Røde kors avisa 2014

Page 1

Informasjonsavis for sogn og fjordane

Nr. 1 2014 Årgang 25

Røde Kors avisa

Vil gje unge

HÅP


Røde Kors Avisa Sogn og Fjordane Ansvarleg utgjevar: Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde. Tlf. 05003. redaktør: Dag Hovland. Redaksjonssjef: Henning A. Hellebust. Annonsar: Faktureringsservice Sør AS. Layout/produksjon: findriv. Trykk: Sogn og Fjorane Avistrykk Opplag: 42000

Frivillige i Røde Røde Kors er mest vane med å gje, men fredag før påske tok Asbjørn Steen på vegne av 276 rødekorsarar i Førde imot gode ord og ein DAB-radio frå Elkjøp.

2 2014

Prisa 276 frivillige i Førde Røde Kors – Kva er det som skjer? Spør Asbjørn Steen, nett avgått lokallagsleiar i Førde Røde Kors, mellom reolar med headset på Elkjøp. Så kjem varehussjefen gåande med ein grøn pakke. – Hei Asbjørn Steen. Det er ei glede for oss i Elkjøp å kunne bidra med å spreie litt glede til dykk som brukar så mykje av dykkar fritid på andre. Vi ønskjer å bidra med ein liten takk, seier Espen Loe Haukedal, frå Elkjøp. Steen tek imot pakken, og dei andre frivillige som er med, strekk hals medan han opnar. Gåva er ein DAB-radio. - Denne kan vi ha på hytta vår på Langeland. Men i år er det ikkje snø, så det blir vel ikkje den store påskeberedskapen der oppe, smiler han. Steen representerer over 50 år som frivillig. Han har delteke i dei fleste aktivitetane i Røde Kors, og er veldig glad for alle han får treffe som frivilleg for mennske med humanitære behov. Frivilligheita har blitt ein naturleg del av livet hans. Ein aktivitet han dreg fram som svært gjevande dei siste åra, er «matkorga». Dette er eit samarbeid med Coop Mega om å fylle opp korger med mat til dei

som måtte trenge det rett før jul. Gjeld dette barnefamiliar, legg ein i tillegg ved julegåver, gjennom prosjektet «julegleder for barn». Vi var veldig spente på om nokon ville ringe her i vesle Førde for fem år sidan. Men det gjorde det. Og det har berre auka på. Det har blitt fleire og fleire. Dette er ikkje noko skam. Det er fort å komme i ein situasjon der ein har behov for hjelp. Det har vore ein del tårer, så eg er overbevisst om at vi gjer det rette, seier han. Då Førde Røde Kors starta opp for 90 år sidan, var temaet innreiing av operasjonsrom og sjukerom. I dag handlar det meste av aktivitetane om sosial inkludering. Besøksteneste og ulike nettverk for innvandrarar og andre utsette grupper er store aktivitetar. Einsemd og fattigdom representerer store behov, i tillegg til behov for frivillig redningsteneste, som Hjelpekorpset er ein del av. – Heldigvis har vi tilgang på frivillige. Det er faktisk utruleg kor mykje ungdom som kjem til oss. Unge folk vil vere med å hjelpe, seier Steen, som har god tru på at Førde Røde Kors vil utgjere ei frivillig kraft om 90 år også. Varehussjef Espen Loe Haukedal delte ut ei gåve til frivilligheita, gjennom Asbjørn Steen, Førde Røde Kors Asbjørn Steen, nett avtroppa leiar i Førde Røde Kors.


Røde Kors doblar ferietilbodet Side 14–15

Huldrehistoriar i Sogndal Side 17

Sloss mot flammane i Lærdal Side 24–25

Raudt inn i det kvite Snødrevet piskar fjeset. Det kvin frå alle kantar. Ei kolonne med skutErar buktar seg inn i det store kvite. Eit snøskred seks kilometer frå Turtagrø er målet. Luster Røde Kors Hjelpekorps gjer seg klar til påske.

3 2014


6 1

Geir Ove Optun er fagleiar skred, og har mykje å lære vekk.

2

Bak kvar snøskuter finn du ein slede med utstyr, og til transport av personell eller pasient.

3

Søkelaget har gjort eit funn med skredsøkar funnstad er merka, og mannskap er klar med spade.

4

Mannskapet lærer å montere søkestenger.

5

Ove Fortun, leiar Luster Røde Kors Hjelpekorps

6

Pust i bakken: Vinterøving er mest hard jobbing, og litt kos.

7

Søkestenger: Klassisk skredsøking med søkestang.

8

Mykje utstyr skal vere med til fjells.

7

Biletet under: Korpsleiar Ove Fortun i Luster Røde Kors Hjelpekorps forklarar korleis ein kan komme seg opp i Berdalen på tryggast mogeleg vis med snøskuter. 8

4 2014

Tunge firehjulstrekkarar køyrer av Sognefjellsvegen. Bak seg har dei tilhengarar med svarte Lynx snøskuterar, sledar, pulkar, søkestenger, radioutstyr, førstehjelpsutstyr, spadar. Ut av bilane hoppar det 12 hjelpekorpsarar. Med eitt, to, tre, fire lag under. Raud skalbekledning eller tjukke skuterdressar ytterst. Nokon er røynde. Andre ikkje. – Det er aller første gong eg er med Hjelpekorpset, seier Espen Sleppen Josvanger. 21-åringen er aktiv i Turistforeininga og i Røde Kors Ungdom. No er han og to andre invitert med for å sjekke om Hjelpekorpset er noko for dei.

Førstereis

– Eg forventar å få sjå korleis Røde Kors arbeidar til fjells, å lære litt om skred, og kva eg bør passe på, og korleis eg kan hjelpe om

eg kjem i ei ulykke. Er det spennande og artig, kan det hende eg byrjar i Hjelpekorpset, seier han. Gradestokken er blå. Laurdag føremiddag. Vinden tafsar lett på brøytekantane. Vande hender festar rutinemessig små, raude skredsøkarar rundt halsen. Løftar pulkane med redningsutstyr opp i skutersleden. Sjekkar at rutene på GPS’en er rette. Testar radiosambandet. «Sett han på kanal RKH 4!» Korpsleiar Ove Fortun samlar alle i ein halvsirkel. Straks klart til avreise. Berre oppdraget ventar. – Vi har fått melding om skred i Berdalen. Det er alt. Vi veit ikkje kor mange som har gått i raset. Så då blir det øving – vi dreg inn dit og leitar. Så må alle dra opp glidelåsen, sier Fortun. Han veit korleis det

er der inne, i ofsa oppunder Jotunheimen. Eigentryggleik. Kolonna knatrar seg i rørsle. Over skavlar og fonner. To på kvar skuter. Sledar bak med utstyr og folk om bord. Med slike lass kan ein ikkje køyre i særleg helling. Førstemann må finne ei trygg rute, følgje GPSspora frå i fjor – men tilpasse nye snøforhold. Prøve å lure blindeføret. Finne feste for belta. Og så, der det må til, gje på med 140 hestekrefter mellom beina for å komme seg over høgda. Fart og sjølvtillit. Det hindrar fastkøyrd skuter. Risikoen utgjer fort ein halv time graving og mykje krefter tapt. Då er det vanskeleg å redde liv.

Skredøving i snøkav

På ei høgd langs den vinterstengde Tindevegen stoppar skuterane på rekke. Ein kan


1

3

4

5

2

så vidt skimte området for skredøvinga. Alle står tett saman for å høyre kva som no skal skje. Leiaren må dra på med utestemma for å overdøyve det friske vêret. – Søkestanga slepp de ut slik, strammar og festar vaieren, knyter posen på toppen, slik at stanga blir synleg, seier lagleiar Kurt Arne Furås. Han drar fram ein gul pose lik den med teltstenger i, og kastar utover noko som også liknar på ei teltstang, berre at den er festa saman med wire. Eit lag på fire personar skal ta eit hurtig grovsøk i skredet med skredsøkar. Ein skredsøkar fangar opp signal frå andre skredsøkarar. Noko erfarne friluftsfolk ofte brukar. Grunnutrustinga er søkestanga – om dei får utslag på skredsøkaren, må dei bruke søkestanga til å lokalisere funnet.

Pipiekonsert

Fire gule stenger markerer kvar søkeområdet for skredet er. Laget på fire set straks i gang å springe i sikksakk oppover søke-teigen, medan dei held skredsøkarane framfor seg. Det pip høgare og høgare i ein av skredsøkarane. Den eine stoppar der lyden er på sitt høgaste. Resten spring til og dei byrjar å søke med søkestaven. – Dunk, seier det, langt grunnare enn søkestaven går ved sidan av. – Funn! ropar ein på laget, medan ein anna spring og hentar to spadar. Søkestaven blir halden på funnstaden. Fire sterke armar grev rett i nedkant. Dersom dei finn ein kropp, skal den ikkje bli skada av gravinga, og den skal lett og raskt kunne dragast ut i tryggheit. På 70 centimeter djupne støyter spaden borti noko. Ein øvingskoffert blir dratt fram og frakta ut av skredet. Søkelaget går straks i gong med å søke vidare. Heile området må klarerast for å vere sikker. Det snør tett no. Eit underlag vert rulla ut. Ein pust i bakken. Matpakkar og ter-

mos vert dratt fram frå nedsnødde sekkar. Brødskiver og kaffi gjev ro og varme.

Fann tre personar

– No har eg det heilt topp, slår Espen fast. Vi har hatt kameratredning i eit simulert skred. Vi klarde å finne tre «personar» på elleve minutt ved hjelp av søkarane vi har under jakka, søkestang og spade. Det som er litt skummelt å tenke på, er at i ein verkeleg situasjon vil det ligge ekte folk under snøen. Lunsjen er brått over. Det pip frenetisk i eit gult apparat som kan minne om ein tynn blåbærplukkar med skyggelue. Det er ein Reccosøkar. Den sender ut impulsar som blir reflektert tilbake av små reflektorar som er sydd inn i skiklede. Den slår også ut på telefonar, fotoapparat og liknande. – Den søker ikkje så djupt om snøen er våt, men den er veldig rask til å kartlegge eit område på 30 meters breidde, seier Geir Ove Optun, fagleiar skred. Han veivar med søkaren som om han er lisensavdelinga på tur. Når han siktar mot noko som reflekterer signalet, vert pipelyden kraftigare. Slik kan han følgje lyden og finne sakna skiløparar.

Skulder mot skulder

Det eldste og viktigaste reiskapen er søkestanga. Når dei to elektroniske søkemetodane kjem til kort. Søkelaget stiller seg på ei linje fingertupp mot fingertupp ved starten av søketeigen. Søkestengene kviler på skuldrene, slik ein stavhoppar ventar på tur. Personen til høgre leiar søkelaget. – Start å søk! roper han. Alle løftar stanga, tek eitt steg fram. Stikk stanga loddrett nedi snøen på venstre side til den stoppar. Framme. Høgre side. Så stanga på skuldra igjen. Alle saman? – Start å søk! Igjen og igjen. Dersom ein støyter på noko, kjem det straks nokon til med ny stang, slik at søket kan halde

fram, medan nokon andre byrjar å grave der stanga stoppa. For kvar søketeig som er ferdig, vert området merka med grøne stenger. Slik held ein på til alle sakna er funne eller skredet er gjennomsøkt. I dalen bortanfor raset brummar det i sterke skutermotorar. Det ser leikande lett ut når sjåførane heng ut på sida og jibbar belta oppover skråningar. – Du må vere litt mjuk i kroppen og stole på deg sjølv, seier Ove Fortun. Han står på stigebrettet og instruerer Espen. Køyring i terrenget handlar ikkje berre om gass og sving. Heile kroppen må jobbe med. Ofte er det berre eine armen og foten som har kontakt med skuteren. Resten heng utfor, for å flytte tyngdepunktet. Skuteren med slede treng stor svingradius. Ved val av trase, må ein difor alltid sjå føre seg kvar linja skal gå vidare. Kvar ein skal køyre trygt med passeleg fart utan å måtte stoppe.

Ny rekrutt

Etter ein dag i fjellet er det litt godt å sette føtene på den brøyta parkeringsplassen på Turtagrø. Børste snøen av sekkar og utstyr og pakke i bilar og tilhengar. Med nye erfaringar og kunnskapar innabords. - Eg har lært mykje nytt i dag. Eg kunne tenke meg å vere med i Røde Kors Hjelpekorps. Det virkar voldsomt interessant. Når du kan ha ein slik dag med litt action, litt læring og kombinere det med å vere ute, så er det noko for meg, seier Espen. -–Veldig bra. Då får vi berre i gong med å sjå på grunnutdanninga di, det vil sei førstehjelp, samband og søk og redning på barmark. Vi har også trening i bratt lende, om du er interessert i det, seier Ove Fortun. – Kva meir gjer de i løpet av året? – Vi har jo om lag ti leiteaksjonar i året. Så det er ganske heftig både sommar og vinter.

5 2014


‹‹Det at eg har klart meg, er noko eg allereie brukar for å hjelpe andre, gje andre håp›› Ny leiar: Jan Roger Grytten

Ny nestleiar: Dunia Abdi

Nytt ungdomsråd: Bak f.v. nestleiar Dunia Abdi, Førde, leiar Jan Roger Grytten, Florø, vara Marie Løvaas, Sogndal. Framme f.v. vara Anne H. Frøyen, Førde, styremedlem Ida Mathilde E. Hoff, Naustdal, styremedlem Malin Myrstad, Balestrand, styremedlem Monica S. Tonheim, Flora. (Styremedlemmer May Lin Kleiven, Førde og Sirianne Pidic, Jølster, var ikkje til stades.)

6 2014

Saman for andre Dei har på kvar sin måte kome seg gjennom tøffe tider. Begge vil bruke erfaringane for å hjelpe andre, når dei no tek over leiinga av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom. – For meg har psykisk helse vore ei hjartesak. Eg vil hjelpe til blant barn og unge som slit, seier Jan Roger Grytten, (17) frå Florø. Han er nyvald leiar i ungdomsorganisasjonen i Røde Kors. – Eg har opplevd mykje som flyktning, og forstår at folk kan ha det vanskeleg. At dei treng andre som kan sjå dei og hjelpe dei. Eg vil hjelpe dei som trenger meg, og då tenkjer eg spesielt på barn og unge. Eg er berre slik, seier Dunia Abdi (22) frå Førde, nyvald nestleiar. Røde Kors Ungdom er for folk mellom 13 og 30 som har interesse for å hjelpe andre, gjennom aktivitet for barn på asylmottak, skape møteplassar for unge, internasjonal utveksling og mykje anna. I Sogn og Fjordane har organisasjonen avdelingar i Førde og Sogndal, og så er det mange enkeltmedlemmer hjå andre lokalforeiningar. Distriktsrådet, som desse skal leie, arrangerer aktivitetar i fellesskap, som kurshelger i førstehjelp og friluftsliv, seksualopplysing eller kunnskap om Internasjonal humanitær

rett. Rådet hjelper lokale avdelingar med deira aktivitet, og framstår som talspersonar for grupper som treng ekstra merksemd. På barneskulen opplevde Grytten i mange år kva det vil seie å vere utanfor og herja med av andre. På eit tidspunkt bestemte han seg for å snu denne situasjonen. Han er no den som går på talarstolen som ungdomspolitikar og pratar for dei psykisk sjuke, og kva som skal til for å hjelpe dei. – Det at eg har klart meg, er noko eg allereie brukar for å hjelpe andre, gje andre håp. Røde Kors er ein god stad å hjelpe andre frå. Som leiar ønskjer eg å vere talsmann for våre saker, spesielt ungdom og psykisk helse, seier Grytten. Abdi er opprinneleg frå Somalia. Ho fortel at hennar klan var uglesett av dei fleste andre klanar under borgarkrigen som enno pågår. Far hennar måtte flykte, og ho og familien flykta seinare til Etiopia. Dei budde der som flyktningar i fire år. Til slutt fekk dei møte att faren gjennom familieattforeining i Kalvåg. – Då eg hadde flytta til Førde, såg eg ei etterlysing etter frivillige til flyktningguide. Det høyrtest interessant ut, og snart var eg med som guide, fortel ho. – Sidan eg hadde vore her ei stund, og kunne litt norsk, hjelpte eg vener og kjende med tolking, ordne med lege og andre ting før eg byrja i Røde Kors. Som flyktningguide lærer eg mykje; dei kjem frå andre land enn eg, så eg lærer andre språk og ein anna kultur; det

gjev meg nye utfordringar, og det likar eg, seier Abdi. – Eg vart med i distriktsrådet fordi eg brenn for Røde Kors sitt arbeid. Organisasjonen har alltid interessert meg. Dette er ei erfaring eg ønskjer, seier ho. Som leiarar i ein ungdomsorganisasjon med mange aktivitetar og avdelingar, er det nok å ta tak i for at ting skal gå på skinner. Begge svarar «rekruttering» når Røde Kors avisa spør dei kvar for seg om kva som blir viktig for Røde Kors Ungdom framover. – Fleire ungdomar må verte aktive, så eg ønskjer å prioritere verving. Vi kan reise rundt i fylket, ha stand, vise oss fram, vise ungdom at vi har eit tilbod, at ein kan vere med i Røde Kors ungdom, seier Grytten, og får støtte av Abdi. – Dessutan må vi motivere lokale grupper til å starte opp, slik som her i Førde. Då må vi vere synlege i media slik at folk ser oss. Eg veit at det er mange som har lyst å vere med i Røde kors. Eg ønskjer også å jobbe med nye idear om kva vi kan gjere, spesielt for ungdommar og barn, ikkje berre flyktningar, men alle som treng hjelp, avsluttar Dunia Abdi.

rodekors.no


Distriktstillitsvalde i SOGN og fjordane røde kors

Leiar

Odd Erik Loftesnes

Distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors

Leiar: Odd Erik Loftesnes

‹‹Ta initiativ – skap gode opplevingar saman!››

nestleiar: Gerd Dvergsdal Dvergsdal, 6743 Skei 941 73 971 gerd.dvergsdal@sensewave.com

HARALD ENGEVIK Revefaret 1, 6900 Florø 911 77 347 harald.engevik@ewos.com

KARI BEHEIM KArlsen Kjosavegen, 6869 Hafslo 977 91 821 karibeka@frisurf.no

Berge Bjørkedal Gjerdevegen 13, 6770 Nordfjordeid 919 19 160 bergeb@online.no

Retten til å ta humanitære initiativ – den har vi alle. Vi treng ikkje spørje nokon om lov. Retten til å engasjere oss, til å bry oss, ligg der. Det er berre å gripe høvet. Snu ein tanke frå berre å vere ein tanke til å bli ei handling. Ei handling som betyr noko for andre. Og for oss sjølve. Den internasjonale Røde Korsdagen vert markert i mai. Det nasjonale temaet for markeringa er oppsummert i omgrepet ‘i virkeligheten også’. Det har sitt utspring i at særs mange er aktive på sosiale media, og har frå mange titals til hundretals ‹‹vener›› der. Det har vore naturleg å stille spørsmålet om desse virituelle venskapa òg fører til faktiske møte mellom menneske. Og ikkje berre via nettbrett og dataskjermar. Sit mange med ei kjensle av å vere aleine og utanfor, trass i dei mange nettbaserte ‹‹venene›› sine? No viser det seg at mange av dei som er aktive på nettbaserte medier òg er aktive i det verkelege sosiale liv. Om det gjeld alle er likevel ikkje sikkert.

Og at det er mange som kjenner seg aleine og utanfor får vi prov på kvar einaste dag. Oppmodinga vår om å ta ein realitetssjekk kan såleis utvidast til oss alle, anten vi er aktive på sosiale media eller ikkje. La det ikkje bli med tanken; ta faktiske initiativ! Sjekk statusen til ein eller ei du ikkje har møtt på ei stund ved å invitere på besøk, ved å ta ein kopp kaffi saman, gå ein tur eller berre sette seg ned og ta ein prat. Røde Kors sitt oppdrag er å avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding på alle samfunnsområde. Våre frivillige kan ikkje og skal ikkje løyse alle utfordringar som vi ser i samfunnet. Men som talspersonar for dei mest utsette blant oss kan vi oppmode alle om å bidra. Finn den eller dei du vil ta eit initiativ ovafor, gjer det på den måten og i det omfanget som passar deg. Prioriter å møtast i levande live! Det er lite som kan måla seg med det. Det er slike møte som gjev dei gode opplevingane. Ha ein fin sommar!

SIGURD STRAND 6784 Olden 915 97 871 raude.kross.olden@enivest.net

Foto: Susanne A. Finnes

LEIAR LEIAR LEIAR

6858 Sogndal 951 91 754 oel@hisf.no

MArgrethe skåden

Gulen Røde Kors 481 20 586 rkhgulen@online.no

Distriksrådsleiar omsorg Berit flæte arntsen 6947 Lavik 481 28 842 berit.arntsen@gmail.com

Møt kvarandre Vi kan ha 400 vener på Facebook, men likevel mangle nokon å snakke med. En av fire nordmenn er plaga av einsemd. Også nokon du kjenner. Kanskje vi bør «like» kvarandre meir i verkelegheita? Treffast oftare under fire auge, sjekke korleis statusen eigentlig er?

Ta kontakt med nokon du ikkje har sett på lenge, og hjelp oss å skape eit varmere samfunn! Tusenvis av frivillige i Røde Kors jobber kvar dag for at menneske skal møte menneske i verkelegheita også. rodekors.no/sfj

Distriksrådsleiar hjelpekorps STIAN antonsen Postboks 320, 6901 Florø 915 89 866 st.ant@frisurf.no

Tilsette Tilsette vedTilsette distriktskontoret: ved ved distriktskontoret: distriktskontoret: tilsette ved Distriktskontoret

Distriksrådsleiar ungdom SIRIANNE REMME

Tynningshog 12D, 6847 Vassenden HOVLAND LIS marie Reidun christian vik Bente Bente nilsenNilsen Henning Christian Vik Christian Dag Hovland Dag Hovland Lis Maria DAG Lis Margunn Masdal Reidun Sørefjord Bente Christian Vik VikNilsen Dag Hovland Maria Lis Maria Margunn Marg Ma ReidunReidun Sørefjord Sørefjord BenteHenning Nilsen Henning Henning 924 99 376 Dagleg leiar Ungdom munkevold sørefjord Omsorg Omsorg Omsorg Omsorg hellebust Hellebust Lokalforeiningar Informasjon og Informasjon Ungdom Hellebust DaglegMunkvold leiar Lokalforeiningar Lokalforeiningar Inform o Ungdom Ungdom Hellebust sirianne88@gmail.com Dagleg leiar Dagleg leiar 57 72 Munkvold 31 32 Munkvold 57 72 31 35 57 72 31 36 Xxxxxx xxx Lokalforeiningar Beredskap/informasjon

57 72 31 32 57 72 31573272 Opplæring 57 72 31 34 57 34 72 31 35 31 32 Opplæring 34 31 908 94Opplæring 974 57 72 31 33 57 72 3157 5772 72 31 34 908 94 974 908 94 974 4774134 72 31 33dag.hovland@ 445 917 47 134 908 9457974 917 13419 405 57 72 31573372917 31 904 33 91747 47906 134 lismun@redcross.no dag.hovland@ dag.hovland@ christian.vik@ 904 74 445redcross.no reidun.sorefjord@ dag.hovland@ reidun.sorefjord@ reidun.sorefjord@ 904 74 445 904 74reidun.sorefjord@ 445 redcross.no redcross.no redcross.no redcross.no redcross.no redcross.no lismun@ redcross.no redcross.no lismun@lismun@ redcross.no redcross.no redcross.no

36 57 72 31573672 Beredskap/ Hjelpekorps kommunikasjon 31 36 57906721931 573572 57 31 72 35 31481 Hjelpekorps Hjelpekorpskommunikasjo komm Beredskap/ Beredskap/ 405 42 540 57 72 31 37 5737 72 31 38 57 72 31573872 7258 31 481 42 540 481 4257 540 christian.vik@ bente.halvorsen@ 906 19 405 906 19481 40542 540 3772 31 900 66937 57 72 3157 bente.halvorsen@ redcross.no redcross.no 900 58 669 900 58 669 henning.hellebust@ bente.halvorsen@ bente.halvorsen@ christian.vik@ christian.vik@ 900 58 952 669 07 409 952 07 409 952 07 redcross.no redcross.no redcross.no margunn.masdal@ henning.hellebust@ redcross.no margunn.mas margu redcross.no redcross.no henning.hellebust@ henning.hellebust@ redcross.no redcross.no redcross.no redcross.no redcross.no redcro


DET SKJER IKKJE KJE DEG? DE EG? DET HÅPAR IKKJE KJE VI HELLER For at vi skal kunne redde endå fleire liv, og oppretthalde den viktig beredskapen på sjøen, treng vi deg som medlem. For berre 300 kr i året gir du viktig økonomisk støtte til det frivillige arbeidet som blir gjort i ditt nærmiljø, og du bidreg til at dei som treng det får hjelp.

Send MEDLEM til 2272

Bli medlem av Røde Kors! Send sms MEDLEM til 2272, eller bli medlem på rodekors.no

8

Tusen takk for engasjementet ditt – det reddar liv! M35b-h181xb246.indd 1

09.04.14 13:08

2014

Vil du engasjere deg lokalt? ta kontakt!

Linda Karin Solheim Askvoll Røde Kors 975 92 327 oddsolhe@online.no

Arne Løland Aurland Røde Kors 908 84 634 arne.loland@privat.alb.no

Einar Målsnes Balestrand Røde Kors 906 60 283 balestrand.rodekors@ live.no

Synøve Sande Svelgen- Bremanger Røde Kors 907 26 012 sysande@enivest.net

JOFRED ÅSNES Fjaler Røde Kors 911 72 164 joaasnes@online.no

Edith Aarebrot Madsen Flora Røde Kors 915 99 896 florark@frisurf.no

Eva Marie ‘ Halvorsen Førde Røde Kors 415 61 466 eva.halvorsen@hisf.no

Leif Bell Gaular Røde Kors 917 17 741 leifbell@hotmail.com

Merete MArgrethe skåden Mindresunde Gulen Røde Kors Gloppen Røde Kors 481 20 586 473 03 240 rkhgulen@online.no mmindresunde@gmail.com

KRISTI MULDSVOR Hornindal Røde Kors 991 68 595 kristi.muldsvor@ hormail.com

Arne Dale Hyllestad Røde Kors 950 39 740 Arne.dale@ hyllestad.kommune.no

RANDI RUSTI Høyanger Røde Kors 975 02 921 randirusti@hotmail.com

ELSE DRAGESET GJESDAL Jølster Røde Kors 975 93 228 else.d.gjesdal@enivest.net

SVEIN RØYSUM LeikangerRøde Kors 901 26 884 sveinroysum@aol.com

BRITT OPTUN Luster Røde Kors 995 14 197 britt@optun.no

BJØRN SKALLE Lærdal Røde Kors 970 29 449 laerdalrk@sogn.no

Hallgeir Kalland Naustdal Røde Kors 91 87 66 98 hkalland@hotmail.com

SIGURD STRAND Olden Røde Kors 915 97 871 raude.kross.olden@ enivest.net

ARNE HELGE SELJEN Selje Røde Kors Hjelpekorps 975 41 398 ahseljen@broadpark.no

ODD RUNE VIKHEIM Sogndal Røde Kors 908 91 217 odd.rune.vikheim@ nortura.no

Knut Øvreberg Stryn Røde Kors 992 69 692 knut.ovreberg@enivest. net

dariusz hauderowicZ Vik Røde Kors 411 04 713 rkvik@online.no

OLAF RUNE MYKLEBUST Vikane Røde Kors 906 95 236 sny360@online.no

ELI BLÅLID Vågsøy Røde Kors 996 14 481 elib69@online.no

Berge Bjørkedal Eid Røde Kors 919 19 160 bergeb@online.no

Aud Margareth Øren Årdal i Sogn Røde Kors 958 70 271 oeren@hotmail.no


Raud læringskurve Brynja, Camilla og Abditatah har ein ting felles. Dei vil hjelpe andre gjennom Røde Kors. Introduksjonskurset i Sogndal viser Røde Kors-vegen. Kursdeltakarane som har møtt opp, kjem frå heile indre Sogn. Dei vil bli frivillige i Røde Kors, og dette kurset er nøkkelen inn i frivilligheita. For å redde folk ned frå fjellet, besøke einsame eller gje flyktningbarn sosiale aktivitetar. Det er mykje dei vil. Røde Kors-avisa snakka med nokon av dei om kva som dreg dei til Røde Kors.

Brynja Sassoon, Aurland

Fortalde ei venninne om sin bakgrunn frå Islandske Björgunarsveit, som er ein islandsk frivillig redningsorganisasjon. Då synte det seg at venninna var aktiv i Hjelpekorpset i Aurland, ho vart invitert med på neste møte. – Visse ting er nye sidan eg tok mine første kurs på Island for 20 års sidan, så no skal eg blant anna vere med på grunnkurs redning på barmark, seier Sassoon, som har budd to år i Norge. – Røde Kors er sosialt, ein treffer nye menneske i alle aldrar. Det er godt for folk å komme inn i fellesskapet, få seg eit nettverk. Det er veldig moro, eg får mykje ut av det personleg, men det viktigaste er at ein kan få vere med å redde liv. Røde Kors er viktig i små kommunar som Aurland utan ambulanse.

Camilla Grytnes, Sogndal

Ho vart innvolvert i Røde Kors via ei i klassen, som fekk ho med for å feire verdens

9

frivilligheitsdag femte desember, saman med samarbeidsdistriktet til Sogn og Fjordane i Bosnia og Herzegovina. – Då var ikkje Røde Kors Ungdom etablert i Sogndal, så då starta vi opp det. Vi samla oss med Christian Vik frå distriktskontoret i samråd med lokalforeininga, og kartla kva vi kunne gjere. Sogndal Kommune spurte om vi kunne gjere noko for busette flyktningar. Vi byrja å samarbeide med flyktningstenesten og frivilligheitssentralen, og starta opp aktivitetar for busette flyktningar ein søndag pr månad. Ei for barn, ei for ungdom. I gruppa for barn har vi hatt med 12 ungar. Det er kjempespennande. Målet er at vi skal bidra til integrering.

2014

Abditatah Ahmed Mohamed, Sogndal

– Ein ven frå klassen min fortalde meg om prosjektet i Røde Kors Ungdom, og etter kvart kom eg med i gruppa som jobbar med aktivitetar for ungdomar. Hittil er det berre ein deltakar, men eg ser at eg kan hjelpe med leksene, seier Mohamed. Somalieren har budd halvtanna år i Norge, og førebur seg no til å byrje på vidaregåande skule. – Eg likar å hjelpe og jobbe med ungdom. Eg trur det er ein bra ting å hjelpe folk. Har nokon vanskar, må dei få hjelp, seier han.

Engasjerte: Camilla Grytnes, Abditatah Ahmned Mohammed, og Brynja Sassoon føl med på kva kursleiar Christian Vik fortel om Røde Kors.


2

‹‹Vi kan vise vår kultur, korleis Colombia Røde Kors arbeider. Ideen er å dele erfaringar mellom frivillige›› Willian Amado og William G. Delgado

1

3

4

10 2014

Omreisande hjelparar Frivillige i Røde Kors kan reise rundt i verda som delegatar for å hjelpe andre. Willian Amado og William G. Delgado kom frå Colombia til Sogn og Fjordane som ungdomsdelegatar. Det sluddar tungt. Skodda heng over Fjærlandsfjorden. Den blå Volvoen på veg frå Førde til Sogndal snor seg sakte oppover mot Berge. Ungdomsdelegatar Willian Amad og og Willian G. Delgado følgjer spent med. Dei er frå Colombia , det grøne, tropiske landet ved ekvator med kyst mot både Det karibiske hav og Stillehavet. Med ein middeltemperatur på 26 varmegrader. Bilen stoppar for ein beinstrekk. – Det næraste vi kjem snø i Colombia er i frysaren. Første gong vi såg snøen byrja vi å leike, klarte nesten ikkje å halde i snøen på grunn av kulden. Å få oppleve snø slik som snøstorm i Tromsø og dette, er ei stor oppleving. Det kjem eg til å hugse best frå opphaldet i Norge, seier William.

Attraksjon i Sogndal

Willian dreg fram Canonapparatet og knipsar nok eit bilde av snøføyke. Dei set seg inn att i den varme bilen og held fram til Sogn-

dal. Der er det Røde Kors introduksjonskurs for eit 20-tals ungdomar, og dei to skal delta og fortelje om seg sjølv. William stiller seg scenevand framfor hesteskoen av nybyrjarar i Røde Kors. – Hei, mitt namn er William Delgado, eg er ungdomsdelegat frå Colombia. Til no har eg vore i Tromsø og Kristiansand, og skal vere i Sogn og Fjordane i tre månader. Dei to er del av eit internasjonalt utvekslingsprogram i Røde Kors. Ungdom mellom 21 og 28 får høve til å reise til eitt av samarbeidslanda og jobbe lokalt som frivillig i eit år. Dei deltek i og får vere med å utvikle eksisterande aktivitetar, slik at dei vert betre rusta til å møte dei humanitære utfordringane i heimlandet seinare. Dei får dekka kostnader og litt lommepengar. Colombianarane vert fort omsverma i pausane i kurset. Mange vil ha ein flik av historia deira. Korleis dei kom med i programmet. Kva Røde Kors gjer i Colombia.

– Eg fekk tilbodet av nasjonal ungdomskoordinator i Colombia. Det å få mogelegheit til å lære om livet og Røde Kors på andre sida av jorda, kunne eg ikkje takke nei til, seier Willian.

Starta som 11-åring

Han tok sitt første kurs i Røde Kors då han var elleve år, og ikkje lenge etter deltok han som frivillig. Det hadde vore ein stor flaum i det regnrike landet, og han deltok i arbeidet med å dele ut forsyningar og arrangere fritidsaktivitetar for evakuerte barn. I dag er han frivillig leiar av Røde Kors sitt seksuelle helseprogram i Bogota. Colombia har vekst i tal med HIV, med 150.000 personar i 2012. Smitta opplever også ofte brot på rettar som følgje av diagnosen, ifølge UNAIDS. – Vi jobbar for å få vekk stigmatiseringa av HIV-positive, og få opp kunnskapen. Vi informerer på skular, har kampanjar på


5

1

Eit velsmakande møte med Kviknes hotell i Balestrand.

2

Introduksjon: Kontakt med dei innfødde på Introduksjonskurs i Sogndal.

3

Pakking av årsmøtepapir på distriktskontoret.

4

Cruz Roja Juventud Skilt på delegatane sitt kontor.

5

Snøen, her på Berge i Fjærland, har gjort stort inntrykk på Willian Amado og William G. Delgado.

diskotek og driv generelt informasjonsarbeid, seier Willian. Kollega William kjem frå Pasto, ein mindre by nær Ecuador. Han tok si grunnutdanning i Røde Kors i 2004, då han var 12 år. Eit halvt år med introduksjon, 20 timar førstehjelp, beredskap og programgjennomgang. Men det var førstehjelp som interesserte han. - Ja, eg og venene mine dreiv mykje med sport, og eg var interessert i å ta meg betre av skader som oppsto i basketball og sykling. No er eg instruktør II, av fire nivå, seier han.

446 timar kurs

Han ønskte også å vere med å redde folk i ulykker og katastrofer, og byrja dermed opplæring i søk og redning. I ein periode på eitt år, gjekk han på kurs og trening to kveldar i veka og helger, til saman 446 timar. Cirka hundre timar var førstehjelp, resten ulike teknikkar for å få folk ut av knuste bilar, samanraste hus, ut av jungelen, ned fjellsider og ut av katastrofeområder. - Vår oppdragsgjevar er politiet, men

vi samarbeider tett med brannvesen og sivilforsvaret, seier han, som også fekk tilbod av sin leiar om å søke på eit delegatopphald. - Eg vart så glad. Det var heilt utruleg. Samtidig som eg lurte på korleis eg skulle klare meg utan landet mitt, mor mi og venene mine i ti månader. I Førde har dei fått eige kontor ved Distriktskontoret til Røde Kors. Dei første dagane var oppgåvene relativt enkle. Som å pakke sakspapir til årsmøtet eller t-skjorter som skal ut i kommunane til Stopp Volden-aktivitet. På årsmøtet får dei i oppdrag å selje seg til lokalforeiningane.

Delegat og ambassadør

- Vi er ungdomsdelegatar og ambassadørar. Vi kan vise vår kultur, korleis Colombia Røde Kors arbeider. Ideen er å dele erfaringar mellom frivillige. Vi kan komme ut til dykk og gjennomføre forskjellige aktivitetar, til dømes innan Stopp Volden og seksuell helse, seier Willian framfor ein fullsett konferansesal i Balestrand. 140 rødekorsarar der fåtalet har prata med nokon frå Colombia. No får dei attpå

11 2014

tilbod om besøk, erfaringsutveksling og kursing. Opphaldet skal vere nyttig begge vegar, og på mange plan. For delegatane blir det nok også mykje eigenutvikling og ny kultur av eit år oppunder Nordpolen. - Punktualitet og planlegging. Det er noko av det nyttige eg kan ta med tilbake. Så håpar eg å etterlate meg ein del ny kunnskap og erfaringar hjå dykk, seier Willian. - Ei slik utveksling handlar om å lære og dele, seier Willian, og fortset: -Bogota er støyande og full av bilar. Stillheita her påverkar meg. Her kan eg sykle og føle meg fri. Så har eg kjent ein ny smak, nemleg smaken av vår. Sola kjem tilbake, men utan å vere varm, men fargane kjem fram. Våren er eit nytt naturfenomen for meg, og den gjer meg lykkeleg, seier Willian.


ASKVOLL

EID

FJALER

FLORA

FØRDE

FØRDE

Askvoll Veterinærkontor

Andor Hovden AS

Byggeriet

Ingolf Viken AS

Vestnes Ocean AS

Førde Elektro og Rør AS

Nils J. Nordang

6980 ASKVOLL Tlf. 481 27 075

Golvleggar

Rivedal

Vik 6982 HOLMEDAL Tlf. 918 62 442

6961 DALE I SUNNFJORD Tlf. 902 05 061 6770 NORDFJORDEID Piperehabilitering Tlf. 57 86 20 90

Eid Bruk A/S

Langeland 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 88 51 20

TrappeEid Elektro A/S produsenten AS Øyane 12 6980 ASKVOLL Tlf. 57 73 02 67

6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 47 60

VVS Service Rune Berge AS 6967HELLEVIKIFJALER Tlf. 57 73 64 10 Mobil 959 46 164 www.rorlegger-runeberge.no ru-hb@online.no

Eid ØkonorHafsHope Servicesenter AS RekneskapskontorA/S

AURLAND

6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 13 13

6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 99 00

12

6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 06 71

Sønnerheim Brødrene A/S

Hildenes Gartneri AS

Skulevegen 51 5745 AURLAND Tlf. 57 63 34 74

Eidsg. 14 6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 08 44

Vatnahalsen Høyfjellshotell

Hulebyggaren AS

5718 MYRDAL Tlf. 57 63 37 22

Eidsgata 34 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 07 88

Østerbø Fjellstove

Lenco Gulv og Maling A/S

5745 AURLAND Tlf. 57 63 11 77

Helse og Sosial 6917 BATALDEN Tlf. 57 74 55 20

FØRDE Acusto AS

Flovegen 10 6800 FØRDE Tlf. 959 83 045

Byggservice AS Hamregata 34 6900 FLORØ Tlf. 57 74 07 30

Mob. 907 82 527 www.arki.no

Øyane 13 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 11 33

6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 99 30

Enoro AS

BREMANGER

Fabrikkgata 6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 99 70

6721 SVELGEN Tlf. 57 79 63 00 bremanger.kommune.no

Spar Bremanger O. Håvardstun AS

6727 BREMANGER Tlf. 57 79 13 08

Fjalerhuset 6961DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 80 00

Maskinentreprenør

Kåre Haaland A/S Håland 6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 66 06

IPM Teknikk A/S 6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 61 05

Hyllestad Bygg AS

Hornes 6800 FØRDE Tlf. 57 82 25 00

Sandane AS

Åsavegen 159 6823 SANDANE Tlf. 57 86 84 00

Tlf. 57 86 56 66

Markg 51 6900 FLORØ Tlf. 57 75 60 00

6900 FLORØ Tlf. 57 63 76 00 www.flora.vgs.no

Professor Gjelsvikv. 6900 FLORØ Tlf. 57 75 66 60

Strandgata 15 6900 FLORØ Tlf. 966 27 983 Tverrfaglig rådgjeving Bygg - Anlegg Infrastruktur og miljø

6801 FØRDE Tlf. 57 72 29 70

Naustdalsv 1 B 6802 FØRDE Tlf. 57 82 16 65

Brødrene

Gravdal Skog & Hageservice A/S 6800 FØRDE ALTINNENSKOG&HAGE Mob. 907 32 583

Magne Hafstad AS

5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 31 55

Hafstad Trevare A/S

Magne Aase A/S

6800 FØRDE Tlf. 57 72 13 00 www.hafstad.vgs.no

HORNINDAL

6801 FØRDE Tlf. 57 82 86 00

Coop marked Hornindal 6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 84 10

Advokatene

6900 FLORØ Tlf. 57 74 09 30

Firdav. 12 6801 FØRDE Tlf. 57 83 33 00

Steinvik Fiskefarm AS

Terje Fjellestad

Mo og Jølster vidaregåande skule Mo, 6800 FØRDE Tlf. 57 65 64 40

Storehagen 7 6800 FØRDE Tlf. 57 82 62 09

GAULAR Gaular kommune

Vadheimsvegen 15 6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 85 00

Murer

Tore Aarbergsbotten

6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 62 11 Mobil 950 41 583

Aase Landbruk AS

Tannlege

Øyrane, 6801 FØRDE Tlf. 57 82 30 00

6949 BJORDAL Tlf. 57 71 01 24

6761 HORNINDAL Tlf. 70 25 52 00 www.ekornes.no

Sørsida Sag AS - Bygg og Anlegg 5962 BJORDAL Tlf. 958 98 084

Haugen Motor AS

Glassmeister

John Holvik AS

Hafstadv 44 Fokusgården 6800 FØRDE Tlf. 57 82 67 00

Egil Førde

6991 HØYANGER Tlf. 57 71 15 00

6801 FØRDE Tlf. 57 72 38 50

FØRDE www.herjedalskjokken.no Kenneth Elvebakk - mob. 970 53 162

Halbrendsøyra 7 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 50

6947 LAVIK Tlf. 906 66 540

Høyanger kommune

avd. Grodås

6800 FØRDE Tlf. 57 72 51 30

HØYANGER Bjørkhaug Maskin AS

Tlf. 57 82 58 60

J. E. Ekornes AS

Hafstadvegen 6800 FØRDE Tlf. 909 30 072

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 976 62 531 Din lokaltømrer

Brosvik Magnar

forde@okonor.no

Hafstad vidaregåande skule

Espeseth Bygg AS

Steinhovden 6940 EIKEFJORD Tlf. 57 75 25 90

Sløvågen 32 5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 11 70

Tømrer

Transportforretning

Hafstad 6800 FØRDE Tlf. 57 82 40 30

Dale Rør AS

Marø Havbruk AS

Atle og Arild Standal

Trond M. Sognnes AS

Økonor Førde

Flov 3, 6800 FØRDE Tlf. 57 82 99 40

Flovegen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 55 90

6800 FØRDE Tlf. 57 82 22 42 www.zoo1.no

www.gravdalskog.no

Kronborg 6800 FØRDE Tlf. 57 82 18 82

Hafstadvegen 25 6800 FØRDE Tlf. 57 72 13 80

Hamneg 3 6900 FLORØ Tlf. 57 75 88 00

ANONYM STØTTE

Systaddal

www.ivestconsult.no

6914 SVANØYBUKT Tlf. 57 74 87 41

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 990 13 060

Johny Birkeland Transport AS

Øyrane 7, 6800 FØRDE Tlf. 57 72 11 00

Kontorsenteret AS Bremanger kommune

Sunnfjord Betong A/S

Zoo Senteret Førde AS

Dahl A/S

6899 BALESTRAND Tlf. 57 69 48 00

6823 SANDANE Tlf. 57 86 62 14

Kleive 6957 HYLLESTAD Tlf. 913 48 877 - Gravearbeid - Massetransport - Hydraulikk-reperasjoner

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 906 99 150

Innvandrarsenteret i Flora KF

Coop Dale BA

Steinav. 10 6802 FØRDE Tlf. 57 82 26 30

Gloppen Camping og Fritidssenter A/S

Horne Maskin AS

GULEN

BS Betong og Maskintjenester DA

Nessemaskin A/S

Førde Stål AS

ANONYM STØTTE

6823 SANDANE Tlf. 57 86 61 35

Hafstadvegen 31 6800 FØRDE Tlf. 57 82 24 33

Kviknes Hotel

6964 KORSSUND Tlf. 480 31 025

Storehagen 3 6800 FØRDE Tlf. 415 34 245

Evebø Blikkenslagerverksted

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 57 78 89 00

avd. Førde

Brandsøy 6900 FLORØ Tlf. 911 60 641

Byggmester Nordnes AS

- Tilbygg - Nybygg - Ombygging - Vedlikehold og kjøkkenmontør

6826 BYRKJELO Tlf. 57 86 73 49

Storehagen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 50 80

FJALER

Midtnes Hotel

HAFS Elektro AS

Steinav. 10 6800 FØRDE Tlf. 57 72 10 00

6898 BALESTRAND Tlf. 57 65 12 00

6898 BALESTRAND Tlf. 57 69 42 40 post@midtnes.no www.midtnes.no

Byrkjelo Bygg og Snikkarverksemd

Halbrendsøyra 9 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 00

Bruland 6800 FØRDE Tlf. 57 72 22 30

6967 HELLEVIK I FJALER Tlf. 992 98 597 Alt innen forskaling og betong

Rune Sund Bygg

6800 FØRDE Tlf. 57 82 62 35 www.arnesfrisor.no

BYGGMAKKER Bruland Bygg AS

6898 BALESTRAND Tlf. 57 69 42 00

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 951 73 264 -57 78 81 79

Førde Mekaniske Industri A/S

Førde Motorsport AS

Brendsdal Bygg AS

Industriv. 4 6823 SANDANE Tlf. 57 86 80 00

6800 FØRDE Tlf. 992 60 962

Halbrendsøyra 2 6800 FØRDE Tlf. 57 82 17 55

HYLLESTAD

Firdav. 6 6800 FØRDE Tlf. 57 83 24 00

Trapp Ned

Markeg 65 6900 FLORØ Tlf. 57 75 73 00

Balestrand kommune

Helse og Sosial

Bygningsingeniør

6800 FØRDE Tlf. 57 72 20 00

Arnes Frisørhjørne

Flora Norsk Celluloseisolasjon A/S Vidaregåande Skule

BALESTRAND 2014

6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 20 70

FLORA

Firdavegen 16 6800 FØRDE Tlf. 57 72 39 90

Førde kommune

ARKI arkitektar AS

Tannlege

Jon-Reidar Eikås

Rådhuset 5745 AURLAND Tlf. 57 63 29 00

Leirvågg. 1 6900 FLORØ Tlf. 57 75 20 70

GLOPPEN

Steia 3 6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 64 40

Grodås 6763 HORNINDAL Tlf. 57 87 95 00

Hornindal Rekneskapslag 6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 84 40

ANONYM STØTTE Pe Be Klær A/S 6763 HORNINDAL Tlf. 57 87 95 05

JØLSTER

6841 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 68 90 www.jolsterbil.no

Jølster Rekneskapslag

6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 78 50

Jølster Rør A/S

6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 83 50


mi rødekorshistorie Marit Gjerstad Frivillig i Flora Røde Kors Omsorg sidan 2007 Leiar for Røde Kors omsorg i Flora i fem år Frivillig i Til topps, Flyktningeguide, Nettverkskafe og Besøkstenesten Held Røde Kors grunnkurs omsorg i heile fylket Foreslått som medlem i Landsråd Omsorg til Landsmøtet i oktober

Marit Gjerstad er nominert til landsråd omsorg. Det blir avgjort på Røde Kors sitt landsmøte i Trondheim i oktober.

Andres glede gjev gåsehud Ei av dei største gledene Marit Gjerstad har etter sju år som frivillig i Røde Kors, er å sjå gleda hjå andre frivillige når dei har vore til nytte for andre. Marit Gjerstad snakkar om å starte ein Røde Korsaktivitet som ein tømrar snakkar om å bygge ein vegg. Det er berre å få den opp. Det er kanskje difor ho så ofte ser resultat til å få gåsehud av. Ho har fått opp ein del aktivitet. Og alt bygger på den enkle filosofi at eit menneske er medisin for eit anna menneske, som Jens Meinich, norsk besøksteneste sin far, sa. - Ja, ein må berre gå på og byrje å rekruttere frivillige. Men alt går i bølger etter kva humanitære behov vi har i lokalsamfunnet, og tilgangen på frivillige, seier ho. Ho har også vore med på å legge ned fleire aktivitetar. - Hovudutfordringa er at det skjer veldig mykje for folk å engasjere seg i. Dei siste åra har vi prøvd å få besøksvener blant tidlege pensjonistar. Vi har fått inn nokon, men dei er grådig travle med aktivitetar og barnebarn, seier ho. Sjølv tek ho turen til omsorgssenteret kvar torsdag det er turvêr. Dei tilsette har ikkje tid til å ta ut bebuarane. Gjerstad bankar på hjå ein fast bebuar, spør om ho vil gå tur. Svaret er alltid et stort smil og eit «ja». Ho hjelper dama på med ytterklede, og så fer dei på ei runde rundt Storevatnet. Dei snakkar lite. Stoppar for å sjå på endene, hundar og barn. Det tek ein god halvtime. - Det er ikkje så mykje, men eg trur det betyr mykje for ho. Ein halvtime-time i veka er utruleg mykje meir enn ingen ting. Det skal så lite til å glede den ein besøker. Når eg møter dei andre besøksvenene og ser kor dei strålar når dei fortel kor glade dei vert dei som får besøk, då får eg gåsehud. Den gjensidigheita er veldig bra, seier Gjerstad. Ho er tydeleg på at det er ein del andre ting som også må fungere, for at ein aktivitet skal fungere. - Ein løna frivilligheitskoordinator i kommunen

som koordinerer frivillig innsats og bidreg til rekruttering sikrar at aktiviteten går av seg sjølv. Dessutan må vi ha god dialog med leiarane i dei institusjonane vi samarbeider med, slik at vi kjenner behova. Vi må også kunne ha ein fleksibel teneste som tilpassar seg både det humanitære behovet og den frivillige, seier Gjerstad. Gjerstad er også med og tek busette flyktningar og andre med på tur i nærlandskapet. Målet er å delta på Til topps på Galdhøpiggen i juni. - Til topps er fantastisk artig, utruleg bra. Vi har hatt dialog med Turlaget, og no er ikkje dette lenger berre ein event, det er integrering. Turane vi har før turen til Galdhøpiggen introduserer deltakarane til Norge, til norsk kultur. Sjølv har eg møtt mange der, og har fått folk frå Iran, Ukraina og Somalia i min omgangskrets frå desse turane, fortel ho, og deler ein liten skatt av ei oppleving: - Ein gong vi var på Hatlesetnipa var det ein som var med og plutseleg skjønte kva som var vår greie her i Norge. Vi er eit meir sekulært samfunn, og søndagane er det mange som kanskje heller tek ein fjelltur enn ein tur i kyrkja. På fjelltoppane har vi til og med ei bok vi skriv oss i. Gjennom turgåinga gjekk eit lite lys opp for han om kven vi nordmenn er. Det er det viktige med denne aktiviteten. Framover ser Gjerstad eldre einsemd som den største utfordringa. - Her i fylket er det grisgrendt, og mange ønskjer å bli gamle heime. Då kan einsemda kome. Familien er andre stader. Samfunnet har endra seg, vi går ikkje på besøk lenger, seier ho. Røde Kors har eit godt utgangspunkt til å bidra. Sterke lokalforeiningar og omsorgsavdelingar, som ho anbefaler å styrke vidare. - Vi må mellom anna gje dei god opplæring og ha tilgjengeleg gode tilretteleggarar for frivillig aktivitet. Dessutan må vi vere flinke å tilpasse aktivitetane til dei behova som er, og dei frivillige vi har, og jobbe med rekruttering i samanheng med det, avsluttar Marit Gjerstad

13 2014


14 2014

Auka fattigdom – doblar ferietilbodet Ventelistene på å få vere med på det humanitære ferietilbodet «Ferie for alle» har vakse dei siste åra. Difor har Røde Kors dobla tilbodet, ved å sette opp ei ekstra ferieveke. I 2013 var ventelista nesten like lang som deltakarlista på «Ferie for alle» i Sogn og Fjordane. Samtidig har fattigdomen ifølge Statistisk Sentralbyrå vakse. - I år vil Røde Kors doble kapasiteten for tilbodet til barnefamiliane her i fylket. 200 born og vaksne skal få ei friveke frå kvardagen på Haugland, seier distriktsleiar Odd Erik Loftesnes. Det vil sei at det vert sett opp ei ekstra veke «Ferie for alle». Tilbodet er til familiar med utsett økonomi. Røde Kors har eit godt samarbeid med kommunane om kven som treng tilbodet mest. Anten der er helsesøster, nav eller andre etatar som er i kontakt med utsette barn, så er det kommunen som set opp ei prioritert liste og melder på hjå Røde Kors. - Det er ikkje noko god kjensle å måtte gje nokon avslag. Alle søknader vi får inn, er frå folk med behov. Eg håpar vi slepp venteliste i år, seier Lis Maria Munkvold, som set

opp deltakarlistene for tilbodet. Nye tal stadfestar at andelen fattige i Norge aukar. 78.200 barn og unge lever i fattigdom, ifølge Statistisk sentralbyrå. Talet gjorde eit hopp i 2012, det vil sei ei auke på 4300 fattige barn. Dette betyr at av alle under 18 år, tilhøyrer åtte prosent fattige familiar. Ein fattig familie er den som tener 60 prosent eller mindre av ei gjennomsnittsinntekt over ein treårsperiode. Det vil sei at ein familie med to barn og to foreldre er definert som fattig med samla årsinntekt på 392.000 kroner. Ein einsleg forsørgar med to barn er rekna som fattig med 299.000 kroner i inntekt. Dette er statistikk. Individuelle forskjellar påverkar i kva grad familien opplever å komme til kort økonomisk. Auken skjer mest i innvandrarbefolkningen. Hjå somaliske, irakiske eller afghanske familiar er barnefattigdomen på halvparten eller meir. I Sogn og Fjordane er det 10-12 faste kommunar som pleier å melde på deltakarar til Røde Kors humanitære ferietilbod. Tilretteleggar omsorg Bente Nilsen ved Sogn og Fjordane Røde Kors, trur barnefattigdomen også finst i dei andre kommunane. - No har vi fått delta på Sjumilsstegkonferansen saman med dei andre kommunane i fylket, og håpar at fleire no vil nytte seg av tilbodet til sine, seier Nilsen.

Ferieleirane

• Sogn og fjordane Røde Kors har fem humanitære ferietilbod. • «Ferie for alle» tek utgangspunkt i behova til familiar med svak økonomi. • Barneleiren tek utgangspunkt i utsette barn sine behov. • Ungdomsleiren tek utgangspunkt i ungdom med nedsett funksjonsevne sine behov. • Alle tilboda vert gitt på United World College på Haugland i Fjaler. • Unntaket er ei veke «Ferie for alle» på øya Barmen i Selje kommune. • Leirvertane er frivillige i Sogn og Fjordane Røde Kors og tilsette ved UWC. • Årets søknadsfrist var 20. april.

Barnekonvensjonen Artikkel 31

1. Partane anerkjenner barnets rett til kvile og fritid og til å delta i leik og fritidsaktivitetar som passar for alderen til barnet og til fritt å delta i kulturliv og kunstnarleg verksemd. 2. Partane skal respektere og fremje barnets rett til fullt ut å delta i det kulturelle og kunstnariske liv og skal oppmuntre tilgangen til eigna og like mogelegheiter for kulturelle, kunstnariske, rekreasjons- og fritidsaktivitetar.


Barn tar skade av å aldri få dra på ferie. Ferie for barn bør difor lovpåleggast, meiner Paal-André Grinderud.

- Påby ferie for barn! - Ein real ferie som barn er del av grunnlaget for korleis ein oppfører seg seinare i livet. Mot seg sjølv og andre. Eg er 100 prosent sikker på at ferie reduserer faren for sosial eksklusjon, seier Grinderud. 52-åringen har stått fram som utsett for omsorgssvikt, og har brukt sitt vaksne liv på å vere talsperson for spesielt barn av alkoholikarar. Han har gitt ut fleire bøker, og har reist rundt i Norge og utlandet i 24 år og heldt foredrag om temaet.

Positivt avbrekk = ferie

- Men kva er det med denne ferien som er så viktig? - Ferie er å få reise litt vekk frå kvardagslivet, kople av, oppleve noko ein ikkje gjer i kvardagen, få oppleve glade foreldre. Eit positivt avbrekk, grunnlag for gode opplevingar. Hugs også at ferien varer jo heile året; Først får ein glede seg, og så tek ein med seg dei gode opplevingane vidare. - FNs barnekonvensjon seier at alle barn har rett til kvile og fritid og delta i leik og fritidsaktivitetar. Er ikkje det nok – trengs det lovfesta ferie? - Ja, alle bør ha rett til ferie. Det er ikkje vanskeleg å få til. Vaksne har lovfesta rett med feriepengar. Prøv å sei til ein vaksen at i år får han ikkje ferie! - Dette handlar om verdigheit. Eg er som dei andre, eg er verdt noko. Det er mange ungar som kjenner seg utilstrekkelege. Eg trur det kan hindre mykje tøys i framtida for desse om ein lovpålegg ferie, seier han.

Ferie for alle

Røde Kors tilbyr «Ferie for alle» til

familiar som har svak økonomi. Her i fylket arrangerer Røde Kors vekehopphald på United World College på Haugland og i år eit nytt tilbod på Barmen i Selje. - Eg kjenner dette tilbodet, og berre namnet på tiltaket er fristande. Barn som får gå her, slepp å møte eit nytt skuleår med ei løgn, slik eg gjorde. Barn som går år etter år og aldri får ferie trur eg kan bli sosialt skada, fordi ein opplever at ein ikkje passar inn. Ferieavbrekket kan vere avgjerande for korleis barn klarar seg seinare, seier Grinderud. - Dette med rett på kvile, fritid, leik og fritidsaktivitetar. Vi kan legge mykje i dei orda, men her ligg jo nærast ein rett til å vere barn. Om barn vert fråtatt dette, kva har dei då? - Det er mange utsette barn som aldri har fri frå problema i heimen. Det å ikkje gje dei ferie, er eit usynleg røveri av barndomen deira, seier Grinderud. slutt

Ber kommunane vakne

«Ferie for alle» er ikkje eit lotteri. Nav og kommunane sine sosial- og helsetenester kjenner sine innbyggarar, og kan gje tilbodet til dei ein meinar har størst behov. Men ikkje alle kommunar nyttar seg av tilbodet. - Det må vere av vankunne. Dei må vakne opp og ta imot initiativet, spreie det rundt i kommunen. Det er gratis for kommunen, og ei god investering i barnas framtid; barneverd. Og deltaking på eit ferietilbod som «Ferie for alle» er med å hindre at dei kjem på sosialbudsjetta seinare, seier Paal-André Grinderud.

Helsesøster støttar lovpåbod – Det å ha gode felles opplevingar med familien, føle meistring, gjere kjekke ting som er annleis enn kvardagen, kjenne seg som andre born – det er viktig for ein god oppvekst, seier helsesøster Ann-Kristin Førde i Flora kommune. Ann-Kristin Førde jobbar på helsestasjonen i Flora kommune, og har ansvar for barn med innvandrarbakgrunn. Mange av desse borna lever store deler av barndomen på vent. - Forslaget om å lovfeste retten til ferie for barn høyrest veldig bra ut. Eg vil støtte Grinderud i det, seier helsesøstra. Ho ser dagleg kva det gjer med barn at dei aldri får eit avbrekk, at dei ikkje oppleve kjekke ting med foreldrene. Livssituasjonen generelt eller asylsituasjonen gjer at ein vert avskåre frå dei tinga folk flest kan tilby ungane sine. Dei lever på eit absolutt minimum. Førde får dermed den tøffe oppgåva med å velje ut dei som får dra på Røde Kors sitt gratistilbod, Ferie for alle. - Det er mange familiar med spesielle utfordringar, gjerne økonomiske, men det er også andre ting som gjer at familien ikkje kjem seg avgarde på ferie. Vi plukkar ut familiar til Ferie for alle ut frå kva barn vi trur har behov for å oppleve noko kjekt, seier ho. Rykta om tilbodet har spreidd seg, og alt før søknadspapira er sendt ut til kommunane, kjem familiar og spør om dei får reise ei veke på United World College og Haugland i år. - Vi fyller ut søknaden til røde Kors saman med foreldrene. Dette blir sett på som årets høgdepunkt. Dei som ikkje har kome med, har nok følt at dei har «tapt». Mangelen på sterke, positive felles opplevingar er nok eit sårt behov for mange i denne situasjonen, dei er veldig skuffa.

15 2014


Røyrleggaren AS

Stryn Elektro A/S Tonningsg. 24 6783 STRYN Tlf. 57 87 29 20 www.strynelektro.no

Nordfjord Psykiatrisenter Sjukehusv. 9 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 43 30 Fax. 57 86 43 26

Byggsenteret Audun Hundere A/S 6851 SOGNDAL Tlf. 57 62 79 79

Halbrendsøyra 4 6800 FØRDE Alt innen røyrleggararbeid! Nybygg/rehabilitering Baderom Varmeanlegg Servicearbeid Per Tore Meier Mobil: 415 05 600

Stryn Camping Bøav. 11 6783 STRYN Tlf. 57 87 11 36 Fax. 57 87 20 25

E-mail: per.tore@royrleggaren.no

Opus AS Halbrendsøyra 7 6800 FØRDE Tlf. 57 82 99 00 www.opusas.no

Norsk Celluloseisolasjon A/S

Sogn Gravferdshjelp AS

Dale Rør AS

Fjordingen AS

Øyane 13 6770 NORDFJORDEID

Fossetunet 4 6856 SOGNDAL

Flovegen 4 6800 FØRDE

Myrane 7 6783 STRYN

Tlf. 57 68 14 77 www.sogngravferdshjelp.no

Tlf. 57 72 55 90

Tlf. 57 87 45 00

Tlf. 57 86 11 33 Fax. 57 86 06 49

Byggtorget Stryn Trelast A/S Måløy Sildoljefabrikk AS 6718 DEKNEPOLLEN Tlf. 57 85 35 00

Grandev. 4, 6783 STRYN Tlf. 57 87 16 80 www.btkjeden.no

BYGGMAKKER Bruland Bygg AS Halbrendsøyra 9 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 00

Bruland 6800 FØRDE

Hamneg 3 6900 FLORØ

Tlf. 57 72 22 30

Tlf. 57 75 88 00

K. Strømmen Lakseoppdrett A/S

Vatnahalsen Høyfjellshotell

Hotel Loenfjord AS

6734 RUGSUND Tlf. 57 79 60 40 Fax. 57 79 60 50

5718 MYRDAL

16 ARKI arkitektar AS 2014

Mobil: 907 82 527 www.arki.no 6871 JOSTEDAL Tlf. 57 68 31 11

www.bfl.no post@bfl.no

Tlf. 57 63 37 22 www.vatnahalsen.com

6789 LOEN Tlf. 57 87 57 00 www.loenfjord.no


TIL TOPPS Årets sprekaste integrerings­ arrangement Målet er minst 1000 personar på Galdhøpiggen. Samarbeid mellom Røde Kors, Turistforeningen, Imdi og KS. Sogn og Fjordane deltok første gong i 2010 med sju deltakarar. Mål for året er 130. Ein frivillig pr deltakar. Hjelpekorpset har vakter langs ruta. Nye kommunar som er med i år er Eid, Sogndal og Årdal. Har vore med tidlegare: Flora, Førde, Jølster, Høyanger, Luster, Stryn, Gloppen.

Nejat M S Kahsay, Saido Omar Hasan, Narges Rezaie tek seg ein pause. Karsten Bergheim syner Maliyon Mokonnon Baqala korleis ein ønskekvist fungerer. Hildur Dvergedal, , Maliyon Mokonnon Baqala og Nejat M.S. Kahsay

Går seg norskare Medan dei øver seg til å gå opp på Galdhøpiggen i juni, får dei innføring i huldrehistoriar, bruk av ønskekvist for å finne vatn, norske kongesagaer og traséval i skogane rundt Sogndal. – Her under denne steinen bur huldra. Ho er ei kvinne med hale som er veldig glad i menn. Pass deg for ho, seier Hildur Dvergedal til Malion frå Etiopia. Gjengen på åtte busette flyktningar konsentrerer seg om å få med sagnet Dvergedal fortel. Smila og latteren overskyggar usikkerheita av kva dette faktisk betyr. Dei åtte går gamlevegen til Olavskjelda saman med fem norske turvener frå Sogndal Røde Kors. Dei går tur ein gong i veka, som eit ledd i øvinga fram mot årets store mål: å gå #Tiltopps på Galdhøpiggen i juni. Saman med 1000 andre innvandrarar frå heile landet. – Desse turane bidreg til at dei lærer norsk og gir integrering. Det er ein veldig triveleg gjeng å gå med, seier Grete Fischer, frivillig i Sogndal Røde Kors. Ho har organisert vekentlege turar sidan november. No når snøen går, skal dei meir ut i landskapet, turane blir brattare og lengre. Naja frå Eritrea støttar seg til ei gamal furu øvst i ei kneik. Pusten går. Nedanfor buldrar Helvetesfossen. Dei får vite at ein dansk fut i si tid hoppa dit, då indresogningane var etter han. Naja og følget myser over kanten og illusterer høgda med nokre kvin. Følget går oppover dei gamle handmura svingane. I par eller grupper. Praten går. – Eg likar å gå tur. Eg lærer å snakke

norsk med denne gruppa – eg har lært mange ord. Så har eg mange vener i gruppa. Eg er glad i gruppa, seier Naja, som definitivt har tenkt seg på Galdhøpiggen. – No vert det trening kvar onsdag med denne gruppa, men så to gonger til per veke med dotter mi eller andre. Så vi skal prøve å komme oss på Galdhøpiggen begge to, seier ho. Turen denne onsdagen er tettpakka med historie, og dei frivillige Røde Korsarane ausar av sin kunnskap om feller av rullande tømmerstokkar, pengeurt eller postar under krigen. Av og til går det også ein arm rundt ei skulder. Går mor og far din også tur? Spør Liv Anny Lerheim ei jente frå Afghanistan. Hmmm. Pappa er død. Mamma har vondt i eit kne, svarar ho stille. På toppen, der Olavskjelda klukkar sine helsebringande dråpar ut av fjellet, spikkar Karstein Bergheim ut ein seljekvist som liknar bokstaven y. Han held den i nevane peikande framover. Går sakte i retning vasskjelda. Spissen bøyer seg mot bakken. – Sjå her, no kan du prøve. Hald den mellom fingrane slik, og gå mot vatnet. Malion smiler stort og gjer som han får beskjed om. Tre gonger, utan resultat. Dei andre myser nysgjerrig, kanskje litt skeptisk. – Hald i mi hand medan eg går! Seier

