3 minute read
Dåpsutstyr-utstilling
Flott utstilling av dåpsplagg.
Det var stor interesse for utstillinga i Kraftverket pinshelga. Rundt 250 gjenstandar knytt til dåp var stilt ut. Bak kvar dåpskjole ligg det ein eller fleire historier. Den dåpskjolen med sterkast historie som var utstilt, vart funne att etter skredulykka i Nordberg i Skjåk 13. mars 1913. 13 menneskeliv gjekk tapt i den tragiske ulykka. Fleire av dei som omkom, vart døypte i denne dåpskjolen. Den vart sydd i 1882, 28 dåpsbarn har brukt dåpskjolen. Alle namna er brodert inn. I dag er det Live Rustad som eig dåpskjolen.
Advertisement
Dåpskjolane går gjerne i arv, det var fleire slike i utstillinga, med namna på dei som er døypte brodert på kjolen. Fleire av dei utstilte kjolane og dåpsluene er sydde av same person. Mykje fint handarbeid pregar plagga. Den eldste dåpskjolen på utstillinga, er frå 1813, frå Nigard Kvarberg i Vågå. Den nyaste har 15 år gamle Ronja Morken Gartland sydd, til sin eigen dåp i mai. 94 dåpskjolar, 120 dåpsluer og anna utstyr knytt til dåp var utstilt. Til saman samla utstillinga rundt 250 ting, så det er i sum snakk om ei unik samling med store verdiar. Kyrkjeverje Arnborg Teigum er overvelda over responsen, og rettar stor takk til alle som stilte dåpsutstyr til disposisjon for utstillinga.
Utstillinga var det Kyrkjekontoret i Skjåk, Skjåk Husflidslag, Skjåk Historielag og Skjåk Bygdekvinnelag som stod for. Dei mange som var innom for å sjå på utstillinga, sette stor pris på initiativet. Mykje vakkert handarbeid, reine kunstverka, vart det kommentert. Det vil også bli høve til å sjå dåpskjolane og luene seinare, da dei vart fotografert før dei vart levert attende til eigarane. Teigum fortel at planen er å gjera bilda tilgjengelege på nett.
Av Elias Sperstad
Dåp gjev glede
Dåp skapar stoltheit
Dåp gjer at vi høyrer til Dåp gjev oss ein identitet med gode verdiar
Slik kan eg ramsa opp….. dåp inneber mange ulike sider som rører ved livet vårt.
Som prest er eg særs heldig, som kan vera med på desse flotte seremoniane. Eg vert sjølv glad og stolt!
Den norske kyrkja har satsa stort i år på å synleggjera dåpen i kyrkja. Dåpstalla fell, og kyrkja vil gjera mottiltak mot denne tendensen. Alle kyrkjelyder i Norge vert utfordra på å halde drop-in dåp og gjera andre tiltak for å gjera dåpen synleg og aktuell for folk. Her i Skjåk har vi hatt særs mange dåp etter nyttår; vi har døypt 13 små born og ein konfirmant i løpet av 5 månader. Og eg må seia: her har det vore massevis av glede og stoltheit!
Det er mange gode grunnar til å velje dåp, og kva for ein grunn som veg tyngst, er ikkje så lett å peike på. Eg tenkjer at det er summen av mange ting som fører borna fram til dåp. For meg er det den teologiske sida ved dåpen som er i fokus. Det er atter Jesu oppstode til det nye livet som er ute og går. I dåpen står vi opp til nytt liv i Jesu namn. Den som vert døypt vert født på nytt, seier vi. Og da er det ikkje den biologiske fødselen vi snakkar om, men fødselen til eit nytt åndeleg liv som kristen.
Vi kan gå inn i bibelen sjølve, og lese om korleis Jesus forklarar kva dåp er. Sjå i evangeliet etter Johannes i kapittel 3, der Jesus snakkar med Nikodemus om dåpen.
Dåpen er ei heilag handling; eit sakrament. Og det som gjer dåpen heilag er det velsigna vatnet og Gudsordet som vert lese i seremonien. Og det aller viktigaste: den som vert døypt får ei god velsigning med på ferda vidare gjennom livet.
At dåpen er viktig for oss, sto klart for meg da eg så den store interessa kring utstillinga av dåpskjolar i Kraftverket. Nesten 100 kjolar, mykje folk; mykje energi i rommet, og ikkje minst nysgjerrigheita og gleda kring historia til dei ulike kjolane.
Dåpen er ei stor og mektig gåve syng vi i ei av dåpssalmane:
Ei stor og mektig gåve har Gud meg ein gong sendt. Han gav meg himmelriket i dåpens sakrament.
Ikkje mindre!
Med ynskje om ein god sumar, avsluttar eg med dåpsbefalinga:
Jesus steig fram og tala til læresveinane: ”Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”