Fjell høgre brosjyre

Page 1

Fjell Høgre Kommunevalg 2015


jF ell "Vi har mye å være stolte av i vår region" Tom Georg Indrevik


Kjære veljar, Fjell kommune har gjennom mange år vore inne i ei god utvikling, og tenestene som blir ytt til innbyggjarane er gode. Likevel meiner vi i Høgre at det framleis er mogleg å bli enda betre. Arbeidet med å starta opp bygging av eit nytt Sotra Samband vil stå sentralt i komande periode. Andre vegprosjekter som det også er viktig å finne ei rask løysning på, er realisering av ein ny veg mot nabokommunane i nord og sør, samt rusta opp lokalvegnettet i hele regionen. I samband med vegprosjekta er det viktig å leggje til rette for gode sykkeltrasear. Vi har mykje å vera stolte av i region vår. Eg ønskjer å bli ordførar for å bidra ytterlegare til at vi alle kan vera stolte strilar. Stoltheit vert skapt av den enkelte i vårt samfunn og i samarbeid med andre. Fjell Høgre har difor i denne valkampen satt fokus på alt vi kan vere stolte av. Som ordførar vil eg nytta mykje tid til å lytte til deg som innbyggjar. Vekst og nyskaping skjer ofte i samarbeid mellom offentlege og private aktørar. I den kommande perioden er det avgjerande at vi klarer å skape rammer for ytterlegare vekst og utvikling. Med meg som ordførar får du ein som er oppvaksen og bur på Kolltveit, har tre barn og er godt gift. Eg har bakgrunn frå mange ulike rollar i næringslivet og i frivillige organisasjonar. Vi håpar at du vil gje oss di stemme slik at vi kan halde fram arbeidet med å sikre at regionen og Fjell kommune blir den leiande i Norge også i framtida. Godt val! Tom Georg Indrevik, ordførerkandidat Fjell Høgre.


Fjell Høgres hovudsaker Fjell Høgre er for deg som ønskjer det beste for Fjell kommune og alle innbyggjarar i kommunen. Fjell Høgre er for deg som vil styrkje kommunen og leggje planar for framtida. Ved å stemme på Fjell Høgre ved kommunevalet 14. september legg du grunnarbeidet for ei god framtid som #stoltstril.

Næring Vi ynskjer å ha ein god og levande næringspolitikk. Vi ynskjer tryggleik for eksisterande arbeidsplassar og legge til rette for nye. Gjennom vår næringspolitikk ynskjer vi å fremje Fjell Kommune sine positive særpreg og jobba saman med næringslivet for å stimulera initiativ som gjer Fjell Kommune appellerande for kunnskapsbaserte arbeidsplassar. For å tilpasse oss våre nabokommunar, må vi vurdera eigedomsskatt på næringsbygg.

Skule og unge Vi ynskjer at Fjell Kommune skal fortsetta å vera ein trygg stad å bli vaksen. Det vil vi oppnå med ein brei tilnærming til alle små og unge i kommunen heilt frå barnehage alder og fram til vidaregåande. Vi satsar på kunnskap og kvalitet. Skulen er ein stad for å lære. Vi vil tryggja og ha fokus på kvalitet i våre barnehagar. Vi vil auka satsinga mot mobbing i småskulen, spesielt gjennom gode samarbeidsprosjekt på tvers av skulane. Vi vil òg satsa på ungdomen i Fjell ved å få ein ny samlingsstad for ungdom på Ågotnes, og arbeida for å flytta helsestasjonen for ungdom til Straume. Vi vil setja i gang tiltak for å betra resultata på dei nasjonale prøvande, vi skal gjera da kjekt å vera god, det er lov å lukkast. Vi ynskjer å vera ein pilotkommune for å styrka fokus på matematikk, vi ynskjer å opne for at elevar i ungdomsskulen skal få anledning til å ta fag på høgare nivå.