Bergheim, og får raskt følgje. – Hei! Den beveger seg, seier Malion overaska, før han sjølv får prøve seg med kvisten att som vassfinnar. Malion konsentrerer seg og går med rolege steg mot kjelda igjen. Eit usikkert smil kjem til syne. – Ja! Den bevegde seg, seier han, til mykje latter blant turvenene. Etioparen har budd i Sogndal 20 månader. Han seier at dette er den beste måten for han å bli kjent med Sogndal på. Her blir eg kjent med mykje folk og stader, og så prøver eg å snakke norsk, så dette er bra for meg. Samtidig står Fisher og tel signaturar på påmeldingslista til tur på Galdhøpiggen. Ser til at alle er inspirert etter fem månader med småturar, til å ta det store spranget «til topps» er. – Eg er nøgd med lista. Elleve så langt, men då veit vi om fleire som sikkert skal bli med, seier Fischer. Ho og Røde Kors samarbeider med Flyktningtenesta i kommunen, der ein brukar norskundervisinga som rekrutteringsarena. Vil du vite korleis det går med denne gjengen på Galdhøpiggen? Følg med i neste nummer av Røde Kors-avisa, eller lik Sogn og Fjordane Røde Kors sine facebooksider.

17 2014


geneve konvensjonen Desse soldatskallane er direkte årsak til at det i dag finst reglar i krig. I august er det 150 år sidan 12 statsleiarar signerte Genèvekonvensjonen for å betre soldatar sine kår. Samtidig var Røde Kors skapt.

150 år med håp 18 2014

Det var ei kokande heit midtsommarsnatt i Solferino i Norditalia i 1859. To militære frontar marsjerte mot kvarandre. Den eine, minst 100.000 austerrikske soldatar. Langs den andre gjekk det minst 118.000 italienarar og franskmenn. Napoleon III skulle hjelpe Italia å frigjere seg frå Austerriket. Troppene kjempa til fots med tunge gevær med lauskrutt, kuler og bajonettar. Kulene som ikkje drepte med ein gong, reiv opp vevet slik at det fort gjekk infeksjon i såra. Mykje nærkamp med bajonett gav også svært mange skadde. Rundt 40.000 soldatar måtte bøte med livet i eitt av dei største slaga på 1800-talet. Militæret sitt eige sanitet var om lag fråverande. Nokre tilfeldige landsbykvinner og geistlege i kyrkjene tok seg av dei såra og falne. Desse hadde ikkje noko vern, og kunne sjølv bli offer i konflikta. Han som seinare skulle grunnlegge Røde Kors, den sveitsiske handelsmannen Henry Dunant, havna oppi slagmarka etter at dei austerrikske troppene hadde gitt opp og trekt seg tilbake. Dunant fekk samla inntrykka frå dei kaotiske dagane med titusenvis av skadde, fortviling, sjukdomar, og likstank i ei bok. Dei neste fem jobba han saman med fire ressurspersonar frå Geneve for å fremje lindring for såra soldatar. Deira arbeid førte fram. I 1864 klarte sveitsarane å få leiarar frå Baden, Belgia, Danmark, Frankrike, Hessen, Italia, Nederland, Portugal, Prøysen, Sveits og Württem-

berg til å samle seg bak den første Genèvekonvensjonen. Konvensjonen inneheldt ni artiklar, der det viktigaste er at ein skal ta vare på dei sjuke og skadde soldatane. Dei skal få sanitetshjelp. Dei skal få hjelp uavhengig av nasjonalitet og grad. Frivillige hjelparar og helsepersonell skal bere eit raudt kors på kvit bakgrunn. Dei skal ha eit særskilt vern, og ikkje vere mål i krig. I 1876 tok organisasjonen opp namnet frå sjølve symbolet på upartiskheit, nøytralitet og humanitet i konvensjonen, og kalla seg Røde Kors. Allereie i 1864 vart det danna nasjonalforeiningar i dei landa som signerte konvensjonen. I 1865 oppretta også Norge ein nasjonal organisasjon for lindring av såra soldatar. I dag heiter organisasjonen Norges Røde Kors, og den feirar 150 år til neste år. I 1907 kom den andre Genevekonvensjonen, som gav tilsvarande vern for såra til sjøs. Den tredje konvensjonen kom som eit resultat av 1. verdskrig, der fangebehandlinga var særs dårleg. Etter andre verdskrig såg ein behovet for å verne sivilie under krig. Det er dette den fjerde konvensjonen handlar om. Røde Kors har blitt så mykje, mykje meir enn ein organisasjon for slagmarka i 2014. Samtidig er det dei same oppgåvene vi tek på oss i 190 land: gjev humanitær hjelp til dei som treng det, uavhengig av kven dei er. Det gjev håp.

7000 levningar etter slaget ved Solferino vart gravd opp og plassert i beinkapellet St Pietro til minne og advarsel. I Alabamasalen i Geneve sitt rådhus, signerte 12 statsleiarar ein traktat som skulle gje håp for stridande, den første Genevekonvensjonen. Kirurgiske instrument til å få ut kuler av hovudskallar på midten av 1800-talet.


19 2014


Stryn Camping Bøav. 11 6783 STRYN Tlf. 57 87 11 36 Fax. 57 87 20 25

Distrikt Sogn og Fjordane Øyrane 12, 6800 FØRDE - Tlf. 483 01 900 - www.veidekke.no

LOEN Vipeveien 8 6783 STRYN Tlf. 57 87 28 00

-

STRYN

Tlf. 57 87 50 00 E-mail: alex@alexandra.no www.alexandra.no

Sønnerheim, 5745 AURLAND Tlf. 57 63 11 41 - Mobil 908 84 683 www.osterbo-turisthytte.no - ingeos@online.no

-RØRLEGGERFORRETNING-

Alt innen varmepumper

Storehagen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 50 80 www.avis.no

Åpen: man.-fre. 08.00-16.00 avd. Høyanger avd. Florø avd. Førde

Tlf. 950 43 918 Tlf. 971 99 685 Tlf. 918 22 115

Sletteland 6963 DALE I SUNNFJORD tlf. 57 73 63 40 - fax. 57 73 63 80

Økonor Førde Tlf. 57 82 58 60 E-post: forde@okonor.no www.okonor.no

www.skaar-vvs.no

6847 VASSENDEN Tlf. 57 72 75 50 www.jolsterskisenter.no

Pyramiden - 6868 Gaupne - Tlf. 57 68 10 55 - Mob. 951 67 540 www.ovrebofargehandel.no - post@ovrebofargehandel.no

Der kjentfolk møtast

Sandane AS

Kronborg Hafstadgården Elvegården

Krånavegen 15 6823 SANDANE

Tlf. 57 72 41 40 - www.olefine.no post@dampbakeriet.no

Steinav. 10, 6801 FØRDE - Tlf. 57 72 10 00

Tlf. 57 86 56 66 Fax. 57 86 59 95

20 2014

6848 FJÆRLAND - Tlf. 57 69 32 88 - Fax. 57 69 32 87 E-post: post@bre.museum.no - www.bre.museum.no

Brandsøy - 6900 Florø Telefon 57 74 42 49 Faks 57 74 46 79 Mobil 911 60 641

Bosch Car Service Leikanger

Vi holder kurs innen: Trucker - Kraner - Personlifter Masseforflytningsmaskiner Innføring i sikkerhet, ansvar og kontroll

6852 SOGNDAL Tlf. 57 67 69 30

Hagane 3 6863 LEIKANGER Tlf. 993 54 200

Høyanger kommune Hafstadvegen 25

6991 HØYANGER

Tlf. 57 72 13 80

Tlf. 57 71 15 00

www.deloitte.com

www.hoyanger.kommune.no

Naustdal kommune Førde Sandane Sogndal

- tlf. 57 72 50 70 - tlf. 57 72 50 90 - tlf. 57 72 57 50

www.fjordanereisebyra.no

FØRDE

Kommunehuset 6806 NAUSTDAL

www.herjedalskjokken.no

Tlf. 57 81 61 00

Kenneth Elvebakk Tlf. 970 53 162

naustdal.kommune.no

Vi er flytta til nybygget på Hafstadflata

Sogn og Fjordane Bryggja...............................57 85 32 02 Byrkjelo...............................957 06 000 Fortun.................................57 68 61 57 Førde...................................970 08 082 Eikefjord..............................905 78 788 Lærdal.................................57 66 66 88 Sogndal..............................57 67 66 65 Stryn....................................970 82 373 Stårheim ............................57 86 37 30


Sogn Rekneskapskontor A/S 6868 GAUPNE - Tlf. 57 68 10 18 www.sorek.no

6889 MARISTOVA - Tlf. 57 66 87 11 - www.maristuen.no

Årdal Blikkenslagerservice AS Sandgota 9, 6881 ÅRDALSTANGEN Tlf. 57 66 01 36

Leikanger Sjukeheim

Blomdals Opelhøgg AS Kjempeutvalg av Opel-deler!

Ohnstadhaugen 15 6863 LEIKANGER

Tlf. 55 24 03 40 - 55 24 25 55

Tlf. 57 65 56 54

Storaneset Indre Område 5660 INDRE ARNA www.opelhugg.no

Coop Mega Førde

Langebruv. 22 6801 FØRDE Tlf. 57 83 07 40

Aase Landbruk AS Steia 3, 6973 SANDE I SUNNFJORD

Tlf. 57 71 64 40

Salg og service av traktorer og landbruksmaskiner siden 1974

Ta kontakt!

Førde Bil og Rekvisita AS Naustdalvegen 6800 FØRDE

Sygna Transport AS Fylkeshuset, 6863 LEIKANGER www.sfj.no

6973 SANDE I SUNNFJORD Tlf. 57 71 64 32 - Fax. 57 71 65 10 - Mobil 970 53 000

Bruland Palle og Emballasjefabrikk Halbrendsøyra 9, 6800 FØRDE - Tlf. 57 83 08 00

Tlf. 57 82 14 44

6800 FØRDE Tlf. 57 72 22 30 - Fax. 57 72 22 31

• Gamle innvik ullvarefabrikk • Galleri Plysen 6797 UTVIK

Rådhuset, 5745 AURLAND Tlf. 57 63 29 00 - www.aurland.kommune.no

Arkitektkontoret 4B AS Postboks 244 6852 Sogndal Telefon: 57 62 77 50 E-mail: post@arkitektkontoret4b.no

FØRDE TLF.: 57 82 85 00 - KAUPANGER TLF.: 57 82 85 01

21

Leikanger Sogn Bilskade AS...............mobil 975 88 888 Lærdal.......................................................Tlf. 57 66 93 05

Stiftinga KRISESENTERET i Sogn og Fjordane - Døgnopne bu- og støttetilbod til kvinner utsett for mishandling/voldtekt. - Du kan ta med barn på senteret. - Du kan nytte vår gratis advokatteneste - Råd og rettleiing på telefon heile døgnet tlf.

57 74 36 00 www.krisesenteret.sf.no

Vik Fengsel 6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 65 00 Fax. 57 69 65 01

Vi støtter Røde Kors Sogn og Fjordane

2014


JØLSTER

LÆRDAL

LUSTER

6847 VASSENDEN Tlf. 57 72 75 50 Frivik jolsterskisenter.no

Buene 3, 6869 HAFSLO Tlf. 57 68 06 00

6889 MARISTOVA Tlf. 57 66 87 11 www.maristuen.no

Luster Rekneskapslag

Vitusapotek Lærdal

Pyramiden 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 27 70

NAUSTDAL Røyrleggjarservice AS

LEIKANGER

Løteigane 7 6879 SOLVORN Tlf. 57 68 42 72

Leikanger Sjukeheim

Sogn Rekneskapskontor A/S

Ohnstadhaugen 15 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 56 54

6868 GAUPNE Tlf. 57 68 10 18

Tang Hyttegrend

Vår visjon Livskvalitet og nyskaping

VIK

VÅGSØY

Selje Auto DA

Nettbuss Sogn Bilag AS

Hotel Loenfjord AS

Tistel Camping og Feriehytter

Måløy Smie & Mek Verksted AS

Dalavegen 1 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 66 00

Nordbohus Sogn AS

SOGNDAL

6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 23 44

6869 HAFSLO Tlf. 57 68 66 19

Naustdal Elektro AS

ANONYM STØTTE

Sogn Advokatkontor

Øyrav. 3 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 93 69

Tlf. 57 67 50 60 Alminnelig praksis www.advokatkontor.no

6789 LOEN Tlf. 57 87 57 00

Olden Rør AS 6788 OLDEN Tlf. 57 87 31 85

Stryn kommune

Reiakvam 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 95 70

Grandev. 4 6783 STRYN Tlf. 57 87 16 80

Sogn Kjøleservice AS

Byggsenteret Audun Hundere A/S

Bordvegen 6 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 11 11

6851 SOGNDAL Tlf. 57 62 79 79

6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 85 88

Vik Bil A/S

6891 VIK I SOGN Tlf. 57 69 84 00

Vik Fengsel

Tlf. 57 69 65 00

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 88 50

Torget 2 6885 ÅRDALSTANGEN Tlf. 57 66 48 80

Prosess-Elektro A/S Meierig. 1 6885 ÅRDALSTANGEN Tlf. 57 64 85 00

VÅGSØY

VIK

Skyssbåter

Nummedal Gravferdsbyrå AS

Fjørev.4,6856SOGNDAL Tlf. 57 67 28 95

Losnegard 6926 KRAKHELLA Tlf. 57 78 79 28 / 42

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 57 55

Gate 1 nr 60 6700 MÅLØY Tlf. 57 84 92 00

Tyinv 3 6884 ØVRE ÅRDAL Tlf. 57 66 58 80

Årdal Reinhaldsservice AS

6713 ALMENNINGEN Tlf. 57 85 09 89

Jens Davidsonsveg 2 6882 ØVRE ÅRDAL Tlf. 57 66 30 68

Stort utval av

Hva er det gode liv?

10000 m2 planter:

Bulandet -det vestligste fiskevær med 365 øyer, holmer og skjær.

Prydtre 70 sortar, små tre til krukker 40 sortar, busker 260 sortar, roser 120 sortar, klatreplanter 35 sortar, frukttre 90 sortar, bærbusker 40 sortar, stauder Opningstider april - juni: mån.-fre. 09.00 - 18.00 laur. 09.00 - 15.00 juli - august: mån.-fre. 09.00 - 17.00 laur. 09.00 - 13.00

* Adv. Thomas Chr. Jarning * Adv. Øystein Ørjasæter * Adv. flm. Kristin Aspevik www.harris.no/forde

Kongshaugv 3 6885 ÅRDALSTANGEN Tlf. 901 29 394

Kleiven Sogn A/S

PLANTER TIL HAGEN

Avd. Førde - tlf. 57 83 71 00

ÅRDAL Autotransport Lerum AS

6789 LOEN Tlf. 57 87 60 40

SOLUND Einar Losnegård

2014

Gate 2 nr 1 6700 MÅLØY Tlf. 57 84 88 00

Sitla Hotel A/S

Storebruv 7 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 83 00

Sunnfjord Golv og Maling 6817 NAUSTDAL Tlf. 913 09 782

6891 VIK I SOGN Tlf. 57 69 83 83

Yri Sand AS

Hjelmeland Byggforretning A/S

Gate 1 nr 92 6700 MÅLØY Tlf. 57 85 15 40

U N U A/S

Vik apotek AS

Stryn Trelast A/S

Visnesv. 15 6856 SOGNDAL 6783 STRYN Tlf. 57 68 14 77 post@sogngravferdshjelp.no Tlf. 57 87 69 00

Kommunehuset 6806 NAUSTDAL Tlf. 57 81 61 00

Reiakvam Rørservice

Tonningsgata 4 6783 STRYN Tlf. 57 87 47 00

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 54 79

Sogn Gravferdshjelp AS

Naustdal kommune

Tannlege

Pyramiden 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 13 27

Granden 23 6856 SOGNDAL Tlf. 57 62 57 57

6856 SOGNDAL Tlf. 57 62 77 50 post@arkitektkontoret4b.no

Kjell Olav Ugulen

22

STRYN

Opus AS

6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 82 34

LUSTER

SOGNDAL

6740 SELJE Tlf. 57 85 65 45

Øyrapl. 7 6887 LÆRDAL Tlf. 57 66 99 66

Skei Servicenter

SELJE

Ylvisåker, 6856 SOGNDAL, Tlf. 57 67 91 81 e-post: aaberge.plant@online.no Sjå www.aabergeplanteskule.no for sortiment og prisar.

Vi byggjer der DU vil trivast: • Førde • Jølster • Naustdal • Eikefjord Landleg, men sentralt mellom fjordar og fjell - einebustad, leilegheit, rekkjehus eller kjøkken, bad, garderobe -

Vi er der for deg og din draum! Tlf. 47 87 40 00 www.gravdal.no

Fiske, sykkeltur, ro og fred, solnedgang.

BULANDSFERIE

tilbyr trivelige rorbu- og sjøhusleiligheter-2/6 pers. Båtutleie og servering av god lokal mat. Båt, krabbeteine, gjestebrygge, sykkelutleie Tlf. 57 73 21 72 / 916 47 196

www.bulandsferie.no


Synnøve Sande, Svelgen-Bremanger, vervedronninga. Asbjørn Steen, Førde, julekorgas far Frantz Henriksen, Lærdal, Mr Røde Kors Jorunn Ringstad, Askvoll, internasjonalt vinkla.

Prisdryss over frivilligheita Av 2937 frivillige rødekorsarar i fylket, var det fire som fekk ekstra heider under årsmøtet i Balestrand.

23 2014

Julekorgas far, Asbjørn Steen, avtroppande leiar i Førde Røde Kors, fekk Bry degprisen for «eit brennande engasjement for Røde Kors, kven vi er og dei vi er til for. For å vere tydeleg, torer å ta standpunkt, og torer å bere dei fram. Sjølv om det er i einsam majestet.» Julekorga, ei handlekorg med god mat og julegåver til trengande, er kanskje det mest kjende initiativet. – Vi rekker ut ei hjelpande hand til dei som treng det. Då vi starta opp var vi spente på kor mange som kom til å tore å ta kontakt og be om hjelp, men med åra har det berre blitt fleire og fleire som nyttar seg av tilbodet, sa Asbjørn Steen i Førde Røde Kors til Firda sist desember, fem år etter oppstart. Prisen er på ein messinglysestake og ein sjekk på 5000 kroner som skal gå til eit veldedig føremål. – Eg bestemte meg fort for at pengane skal gå til «Ferie for alle» på Haugland. Det er eit svært godt tiltak, seier Steen.

Synnøves 10 bod

Samtidig fekk påtroppande lokalforeiningsleiar Synnøve Sande i SvelgenBremanger Røde Kors, Røde Kors fortenestemedalje. Ho var med å starta foreninga midt på 90-talet, og var leiar fram til

2012, og er altså tilbake etter ein pause på to år. Ho har jobba for god beredskap og har samarbeidt godt også med det offentlege. Sande har delteke ei årrekke i distriktsstyret til Røde Kors, og var med på eit samarbeidsprosjekt med Narva Røde Kors i Estland. Ei av styrkene til Sande er medlemsverving, ho har jamvel utforma sine eigne ti bod for verving. Sande har tidlegare motteke æresmedlemsskap i lokalforeininga, og saman med mannen Asbjørn Sande fekk ho Bry deg-prisen i 2011 for å vere eit førebilete for andre.

Mr Røde Kors

Frantz Henriksen, eller «Mister Røde Kors», som dei kallar han i Lærdal, er også ein som får Røde Kors fortenestemedalje. Han var med å starte opp Lærdal Røde Kors Hjelpekorps midt på syttitalet. Henriksen finn du att andre stader i denne avisa, i reportasjen frå dei dramatiske branntimane i januar. – Dette hadde eg aldri trudd, er Henriksen sin kommentar til prisen. Uansett går han no inn i sitt 35. år som tillitsvald i Lærdal Røde Kors, ved å igjen ta på seg vervet som leiar for Hjelpekorpset.

Henriksen har også hatt mykje ansvar for materiellet i Hjelpekorpset, som sambandsutstyr og skuterar. Årleg er han ute i det enorme fjellområdet frå Filefjell til Aurlandsfjella og køyrer opp trygge løyper, anten for skifolk eller for potensielle leiteaksjonar.

Internasjonal innsats

Jorunn Ringstad gjev seg no som tillitsvald i Sogn og Fjordane Røde Kors, og går av som distriktsnestleiar med Røde Kors For innsatsen sin fekk ho Fortenestediplom med nål. Ho har delteke i styret i åtte år, seks av dei som nestleiar. Ringstad har brukt mykje krefter på å få på plass distriktet sitt internasjonale engasjement, først ved å etablere eit internasjonalt utval, og så eit internasjonalt distriktsprosjekt. Samarbeidet med Brcko Røde Kors i Bosnia og Herzegovina, går no på sitt femte år. Det har vore innvolvering og utveksling av både ungdom, omsorgsfrivillige og Hjelpekorpsarar begge vegar. I 2007 starta også arbeidet med ei kontaktgruppe for Røde Kors og Røde Kors Nordisk United World College. Der vart Ringstad med som leiar og sentral i arbeidet med å følge opp evalueringa av skulen og få på plass ein samarbeidsavtale.


Kjempa i flammehavet 40 bygningar brann ned i Lærdal. Kjempande innbyggarar hindra ei enno større katastrofe. Les korleis tre hjelpekorpsarar sloss seg gjennom natta.

24 2014

– Jeg elsker dette landet! seier Ole Paus til ein million TV-sjåarar. Han mottek Årets Spellemann i Stavanger. Litt lenger nord i dette landet, i Lærdal, bles det austleg storm. Det er bart, knusktørt. I det festen på TV-skjermen når sitt høgdepunkt, byrjar det som skal bli etterkrigshistoriens største brann i Norge.

kalle ut folka sine og hjelpe til med å sløkke. Aller først set dei i gong med å evakuere husa nærast brannområdet. Hjelpekorpsarane går frå hus til hus. Banka på dørene og får ut alle som er heime. Nokon stader må dei bruke den store, sterke stemma. No er det alvor. Eit kvarter seinare når brannen også desse husa.

22:53 Alarmsentralen: Eit bustadhus i Lærdal brenn.

23:35 Varsla Aurland RKHj.

Det ringer i telefonen til Øyvind Lysne. Han er operativ leiar i Lærdal Røde Kors Hjelpekorps. Det er mor hans. Kva vil ho så seint? – Det brenn på Øyri, nærast ropar ho. Lysne skjønar alvoret i meldinga. Han hiv seg i bilen og køyrer til brannstaden. Han kjem fram til eit overtent hus samtidig som brannvesenet. Stormen tek tak i eldtungene. Piskar dei opp i lufta saman med rusk frå bakken. Slepp dei ned på nabohus.

23:13 Politiets innsatsleiar på staden. Tre hus i brann. Spredningsfare.

Hjelpekorpsveteran Frantz Henriksen kjem til staden. Han og Øyvind får beskjed om å

Det brenn i dei stupbratte fjella som omkransar Lærdal. Lærdalsøyri ser ut til å vere i full flamme. Vindkulene riv med seg gneister og lause gjenstander og hiv dei vilkårleg rundt øyra. Ein sterk, jamn dur dekker det heile. Det blinkar i blålys over alt når naboane frå Aurland Røde Kors kjem fram ein time etter at brannen starta. Heile sentrum må evakuerast. Brannen er ute av kontroll. Arne Løland, aktiv hjelpekorpsar sidan 1962, står nær brannfronten, ved trekyrkja, med eit sambandssett. Han er bindeleddet mellom politi og mannskap frå Aurland Røde Kors, i samarbeid med operativ leiar Trygve Skjedal. Han står og ser inn i eit flammehav. Han veit at mannskapet som skal evakuere sentrum ikkje har verneutstyr.

Dei har plastvestar og plastjakker. Han vurderer fleire gonger å kalle dei ut att. Snakkar med dei på radioen for å få status. Han kjenner mannskapet, det er ikkje prega av dumdristigheit.

00:32 straumlaust i Lærdal

Lysne, Henriksen og seks andre hjelpekorpsarar frå Lærdal er på eit område ved brannstasjonen, teknisk etat, Røde Kors depotet og Telenor sin infrastruktur. Brannen nærmar seg frå alle kantar. Brannvesenet gjev dei tilgang til 200 brannslukkingsapparat. Dei veit kva som er oppgåva.

00:32 Varsla Hafslo RKHj 00:34 Varsla Sogndal RKHj 00:37 Varsla Luster RKHj 00:43 Varsla dagleg leiar Sogn og Fjordane Røde Kors 00:49 Varsla Leikanger RKHj

Medan hjelpekorps, brannvesen, politi og sivilforsvar frå heile Sogn rullar inn i Lærdal


Frantz Henriksen, Øyvind Lysne og resten av Hjelpekorpset i Lærdal heldt flammane vekke blant anna med desse brannslukkingsapparata. Arne Løland, Aurland Hjelpekorps, opplevde det som å vere i eit inferno, og var redd for at det skulle gå gale med mannskapet.

25 2014

for å hjelpe, befinn det seg åtte hjelpekorpsarar i kjernen av brannen. Oppdraget er å «sette guard». Med brannslukkingsapparat mot tidenes storbrann. Frå lufta kjem det dalane eldkuler på størrelse frå snøfiller til tennisballar. Det er restar vinden røskar med seg frå andre branntomter. Det fatnar over alt. I graset, i kjerr, i stakittgjerde, i rot som ligg mellom lagra pallar, i vedstablar, i ei gamal tømmerløe. I bøndene sine rundballar som ligg attmed området. Sløkk eitt punkt, og to nye tek fyr. Øyvind Lysne leier gruppa. Med 360 graders brannfront går det av seg sjølv. Dei sterkaste held dei næraste flammane i sjakk, dei andre hentar inn nye brannslukkingsapparat. På bygningane nærast flammane, byrjar kvaen å trenge gjennom malinga på grunn av varmen. Vindauga sprekk. Først eitt lag. Så eitt lag. Det tredje laget held. Det bergar huset. Mellom denne veggen og flammane står hjelpekorpsarane med brannslukkingsapparat. Øvst på ein stige ved Røde Kors depot, held Henriksen ein vannslange med 30 cm trykk. Han spyler og held veggen kald medan gnistene fyk rundt. Hans eigen

Røde Kors vest og fleecejakke smeltar. Ut av flammehavet kjem ei glødande bølgeblekkplate flygande. Den havnar på bakken under Henriksen og blir kjølt ned av vanslangen. På nabotomta står Telenor sin basestasjon, med tårn, antenner og disk, eit hus fullt av kablar, aggregat og elektronisk utstyr. Det er nyttelaust. Svart, sviande røyk eltar ut og blandar seg med kaoset. Lysne kjenner på ansvaret for mannskapet sitt, tenkjer at dette er nesten som å sende folk i krigen. At det ikkje er forsvarleg. Berre der, i sitt hjørne av bygda, har dei åleine ein storbrann å ta seg av. Å trekke seg ut er ikkje tema. Adrenalinet held dei fryktlause. Dei forsvarar området på instinkt.

06:35 Bemanne distriktskontor for å kalle inn nye mannskap

Tidleg søndag morgon er brannen under kontroll. Deira skanse er ikkje lenger truga. Dei redda eige hus, teknisk etat og brannstasjonen frå å brenne ned. Nærare 200 tomme brannslukningsapparat ligg strødd rundt omkring. Lysne tek turen på sjukehuset. Der ser han at minst fem personar frå korpset får behandling. Ein må med luftambulanse til sjukehuset i Førde,

og ein til sjukehuset på Voss. Klea dei har på seg er øydelagde.

07:35 Varslar Hjelpekorpsa i Sunnfjord for avløysing

I løpet av brannatta deltek ulike Hjelpekorps og 50 mannskap i evakuering, mottak på sjukehus og evakuertsenter, psykososial støtte, vakthald ved sperra vegar og brannsløkking. Sogn og Fjordane samlar beredskapsleiinga og set for første gong stab for å koordinere personell og materiell som skal inn i katastrofeområdet. Dei neste to dagane er ytterlegare hundre hjelpekorpsarar med og hjelper politi og sivilforsvar å trygge området og hjelpe bebuarar inn i heimane for å hente eigendelar. 40 bygningar brenn ned. 600 innbyggarar vert evakuert. 450 personar blir undersøkt på sjukehus og 275 får behandling. Ingen liv går tapt.


kronikk Åsne Havnelid Generalsekretær i Røde Kors

Lær av Lærdal:

Samspillet reddet liv De Røde Kors-frivillige banket på dører, evakuerte folk og slukket brann under flammenes voldsomme herjinger i Lærdal. Samvirket mellom redningsetatene; brann, politi, helse og de frivillige, bidro til å redde liv og minimere skade. Jeg håper flere kommuner inkluderer Røde Kors og andre lokale frivillige ressurser inn i sine kriseplaner for å sikre helhetlig beredskap.

26 2014

I større kriser og katastrofer er de første minuttene og timene avgjørende for å redde liv og minimere fysisk skade. Da gjelder det å ha nok hjelpemannskap tilgjengelig – som er handlekraftige og kjenner de lokale forholdene. De så vi igjen i Lærdal. Tett samspill på ulike nivå gjennom flere år har ført til at redningsetatene er beredt på avgjørende samvirke i utfordrende situasjoner og omgivelser. Lokalt Røde Kors var raskt på plass i Lærdal, så omfanget av katastrofen og behovet for ytterligere mannskap. På oppdrag fra politiet mobiliserte Røde Kors frivillige fra 16 kommuner i Sogn og Fjordane og fra to kommuner i Hordaland. Totalt var over 160 frivillige fra Røde Kors i sving gjennom akuttfasen brannatten og som støtteaktør i etterkant. I tillegg satt flere titalls omsorgsfrivillige fra Røde Kors klare til å stille opp, dersom Lærdal kommune hadde behov for dem. At Røde Kors lokalt kan stille så mange mannskap til rådighet på kort tid, er resultat av godt samspill over tid - internt og i forhold til samarbeidspartene i redningstjenesten. Politiet ga Røde Kors i oppdrag blant annet å evakuere beboere i Lærdal. Sammen med lokalbefolkningen og frivillige fra Norsk Folkehjelp, ble flere hundre personer evakuert ut samme natt. Dører ble banket på, folk ble hjulpet ut, dører ble banket på igjen, og noen dører måtte brytes opp. Noen beboere ble sendt til sykehus, andre til evakueringssentre. Så en ny runde for å sikre at alle husene i faresonen faktisk sto tomme. Samtidig som frivillige gikk fra hus til hus, trampet de ned småbranner som oppstod i

gnistregnet. Frivillige fra Lærdal Røde Kors deltok også i heroisk brannslukkingsarbeid for å redde brannstasjonen, teknisk etat og Røde Kors-huset. På evakueringssentrene var frivillige fra Røde Kors ansvarlig for inn- og utregistrering. På aldershjemmet satt de vakt og forberedte evakuering, og de sto vakt i gatene brannatten og påfølgende natt. Som brannvakter ivaretok de frivillige også omsorgsfunksjoner. Mange fortvilede og redde beboere trengte støtte og noen å prate med.

En kommunal beredskapsplan for en storbrann, i kombinasjon med sterk vind og full svikt i alle kommunikasjonslinjer og strømforsyning, fantes naturlig nok ikke i Lærdal. Ingen kunne ha forutsett en slik katastrofe. Men; kommunen hadde en nylig oppdatert beredskapsplan og den ble fulgt. Røde Kors har i flere år vært en naturlig del av denne planen. I Lærdal har Røde Kors også vært representert i kommunens beredskapsråd og kriseledelse i flere år. Tilsvarende var tilfelle i Stryn i forkant av uværet Dagmar; kommunen og Røde Kors hadde planer for samspill i en krisesituasjon.

Innsats fra politi, brannvesen, helseforetak, Lærdal kommune, Fylkesmann, nabokommuner, Sivilforsvaret, Heimevernet, lokalbefolkningen og frivillige fra Norsk Folkehjelp og Røde Kors bidro til å avgrense virkningene av brannen i Lærdal. At samspillet fungerer mellom de ulike aktørene i slike situasjoner, avhenger av god dialog og samhandling i hverdagen – før det utenkelige inntreffer.

Jeg håper at flere kommuner lærer av Lærdal og andre kommuner som inkluderer Røde Kors og frivillige ressurser i sine beredskapsplaner. Når det utenkelige først skjer, ser vi effekten av nært samspill og øvinger for å sikre en helhetlig lokal beredskap. Parallelt skal vi i Røde Kors evaluere vår egen innsats og samspillet i Lærdal-aksjonen. Slik kan vi sammen stå enda sterkere rustet ved neste aksjon.


Gerd Stave (Aurland Røde Kors) lurer på korleis Gunnar Skahjem (også Aurland) opplevde å høyre «den syngande søstra» på fangeskipet Donau under leiarkurs i ettersamtale.

Den nødvendige samtala Når du som hjelpar har vore vitne til det verste som kan skje med menneske, kan det godt vere du sjølv treng hjelp. – Kva var det som skjedde? Spør Gerd Stave frå Aurland Røde Kors. Ho prøver å halde blikket på ein av deltakarane i gruppa som del av kurset «Ettersamtale». Kurset er på tre timar, og skal gje lokale leiarar ein reiskap til å følgje opp frivillige som har deltatt i særleg krevjande hendingar. Deltakarane i gruppa ho skal ha ein «ettersamtale» med, har sett ein film om ein norsk jøde som vart deportert med skipet Donau til Auschwitz. Filmen skal tene som den opplevinga ettersamtala dreier seg om.

Hugsar med sansane

– Kva lydar hugsar du? Spør Stave. Metoden er enkel på den måten at det krevst lite opplæring i å gjennomføre ei slik samtale. Den bygger likevel på forskingsbaserte metodar utvikla i psykiatri og kognitiv psykologi av Soscon, Institutt for krisehåndtering. Å stille spørsmål om sanseinntrykk vil ofte hente fram enno

meir inntrykk frå hendinga, og vil nærme seg det som kan ha fått seg ein smell: kjenslene. – Kvar gong samtaleleiar stiller spørsmål om til dømes lyd, lukt eller andre sanseinntrykk, kjem det fram nye ting. Sjølv om ein startar med ein grunding rekonstruksjon, gjev sansehukommelsen ny innsikt. Vi ser at det er stor kraft i dei rette spørsmåla, seier kurshaldar Hans Ole Andenæs frå Gloppen Røde Kors.

22. juli synte behovet

Stor kraft er føremålet. Det var 22. juli som gjorde trangen for å ha slike oppfølgingssamtaler meir aktuell. Under slike omstende er det viktig å komme inn til kjerna i det dei frivillige har opplevd. Ei samtale gjev den enkelte hjelp til å bearbeide sterke inntrykk, og denne bearbeidinga er med å førebygge etterverknader. Dessutan får leiar avklart om det går bra, eller gje tilbod om vidare oppfølging. No får

alle leiarar i Røde Kors tilbod om opplæring som samtaleleiar.

tøffaste av alt

– Kva var det tøffaste? spør Stave. Ho har komt til punktet i ettersamtalen der det er på tide å sikre at deltakarane får snakke om det mest krevjande. Stave konsentrerer seg. Føl med på kroppsspråket til deltakarane. Gjev ordet ved hjelp av auge- eller handrørsler. Er klar til å følge opp kvar minste spore av kjensler. – Ved å stille opne oppfølgingsspørsmål , som «kva gjer det med deg?» «kan du sei noko meir om det?», «kva tenkjer du då?», lagar du rom for ærlege svar. Med ein god rekonstruksjon av hendinga, konkrete spørsmål om sanseopplevingar, og ei forståing av kva sårbarheit som treng oppnøsting, vil du lykkast med ei ettersamtale. Bearbeiding og førebygging for deltakar, og avsjekk om stoda for leiar, seier Andenæs.

27 2014


Vil starte hjarter i heile fylket 16 nye hjartestartarinstruktørar frå Røde Kors er klare til å drive opplæring i heile fylket. – Det finst veldig mange hjartestartarar der ute. Då er det viktig at folk kan å bruke dei. Desse nye instruktørane skal gje opplæring til alle hjelpekorpsarane våre, men også publikum generelt, seier operativ leiar Margrethe Skåden i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps. Ho har opplæringsansvar for over 300 hjelpekorpsarar i heile fylket. – Vi fekk eit par forslag til kva vi kunne støtte i Røde Kors. Då falt vi ned på opplæring av hjartestartarinstruktørar. Vi har sett, lest og høyrt at det reddar liv, så det vil vi svært gjerne vere med på, forklarar Birger O. Nedberge frå marknadsavdelinga i Sparebanken vest. – Og når det gjeld hjartestartarar vil vi gjerne vere med vidare og, seier Nedberge, før han sjølv blir dratt igang med grunnleggande hjarte-lunge-redning av hovedinstrutkør Arnt Richard Alvestad i Norsk Resuscitasjonsråd. Nedberge øver seg på ei dukke med sensorar som syner akkurat kor effektive kompresjonar og innblåsingar han tek. Etter tre minutt er dommen klar. – Du fekk 53 prosent. Det vikrar kanskje ikkje så mykje, men det syner at det er langt betre å gjere noko enn ingen ting, sjølv om ein ikkje kjenner seg som ekspert, seier Alvestad. Han set i gong kursdeltakarane. Dei held albo-

gane strake over brystbeinet på sine øvingsdukker, legg underste handbak nedanfor brystbeinet og legg vekta på 30 gonger. Vippar hovudet lett bakover for å få frie luftvegar og tek to innblåsingar gjennom ei pustemaske. Igjen og igjen. Nokre vert andpustne og sveitte. Det er krevjande å redde liv. Med ein hjartestartar får ein i tillegg straum til å hjelpe til med gjenoppliving. Straum gjennom hjartet kan utløyse ein reaksjon slik at det startar att. Tidleg hjarte-lunge-redning og tidleg defibrillering er avgjerande for å lykkast. Deltakarane fjernar dekket på elektrodane og festar ein på kvar side av hjartet; oppå brystkassen på ein på sida – Støyt avlevert. Start HLR, seier stemma frå den vesle gule boksen. Ein halvautomatisk hjartestartar måler om det er noko blodsirkulasjon. Om pasienten ikkje har puls, gjev maskina beskjed om å trykke på den store raude knappen, setje på straum. Medan maskina ladar seg opp att, må ein halde fram med manuell hjarte-lunge-redning, dersom ikkje pasienten får att pulsen. – Denne gir same støyt som ein ambulanse, men ambulansen har i tillegg medikament som kan brukast. Så ein må berre halde på til ambulansen kjem, seier Arnt Richard Alvestad.

Sven Erik Lillehauge og Alexander Gjermundstad frå Vadheim Røde Kors trenar med hjartestartar. Operativ leiar Margrethe Skåden i Sogn og Fjordane Røde Kors hjelpekorps tek imot 100.000 kroner til hjartestartaropplæring av Birger Nedberge frå Sparebanken Vest. «Trykk på knappen og hald avstand frå pasienten». Hjartestartaren sender straum til hjartet.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.