Turmagasinet 2015

Page 1

INFORMASJONSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE • 9. ÅRGANG

Sogn og Fjordane Turlag

2015


SOLUND

Urørt, vilt og vakkert Kysten av Sogn og Fjordane er verkeleg verd ei opplevingsreise! Som Helgelandskysten og Lofoten er øyane mot Nordsjøen noko av det mest spanande ein finn av kystlandskap i Noreg. Solund er i særklasse i dette selskapet.

Pollatinden, 541 moh., byr på eineståande utsikt i alle himmelretningar. Lett tilgjengeleg frå Pollen aust om Hardbakke. I denne høgda kan ein skode langt. Værlandet, Bulandet og Alden. Austover mot Krakhellenipa, Lihesten og nordover mot dei høge fjella i Ytre Sunnfjord. Tek ein seg nordover ryggen, kjem ein til Fonnaheia. Vidare kan ein ta seg ned mot Drengeneset med godt utsyn til øyane i Nord-Sula med Ospa heilt i nordvest. Krakhellenipa er med sine 569 moh. den høgste toppen i Solund. Ein variert tur mellom høge bergknausar og sildrande elvar. Utsynet er særleg flott sørover mot Sognesjøen og Gulen. KAJAKKTUR MELLOM LYNGKLEDDE BERGRABBAR Ein kan knapt finne eit meir spanande landskap å utforske i kajakk enn nettopp Solund. Skjerma sund, urørde øyar og elvar som kastar seg ut over steile fjellet. Med Råkeneset DNT- hytte som utgangspunkt er turmåla mange. Nordover Råkesundet kan ein skode karakteristiske Hågøy og øylandskapet mot Drengenes. Vestover krys-

2

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

sar ein sør om Lågøyna og ut i Lågøystraumen. Med stille sjø og ikkje for mange sekundmeter vind er Lågøystolen eit fantastisk flott turmål. Alden og Gåsvær nordvest i havet her midt i Lågøyfjorden. Tidvis kan det vere stor sjø inn mot dei monumentale steinformasjonane. Er himmelen høg og vêret godt, legg ein gjerne turen attende til Råkeneset via øyane Oldra og Oddekalven. Små grender i ly for storhavet. Før vi kryssar aust til Litleferøyna, er det strandhogg på handelsstaden Indreøy. Med praktfull utsikt til Pollatinden og fjellmassivet mot Fonnaheia går turen lett over Stokkevågosen. Litlefærøyna fer vi ikkje forbi utan å helse på gode vener. Solvikja møter oss ofte med låg kveldssol mot stovehuset i Råkeneset. «VESTOM» Er sommardagen varm og vinden linn, er turen langs dei ytste saltvaska berga særs opplevingsrik. Etter å ha kryssa Ytre Steinsund med Storøy på styrbord, kjem Utværfyren til syne langt ut i havet. Ope hav, dønningar som gjev løft. Opp og ned. Ein kjenner seg liten i dette store eventyret.


Kajakksamling i Solund! Turalternativa er mange og blir tilpassa dei som deltek og vêret. Foto: Marino J. Ask Alltid kjekt på felles kajakktur! Siste helgene i mai blir det kysttur og siste helga i august er det kajakktur. Begge turane med overnatting på Råkeneset. Foto: Marino J. Ask

Himmelen er høg denne augustdagen vi glir inn Storsundet og tek matstogg ved Laksehytta. Storsundet ligg om lag midt mellom Storøy og Kolgrov. Ein kan dermed og ta turen sør til Kolgrov. Vi nyttar god bør frå fløande sjø nordover. Salt, varm sjø. Ei høveleg flu byr oss opp til surfemoro. I le av undervasskjeret kjem snart den rette bølgja. Padle, padle, padle!! Kjappe tak må til før ein fyk av garde og vert skubba fram av bølgjekrafta. OVERNATTING PÅ RÅKENESET: 30-31. mai arrangerer Luster Turlag og Sogndal Turlag felles kysttur til Solund. Då blir det fotturar og eventuelt kajakktur for dei som ynskjer det. 28-30. august går den tradisjonelle kajakkturen til Sogndal Turlag til Solund. Turmålet vert alltid lagt opp etter vêr og vind. Alminneleg padleerfaring og rett tryggleiksutstyr må til for å delta. Nytt høve til å utforske eit fantastisk kystlandskap.

Eineståande utsikt i alle himmelretningar!

Marino J. Ask

Marino sine kajakktips: Kajakk rigga for tur har spruttrekk, god åre, årepute, pumpe (helst fastmontert), funksjonell flytevest, våtdrakt eller tørrdrakt , neoprenhanskar og -sko, solbriller m/snor, kart og kompass, slepesnor, høvelege klede under tørrdrakta, førstehjelpsutstyr, varme klede og nødbivuakk i tørrbag (mobilen legg du her). Varm drikke og mat må alltid vere med. Har du planar om å kjøpe kajakk, så prøv alltid fleire typar. Få tips av erfarne kajakkpadlarar. Tenk kvalitet, sjødyktig farkost og stabilitet. På vestlandskysten vil oftast ein god havkajakk høve best. Tren kameratredning og avslutt gjerne ein kajakktur med redningsøving. Gjer deg kjend med din reaksjon på å kvelve kajakken i kaldt vatn. Tenk tryggleik om du skal krysse over sund eller fjordar. Finn deg ein eller helst fleire turkameratar.

Friluftsliv for liten og for stor Natur og friluftsliv byggjer identitet og framtid for Sogn og Fjordane Friluftsliv er ein del av vår felles identitet i Sogn og Fjordane. For mange av oss ligg det i vår natur å ta seg til topps på ski eller til fots, klive ei spanande klatrerute eller padle rundt våre vestlegaste skjer. Og naturen tiltrekker seg folk: «Pudderpendlar» var å lese på nettnytt i vinter. Toppturglade austlendingar skipendlar til Indre Sogn gjennom vinteren. Andre busett seg her for å drive friluftsliv av «ypparste klasse». I turlaget marknadsførar vi turar til t.d. Lodalskåpa og Hornelen som «naturopplevingar for livet». Vi har ein felles (kul)turarv å vidareføre – i fylket med det størst naturmangfaldet i landet. SATSAR STERKARE PÅ DNT UNG Sogn og Fjordane Turlag med sine 14 lokale turlag og 26 Barnas Turlag arrangerer mange turar for born rundt om i alle kommunane. For dei som er litt eldre er vi no godt i gang med eit samarbeid med fylkeskommunen om eit naturleg aktivitetstilbod. Gjennom DNT ung vil vi styrke turtilbod tilpassa aldersgruppa 13-18 år. Med utgangspunkt i lokal friluftstradisjon vil det kome eit større tilbod som toppturar på ski, kiting, klatring, bøgjesurfing og kajakkpadling. Til det treng vi fleire unge turleiarar og ivrige foreldre. Ta gjerne kontakt med ditt lokale turlag viss du vil bidra. Born, unge og barnefamiliar er hovudmålgruppe i Friluftslivets År 2015. Friluftsliv må òg lærast. Kva er då meir naturleg enn at eit krafttak for å få enno fleire unge ut på tur. I 2015- utgåva av Turmagasinet finn du flott døme på ungdommeleg friluftsliv! La deg inspirere til ein naturleg aktiv kvardag. God tur, liten og stor ut i vårt vakre fjell- og kystlandskap! Marino J. Ask -leiar-

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

3


#DNTUNG PAKKELISTE

For sommar i fjellet med overnatting på hytte: KLEDE OG SKO: l Fjellsko og gjerne gamasjar l Regntøy (jakke og bukse), tynn vindjakke og turbukse l Fleecejakke eller tynn varmejakke l Sokkar med mykje ull + ekstra skift l Shorts og T-skjorte (ull/kunstfiber) l Lue l Ullvottar

Maria og Ingrid Kalhagen i DNT ung i Luster viser litt av kleda og utstyret ein treng å ha med seg på sommarstur i fjellet når ein skal ligge over på DNT-hytte. Foto: Anne Rudsengen

l Lette innesko (sandalar eller crox) og inneklede UTSTYR: l Litt toalettpapir i pose

Hytte til hytte

l Toalettsaker (berre det mest nødvendige) og ein liten handduk l Myggmiddel/myggnett l Mat/snop for dagen og drikkeflaske/termos

Sognefjellshytta–Skogadalsbøen–Vetti 22.–23. august

l Kart og kompass

DNT ung i Luster, Sogndal og Indre Sunnfjord inviterer på hyttetur! Til Skogadalsbøen, som er ei betent DNT-hytte i Jotunheimen. Dit går det ikkje bilveg. Dit må du gå!

l Solbriller og solkrem

For å gjere turen litt enklare, startar ein på Sognefjellet, slik at første dagen blir utan stigning, berre bortover og nedover på god sti. Til saman ca. fem timar. Det du treng av klede og personlege saker i to dagar, må du bere med deg i ryggsekk. Men det treng ikkje bli tungt! På DNT-hytta er det senger og dyner, så du treng berre ein lakenpose. Det er mogleg å tørke klede og sko, og det er mogleg å dusje. Det blir servert middag og frukost, og ein smør seg nistepakke til andre dagen. På søndag går turen vidare frå Skogadalsbøen, også då mest nedoverbakke. Men første del av dagen går slakt oppover, i alt ca. 400 høgdemeter. Frå kring 1250 moh. går stien nedover, forbi toppen av Vettisfossen og ut Utladalen og ned til parkeringsplassen på Hjelle, som ligg på ca. 100 moh. Turen startar med buss frå skysstasjonen i Sogndal laurdag kl. 8:30, og turdeltakarane blir henta på Hjelle i Utladalen søndag ettermiddag/kveld. Meir informasjon og påmelding innan 20. august til Ung SFT, Espen Bruun, 995 10 666, eller e-post: dntungsft@ yahoo.no. Utgifter til mat og overnatting på Skogadalsbøen blir på ca. 450 kr for ungdomsmedlemer i DNT.

4

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

l Førstehjelpssaker med gnagsårplaster og sportstape l Fyrstikker/lighter l Liten kniv l Vasstett pose som passar til sekken, eventuelt regntrekk som passar utanpå sekken l Lita hovudlykt/lommelykt l DNT-nøkkel l Pengar/kort

DNT ung på Skogadalsbøen!

Foto: Thea Røhme

l Mobil og ladar l Ryggsekk, passeleg stor l Lakenpose (ev. lett sovepose)

SÅ KVA TRENG EIN DÅ Å HA MED SEG? Maria og Ingrid Kalhagen i DNT ung i Luster og viser kva som er viktig å ha med på ein slik overnattingstur. For sjølv om det er sommar, kan det vere kaldt i fjellet. Stillongs og ulltrøye er difor viktig å ha med seg eller på seg, slik Maria viser. Det kan bli ufyseleg vêr, og Ingrid viser at det er naudsynt å ha ei god jakke og bukse som toler vind og regn. I tillegg må lue og vottar vere med på turen også om sommaren.

l Proviant viss du skal besøkje ubetent hytte


HEDDA HY T T E R

EIT STEG NÆRARE DRAUMEHYTTA

NÆRARE NATUREN – Det finnast ikkje nokon betre stad å slappe av, eller koma til hektene etter ei travel veke, enn på ei hytte som fungerer i nærkontakt med naturen. Vi vil at hyttene våre skal kjennast så naturnære som mogleg. Det handlar mellom anna om tomta, dei låge ytter­ veggene og dei store vindusflatene.

Du kan få prøvebu visningshytta vår i Hodlekve i Sogndal. Sjå nettstaden vår for fleire opplysningar, eller kontakt oss. Helge: 90845496 — helge@hedda.no Beate: 99037485 — beate@hedda.no

NÆRARE DEG – Det er ikkje lang veg for deg til ei ekte Hedda­hytte. Ei hytte der kropp og sjel kan få påfyll. Der familie og nære vener kan koma enda litt nærare kvarandre. Vi utviklar gjerne teikningar særskild for deg og tomta di. Vi byggjer hytter ved fjorden og fjøra, og i fjellheimen.

TELEFON. + (47) 6134 9780

GOD H E LG

EMAIL. OFFICE@HEDDA.NO

WWW.HEDDA.NO

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

5


F

Friluftshelg i Sogn og Fjordane

SONGEN VED DET STORE DJUP

20.–21. juni 2015

30. & 31. mai Turen til Kinn og teateret ved havet er ei oppleving du sjeldan finn maken til! Kinnaspelet vert framført på øya Kinn vest for Florø, i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, musikarar og over 170 amatørar. I hovudrollene: Oda Alisøy, Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård, Randolf Valderhaug og Peter Førde. Regi: Miriam Prestøy Lie.

Hald av helga

SAGA FJORDBASE AS FLORA KOMMUNE

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Nytt!

Open kyrkje på Kinn. Middags- og kveldsbøn. Heile juli, kvar dag.

• Ungdomsturar 30. – 31. mai • Familiearrangement 31. mai • Sjekk Facebook for meir info: Friluftshelg i Sogn og Fjordane

Guida turar til Kinn

Frå kystbyen Florø seglar lokalbåten mellom øyar og skjer ut til sagaøya Kinn. Guiden møtar deg på kaia og tek deg med på ei stemningsfull vandring til middelalderkyrkja. Det er ikkje mange norske kyrkjer som ligg vakrare til enn steinkyrkja på Kinn. Turen til kyrkja tek om lag 40 minutt i roleg gange langs ein vel 1 km lang grusveg. Undervegs får du mellom anna høyre om dei store sildefiskeria ved Kinn. I kyrkja, som er ei av dei eldste i landet, får du ei spesiell stemningsoppleving. Omvisinga er ei tidsreise der ein får høyre om kyrkja si utvikling, frå 1100-talet og fram til i dag. Det er mogleg å sjå seg om på øya på eiga hand etter omvisinga. Ein tur opp Kinnaklova, det karakteristiske fjellet og kjente seglingsmerket, er ei flott oppleving. Ein kan overnatte på turlagshytta på øya. Turen går frå 23.juni - 16. august tys-fre og sundag. Bestill billettar på www.fjordkysten.no Billettprisar:

Friluftsorganisasjonane i Sogn og Fjordane

6

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

Vaksne: Studentar: Barn : Familie: (2v+2b):

360.240,200,750,-

I Juli månad er det vertskap og kveldsbøn i kyrkja på Kinn.

NATVIK, FLORØ

MEIR ENN TEATER Kinnaspelopplevinga startar med ei vakker båtreise gjennom DIREKTEBÅT BERGEN – KINN TIL PREMIEREN LAURDAG 20. JUNI skjergarden til Kinn. I tillegg til teater kan du gå turar i storslått, vakker natur, sjå kunstAvreise Strandkaiterminalen, Bergen kl. 08.00. Tilbake i Bergen ca. kl. 19.30. utstillingar, høyre konsert i kyrkja og få omvisning der. Du kan delta på kveldsbøn og på Stoppar etter avtale i Nordhordland og Ytre Sogn. Opplev ei reise gjennom strålande søndagsgudsteneste. Berre å kose seg med mat og drikke, og treffe folk, er ein viktig del av kystnatur med ein av NORLED sine hurtigbåtar, og ei gripande teaterframsyning. Kinnaspelopplevinga. Pris for reise og teater kr. 1.200. Teater og båt frå Florø PRISAR Støtta av: Kjøp billettar på Vaksne 475 / 400 www.kinnaspelet.no Honnør 400 Her finn du program og og Spelfondet Barn (7–16) 200 meir om spelet! Barn (0–6) 100 Grupper (min. 10) 400 For spørsmål, kontakt (Raude prisar er til 2. framsyning) tlf. 57 75 25 30 kinnaspelet@gmail.com


FLORA TURLAG

ÅRDAL TURLAG

Opplev Kinn

Ettermiddagstur til Kinn Tysdag 17. juli I havgapet vest for Florø ligg den grøne, graskledde øya Kinn med si vakre middelalderkyrkje, spektakulære natur og spanande historie: Øya fasinerer alle som tek turen hit.

På toppen av Søre Stauren – rett opp frå Kinnaklova. Luftig og flott utsikt. Foto: Sara Marie Ytreøy.

Flora Turlag Leiar SIV MERETE STADHEIM, Båtevika 35, 6900 Florø E-post: floraturlag@gmail.com Tlf. 900 24 795

Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Noreg under store delar av 1800-talet. På det meste budde om lag 15 000 menneske på Kinn og i øyane omkring i sildesesongen. I dag er det berre tre fastbuande på øya. Tredje helga i juni lokkar Kinnaspelet fleire tusen menneske til Kinn for å oppleve dette historiske spelet. Naturen, nærleiken til storhavet og den vakre steinkyrkja er med på å danne ei unik ramme rundt teateropplevinga. I år vert Kinnaspelet arrangert 20.–21. juni. Få norske kyrkjer ligg vakrare til enn steinkyrkja på Kinn. Ho har vore i bruk sidan 1100-talet. Nytt i år er eit vertskap i kyrkja som vil halde middags- og kveldsbøn i kyrkja i heile juli. Frå 23. juni til 16. august er det guida turar til Kinn, med start i Florø, og til sommaren vert det lansert ein gratis tur-app for Kinn. Historielaget i Florø har registrert og merkt viktige kulturminne på øya. Kinn er berre 2,5 km2 stor, men byr på eit flott turterreng. Det er merkt turløype over Høyskaret og rundt heile øya. Det går sti opp i Kinnaklova og vidare bratt opp på Søre Stauren: ein flott og luftig tur! Ein kjem enkelt til Kinn med rutebåt som går frå Florø fleire gonger dagleg. Flora Turlag driv no den gamle skulebygningen på Kinn som ubetent hytte. Bygningen er låst med standard DNT-nøkkel, og her er fullt utstyrt kjøkken, dusj og toalett og til saman ni sengeplassar. Kinn er siste stoppen på turen «Øyane over», som i år vert arrangert 31. mai.

Turen gir ei flott utsikt mot Hurrungane!

Laurdag 27. juni

Grauttur til Avdalen med ny vri! Tradisjonen tru går Årdal Turlag sin grauttur i samband med Fjøsblues i Avdalen 27. juni. I år prøver me oss på ei ny rute via Støls- og topptrimposten på Bergastølen. Turen går frå Tronteigen i Utladalen, bratt opp til tuftene på Bergastølen (ca. 1000 moh.). Vidare går me rundt Botnanosi og ned på stølen Gravdalen (ca. 840 moh.). Dersom vêret tillet det, er det på vegen flott utsikt mot Øvre Årdal, Utladalen og Hurrungane. Frå Gravdalen fylgjer me stien ned til Avdalen gard (380 moh.), der det som vanleg vert servert graut. Fjellgarden Avdalen ligg flott til like ved Avdalsfossen i Utladalen. Garden er fint restaurert, både med hus og kulturlandskap. Seinare på kvelden vert Fjøsblues arrangert her, og dei som ynskjer det kan vere att og få med seg denne hendinga. Me andre ruslar ned att på god sti frå Avdalen til Vettisvegen og avsluttar turen på Hjelle. Dette er ein noko tung tur som me reknar med å bruka 6–7 timar på. For påmelding og meir informasjon, ta kontakt med turleiar Anders Lindborg (902 33 721) innan torsdag 25/6 2015 kl. 22.00.

Årdal Turlag Leiar KRISTIN HESTETUN Farnesvegen 48 A, 6884 Øvre Årdal. Tlf. 957 90 165 E-post: aat@ardalturlag.no Det klassiske bildet frå Kinn med kyrkja og Kinnaklova i bakgrunnen. Ikkje rart folk lèt seg fasinere! Foto: Gry Seim

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

7


FRILUFTSLIVETS ÅR 2015

Nytt i år:

Friluftsskule på kysten Fotballskule er eit innarbeid tilbod som mange born bruker ei veke av sommarferien på. I fjor starta Friluftsskule opp som eit tilbod – etter same mal som Fotballskulen. Solund er den første og einaste staden i fylket som kjem med eit slik tilbod til sommaren. – Det er i samband med Friluftslivets år vi får høve til å dra i gang Friluftsskule i Solund, fortel Tor Arne Hauge. Han er initiativtakar til tilbodet som Ytre Sogn Turlag (YST) står bak. – Dette er eit vekestilbod, frå måndag til fredag, for born og unge i alderen 8–12 år, fortel han. YST har to aktive Barnas Turlag, og dei ynskjer å gje born fleire friluftslivstilbod og aktivitetar når dei veks opp. Friluftsskulen er eitt av desse tiltaka. – Vi har ein flott kystnatur som vi håpar born og unge vil lære å bruke og meistre, legg Tor Arne til. Med seg på laget har dei kompetanse og tyngde i Norsk Kystkulturakademi og Roar Moe på Litlefærøyna. Dei har arrangert sommarskule i mange år og har erfaring med kva som fungerer bra. – Det blir kajakkpadling, fjelltur, roing

8

27.–31. juli

og fisking, og mat frå sjøen og diverse anna friluftsliv blir fletta inn i opplegget, fortel Tor Arne. Han legg til at fleire vaksne blir med for å ta seg av tryggleiken. Friluftsskulen vert eit dagtilbod tilpassa ferje og skyssbåtar frå nabokommunane. Målgruppa er difor ikkje berre born og ungdom frå Solund og Gulen, men også frå nabokommunane Hyllestad, Askvoll og Fjaler. Det kan òg vere aktuelt for born og unge som er i Solund på ferie å vere med, legg Tor Arne til.

Solund ligg godt til rette for gode aktivitetar og læring knytt til kysten og sjøen. Foto. Tor Arne Hauge

Siste natta blir det overnatting i telt.

FRILUFTSSKULEN: Tidspunkt: 27.–31. juli Pris: 1000 kroner Stad: Solund Informasjon og påmelding: Norsk Kystkulturakademi v/Roar Moe Tlf. 57 78 69 53 / 992 33 857 roar@roarmoe.com

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

Kystlednaustet på Littleferøyna er eit godt utgangspunkt for padling. Foto: Tor Arne Hauge

Kunnskap om kystkultur står sentralt når Ytre Sogn Turlag dreg i gang Friluftsskule til sommaren. Trebåtar er ein viktig del av denne kulturen. Foto: Tor Arne Hauge


VIK TURLAG

LÆRDAL TURLAG Laurdag 25. juli

Dyrhaugstindane i Jotunheimen

Langs dei veglause strendene mellom Ortnevik og Vollaviki er det mykje interessant kulturhistorie og kulturlandskap å få med seg.

Foto: Knut Rydgren.

Langs veglause strender På sørsida av Sognefjorden finn vi veglause strender, der våren kjem tidleg. Går du strekninga Ortnevik–Vollaviki, syner kartet ca. 11 km. Dette er ikkje ein tur for tidsrekord, du bør rekna tre timar til å gå og minst ein time til å sjå, og legg du til ein matpause eller to, så er halve dagen brukt.

tek til. Mellom Vetlesand og Stavedal er det to elvar. Over Gila går du turrskodd over brua, men over Skredbakka må du vassa dersom du ikkje er ekstra sprek og hoppar på steinane. Fjord1 trafikkerer strekninga med hurtigbåten Tansøy, tlf. 41536317. Vil du bruka ekstra god tid, og studera landskapet detaljert, kan du overnatta i skulehuset på Sylvarnes.

Laurdag 25.juli arrangerer Lærdal Turlag fellestur frå Turtagrø, opp Dyrhaugsryggen til Store Dyrhaugstind, 2147 moh. Det er frammøte og avreise frå Rådhuset i Lærdal kl. 09:00. Transport i privatbilar. Viss nokon vil møte på Turtagrø ber vi om at dei melder frå til turleiar på førehand. Turen til Store Dyrhaugstind er lang men ein kjempeflott topptur som du ikkje bør gå glipp av. Vi startar ved Turtagrø, går stien inn mot Skagadalsbotn, før vi skrår over mot Nedre Dyrhaug. Her blir det rast før turen går vidare opp til Øvre Dyrhaug. Vidare går turen i ur heile ryggen opp til det flatar ut på eit platå på vel 2100 moh. Dei som vil kan vere med å gå ut på tindane. Dette er litt luftig, så det får kvar enkelt finne ut om dei ønskjer. Totalt tek turen ca. 10 timar med pausar. Turen er krevjande og krev at ein er noko trena. Turleiar er Trond Øyen Einemo, 916 20 086.

Her ser ein delar av den luftige ryggen som ein må gå for å kome ut til Store Dyrhaugstind, 2147 moh.

Det meste er gangsti i terrenget, nokre parti oppmura og kultiverte for hest og kjerre, og mellom Sylvarnes Kai og Hanekam kan det køyrast med traktor. Har det ikkje regna på ei stund, kan du koma turrføtt frå det med lette sko. Stort sett flat veg, men noko opp og ned til Alrek og Hanekam. Du passerer nedlagde og fråflytte tun, men også velstelte gardsbruk der du kan slå av ein prat med dei fastbuande. Frå Ortnevik Kai må du ein sving opp i bygda, over brua og ut att langs fjorden, før sjølve stien

Foto: Trond Øyen Einemo.

