Førdehuset haustprogram 2013
foto: Oskar Andersen
KULTUR
Velkommen til førdehuset! Førdehuset er storstova i Sunnfjord Eit kulturhus for alle – store og små – unge og gamle! I gjennomsnitt besøker ca 2000 personar huset kvar dag. Her finn dei eit breitt kulturtilbud – m.a. teater, kino, bibliotek, konsertar, kunstutstillingar og ei rekke tilbud for dei som er interesserte i sport og idrett. Dei var framsynte dei som vedtok å bygge eit kulturhus på byrjinga av 70-talet. Førde var peika ut som statleg vekstsenter nokre år før – skipsverft og eit nytt sentralsjukehus vart bygd og mange flytta til Førde. Men det var ikkje nok å ha arbeidsplassar og bustadtomter. Skulle Førde vekse og utvikle seg til eit fylkessenter var det behov for gode kulturtilbod, og slik vart ideen om denne storstova fødd. Sidan den gongen har Førde hatt ei rivande utvikling der folketalet har auka med 8000 personar – ei tredobling. Ein vesentleg grunn til dette er dei gode og allsidige kulturtilbuda ein finn i Førde. I haust tek Førde kommune i bruk det nye rådhuset i sentrum sør. Det mange ikkje veit, er at det på byrjinga av 70-talet vart halde ein arkitektkonkurranse med sikte på å bygge nytt rådhus på den tomta der ein i dag finn taxi-sentralen. Vinnaren av konkurransen var kåra og alt låg til rette for eit nybygg. I siste liten vart det likevel bestemt at ein heller skulle bygge kulturhus og
idrettsanlegg på Førdsåkeren. I dag er eg viss på at alle er glade for at dei som bestemte den gongen, valde å bygge kulturhus og ikkje rådhus. Men eg håpar at det som skjer no med opprusting av sentrum og bygging av nytt rådhus skal gjere Førde til ein endå betre by å besøke og bu i. Førdehuset har vore svært viktig for identiteten til Førde i alle desse åra. Alle som har tilknyting til indre Sunnfjord trur eg har positive kjensler og opplevingar knytt til denne samlingsstaden. Førdehuset er noko vi alle er stolte av! Programmet for hausten 2013 er no klart. Her vil du finne mange spennande idretts- og kulturarrangement av høg kvalitet som eg håpar at du finn interessante. Bruk Førdehuset – huset er til for deg! Eg ønskjer deg hjarteleg velkommen til storstova vår.
Med venleg helsing Ole John Østenstad, rådmann i Førde
STORTINGSVALET 2013 I Førdehuset er vallokalet i idrettshallen open mellom kl. 09.00 – 21.00. I tillegg kan ein stemme i krinsane Sunde, Holsen, Haukedalen, Karstad og Angedalen. Her er vallokala på skulane open i tida mellom kl. 13.00 – 19.00. Førehandsrøysting kan gjerast på Servicetorget i 2
Rådhuset frå måndag 12. august til fredag 6. september frå kl. 08.00 til kl. 15.00. Utover dette vil det og bli lagt til rette for førehandsrøysting på Sentralsjukehuset og på Helsetunet. Sjå eigne oppslag om dette på desse institusjonane.
kjære publikum Eg kan stolt presentere eit rikt og variert tilbod i Førdehuset hausten 2013. Førdehuset er ope for alle, og eg meiner at vi har eit godt tilbod til deg. Bruk vår abonnentsordning «Førdepakka»! Kjøper du billett til to eller fleire arrangement merka «Førdepakka» på same tid, kan vi tilby rabatt på alle arrangementa! Sjå etter markeringa «Førdepakka» i programmet. Kjøp gjerne billettar på førehand, så sikrar du deg billett, får god plass og slepp å stå i kø like før framsyninga. Har du innspel, spørsmål, eller meiner vi kan bli enda betre, bruk gjerne vår mailadresse: kultur@forde.kommune.no Kultureininga helser alle velkomne til Førdehuset og våre arrangement!
Johan Bengtsson, leiar
PRAKTISK INFORMASJON Billettar: Tlf. 57 72 19 00 E-Billett: www.fordehuset.no FØRDEHUSET, RESEPSJONEN Opningstider: Måndag 12.30–16.00 Tysdag–fredag 12.30–21.00 Laurdag 12.00–17.30 Søndag 14.00–20.00 SERVICETORGET, RÅDHUSET Opningstider: Måndag - fredag 08.00–15.30
FØRDE BIBLIOTEK Måndag–torsdag 10.00–19.00 Fredag 10.00–17.00 Laurdag 10.00–15.00 SYMJEHALLEN Tider for offentleg bading: Tysdag–fredag • Familie 18.00–20.00 • Vaksne 20.00–21.00 Laurdag • Vaksne 10.00–11.30 • Familie 12.00–16.00 Søndag • Familie 14.00–18.00 Born under 10 år skal ha følgje med vaksen. 3
barn og familie Peer Gynt Konsertframsyning med Bergen Filharmoniske orkester og Erlend Apneseth. Førdehuset, Storsalen, onsdag 28. august kl. 18.00 “Hennes føtter, de er ikke ganske rene ikke armene heller, især den ene Men det er i grunnen ingen forringelse Jeg vil heller kalle det en betingelse.”
Førdepakka
Peer lyg så det renn, om den grønkledde i Dovregubbens hall, bukkerittet over Besseggen og eventyra i Afrika. Mor Åse og publikum i salen let seg skrekkslagne skrøne for, igjen og igjen. No kjem Edvard Grieg sitt eige orkester til Førde med ei konsertframsyning basert på Ibsen sitt kanskje mest spelte verk, fullt av kjærleik, poesi, og satire. Og rikeleg, rein løgn! Grieg sine musikalske perler frå stykket kjem på rekke og rad. Sopranen Ann-Helen Moen er Solveig, skodespelaren Hans Jacob Sand er Peer, samt fleire andre. Men først kjem vår eigen musikalske eventyrar på scena som solist. Unge Erlend Apneseth frå Jølster har på kort tid spelt seg fram til ei fantastisk musikalsk karriere på hardingfele, høgthengande prisar og platekontrakt med Grappa. Det er nesten så ein ikkje kan tru det er sant. Før ein høyrer han spele. Han lyg ikkje, han!
Den vesle moldvarpen som ville vite kven som hadde bæsja på hovudet hans. Førdehuset, Storsalen, fredag 20. september kl. 18.00 Verdas beste ekspertar på møkk, kven er det? Det er flugene, så klart! Når den vesle moldvarpen skal løyse mysteriet om kven det er som har BÆSJA på hovudet hans må han til slutt be flugene om hjelp. Er det den sinte haren? Den glade grisen? Eller kan det mulegens vere den sjølvgode hesten? Kom og sjå den verdskjende barneboka av Wolf Erbruch dramatisert med flott scenografi, fantasifulle kostymer, fengande musikk og fire skodespelarar i rollene: Tom Styve, Cornelia Børnick, Malin Skjolde og Gorm Jenseg. 4
Buldreblues og Blåsus Førdehuset, Festsalen, laurdag 5. oktober kl. 14.00 Kva er det som skjer med oss når vi høyrer musikk og får lyst til å le, danse, hoppe og synge med? Det er denne store gode krafta i musikk vi har kalt ”Blåsus”.Bli med på ein musikalsk og oppstemt bluesrundtur med Good Time Charlie! Konserten passar både for vaksne og barn. Publikum blir tekne med på ei inkluderande musikkreise der vi saman skal finne ut kva som er ”Blåsus” i musikken. Tekstane er laga av Arle Hjelmeland på sunnfjorddialekt. Songane er lette å synge med på, med eit positivt innhald og mykje humor. Musikarar: Arle Hjelmeland – song og munnspel Steinar Karlsen – gitar og song Einar Olsson – trommer og song Morten Skage – bass og song
Pippi feirar jul! Førdehuset, Storsalen, torsdag 14. november kl. 18.00
Pippi er i full gong med å førebu jula i Villa Villekulla, men fru Prysselius vil ha Pippi på barneheimen i jula. Ho kan vel ikkje feire jula aleine! Puff, Pippi er ikkje einsam, ho har jo både herr Nilsson og Lille Gubben og ein ny, mystisk venn inne i veggen. Dessutan får ho besøk! Av Kling og Klang, og av Blom og Dunder-Karlsson. Tommy og Annika må nok feire jula heime hjå seg sjølve, men dei vil så gjerne vere saman med Pippi også. Kanskje kan dei legge ei lur plan? OBS! Ta med kamera. Alle born får helse på Pippi etter framsyninga. 5
BANDWAG N
27. SEPTEMBER FØRDEHUSET KL. 18:00 Vi er stolte av å kunne presentere dei lokale vinnerane av Bandwagon i Sogn & Fjordane på ei og same scene! Fleire lokale artistar og band skaper festivalstemning saman med: SPECIAL GUESSTT
SPECIAL GUESSTT
Ordinær pris 395,- Sparebank 1 Abonnentpris 295,- kundepris 295,-
BANDWAG N 6
konsertar HEIMAFRÅ ODD NORDSTOGA & INGEBJØRG BRATLAND
Førdepakka
Førdehuset, Storsalen, søndag 22. september kl. 19.00 Av og til dukkar det opp talent heilt utom det vanlege. Ingebjørg Harman Bratland er eit slikt talent. Sidan ho var lita jente i fjøllbygda Edland i Vinje kommune har ho trollbunde alle med ein musikalitet og ei stemme av ein sjeldan og heilt spesiell kvalitet. Ingebjørg og eg har alltid vore kjende for kvarandre, og folkemusikkmiljøet i Vinje har vore begges heimearena. Når eg tenkte å gjera eit folkemusikkfundert prosjekt var det derfor ingen tvil om kven han hadde lyst til å gjera det ilag med. Ingebjørg vart invitert opp til Lambertseter, og på musikkloftet til Odd byrja songane å trille fram. Utgangspunktet var veldig enkelt. Nemleg at songane skulle vera av dei om utgjer det musikalske jordsmonnet der dei to kjem ifrå, nemleg Vinje. Den fyrste songen som vart prøva var Jørund Tellnes si tekst "Å bån og veslegut". Med kvar sin gitar og to songstemmer vart eit enkelt opptak gjort. Det var noko med dette opptaket. Veldig fint var det. Berre to songstemmer og eit enkelt akkopagnement. Slik måtte dette prosjektet låte. Ingen band, ingen strykearrangement. Så
Førdepakka
enkelt som det kan gå an, men på eige vis synge dei songane som gjennom alle år har lege på tunga til menneska i mellom fjella der heime øvst i Telemark. Sjølvsagt skulle dette prosjektet heite Heimafrå. Odd Nordstoga
ACOUSTIC EIDOLON & Thomas Loefke Førdehuset, Festsalen, fredag 20. september kl 19.30 Keltisk harpe, cello og ein svært spesiell gitar med heile 14 strengar og to halsar. Med denne instrumenteringa skaper trioen Thomas Loefke, Joe Scott og Hannah Alkire rein, musikalsk poesi. Dei er inspirerte av keltisk, skotsk og irsk tradisjonsmusikk, men også av bluegrass og latinamerikanske rytmer innimellom. Vi lovar vakker verdsmusikk for sjela i eit varmt og velkomponert lydbilde! 7
Søndag 22. september kl. 19.00 | Storsalen, Førdehuset
Odd Nordstoga & Ingebjørg Bratland – HEIMAFRÅ Laurdag 16. november | Førdehuset Bornas Verdsdag Førde – GRATIS minifestival for heile familien! Bli med nür vi fyller Førdehuset med verkstadar/minikurs, aktivitetar, høgtlesing og konsertar for born i alle aldrar. I samarbeid med Førde kommune – kultur. Torsdag 5. desember | Rica SHS
-XOHNRQVHUW PHG *DEULHO )OLà HW RJ 2OH +DPUH RJ JMHVWHU ,QJHQ YHLW KHLOW NYD VRP VNMHU QnU )OLà HW RJ +DPUH LQYLWHUHU WLO NRQVHUW ERUWVHWW frü at det blir høg kvalitet og god stemning! Billettar: tlf 57 72 19 00 / 57 72 20 00, fordehuset.no og ved inngangen.
8
gasta.no
Program hausten 2013
Jazzkonsertar Chet Baker – på nynorsk!
Per Jørgensen med vener
Førdehuset, Festsalen, måndag 4. november kl. 20.00
Førdehuset, Festsalen, laurdag 28. september kl. 19.00
Baker Hansen er historia om fem unge, framifrå norske jazzmusikarar som tok Chet Baker og amerikansk cooljazz med over havet til den friske fjellufta i Hallingdal. I den rause ordrikdomen i det nynorske målføret fann dei eit språk for å snakke om kjærleik like ømt og poetisk som Chet Baker gjer. Gjendiktingane til vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit gjev dei kjende songane fornya kraft, vi kjem nærare og oppdagar musikken på nytt. –Aldri finn eg ei nett slik som deg: There will never be another you. Kven dei er, kvar dei har spelt, kva publikum har sagt? Følg dei på facebook. www.facebook.com/bakerhansen
–Eg hugsar ein episode heilt i byrjinga av mitt «trompetliv» fortel Per Jørgensen. –Ein dag sto den nytilsette, entusiastiske organisten på døra vår. Ville eg spele trompet til salmesongen under gudstenesta? Den eine søndagen blei til mange. Minna frå desse opplevingane kom tilbake då eg samarbeidde med Sigbjørn Apeland fleire år seinare. Han får trøorgelet til å høyrest ut som ei levande organisme! Til konserten «Memories from the Gallery» under Kongsberg Jazzfestival i 2012 fekk eg sette saman mitt drøymeensemble: Morten Quenild, Terje Insungset, Morten Skage og Sigbjørn Apeland, smiler Per Jørgensen. –No kjem vi til Førde!
