Gravdal nytt haust 2013

Page 1

Gravdalgruppa realiserer bustaddraumen din

GravdalNytt - hausten 2013/v책ren 2014


Kjære lesar! Det er haust i Sunnfjord og vi går ei spennande tid i møte. Dette også når vi tenkjer på utvikling i Sunnfjord-regionen. Vi har folketalsvekst og vekst i spennande arbeidsplassar i regionen vår, noko som gjer det kjekt å bu og leve her. Vi i Gravdalgruppa ønskjer med denne brosjyren å informere om våre mange gode bustadprosjekt både i Førde, Naustdal, Eikefjorden og Jølster. Vi håpar at vi har nettopp bustaden som du har drøymt om! Sjå gjennom, og finn de noko som samsvarar med draumane dykkar, så finn de meir informasjon om dei ulike prosjekta på heimesida vår www.gravdal.no og på www.finn.no. Vi ønskjer dykk alle velkommen til å komme innom oss på Halbrendsøyra 2 i Førde for ein uforpliktande bustadprat, eller ta ein telefon til Bente eller Stian. Har de lyst på nytt kjøkken, bad eller garderobe har vi gode og spennande løysingar vi kan presentere for ein kvar smak. Kom gjerne innom butikken vår i Førde, eller ta kontakt med Margrethe eller Heidi Ann for ein god og uforpliktande prat. Fortsatt god haust og god lesnad! Med venleg helsing Gravdalgruppa AS Bodil Kidøy Lunde, dagleg leiar

Ved nokre prosjekt finn du ein QR-kode til ein film. For å lese denne QR-koden må du laste ned ein QR-scannerapp. for smarttelefon. Gravdalgruppa AS Halbrendsøyra 2, Førde post@gravdal.no

| www.gravdal.no

Dagleg leiar Gravdal Bustadprosjekt Stian Grimseth Tlf.: 478 74 000 / 913 60 531 sg@gravdal.no

Dagleg leiar Gravdal Byggsenter Heidi Ann Endestad Tlf.: 478 74 000 / 413 30 508 heidi-ann@gravdal.no

Bustadprosjektseljar Bente Andenæs Tlf.: 478 74 000 / 908 21 417 ba@gravdal.no

Kjøkkenkonsulent Margrethe V. Kalstad Tlf.: 478 74 000 / 982 66 105 mvk@gravdal.no

leiar / kontaktinfo


FINN-kode 33765927

SJÅ VIDEO

Mallasvika – den beste utsikta og beliggenheita Endå kan du sikre deg ei av toppleilegheitene i dette fantastiske prosjektet. Her kan du starte og avslutte dagen med ei beliggenheit som tar pusten frå dei fleste. Våre to toppleilegheiter har terrassar på over 30 m2 kvar. Det vert opparbeidd eiga badestrand med badebrygge, og det er regulert inn småbåthamn mindre enn 100 meter frå bustaden. Nyt turar med kajakk på fjorden, gå deg lange fjellturar i T-merka turløyper, og avslutte dagen på badebrygga – alt utan å setje deg i bilen. Ein kort spasertur så er du i Naustdal sentrum – og 15 min i bil fører deg til Førde sentrum. Vi har fortsatt 4 leilegheiter igjen som står klare første kvartal 2014. Alle leilegheitene har vassboren oppvarming.

naustdal


| www.gravdal.no


FINN-kode 41946854

SJÅ VIDEO

Falkenstein - 7 praktiske einebustader i rekkje Vi er stolt over å kunne presentere våre unike hus i solveggen av Førde. På Falkenstein bur både store og små i gangavstand til alt av sentrumsfunksjonar i Førde, samstundes som husa ligg fredfylt plassert med ei fantastisk utsikt. Bustadane har to store terrassar, der den eine er overbygd og kan gje rom for ein vinterhage for dei som måtte ønskje det. Med to integrerte carportar er du sikra ein enkel kvardag, og vidare leverer vi godt med bodplass i husværa. Husværa har ei stor og romsleg stove og kjøkken på andre plan, og tre gode soverom. Nokre av husa kan byggast med eit fjerde soverom – eller du kan få deg ei koseleg loftsstove. Dette er siste feltet med å einebustader i rekkje på Falkenstein, så her er det om å gjere å handle før det vert forseint.

førde


Vie Sør – vår siste blokk er under bygging Vi har vi starta bygginga av vår siste blokk, her har vi berre sju leilegheiter igjen. Spennande leilegheiter, på 64 m2 (3-roms) og 80 m2 (4-roms). Alle leilegheitene har livsløpsstandard. Her får du leilegheiter med smarte løysingar og med to og tre soverom på eitt plan. Blokkene har eigen stor parkeringskjellar med heis, og i nærområdet finn du butikk, Sentralsjukehuset, som er største arbeidsplassen i fylket, skular og barnehagar. Vidare ligg leilegheitene nærme Brulandsvellene og handelshusa der, og Vie vil bli endå betre knytt til sentrum med dei gang- og sykkelvegane som ligg inne i Førdepakken. Siste moglegheit for deg som ønskjer deg ny leilegheit på Vie Sør!

