3 minute read

Boktips fra biblioteket i Hemsedal

Du vil kjenne eit lite stikk av Ingvild Skølt

“Det er ikkje noko som er så vaksent som å vera doktor på ordentleg”, står det på baksida av denne romanen. Hanne er fersk turnuslege, og er veldig usikker på om ho eigentleg kan dette her. Ho har lyse utsikter, gode intensjonar og altfor stor kvit frakk, men det viser seg å vera langt frå lesesal til akuttmottak.

– Du vil kjenne eit lite stikk er debutromanen til hemsedalsjenta Ingvild Skølt. Boka er lett og medrivande skrive, og har fått gode omtaler.

Gård og grunn av Bjørn Ivar Fyksen

Ådal er den største og viktigaste garden i bygda – det meiner bygdefolk flest, og særleg folket på Ådal. Det har dei meint i nokre hundre år, og let seg ikkje affisere av at tidene skifter. På ein storslagen bryllaupsfest i 1980 er alle einige om at brura er heldig som får gifte seg til slik ein gard. 30 år seinare, etter eit mislukka ekteskap og eit drap, er det lite att av både Ådal og folket der. Og av jordbruket i bygda elles.

– Gård og grunn er ifølgje forlaget “en moderne bonderoman om jazz og odel, om et ættesamfunn av i går i utakt med et Norge av i dag.” I tillegg er boka eit mordmysterium.

Welcome to the Hyunam-dong bookshop av Bo-Reum Hwang

Yeongju gjorde alt som var forventet av henne: en god utdanning, en prestisjefylt jobb og et solid ekteskap med en respektabel mann. Men hun ble ikke lykkelig, tvert imot. Midt i fortvilelsen forlater Yeongju sitt respektable liv og satser på drømmen om å åpne sin egen bokhandel i et rolig nabolag i Seoul, Sør-Korea. Bøkene og møtene med kundene i den lille bokhandelen forandrer Yeongju. Hun oppdager også at hun er ikke den eneste skadeskutte fuglen i Seoul, og at det finnes ikke en oppskrift på hva et godt liv er.

– Dette er en varm og lavmælt bok, med karakterer du blir glad i.

Kobbs hus av Thoralf Fagertun

Tre ungar aleine i ein liten robåt, ei litt halvmørk sommarnatt. Dei er på veg til Kobbs hus som ligg som ein stor, svart kloss på ei lita øy langt ute i havet. Dei har høyrt mange historier om Kobb og huset hans, og denne natta vil dei finne skatten som dei trur må vera gøymt der. Kjem dei til å kome før skurkane som held til i den luksuriøse yachten som ligg i bukta?

– Dette er ei ellevill forteljing, om tøffe ungar, ukjente røvarar, kidnappa foreldre og ein skikkeleg original bestefar. Den byr på både spenning og latter og er fin til høgtlesing for barn frå rundt 7-8 år.

Er du tilreisande til Hemsedal?

Kom gjerne innom biblioteket. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du bruke det hos oss, om du ikkje har det kan me lage kort til deg. Alt du låner hos oss kan du levere på biblioteket ditt heime.

Helsing Camilla, Sønnev, Lissy, Sissel og Anne Berit

This article is from: