Fordefestivalen jubileumsmagasin nr 2

Page 1

“Å TA I BRUK NYE OG SPENNANDE ARENAER – OG SKAPE DEI MAGISKE MØTA MELLOM MUSIKAR OG PUBLIKUM ER NOKO AV DET KJEKKASTE EG GJER! Hilde Bjørkum

1

Foto: Heidi Hattestein

1990-2014

Kalakan, Hafstadfjellet 2013

JUBILEUMSMAGASIN #2/3

TEMA: STADAR OG SCENER


Som ei elv 2 1990-2014

Vil du følgje Førdefestivalen, kan du følgje elva. Kraftfullt buldrar Jølstra ut frå det vakre vatnet. Ho finn vegen forbi Jølstramuseet og Sunnfjord Museum mot Førdefjorden. Roleg breier ho seg ut og flyt verdig under bruene i byen. Nedover Hafstadfjellet renn grøvene fulle av smeltevatn. Snart er fjorden vegen vidare for deg som følgjer Førdefestivalen. Til Dale og Bygstad. Til Florø. Kven er du? I jubileumsåret fortel vi denne våren om festivalen gjennom tre magasin. I denne andre utgåva vil vi vise deg kvar festivalen finn vegen for å vere ein festival for deg. Same kven du er.

14

FARGEFEST!

7

12

HER BUR FESTIVALEN

8

GRESK STEMNING

EG VIL BLI NY!

4

JØLSTRAMUSEET Minne frå 25 år med “Sommarnatt på Jølster”!

JUBILEUMSMAGASIN #2 Ansvarleg redaktør: Hilde Bjørkum Redaksjon: Torill G. Faleide, Lene Grande og Janne Karin Støylen Grafisk formgjeving: findriv, Førde Opplag: 37.000 Med atterhald om feil og endringar.


HELSING Olve Grotle, ordførar i Førde

FØRDE ELSKAR FESTIVALEN!

3 1990-2014

Velkomen til kulturbyen Førde, til bilbyen, handelsbyen, barne- og ungdomsbyen og idrettsbyen Førde. Til kommunen med dei beste skuleresultata og dei mange kora. Men framfor alt velkomen til kommunen som er stolt vertskap for ein av dei 25 beste festivalane i verda i sitt slag. Den er størst i Skandinavia, og i år feirar den 25-årsjubileum! Førdefestivalen er ein solid kulturinstitusjon som har bygt seg opp steg for steg gjennom 25 år. I dag er festivalen den fremste kulturambassadøren for byen og regionen. Den har etablert ei institusjonell kraft som har vist seg å vere svært viktig ved å vere nyskapande og ved å utfordre det lokale og regionale kulturlivet på ein eineståande måte. Førdefestivalen er ei kulturell kraft – ein «motor» - som er livsviktig for oss som ligg langt frå dei store kraftsentra (byane). Kulturelt og som sjølvstendig arrangement er nok Førdefestivalen truleg den viktigaste hendinga i Førdesamfunnet heile året. Samarbeidet mellom Førde kommune og Førdefestivalen er særs god. Det er tett kontakt mellom politikarane, kommuneadministrasjonen og festivalen gjennom året. I år vart presentasjonen av festivalprogrammet gjort i det nye Rådhuset i Førde, og i juli vil fleire festivalarrangement gå føre seg her – både ute og inne. Vi er glade for å opne rådhuset for festivalen slik at endå fleire vert kjende med huset.

“EG SEIER SOM REDAKTØREN I SOGN AVIS: REIS TIL FØRDE, FOLKENS!”

Det lokale næringslivet ser Førdefestivalen som ein særs viktig og nyttig aktør både med omsyn til omsetning og for å marknadsføre Førde. Førdefestivalen er godt synleg på alle handlesentra og butikkar i Førde både før og i løpet av festivalen. For ein kommune som i utprega grad vert rekna som eit handelssenter med dagleg stort besøk, betyr dette svært mykje. Som ordførar er eg stolt over at byen har ein festival som er forankra i kultur, identitet og tradisjonar både lokalt og globalt. – Ja, merksemda den får nasjonalt og internasjonalt betyr mykje, men det viktigaste er likevel verdien den har for oss som bur her. Ikkje minst for dei av innbyggjarane våre som kjem frå andre deler av verda. Vi kjenner alle den same sitringa og spenninga når juli nærmar seg. Vi elskar desse dagane og nettene då byen syder av musikk og rytmar frå heile verda! Vi vil at ALLE skal kome og ta del i dette eventyret som er like magisk kvart år. Eg seier som redaktøren i Sogn Avis: –Reis til Førde, folkens! Og vi skal ta vel imot dykk, alle som ein! Førde kommune ønskjer Førdefestivalen til lukke med årets festival og gratulerer med 25 års jubileet.


Som elva, slik ho renn 4 1990-2014

–Det var i desse stovene og i stover som desse at folkemusikken vart skapt. Miljøet skapte musikken, den høyrer heime her. Kvar gong den vert spelt på nytt vert den levande igjen. Saman med songen, dansen og kunsten skaper den eit livsmiljø for dei som bur her. Like livgjevande som Jølstra, slik ho renn forbi tunet. Som ei evig kjelde. Eivind Fossheim smakar på orda, veg dei prøvande og ser somme tider spørjande mot dottera Heidi. –Jau, smiler ho varmt mot far sin. Det er slik det er. Det er difor dei opnar det private museet på Jølster for Førdefestivalen år etter år. Sommarnatt på Jølster er eit fenomen i festivalen si historie. Intimkonsertane på låven og i stovene på Vassenden er alltid utselde, men likevel er det ofte stille rundt arrangementet. Den vakre oasen ligg som ein løyndom som opnar seg i enden av smale stiar du må vite om. Og når du kjenner dei kjem du alltid att. –Det fine med Førdefestivalen er at den greier å alminneleggjere folkemusikken slik at den går rett i hjartet til oss alle. Festivalen levandegjer den gamle tradisjonsmusikken for nye generasjonar og er dermed med å skape eit godt livsmiljø, trivsel og identitet for oss som bur her. –Ho lyse, som eg likar så godt, kva heiter ho, Heidi? Eivind Fossheim spør dottera på nytt. –Er det Sigrid Moldestad du meiner? Heidi lyttar merksam når faren fortel. –Ja, ho. Ho gjer akkurat dette så godt. Ho spelar og syng til noko i oss som vi har felles, alle. Det vi har felles, som menneske, kjem også til uttrykk gjennom møta med artistane som kjem frå andre land og kontinent for å opptre i tunet. –Eg hugsar ein russisk songar som tok til tårene. Mønstra og

fargane i åklea minna han slik om barndomsheimen, forklarar Eivind. –Ja, det å ha tinga framme er viktig for oss, understrekar Heidi. Berre ein gong har vi opplevd at noko har forsvunne. –Det var eit par skøyter, hugsar Eivind. –Dei var ikkje spesielt gamle heller, humrar han. –Tenk på den rike arven vi har her i Jølster, held Eivind fram. Anders og Rakel Viken, Paulen-brødrene, Eikås-familien. Og no tek Erlend, Synnøve og Gro Marie tak i tradisjonane og gjer dette til sitt eige og dermed til vårt, på nytt, forklarar Eivind vidare. –Det er dette vi vil vere med å formidle, i eit levande museum, som vårt bidrag til dei som bur her, til livsmiljøet og trivselen i bygda, legg Heidi til. –Det var far min, han heitte også Eivind, som fekk denne teigen frå garden til bestefar Elias ovanfor tunet her. Han flytta ned barndomsstova si og bygde både tunet og samlingane opp som sitt livsverk. Men han var også svært musikalsk, han starta kor og dreiv ungdomsarbeid, der han budde. I Barstavika på Sunn-møre, på Våler, i Hønefoss. Og til slutt, her på Vass-enden, då han flytta heim og starta Jølstrakoret, fortel Eivind. –Som samlar var far min også oppteken av samtida. Han kjøpte den første plastbøtta som kom i butikken til samlinga her, han visste den kom til å


“...MUSIKKEN GÅR RETT I HJARTET TIL OSS ALLE”

5 1990-2014

Utklyppsboka med festivalminne står ikkje tilbake for noko.

bli ein antikvitet. –Eg prøvde noko av det same då dei første ølflaskene kom for sal på samyrkelaget. Eg kjøpte fire stykk og gøymde dei i eit skåp. Men så var det ein kveld i eit festleg lag at nokon snuste seg fram til dei. Og no har eg berre fire tomme ølflasker av denne første sorten. Det er ikkje fullt så interessant, smiler Eivind lurt. –Eg skulle berre ynskje at ikkje Jølstringane var så forbanna sta, sukkar han litt oppgitt. Ein kunne gjort så mykje meir ut av den rike kulturarven i denne bygda. Eg skulle ynskje ein kunne samle seg om slikt! Men, men, det er vel staheita som gjer at dei held ut også, held jorda i hevd og driv på. Det er kanskje staheita som gjer at vi har ein slik arv å forvalte? –Du må hugse å skryte av Heidi når du skal skrive,

avsluttar Eivind Fossheim stolt. Heidi og mannen Frode Årdal er i gong med store investeringar i låven, slik at tunet kan vere ope for gjester heile året. Frode står ute i stillaset og målar veggen raud slik den skal vere. Han får kaffi og sjokolade av kona når han kjem innom. –Ja, eg drøymer om temakveldar. Om litteratur, om kunst, om musikk. Eller faglege tema. Ein stad å møtast og vere i lag om noko som løfter oss og tilfører liva våre verdi. Slik festivalen gjer, om sommaren. Heile året! –avsluttar Heidi glad. Entusiasmen og ansvaret for å ta vare på det som betyr noko, for å skape eit godt livsmiljø for seg sjølv og andre, er tydeleg i alt ho seier. Men det er like tydeleg i korleis ho lyttar til far sin. Og i forteljingane hans, om sin far. Som elva, slik ho renn. Gjennom generasjonane. Gjennom tida.


© O. Apneseth

Sunnfjord Museum, Movika

Rytne Gard, Bygstad

Sudan Dudan

Sunnfjord Museum

Sekkepipe, munnharpe, seljefløyte. Men også cello, gitar, mandolin og lyre. Og saksofon. Og fløyter! Steinar Ofsdal inviterer musikalske vener frå Nepal og Estland. Og Geilo. Saman går dei laus på sine eigne og dei andre sine musikktradisjonar med krum hals og ei mengde instrument. Ingen reglar. Berre musikalsk moro!

kl. 11.15

KONSERT

kl. 10.45

KONSERT

Søndag 6. juli kl. 12.00 Rytne Gard

Fjordamattunet, Vassenden

Klokkargarden, Dale

I Fjordamattunet på Jølster serverer festivalen deg drivande, deilig bluegrass frå landets beste band i den sjangeren. Lukta av heimebakst siv inn i konsertløa frå Kari sin vedfyrte bakaromn i bakstehuset vegg i vegg. Du seier vel ikkje nei takk til konsert og kaffimat ein søndag ettermiddag når sommaren er på sitt vakraste i Støfringsdalen?

”Aldri få loga som eld i mot deg, slik er den soga som klagar i meg”. Slik skriv Jabob Sande i diktet Aldri. Han hadde fridd og fått nei. Frå Halldis Moren Vesaas. Men denne søndagen kjem tekstane hennar til heimen hans i Klokkargarden, saman med tonane til Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jakobsen. ”Det var ein slik klukkesundag då verda hadde det godt” skriv Halldis i eit av dikta sine. Ein slik søndag Søndag 6. juli blir det! kl. 17.30

Earlybird Stringband

kl. 16.15

Søndag 6. juli kl. 17.00 Fjordamattunet

Hulbækmo og Jakobsen

kl. 16.15

KONSERT

1990-2014

Saman med produsent Odd Norstoga har Marit Karlberg og Anders Røine levert eit akustisk fullkome, lite mirakel av ei plate som berre veks og veks for kvart gjenhøyr. Låtane du finn på ”Inntil i dag” kan skildrast som eit møte mellom Jotunheimen og Apalachane; ein sugande, intens groove du ikkje kan motstå! Hes etter hes med høyslått til tørk rammar inn scena ved Søndag 6. juli Movatnet, salen er mjuke graskl. 11.30 bakkar. Ei perle i programmet!

KONSERT

6

Steinar Ofsdal – LARA

Klokkargarden


Greske stemningar i Strandgata FØRDEFESTIVALEN I FLORØ FOR FØRSTE GONG Førdefestivalen er stor nok både for Florø og Førde, vi her ute med kysten identifiserer oss også med folkemusikken! Det er på tide å bryte grensene mellom dei to byane, vi treng kvarandre, seier Karin Nina Gjervik. I år opnar ho Blomsterhagen restaurant i Strandgata for festivalen og serverer gresk blues til kystfolket.

KONSERT

–Vi held til i eit gammalt, koseleg hus midt i sentrum, forklarer ho. Fram om huset ligg ein fantastisk hage, bygt opp rundt ei scene som skaper ei intim og nær atmosfære. No dreier tankane våre seg om korleis vi skal skape greske stemningar her i juli, tavernaen er ein nærliggande assosiajon, vi tenkjer på fargar, smakar og lukter, seier Karin Nina drøymande. Med sin bittersøte rebetika vil tyrkiske Cigdem Aslan ta publikum med på ei reise i ein musikktradisjon som oppstod blant grekarar i eksil. Denne bluesen levde i dei små kafeane i Athen og i Istanbul. No er den løfta til internasjonale konsertscener, Onsdag 2. juli kl. 20.00 men i Florø er det eit nært møte mellom artist Blomsterhagen, Florø og publikum som ventar. Og ei forventningsfull vertinne!

7 1990-2014


Scener i Sentrum 8 1990-2014

No vil eg bli ny! – sa Førde by. Og så blei den det! I Sentrum Sør står det flotte, nye rådhuset på sterke søyler, innbydande med raude svalgangar og lys-sette trapper ned mot elva. Frå før har Førde smykka seg med den arkitektoniske perla Pikant langs den same elvebreidda. Men byen tek også vare på sjela i Sentrum Sør. Kristiansenhuset ligg der slik det alltid har gjort. Her fortel dei tilsette i Førdefestivalen kva dei gler seg aller mest til når festivalen gjer Sentrum Sør om til scener.

Lene Grande | administrasjonssjef

Fride Haugen | billettansvarleg

-I år gler eg meg ekstra til Mat, musikk og vin laurdag ettermiddag. God kortreist mat i kombinasjon med cubanske rytmar er ei perfekt oppladning for den store galla-konserten seinare på kvelden!

-Eg fekk med meg ein herleg konsert med shanty-koret i 2007 i ein fullsett Idrettshall. No blir det gjensynsglede og høg allsongfaktor ute på ein ny og spennande arena midt i Førde sentrum!

Soneros de Verdad trio Laurdag 5. juli kl. 17.30 | Pikant restaurant

Shanty-rafting på Jølstra Torsdag 3. juli kl. 14.00 | Førde CampingLangebrutorget Storm Weather Shanty Choir Torsdag 3. juli kl. 16.00 | Langebrutorget


m Sør 9

Ingebjørg Nomeland | produsent

Hilde Bjørkum | direktør

Torill Faleide | kommunikasjonssjef

Ved elva ligg det eit fantastisk sjarmerande gult, gammalt hus. Der skal to kjekke og mystiske menn synge og spele mørke songar som rører sjela. Dette blir både vakkert, dramatisk og intimt.

Eg storgledar meg til Amsterdam Klezmerband på Langebrutorget fredag 4. juli. Dei kan spele fletta av kven som helst, og har laga heidundrande klezmerfestar over heile Europa – og no står Førde for tur. Dette er eit klart «must» for alle musikkelskarar!

Det skal bli så artig å sjå fotoutstillinga! Oddleiv Apneseth er kurator, og har nokre røffe og artige idéar. Dessutan får vi «festivalinnvie» terrassen med herleg lunsjkonsert: Boblande og blid musikk frå vest-Sverige! Kan det bli betre?

Amsterdam Klezmer Band Fredag 4. juli kl. 17.30 | Langebrutorget

Opning: Fotoutstilling 25 år Onsdag 2. Juli kl. 18.30 | Rådhuset

Bruvoll/Halvorsen Søndag 6. juli kl. 13.30 | Kristiansenhuset Hagekafé med heimelaga kaker.

MP3 Mattias Pérez Trio Fredag 4. juli kl. 12.00 | Rådhusterrassen

Foto: Arvid Anthun

1990-2014


Ut på tur, aldri sur

Hafstadfjellet 706 moh: Trio Teriba

KONSERT

KONSERT

Barnas turlag og Førdefestivalen går hand i hand til Haldbrendstøylen. Vi inviterer små og store med på vandring, mat og musikk. Unni Løvlid syng og fortel om huldrer og troll! Ta med sitjeunderlag og mat til grilling på bålpanne. Ut på tur, aldri sur Onsdag 2. juli kl. 16.00 Start og slutt på Reset i Halbrendslia

Bli med Indre Sunnfjord turlag på ein topptur utanom det vanlege! Fram på fjellhylla stig tre vakre kvinner frå Benin. Afrikansk fleirstemt song, spontan dans og kreativ perkusjon tek deg med til eit anna kontinent, sjølv om Førde ligg fast under føtene dine. Trio Teriba Laurdag 5. juli kl. 13.00 Hafstadfjellet

kl. 11.00

10 1990-2014

Førdefestival i det fri Oppen poppen, spelemann i toppen Sprang over gjerdet, stal seg ei pære Delte den i sju Ein, to, tre, fire, fem, seks, sju Du er ein stor tjuv!

–Dette er regle som har vandra. Slik er det med eventyr, segner og regler. Dette er det eg veit: Den er etter Marie Ryssdal frå Davik. Elin Grytting har skrive den ned, eg lærte den av henne for mange år sidan. No er den med meg anten eg fortel på Majorstua, i Gloppen

eller i Østerdalen. Denne skal vi leike oss med kvar morgon. Ute i det fri! I Vieåsen barnehage på onsdag, i gapahuken på Flatene torsdag og fredag morgon skal vi vere i barnehagen på Sunde. Forteljingane er både frå Sogn og Fjordane og frå resten av verda, det finst så mykje å ta av, programmet blir neppe det same kvar dag, fortel forteljaren Hanne Oftedal. Ta med frukosten og start daMorgonstund gen på eventyrleg vis har gull i munn saman med Hanne! Onsdag, torsdag, fredag kl. 09.00 Alder: frå 3 år.

KONSERT

Morgonstund har gull i munn


Fri entré i Førde by Laurdag morgon spankulerer festivalen til byen med spanderbuksene på! Etter ein god festivalfrukost på festplassen, svinsar han glad gjennom gatene i festivalparaden. Torgscena er målet for den spandable festivalen som merkar alt dette med: ”Fri entré”! Det store festivalhjartet bankar så heile byen kjenner pulsen slå.

11 1990-2014

Festivalfrukost kl 08.30

Start dagen med frukost i det grøne! Saman med våre gode samarbeidpartar, Kokkenes Meisterlaug og Bondens Marknad, ønskjer festivalen velkomen til gratis frukost og frisk festivalmusikk i parken.

Festivalparade kl 10.30

Den tradisjonelle festivalparaden med lyd og rytmar frå heile verda, går i år frå Førdehuset til Førde Torg.

Jubileumskonsert - torgscena kl 11.00

Alle er hjarteleg velkomne når festivalen inviterer til gratis jubileumskonsert med energiske King Ayisoba frå Ghana, som kjem rett frå Roskildefestivalen til Førde!


12

“FØRDEHUSET ER VERDAS BESTE KULTURHUS Å LAGE FESTIVAL I!” Hilde Bjørkum

1990-2014

Her bur Førdefestivalen Tidleg på syttitalet bygde Førde kommune ei framsynt storstove både for idrett og kultur. Førti år seinare er huset eit pulserande møtepunkt som aldri kviler. Gjennom vinteren held staben hus i eit hjørne på loftet. Men når sommaren kjem, kler heile Førdehuset seg i sin finaste festivalstas og ynskjer verda velkommen! ONSDAG 2. JULI

LAURDAG 5. JULI

Festivalfilm: The Lunchbox | kl. 18.00 | Lisjesalen

Le Trio Joubran | kl. 12.00 | Teatersalen

Tango Azul | kl. 20.00 | Storsalen

Hemsing og Larsen -TO DAMER TO HERRER | kl. 13.30 | Festsalen Sivan Perwer | kl. 16.30 | Festsalen

TORSDAG 3. JULI

Kong Nor - Grunnlovsjubileet | kl. 16.30 | Storsalen

Cigdem Aslan | kl. 17.30 | Festsalen

Talent 2014 - JUBILEUMSKONSERT | kl. 18.00 | Teatersalen

Opningskonsert: Førdefestivalen, lokal-global i 25 år! | kl. 19.30 | Idrettshallen

Jubileumsgalla: GJENSYNSGLEDE | kl. 20.30 | Idrettshallen

Dansen går i Førdehuset | kl. 21.30 | Festsalen

Dansen går i Førdehuset | kl. 22.30 | Festsalen

FREDAG 4. JULI

SØNDAG 6. JULI

Mahsa & Marjan Vahdat | kl. 12.30 | Teatersalen

Familiesøndag | kl. 13.00 | Heile huset!

Trio Teriba | kl. 14.00 | Festsalen

Fargespill: FargeFest i Førde! | kl. 15.00 | Idrettshallen

Draumelaget Sogn og Fjordane | kl. 15.30 | Storsalen

Festivalfilm: The Lunchbox | kl. 18.00 | Lisjesalen

Bhanwari Devi ensemble | kl. 16.00 | Teatersalen To Tobi - familiekonsert | kl. 17.30 | Festsalen

Omtale av artistar og

Ana Moura | kl. 19.30 | Idrettshallen

program finn du på

Dansen går! | kl. 21.00 | Festsalen

www.fordefestival.no

Møt artisten! | Korte intervju og samtalar (30 min) med utvalde artistar. I Utstillingssalen | Fri entré.


Foto: Arvid Anthun

Aramis, Athos og Porthos forsvarte den franske kongen med ein lojalitet som har fasinert verda i hundrevis av år. Når soga om Førdefestivalen skal skrivast trer det tre musketerar fram frå kulissane i Førdehuset også!

Våre tre musketerar

JOHAN BENGTSSON Kulturleiar

STÅLE HAUGEN Konsulent, teknisk ansvar

KÅRE ÅSNES Vaktmeister

Arbeidsoppgåver under festivalen: Bindeledd mellom administrasjonen i Førdehuset og staben i Førdehuset. Praktisk tilrettelegging og vakthald. Representasjonsoppgåver for Førde kommue.

Arbeidsoppgåver under festivalen: Sceneansvarleg, rigging av lokale til arena, ansvar for konsertvakter.

Arbeidsoppgåver under festivalen: Vaktmeister, vere tilgjengeleg for små og store oppdrag.

Kva betyr Førdefestivalen for deg? Det betyr at frå veke 25-27 kvart år planlegg eg ingen andre ting!

Kva betyr Førdefestivalen for deg? Eit arrangement som tek i bruk HEILE Førdehuset er sjølvsagt ei lita kraftprøve. Det er ein slags eksamen kvart år!

Kva betyr Førdefestivalen for deg? Førdefestivalen er vårt største arrangement og er særs viktig for identiteten for Førdesamfunnet. Førdefestivalen er ei stor happening der utruleg mykje skjer på kort tid – masse opplevingar – veldig kjekt. Kva er den største utfordringa du kan hugse at de har løyst for festivalen? Vi løyser mange små utfordringar heile tida, men Førdefestivalen er så godt organisert at dei heilt store utfordringane har vi allereie løyst i samarbeid i god tid på førehand. Eg hugsar ei god historie Jarl Løvik fortalde meg frå eit år dronninga skulle opne Førdefestivalen. Det var litt stress på førehand, alle skulle inn og på plass. Jarl passa på. Så kom det ei lita dame hoppande på krykkjer. Jarl var på god veg å stoppe ho og gje beskjed om at ho ikkje kunne komme denne vegen på den måten når dronninga snart skulle opne festivalen. Heldigvis oppdaga han i tide at det var dronninga sjølv som kom på krykkjer!

Kva er den største utfordringa du kan hugse at de har løyst for festivalen? Det har vore mange endringar på scena i idrettshallen gjennom åra. Det er vel det som har skapt mest hovudbry. Men det vert etter kvart mange gode historier, eg hugsar særleg kjolen til Ana Moura som hadde ein stridig glidelås som var uråd og få dregen att sjølv om eg prøvde med knipetang. Det var bra ho var ei sindig dame som til slutt vrengde av seg kjolen og gjekk på scena i dongeribrok. Det eg hugsar aller best er den gongen eg skulle vere med på opningskonserten i lag med Unni Løvlid. Vi skulle opp i ein lift gjennom eit teppe på sida, Unni skulle synge, eg køyre lift og tenne fem lys i ein kandelaber som på eit tidspunkt skulle opp for kanten og ned att. Liften skulle senkast og komme ut av teppet samtidig. Dette gjekk heilt fint det. Men når vi var klar med tende lys vart det eit eller anna teknisk gale. Vi vart sittande i 25 minutt oppe under taket. For og seie det slik: Vi har eit godt forhold i dag!

Kva er den største utfordringa du kan hugse at de har løyst for festivalen? I tillegg til rigging og sjauing overalt i huset, er det veldig spesielt å bygge ein idrettshall om til ein konsertsal. Det åleine tek tre veker. Minst. Den største utfordringa er den same kvart år: Å bli ferdig med alt i tide!

13 1990-2014


14 1990-2014

Irene Kinunda (23) frü Kongo og Askøy er ei av stjernene i FargeFest.


FargeFest Vi treng ikkje tenke på at vi skal hugse å smile når vi står på scena. Vi berre ser på Ole. Då smiler vi heilt hundre prosent naturleg heile tida!

kvarandre sine songar og danse kvarandre sine dansar, på ein måte som publikum elskar same om dei er små born eller kjempegamle oldemødre! –Responsen frå publikum er alltid slik: Folk kjem ut med øyrene i vegen for smilet som dei ikkje kan få høgt nok opp. Men fjeset er heilt vått av tårer, fortel koordinator Frøydis Moberg, og siterer Gustav Lorentsen som etter ei framsyning sa det slik: ”Noe av det beste som finst er å grine samtidig som man smiler fra øre til øre. Det gjør jeg når jeg opplever Fargespill-forestillingene. Ikke bare jeg forresten. Konemor kommer hjem med mascara i munnvikene. ”

KONSERT

Irene Kinunda (23) frå Kongo mimar lattermild Ole Hamre sin energiske spelestil ved trommene. Grimasene er til forveksling heilt like, sjølv om Irene berre er halvparten så gammal og kjem frå den andre halvdelen av jordkloda. Ja, men eg er jo frå Bergen, også! ler ho. –Då eg var elev her på Nygård skole hadde vi eit valgfag som heitte musikk, dans og drama. Der møtte eg kunstnarleg leiar Sissel Saue. Ho spurte om eg hadde høyrt om ei jente frå Kongo som budde på Askøy. Ei som var veldig flink og synge og heitte Irene. Det var jo meg! Irene smiler strålande. Ho har vore med i Fargespill sine framsyningar sidan 2007. No gjer ho seg klar til den store Jubileumsframsyninga i operaen i Oslo på grunnlovsdagen 17. mai. Så kjem ho til Førde saman med kring 70 andre born og unge i alderen 7 til 28 år frå heile 30 nasjonar for den formidable festivalfinalen ”Fargefest” i idrettshallen søndag. Men ho har også andre oppdrag. –Ja, vi har laga ei lita gruppe som heiter ”Livets farger”. Vi er tre jenter frå Afrika: Frå Kongo, Burundi og Somalia. Og ei frå Norge. Vi er veldig populære på gamleheimane rundt om i byen. Dei blir så glade og overraska når vi stemmer i med norske folketonar, ler Irene. –Og så held eg foredrag saman med Ole (Hamre red anmn.) om godt leiarskap. Du kan mykje om å vere ein god leiar når du kan få 70 unge menneske frå 30 land til å synge

Fargespill: FargeFest i Førde! Søndag 6. juli kl. 15.00 Idrettshallen

“FARGESPILL “ er eit kompani med barn og ungdom frå heile verda, inkludert Norge som representerer fleire religiøse retningar og har svært ulik alder og bakgrunn. Dei byr på eit nært, musikalsk møte med unge menneske si historie om kven dei er og kor dei kjem frå, avdekka gjennom musikk og dans fra deira respektive land. Opplevinga blir boren fram av eit stort profesjonelt apparat av musikarar, koreografar og instruktørar, lyd-, lysdesignerar og scenografar.

15 1990-2014


16 1990-2014

FØLG OSS PÅ:

kjØP biLLetter PÅ:

billettservice.no, 7-eleven, Narvesen & Posten

facebook.com/osloworld, twitter.com/osloworld & www.osloworld.no

Som stolt hovudsponsor ønskjer Adcom Fjord Data Førdefestivalen lukke til med årets festival!

Kvalitet

Kunnskap

Kundefokus


I VÅR TELTE VI 15 348 899 GÅSUNGER

17 1990-2014

Inform-media.no

Photo: johner.se

Accountor Langebruvegen 2, 6800 Førde www.accountor.no

Framtida er i Sunnfjord Har du ein god ide eller ynskjer du å vidareutvikle eit produkt? Vi hjelper deg. Vi bistår med rådgjeving og oppfølging for etablerarar og bedrifter. Hafstadvegen 34, 6801 Førde • Tlf. 57 72 19 55 • post@sunnfjord.no • www.sunnfjord.no


Førdefestivalen

– også rein energi 18 1990-2014

Den lokale drivkrafta! - vi sponsar Førdefestivalen

Sidan 2001 har vi tatt verda til Sogn og Fjordane. Det betyr at du og resten av innbyggarane i fylket kan få alt som er der ute rett inn i stova.

Rein Design

Sommartilbod på superraskt breiband!

Din lokale kraftleverandør Vi er også leverandør av:

FRÅ

298,PR. MND.

Surf globalt, vel lokalt!

Bytt til Enivest i dag!

Vi spanderer 100 kroner kvar månad i eit år.**

Bruk bestillingsskjemaet på nett; enivest.no/bestill, eller ring kundeservice på 57 00 91 00.

Resten ordnar vi. LES MEIR PÅ

enivest.no/kampanje

**I tillegg får du fri etablering og modem for kr 0,- (ord. pris 1.424,-). Pris første året frå kr 3.576,-. Tilbodet gjeld nye kundar på superraskt breiband (ADSL Maks og VDSL), og føreset 12 mnd. binding. Bestillingsfrist: 31. august 2014.

Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane

Skjerjehamn

Vinn Vinn wee kend weekend for 2! for 2! Verdi kr 8.000*

*Sjå enivest.no/kampanje for meir informasjon om konkurranse

n Foto: Gøril Sætre

Bruk nokre få minutt på å bestille internett frå Enivest i dag, så får du superraskt breiband samtidig som du er med på å skape lokale verdiar.

Den lokal drivkrafta! Kontakt oss på tlf. 57 72 23 00

www.sunnfjordenergi.no


FOTO: BENT ARE IVERSEN / FIRDA MEDIA

19 1990-2014

MANGFALD. FARGERIKT. PULSERANDE SYNERGIAR. VI ER HER. GØY Vi har vært sponsor for Førdefestivalen sidan 2003. Vi køyrer på vidare. Sjåast på festival! spv.no / 05555


LEGE LES MEIR OM “FEST ESTIVALFORVIKLINGAR PÅ F GÅVE! T U E T S E N I ” T E L L E HOT

«Miks ein porsjon klezmer med ein dose ska, tilset ein liberal dash balkan og til slutt ei klype sigøynermusikk! Strø over ei skei med jazz og ei aning punk. Sleng alt i blendaren, og du har eit komplett Amsterdam Klezmer Band. Server omgåande!» Slik omtalar den nederlandske musikkjournalisten Stan Rijven dette bandet som får publikum i heile verda til å danse og glise frå øyre til øyre. Legg til at det er fredag ettermiddag, det er helg, det er sommar! Denne uimotståelege musikken vil dra i gang ein skikkeleg fest på Langebrutorget midt i Førde sentrum. Musikarane i bandet har bakgrunn både frå konservatorium og gata, og har spelt seg i hop til eit band som leverer varene! Ekstrem tilpasningsvilje og fantastisk speleglede gjer Amsterdam Klezmer Band Amsterdam Klezmer til publikumsyndlingar. Gjer Band deg klar til å bli klezmerisert! Fredag 4. juli kl. 17.30 Det e´ her det e´ fest! Langebrutorget

fordefestival.no Billettar på billettservice.no 815 33 133, på Narvesen og 7-eleven. Del ditt festivalminne på Instagram: #fordeminne

MØT OSS PÅ

Grafisk produksjon: findriv.no

E´ det her det e´ fest?

KONSERT

20 1990-2014

Når hotelldirektør Odd Erik Gullaksen og hotellsjef Karl Saue på Rica Sunnfjord hotell mimrar om åra som vertskap for Førdefestivalen er det ikkje den polerte presseversjonen dei er opptekne av. Snart opnar dei dørene for den 25. festivalen. Dei vil ta artistar og publikum smilande i mot. Både når dei sprudlar på dansegolvet i den heftige festivalnatta og når dei myser mot morgonsola i frukostsalen neste dag. Det som skjer på hotellet, blir på hotellet. Men i erfarne vertar sin venlege diskresjon, ligg også evna til å formidle dei gode historiene utan å utlevere nokon. Høyr meir i neste nummer av jubileumsmagasinet!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.