/RSMELDING2010

Page 1

ÅRSMELDING 2010 Norsk Folkehjelp Årdal

ÅRSRAPPORT / ÅRSMELDING Frå Norsk Folkehjelp Årdal sin aktivitet For perioden 01.01.2010 – 31.12.2010 1


DEL I – ÅRSRAPPORT 2010 STYRET 2010 Styret i Norsk Folkehjelp Årdal har i 2010 hatt følgjande samansetning:

Tillitsverv

Namn

På val

Administrativ leiar Nest– og sanitetsledar Sekr.og eigedomsansv. Økonomileiar Studieleiar Tenesteleiar Depotleiar Sambandsleiar/NK Depot Ungdomsledar

Edvard Holsæter Rune Blikken Kjell Arne Solheim Rune Hansen André Vindedal Terje Øvregard Svein Blikken Tom Rune Skjerven Stian Moen Listhaug

2012 2011 2011 2011 2012 2012 2012 2011 201?

Valkomité: Leiar Medlem Medlem

Tor Svend Finnebotten Morten Smedegård Johnny Bjørk

2011 2012 2013

Revisor av rekneskapet: Deloitte i Sogndal

2


A.

MØTEAKTIVITETAR Følgjande møter blei gjennomført i løpet av året: • Årsmøte 1 stk • Styremøte 8 stk • Arbeidsmøte 2 stk • Medlemsmøte 2 stk • Planleggingsmøte til påsken MEDLEMSMØTE : Laget har delteke på følgjande møter: • Styremøte i Årdal Tenk Tryggleik. • Årsmøte i Frivilligsentralen i Årdal. • Årsmøte i Norsk Folkehjelp Region Øst. ANDRE MØTER / SAMLINGAR : • Møte med fylkesmannen om snøscooterkøyring i verna området. • Samling om Norsk Folkehjelp Sanitet si framtid.

B.

KURS OG ØVINGAR Kurs for andre: • Førstehjelpskurs for Haugane Barnehage • Førstehjelpskurs for BIS (Multi Elektro) • Førstehjelpskurs for YIT • Førstehjelpskurs for Norsun Kurs hjå Norsk Folkehjelp: • DHLR – kurs. • Snøscooteropplæring på 2 medlemmar. Kurs/øving med hjå andre: • 3 medlemmar på tracking kurs i Førde. Øvingar: • Hydro-øvingar.

3


C.

MEDLEMSTILSLUTNING Medlemskategori Kat.1 Enkeltmedlem Kat.2 Hovud-/familiemedlem Kat.3 Familiemedlem Kat.4 Skuleungdom/student Kat.5 Honnør/pensjonist/trygda Kat.6 Livsvarig medlem Totalt medlemstal

2006 94 25 31 22 29 12 205

2007 87 32 61 18 22 12 232

2008 79 34 60 14 20 12 219

2009 78 37 66 17 20 12 230

2010 87 46 82 22 25 11 273

Det vart verva 60 nye medlemmar i 2010, men har mista 17 tidligare medlemmar. Samanlikna med 2009 har me ein positiv oppsving frĂĽ 230 til 273 medlemmar.

4


DEL II – ÅRSRAPPORT 2010

A.

TENESTETIMAR År Sanitet: Samfunn: Ungdom: Internasjonalt: Styrearbeid: Anna: Sum totalt:

B.

2006 9942 72 1540 0 243 1013 12810

2007 11284 64 1012 0 419 1579 14357

2008 9867 58 1245 0 465 1890 13525

2009 10167 98 875 0 480 1427 13047

2010 10356 224 0 0 359 1332 12271

HOVUDOMRÅDE/AKTIVITETAR Våre hovudområde i året som har gått: • • • • • • • • • • • •

Aktivitetsdagar i samband med påskeutfarten. Fjellredningsteneste og døgnvakt på Jotnavåken i påska. Beredskapsvakt og redningsoppdrag. Ulike transportoppdrag. Løypestikking på snøscooter. Engasjement i Årdal Tenk Tryggleik. Sal av førstehjelpsutstyr. Sanitetsvakter på ulike idrettsarrangement og samlingar, til dømes Vettisløpet, Målrock og heimekampar til Årdal FK Sanitetsvakt Heirsnosi Opp og Triatlon. Sanitetsvakt Birkebeinerrittet. Støttekonsert ”Årdal for Haiti” Støttekonsert ”Dugnad for flaumofra”

5


C.