| www.gravdal.no


FINN-kode 37407846

Blokk A5

Blokk A7

3D visning Gå inn på vår heimeside og prøv vår 3D visning av leilegheitene. Her kan du møblere, gå frå rom til rom – og få eit endå betre heilheitsinntrykk av leilegheitene.

førde


FINN-kode 45021294

SJÅ VIDEO

Hotelltoppen – einebustadtomtar i sentrum Vi har no gleda av å kunne tilby 4 einebustadtomtar i Førde sentrum utan byggeklausul. Dette har vore mangelvare i lengre tid. Tomtane er tilnærma byggeklare og ligg i tilknyting til eksisterande bustadfelt rett bak Førde Hotell. Med barnehage og skule i nærområde, samt gangavstand til alt av sentrumsfunksjonar, er dette staden for deg som ønskjer ein enkel og bilfri kvardag. Utsikta er formidabel – med Jølstra som deler Førde sentrum i to, før ho renn ut i Førdefjorden.

| www.gravdal.no


Einebustadtomtar Gravdalgruppa har fleire spennande tomteområde i Sunnfjord, og vi tilbyr ein del av desse for sal utan byggjeklausul. Her kan du kjøpe draumetomta og du står fritt til å kjøpe draumebustaden av kven du vil.

FINN-kode 41324098

5 flotte bustadtomtar i Eikefjord I Eikefjord, Flora, har vi fem bustadtomtar til sals. Tomtane er sjølveigartomtar og er regulerte til bustadføremål. Tomtane ligg i sentrum av Eikefjord, og det er kort veg til skule, barnehage og butikk. Lett tilgang til flott turterreng like ved feltet. Tomtane er vestvende med unik utsikt utover fjorden. Like ved ligg badeplass og båthamna. Berre 25 minutts køyring til Florø og 30 minutts køyring til Førde. Solrikt og lunt klima ved fjorden.

Eikefjord

FINN-kode 33780528

Fantastiske einebustadtomtar i Mallasvika For deg som drøymer om din eigen einebustad i Sunnfjord har vi berre ei useld tomt igjen i bustadfeltet vårt i Mallasvika, Naustdal. Tomta vert seld utan byggjeklausul, og har ei fantastisk plassering der ho ligg sørvendt og lunt til like ved sjøkanten. I vest steilar majestetiske Heilefjellet, og ein kort spasertur mot aust så har ein tilgang til butikkar, skule, barnehage idrettsanlegg. Vidare er der eiga badestrand med badebrygge i feltet, regulert småbåthamn – og du bur midt i eit flott og variert turområde med T-merka stiar.

Mallasvika

Årsetbakkane – Tomtar med utsikt over Jølstravatnet På Årsetbakkane på Vassenden i Jølster har vi nokre flotte tomtar som kjem for sal. Tomtane ligg solrikt plassert, med utsikt over Jølstravatnet og gangavstand til Vassenden sentrum. Der kan du nyte det gode liv på Jølster og ta del i aktivitetar som alpint, ski, golf og rafting som ligg i nærområdet.

Årsetbakkane

tomtar


FINN-kode 41972915

Våre spennande prosjekt i Bergen Ein stor del av aktiviteten til Gravdalgruppa er for tida i Bergen, og her vil vi presentere nokre av prosjekta vi har under bygging eller planlegging:

Glaskaråsen Panorama Mellom Åsane og Bergen Sentrum har vi starta bygginga av første byggetrinn som består av 21 leilegheiter, der vi berre har 1 leilegheit igjen for sal. Prosjektet har ei strålande plassering med god utsikt over byfjorden, og består totalt av 60 leilegheiter til ein samla salsverdi på ca. kr 300 mill.

| www.gravdal.no


Lyderhornslien Townhouses Like under Lyderhorn har vi om ikkje lenge 16 -18 rekkehus og einebustader i kjede for sal. Desse vert liggande sørvendt og får gangavstand til Vestkanten kjøpesenter, badeland og Lyderhorn som er eit av dei sju fjella rundt Bergen. Prosjektet har ein samla salsverdi på ca. kr 80 mill.

Råtun Med sin korte avstand til Lagunen kjøpesenter og bybanestopp er dette eit særs attraktivt prosjekt i Bergen. Vi jobbar no med reguleringsprosessen for tomta, der det vil verte ei blanding av leilegheiter og rekkehus. Prosjektet vil bestå av ca. 50 bueiningar til ein samla salsverdi på ca. kr 175 mill.

Lyderhorn Townhouses

Laksevåg Sentralt på Laksevåg ved Puddefjordsbrua held vi på å utvikle 14 leilegheiter som kjem for sal. Her like ved sjøkanten har vi utsikt over byfjorden og innseglinga til Bergen by. Samla salsverdi vil vere ca. kr 40 mill.

Råtun

Laksevåg

bergen


Offentleg sektor Solund I Solund byggjer vi i desse dagar påbygg til eksisterande grendehus. Ferdigstilling ut på nyåret 2014. Grendehus Solund

Skei Barnehagen på Skei. Totalentreprise der vi også utvidar eksisterande uteområde. Ferdigstilling sommaren 2014.

Sørbøvåg Omsorgsbustader på Sørbøvåg, 13 nye omsorgsbustader + fellesareal. Ferdigstilling ved utgangen av 2014.

Barnehage Skei

Dagleg leiar Gravdal Bygg AS Sverre Martin Stensæth Tlf.: 478 74 000 / 48 88 18 14 sms@gravdal.no

Omsorgsbustader Sørbøvåg

| www.gravdal.no

offentleg sektor


Gravdal Kjøkken

Frå våre 2 kjøkkenleverandørar, Huseby og Sigdal leverer vi flotte kvalitetskjøkken i tidas spennande fargar og modellar, og vi teiknar gjerne ditt draumekjøkken for deg! Kom innom oss for ein kjøkkenprat, og sjå våre flotte utstillingar av kjøkken, bad og kvitevarer.

Etter lang tid der kvite kjøkken har vore i fokus, ser vi no at trenden har snudd, og vi sel farga frontar som aldri før. Gråtonar og bruntonar er favorittane hos oss, gjerne malte eller beisa heiltrefrontar, der strukturen i treet kjem godt fram. Kundane vert stadig meir kvalitetsbevisste, og vi ser at våre mest kostbare heiltrefrontar gjerne vert valde framfor rimelegare MDF-frontar. Ein anna trend vi ser hos oss, er at frontane gjerne skal vere glatte, utan profilar, og gjerne også grepslause. Våre kundar vel no gjerne benkeplater i stein eller silestone, slik at denne fungerer som eit «smykke» på kjøkkenet. Ei eksklusiv benkeplate hevar etter mange si meining heilheitsinntrykket på kjøkkenet, og understrekar at dette er husets hjarte.

kjøkken


| www.gravdal.no


10 gode grunnar til å kjøpe nytt: 1. Låge omkostningar ved kjøp

6. Inger kostnader til oppussing

Du betalar berre 2,5 % dokumentavgift av tomteverdien og ikkje av heile kjøpesummen som ved brukt bustad.

Bustaden får ein moderne og god utforming og stil. Du minskar risikoen for uførutsette kostnader og skjulte vedlikehaldskostnader.

2. Fast pris – ingen hektiske bodrundar

7. Betre lydisolering og inneklima

Du veit på førehand kva du må betale for bustaden. Det er ingen indeksregulering under byggeperioden. Vi krev berre 10% delinnbetaling ved oppstart av betong og resten ved overtaking. Vi stiller bankgaranti på innbetalt delinnbetaling.

Den gode isolasjonsevna gjev deg ikkje berre lågare straumkostnader og lite vedlikehald; du oppnår også god lydisolering. Nye ventilasjonsanlegg gjev svært godt inneklima. Dette er viktig for trivselen du skal ha i din nye draumebustad.

3. Trygt kjøp

8. Særpreg

Etter første år i bustaden vert det utført ein kontroll der ein sjekka at alt er i orden med bustaden. Du har i tillegg 5 års reklamasjonsrett med bankgarantiar.

Du har større moglegheit til å påverke materiell og fargeval, samt designløysningar i bustaden.

9. Nytt Miljø 4. God tid til sal av eigen bustad Du får god tid til å førebu flytteprosessen og selje den bustaden du allereie har.

Du får moglegheit til å bli ein del av eit heilt nytt bustadmiljø, der ingen har budd før.

10. Alt er nytt 5. Lågare straumrekning

Det gir deg ei god kjensle å være den fyrste som bur i bustaden.

Alle våre bustader har god isolasjon i golv, veggar og tak samt at vindauga har god isolasjonsevne. Nye bustader har lågare energiforbruk, noko som er bra for klimaet og gjev reduserte kostnader.

10 gode grunnar


VI byggjer der DU vil trivast: • Førde • Jølster • Naustdal • Eikefjord Landleg, men sentralt mellom fjordar og fjell - einebustad, leilegheit, rekkjehus eller kjøkken, bad, garderobe -

Utforming: findriv 2013

Vi er der for deg og din draum!

| www.gravdal.no

siste


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.