Bladet Folkemusikk

Page 1

Folkemusikk BLADET FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS

VI FEIRAR 70 ÅR!

FESTIVAL:

Øl og stillongs KRONIKK:

Gud og folkemusikk PORTRETTET:

Einar Eimhjellen

+

AKTUELT INTERVJU MELDINGAR FAGSTOFF småmat

KR 79,– INTERPRESS NOREG

RETURVEKE 50

Ragnhild Hemsing:

To språk


Gud diggar folkedans side 48

Foto: Hilde Mesics Kleven

KALOTTSPEL: Hallvard Bruvoll underviser. Meir om festivalen i nord, låvedans og musikk langs Målselva på side 10.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

innhald DEBUT: Unni Løvlid har vore artist i mange år. Debuten hennar var i 1999. Meir på side 27.

folkemusikk 04/2011 70. årgang Adresse: Tyinvegen 27, 2900 Fagernes Ansvarleg redaktør: Knut Aastad Bråten, tlf.: 907 68 797 knut@folkemusikk.no Eigar: FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans

Abonnement: Tlf.: 22 00 56 22, jorun@ folkemusikk.no. Bladpengar for bladet Folkemusikk er kr 360 per år. Utalands kr 500 per år. Kr 50 i rabatt for medlemmer av FolkOrg.

Språkvask: Aud Søyland Design og layout: Millimeterpress/Lise Myhre Trykk: Prinfo Unique, Porsgrunn Framsidefoto: Ragnhild Hemsing. Foto: Aleksander Andersen.

Bladet Folkemusikk er eit frittståande folkemusikktidsskrift. Bladet Folkemusikk blir gjeve ut med støtte frå Norsk kulturråd. Bladet Folkemusikk er medlem i Norsk Tidsskriftforening, www.tidsskriftforeningen.no

Utgjevingsplan 2011 Nr. 5

Frist for å levere stoff I postkassa 14. november Veke 50

ISSN 1891-6473


04

INNOVATØREN: Eit menneske må ha hobbyar, seier Einar Eimhjellen. Les meir om altmoglegmannen på side 16. Foto: Oddleiv Apneseth

PLATER + BØKER: Ingebjør Sørbøen:

Fuggel'n, FolkOrg: Årbok for norsk folkemusikk 2010, Thomas Solomon (red.): Music and Identity

in Norway and Beyond, Hekla Stålstrenga:

Makramé, Holmberg/ Länsman: Ima hutkosat, Øyunn Romtveit: Kveding i

heimetradisjon, Per Anders Buen Garnås: Seljord anno

1935, Håkanes/Westad/ Haugan/Stensaker:

Er det runir. Gamle toner – nye klanger, Brimi/Viken: Ho venta på rock

Aktuelt Bokverk om Klas Bøle Standardisert gammaldans Få unge på kappleik i Setesdal Endringar i Rådet? Hardingfelesenter utan innhald Lyttarforeining i kjømda Reportasje Øl og stillongs på Kalottspel

6 6 7 8 8 9

Plater + bøker Intervjuet: Ragnhild Hemsing Debuten min: Unni Løvlid Plate- og bokmeldingar I platehylla til Sigrid Randers-Pehrson

26 27 28 31

Fag Fela og nemningar Er fela urein, græmen eller uggen?

38 39

Meiningar Debattar Kronikk: Arnfinn Haram om Gud og folkemusikk Hallgrims hjørne

44 48 50

10

Portrettet Einar Eimhjellen

16

Samtalen Talent 2011: Morgondagens heltar

24



leiar04/11

Knut Aastad Bråten redaktør

Våre nye vener Påstand: Norsk folkemusikk når ikkje ut til folk flest, til nye publikumsgrupper og musikkinteresserte. (Omtrent) slik lydde (delar av) ein påstand eg posta på Facebook for ikkje lenge sidan. To minutt seinare var debatten i gang. Tala seier sitt. Ta til dømes utdanningsinstitusjonane. Ole Bull Akademiet på Voss har 700 studentar kvart år på vekeskurs i folkemusikk. Eit femtitals elevar er sidan 1996 og til i dag uteksaminert ved skulen. I dag har skulen ti studentar på bachelor-studiet. På høgskulen i Rauland har nær 500 studentar vore innom folkemusikkstudiet sidan starten i 1987. Ei mengd plateselskap, mellom dei Etnisk Musikklubb, NORCD, Grappa og fleire produserer eit hav med plater kvart år. Til plateprisen for Folkelarm i år er 49 plater påmelde. Den økonomiske støtta til Folkemusikk-Noreg er for brødsmular å rekne samanlikna med kva Klassisk-Noreg får til sine symfoniorkester, musikkfestivalar og anna. Men veksten i FolkemusikkNoreg er stor. I 2002 fekk dei 20 millionar å rutte med, fordelt til mellom anna organisasjonsliv, musikarar og plateproduksjon. I 2010 fekk dei 60 millionar kroner. Uoffisielle tal seier at 100 personar lever som profesjonelle folkemusikarar. Nokre står i front: Knut Buen, Tuva Syvertsen, Sigrid Moldestad, Majorstuen og FRIKAR. Dei er trekkplaster og får merksemd i media. Men trekker dei nytt publikum, eller skapar dei åtgaum fyrst og fremst blant sine eigne? Så, kvifor alle desse tala og oppramsingane? Arbeidet i det norske folkemusikkmiljøet gjer seg ikkje sjølv. Lojaliteten til sjangeren heng – nokre gonger – i ein tynn tråd – som alt anna i eit flyktig, postmoderne samfunn. Vi er shopparar, som shopparar på 5th Avenue, og let oss styre av magekjensle og dagsform. Folkemusikk i går, jazz i morgon? Arbeidet for å nå nye, drive publikumsbygging er viktig, kanskje viktigare enn nokon gong.

Kven tek så ansvaret for byggeprosjektet? Nokre døme: Den Norske Folkemusikkveka i Ål, 2011: Eg var der i tre dagar. Hallingdølen skriv 31. mai at heile 5500 publikummarar tok del i festivalen. Samstundes var det uvanleg stille i gatene. Lite vitna om fest og moro. Skilt og banner var lite synlege. Noko av den same stilla finn ein visstnok i storstova på Riksscenen. Med ein halv million potensielle publikummarar er det borga for storfest kvar veke. Men det skjer ikkje. Få nyttar seg av tilboda. Eller Landsfestivalen på Oppdal. Eg var der sjølv og likte arrangementet. Likevel var det ingen pressefolk til stades. Ingen. Kven tek ansvar for å nå nye publikumsgrupper når ikkje miljøet sjølv tek sin del av arbeidet? Kven ringjer til Nationen for å invitere journalistane? Eller til Dagbladet for å selje den gode historia? Har vi noko å lære? «Vi må ta inn over oss det brutale faktum at folk flest ikke bryr seg om det vi holder på med», skriv Harm-Christian Tolden, direktør i Norsk Publikumsutvikling på Kultmag (16.03.11) før han konkluderer: «Først og fremst handler det om en toppledelse som er sitt ansvar bevisst og lar publikumsarbeidet gjennomsyre hele organisasjonen.» Vi skal ikkje erobre verda med folkemusikken, drive imperialisme og misjonering. Kanskje dreier det seg heller om andre verdiar, andre ynske? Tuva Syvertsen skriv i den alt nemnde debatten på Facebook: «Det handler ikke om å erobre noe som helst. Det handler om nestekjærlighet. Jeg synes oppriktig synd på alle som ikke har hørt Marit Karlberg synge.» Visst har sjangeren est seg oppover og bortover. Folkemusikk-Noreg har vorte synleg og profesjonelt, men kanskje syner det best i eige miljø? Gløymde vi å invitere naboen?

Kven tek ansvar for å nå nye publikumsgrupper når ikkje miljøet sjølv tek sin del av arbeidet?

04/11 folkemusikk 5


Vedunderlege Klas Bjørn Aksdal har saman med Øyvind Mårvik og Knut Olav Aasegg forfatta boka Klas Henriksen Bøle. Spelmannen og tradisjonen. Tekst: Kjellbjørn Karsrud Foto: Kristoffer Kippernes

TRONDHEIM: – Klas Bøle var ein stor spelemann i samtida si, og han hadde nok vore meir framme i dag om han hadde vore frå eit meir sentralt folkemusikkstrøk. Mellom anna spelte han for Ole Bull, som vart så begeistra at han ville ha med Klas til Amerika, men vi har ikkje funne dokumentasjon som tyder på at han vart med, fortel Aksdal. Bøle voks opp i eit aktivt spelemannsmiljø på Kvikne, men seks år gamal flytte han med ein onkel til Fosen. Han må allereie på dette tidspunktet ha vore ein god spelemann. – Mykje tyder på at han då hadde tileigna seg slåttar frå Kvikne, fortel Aksdal. Seinare oppsøkte han nok lokale spelemenn på Fosen, og han vart tidleg

OM KLAS: Bjørn Aksdal er ein av tre som har skrive bok om Klas Henriksen Bøle.

rådd til å reise til Trondheim for å ta musikkutdanning. I 1823 skjedde det tragiske at onkelen drukna på fjorden ved Fosen. Men enka etter onkelen gifta seg igjen, og han vart tatt godt vare på i oppveksten. Ifølgje tradisjonen kom Klas inn på musikkskule i Trondheim på Slåttane vit- 1830-talet. Dette på eit tidsnar om gode var punkt då fleire sentrale speletekniske menn søkte seg ferdigheiter til Trondheim og brigademusikken, noko også Klas sannsynlegvis gjorde. Der lærte han seg notar, fiolinspel og å spele klarinett. – Klas tok med seg klarinetten til Fosen og nytta han flittig. Han kom også attende med eit nytt repertoar, og sto slik sett med eitt bein i den nye og eitt i den gamle tradisjonen. Samtidige kjelder fortel at han hadde kraft i spelet, men samtidig ein vakker tone og god intonasjon. Han komponerte sjølv, og slåttane vitnar om gode tekniske ferdigheiter, seier Aksdal. I 1845 flytte Klas og huslyden hans til Flatanger i Nord-Trøndelag. Der levde han resten av livet, men han heldt fram med å virke som spelemann i store delar av Trøndelag.

Dette er Klas ■■ Klas (Klaus) Henriksen Bøle, f. 1815 på Kvikne, nord i Hedmark. Død 1886. ■■ Voks opp i eit aktivt spelemannsmiljø. ■■ Faren Henrik Klaussen, bestefaren Klaus Knutsen og oldefaren Knut Klaussen var alle spelemenn. ■■ Flytte i seksårsalderen med onkelen til Fosen. ■■ Flytte til Flatanger i 1845, der han tok Bøle som etternamn.

6 folkemusikk 04/11

Standa ga Etter en suksessfull Landsfestival på Oppdal i juli har festivalsjef Øyvind Sandum likevel tanker om hvordan framtidas gammeldans kan utvikle seg og bli mer variert. Tekst: Ragnhild Moen Holø Foto: Knut Aastad Bråten

OPPDAL: Sandum mener sjangeren og festivalen må unngå det han kaller en standardisering av gammeldansen. – Gudbrandsdalsspelemenn har dominert festivalen i for stor grad, spesielt i klassa for gruppespel. Også


VINNERE: Gamlebanken spelemannslag vant lagspelet på Landsfestivalen.

Få unge Tekst og foto: Johanne Landsverk

SETESDAL: Folkemusikkprosjektet i Setesdal skulle

dardisert ammeldans i soloklassene ser en at gudbrandsdøler går igjen, spesielt i durspel. Typiske instrumentsammensetninger i gammeldansmusikken er fele, trekkspill og komp. Sandum vil gjerne ha andre musikalske uttrykk. – Her gjorde Aslak O. Brimi og Erlend Viken en fin innsats i år. Med to feler viste de at det går an å spille seg til finale, sier Sandum. Sandum, som selv er fra Lalm i Gudbrandsdalen, sier det er viktig at flere lag, grupper og soloutøvere fra andre distrikter av landet, og som har andre uttrykk i musikken sin enn det typisk gudbrandsdalske, stiller på festivalen. Han nevner spesielt områdene Numedal, Telemark og Nord-Norge, som i år var totalt fraværende på deltagerlistene. Ett av laga som deltok, var hardingfelelaget Gamlebanken spelemannslag fra Indre Sunnfjord, som også vant klassa si for lagspel. Synnøve Bjørset,

musikalsk leder i Gamlebanken, mener folkemusikkmiljøet må ta grep for å løfte runddanstradisjonene i sine miljø. – Hardingfelelagene deltar på Landskappleiken, og repertoaret består stort sett av bygdedans. Det er viktig at hardingfeleutøvere og lag selv tar tak i runddanstradisjonene fra sitt distrikt og gjør den til en naturlig del av repertoaret de framfører, sier hun.

rekruttere barn og unge til folkemusikken. Men ungdomane var ikkje å sjå på Setesdalskappleiken. Kappleiken, som vart arrangert 4.–6. august i år, er ein god, gammaldags kappleik. Han er liten og intim, men med konsertar av beste slag. I år vart kappleiken arrangert på Rysstad i Valle, der Kim André Rysstad med band heldt konsert på heimebane. Og den svenske gruppa Frifot med Ale Möller, Per Gudmundson og Lena Willemark gav alt på scena og skapte ei nærmast ekstatisk stemning i soknehuset. I år vart det også halde fleire kurs, både i gangar, kveding, munnharpe- og felespel. Kursa var støtta av folkemusikkprosjektet i Setesdal, som i tre år har arbeidd for å rekruttere barn og unge. Men det var ikkje mange unge å sjå, korkje på kurs eller kappleik. – Det er framleis få som deltek på kappleik. Målet har vore at alle skuleelevar i dalen skal få møte folkemusikk. Vi har hatt mange skuleproduksjonar og konsertar, og vi har halde fleire kurs, seier prosjektleiar Trond Mikkelsen. Han trekkjer fram stevprosjektet som særleg vellukka, der to unge kvedarar har besøkt skulane i Setesdal for å motivere ungdomen til å lære å kvede. På kappleiken deltok rett nok eit par rekruttar i vokal folkemusikk, men ingen stilte i klasse C, og heller ingen dansarar var med i C-klassa. – Ein må sjå dette arbeidet i eit tiårsperspektiv. Det er for tidleg å sjå resultat etter berre tre år, seier Mikkelsen, som no har slutta i stillinga. Prosjektet, som er støtta av Bykle, Valle og Bygland kommunar, Setesdal regionråd, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdal spelemannslag, blir avslutta neste år.

Ein må sjå dette arbeidet i eit tiårsperspektiv

Mer om Landsfestiven i eget festivalmagasin!

Gudbrandsdalsspelemenn har dominert festivalen i for stor grad

DELTOK: Kappleiksdeltakarane Birgit Anette Helle og Tor Espen Helle heldt også dansekurs. Men ungdomen i dalen fann ikkje vegen dit. 04/11 folkemusikk 7


Uklart for hardingfel Bø i Telemark og Hardanger-regionen planlegg hardingfelesenter. Men kva dei skal innehalde, kan ingen svare på. Tekst: Johanne Landsverk Foto: Kjell Bitustøyl, Laila Duran

BØ/UTNE: – Eg har ikkje fått med meg kva nytt eit hardingfelesenter skal innehalde som ikkje museet i Hardanger allereie har. Det burde i så fall vere ei satsing på utøvande kunst, eit senter som inneheld både konsertar, kurs og opp-læring, seier Benedicte Maurseth, som er oppvaksen i Eidfjord i Hardanger. – Men treng vi to slike senter i Noreg? – I utgangspunktet er eg svært skeptisk til nye hus, anten dei ligg i Bø eller Hardanger. Politikarane har ein tendens

Vi ønskjer å sjå dei to sentera i samanheng Agnete Sivertsen

EIGE SENTER: Skal dei nasjonale hardingfelesentera i Bø og på Utne samarbeide? Kva skal dei fylle sentera med? Berre gamle feler? «Eit av Olaf G. Helland sine meisterverk, denne fela fekk gullmedalje i Paris i 1898.»