Førdepakka
Førdepakka
Jordbær og grasbrann Prosjektkor med songarar frå heile fylket syng saman med Odd Erik Lothe Band Førdehuset, Storsalen, søndag 3. november Det er få låtskrivarar frå fylket som kan skryte på seg landeplager slik som Odd Erik Lothe kan. For mange er sommarslageren «Jordbær og grasbrann» endå den songen som verkeleg får fram den gode sommarkjensla. No er heile ni av Lothe sine mest kjende songar arrangerte for kor for første gong. –Når du melder deg på korhelga vår får du lydfiler med meg, lokkar Heidi Irene Rennestraum i Norges korforbund Sogn og Fjordane. –Det gjer ikkje noko om du ikkje syng frå før. Start no! Vil du vere med å synge, meld deg på til: h-irene@online.no, oppmodar Heidi Irene entusiastisk. 9
konsertar Wenche Myhre & Anders Eljas Orkester Førdehuset, Storsalen, torsdag 17. oktober kl. 19.30 Wenche Myhre er ein av våre mest folkekjære og slitesterke norske artistar. Ho har også nådd ut til eit stort internasjonalt publikum gjennom ei snart 60 år lang karriere. Det er mange som byrjar å nynne på monster-hit’en «Når jeg blir seksogseksti», når dei tenkjer på Wenche. No er ho endeleg i sitt 66. år! Ho markerer dette med ein stor turné, singelutgjeving og biografien 66 – et liv utan sikkerhetsnett, ført i pennen av Mona Levin. Den nye singelen, «Prinsesse Smil», spesialskreve for Wenche av Åge Aleksandersen, fikk nyleg 5/6 i Dagbladet. Dei kalla den ei «hymne til livsgleden». Med seg på jubileums-turneen har ho Anders Eljas Orkester. Arr. Fjordane Musikkforum
Gisle Børge Styve Trio Førdehuset, Storsalen, onsdag 30. oktober kl. 19.30
Christmas with Nordic Tenors & the Neumann Strings
Førdepakka
Heim til Førde kjem ein likandes kar med ny plate, men med den same leikne spelegleda: Gisle Børge Styve og hans trio er ute med albumet Here right now, den inneheld både originalkomposisjonar av Gisle Børge og spennande coverversjonar av låter frå artistar som Nik Kershaw, Paul McCartney, Nick Drake, Ian Hunter, Paul Simon, Genesis og Rolling Stones. Snakk om snopepose! Tenk deg den lune, lattermilde stemninga i Førdehuset ein onsdagskveld seint i oktober… Unn deg noko godt. Kom! 10
Førdehuset, Storsalen, torsdag 28. november kl. 18.00
Førdepakka
Kva skal til for at du kjem i god julestemning? Er det snøtunge grantre, nissar eller englar, eller kanskje det festdekte julebordet der alt luktar og smakar slik det skal? Nordic tenors strør sitt musikalske stjernestøv over Førde torsdag 28. november. Saman med gitaristen Thomas Neumann og hans strykeensemble tek dei oss med inn i den gode stemninga som høyrer jula til, same kva vi ynskjer oss og gler oss til. Alt med glitrande, musikalsk overskot og kvalitet!
Det skjer på R i c a S u n n f j o rd H o t e l & S p a i haust!
FØRDE OPP-FESTEN 31. AUGUST Fest i to etg. m/Staut, Sirkus Eliassen og Crazypiano m/Kjetil Grodås.
STORDANS 27.-28. SEPTEMBER Med PK&Dansefolket
BLEST 4.–5. OKTOBER Møteplassen for musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane. 11 band på scena over 2 dagar.
SUNNFJORD COUNTRYROCK 2013 25.–26. OKTOBER Fengande country & fest i to etasjar.
HUMORFEST 23. NOVEMBER Med Bård Tufte Johansen og Jonas Bergland
JULELATTER 14. DESEMBER Med Jonas Rønning og Morten Grøtnes
Dans i Barthold: 6.-7. september: Sunday Morning 13.-14. september: Las Vegas 20.-21. september: Danseband 18.-19. oktober:
Kolbus Trio
1.-2. 8.-9. 15.-16. 22.-23. 29.-30.
Dr. Doc Vi3 Vi3 Vi3 Gilbeys
november: november: november: november: november:
6.-7. desember: Gilbeys 13.-14. desember: Gilbeys
Billettar til arrangementa får du kjøpt i resepsjonen på Rica Sunnfjord Hotel & Spa eller på www.fordehuset.no
findriv.no
Treskeværket: På Treskeværket er det levande musikk kvar helg og diskotek kvar laurdag.
Ring oss gjerne for overnatting eller bespisning tlf. 57 83 40 00
11
kino Ei rekkje spanande filmar er venta på Kino Førde i haust. Oversikten er ikkje endeleg, fleire filmar kjem til og det kan bli endringar på premieredato. Mormor og de åtte ungene På Kino Førde no Inspirert av Anne Cath Vestly sine populære bøker Skyggejegerne (The Mortal Instruments: City of Bones) Noregspremiere 23. august Action, eventyr og drama frå norske Harald Zwart, basert på ei kjend bok-serie av Cassandra Clare. Kick Ass 2 Noregspremiere 23. august Verdas kulaste amatørsuperheltar, Kick-Ass og Hit Girl, er tilbake! Pionèr
Noregspremiere 30. august Ny norsk thriller frå starten av det norske oljeeventyret. Med m.a. Aksel Hennie
Smurfene 2 Noregspremiere 30. august Underhaldande live action/animert familiekomedie, der den vonde trollmannen Gargamel skapar eit par småslemme Smurfeliknande skapningar. Gulabi Gang Arrangement – stemmerettsjubilèet - torsdag 5. september Sampat Pal har starta ei borgarverngruppe for kvinner i India; kalla The Gulabi Gang (Den rosa gjengen). Prisløna norsk dokumentarfilm. Maur i rompa
September Ein nydeleg og underhaldende nederlandsk film, om Bram – ein livleg gut på 6 år som minst av alt likar å sitte stille.
De tøffeste gutta Noregspremiere 6. september Ei actionfylt komedie og familiefilm om Modulf som trur han er ein slags superhelt. Vinnar av publikumsprisen på Barnerfilmfestivalen i Kristiansand. One Direction 3D
Noregspremiere 6. september An all-access pass to the British pop sensation One Direction live in concert.
Blue Jasmin September I Woody Allen sin nyaste film møter vi ei strålande Cate Blanchett i rolla som Jasmine. Hokus Pokus Albert Åberg
Noregspremiere 13. september Albert meiner han er stor nok til å få ein hund no som han har starta på skulen, men…
White House Down
Noregspremiere 13. september I "White House Down" blir ei gruppe besøkande i Det kvite hus overraska av eit paramilitært åtak.
12
Turbo (3D) Noregspremiere 27. september Frå skaparane av Madagaskar og Kung Fu Panda; ei høghastigheits 3D-komedie om ein hagesnegle med draumar om superspeed som plutseleg ein dag får draumane oppfylt. The Butler
Noregspremiere 27. september I tre tiår, frå 1952 til 1986, tente Cecil Gaines som butler for åtte amerikanske presidentar.
Optimistene
Noregspremiere 27. september Optimistene er ein eineståande volleyballkubb. Den yngste på laget er 66, og 98 år gamle Guro nærmar seg ein formtopp...
Gåten Ragnarok Noregspremiere 4. oktober Alle myter har sitt opphav. Ny norsk spenningsfilm for born og ungdom. Fly (2D+3D) Noregspremiere 18. oktober Ei spenningsfylt 3D animert eventyrkomedie med Dusty, eit propellfly som drøymer om å konkurrere som eit jagarfly Detektiv Downs
Noregspremiere 25. oktober Det er ikkje lett å vere Robert – landet sin einaste privatdetektiv med Downs syndrom.
Den Store Kinodagen laurdag 2. november Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa Noregspremiere 8. november Solan, Ludvig og Reodor er tilbake. Det nærmar seg jul, og Flåklypa Tidene-redaktør Frimand Pløsen har lova bygda snø… Søsken til evig tid Noregspremiere 8. november Ein varm og poetisk dokumentar om syskenparet Magnar og Oddny som driv familiegarden på Kleiva i Sunnfjord, som generasjonar før dei. The Hunger Games: Catching Fire
Noregspremiere 22. november Filmen startar når Katniss Everdeen har komme trygt heim etter å ha vunne dei 74. årlege Dødsleikane saman med tributten frå same distrikt, Peeta Mellark.
Hobbiten: Smaugs ødemark
Noregspremiere 11. desember Den andre filmen i Hobbiten-trilogien, bygt på den verdskjende historia av Ringenes Herre - forfatteren J.R.R. Tolkien.
Walking with Dinosaurs (3D)
Noregspremiere 20. desember Følg Patchi si utrulege reise. Dinosaurane får nytt liv i denne fantastiske 3D opplevinga.
Emil og Ida i Lønneberga
Noregspremiere 26. desember Animert familiefilm om Astrid Lindgren sine kjære og kjende, Emil og Ida frå Lønneberget.
Grace of Monaco Noregspremiere 26. desember Eit intimt portrett av ikonet Grace Kelly, spela av Nicole Kidman. 13
teater
sogn og fjordane teater Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn Urpremiere, Førdehuset, Teatersalen, torsdag 26. september kl. 19.00 Laurdag 26. oktober kl. 18.00
Førdepakka
Dette er den fantastiske historia om Mensen Ernst (1795-1843). Han var ein norsk sjømann og vandrar frå Fresvik i Sogn og Norges første profesjonelle idrettsutøvar. I 1819 sprang han sitt første lange løp, frå London til Portsmouth. Distansen var 116 km og han heldt ein gjennomsnittsfart på 13 km/t. Dette var opptakta til ei rekkje oppsiktsvekkande prestasjonar. Ein av dei mest kjende er Paris – Moskva, ein distanse han la bak seg på 14 dagar. I dette stykket blir vi med Mensen Ernst kring i verda der han mellom anna deltek i alt frå veddeløp til å vere postbod for hertugar. Han møter kongelege, journalistar, politimenn og ei rekkje andre på si ferd. Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn er SoFt sitt bidrag til 250 års jubileet til Sogn og Fjordane fylke. Manus og regi: Otto Homlung. Musikar: Per Janke Jørgensen. Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen. Lysdesign: Arne Kambestad. Medverkande: Oda Alisøy | Roger Hilleren | Idun Losnegård | Richard Olsen | Kyrre Eikås Ottersen | Aage Vaksdal.
Ein god dag kjem aldri for tidleg Ein leiken kabaret - frå Ivar Aasen til Odd Nordstoga Førdehuset, Teatersalen, laurdag 23. november kl. 18.00, onsdag 27. november kl. 19.00 og torsdag 28. november kl. 19.00 Dei tre nynorskteatra, Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater og Det Norske Teatret feirar Språkåret med ein samproduksjon. Dei glitrande pennane, dei gode songane og den kvasse, ironiske replikken blir til ein scenisk kompott med skodespelarar frå dei tre teatra. I denne leikne kabareten vil den musikalske, den poetiske og den litterære arven vår bli vist for store delar av landet. Tekstutval og regi: Ingrid Weme Nilsen. Medverkande: Carl F. Falkenberg | Siren Jørgensen Katrine L. Mackenzie | Ole Marius Melhuus | Randolf Walderberg | Rannveig Ryeng.
14
Førdepakka
teater
riksteatret
Bikubesong Førdehuset, Storsalen, måndag 7. oktober kl 19.00 I jubileumsåret 2013 tek Det Norske Teatret fram att ein av dei største suksessane i teatret si historie, nemleg Bikubesong. Framsyninga gjekk i over tre år, og vart sett av heile 38.000 besøkande! Framsyninga er basert på Frode Gryttens suksessroman med same namn, ein prisvinnande publikumsvinnar omsett til mange språk, kinesisk inkludert! Romanen er sett saman av 25 forteljingar som alle handlar om menneska som bur i Murboligen i Odda. Murboligen kviler aldri. Nokon er alltid vakne, ikkje alt toler dagens lys. Regissør Lasse Kolsruds har med seg eit sterkt skodespelarlag på heile 15 personar. Låtane til The Smiths vert framført av eit liveband på scenen.
Mens vi ventar på Godot
Førdepakka bli glad, illing til å "En forest t lykkelig av" es ja, nærm ingkast 5 VG, Tern
Førdepakka
Førdehuset, Teatersalen, fredag 8. november kl 19.00 Ein landeveg. Eit tre. To underlege typar, Estragon og Vladimir, ventar. Dei ventar på Godot. Dei har inga klår meining om kven han er eller kvifor dei ventar på han. – Fyrste gongen eg såg stykket som ung student, trudde eg at eg skulle le meg i hel, seier regissør Bjørn Sundquist. – Likevel dreiv eg omkring i gatene i Oslo heile natta. Det var uråd å få stykket ut av kroppen. Skodespelarbrørne Jan og Stein Grønli har hovudrollene, og tredje bror Pål er inspisient. I mange år har dei ønska å reise på turné med «Godot» og ha Bjørn Sundquist som regissør. Vi kan mest ikkje vente! Etter framsyninga inviterer vi til baksnakk med skodespelarane.
DAns
riksteatret
Førdepakka
Navid - Each One Teach One Førdehuset, Storsalen, torsdag 24. oktober kl 19.00 B-Boy Navid er kjend som deltakar i Norske Talenter og Dansefeber. Han brukar mykje av tida si på å lære vekk alt han kan om hiphop-kulturen til barn og unge. No lagar han si eiga framsyning med seg sjølv, ein musikar og tre andre dansarar på scena. –My hope is to inspire the new generation and teach them everything I have learned, seier han. 15
skrivarløa ungdomshus
– Ein møteplass av, for og med ungdom som går på ungdomsskulen
I haust har vi desse opningstidene: Veke 34, 36, 38 osb.: måndag 14.30 – 20.30 onsdag 14.30 – 21.00 fredag 19.00 – 23.30 Veke 35, 37, 39 osb.: måndag 14.30 – 20.30 onsdag 14.30 – 21.00 Skrivarløa ungdomshus, som er eit kommunalt tiltak, ligg i Kyrkjevegen 27, rett bak Førde ungdomsskule og er ein rusfri møtestad for ungdom. Vi kan tilby ungdom ein fristad der ein mellom anna kan hengje med vennar, gjere lekser, spele data, Playstation, airhockey, fotballspel eller biljard, surfe på internett, gå på dansekurs og spele i band. De kan gå på gratis diskotek eller bandkveldar annankvar fredag og arbeide som frivillig i ei av arbeidsgruppene våre. Vi nyttar ung til ung formidling 16
i arbeidsgruppene, slik at ungdommane sjølve har eit ansvar for å lære nykommarar opp i gruppene. Vi treng alltid nye frivillige ungdommar i kioskgruppa, DJ-gruppa, garderobegruppa og aktivitetsgruppa. Vi treng og vaksne frivillige som kan vere med når vi arrangerer diskotek og bandkveldar. Dersom du kunne tenkje deg å vere med i ei av gruppene våre eller stille som vaksen frivillig, send ein e-post til: karin.fedje.boyum@forde.kommune.no. For meir informasjon om Skrivarløa og aktivitetane våre: www.facebook/Skrivarloaungdomshus. Håpar vi sjåast!