Lærdal Turlag

Vik Turlag Leiar KAREN WEICHERT Postboks 62, 6891 Vik i Sogn E-post: vikturlag@hotmail.com Tlf. 905 34 102.

Leiar TROND ØYEN EINEMO Einemo 14, 6887 Lærdal E-post: Trond@einemo.no Tlf. 916 20 086.

stort

Vi har utval av bruktbilar kan av lønebruktbilar seg å ta turen innom oss! Vi har stort– det utval - det kan løne segTa å kontakt ta turen innom og fortell ossoss! kva du er ute etter.

Ta kontakt og fortell oss kva du er ute etter.

Førde Halbrendsøyra, 6800 Førde Tlf. 57 82 99 00 www.opusas.no

Sogndal Granden 23, 6856 Sogndal Tlf. 57 62 57 57 www.opusas.no

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

9


2015 2015 Klar for Klar for snømåking!

Start

snømåking!

Polaris Polaris brøytebrøyteskjærpakke skjærpakkeBEST I selges I selges fra fra

turen hos oss!

KLASSEN KLASSEN

Kr Kr 3.999,3.999,-

tilbod i butikken

Masiknvask

NYHETER 2015 Polaris er markedslederen og har 30 års erfaring av å NYHETER 2015 produsere firehjulinger, og hver eneste produserer vi for at den

skalPolaris være er best i sin klasse. Vioghar største av markedslederen harbransjens 30 års erfaring avutvalg å produsere firehjulinger, hver eneste produserer foratatdu den spesial utviklet tilbehør til og våre modeller. Alt handlerviom væreultimate best i sin klasse. Vi bransjens største skalskal få det verktøyet oghar hjelpemiddel til ditt utvalg behov. av utviklet tilbehør til våre modeller. handler om at Medspesial vårt patenterte dempersystem og ekteAltfirehjulsdrift fårdu få det ultimate og hjelpemiddel til ditt behov. du skal markedets beste ogverktøyet mest behagelige fremkommelighet. Med er vårt patenterte dempersystem og ekte firehjulsdrift Polaris klar for innsats. Vi måker snø, vi trekker tømmer,får du markedets beste og mest behagelige fremkommelighet. vi henter ut bytte etter jakta. Du bestemmer! Vi har også er klar for innsats. Vi måker snø, viAlle trekker tømmer, detPolaris beste forhandlernettverket i bransjen. står klar for vi henter etterditt jakta. Du bestemmer! har også å hjelpe deguttilbytte å dekke behov. Ta kontakt iVidag. det beste forhandlernettverket i bransjen. Alle står klar for å hjelpe deg til å dekke ditt behov. Ta kontakt i dag. Polaris ATV selges fra eks mva

55.920,55.920,- eks mva

69.900,- inkl mva. Omkostninger tilknyttet klargjøring og registrering kan tilkomme.

Polaris ATV selges fra

inn og utkøyring vask gar k og vask bilen din

69.900,- inkl mva. Omkostninger tilknyttet klargjøring og registrering kan tilkomme.

Nyhet! Nyhet ! Nyhet! Ny 570 570h EFI Ee FIt !

570 570 EFI EFI EPS EPS FOREST FOREST

570 570 EFI EF I EPS Emva. PS (94.875,FOREST FORE STmva.) 75.900,eks. inkl. 75.900,- eks. mva. (94.875,- inkl. mva.) RANGER 325 ETX RANGER 325 ETX

500 500 EFI EFI FOREST FOREST ACE 570 ACE 570

500 500 EFI Eeks. FI FOREST F ORE ST inkl. mva.) 63.900,mva. (79.875,63.900,- eks. mva. (79.875,- inkl. mva.) 500 DLX 500 EFI EFI FOREST FOREST D LX

500 DLX 500 EFI Eeks. FI FOREST F ORE ST D LX 67.900,mva. (84.875,inkl. mva.) 67.900,- eks. mva. (84.875,- inkl. mva.)

570 570 EFI EFI

VELG TR RYGT - VELG MARKEDSLEDEREN

Støvsugar VELG TR RYGT - VELG MARKEDSLEDEREN Gode tilbod i Sjølvvask butikkenMattevask VELG TRYGT - VELG MARKEDSLEDEREN SPORTSMAN XP 1000 FOREST SPORTSMAN XP 1000 FOREST

Førde Bil og Rekvisita • Tlf. 57 82 14 44

SPORTSMAN 570 UTE SPORTSMAN 570 UTE

SPORTSMAN 570 SP SPORTSMAN 570 SP

SPORTSMAN ETX SPORTSMAN ETX

VELG TRYGT - VELG MARKEDSLEDEREN Masiknvask

WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM//POLARISNORWAY WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM//POLARISNORWAY

Ett samarbete med Santander Consumer Bank

Ett samarbete med Santander Consumer Bank

Tren inne – bli betre ute!

Vi kan tilby:Vi har • Maskinvask a lokala utvid t mykje • Sjølvvask fåt og utkøyring åre otilg inn • Godvplass tyr! nytt uts • Gratis mattevask om • Gratis støvsugar Kom inn ! v bilen din • Stå under tak prøvask og og

Pb. 122 | 6781 STRYN | Tlf.: 578 72 000 Pb.578 12272 | 6781 | Tlf.: 578 72 000 Telefaks: 017 |STRYN jon@kveen.as | www.kveen.as Telefaks: 578 72 017 | jon@kveen.as | www.kveen.as

WWW.POLARISINDUSTRIES.NO WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM/POLARISNORWAY FACEBOOK .COM / POLARISNORWAY WWW.POLARISINDUSTRIES.NO WWW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM/POLARISNORWAY FACEBOOK .COM / POLARISNORWAY

Sjølvvask

Førde Bil og Rekvisita • Tlf. 57 82 14 44

Førdes største treningstilbod. Kom innom og få ein GRATIS prøvetime! www.spenstforde.no

10

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

Mattevask

Støvsugar


EXTRA STORT UTVALG TIL EXTRA LAVE PRISER

Velg FRITT blant pølser, burgere, pølse- og burgerbrød merket med dette symbolet.

Forbehold om trykkfeil og utsolgt

Vi spanderer den billigste!

Coop Extra Sogndal- Florø- øvre Årdal 7-23 (9-21) Coop Extra Førde 8-22(20)

Coop – litt ditt I Coop får du kjøpeutbytte på alt du handler. Mer informasjon om de ulike fordelene finner du på: Coop.no

EXTRA LAVE PRISER

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

11


YTRE NORDFJORD TURLAG

Slogen sett frå fjorden ved Sæbø.

Foto: Arnt Flatmo

Slogen

1564 moh. på Sunnmøre 6. september Fjelltoppen Slogen er av mange rangert som ein av dei ti finaste fjelltoppane i landet. Dette er ein svært vakker topp, som YNT har arrangert turar til i ca. 15 år. Dei fem første åra starta turane frå Skylstad i Norangdalen, like ved Øye sentrum. Denne ruta, som vert kalla Skylstadbrekka, er ganske bratt og krevjande. Dei siste ti åra har vi teke utgangspunkt frå Engeset. Dit kjem du ved å ta vegen som er skilta til venstre like før du kjem til Stranda. Frå Engeset går ein bomveg til ei sæter med god plass til parkering. Vi meiner at dette er det beste og finaste utgangspunkt til å kome til Patchellhytta som Ålesund Turistforening har ansvaret for. Dette er ei sjølvbetent hytte med proviant og 50 sengeplassar. Vi har aldri hatt avlysingar på turane til Slogen, og vi har vore mellom 10 og 25 personar med på turane. Vi har hatt deltakarar frå heile fylket, også fleire frå Møre og Romsdal. Desse turane har vore svært populære! Vi starter ved sætra ca. 4 km frå Engeset, og turen til Patchellhytta går i eit lett stigande terreng. Vi går lenge ved ei elv med svært vakker natur. Vi prøver å finne eit marsjtempo som alle deltaka-

12

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

rane er komfortable med. Dette meiner vi at vi har klart på ein bra måte. Etter å ha gått i ca. to timar, med nokre små innlagde pausar, tek vi ein god matpause ved Patchellhytta, som ligg 818 moh. Patchellhytta er det beste utgangspunktet for gå på Slogen. Det at dronning Sonja har besøkt toppen, triggar alltid nokre av turdeltakarane. Turen frå hytta går først i lett stigning, men etter kvart blir det mykje brattare. Siste delen av turen er litt bratt med klyving. Eg har alltid med tau, slik at også dei med høgdeskrekk kan nå målet. Dette har stort sett gått bra. På toppen, som ligg på 1564 moh., er det fantastisk utsikt. Vi ser dei mektige Brekketindane og Smørskredtindane i same dalføre. På andre sida av Norangdalen ser vi Jakta. Vi ser også fine fjelltoppar som Kolåstind og Jønshornet i nærleiken av Ørsta. På toppen, som er smal og med lite plass, skriv vi oss inn i boka samstundes som vi nyt utsikta. Når vi er ferdige med å kome ned den øvste stigninga, går turen greitt ned til Patchellhytta igjen. Turen ned til Engesetsætra går også som regel veldig greitt. Alle turdeltakarane har vore svært nøgde med denne turen til Slogen. Dette gler meg og den andre turleiaren, Jan Perry, mykje.

Arne-Jon Kandal for YNT

Deltakarar på Ytre Nordfjord Turlag sin årlege tur til Slogen. Foto: Hans Ole Hoddevik.

Ytre Nordfjord Turlag Leiar TOR MAGNE GANGSØY Saltkjel, 6718 Deknepollen ytre.nordfjord.turlag@gmail.com Tlf. 489 55 867


findriv.no

ALLE RUTER

ALL

i heile fylket

med nytt

rutesøk

Finn di rute på kringom.no RUTEINFO - PRISAR - RABATTAR - TRAFIKKMELDINGAR kringom.no erstattar ruteinfo.net

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

13


Lev det gode liv i sommar

på Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord !

Aktivitetar og velvære i vakker natur... GODE MATOPPLEVINGAR BAD OG SPA HØG STANDARD SOMMARSKI BREVANDRING VIA FERRATA LOEN SYKKEL OG FISKE LETTE OG TØFFE FJELLTURAR GODE SOMMARPRISAR

Alexandra Bad og Spa

med eit stort utval av kropps- og velværebehandlingar. Massasje, stor SPA-avdeling med terapibasseng, badstuer, opplevings-dusjar, kuldekulp, takhage med boblebad. Stort symjebasseng inne og ute, oppvarma heile året. Vannsklie.

Hotel Alexandra, 6789 Loen Tel: 57 87 50 00 alex@alexandra.no

www. alexandra. no

Hotel Loenfjord, 6789 Loen Tel: 57 87 57 00 post@loenfjord.no

www.loen fjord.n o

Ring oss på 04800 – hele døgnet, alle dager. A for Alltid åpent

10609_Annonse_A5_210x148_Alltid_Åpent_1214_ah.indd 1

14

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

17.12.14 09:20


INDRE SUNNFJORD TURLAG

Fasinerande flott utsikt frå Fløyen innover Dalsfjorden. Den særmerkte Laukelandshesten med Laukelandsfossen attmed ligg iaugefallande i bildet.

Foto: Gustav Skaar

Fossevika og Heileberget Offisiell opning av nyetablert sti 31. mai Med opning av Dalsfjordbrua vart eit stort turterreng mykje lettare tilgjengeleg for mange sunnfjordingar på begge sider av fjorden. Der brua kjem i land på nordsida av Dalsfjorden, ved Ottersteinen, er det laga til ein parkeringsplass for turfolk. – Frå gammalt av skal det ha gått ein sti inn til Fossevika, men det var nok mest båt som var i bruk, fortel Rolf Kleiven frå Dale. Han er med i den lokale stigruppa som har laga til ein sti langs fjorden frå Ottersteinen ved Dalsfjordbrua og inn til Fossevika. – Vi måtte forbi eit berg som går heilt i fjorden, så vi har bygd ei tretrapp og laga ei lita bru for å komme forbi, forklarar Kleiven. Det har vore ei aktiv gruppe

som har rydda, steinlagt og merkt den kring éin km lange stien. – Det var reine folkevandringa, fortel Kleiven om bruken av stien sist sommar. Parkeringsplassen ved starten på brua har vore full kvar helg, kan han fortelje. Tidlegare måtte ein i båt for å komme til Fossevika, om ein ikkje gjekk den lange vegen frå Førdefjord-sida eller frå Laukeland. Det har no opna seg eit lettare tilgjenge til dette turterrenget, og også til Indre Sunnfjord Turlag si sjølvbeteningshytte Nipebu. Søndag 31. mai blir det offisiell opning av stien og ei informasjonstavle ved Ottersteinen. Opparbeiding av denne nye stien er eit samarbeid mellom Kystarvstiprosjektet i HAFS, Indre Sunnfjord Turlag og den lokale stigruppa. Etter opningsarrangementet blir det arrangert

to turar. Hovudturen er familieturen til Fossevika og opp til Nedre Fossedal, med samling i fossen. Denne turen tek ca. ein time kvar veg. Den andre turen går opp på Fløyen/Heileberget. Det er rydda og merkt sti heile vegen opp. Ein følgjer stien mot Fossevikja, før ein svingar opp til Bjergastølen, over Rimma og opp skòra mot framsida av fjellet. Turen tek fire–fem timar.

Indre Sunnfjord Turlag Leiar RAGNA RENNA Kåsen 3D, 6812 Førde E-post: isturlag@gmail.com Tlf. 909 50 558

BALESTRAND OG HØYANGER TURLAG

Langhamrane rundt – ein fin rundtur

Langhamrane rundt er godt merkt med raudt. Her frå Vetledalsvatnet med starten på Smådalane i bakgrunnen. Foto: Ingrunn Kandal.

Start ved parkeringsplassen på Siplo. Der er ei kart-tavle, og turen er merkt H3. Første del av turen går på grusveg forbi skitrekket på Siplo. Etter vel 1 km tar du av frå vegen til høgre i ein skarp sving (raud merking). Deretter går du på god sti med lett stigning opp lia, forbi eit hyttefelt til Vetledalsvatnet og vidare i ura på høgre sida av vatnet. Stien går i lett terreng med litt gras og stein, og forbi ei og anna bjørk, og følgjer dalføret som har det passande namnet Smådalane.

Ved høgaste punktet på stien ser du ut over Skåbakkevatnet. Her kan du ta ein avstikkar opp til Langhamrane. Går du fram på kanten, er det fint utsyn over Høyanger. Elles går rundturen vidare forbi vatnet på høgre sida, og du følgjer stien nedover til anleggsvegen i Breidalen. Vegen var bygd som kløvsti i 1916, i samband med bygging av demninga ved Nedre Breidalsvatn, for å skaffe kraft til fabrikken i Høyanger. Følgjer du anleggsvegen vidare mot Siplo, vil du snart få fin utsikt til Håland

og Høyanger. Kanskje er du heldig og får auge på ørn som held til oppe i fjellet. Når du startar på svingane, kan du i skråninga til høgre sjå restar av kløvstien som var i bruk i gamle dagar. Langhamrane rundt er ein lett rundtur som tek eit par timar.

Leiar KNUT STRØMMEN Hans Hygensgt. 5, 6993 Høyanger, E-post: knut.strommen@gmail.com Tlf. 913 49 383

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

15


KEIPEN TURLAG NY LEIAR DNT UNG

Søndag 28. juni

Gjegnen/Blånibba, 1670 moh. – «Prosjekt T-tur til Gjegnen», seier Svenn Petter Kjerpeset i Keipen Turlag. Det er namnet vi har brukt på arbeidet med å merkje ein trasé til Gjegnen frå Bremanger kommune, fortel initiativtakar og mannen som har utført mykje av arbeidet på stien. Stien startar ved Yksnelvane, i Ålfoten. Dette er ein tur der ein kjem opp til denne store og flotte toppen frå nord. – Dei første 6 km går på grusveg som er stengd med bom, fortel Svenn Petter. – Det er lurt å ta med sykkel! Oppe i kring 400 moh. startar stien, og då har ein ca. 11 km igjen å gå. – På første delen av turen, opp mot Kringsjåvatnet (600 moh.), har vi rydda ein del, fortel han. Vidare har vi merkt med raude T-ar heile vegen opp til grensa for Ålfotbreen landskapsvernområde. Derifrå er det vardar der det er mogleg. For å komme opp til Gjegnen denne vegen, må ein krysse over breen i ca. 1 km lengd. – På kvar side av breen vil vi plassere ei kasse med tau, stegjarn og isøksar slik at turgåarane ikkje treng å bere med seg dette utstyret heile vegen opp, fortel den ivrige turgåaren. Denne ruta opp til Gjegnen er ikkje luftig nokon stad, kan han forsikre. Men går ein ut på Galleriet, som ligg litt vest for toppen, så kan ein verkeleg få magesug. Her stuper det over 1000 meter rett ned i Bjørndalsvatnet. Svenn Petter Kjerpeset håpar mange nyttar høvet til å gå denne ruta til Gjegnen, og han inviterer til tur med Keipen Turlag søndag 28. juni.

Gratulerer Stig Øystein! Stig Øystein Schmidt (20) frå Luster vart vald til ny leiar på landsmøtet til DNT ung i Flekkefjord 21. mars. Stig Øystein har vore nestleiar i to år, så han har ei god forståing for kva leiarvervet inneber. DNT ung er den største friluftslivsorganisasjonen for ungdommen i landet med til saman 32 000 medlemer mellom 13 og 26 år – eit stort ansvar! Til dagleg studerer Sig Øystein journalistikk på Høgskulen i Volda. Turmagasinet ynskjer lukke til i leiarvervet!

LUSTER TURLAG

Breane som heng ned i sida mot Langedalen innafor Tungestølen er fasinerande skue frå Skyttarpiggen. Foto: Anne Kari Herlofsen Nes

Søndag 30. august

Skyttarpiggen Denne flotte toppen stikk til vêrs bak Tungestølen på Veitastrond.

Utsikt frå Galleriet, som ligg i nærleiken av Gjegnen, og dei 1000 metrene rett ned i Bjørndalsvatnet. Foto: Sven Petter Kjerpeset

Keipen Turlag Leiar KIRSTEN GROTLE Hauge 6727 Bremanger keipenturlag@gmail.com Tlf. 913 66 485

16

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

Frå Tungestølen, som ligg ca. 280 moh., går stien nordover eit par hundre meter i retning Austerdalen. Så 1200 meter bratt opp, fyrst gjennom noko bregner og kratt og vidare oppover i smalt, uttørka elveleie, deretter langs ryggen opp novi til målet vårt, Skyttarpiggen, på 1411 moh. Ruta frå Tungestølen opp til Skyttarpiggen er lite brukt, men er grei å gå. Me går midt mellom Langedalen og Austerdalen, med flott utsyn til begge dalføre. Vakkert og mykje urørt natur. Me må slita litt for å nå målet, men utsynet er god løn. Brefalla i Langedalen kan me sjå ned på, akkurat som Tungestølen og Basecampen på andre sida av elva, der Sogn og Fjordane Turlag arrangerer Basecamp sommar for ungdom i juni. Dersom me får godt vêr og har nok tid, er det naturleg å ta seg heilt opp på platået, til Skyttarnovi på 1593 moh. Derifrå går sjølve storbreen, som kan kryssast over til Briksdalen og Oldedalen eller til Stardalen i

Jølster. Noko av det særeigne med området rundt Tungestølen er fargane og kontrastane. Knallblå himmel mot den kvite Jostedalsbreen, bratte fjell som stuper ned i frodige dalar, blågrøne breelvar og det grøne Veitastrondsvatnet i det fjerne. Luster Turlag samspelar med gode krefter for å få bygt opp att eit praktisk og iaugefallande turistanlegg der orkanen Dagmar herja og reiv ned dei over hundre år gamle husa natta til 2. juledag i 2011. Kanskje kan me invitera til opning sommaren 2017. Uansett så kan du vera med og gjera deg kjend i området søndag 30. august!

Luster Turlag Leiar INGEBORG FLATEN Sandvikvegen 44B, 6868 Gaupne E-post: lusterturlag@gmail.com Tlf 917 73 771


ENERGI FRÅ NATUREN

Energirike opplevingar Det er mange måtar å hente energi frå naturen på. I Sogn og Fjordane Energi nyttar vi naturkrefter til å produsere miljøvenleg energi. Vi er opptekne av å gjere dette på ein skånsam måte slik at vi alle kan få energirike opplevingar frå naturen. sfe.no

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

17


DNT-HYTTER

Dine hytter! 42 hytter i Sogn og Fjordane – 500 i heile landet Dei ligg der, hyttene. Innbydande og klare til å ta imot deg. Hytta står enten ulåst eller er låst med DNT sin standardnøkkel. Du blir ønskt velkommen med senger, matplass, kjøkken, ved og gass. I fleire av hyttene er det matlager. – Vi har ein stor dugnad på våren, i mai–juni, for å gjere hyttene klare for sommarsesongen, fortel Kjell Kleiven. Han er ein av dei mange i turlaga i fylket som er med i hyttestyre og dugnadsgjengar for dei sjølvbetente og ubetente hyttene. – Vi supplerer med ved, gass og proviant. Hyttene blir stort sett vaska heilt ned, vi skifter på sengetøy og luftar madrassar og dyner. Elles er det som regel litt enkelt vedlikehaldsarbeid som beising og småreparasjonar, fortel han. Kjell Kleiven er leiar av hyttestyret for Indre Sunnfjord Turlag (IST), og dei har tre sjølvbetente hytter i fylket: Longevasshytta, Nipebu og Massbu. – Det er stort sett lett å få med folk

på dugnad, seier han. Det er ein liten grunnstamme på åtte–ti personar som er aktive. Men, vi tek gjerne imot nye dugnadsfolk, oppmodar han og tenkjer på at det er over 1500 medlemer berre i IST. Over heile landet fungerer sjølvbeteningshyttene utruleg bra. Som regel er hytta rein og ryddig når du kjem, og folk betaler for seg. – Folk er stort sett veldig flinke til å stelle etter seg og ordne hytta når dei dreg, fortel Kjell Kleiven. Viss han kan gje eit råd, er det å fyre med omtanke. Til Longevasshytta og Nipebu blir veden frakta inn med helikopter, noko som sjølvsagt er dyrt. – Då kan ein ikkje tillate seg å bruke ved til å lage bål ute, påpeikar han. Det er som regel grillkol tilgjengeleg på hyttene, det kan brukast til grilling, seier han. Velkommen til å bruke turlagshyttene i fylket enno meir i år, og send ein varm tanke til dugnadsfolket!

Selje

3

Måløy

orden

40 42 41 Svelgen

Kalvåg

10

Florø

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

1 Hyen

Eikefjord

43 Naustdal Førde

7

15

Holmedal Dale

Atløy

Sande

Krakhella Lavik

Eivindvik

18

t

fo

Ål

en

e br

11

5

Reparasjonar og vedlikehald må til. Det skjer på dugnad. Her er det Terje Jan Nes, Øystein Viken, Atle Holsen og Sissel Vedvik som tek i eit tak. Foto: Kjell Kleiven

Nordf

Nordfj

13

14

n rde efjo n g So


TURLAGSHYTTER 1

2

3

fjordeid

4

5

6

7

8

9

10

11

Stryn

39

Innvik

33 34

Sandane

26

6

en re b ls da te s Jo

25

Skei

24 Fortu nsda len

38

27

22

28

Vassenden

35

12

23

9

8

21 31

29 Fjærland

20

Gaupne

32

4 14

2 Øvre Årdal

Årdalstangen

Sogndal

Høyanger

Balestrand

Kaupanger

Leikanger

Filefjell Lærdalsøyri Vik

17

19 16

12

30

1 Gjegnabu 2 Grøssete 3 Skongenes Fyr 4 Gravdalen 5 Råkeneset 6 Longevasshytta 7 Nipebu 8 Fivla 9 Fuglesteg 10 Blåbrebu 11 Grytadalsbu 12 Målsethytta 13 Jashaugbu 14 Avdalen gard 15 Massbu 16 Åsedalen 17 Solrenningen 18 Selhamar 19 Vatnane 20 Stølsmaradalen 21 Skogadalsbøen 22 Fanaråkhytta 23 Stølsdalen 24 Nørdstedalseter 25 Arenzbu 26 Sprongdalshytta 27 Fast 28 Vigdalsstølen 29 Navarsete 30 Olavsbu 31 Vormeli 32 Ingjerdbu 33 Vetledalsseter 34 Bødalseter 35 Flatbrehytta 36 Bjordalsbu 37 Kongshelleren 38 Flatsteinbu 39 Skålatårnet 40. Martinbu 41. Moldahytta 42. Knekkevasshytta 43. Kinn

13

Stølsheimen

36

18

Aurlandsvangen

37

15

33

40

41

42

43

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

19


MIDTRE NORDFJORD TURLAG

I 2009 hadde Leidulf med seg sonesonen Krister på Lodalskåpa, 50 år etter at han var der for fyrste gong.

Lodalskåpa Favoritt-turen 5. juli

– Kor mange gonger eg har vore på Lodalskåpa, det veit eg ikkje, fortel Leidulf Sollid frå Sandane. Midtre Nordfjord Turlag har sommartur til Lodalskåpa fast på programmet, og dei siste åra har den snart 79 år gamle Leidulf Sollid vore med kvart år. – Men første gongen hugsar eg veldig godt, det var i 1959, fortel Leidulf. Då var vi åtte ungdommar frå Austrheim og Sandane som leigde ei drosje som køyrde oss inn Lodalen. Vi gjekk opp til Bødalsseter og overnatta på hytta der. Vi hadde leigd han David Mindresunde frå Rake som turleiar og breførar. Dagen etter kom han i lag med ein nabo, og dei hadde også med seg «ruteinspektør» Claus Helberg frå DNT. Eg hugsar turen godt, og vi fekk skodde frå varden ved Bohrsbreen og heile vegen opp, fortel Leidulf. På toppen letta det så vidt, så vi fekk eit glimt i retning Jostedalen. På veg ned att kom vi etter kvart under skodda og fekk fint vêr, minnest Leidulf. Leidulf har tenkt på seinare at det er kjekt å ha vore på tur med den kjende fjellmannen Claus Helberg, og Leidulf hugsar godt ein kommentar frå Helberg: «Om mannen faller i en bresprekk, så må dere i alle fall redde genseren», hadde Helberg spøkefullt sagt.

20

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

– Vi hadde ikkje noko spesiallaga turklede då på slutten av 50-talet. Eg gjekk i ein strikkagenser eg hadde fått av syster mi, minnest Leidulf. Det var tydeleg at genseren hadde vekt merksemd hos Claus Helberg. – Helberg skilde lag med oss ved Ståleskar og gjekk i retning Jostedalen, hugsar Leidulf, og lurer på kva rute han tok vidare åleine ned til Jostedalen. – Eg har vore på mange turar og toppar i Jotunheimen, og det er fint der også, men det er noko spesielt med turen til Lodalskåpa. Her startar ein ved Bødalsseter, og ein følgjer vegetasjonen oppover. Ein går frå låglandet og heilt opp i fjell- og brelandskapet og opp på toppen på over 2000 moh., fortel Leidulf. Midtre Nordfjord Turlag har sin årlege tur til Lodalskåpa 5. juli i år. Som vanleg er det Johan Støyva og Gunnar Bjørlykke som er turleiarar, og blant turdeltakarane håpar vi å sjå vår spreke mann som nærmar seg 80 år!

Foto: Johan Støyva

HEIDERSMEDLEM

Astrid Breiland Eliassen Under årsmøtet til Flora Turlag 24. november i fjor vart Astrid Breiland Eliassen utnemnd til heidersmedlem i DNT. – Dette var uventa og kom heilt overraskande, var Astrid sin kommentar. Astrid Breiland Eliassen har vore tilsett i DNT og i Sogn og Fjordane Turlag, i tillegg til mange roller i det lokale turlaget. Leiar i Flora Turlag, Siv Merete Stadheim, trekkjer fram Astrid sitt engasjement for m.a. midtveketurane, oppturdagen for 8-klassingane og arbeidet for større bruk av Flora Turlag sine hytter. Turmagasinet gratulerer Astrid med utmerkinga!

Midtre Nordfjord Turlag Leiar KATRINE FJELLESTAD ASKE Lyngveien 18, 6823 Sandane E-post: Katrine.aske@sfe.no Tlf. 474 56 485

Astrid Eliassen flankert av leiar i Flora Turlag, Siv Merete Stadheim, til venstre og Anne Mari Aamelfot Hjelle frå DNT sentralt til høgre.


Gode turopplevingar startar med riktig utstyr og klede. Hjå Felleskjøpet har vi godt utval av begge delar.

Felleskjøpet Førde Firdavegen 18 6800 Førde

Felleskjøpet Skei Skei sentrum 6843 Skei i Jølster

Felleskjøpet Eid Osveien 10 6770 Nordfjordeid

Felleskjøpet Sandane Katthamrane 6823 Sandane

Felleskjøpet Stryn Perhusvegen 3 6783 Stryn

Felleskjøpet Sogndal Granden 39 6856 Sogndal

Felleskjøpet Lærdal Grønt Grandavegen 6 6887 Lærdal

Tlf.: 03520 www.felleskjopet.no

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

21


SOGNDAL TURLAG Sogndal Turlag Leiar LIV NORUNN HAMRE Stedjeåsen 28, 6856 Sogndal sogndalturlag@gmail.com Tlf. 975 71 684

Det klassiske Flatbrehytta-bildet med vakker utsikt til Fjærlandsfjorden.

Foto: Anne Rudsengen

Jubileumstur Flatbrehytta 5. juli

I 1954 stod den første Flatbrehytta klar, og i 1965 var den andre hytta ferdigbygd. Den nyaste hytta har dei siste åra blitt litt utvida og restaurert, og stien opp fekk ei etterlengta utbetring for to år sidan. Dette ynskjer den nye generasjonen på Øygard å markere til sommaren, og Sogndal Turlag arrangerer tur med historieforteljing søndag 5. juli. Anders Øygard (1924–1993) var godt kjend gjennom arbeidet han la ned i bygging av hytta i brekanten og kunnskapen og interessa han hadde for fjell- og bresport. Den første hytta, som var ei lita steinhytte med nokre frå briskar, vart fort for lita når interessa for brekurs og breturar vaks fram utover på 50- og 60-talet. Kring ti år etter att den første hytta vart bygd, stod ei større klar med i alt 15 sengeplassar. Anders var den entusiastiske initiativtakaren også denne gongen, med god hjelp frå Flatbrehyttas Venner. Sjølv om dei hadde noko hjelp med helikopter, så bar Anders mange bører opp. Dette er godt dokumentert, sidan Anders førte nøye dagbøker: Han hadde meir enn tusen turar opp til Flatbrehytta, og dei aller fleste av dei med tunge bører. Anders rekna ut at han hadde bore meir enn tolv tonn på ryggen opp. FØRER TRADISJONEN VIDARE Flatbrehytta har vore og er framleis ein populær stad å gjennomføre brekurs. Når ein først har gått

22

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

.

et ard på 50-tal Anders Øyg

dei nesten 1000 høgdemetrane opp, har ein spennande og variert blåis å boltre seg i like utanfor hytta. I dag er det barnebarnet til Anders Øygard som driv Flatbrehytta. André Øygard og sambuaren hans, Anne Reidun Sørensen, ynskjer å føre tradisjonen med Flatbrehytta vidare. SHERPABYGD STI Turen opp til Flatbrehytta startar på parkeringsplassen som ligg ved Øygard i Supphelledalen i Fjærland. Her er det bygd opp att etter at både den gamle traktorvegen og parkeringa vart øydelagde under flaumskredet i mai 2004. Stien er tydeleg og vart i 2013 utbetra og lagd om på nokre få punkt, for å sikre mot utgliding. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre og Statens naturoppsyn var ansvarlege for finansiering og gjennomføring, med god hjelp av sherpaer frå Nepal og fleire fjærlendingar.

«Måtte det vakre, ovstore skaparverket minst mogleg øydeleggjast av hypermoderne mennesketeknikk. Lat Jostedalsbreen bli friluftsog fjellsportsmennene sin store, stille idrettsplass, skapt av Vårherre sjølv» Anders Øygard i 1964

SERVERING OG HISTORIEFORTELJING Ved Tunga, i ca. 400 meters høgd, deler stien seg. Den finaste rundturen får ein med å gå til høgre inn i Nipesteinshola og opp til skaret innanfor Vetla Supphellenipa. Herifrå svingar stien seg vidare oppover med flott utsikt tilbake på Fjærland heile vegen opp til hytta, som ligg på nesten 1000 meter. Ned igjen går vi over Rabbane. På jubileumsturen vil vertskapet på Øygard servere kaffi og saft til alle turgåarane, og vi får høyre historia bak Flatbrehytta. Det blir òg høve til å klyve opp på den store morenen bak hytta og sjå kvar det store flaumskredet starta i 2004.

Turen kjem i tillegg til dei som er trykte i turprogrammet for Sogndal Turlag. 5. juli er det frammøte på Almenningen i Sogndal kl. 9:00 eller på parkeringa ved Øygard kl. 9:45. Turen opp og ned, inkludert pausar og historieforteljing, tek fem–seks timar. Nede i tunet på Øygard vil det vere høve til å kjøpe suppe som blir servert ved det store langbordet i gamlehuset i tunet.


Hodlekve i Sogndalsdalen

Lev ut hyttedraumen i Sogndal Hodlekve!

Hytte: VetleGråstein, Exform

Sogndalsdalen er blant dei mest snøsikre områda i landet og kjent for den tørre puddersnøen.

Vi har framleis byggeklare tomter til sals. Desse ligg særs godt plassert både sommar og vinter. Vi nærmar oss 60 selde tomter og startar no opp byggetrinn 3.

Prisant.

Frå kr 600.000,- + tilkn. og omk.

Tomteareal Fra 500m2 til 1270m2 Regulering Det kan byggjast inntil 150 kvm BYA pr. tomt fordelt på hytte og anneks/uthus.

Her, i denne storslåtte naturen med fjell og fjord i nærleiken kan du og dine leve ut hyttedraumen - både sommar og vinter. Området byr på eit stort spekter av aktivitetar for dei som vil gjere meir enn å kose seg på hytta. Du finn eit stort utval i toppturar, både dei som er overkommelege for dei fleste, og dei turane av det meir utfordrande slaget. I tillegg finn du preparerte alpinbakkar og langrennsløyper rett utanfor hyttedøra. I nærområda har du tilgang til m.a. fiskevatn med flott aurefiske. Det er kort veg til Sogndal sentrum med butikkar, restaurantar og andre fasiliterar, og det er nærleik til Sogne-fjorden, som er ypparleg til kajakkpadling. Ein kort biltur unna finn du nokre av vestlandets mest kjende turistattraksjonar, som Flåmsbana, stavkyrkjene, Fjærland og ikkje minst Jostedalsbreen.

Infrastr.

Offentleg og privat heilårsveg fram til tomtene. Klart for tilkobling til vatn og avløp. Straum v/tomtegrense. Tilretteleggast for fiber.

Selger

Sognefjorden Utvikling AS Jomar Haukås 900 21 777 www.sogndalskisenter.no

Megler

Helle Selseng 481 00 471

Foto: Sogndal Lodge

Foto: Terje Rakke

Ta kontakt med Jomar for ein uformell visning. For meir info: Sogndalskisenter.no/tomt Foto: Terje Rakke

Foto: Bård Gundersen

Ta t! kontak

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

23


AURLAND TURLAG

Til støls i vill verdsarvnatur Vestnorsk fjordlandskap har10-årsjubileum for verdsarvstatusen i år. Aurland Turlag blir med på feiringa saman med Nærøyfjorden Verdsarvpark med ein hausttur til stølen Hjølmo. Dette er ein av mange flotte turar som markerer jubileet og Friluftslivets år 2015 inni og ikring verdsarvområdet. Søndag 27. september startar turen med båt frå ferjekaia i Gudvangen og ut den vakre Nærøyfjorden. Vi går i land i Dyrdal og følgjer traktorvegen oppover dalføret heilt til Hjølmo. Stølen kviler mellom høge fjell ved elvemøtet mellom Styvisdalselvi og Vassetelvi. Turen er ein lett dagstur, som passer for dei fleste og for dei som er nysgjerrige på å lære meir om natur- og kulturkvalitetane i verdsarvområdet. Turen er snaue 5 km ein veg opp til Hjølmo som ligg 500 moh. Retur same veg. Guidane på turen, både lokalkjende og fagfolk, vil fortelje om landskapsverdiane i fjordlandskapet, Dyrdal, stølsliv og byggjeskikk på stølane. Bli med i feiringa, du og!

Hjølmo ligg vakkert til mellom dei høge fjella. Bygningane vitnar om eit aktivt stølsliv som turgåarne kan få vite meir om på verdsarvturen. Foto: Anbjørg Nornes

Aurland Turlag Leiar SNÆDÍS LAUFEY BJARNADÓTTIR Bakkane 16, 5745 Aurland aurland.turlag@hotmail.com Tlf. 942 69 338

#DNTUNG

Tur-smitte Håvard Sandal Høyvik er 17 år og går almenfag på Sogndal vidaregåande skule. Han er frå Førde og er leiar i DNT ung Indre Sunnfjord. Han gir mor og far sin æra for at han har blitt interessert i friluftsliv i første omgang. Vidare er det den lett tilgjengelege naturen vi har i fylket, som han berre må besøke, som dreg han ut. Spesielt om vinteren, då han kan svinge seg ned att frå toppane i laussnøen. Det er mange som Håvard som går på toppturar her i fjordfylket, men det er ikkje mange ungdommar som tek same ansvaret som han gjer for å få med andre ungdommar. – Kjekt å sjå at andre kosar seg på tur, svarer Håvard på spørsmål om kva som er det beste med å vere turleiar. Vêret treng ikkje vere topp, og ein treng ikkje å gå så langt, men likevel så blir det støtt kjekt på tur, fortel han. Håvard trekkjer fram overnattingsturane. Då får ein betre tid til å bli kjende, og det blir meir sosialt. – Det er andre rammer enn det ein har til vanleg, ein er andre stader og kan kople av frå skule og prøver. Ein kan vere seg sjølv og leve eit litt enklare liv. – Sjølv om soveposane blir litt blaute, er folk blide for det, fortel Håvard. Han understrekar at det er plass til alle i DNT ung. Viss ein er litt usikker på kva DNT ung held på med, så ta kontakt med ein turleiar for å høyre meir. Nokre turar krev litt kunnskap på førehand, men til dømes BaseCamp er eit ung-tilbod som passar alle. BaseCamp på sommaren er ein flott stad å starte, fortel Håvard. – Der er det plass til alle, og det er lov å komme sjølv om ein har høgdeskrekk, seier han. DNT ung IST skal ha fleire turar og arrangement i år, og spesielt helgeturen til Avsneset utanfor Vadheim i Høyanger kommune ser Håvard fram til. – Har du sett så vakker plass og så flott naturleg klatrevegg, spør han og viser bilde på telefonen. Her kan vi padle, klatre, gå fjellturar og kose oss i strandkanten, fortel han og håpar mange har lyst til å vere med. Det vil vere med vaksne som tek ansvar for tryggleik ved klatring og padling, og utstyr til dette stiller turlaget med. Det einaste du treng å ha med er sovepose, liggeunderlag, klede og godt humør, smiler Håvard.

Håvard på BaseCamp vinter.

Foto: Elin Hansson

25. mai Tveiteskardet – Breidvik, Ytre Sogn Turlag 06. juni Terrengsykling Kaupanger, DNT ung Indre Sunnfjord 07. juni Dokka i Askvoll, DNT ung Fjaler 12. – 14. juni Friluftsleir Litle Færøy, DNT ung Ytre Sogn 13. juni Via Ferrata Loen, Midtre Nordfjord Turlag 13. – 14. juni Overnattingstur Bakkestølen, DNT ung Askvoll 22. – 26. juni BaseCamp Tungestølen, DNT ung Sogn og Fjordane 27. – 31. juli Friluftsskule, Ytre Sogn Turlag 02. august Eggjene, DNT ung Luster 05. august Aktivitetsdag Olsetvikane, Indre Sunnfjord Turlag 10. – 14. august BaseCamp Værlandet/Bulandet, DNT ung S. og Fj. 16. august Solsetnosi, Luster Turlag 22. – 23. august Skogadalsbøen Luster, Sogndal, Indre Sunnfjord 23. august Ung-tur (sjå Facebook), Vik turlag 28. – 30. august Aktiviteshelg Voss, Ytre Sogn Turlag 29. – 30. august Surfing Hoddevika, Midtre Nordfjord Turlag 29. – 30. august Overnatting Avneset, Indre Sunnfjord Turlag 30. august Skyttarpiggen, Luster Turlag 05. – 06. september Skåla, Ytre Nordfjord Turlag 06. september Kom Deg Ut, Vårdalsneset, Indre Sunnfjord Turlag 12. – 13. september Surfing Stad, Indre Sunnfjord Turlag 18. – 20. september Hunger Games tur, Indre Sunnfjord Turlag 19. – 20. september Surfing Stad, Sogndal Turlag

KURS GRUNNLEGGJANDE TURLEIARKURS 11.-13. september, Stardalen: For deg som ynskjer ei turleiarutdanning er dette fyrste trinn på turleiarstigen etter DNT – standar, og det er eit grunnkurs i turleiing. Kurset vert arrangert i Stardalen, Stardalen Hyttegrend. Start Ambassadørkurs fredag kl. 18. Kursleiar er Torunn Vestbø. Påmelding og informasjon hjå Sogn og Fjordane Turlag.

24

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015


T E R Y T S T U R U T R A H I V TIL BÅDE JUNIOR OG SENIOR!

KYSTLED

MAMMUT COMFORT HIGH GTX SURROUND TERRENGSKO DAME/HERRE Lett tursko. Vanntett

JR.

Frå opninga av Kystled Solund august 2014 Foto: Tor Arne Hauge

599,-

sko selv til varme dager.

KAMIK COMPASS GTX SKO JUNIOR

Lett fritidsko med Gore-Tex.

Kystled = kystkultur

Kontaktinformasjon: Roar Moe, 57786953 / 99233857, roar@roarmoe.com Ytre Sogn Turlag v/Tor Arne Hauge, 90 19 24 71 Elles i fylket er det etablert kystlei i Nærøyfjorden: www.kystled-sogn.no

Ytre Sogn Turlag Leiar WENCHE MIDTHUN Tveitevegen 42, 5966 Eivindvik E-post: ytresognturlag@gmail.com Tlf. 416 18 443

, 9 9 1 2

SR. SR.

1699,-

MEDEGOR X! TE

NORRØNA FJØRÅ BUKSE DAME/HERRE

Teknisk sykkelbukse for stisykling.

JR.

399,NORHEIM GRANITT 2.0 BUKSE JUNIOR

1199,-

SR.

BERGANS MICROLIGHT JAKKE DAME/HERRE

JR.

699,-

BERGANS KLEIVI JAKKE JUNIOR

En fritidsjakke i vindavvisende softshellmateriale.

Svært lett, allsidig og vindtett jakke.

En lett turbukse i behagelig elastisk materiale.

ERDAL SPORT Tlf. 57 72 29 30 Rein Design

Den nasjonale kystleia er eit nettverk av om lag 90 overnattingsstader på kysten og utleige av mange båtar – i all hovudsak tradisjonelle robåtar. Gjennom kystleia ynskjer ein å formidle kystkultur og gje gode natur- og friluftslivsopplevingar. I fjor sommar opna Kystled Solund med to kystleinaust og to nybygde båtar. Det eine naustet ligg ved turlagshytta Råkeneset, om lag 5 km nord for Hardbakke, og det andre naustet er eit nybygd grindenaust som ligg på Litlefærøyna. Her er det òg god landingsplass for båt, kai, tilrettelagd teltplass med utedo og tørkerom. Dei to båtane som høyrer til Kystled Solund er ein nordfjordbåt og ein strandebarmbåt. Båtane har fast tilhald på Litlefærøyna, og dei kan tingast for bruk ein eller fleire dagar. Til Litlefærøyna kjem ein lett med rutebåt frå Hardbakke. Meir informasjon om Kystled Solund finn du på www.turistforeningen. no/ytresogn

Vi har fokus på breidde …når det gjeld sponsing av kultur og idrett – og utval av bilar. Førde Sogndal Stryn Florø Måløy berge.no

24 03 18 00 57 67 57 00 57 87 26 00 57 74 22 40 57 84 80 08

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

25


«FEM PÅ GATA»

NRK-journalistane sine favoritturar For oss som er glade i NRK Sogn og Fjordane, så er dei med oss heile morgonen … På kvelden dukkar det kanskje opp eit Sogn og Fjordane-snakkande ansikt på Vestlandsrevyen, ja, kanskje på riksdekkande tv òg: Det er sjølvsagt radio- og tv-journalistane eg tenkjer på. Men, dei er jo ikkje der – inne i radioen eller tv-en heile tida. Kanskje nokon av dei går på tur? Kanskje dei har eit godt turforslag dei vil dele? Vi har fått tips om nokre av dei mest turinteresserte av stemmene frå lokalradioen og har spurt dei: 1) Kvar går din favorittur i Sogn og Fjordane? 2) Kven vil du ha med deg på turen viss du kunne velje fritt? GRO RAVNESTAD: 1) Min favorittur går til dei vakre fjella rundt heimbygda mi på sørsida av Gloppefjorden. Traudalsnibba (1100 moh.) byr på utsikt både nedover mot Traudalsvatnet og mot vakre fjell både i Nordfjord og Sunnfjord. Frå Traudalsnibba ser ein også over til favorittfjellet mitt om vinteren, Morafta. 2) Familien min, inkludert hunden vår, Rollaug, er gode turkompisar. Når ein har med ungane på tur, får ein oppleve ekte glede når ein når toppen. Systrene mine er òg prima turselskap. Vi løyser mange kvardagsproblem undervegs.

TERJE GILLESHAMMER: 1) Favoritturen må bli mektige Gjegnen, eller Hesten som vi kallar han der eg vaks opp. Heile barndomen i Kjølsdalen i Eid har eg sett mot den bratte, svarte, magiske veggen omkransa av bre og villmark. 2) Denne flotte turen skulle eg gjerne delt med mi kjære Kjellrun. Vi har tre born under seks år, og dermed er det seks år sidan sist vi gjekk ein lang fjelltur i lag. Men ein vakker vårdag skal vi stå der og skode ned på dei kvite toppane, dei grøne bygdene og den blå fjorden medan eg nynnar stille, men oppriktig “Du Nordfjord min fagre og fjellsterke heim”.

velja i. Men av stader eg har vore på er Skagastølsryggen best. Den har alt! 2) Torje Bjellaas, fotografen eg jobbar med, vil eg ha med på tur. Alle tek turbilete no til dags, men han tek dei beste.

mer

Terje Gillesham

Silje Guddal

SILJE GUDDAL: 1) Favoritturen i Sogn og Fjordane går til Kyrkjenibba (1400 moh.) i Stryn. Ein tur ein aldri kan bli lei, og fordelane med Kyrkjenibba er mange. Fjellet ligg lett tilgjengeleg, ein kan gå opp/ ned både frå Bøasetra i Stryn og frå Garlid, ei mil lengre opp i Strynedalen, då får ein ein fin rundtur. Stien er godt merkt, og utsikta er nydeleg i alle himmelretningar. Særleg ser ein Hornindalsrokken og Strynedalen godt.

Stian Sjursen Takle

2) Pappa har vist meg veg til om lag alle fjelltoppar eg har vore på og alle dalføre eg har gått. Særleg er han flink til å finne turar og fjell der ikkje alle andre går! Det klassiske er at han seier: “Dit går vi, for der har vi aldri vore før.” Så pappa fortener å vere med på Kyrkjenibba!

STIAN SJURSEN TAKLE: 1) Eg har lyst å slå eit slag for fjellturar på kysten vår. Min favoritt av turar i Sogn og Fjordane er rett og slett Alden, 480 moh. Rett og slett fordi den byr på både ein kombinasjon av båttur i vår fantastiske skjergard, bratt og fin fjelltur og ei strålande utsikt over kysten vår. Turen er også såpass kort at han er mogleg å nå etter jobb dersom ein har eigen båt. Den Norske hesten, som fjelltoppen også vert kalla, stig rett opp av havet og er eit majestetisk landemerke. Dersom du vil toppe opplevinga, er eit besøk til Tante Gry sin pub på Værlandet etter turen å anbefale. Der byr dei på både lokal mat og lokalt øl med same namn som fjelltoppen. Eg kan garantere at det smakar enno betre om du først har vore ein tur på fjellet.

Gro Ravnestad

Arve Uglum

2) Dersom eg kan velje fritt på turfølgje, må det bli ein eller annan dyktig musikar. For det einaste som kan gjere opplevinga enno sterkare, trur eg må vere ein minikonsert med musikk frå Sogn og Fjordane – på toppen av Alden.