AKSJONAR • Snøskred ved Søreknipen (Les pkt. H Nærmiljø: Påsken) • Skada kvinne ved Berdalsbreen, 22.05 Ei kvinne hadde ramla ned ca. 200-300 høgdemeter ned på Berdalsbreen. Her stod me i beredskap i 2 - 3 timar før aksjonen vart avslutta med godt resultat. Kvinna vart berga ut med helikopter, og var ved bevisstheit, men forslått. • Sakna 75 år gamal mann i Utladalen, 27.05 Me vart utkalla i 3 – 4 tida om natta for å søka etter ein demens 75 årlig mann som var på besøk i Årdal. Fleire av våre utkalla mannskap ringte opp att etter kort tid, etter at dei hadde sett ein mann gåande på torget i Øvre. Det viste seg å vera den sakna, og politiet kom raskt på plass og tok seg av mannen. Vedkomande var i god fysisk tilstand, men ikkje så enkel å ha med å gjera. • Sakna mann i 50 åra ved Mannsberg, 15.07 Me blei kalla ut i 1 tida om natta. Den sakna var ein mann i 50 åra som skulle gå seg ein liten tur. Han vart sist sett ved ei hytte i mannsberg ca kl.17. Mannskapa blei einige om å starte søk frå hytta han var sist sett. Etter ein gjennomgang i sjukestova, meinte ein av vore mannskap at han hadde sett vedkomande gåande etter vegen ved kyrkjehytta kvelden før kl. 22. På tur opp på fjellet treffer me ein person etter vegen viser seg å vera den sakna. Vedkomande virka til å vera i ubalanse. Politiet overtek den sakna og fraktar han til legen. • Leiting etter 11 og 14 åring på Sletningsbu, 27.07 Me rykka ut med 5 personar mot oppmøteplass ved gamle Tyin Hotell. På veg oppover får me beskjed om at dei er funnen i god behald av sea-kingen.

6


• Sakna 60 år gamal kvinne i Undredal, 09.08 Måndag 9. august kl. 22 vart ei 60 år gamal dame meldt sakna i Undredal. Me blei spurt om å stille med folk i starten av aksjon, men dessverre hadde ingen muligheit. Spørsmålet om å delta kom opp att når det hadde gått 2 dagar med leiting. Da kunne me stilla med 6 mannskap som var ute ved Stegen å leita. Det var veldig krevjande terreng, så mannskapa blei frakta med helikopter ut til teigane. Våre mannskap var blant dei siste som vart henta ned, og helikopteret skulle berre gjera ein tur til før det måtte reisa. Da observerte dei noko som likna på ein kropp oppe i ei steinur. Funnet av den omkomne kvinna vart gjort på ein svært vanskelig og utilgjengelig stad oppi fjellet, og vart sett på det som det mest krevjande av leitemannskapet. • Leiting etter 2 sakna 5 års gamle ungar på Tangen, 06.11 Det vart sett i gang leiteaksjon etter to jenter som hadde vore sakna sidan klokka 16.30. Det var observert 2 ungar i krysset ved Sortland i 20-21 tida. Ut frå det vart me sett til å leita i saltviki, der me driv på ein times tid. Ca kl. 23.00 blir dei funne i ein utebod i nærleiken av heimen sin. Dei to femåringane hadde gått inn i uteboden, og då døra smekka att var dei innelåst. D.

DUGNADER Vedlikehald av utstyr og materiell. Snø måking på fjellet. Arbeid med Sjukestova Arbeid med Jotnavåken. Transportoppdrag for ÅJFF Sal av billotteri på Fjord til fjell dagane. 7


E.

DEPOT Ressursliste er som følgjande: Førstehjelpsutstyr: Bakkekassar med førstehjelpsutstyr Båre – fjellredningsbåre / varmeisolerande Båre – helikopterbåre Transportposar – døde Ullteppe Førstehjelpskoffertar Førstehjelpsvesker Spesial førstehjelpssekk Beredskapssekkar Hovudlykter Spjelkesett – luft Straumaggregat Markeringsvestar (m/refleks) Soveposar Søsøkestenger Spadar Hjelmar – snøscooter Redningsvestar Hjertestartar GPS til snøscooter

4 stk 2 stk 2 stk 3 stk 90 stk Diverse 8 stk 1 stk 26 stk 8 stk 2 stk 1 stk 10 stk 30 stk 20 stk 15 stk 4 stk 6 stk 1 stk 3 stk

Sende og mottakar utstyr: Berivox Ortovox Testboksar Kontrollboks

28 stk 2 stk 4 stk 1 stk

Transportmidla : Snøscooter Lynx Grand Tourer Snøscooter Lynx GT E-tech Snøscooter Lynx ST 600 Pulkar og sledar Redningshengar Scooterhengar ÅTM BigTwin Boggihenger Bil VW Transporter 4WD Båt steady 400 med 20 hk motor Båthengar

8

2009 mod. 2011 mod 2007 mod. 1997 mod 2002 mod 2005 mod 2005 mod 2007 mod 2009 mod

1 stk 1 stk. 1 stk 7 stk 1 stk 1 stk 1 stk 1 stk 1 stk 1 stk


F.

SAMBAND Laget har følgjande sambandsutstyr: Berbare radioar: Motorola GP 380 Stasjonær radio: Motorola GM 950 Repeater / base: Ericsson F 804 Link

12 stk

30831-30842

1 stk

30809

1 stk

30800

Laget har følgjande telefonar: Mobiltelefon GSM: Mobiltelefon 928 87 784 Satellittelefon 900 52 582 Vi har Telefon nr. som vi nåast på : 880 20 611. Denne ligg inne med automatisk vidarekopling til Operativ leiar. Visst han ikkje svarar så blir ein vidarekopla til neste på lista. Laget har følgjande e-postadresse: ardal@folkehjelp.no

9


G.

UNGDOMSGRUPPA I 2010 prøvde me å få til ei ny ungdomsgruppe. André og Stian M.L. var hjå 10. klassane på ungdomssteget og presenterte oss. Dei delte ut dei nye vervekorta til alle som var der. Resultatet var fire interesserte. I tillegg hang dei opp ein plakat på vidaregåande utan resultat. Me ser det at det er mykje vanskelegare å få med ungdomen i dag enn før, men me gjev oss ikkje. Me har tankar om ein samling på fjellet i lag med Kjedlar’n seinare i år. Me har store utfordringar framfor oss, med tanke på å leggja fram laget vårt på ein måte som fengjar ungdomen. Me treng gode idear, så er det nokon som brenn inne med noko må dei syngja ut.

H.

NÆRMILJØ Påsken Årets store høgdepunkt for folkehjelpen er som vanleg på Jotnavåken i påsken, der alle blir samla under same tak gjennom 11 dagar. Eine dagen i år fekk me besøk av Runi og Tor Øyvind frå regionskontoret. I lag med dei arrangerte me ein skredøving, der fokuset var retta mot hypotermi. Her fekk mannskapet øve på førsteinnsats, sonding, søking med S/R – utstyr og behandling av pasient med hypotermi. Me hadde ikkje meir enn avslutta denne øvinga før det kom inn melding om snøskred ved Søreknipen kl. 15.30. 9 mann frå laget rykka straks ut til området, ilag med 1 mann frå Norske redningshundane. Det var observert eit skispor inn i raset, og det var uvisst om disse var ferske. Med omsyn til mannskapa sin sikkerheit, måtte dei snu på grunn av dårleg sikt (2 – 3 meter), og fare for nye ras. Det var ingen som var meldt savna, og klokka 19 fekk ein telefon frå skigåarane som etter alt å dømme hadde laga spora etter seg. På påskeaftan vart det arrangert det tradisjonelle påskeskirennet for både små og store. Her nytta me anledninga til å verva nye medlemmar, og klarte å få tak i nesten 40 nye medlemmar i løypa.

