4 minute read
Gründerleiker frå Suldal
ÅRETS JULEGÅVE: Gründerleiker frå Suldal
Terje Gundersen frå Suldal har brukt omlag ti år på å utvikla leiker med deler i tre under namnet «Beljo Toys». Endeleg skal traktoren, dumparen og skogsmaskinen seljast over disk – eksklusivt – i BondeKompaniet sine 21 butikkar.
Tekst/foto: Bethi Dirdal Jåtun/Anne Linn Olsen
Terje Gundersen, gründer
FV. Gründeren Terje Gundersen og Jørgen Nilsen Moberg, kategorisjef BondeKompaniet. Beljo leikene Traktor, Dumper og Skogsmaskin seljast eksklusivt i BondeKompaniet sine 21 butikkar.
Det er så han må klype seg i armen. Han har i lang tid vore på jakt etter nokon som kunne selja produkta hans. Midla frå Suldal Vekst, næringsfondet i Suldal kommune og Innovasjon Norge har primært gått med til produktutvikling. Nå skal han endeleg få varene ut i butikk.
ANERKJEND At leikene har potensiale, har han fått bekrefta frå høgaste bransjehald. Som ein av to norske utstillarar på «Spielwarenmesse» i Nürnberg i Tyskland i 2016, der 3.500 leikeprodusentar frå heile verda var på plass, blei Beljo Toys frå Suldal vald ut som ein av ti finalister til prisen «Toy Awards». –Dei oppfatta at produkta mine var marknadsklare, men eg hadde berre prototyper med, noko som gjorde at eg ifølgje reglane ikkje kunne vera med i konkurransen. Men for meg var dette svar meir enn godt nok, smiler Terje Gundersen, som Vårt Felleskjøp møter på brygga i sentrum av Sand ein solrik haustdag i oktober saman med kategorisjef i BondeKompaniet, Jørgen Nilsen Moberg. Han fatta straks interesse for produkta til gründeren frå Suldal då dei dukka opp på pulten hans.
NOKO NYTT –Leikene frå Beljo Toys er annleis. Eg vart straks imponert over det eg fekk sjå og samtidig overraska over at ingen andre hadde produkta for sal, seier han.
Terje, som til vanleg jobbar som ungdomsskulelærar i Suldal, kom i kontakt med BondeKompaniet gjennom naboen heime i Suldalsosen, som er seljer i Felleskjøpet Rogaland Agder og som meinte at leikene måtte vera noko for butikkane. –Eg kjende meg veldig usikker. Ville dei lika produkta - og kva med prisen, korleis ville den bli vurdert?
Gründeren smiler bredt der han står på kaia i Sand saman med kategorisjefen i BondeKompaniet berre veker før dei eigenproduserte leikene hans skal vera på plass i hyllene i dei 21 butikkane i Rogaland og Agder.
SKIKKELEGE TING Medan Beljo sine leiker i utgangspunktet vert produsert i raudt, kjem BondeKompaniet sin Beljo-kolleksjon i mørkegrønt og rustraudt. –Me hadde lyst til å gjera leikene til våre eigne. Kundene våre er opptekne av kvalitet og setter pris på lokal produksjon, noko me mellom anna erfarer gjennom salet av Åna krokket, som er ein av våre bestseljarar i dag. Me har tru på Beljo Toys og gler oss til å få produkta i hus, seier Jørgen Nilsen Moberg.
Merkenamnet «Beljo» kjem frå namna til dei tre sønene til Terje Gundersen der eldstemannen Bård har første bokstav, Elias i midten dei to neste og yngstemann Jonas dei to siste. –Eg meiner at ungar har krav på skikkelege ting. Mange av dei leikene som blir produserte i dag, lever ikkje lenge. Med Beljo Toys får ungane leiker som varer og som kan leva i generasjonar, akkurat som lego, seier han.
FRÅ TRE ÅR Traktoren, dumperen og skogsmaskina består av deler i tre med ei heilt unik magnetkopling som sikrer at dei heng godt saman samstundes som dei raskt kan takast ifrå kvarandre. Leikene er mynta på born frå tre år og oppover, og delane kan brukast om kvarande. –Med Beljo Toys kan ungane byggje maskiner etter eige hovud, ikkje berre slik produkta opphavleg var tenkt, smiler gründeren som i første omgang skal levera i underkant av 1.000 leiker til BondeKompaniet.
Førebels er det Terje sjølv som monterer produkta. På sikt håpar han å få med seg fleire, men ting heng saman. –Først må eg selje. Det er i grunnen det som avgjer vegen vidare, seier han.
KREVJANDE OG MOTIVERANDE Det krev tolmod og ressursar å utvikla produkt frå ideer til skisser og fram til marknadsklare varer. Terje Gundersen innrømmer at han fleire gonger har vore nær ved å gje opp. –Men eg har kome så langt no at eg ikkje kan snu før prosjektet eventuelt stopper seg sjølv, smiler han. –Det som motiverer aller, aller mest er når eg møter personar som Jørgen, som seier at dette er kjempebra, og når kundar som har kjøpt eitt produkt kjem tilbake for å kjøpe fleire. Då kjenner eg på ei utruleg glede.
Gründerhistoria til ungdomsskulelærar og karriererettleiar, Terje Gundersen, starta for over ti år sidan, då ein elev kom til han og fortalde at han ville skapa sin eigen arbeidsplass.
NY VENDING –Dette kunne eg lite om, så eg melde meg på et etablerarkurs i Suldal Vekst, der me første kursdag skulle setja opp ein forretningsplan. Eg hadde jo ikkje ein gong ein forretningsidé, ler han.
Men den kom han fram til på kurset, og no, ti år seinare, tek gründerreisa til Terje Gundersen ei ny vending. –Leikene skal vera i butikk til julesalet. Dette blir årets julegåvetips, seier Jørgen Nilsen Moberg i BondeKompaniet. –Det blir utruleg spennande! At Felleskjøpet satsar på Beljo Toys på denne måten, er berre heilt fantastisk! stråler gründer Terje Gundersen i sola på kaia i Sand.
Jørgen Nilsen Moberg, kategorisjef BondeKompaniet
Sjekk ut Beljo Toys hos BondeKompaniet: