1 minute read
Påskesamling i Presthaugen
I forkant av påska hadde konfirmantane i Lom og Skjåk ei felles samling i Lom. Dette var eit nytt opplegg av året og eit ledd i arbeidet med å samkøyre delar av konfirmanttida for begge bygdene der vi mellom anna har felles leiropplegg. Samlinga starta i Presthaugen der vi hadde påskemåltid ved grillplassen til det nye eldhuset. Her stilte Stine Forberg opp og hjalp til med å servere heilgrilla lammelår i pitabrød. Dette minna oss om det siste måltidet Jesus hadde med disiplane før han vart angjeve av Judas der dei også åt lam og brød.
Dessert vart det og – her tok vi opp ein gamal norsk påskeskikk og serverte varme appelsiner med sukkerbit i, dette er vi meir usikre på om sto på menyen til disiplane. Deretter var det filmvisning av Jesus Christ Superstar i kultursalen i Utgard før vi avslutta dagen med undervisning i kyrkjestugu ved Hans og Kåre. Sjølve filmen var nok ikkje ein fulltreffar blant konfirmantane men ellers var det ei triveleg samling og ei fin opplading til påska. Tusen takk for hjelpa til dei friviljuge, særleg til Stine som kokka.
Advertisement
Bygd og ætt
Frå vogge til grav
Nordberg Sokn
Døde:
Brit Hagen f. 16.05.1956 – d.12.04.2023
Vigde:
17.06.2023
Laila-Johanne Vangberg Gangdal og Ronald Lint
Døypte: 09.04.2023
Thale Plassen
30.04.2023
Silvana Antonella MelendezAndersbakken
06.05.2023
Ronja Morken Gartland