. Mottakinga var overveldande og
String Sisters Laurdag 5. juli kl 15.00 Festplassen
GENERALSPONSOREN GLER SEG SOM EIN UNGE!
Birger Nedberge er marknadskonsulent i Sparebanken Vest og stolt generalsponsor av Førdefestivalen sidan 2008. Her fortel han kvifor han gler seg til gjensyn med String Sisters.
Eg har så mange gode minne frå festivalen i 2008, det var det første året vi var generalsponsor, fortel Birger Nedberge. -Eg arbeidde mykje saman med Hilde og resten av staben i festivalen for å finne ut korleis vi skulle framstå som sponsor. Fredagskvelden var det String Sisters som stod på programmet i Førdehuset. Banken inviterte hundre gjester til konserten. Vi hadde eit arrangement på Rica Sunnfjord Hotel i forkant, der vi hadde laga til program, serverte tapas og vin. Dette vart ein så stor suksess at vi har gjort det same kvart år sidan, det er lange ventelister for å få vere med! -Personleg tykkjer eg keltisk musikk er fantastisk flott å høyre på. Ein konsert med dei beste kvinnelege felespelarane frå Norge, Sverige,
Shetland og USA, klart det blir høgdepunkt av slikt! Det var sjølvsagt moro å helse personleg på musikarane også. Tilbakemeldingane frå våre gjester var også fantastisk gode. -Eg gler meg stort til å høyre dei igjen, seier Birger Nedberge glad. -Eg vil gjerne nytte høvet til å gratulere Førdefestivalen med 25 års jubileet! Den har vokse seg stor, og er i dag den viktigaste festivalen for denne typen musikk, eg vil nesten seia i heile verda. -For Førde og for fylket har festivalen sett oss på kartet over heile verda. Det vert skrive meir om festivalen i utlandet enn i norsk presse, det seier ikkje lite! Personleg har festivalen gitt meg utruleg mange flotte opplevingar. Eg gler meg som ein unge til jubileumsfestivalen!
KONSERT
Columbi Egg Fredag 4. juli kl 21.30 Laurdag 5. juli kl 23.00 Hugleik, RSH
Gabriels gjestebod Når Gabriel Fliflet held sitt årvisse gjestebod på Førdefestivalen skal du vere ute i god tid for å sikre deg ein plass i intime Restaurant Hugleik på festivalhotellet. Annbjørg Lien gler seg aller mest til hans vidgjetne Columbi Egg, det er ho ikkje aleine om. Men kva gler Gabriel seg til, sjølv? Kva artistar gler du deg aller mest til å høyre igjen i Førde til sommaren? For meg blir gjensynet med finske JPP spesielt. Fra år 1981 var jeg hver sommer på folkemusikkfestivalen i Kaustinen, Finland - Førdes tvillingfestival i øst. Der ble jeg mektig fascinert av disse karene, som spilte som djevler på feler, trøorgel og kontrabass, og ellers var fåmælt vennlige på beste finske vis. På den aller første festivalen var jeg og mine venner i trioen Rimfakse ansvarlig for en festivalkro, hvor jeg gjerne ville ha med mine finske favoritter. Jeg møtte dem for å høre om vi kunne spille noen fellesnumre. De så sindig på meg mens jeg kom med mine forslag, og var deretter tause. Jeg gjentok usikkert mine forslag og så spørrende på dem. Kanskje var mine idéer helt idiotiske? Etter en plagsom taushet spredte en svak mumling og grynting seg fra mann til mann. Da jeg nok en gang spurte hva de syntes, kom det med dyp stemme fra sjefen: “Går nog bra”. De kom, spilte og vant - og sa ingenting. Ufordrende for en bergenser! Annbjørg Lien seier at “musikarar elskar andre musikarar”. Føler du det også slik? For oss musikere er det en sann glede å få møte og lytte til så mange andre gode musikere. Førdefestivalen har en fantastisk teft til å plukke ut musikere som
både bringer særpreget og god musikk og gir alt de kan for å dele denne med oss andre. Noe av det beste i folkemusikkmiljøet er at det er fryktelig langt mellom viktigperer, primadonnaer og uforbederlige sløkkiser. Om du skulle helse festivalen til lukke, kva vil du gratulere den for? Jeg vil for det første gratulere Førdefestivalen med at den har overlevd. Ikke dårlig, bare det! At den i tillegg har den vokst til den viktigste festivalen for akustisk folkemusikk i Norden, er godt gjort. Alt er så velorganisert og festivalmedarbeiderne står på som helter. Festivalen og Førde trenger likevel litt mer liv i buskene disse sommernettene. Litt mer fnising, nussing, nassing og nattlige serenader. Dette er det ikke så lett å planlegge, men man kan kanskje legge til rette for det på ymse vis? En festivalcamp langs Jølstra? Lekeplasser for barnslige voksne? Jammetelt for spillemenn med lakenskrekk?
“FESTIVALEN OG FØRDE TRENGER LIKEVEL LITT MER LIV I BUSKENE DISSE SOMMERNETTENE. LITT MER FNISING, NUSSING, NASSING OG NATTLIGE SERENADER”
11 1990-2014
TALENT er Førdefestivalen sitt viktigaste utviklingsprogram for unge musikarar. 185 unge musikarar, mellom 18 og 25 år frå 32 ulike land har vore med sidan prosjektet starta i 1994. Rikskonsertane har vore samarbeidspart sidan 1995.
KONSERT
Talent 1994 - 2014
TALENT 2014 Jubileumskonsert Laurdag 5. juli kl 18.00 Teatersalen
BATTLING MED BRASILIANARAR
12 1990-2014
Foto: Hallgrim Øistad
Andreas Ljones var talent i Førde i 1997. Sidan har han etablert seg som ein av våre mest profilerte folkemusikarar. Han er komponist for dansekompaniet Frikar og spelar med Majorstuen, mellom mange andre. Han leiar talent 2014 saman med Sverre Indris Joner på jubileumsfestivalen.
Korleis opplevde du å vere talent i Førde? Jeg hadde gode venner som hadde vært med på talent 95 og ble svært glad da Hilde ringte og spurte om jeg ville vere med på talent 97. To musikere fra Pakistan, en fra Brasil. Synnøve Bjørset, Øyvind Sandum og meg fra Norge. Tone og Hans Fredrik var det perfekte tospann for samspill og samarbeid. For meg ble sjølve talentkonserten en spesiell opplevelse. Det var stor stas og full TV-produksjon fra NRK. En flott konsert med mye samspill skulle toppes med en battle mellom meg og brasilianeren på kruking. Etter lite søvn og dårlig treningsgrunnlag endte det med et smell og kneskade som jeg prøvde å skjule så godt som mulig for kamera. Resultat: 10 år fri fra hallingdans, men en positiv opplevelse av møte mellom musikk og dans fra flere kulturer. Kva er utfordringa med slike kulturmøte og kva gevinstar medfører dei? Jeg kom til Talent på Førdefestivalen uten erfaring
med å spille hverken med andre type musikere eller med musikere fra andre kulturer. Spelemannslag var min eneste erfaring med samspill, så overgangen kunne blitt stor. Men erfaringen fra denne uka der det føltes enklere og mer kommunikativt å spille sammen enn å prate og der vi så lett fikk til samklang, det gav god selvtillit til å ta fatt på tilsvarende prosjekt seinere. Kva har Førdefestivalen betydd for deg som artist? Førdefestivalen har helt fra Talent i 97 og til i dag vært en av de viktigste støttespillerne og formidlerne av de prosjektene jeg har vært med i. Fra konserten med Musikkhøgskolestudentene i 99, til Majorstuen i startfasen og hele utviklingen fram til KVITRE i fjor. Med storsatsing på FRIKAR gjennom Kruk og Snuff Grinders i sjølvaste Idrettshallen. Og nå med nye prosjekter i planlegging og muligheten jeg har fått til å være med å videreutvikle Talent i år. Førdefestivalen har også vært veldig viktig for mine prosjekt som døråpner ut mot et europeisk festivalmarked.
Jorun Marie Kvernberg sjonglerer mellom moderne, arrangert folkemusikk i band som Majorstuen, Tindra og Unni Boksasp Ensemble og på den andre sida dei lokale og tradisjonelle uttrykka gjennom sine solokonsertar. Ho var talent i Førde i 2004.
Humor om heilage kyr
Kva er utfordringa med slike kulturmøte, og kva gevinstar medfører dei? -Utfordringa med kulturmøte er nettopp det å møtast, å finne fram til kvarandre. Å lage god musikk i lag krev at ein opnar seg og gir av seg sjølv, og at ein kjem på ei eller anna bylgjelengde. Eg hugsar at eg opplevde indarane som veldig arrogante i starten. Men så knekte me nokon sosiale kodar, og plutseleg lo me saman så
me grein, over merkelege vitsar om indiske heilage kyr! Lettelsen over å ha funne fram til kvarandre gjorde kanskje at musikken også vart ektefølt i endå større grad. Kva betyr Førdefestivalen for deg som artist? Førdefestivalen står for kvalitet. Å kome på festivalplakaten deira er ei referanse som til dømes utanlandske festivalar forstår verdien av. Som den største norske folkemusikkfestivalen, med knutepunktstatus, har dei både eit ansvar for og ei moglegheit til å stø opp om nye prosjekt. Eg har sjølv hatt gleda av å ha tingingsverk på Førdefestivalen to gonger. Festivalen stiller høge krav til seg sjølve, og difor også til artistane og konsertane sine. Det er både krevjande og inspirerande, og ikkje minst gir det resultat. Det er som når ein ser tilbake på skulegangen og oppdagar at det var dei strenge lærarane som var dei beste…
Nytt liv til gamal tradisjon Ein nær gløymt musikktradisjon får nytt liv når felespelar Jorun Marie Kvernberg og hennar trekkspelkompanjong Øyvind Sandum spelar gamle slåttar frå Midsund.