10


Støttekonsert ”Årdal for Haiti” Etter eit initiativ frå Kjell Hestetun, vart me spurt om å vere med på å arrangere ein støttekonsert der inntektene skulle gå til jordskjelvofra i Haiti. Prosjektet blei kalla ”Årdal for Haiti, der Kjell Arne frå NF Årdal, Kjell Hestetun og 4 andre sat i prosjektgruppa. Me fekk med oss lokale musikarar til å opptre, medlemmar i laget til å hjelpe til med det praktiske og god støtte frå bedriftene og kommunen. Ut av dette fekk me eit fullstappa samfunnshus med 400 solte billettar. Me måtte til og med sende folk heim, da me ikkje hadde kapasitet til å ta i mot fleire. Folk var strålande fornøyde med konserten, og ein hadde klart å samla inn ca. 165.000 kroner. 65.000 av dette var frå bedrifter og private i og utanfor Årdal, og resten var inntekter frå billett-, kafe- og t-skjortesal. Etter at utgiftene var trekt i frå, kunne me overføre ein sum på 137.000 kroner. Støttekonsert ”Dugnad for flaumofra” Det viste seg at dugnadsånda i Årdal ikkje hadde lagt seg att. Da Pakistan vart råka av ein flaum, kom telefonen frå Sonja Hestetun om ein skulle prøva å få til eit storslage musikkshow til inntekt for flaumofra. Ei arrangørgruppa på 8 personar vart sett ned, der Kjell Arne var med frå lokallaget. Med eit program på 2 timar, og nesten fullt samfunnshus, vart overskotet på 100.000 kroner etter at alle utgifter var trekt i frå. Det er ingen tvil om at folk i Årdal er flinke å stille opp på slike arrangement. Grasrotmidlar Sidan 2008 har laget fått inntekt frå grasrotandelen, og det er ikkje til å leggja skjul på at dette er ei god og viktig inntekt for oss. I fjor gav grasrotmidlane oss ei inntekt på 143 649,67 kroner. Takk til alle som gav støtta si til oss. 11


Årdalsprisen Årdalsprisen er ny av året, og kan bli utdelt til enkeltpersonar eller lag og organisasjonar. Prisvinnaren får glede av å gje 10.000 kroner vidare til eit anna lokalt føremål. Laget vårt var i år dei fyrste til å motta denne prisen. Med over 1500 stemmer, hadde Norsk Folkehjelp Årdal fått 46 % av dei. Edvard mottok prisen under fjord til fjell dagane, og gav pengegåva vidare til ”Politikameratane”, som er ein del av Årdal Tenk Tryggleik. Disse driv med førebyggande arbeid inn mot konfirmantkulla. Uventa julegåve: Byggmakker Andersen valte i år å leggja årets julegåver til samarbeidspartnarar og kundar i ein pott, med melding til disse om at potten går til Norsk Folkehjelp Årdal. Dei tilsette ved Byggmakker bestemte seg for å putta sin del av velferdsbudsjettet i denne potten, og til saman vart dette ein sjekk på 15.000 kroner. Sjekken vart overrekt under ein enkel sermoni på Byggmakker med mat og god julestemning. Dei 15.000 kronene blir ein god start på oppgradering av beredskapssekkane.

I.

SJUKESTOVA Dei siste åra har me hatt god hjelp frå dei 4 trufaste medlemmane vore, Egil Natvik, Svein Fretland, Magnar Moen og Bjørn Furseth. Dei har lagt ned mange dugnadstimar dette året også, der dei fullførte oppussinga av grupperommet og kontoret i vår. Dei begynte i haust att med oppussing av lagerrommet ved sidan av kontoret. Dette rommet vart fullført i slutten av januar 2011, og dei har samtidig jobba seg vidare innover i gangen att. Her vil gamle toalettet bli erstatta med eit kjølerom, som vil stå klart våren 2011. 12


J.

JOTNAVÅKEN I påsken begynte me arbeidet med å flytte tørkerommet frå dusjrommet nede, og opp på same golvnivå som inngangspartiet. Dette for at det skal bli meir praktisk med å henge frå seg kleder når ein kjem inn att utanfrå. Det gjekk unna med dette prosjektet, og tørkerommet stod derfor ferdig før påsken var over. I påsken vart me også den første kunden på fibernettet som skal kopla Årdal til fibersambandet på austlandet. I denne omgang var det ei prøveordning, og dette var med på å styrka sambandet mellom andre redningsinstansar. Når sommarferien var over, gjekk ein i gang med arbeidet med det nye taket på hytta. Me skulle gjere forarbeidet sjølv, som innebar å lekte taket og feste på OSB – plater. Resten av arbeidet gjorde Blikkhjørnet der dei la ein ny duk, og monterte på nye pipehatter, og ga oss ei garantitid på 20 år.

Styret vil med dette takke alle medlemane for god innsats i 2010 og ønskjer lykke til med aktivitetane som kjem i åra framover.

13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.