Helse Vi vil ha fokus på førebyggjande arbeid innan omsorg, rus og psykiatri. Vi vil få på plass bustadar med bemanning for dei med alvorlege psykiske lidingar. Vi vil styrkje barnevernet ved å auka støtteapparatet for fosterheimar med ansvar for barn med særskilde behov. Vi satsar på å bli ein føregangskommune i behandling av demente gjennom samarbeid med Bergen, Sund og Øygarden. Vi vil ha røntgenavdeling i Fjell Kommune. For å nå våre mål og visjonar for kommunen vil auka samarbeid med frivillige og private aktørar. Det er viktig at omsorgstenesta alltid har kvalifisert personell. Vi vil ha natteramnar på Straume og Ågotnes. Vi satsar vidare på det gode prosjektet «Muligheten» som gjev ein meiningsfylt kvardag for sosialhjelpsmottakarar. Fjell er god på helse og det skal vi fortsatt væra.

Samferdsel Sotrasambandet – vi skal arbeida konstruktivt for at nytt samband realiserast så snart som muleg. Vi skal fortsetta å aktivt bruka rekkjefølgjekrav knytt til utbygging, slik sikrar vi også trafikktryggleik i nye områder. Vi vil arbeida for å løyva midlar til å oppfylla kommunens trafikksikkerhetsplan. Vi vil sluttføra arbeidet med reguleringsplan for ny veg frå Kolltveit til Skogsvåg. Vi er visjonær og vil samarbeida med Sund og Øygarden for på sikt å få ei utgreiing om konsekvensane knytt til muleg nytt fastlandssamband i nord og i sør. Vi ynskjer å styrkje kollektivtransport gjennom auka bruk av «park&ride» anlegg i samarbeid med Skyss og Fylkeskommunen. Vi er positiv til realiseringa av hurtigbåt frå Fjell til Bergen som transportalternativ. Vi vil vera pådrivar for Offentleg- og Privat Samarbeid (OPS) knytt til effektiv vegutbygging. Vi vil vurdera å overta ansvaret for fylkesvegar i regionen som ledd i ny kommunestruktur.


Karsten H. Sprenger Fjell Høgres 2. kandidat. 35 år og busett på Trengereid i Søre Fjell. Karsten jobbar som organisasjonssekretær i Hordaland Høgre. Han har tidlegare jobbet i FN og i Europaparlamentet i Brussel, samt jobba som konsulent for oljenæringen i Midtausten. Han ønskjer ei auka bustadbygging i grendene våre, for å sikra livskraftige lokalsamfunn i Fjell kommune. Karsten brenner òg for ei samanslåing av kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Dette vil leggje grunnlaget for betre kommunale tenester for innbyggjarane og vil gjere ein ny øykommune meir slagkraftig for framtidige utfordringar.


Helena Morland Hansen Fjell Høgres 3.kandidat. 29 år og busett på Knarrevik. Helena har utdanning innan administrasjon og statsvitskap. Ho jobbar innan logistikk og planlegging i privat sektor. Ho har tidlegare vore med i kommunestyret i Fjell i éin periode. Helena ønskjer å arbeida for at alle innbyggjarane i Fjell skal få det same tilbodet. Ho vil arbeida for at skuletilbodet skal styrkast slik at ein sikrar framtidsmulegheitene for alle elevane. Helena vil jobba for ein langsiktig berekraftig økonomi for kommunen, det inkluderer foredling av kommunale eigedomar, leggje til rette for kommunens behov, no- og i framtida.


Ernst M. Einarsen Fjell Høgres 4. kandidat. 52 år og busett på Foldnes. Som jurist og økonom har Ernst hatt ulike leiaroppgåver i privat sektor. Han er for tida administrerande direktør Sartor Holding AS som driv med utvikling og forvaltning av eigedom. Ernst har vore medlem av kommunestyret i tre periodar kor han først og fremst har arbeida med skule-, omsorg- og helsepolitiske saker. Han ønskjer å prioritere arbeidet med å styrka omsorgssektoren. Samtidig ønskjer han ytterligare satsing på terapeutar, og meir tid til rådigheit i møte mellom brukarane og til dømes heimesjukepleia. Han er òg svært opptatt av å styrke arbeidet for å oppdage og redusere mobbing i skulen, samt å fortsetje arbeidet med å trafikksikre skulevegane våre.


Henriette Nordtveit Fjell Høgres 5. kandidat. 20 år og busett på Ågotnes Henriette ønskjer ein god skule, der fagleg sterke og svake elevar får utfordringane dei treng for å utvikle seg og oppleva mestring. Hennar hjartesak er å skape og oppretthalde trygge opphaldsplassar for barn og unge i kommunen. Hun vil de komande fire åra jobbe for å innføre nivåvalg i enkelte fag på ungdomsskulen.


Kirsten Syljeset Fjell Høgres kandidat på Hordaland Høyres fylkestingsliste (nr. 14). 54 år og busett på Hjelteryggen. Som folkevalgt i Fjell, var skulepolitikk ein av hennar viktigaste hjertesaker - og dette er hovudgrunnen til å ønskje å gjere ein jobb på fylkestinget. Hun vil jobbe for å få etablert og bygd ein ny vidaregåande skule på Straume. Målet er at Sotra Vidaregåande skule skal få eit faglig innhald og særpreg som igjen vil gjere at den blir ein av dei føretrekte vidaregåande skulane i Hordaland. Ho vil også jobbe for at den vedtekne Trafikksikringsplanen i Fjell får høg prioritering hos fylkeskommunen.


Kommunestyrekandidater Fjell Høgre 1. Tom Georg Indrevik, 1969 2. Karsten Sprenger, 1980 3. Helena Morland Hansen, 1985 4. Ernst M. Einarsen, 1963 5. Henriette Nordtveit, 1995 6. Dag Slettebakken, 1973 7. Kåre Dyrøy, 1939 8. Tore Lønøy, 1964 9. Cecilie Rathem, 1980 10. Jon Inge Matre, 1965 11. Fredrik A. Indrevik, 1995 12. Lene Thorsen, 1969 13. Dan Christensen, 1964 14. Ingvild R. Dypevik, 1974 15. Stian Telle, 1973 16. Anita Undal, 1979 17. Bjørn T. Wilhelmsen, 1978 18. Bjørn Rathem, 1954 19. Berit Anita Larsen, 1942 20. Ole Hovland, 1946 21. Kari Bragstad, 1947 22. Ole Magne Høyland, 1945 23. Astrid B. Engeseth, 1972 24. Arnfinn Gunnberg, 1952 25. Torill Aglen, 1948 26. Audun Tellnes, 1957 27. Birger Møvik, 1945 28. Eli Årdal Berland, 1952

Kolltveit Trengereid Knarrevik Foldnes Ågotnes Bjorøy Spjeld Kolltveit Hjelteryggen Ekerhovd Kolltveit Kolltveit Brattholmen Kolltveit Ågotnes Knarrevik Fjell Hjelteryggen Kolltveit Bildøy Morland Ekerhovd Vindenes Ekerhovd Straume Solsvik Møvik Eide


Når og kor kan du gje din stemme? KRINS

STEMMESTAD

ÅPNINGSTIDAR

Tellnes krins Ulveset krins Skålevik krins Ågotnes krins Kolltveit krins Foldnes krins Brattholmen krins Knarrvik krins Bjorøy krins

Tellnes skule Ulveseth skule Skålvik skule Ågotnes skule Fjell ungdomsskule Foldnes skule Brattholmen skule Hjelteryggen skule Bjorøy skule

Alle stemmelokaler har åpent: Mandag 14. september 09.00 - 21.00 Husk legitimasjon!

FØREHANDSRØYSTING VED HELSE OG OMSORGSINSTITUSJONER Kvednatunet – 8. september frå kl 10 – 12 Straume bu- og servicesenter – 9. september frå kl 10 – 11 Fjell sjukeheim – 9. september frå kl 1130 1330

FORHÅNDSSTEMMING Hvem som helst kan forhåndsstemme, og du trenger ikke oppgi årsaken. Den ordinære forhåndsstemmegivningen skjer mellom 10. august t/m 11. september.

I Fjell kan du førehandsrøysta på følgjande stader Fjell rådhus, servicetorget Sartor senter, Fjell folkeboksamling Meir informasjon: www.fjell.kommune.no/Politikk/Val-2015

www.fjell.hoyre.no facebook.com/fjellhogre


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.