KONSERT
Korleis opplevde du å vere talent i Førde? -Eg sa ja til Talent fordi det var bra for Tindra, gruppa mi, å få spele på Førdefestivalen. Eg var særs skeptisk til sjølve konseptet, og eg var sikker på at dette var mest meiningsfullt på papiret. Somme tider er det heilt greitt å ta grundig feil. Prosjektet heldt ikkje berre lovnaden om å vere eit godt menneskeleg og musikalsk møte. Med fare for å vere inhabil; eg opplevde at prosjektet vart veldig bra reint kunstnarleg, og at mange heilt nye musikalske idéar oppstod.
Nytt liv til gamal tradisjon Fredag 4. juli kl 14.00 Haarklousalen
13 1990-2014
,
Asbjørg Lotsberg er frivillig på Førdefestivalen for 25. gong i år:
Eg er med på eit vinnarlag!
14 1990-2014
-Eg hugsar endå den første tonen, på den første konserten! Ja, først hadde spelemannslaget spelt nokre slåttar, det var kjende saker, men så! – Inn frå andre kanten av scena kom ei gruppe frå Albania, dei spelte på hestefeler, veit du kva eg meiner? Eg hadde aldri høyrt noko liknande og vart ståande heilt trollbunden, det var som å komme inn i ei ny verd! Asbjørg Lotsberg har vore frivillig på Førdefestivalen heilt sidan starten i 1990. -Ja, eg har eigentleg vore med heilt frå tanken om ein festival vart sådd i folkemusikkmiljøet her i Førde. Eg trur ikkje festivalen kunne vokse seg så sterk om ikkje utgangspunktet var eit sånt miljø som dette, seier ho. I ungdomslaget var vi vande med dugnadsarbeid, vande med å drive på! fortel ho entusiastisk. -Det første året hadde eg ansvaret for plakatane. Eg stod i kjellaren på Førdehuset med heimelaga sjablongar og sprit-tusj og teikna plakatane sjølv! fortel Asbjørg lattermildt, og vi bryt ut i latter begge to. Med tanke på den enorme kontrasten til dagens profesjonelle marknadsføring og profilering av festivalen, blir det nesten vanskeleg å tru at det ein gong var slik. Sidan har Asbjørg hatt billettkontoret som base, og sett utviklinga mot stadig spesialisering, fleire frivillige og større stab derifrå. -Ja, det er mykje som har forandra seg, men det viktigaste er likt. –Det handlar om å vere eit godt vertskap. Alle skal bli tatt venleg i mot og ha ei god oppleving. Dette trur eg ligg i ryggmargen, det er blitt ein del av Førdefestivalen sin kultur. Eg trur det er for-
di toppleiinga har det som ein bevisst strategi, så sprer det seg nedover i rekkene. Suksessen kan sikkert knytast til mange faktorar, men det aller viktigaste er at ein heile tida har vore tru mot konseptet, seier Asbjørg med ettertrykk. –Sjå no kor sterkt festivalen står! Mange av dei nordiske folkemusikkfestivalane har tapt på ei popularisering av profilen. Hilde har stått i stormane og halde fast på kjernen i festivalen sitt prosjekt, men på ein så god måte at folk stolar på at det er bra det dei kjem til å få høyre, sjølv om dei aldri har høyrt det før, forklarar Asbjørg. -Som frivillig på Førdefestivalen kjenner eg at eg er med på eit vinnarlag! Å vere med å skape noko eg er stolt av i fellesskap med andre, er både meiningsfylt og veldig kjekt. Dessutan får eg jo tilgang til ein førsteklasses ferdigkomponert meny av unike kulturopplevingar! Førdefestivalen er ein viktig grunn for at eg trivst så godt i Førde, avsluttar ho. Kulturen og naturen. Førdehuset og fjella rundt. Det er grunnlag for eit godt liv for meg og mannen min, Rune. Vi gler oss til festival.
v
Bli med på vinnarlaget du og! Oppgåver kan vere: • ARTISTSERVICE • BILLETTSAL/INFORMASJON • FRIVILLIGKJØKKEN OG BACKSTAGETEAM • ARENAANSVARLEG • RIGG • VAKT • SCENEPRODUKSJON • BLOMAR OG DEKOR • MARKNADSFØRING • VERTSKAP Kva får du? • FRIBILLETTAR • T-SKJORTE • OPPLÆRING • FØRSTEHJELPSKURS • 50% RABATT PÅ FESTIVALARTIKLAR • FRIVILLIGFEST • INNTIL 50% RABATT PÅ BILL. TIL FOLKJAZZSCENE-ARRANGEMENT ELLES I ÅRET • NYE VENER • NYE OPPLEVINGAR OG MYKJE GOD MUSIKK!
Kontakt: Produsent Ingebjørg Nomeland Tel. +47 5772 1948 / Mobil +47 918 47 099 produsent@fordefestival.no
v
JUBILEUMSSTABEN
Foto: Dagrun Reiakvam
“DET HANDLAR OM Å VERE EIT GOD VERTSKAP. TOPPLEIINGA HAR DET SOM EIN BEVISST STRATEGI, DET SPRER SEG NEDOVER I REKKENE OG BLIR EIN DEL AV KULTUREN TIL FESTIVALEN.”
Asbjørg Lotsberg, frivillig
Bak frå venstre: Stian Sjursen Takle | arrangementssjef Fride H. Haugen | billettansvarleg Torill G. Faleide | kommunikasjonssjef Sølvi Lien | arrangementssjef (i perm.) Hilde Bjørkum | direktør Ingebjørg Nomeland | produsent Lene Grande | økonomi og admin. sjef
15 1990-2014
FOTO: BENT ARE IVERSEN / FIRDA MEDIA
16 1990-2014
MANGFALD. FARGERIKT. PULSERANDE SYNERGIAR. VI ER HER. GØY Vi har vært sponsor for Førdefestivalen sidan 2003. Vi køyrer på vidare. Sjåast på festival! spv.no / 05555
17 1990-2014
- støtt fylkeslaget! sjå våre gutar kjempe mot «bylaga» terminliste tiPPeligaen 2014 12. juli 14. runde
Sogndal - Hønefoss
28. julI 17. runde
Sogndal - Haugesund
11. aug 19. runde
Sogndal - Molde
25. aug 21. runde
Sogndal - Viking
15. sep 23. runde
Sogndal - Lillestrøm
29. sep 25. runde
Sogndal - Strømsgodset
20. okt 27. runde
Sogndal - Vålerenga
27. okt 28. runde
Sogndal - Sandnes Ulf
10. nov 30. runde
Sogndal - Aalesund
Billettprisar sognekrafttriBuna: Sognekraft Øvre og Nedre: 300,Jentelosjen: 150,Honnør: 150,linestriBuna: Saftkokarar: 150,fylkestriBuna/familietriBuna: Ordinær: 250,Student/ungdom: 150,Born: 100,Familiepakkar (3 stk eller fleire) pr stk. 100,-
førehandsal av billettar: Statoil Sogndal, MIX Sogndal og sogndalfotball.no Bestilling familiepakkar: Send kodeord FAMILIe til 2229 etterfølgd av ditt navn og tal billettar. Billettane vil ligge klar til avhenting i billettluka på kampdag. Uavhenta billettar blir lagt ut for sal ein halv time før kampstart.
Fargespill Fargespill gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg førre gong dei besøkte Førde. Når den unge jenta kom inn og song Geirr Tveit sin “Ver no velkomne med æra” på eit nydeleg, gebrokkent norsk, vart eg heilt satt ut. Kontrasten mellom vår velkomst av innvandrarar som kjem til Norge, og hennar hjartelege song, greip meg så tårene silte.
www.fargespill.no
Fargespill Søndag 4. juli kl 15.00 Idrettshallen
PILL” I NESTE S E G R A “F M O IR E M LES
UTGÅVE!
Førdekonferansen 2014:
Mindre pengar, men meir for pengane? Den nye regjeringa vil gjennomføre ei fridomsreform i kulturpolitikken som skal føre til auka maktspreiing, regionalisering, høgare kvalitet og breiare finansiering av kulturlivet. Kva vert konsekvensane om den statlege finansieringa av kultur vert redusert, og meir av inntektene i kulturlivet skal komme frå private aktørar? Korleis vil ei maktspreiing og regionalisering kunne styrke eller svekke kulturlivet? Og kva er erfaringar frå andre land som har vore gjennom liknande reformer? Med mellom andre leiar i familie og kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg, professor på Handelshøyskolen BI, Anne-Britt Gran, og kulturredaktør i Minerva, Anna Katharina Fonn Matre.
fordefestival.no Billettar på billettservice.no 815 33 133, på Narvesen og 7-eleven. Del ditt festivalminne på Instagram: #fordeminne
Påmelding og info: fordefestival.no Torsdag 3. juli kl 10.30-16.30, Rica Sunnfjord Hotel & SPA
MØT OSS PÅ
Grafisk produksjon: findriv.no
18 1990-2014
KONSERT
Trude Skarvatun, styremedlem