ARVE UGLUM: 1) Spør du meg i dag, får du eitt svar, spør du meg i morgon får du eit anna. Det er for mykje å

KURS NYBYRJARKURS I KAJAKKPADLING 19.- 21. juni, Bulandet: I samarbeid med Njord AS vil Sogn og Fjordane Turlag tilby innføringskurs i kajakkpadling. Kurset går over to dagar, og vil gje innføring i padling, tryggleik og teknikk. Overnatting på hytter og servering hjå Liv Gjørøy. Påmelding og meir informasjon hjå Sogn og Fjordane Turlag.

26

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015


… r u t å p t i e h r e Sikk GPS: Garmin Oregon 650 - Håndholdt tur-GPS - 3-tommers fantastisk lyssterk berøringsskjerm som kan leses av i sollys - Kamera med 8 megapiksler, autofokus og LED-blits/lommelykt - Hvert bilde blir øyeblikkelig geokodet med posisjonen der det ble tatt. - Dobbelt batterisystem – 2 AA-batterier eller medfølgende, oppladbart. - Robuste og vanntett - Del dine ruter med andre.

Mobil: Samsung Galaxy Xcover 3 - Kraftig og kjapp smarttelefon fra Samsung - Innebygd GPS - Vanntett ned til 1 meter i 30 minutt - 5 megapiksler kamera - 8 gigabyte interminne

Kr 3490,-

Kr 2490,-

Førde tlf. 57 82 86 00 Sogndal tlf. 57 67 24 11

Ta turen innom oss etter ein god dag i naturen!

Ta oss med på turen

Sjå vår meny på facebook eller www.pikant.no

Ekte turmat dampbakeriet.no MAT OG BAR

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

27


Varebilar

Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing!

Stasjonsvogner Personbilar Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80 FØRDE • SANDANE • STRYN • FLORØ • LEIKANGER • MÅLØY • SOGNDAL

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE

TURFOLKET SIN BUTIKK Kle, sko og utstyr

Hos oss får du alt du treng, og meir til! Spennande merkevarer og gode prisar! Telt, soveposar ryggsekkar, lette dunjakker, Gore-Tex jakker og bukser, fjellstøvlar, turstavar, og mykje meir. Samarbeidsavtale med Indre Sunnfjord Turlag og alle medlemer i DNT.

HANDELSHUSET – 6800 FØRDE – TLF 5783 0051

28

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

findriv.no

Treng du leigebil?

VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR


YOGA

Solhelsing på svaberget på Skongenes Fyr leia av Gunn Karoline Fugle.

Foto: Oddleiv Apneseth

Yoga på Skongenes Fyr I april arrangerte Sogn og Fjordane Turlag (SFT) i samarbeid med Friskis & Svettis i Førde: «Hav og yoga». -Dette er første gangen turlaget sett opp eit slikt tilbod og responsen var veldig god, fortel dagleg leiar i SFT Astrid Kalstveit. Det var med både nybyrjarar og meir øvde yogautøvarar og alle fekk oppleve trening i den flotte opne kystnaturen ikring fyrtårnet. – Dette er eit arrangement vi med hell kan gjenta, fortel Astrid. Skongenes Fyr er Ytre Nordfjord Turlag si turlangshytte, og det tek om lag ein time å gå ut til denne vakre overnattingsstaden.

Skal du selje? God marknadsføring gjev betre pris, og nettopp difor annonserer vi breitt for våre kundar både på nett, avis og mobil. Som det største meklarhuset i fylket har vi god erfaring og fagleg tyngde til å hjelpe deg med eit vellukka bustadsal. Ta kontakt for ein uforpliktande prat på tlf. 57 82 97 00! Hav-svettis ved Randi Hove på fyrtunet.

Foto Oddleiv Apneseth

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

29


BARNAS TURLAG DNT sentralt har som mål å etablere Barnas Turlag i alle kommunane i landet. Her i fylket har vi alt tilbod i 25 kommunar! I fjor deltok over 5000 born og unge på turar og arrangement i regi av Barnas Turlag rundt om i heile fylket.

Langeset rethe Sunde Turlag (INT) G rd jo df or N e BT Indr en Sissel Strømm al BT Flora (FT) r Lise Langed ge In anger (KT) BT Indre Brem ari Songedal anger (KT) K BT Ytre Brem T) Sølvi Blom og Bulandet (IS et nd rla Væ BT ter Kristin Syltesæ BT Førde (IST) Rogne Cristine Nikøy stad BT Fjaler (IST) T) Heidi Valle en-Gaular (IS BT Fosseheim e Lien T) Anne Greth BT Askvoll (IS rdal T) Jill Berit Å BT Jølster (IS Edvardsen (IST) Siss-May BT Naustdal T) Rita Bjelde BT Sogndal (S Hasund (ST) Torbjørn BT Leikanger rd T) Olav Ødegå BT Lærdal (Læ Bukve rg bo ) Kari Inge BT Luster (LuT rg Rune Furubo BT Årdal (ÅT) langer Reknes je Sk a ic on )M BT Gulen (YST and ST) Trond Osl BT Solund (Y Omdal as om HT) Th BT Kyrkjebø (B fnes Hauge NT) Bjarte Lo BT Gloppen (M Oen Anett Munch BT EID (MNT) ørge Berglund BT Vik (VT) Bj na Lylund (SFT) Katarzy BT Hyllestad oel uT) Janicke H BT Aurland (A angsøy G e ch NT) Wen BT Vågsøy (Y e Silje Sneid BT Selje (YNT)

Foto: Indre Nordfjord Turlag

TURBOTRIM Vik: Turbotrim er eit populært tiltak som skaper aktivitet og turglede også utanom fellesturane kvar månad. Barnas Turlag i Vik har hengt opp turbokkassar med turbøker på desse turmåla: • Hang, 715 moh. • Ovridseggi (Daurmålshaugen) 930 moh. • Synshovden, 783 moh. • Høgali ved Målsetvatnet, 953 moh. Turbokkassane vil henge oppe til 1. oktober, og alle som vil, kan skrive namnet sitt i turboka. Det vert deltakarpremie til alle medlemmer i Barnas Turlag som har vore på alle turmåla og skrive seg inn i alle fire turbøkene i løpet av sommaren. Premiering vil skje på lommelyktturen i Hovsåsen 15. november. Dersom turbotrimmen vert ein suksess, vil me utvide med fleire boksar og turmål til neste år, fortel Vik Turlag

30

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015


Volvo v60 plug-in hybrid Volvo Plug-in hybrid køyrer også på rein elektrisitet. Blanda forbruk på 0,18 l. pr. mil. Dette er bilen som kan køyre i hastigheiter opptil 230 km/t med ei rekkjevidde på inntil 900 kilometer. Terningkast fem i VGs biltest. VOLVO V60 PLUG-IN HYBRID D5 AWD 231 HK. KAMPANJEPRIS: FRÅ KR 499.000,-*

*) Pris inkl. frakt-, leverings- og adm. kostnader levert forhandlar. Alle Volvo sine dieselmodellar har partikkelfilter som standard. Atterhald om trykkfeil. Avbilda bil kan ha ekstutrautstyr. Treff Volvo på facebook.com/volvocarsno

www.frydenbo-bil.no SANDANE 57 86 61 00

FØRDE 57 83 72 00

SOGNDAL 57 67 34 00

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

BERGEN VEST 982 05 882

VOSS 982 05 929

KRISTIANSAND 38 04 90 00

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

31


DNT UNG SOGN OG FJORDANE

BaseCamp Sommar på Tungestølen.

Foto: Espen Bruun

BaseCamp

For deg mellom 13–16 år – Bli med! BaseCamp er stadig meir populært og er ein fin stad å lære meir om friluftsliv! Du bur på same leirstad og overnattar i hytte, lavvo eller telt. Det er alltid vaksne leiarar til stades som organiserer aktivitetane. Alle må vere med å lage mat og bidra på andre måtar. Viss du vil vite meir, ta kontakt med barne- og ungdomskontakten i Sogn og Fjordane Turlag, Espen Bruun: 995 10 666 og dntungsft@yahoo.no. Følg meg på nettsida og Facebook til DNT Ung SFT.

KYSTLANDSKAP 10.–14. august:

FJELLTERRENG 22.–26. juni:

For første gong arrangerer vi BaseCamp på kysten. Her blir det kajakkpadling, snorkling, ørnesafari, matlaging i strandkanten og mykje meir. Deltakaravgift: Medlem 1300 kroner og ikkjemedlem 1500. Påmelding til DNT Ung SFT, dntungsft@yahoo.no

Vi gjentek suksessen frå i fjor med BaseCamp på Tungestølen på Veitastrond. Leiren ligg flott til med tilbod om aktivitetar som brevandring, fjellturar, klatring og kanopadling. Du bur i lavvo med tilgang til sørvisbygg og toalett. Deltakaravgift: Medlem 1300 kroner og ikkje-medlem 1500. Påmelding til DNT Ung SFT, dntungsft@yahoo.no

Bulandet/Værlandet, Askvoll

Tungestølen, Luster

KURS NYBYRJARKURS KLATRING 6.-7. juni, Sagefloten, Gloppen: Godkjente klatreinstruktørar lærer deg korleis du gjennom kunnskap og rett bruk av utstyr kan gjere klatring til ein trygg sport. Kurset er meint for nybyrjarar eller tidlegare klatrerar som føler dei treng oppfrisking av kunstene. Kurset har plass til 9 deltakarar og vert halde på Sagefloten i Breim som er eit av dei beste e «øvingsfelta» i Noreg. Er vêret dårleg kan ein av dagane bli i Trivselshagen på Sandane. Du kan også prøve å ta «Brattkortet», som ein må ha for å sleppe til i mange klatrehallar. Informasjon og påmelding hjå Asle Veien tlf. 970 55 203.

32

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015


Rein Design

BLI KLAR TIL

SOMMAREN! BESTSELJAREN PÅ LAGER ATT

HASLE 530 Classic

ØIEN SUVI

robåtar Frå kr 10.990,-

Frå 15 til 20 fot

TA KONTAKT

Hans Alexander Døskeland Tlf. 958 66 866 alex@doskeland.net

• Førdes største og flottaste fiskedisk • Stort utval av fersk fisk kvar dag • Sushi og skaldyr til kvar helg Velkommen til hyggeleg handel hos oss!

Coop Mega Førde

FOR EIN HYGGELEG BÅTPRAT!

Andreas Erdal Tlf. 907 77 115 andreas.erdal@doskeland.net

Angedalsvegen 59, 6800 FØRDE Tlf. 578 22 808 | www.doskeland.net

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

33


SIGNES

RASPEBALL

”Ut på tur – aldri sur!”

DEKKHOTELL Vi tar vare på dekka dine

- Vask av dekk og felg - Sikker oppbevaring - Forsikring TELEFON & FAX

WEB & MAIL

Halbrendsøyra 9 6800 Førde

Tlf: 578 30 800 Fax: 578 30 801

Firmapost@fordevulk.com www.fordevulk.com

Dei populære Signes Raspeball får du med eller utan flesk. Sjå etter dei gule og blå merkelappane! God tur frå Signe.

findriv.no

BESØKS ADRESSE

Det er viktig med næringsrikt påfyll undervegs. Kroppen din vert nøgd - og turen vellukka.

Ei

- Dekksjekk

annonse frå Welten Design. Foto: Stig Roger Eide, Firda

- Hjulskifte

30 minuttar kvardagsmosjon er nok for dei fleste for å betre helsa. Å gå i moderat tempo - slik at du vert andpusten eller varm - eller ta ein tur på sykkelen gjer susen.

Få med deg årets toppopplevingar på Førdefestivalen! 20% medlemsrabatt på festivalpass! I samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag

Billettar på billettservice.no 815 33 133, på Narvesen og 7-eleven.

34

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

fordefestival.no


INDRE NORDFJORD TURLAG Solnedgang frå Natakupa – ein av dei fem toppane som denne turen skal gå over. Turleiar skal syte for at turfølgje har kome tilbake til bilane før solnedgang. Foto: Johnny Hjelle.

Søndag 14. juni

Femtoppstur i Stryn

Gryta–Natakupa–Hestefjellsnibba–Karifjellet–Gullkoppen Dette er ein lang og krevjande tur som krev god form. Turen blir lagd opp med mange pausar og med eit tempo som alle skal klare: vi skal kose oss. Tips til pakking er rikeleg med mat og drikke, varme klede og gode sko med ankelstøtte. Hugs fotoapparat! Kartblad for området er Stryn i den gamle kartbladserien eller både Hjørundfjorden og Jostedalsbreen i den nye Norge-serien Vi startar frå parkeringa ved Bøasetra. Derifrå følgjer vi god sti kortaste veg mot Gryta. Trasévalet går opp ein bratt sti ein del kallar Bjønnakleiva. Vi held likevel eit roleg tempo for å spare på kreftene til seinare. Gryta ligg på 1032 moh., og vi held fram austover og tek oss tida til eit flott utsyn opp Stry-

nedalen. Vi kosar oss vidare over Bubergskaret og Småeggene. Deretter bratt opp austryggen til Natakupa, 1400 moh. Der tek vi ein god rast ved varden, og vi har godt utsyn mot mellom anna den spektakulære profilen til Honndalsrokken. Etter pausen følgjer vi ryggen vestover og går bratt ned mot skaret, før vi får ei fin stigning mot Hestefjellsnibba, 1303moh. (namnet Sølvberget på kartet). Etter litt fotografering siktar vi oss inn mot sørsida på Karifjellet, 1320 moh., og tek ein ny lang pause med flott utsikt. Vidare går vi slakt ned mot nordsida av Holevatnet. Om vi har god tid, tek vi ein kort tur bort på Holskarhornet, 1247 moh. Frå Holeskaret vel vi ein trasé som fører oss opp på grenseryggen mellom Stryn og Hornindal. Den gir oss godt utsyn nordover, og vi følgjer ryggen heilt opp til Gullkoppen, 1306 moh., som er siste toppen på turen.

Etter ein lang rast avsluttar vi roleg ned Blånibbene og ned til Holesætra, der vi følgjer ski-traseen tilbake til bilane. Turen går søndag 14. juni med møtestad Fjord1 kl. 8:00. Forventa tidsbruk ni–tolv timar. Ut over nemnde pausar tek vi mange smårastar for påfylling av mat og drikke. Trasévalet på turen gir mange høve til å korte ned turen for dei som ynskjer det.

Indre Nordfjord Turlag Leiar OLAV HELMER AUFLEM 6783 Stryn E-post: olav.auflem@enivest.net Tlf. 414 65 056

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

35


Steinsenteret i Førde Fagmiljø har tatt over Førde Granitt sitt steinsal med nytt lokale etablert i Firdavegen 20 . vi har stort utvalg av skifer og naturstein, betongstein, kantstein, murstein og gravminne.

Forblending frå kr 1595,-pr.m2

No

rsk

kv

Betongstein frå kr 179,-pr.m2

Skiferflis frå kr 349,-pr.m2

Fleire gravminner utstilt i butikk

ali

tet

ss

kif

er

frå kr 299,-pr.m2

Handmurstein kr 1895,-pr.m2

Kr 799,- pr 4 stk Kr 549,- pr 2 stk Kr 695,- pr 2 stk

12 volt led belysning for hage og stein

Kr 975,- pr4 stk

Norwich bord 100x160-260 med 6 stk. Fiesta stoler Kr 19 540,Lotus Mira 4 3-7 kw 117 kg 101 cm høg Kr 14 990,-

Lotus 9210 3-7 kw 117 kg 125 cm høg Kr 16 990,-

Lotus Prio M 3-8 kw 310 kg 148 cm høg Kr 26 990,-

Lotus Prestige 3-7 kw 143 kg 146 cm høg Kr 32 990,-

Lotus Unico Peis for innbygging fås med glass i front og valgfritt med glass på ei eller begge sider. 4-9kw,122 kg

Kr 14 990,-

Fagmiljø Firdavegen 20

Frå kr 22 990,-

36

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

modulsofa inntil -30 % forhandler av

-Møblar -Interiør -Vedovn -Pipe -Stein -Gravminne

6800 FØRDE, Tlf: 57 72 10 60 www.fagmiljo.no Åpningstider: 09.00-16.30, Torsdag 09.00-18.00, Lørdag 10.00-15.00


UT PÅ TUR… i vår flotte natur Din lokale kraftleverandør av

Din lokale kraftleverandør

FORNYBAR ENERGI

Vi er også leverandør av:

Din lokale kraftleverandør av

FORNYBAR Din lokale kraftleverandørENERGI av

Natur – til nytte og glede

FORNYBAR ENERGI

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

www.sunnfjordenergi.no

til nytte og glede oss på tlf. 57 72 23 00 glede og nytte-Kontakt Natur – tilNatur Den lokal drivkrafta!

www.sunnfjordenergi.no www.sunnfjordenergi.no Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

Ope: 08-20

Tur-/fjellsko frå

Tlf 578 20471 - Elvetorget, 3. etg. Førde

www.sunnfjordenergi.no

12.-14. juni 2015 Kom nærast ei trekt idealvekt – VINN denne bilen! Volvo V40 Cross Country – verdi kr 335.800,-

DDE

Meld deg på her: www.jolsteraurefest.no I tillegg kr.10.000 i premie for tyngste fisk.

na Dahl Trio

Terje Sporsem Cari

sland

rtin Alfsen Børge Ou

Vidar Johnsen Ole Ma

w.billettservice.no

Kjøp billett her: ww VÅRE SPONSORAR:

Jølster

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

37


Overnatting i Sogn og Fjordane BALESTRAND

BREMANGER

SOLUND

Kviknes Hotel Kviknesvegen 8 6898 Balestrand Tlf. 57 69 42 00 E-post: booking@kviknes.no www.kviknes.no

Knutholmen & Kafe Vest 6729 Kalvåg Tlf. 57 79 69 00, 995 03 061 post@knutholmen.no www.knutholmen.no

Solund Rorbuferie Hjønnevåg 6928 Kolgrov Tlf. 917 92 230 – 577 86 790 post@solundferie.no www.solundferie.no

Midtnes Hotel Kong Belesveg 33 6898 Balestrand Tlf. 57 69 42 40 post@midtnes.no www.midtnes.no

GLOPPEN Gloppen Camping og Fritidssenter AS 6823 Sandane Tlf. 57 86 62 14, 414 68 433 post@gloppen-camping.no www.gloppen-camping.com

JØLSTER Jølvassbu Camping 6847 Vassenden Tlf. 920 62 203 – 922 23 698 post@jolvassbu.no www.jolvassbu.no Thon Hotel Jølster Postboks 23 6841 Skei i Jølster Tlf. 57 72 78 00 jolster@thonhotels.no thonhotels.no

HØYANGER

Langesjø Hyttegrend Myklebustdalen 6737 Ålfoten Tlf. 974 70 141 ahm.langesjo@enivest.net www.aalfoten.no

Øren Hotel AS Elvegata 14 6993 Høyanger Tlf. 57 70 76 00 post@orenhotel.no www.orenhotel.no

VÅGSØY Skongenes Fyr Ytre Nordfjord Turlag 6701 Måløy Tlf. 938 54 398, 992 27 470 www.ut.no/hytte/ skongenes-fyr

GAULAR Sande Kro og Hotell 6973 Sande i Sunnfjord Tlf. 57 71 80 50 post@sandehotel.no www.sandehotel.no

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

Oldevatn Camping 6788 Olden Tlf. 57 87 59 15 – 993 00 967 – 90 54 13 24 post@oldevatn.no www.oldevatn.no

AURLAND Flåmsbrygga Hotell & Ægir Bryggeri og Pub 5742 flåm Tlf. 57 63 20 50 booking@flamsbrygga.no www.flamsbrygga.no Østerbø Fjellstove Aurlandsdalen 5745 Aurland Tlf. 57 63 11 77 post@aurlandsdalen.no www.aurlandsdalen.com

Øvrebø Hytter og Motell Vassenden 6847 Jølster Tlf. 901 96 272 post@ovrebohytter.no ovrebohytter.no

38

Stryn Camping Heilårsope i Stryn sentrum 6783 Stryn Tlf. 57 87 11 36 post@stryn-camping.no www.stryn-camping.no

Bremanger Kystturisme AS «Havly», Iglandsvik 6727 Bremanger Tlf. 57 79 21 30 havly.bremanger@enivest.com www.havlypensjonat.no Svelgen Hotell Postboks 34 6721 Svelgen Tlf. 577 96 520 post@svelgenhotell.no www.svelgenhotell.no

STRYN

Innvik Fjordhotell Rv60 Innvik 6793 Innvik Tlf. 57 87 49 90 post@innvikfjordhotell.no www.innvikfjordhotell.no PlusCamp Sande Camping 6789 Loen Tlf. 416 69 192 post@sande-camping.no www.sande-camping.no Loenvatn feriesenter 6789 Loen Tlf. 57 87 76 55 – 402 46 871 tor.sande@enivest.net www.loenvatn.com


dress up your bed

NEW NORDIC personlig tilpasset seng

adaptive™ flytt. juster. tilpass.

Wonderland A6 adaptive™ Seng med Premium Hyperflex overmadrass. 192/206 cm eks. ben.

K AMPA NJ EP R IS

19.995,-

Adaptive ben 19 cm kr 1.470,-. W200 Hodegavl kr 4.990,-

PERSONLIG TILPASSET SENG wonderland 332 scala regulerbar med Split hyperflex overmadrass, 160/200 cm eks. ben/hodegavl.

K AM PAN J E PRI S

19.995,kampanjeperioden gjeld til 30. mai

FØRDE VAREHUS Møbel-og utstyrsenter Førde - tlf. 57 72 37 90

TURMAGASINET SOGN OG FJORDANE TURLAG 2015

39


BLI MED I 2015

Foto: Indre Sunnfjord Turlag

Meld deg inn: www.dnt.no/medlem/ eller på turlagskontoret. Du kan også sende melding DNT til 2013.

UNGDOMSMAGASINET UT Medlemer i alderen 13-26 år får sitt eige ungdomsmagasin to gonger i året.

FØRDEFESTIVALEN DNT-medlemer får 20% rabatt på festivalpass.

RABATT PÅ FORSIKRING DNT-medlemer får inntil 18 prosent rabatt på forsikring hjå Gjensidige. FJELL OG VIDDE Fjell og Vidde er landet sitt største friluftsmagasin og blir sendt til medlemene seks gonger i året.

Rabatt på turutstyr DNT-medlemer får rabatt på turutstyr og kart. I DNT sin nettbutikk kan du også gjere gode kjøp. Sport 1 i Førde og på Sandane og Eid gir 15 % rabatt på turutstyr og fleire lag har avtale med lokale sportsbutikkar. Spør ditt lokallag! FELLES TURPROGRAM – SFT Felles Turprogram blei sendt alle husstandar i slutten av februar

EIGEN DNT-NØKKEL Som medlem får du DNT sin standardnøkkel til hyttene. Skaff deg den på turlagskontoret, Langebruvegen 9, 6800 Førde eller hjå lokal sportsforretning.

RABATT PÅ 500 HYTTER Som DNT-medlem får du rabatt på overnatting og mat på alle DNT-hyttene.

TURMAGASINET Turmagasin blir sent ale husstandar i midten av mai. ÅRBOK Årboka blir sendt medlemene i november

Alt dette får du som medlem i DNT/lokalt turlag

UTGJEVE AV SOGN OG FJORDANE TURLAG Ansvarleg for denne avisa er redaksjonskomiteen: Leiar: Marino J. Ask/ m-jas@online.no, Ragna Renna, Espen Bruun og Astrid Kalstveit Fagleg rådgjevar og skribent: Anne Rudsengen / tlf. 959 63 888 /annerudsengen@gmail.com Desse har også bidrege: Lokallaga i fylket Framsidefoto: Balestrand og Høyanger Turlag på tur til Vindreken i Esefjorden i 1200 meters høgde. Her er jenta på «Dragen», med skikkeleg sug ned til Yglebotn, 1000 meter under. Foto: Jørgen Hundseth. Utforming og annonsar: Findriv AS Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Opplag: 46 000 Distribusjon: C-post til heile fylket

FYLKESLAGET SOGN OG FJORDANE TURLAG (SFT) Besøksadresse: Langebruvegen 9, 6800 Førde Postadresse: SFT, postboks 10, 6801 Førde Dagleg leiar: Astrid Kalstveit, tlf. 57 72 06 14 / sogturla@online.no Prosjektleiar Ung: Espen Bruun, tlf. 995 10 666 / dntungsft@yahoo.no Heimeside: www.turistforeningen.no/sognogfjordane Styreleiar: Marino J. Ask, tlf. 900 89 570 / m-jas@online.no Kurs- og Fjellsport: Leiar: Vigdis Flaten Kvamme, tlf. 481 06 362 /vigdis.kvamme@enivest.net Naturvern: Leiar: Ron Overdevest, tlf. 976 74 654, ron@blomtre.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.