jF ell Valprogram 2015-2019 Fjell Høgre
Kjære veljar, Fjell kommune har gjennom mange år vore inne i ei god utvikling, og tenestene som blir ytt til innbyggjarane er gode. Likevel meiner vi i Høgre at det framleis er mogleg å bli enda betre. Arbeidet med å starta opp bygging av eit nytt Sotra Samband vil stå sentralt i komande periode. Andre vegprosjekter som det også er viktig å finne ei rask løysning på, er realisering av ein ny veg mot nabokommunane i nord og sør, samt rusta opp lokalvegnettet i hele regionen. I samband med vegprosjekta er det viktig å leggje til rette for gode sykkeltrasear. Vi har mykje å vera stolte av i regionen vår. Eg ønskjer å bli ordførar for å bidra ytterlegare til at vi alle kan vera stolte strilar. Stoltheit vert skapt av den enkelte i vårt samfunn og i samarbeid med andre. Fjell Høgre har difor i denne valkampen satt fokus på alt vi kan vere stolte av. Som ordførar vil eg nytta mykje tid til å lytte til deg som innbyggjar. Vekst og nyskaping skjer ofte i samarbeid mellom offentlege og private aktørar. I den kommande perioden er det avgjerande at vi klarer å skape rammer for ytterlegare vekst og utvikling. Med meg som ordførar får du ein som er oppvaksen og bur på Kolltveit, har tre barn og er godt gift. Eg har bakgrunn frå mange ulike rollar i næringslivet og i frivillige organisasjonar. Vi håpar at du vil gje oss di stemme slik at vi kan halde fram arbeidet med å sikre at regionen og Fjell kommune blir den leiande i Norge også i framtida. Godt val! Tom Georg Indrevik, ordførarkandidat for Fjell Høgre
Politikk for oppvekst, barnehage og skule - Kunnskap, læring og trivsel. Skule, og utdanning er eit viktig satsingsområde for Høgre i Fjell. Ein god skule i Fjell kommune gjev elevane våre kunnskap, og bidrar til gode føresetnadar for framtida. Fjellskulen har i løpet av dei fire siste åra satsa på mellom anna lesing, klasseleiing og leiarutdanning. Vi opplever at lesing og rekning i skulen er ei utfordring. Fjell Høgre ynskjer difor å setje fokus på utfordringa og leggje til rette for at tiltak vert tatt i bruk og fylgt opp. Kommunen har innført «leselærar» som ein ekstra ressurs, noko som betyr mykje for leseutviklinga til dei yngste elevane. Vi ynskjer å halde fram tilrettelegginga av kommunikasjonen mellom elev og lærar. Alle skulane i Fjell er forankra i ei felles plattform for læring og utvikling. Denne plattforma seier at ein skal ha tidleg innsats og tilpassa undervisning, slik at elevane tileignar seg kunnskap og møter tryggleik og trivsel i skulen. Fagleg er elevane i Fjell på landsgjennomsnittet. Målet for dei neste fire åra er å betre dei faglege resultata både på nasjonale prøvar og eksamensresultat både i barneog ungdomsskulen. Både å leggje til rette, og arbeide for at elevar i Fjellskulen ikkje vert mobba, er viktig både for elevar, lærarar og føresette. Sjølv om mobbeundersøkinga viser at få elevar føler seg mobba i Fjell, er målet ein skule heilt utan mobbing. Den viktigaste ressursen for å lære er læraren. Det blir difor viktig å halde fram det gode arbeidet som allereie ligg til grunn. Andre viktige områder er ei auka satsing på IKT og å utbetra ambulerande vaktmeisterteneste ved skulane.
I Fjell kommune har vi full barnehagedekning. Barnehagane i Fjell skal vere ein trygg og god stad for leik og læring og vi vil framleis oppretthalde den gode barnehagedekninga, også i åra som kjem. Det er store utfordringar knytt til oppvekstsektoren i framtida. Dei siste fire åra har Fjell kommune vore med i modellprosjektet, som er eit kommuneprosjekt der ein skal rettleie korleis ein skal arbeide med barn og unge. Her som i skulesektoren, er det viktig å avdekkje utfordringar tidleg, slik at ein kan førebyggje desse. Det bør også leggast til rette for at ein kan opprette ein samlingsstad for ungdomsmiljøet på Ågotnes. Høgre sine mål for 2015-2019 • Arbeide for å opprette ein samlingsstad for ungdomsmiljøet på Ågotnes. • Arbeide for at helsestasjonen for ungdom blir flytta tilbake til Straume sentrum i eit meir eigna lokale, slik at ein lettare kjem i kontakt med ungdommen. • Ha fokus på innhald i barnehagane i Fjell kommune. Barnehagen skal vere ein trygg stad for leik og læring. • Gjennomføre fleire prosjekt på tvers av skulane som aukar innsatsen mot mobbing, og som legg fokus på slike utfordringar. • Samarbeide tettare med det lokale næringslivet, slik at elevane dannar seg ei oppfatning om kva for vegval som er det rette for den enkelte. • Auke den økonomiske ramma for eigedomsavdelinga slik at ein kan betre den ambulerande vaktmeistertenesta på skulane. Sikre eit godt vedlikehald på alle kommunale bygg.
• Setje i gang ulike tiltak for å betre resultata på dei nasjonale prøvane og eksamensresultata i kommunen. • Endre haldning til eleven i Fjell, gjennom ulike prosjekt og føredrag. Det skal vere generelt akseptert å vere flink på skulen, og kvar og ein skal ynskje å gjere det endå betre! • Betre leksehjelpa ved at ein set inn lærarar som har kompetanse i dei ulike faga. På den måten kan elevane faktisk få hjelp til leksene. • Pilotkommune: Gjennomføre eit pilotprosjekt for nivådeling i matematikk for 8, 9 og 10. trinn. I dette tilfellet skal nivådelinga avgjerast av elevane sjølv, i samarbeid med faglærar og føresette. • Framleis støtte ”utanfor bok(s)en prosjektet”. Prosjektet går ut på at eleven får nettbrett i staden for lærebøker. Prosjektet skal evaluerast kontinuerleg. • Leggje til rette for at dei lærarane som ynskjer det får ta etter- og vidareutdanning. • Samarbeide med nabokommunane Sund og Øygarden om aktuelle skuleprosjekt. • Sikre at elevar i ungdomsskulen blir tilbydd fag på vidaregåande nivå. • Fjell høgre vil sende fleire lærarar og assistentar i skulen på kurs kor dei får læra meir om korleis ein skal avverja, oppdage, og behandle ei mobbesak.
Helse, omsorg, rus og psykiatri - Kvalitet og respekt i møte med morgondagens omsorg Helse og omsorg, rus og psykiatri er nokre av dei viktigaste sakene for Fjell Høgre. Etablering av det nye lokalmedisinske senteret er ei viktig investering for Fjell kommune i den neste fire års perioden. Fjell Høgre ynskjer å styrke støttetiltak for funksjonshemma, til dømes bustader med bemanning. Oppfølging av fosterheimar er også eit sentralt punkt for Høgre i Fjell. Høgre vil spesielt ha fokus på områda rus og psykiatri og tiltak for dei som vert ramma av demens. På områda rus, psykiatri og demens har Fjell endå oppgåver som må løysast. Dette er særleg viktig med tanke på befolkningsauka i åra som kjem. Førebygging er også viktig for Høgre. Difor ynskjer vi i neste periode å ha fokus på rusomsorg som spesielt er retta mot ungdom i alderen 13-18 år. I nokre tilfelle vil det vere behov for barnebustader. Det blir stadig fleire eldre, det er difor viktig å etablere gode korttidstilbod, rehabiliteringstenester og prosjektet «sjef i eige liv», som gjer brukarane mogelegheit til å bu lenge heime. Fjell Kommune har også utfordringar knytt til demografiske endringar, mangel på helsepersonell og økonomi. I kommunen har vi også ei utfordring knytt til å halde på kvalifisert arbeidskraft. Høgre ynskjer difor at frivillige og private aktørar kan samarbeide for å løyse utfordringar knytt til avlasting innanfor områda helse og omsorg. Vi ynskjer å vidareutvikle tenestene i eit samarbeid med Høgskular og Universitet. Nasjonalt pasientsikkerhetsprogram «I trygge hender 24-7» skal ha høg fokus i Fjell kommune. Målet er å redusere pasientskader ved hjelp av målretta tiltak i heile helsetenesta.
Høgre sine mål for 2015-2019 • Ha fokus på førebyggande arbeid innanfor områda helse/omsorg/rus og psykiatri. • Styrke støtteapparatet for fosterheimar som tar ansvar for barn med særskilte behov. • Få på plass bustader med bemanning for dei med alvorlege psykiske lidingar. • Bli ein pilotkommune for å leggje om behandling av demente ved å byggje ein kommunegrend/bygd for våre demente i samarbeid med Bergen, Sund og Øygarden. • Setje i gang eit prosjekt for ein vikar/bemanningssentral gjennom eit samarbeid med kommunen og private aktørar. I fyrste omgang for å dekkje fråvær i heime – og sosialtenesta. Det er viktig at omsorgstenesta til ei kvar tid har kvalifisert personell tilgjengeleg. • Arbeide tett saman med frivillige lag og organisasjonar. • Opprette eit formidlingskontor for ungdom som kan yte småhjelp til eldre mot noko betaling. Det er viktig å oppretthalde det gode samarbeid mellom UKS og Eldrerådet i kommunen. • Føre vidare prosjektet «Muligheten» som gir ein meiningsfylt kvardag for sosialhjelpsmottakarar. Arbeide for at dei som tek i mot sosialhjelp i alderen 20-40 år får sosialfagleg oppfølging slik at dei klarar å fylle kvardagen med noko meiningsfylt i samarbeid med NAV/BUF og kommunen. • Opprette røntgenavdeling i Fjell kommune i samarbeid med andre aktørar.
• Vere ein føregangskommune når det gjeld velferdsteknologi innanfor helse og omsorg. • Arbeide for etablering av aksjonssenteret som skal kombinere kommunikasjon med brukarar og sikre handling gjennom kontakt med tenesteleverandørar, anten dei er kommunale, private eller frivillige. • Arbeide for å etablere ei utviklingseining med realisering av eit heilt nytt totalkonsept for tenesteleveranse til ei sterkt veksande gruppe av eldre i kommunen. • Arbeide for å få til ei etablering av natteramnar på Straume og Ågotnes som vert knytt til det allereie etablerte nettverket innanfor politi og barnevern.
Samferdsle, for oss vest for Bergen - Raskare, tryggare og framtidsretta I dag er Fjell kommune innfartsåra til der alle vil bu og arbeide. Dette medfører eit særskilt ansvar for våre innbyggjarar, slik at dei vert sikra ei effektiv handsaming av trafikken og at dei mjuke trafikantane vert ivaretatt. Det lokale næringslivet er avhengig av effektiv transport, og innbyggjarane i Fjell har krav på å kome seg trygt og raskt fram mellom arbeid og heim, samt skule, barnehage og fritidsaktivitetar. Det er viktig både for privatbilisme, kollektivtrafikk og varetransport at vi løyser dei trafikale utfordringane.
Høgre sine mål for 2015-2019 • Arbeide konstruktivt for at nytt Sotrasamband kan realiserast snarast. • Bruke rekkjefølgjekrav aktivt for å skape trygge og effektive vegløysingar. • Sluttføre arbeidet med reguleringsplan for ny veg frå Kolltveit til Skogsvåg (nord/sør). • Auke bruken av «Park&Ride»-anlegg i samarbeid med Skyss/Hordaland Fylkeskommune og få auka frekvensen av busstilbodet. • I samarbeid med Sund og Øygarden på sikt utgreie om konsekvensane knytt til moglegheitene for eit fastlandssamband i nord frå Øygarden til Askøy og i sør frå Sund til Bergen.
• Vere ein pådrivar for å ta i bruk rimelegare og meir effektive finansierings- og utbyggingsalternativ for framtidig vegutbygging gjennom offentleg og privat samarbeid (OPS). • Arbeide for å løyve midlar til å oppfylle trafikksikringsplanen slik at vegane våre vert tryggare for mjuke trafikantar. • Pilotprosjekt: Vurdere å ta over ansvaret for Fylkesvegen i regionen som eit ledd i ein ny kommunestruktur. • Vere positiv til at Hurtigbåt frå Fjell til Bergen realiserast som eit transportalternativ. • Vere ein pådrivar for at fylkeskommunen skal gjennomføre ein gjennomgang av belysninga langs fylkesvegane i kommunen.