førde bibliotek Bibliotekstafetten i Førde bibliotek Førde bibliotek, tysdag 20. august kl. 18.00 Bibliotekstafetten går over heile landet og er ei markering av Norsk bibliotekforening sitt 100-årsjubileum. Førde bibliotek vil vise ei utstilling av gammalt og nytt i biblioteket si historie. Biblioteklampa som er «stafettpinnen» blir tent av kommunalsjef Trond Ueland.
Nynorske barnebokdagar 17.–19. september (Førde, Jølster, Naustdal) Førde bibliotek, tysdag 17. september kl. 18.00-20.00 Inspirasjonskveld om lesing og nynorske barnebøker, ved forfattar Erna Osland og litteraturformidlar Janne Karin Støylen. Osland og Støylen vil vise utvalet av nynorske barnebøker, gje boktips til lesehestane og til dei som ikkje likar så godt å lese, og dei vil inspirere foreldre til å legge til rette for lesing. Målgruppe: Foreldre med barn i skulealder (6-12år), lærarar i barneskulen, andre som er interesserte i barnelitteratur. Arr: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Førde bibliotek
Isfest og trylleshow – avslutning på SommarLes 2013 Onsdag 4. september kl. 18.00 inviterer biblioteket til avslutningsfest for alle som har vore med på lesekonkurransen Sommarles. Her skal vi kose oss med is og dele ut fine premiar. Og så gler vi oss til å møte tryllekunstnaren Eddy Marvin!
Markering av stemmerettsjubileet. Film + Debatt Førdehuset, torsdag 5. september kl. 18.30 Gulabi gang - Filmen Gulabi Gang er eit vitnesbyrd om kvinnekamp i dagens India. Diskusjon om filmen og om stemmerett og kvinnekamp før og no. Innleiarar Simin Sabri og Gunnhild Systad. Møteleiar Marit Bendz. Arr: Kino Førde og Førde bibliotek
17
August F Ty F O L F
2. Premiere Monsteruniversitetet 20. 18.00 Bibliotekstafett 26. Premiere Mormor og de 8 ungane 28. 18.00 Peer Gynt – Familieframsyning med BFO 31. Førde Opp 30-1.9 Førde Cup
Kino Markering Kino Konsert Motbakkeløp Handball
Storsalen Biblioteket Storsalen Storsalen Hafstadkleiva Idrettshallen
Avslutning Film + Debatt Stortingsval Foredrag
Biblioteket Fests./Stors. FH/krinsane Lisjesalen
UBiF Inspirasjonskveld Barneteater Konsert Konsert SoFT Konsert Dans
Idrettshallen Biblioteket Storsalen Festsalen Storsalen Teatersalen Idrettshallen Festsalen Rica Sunnfj. H. Festsalen
September On To M O L L Ty F F S To F F F-L L
4. 18.00 5. 18.30 9. 11. 11.00 14. 14. 11.00 17. 18.00 20 18.00 20. 19.30 22 19.00 26 19.00 27 18.00 27 20.00 27.-28. 28 19.00
Avslutning SommarLes Gulabi gang, markering av stemmerettsjubileum Stortingsval Senioruniversitetet, professor Kristian Fossheim Internasjonal Dag Aktivitetsmesse Nynorske barnebokdagar Den lille muldvarpen – Victoria prod. Acoustic Eidolon Heimafrå, Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland Mensen Ernst, premiere Bandwagon, idrettshallen Fredagsdansen Stordans Per Jørgensen m vener
Jazz
Oktober L M O To F To F-L F L 18
5 14.00 7. 19.00 9 11.00 17. 19.30 18 20.00 24 19.00 25.-26. 25 26 18.00
Good Time Charlie, barn og familiekonsert Bikubesong (– Den Norske Teater) Senioruniversitetet, biskop emeritus Gunnar Stålsett Wenche Myhre Fredagsdansen Navid - Riksteatret Sunnfjord Countryrock Nattcup 2011 Mensen Ernst
Barn og Familiekonsert Riksteatret Foredrag Fjordane Musikkforum Seniordans Dans konfirmant tilst. SoFT