Næringsliv – Verdiskaping, vekst og samspel Fjell og regionen har eit sterkt og mangfaldig næringsliv. Å etablere næring i vår region skal vere attraktivt. Val gjort av lokalpolitikarar har ringverknader for næringslivet i regionen. Næringslivet må oppleve trygge og langsiktige rammevilkår. Fjell Kommune må difor styre etter ein heilskapleg politikk. Høgre sine mål for 2015-2019 • Fjell Høgre sin næringspolitikk skal skape tryggleik for eksisterande arbeidsplassar og leggja til rette for nye. • Arbeide for at Fjell kommune utnyttar sine unike eigenskapar. Dette til dømes vere gjennom auka øko- og kulturarvturisme. • Stimulere initiativ som gjer Fjell kommune meir interessant for kunnskapsbaserte arbeidsplassar. • Ha rask tenesteyting i kommunen for næringslivet. • Bidra til at Kommunen blir den aktuelle staden for store arrangement som meisterskap, kulturarrangement og messer. • I dialog med næringslivet finne smarte arbeidsformer for framdrift av planprosessar. • Fjell Høgre vil ikkje innføre eigedomsskatt på privat bustad. Eigedomsskatt på næring må vurderast utifrå ei tilpassing til våre nabokommunar. • Leggje til rette for læreplassar i kommunen og i det lokale næringslivet. • Revidere Straumeplanen.
Administrasjon - Positiv, kompetent og effektiv Alle tilsette i Fjell Kommune gjer kvar einaste dag ein formidabel innsats for å levere best mogleg tenester til innbyggjarane i regionen. For Høgre er det viktig at Fjell Kommune står fram som ein attraktiv arbeidsgjevar, slik at vi kan trekkje til oss den kompetansen vi har behov for innanfor alle fagområde. Kommunen har avgrensa med ressursar, noko som gjer det endå viktigare å ha ein effektiv kommuneadministrasjon. For Fjell Høgre vil dei utfordringane kommunane i regionen har best kunne løysast i samarbeid mellom Sund, Fjell og Øygarden. Dette samarbeidet vil vere naudsynt for å sikre innbyggjarane dei tenestene som dei har behov for, og gjere det meir attraktivt for bedrifter som ynskjer å etablere seg i området. Høgre sine mål for 2015-2019 • Halde fram arbeidet med ny kommunestruktur med sikte på å få etablert ein ny kommune innan utgangen av komande periode. • Sikre ein god og føreseieleg arbeidsgivarpolitikk til kommunen. • Knyte oss opp mot aktuelle Universitet og Høgskular for å sikre ei langsiktig rekruttering. • Auka tal på lærlingplassar der det er mogleg. • Leggje til rette for at kommunen sine tenester kan lokaliserast andre stader enn Fjell rådhus. • Fjell kommune skal ha ein heilskapleg strategi for forvalting av kommunale eigedomar.
Utvikling av grendene – Samhald, nærleik og tryggleik. Fjell består av mange aktive og engasjerte grender. Grendene utgjer eit stort og positivt vekstpotensial for Fjell kommune. For Høgre er det viktig å utvikle grendene i åra som kjem, i dialog med innbyggarane. Fjell sine mange grender er attraktive buplassar med gode nabotilhøve, rekreasjon og friluftsmoglegheiter i den vakre naturen. Høgre sine mål for 2015-2019 • Arbeide for auka bustadbygging i grendene våre for å sikra livskraftige lokalsamfunn. Samtidig ynskjer vi å bruke rekkjefølgjekrav for ikkje unødig å belaste viktig infrastruktur som veg, skole, barnehage mm. • Arbeide for å finne løysingar saman med Skyss/ Hordaland Fylkeskommune som gjer at busstilbodet i grendene vert betra. • Arbeide saman med innbyggarane, for å etablere fleire og meir tilgjengelege turområder, badeplassar og gjestehamner. • At born og elevar skal ferdast trygt langs skulevegane. Fjell Høgre vil difor vere ein pådrivar overfor fylkeskommunen for å sikre høg prioritet på trygging av vegar der fylkeskommunen er eigar. • Finne smarte løysingar der Grendalag kan overta eigarskap av for eksempel hamneområder som i dag er eigd av kommunen.
Kultur, idrett og frivilligheit - Tilgjengelegheit, inkludering og samhald Fjell Høgre har som mål at alle innbyggjarane i Fjell Kommune skal vere i aktivitet. Kommunen bør samarbeide med Sund og Øygarden slik at innbyggjarane kan dra nytte av det tilbodet som er best tilgjengeleg. Vi treng ein aktiv frivillig sektor for å få god balanse mellom alle dei ulike behova innbyggjarane har og dei offentlege fellesskapsløysingane. Fjell Høgre vil leggje til rette for at ressursgruppene, som eldre og innvandrarar, i større grad kan delta i frivillig aktivitet. Fjell Kommune må ha som mål å vere ein stad der innbyggjarane opplever fråvær av diskriminering og mobbing ved at mangfald, inkludering, likeverd og ytringsfridom er viktige verdiar. Kommunen må også garantere tilbod om likeverdige tenester og moglegheiter for å bli inkludert i ulike samfunnsaktivitetar. Fysisk og metodisk tilrettelegging for enkelte målgrupper, slik som menneskjer med nedsett funksjonsevne, eldre og innvandrarar, må vere ei sjølvfølgje.
Høgre sine mål for 2015-2019 • Leggje til rette for informasjonsflyt om det mangfaldet av kultur – og idrettstilbod som er tilgjengeleg, til dømes på heimesidene til kommunen. • Styrke samarbeidet med Sund og Øygarden, slik det er gjort med kulturskulen.
• At det blir etablert eit godt utvikla og tilrettelagt turløypenett i kommunen med god merking og informasjon, spesielt i områder der dette kan vere ein alternativ skuleveg. • Fjell kommune skal ha ambisjonar om igangsetjing av fleire tiltak for universell utforming av opparbeida uteområde, slik at flest mogleg kan drive med fysisk aktivitet. • Intensivera prosjekt mot mobbing og rusførebygging, slik som «Trygg i Fjell» og «Bry deg» - prosjekta. • Jobbe saman med idrettslaga på Ågotnes for på sikt å vidareutvikle idrettsanlegget på Ågotnes. • Å feire 2017 som «Idrettsåret» i Fjell kommune, med hovudfokus på SykkelVM. • Sluttføre arbeidet med ny sykkelstrategi.
Kysten, miljø og friluftsliv –Arbeide, leva og bu. Fjell kommune byr på den aller beste norske naturen. Med det opne havet i vest, utstrakt utmark, høge fjell og fleire moglegheiter både for fisking og symjing, er det lite som manglar. Det er difor viktig at vi forvaltar den flotte naturen på best mogleg måte, både for dagens bruk og framtidas behov. Innbyggjarane i Fjell har i alle tider arbeidd, levd og budd langs sjøen. Vi har nytta oss av dei ressursane havet har gitt oss, og forvalta dei slik at vi har hatt moglegheit til å vidareføre kystkulturen vår i fleire generasjonar. Fjell Høgre meiner at vi som bur langs kysten sjølv veit best korleis vi skal forvalte strandsona vår og ressursane knytt til dette. Difor må kysten leggjast til rette for at den kan brukast av alle. Fjell Høgre vil styrkje merksemda rundt allemannsretten til fri ferdsel i utmark, og vil arbeide for å sikre betre tilgang til naturområda. Nordsjøløypa er eit veldig godt døme på korleis innbyggjarane kan bruke utmark og samtidig nyte kulturlandskap og historiske miljø. Kommunen må leggje til rette for eit godt utvikla og tilrettelagt turløypenett med god merking, spesielt i område der dette kan vere alternativ skuleveg. Fjell kommune må leggje til rette for eit godt samarbeid mellom ulike offentlege aktørar, samt næringsliv og grunneigarar. Dette vil bidra til å finne gode løysingar på vanskelege utfordringar, samt ein god måte å utnytte moglegheitene på. Det er svært viktig at kommunen styrkjer oljevernberedskapen og tryggleik til sjøs, gjerne i samarbeid med våre nabokommunar. Kommunen må også leggje til rette for miljøvennlege tiltak i regi av tenestene til kommunen, slik som FjellVar.
Høgre sine mål for 2015-2019 • Fjell Høgre vil ta vare på allemannsretten til fri ferdsel i utmark og sikre tilgang til naturområda. • Fjell Høgre vil leggje til rette for endå fleire merka turløyper i kommunen. • Fjell Høgre vil leggje til rette for framtidig bruk av landstrøm for offshore skip. • Stimulera til å etablera gjestehamner med vatn- og straumforsyning for småbåtar, ei på vestsida og ei på austsida av Sotra. • Syte for at den kystnære tettstadutviklinga i Sotra Kystby blir fremma som eit viktig nasjonalt utstillingsprosjekt. • Sjø- og båtplass skal vere ei sjølvfølgje for dei som ynskjer dette. • Arbeide for fleire tilgjengelege rampar for utsetjing av båt. • Arbeide for at forvaltinga av strandsona blir overført til kommunane.
Kommunestyrekandidater Fjell Høgre 1. Tom Georg Indrevik, 1969 2. Karsten Sprenger, 1980 3. Helena Morland Hansen, 1985 4. Ernst M. Einarsen, 1963 5. Henriette Nordtveit, 1995 6. Dag Slettebakken, 1973 7. Kåre Dyrøy, 1939 8. Tore Lønøy, 1964 9. Cecilie Rathem, 1980 10. Jon Inge Matre, 1965 11. Fredrik A. Indrevik, 1995 12. Lene Thorsen, 1969 13. Dan Christensen, 1964 14. Ingvild R. Dypevik, 1974 15. Stian Telle, 1973 16. Anita Undal, 1979 17. Bjørn T. Wilhelmsen, 1978 18. Bjørn Rathem, 1954 19. Berit Anita Larsen, 1942 20. Ole Hovland, 1946 21. Kari Bragstad, 1947 22. Ole Magne Høyland, 1945 23. Astrid B. Engeseth, 1972 24. Arnfinn Gunnberg, 1952 25. Torill Aglen, 1948 26. Audun Tellnes, 1957 27. Birger Møvik, 1945 28. Eli Årdal Berland, 1952
Kolltveit Trengereid Knarrevik Foldnes Ågotnes Bjorøy Spjeld Kolltveit Hjelteryggen Ekerhovd Kolltveit Kolltveit Brattholmen Kolltveit Ågotnes Knarrevik Fjell Hjelteryggen Kolltveit Bildøy Morland Ekerhovd Vindenes Ekerhovd Straume Solsvik Møvik Eide
Foto Side 2, 30: Hans Christian Thorbjørnsen Side 4,8,12,16,18,20,22, 31: Fjell kommune Side 26: Colourbox.com
Når og kor kan du gje din stemme? KRINS
STEMMESTAD
ÅPNINGSTIDAR
Tellnes krins Ulveset krins Skålevik krins Ågotnes krins Kolltveit krins Foldnes krins Brattholmen krins Knarrvik krins Bjorøy krins
Tellnes skule Ulveseth skule Skålevik skule Ågotnes skule Kolltveit skule Foldnes skule Brattholmen skule Hjelteryggen skule Bjorøy skule
Alle stemmelokaler har åpent: Mandag 14. september 09.00 - 21.00 Husk legitimasjon!
FØREHANDSRØYSTING VED HELSE OG OMSORGSINSTITUSJONER Kvednatunet – 8. september frå kl 10 – 12 Straume bu- og servicesenter – 9. september frå kl 10 – 11 Fjell sjukeheim – 9. september frå kl 1130 1330
FORHÅNDSSTEMMING Hvem som helst kan forhåndsstemme, og du trenger ikke oppgi årsaken. Den ordinære forhåndsstemmegivningen skjer fra 10., august til 11. september 2015.
I Fjell kan du førehandsrøysta på følgjande stader Fjell rådhus, servicetorget Sartor senter, Fjell folkeboksamling Meir informasjon: www.fjell.kommune.no/Politikk/Val-2015
fjell.hoyre.no facebook.com/fjellhogre