Festsalen Storsalen Festsalen Storsalen Festsalen Storsalen Rica Sunnfj. H. Idrettsh. m.m. Teatersalen
O O
30 30
18.00 Haustkonsert med kora i kyrkjelyden 19.30 Gisle Børge trio
Konsert Show
Førde kyrkje Storsalen
November L S M F F F-S O To L F L L
2 3 4 8 8 8-10 13 14 16 22 23 23
O To To F F
27 28 28 29 29
18.00
Den Store Kinodagen Film Jordbær og grasbrann, Prosjektkor Norsk korforbund Konsert Baker Hansen Jazzkafe Premiere Jul i Flåklypa Kino Mens vi venter på Godot - Riksteatret Riksteatret Førde Cup Fotball Senioruniversitetet, Karen Refsgård Foredrag Pippi feirer jul- Victoria prod. Barneteater Bornas Verdsdag inkl Fargerike Førde Familien Bach-kantater og motetter, Førde kammerk.Konsert Humorfest Standup Ein god dag kjem aldri for tidleg SoFT
19.00 19.00 18.00 17.30 20.00
Ein god dag kjem aldri for tidleg Ein god dag kjem aldri for tidleg Nordic Tenors Sølvgutane, ca kl 18.00 Fredagsdansen
SoFT SoFT Konsert Konsert Dans
Teatersalen Teatersalen Storsalen Førde kyrkje festsalen
messe
Idrettshallen
20.00 19.00
18.00 19.30
Stors./Lisjes./Kunsts. Storsalen Festsalen Storsalen Teatersalen Idrettssalen Festalen Storsalen Førdehuset Førde kyrkje Rica Sunnfj. H. Teatersalen
Desember S
1
Julemesse - Førde Skulemusikk
O
4
11.00 Senioruniversitetet, Vidar Roset
Foredrag
Festsalen
F
13
07.00 Luciakonsert
Konsert
Førde kyrkje
F
13
Premiere Hobiten II
Kino
Storsalen
L
14
Jul i Førdehuset
Kulturarrangement
Førdehuset
L
14
Julelatter
Stand up
Rica Sunnfj. H.
S
15
18.00 Kyrkjelyden sin Julekonsert
Konsert
Førde kyrkje
L
28
20.00 Romjulsdansen (Fredagsdansen)
Dans
Festsalen
Grått = Abonnementspris
Førdepakka 19
UTSTILLINGSPROGRAM HAUSTEN 2013 Skiftande utstillingar i Høgsalen: 2. november – 23. februar: Jubileumsutstilling Oddvar Torsheim 75 år I samarbeid med Førde kommune Basisutstillingar i 2., 3. og 4. etasje: NYTT til SAMLINGA Utvalde verk frå innkjøp, gåver og deposita 2004–2012 Temapresentasjon: Morten Krogh: REKONSTRUERTE MINNER Opning laurdag 12. oktober kl 14.00: ANSIKT TIL ANSIKT Måleri, teikning, grafikk, fotografi skulptur, installasjon 4. etasje: Video- og filmkunst Oktober – januar: Elisabeth Mathisen: Tingene står igjen, video 2004, 9 32
ÅRSKORT | Enkeltperson kr 250, familie kr 400 (gyldig i alle SFKM-musea) BILLETT | kr 50 GRUPPEBILLETT | per pers. kr 35 (frå tre pers. i gruppe) OMVISING | tingast på telefon 974 21 565 eller epost til sfkm@misf.no Med guide, per person: kr 75 Med guide, gruppe kr 50 (Grupper frå 10 pers. og pensjonistar) GRATIS | til Kafé Sobra og museumsbutikken, med gyldig årskort, born under 18 år, skulegrupper, som følgje for funksjonshemma/eldre, reiseleiarar og sjåførar. Medlem av NBK/NK/FFF/NMF/ICOM/AICA. Presse BIBLIOTEK | tilgjenge etter avtale MUSEUMSBUTIKKEN | kunsthandverk og biletkunst, bøker, katalogar, kunstkort, suvenir LEIGE AV LOKALE | til konferanse, møte eller privat arrangement etter avtale. Skriv til: sfkm@misf.no KAFÉ SOBRA | staden for gode kaker, velsmakende varme og kalde småretter. Servering på takterrassen. Alle rettigheiter. Tlf 482 49 071.
Opningstider: Tysdag–søndag 11–16 | Måndag stengt
www.sfk.museum.no / facebook / flickr Storehagen 1a, Museumsplassen, 6800 Førde Telefon 974 21 565 / e-post: sfkm@misf.no
S O G N O G FJ O R D A N E
KUNSTMUSEUM
MUSEA I SOGN OG FJORDANE
findriv.no