til å satse på kulturbygg, som dei etterpå skal stappe inn eit eller anna innhald i, seier ho. Eivind Falk, direktør for Norsk handverksutvikling og Senter for immateriell kulturarv, meiner det viktigaste med eit senter må vere å føre vidare kunnskap om hardingfeletradisjonen. – Om vi treng meir enn eitt senter, veit eg ikkje. Men to område er spesielt

viktige: å overføre verneverdig kunnskap om hardingfelebygging og å føre vidare levande speltradisjonar til utøvarar på hardingfele, seier han. Hardanger og Voss museum argumenterer med både miljø og hardingfeletradisjonar, og er i full gang med planlegginga. – Dette er ei vidareføring av det arbeidet museet har gjort gjennom mange år

Endringar i Rådet? Tekst: Knut Aastad Bråten

TRONDHEIM: Under representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans i 2010 vart det lagt fram eit notat om Rådet si rolle på folkemusikkfeltet i framtida. Fleirtalet på representantskapsmøtet var kritiske, og sendte notatet i retur. No kjem saka opp til ny vurdering på møtet i Trondheim 3.–4. november, fortel rådsleiar Lene Furuli.

8 folkemusikk 04/11

– Møtet bad oss i fjor om å «vurdere oppgaver, roller, sammensetninger og vedtektene», og for meg var det eit tydelegare signal enn tidlegare på at eit fleirtal i møtet ønskjer endring, eller iallfall ei klargjering av rolle, seier Furuli. – Vi legg fram tre modellar, der den eine er å vidareføre Rådet i stor grad slik det ser ut i dag, ein modell er å gjera samansetninga av Rådet representativ, og ein er å danne eit frittståande forum av representantar frå

aktørane på feltet. Rådet har ikkje per i dag samla seg rundt éin modell. – Skal Rådet gjera andre oppgåver enn det det gjer i dag? – Det har vi ikkje drøfta no. Vi legg fram for representantskapet tre ulike måtar å føre vidare arbeidet med forvaltning av midlar og kulturpolitisk arbeid på. Eg trur val av modell til ein viss grad også vil styre kva for oppgåver rådet kan ta på seg.


lesenter for å ta vare på dette unike kulturuttrykket, seier Agnete Sivertsen, styrar ved Hardanger folkemuseum, som er ei avdeling under Hardanger og MEININGSLAUST: Agnete Sivertsen vil ikkje ha Voss museum. – Men kva to senter som arbeidar med det same. skal senteret innehalde? – Det skal vi finne ut av i året som kjem, men formidling vil bli viktig. Det treng ikkje vere noka motsetning mellom eit museum og eit senter for utøving av musikk. Problemet med å kalle det senter er at mange ser føre seg eit stort bygg. Men kanskje vi heller kjem til å legge vekt på å bygge nettverk mellom regionane. – Men Norsk Hardingfelesenter i Bø er allereie stifta? – Ja, og vi ønskjer å sjå dei to sentera i samanheng. Det er meiningslaust å opprette to like hardingfelesenter som skal halde på med det same, seier Sivertsen. Rita Eckbo, styreleiar for Norsk

Furuli seier Rådet må ha ei avklara rolle i forhold til dei andre aktørane på feltet. – Det hjelper ikkje om Rådet sjølv har klart for seg kva rolle det skal ha, om ikkje dei andre sentrale aktørane legitimerer Rådet. Ifylgje Furuli blir det mogleg å koma med skriftlege høyringssvar i forkant av møtet. Dagleg leiar ved Rådet for folkemusikk og folkedans, Egil Bakka, uttalar seg

Lyttarforeining i kjømda Hardingfelesenter i Bø, vil ikkje uttale seg i media om kva innhald hardingfelesenteret i Bø no vil få. – Kulturdepartementet har sagt klart ifrå om at vi må samordne planane med Hardanger og Voss museum, og dermed har vi fått mykje nytt å forhalde oss til. Det er for tidleg å seie noko om korleis vi kan fordele oppgåver oss imellom, seier Eckbo.

Strid om hardingfelesenter ■■ Norsk Hardingfelesenter AS vart stifta i Bø i januar 2010, som resultat av eit treårig prosjekt. ■■ Hardanger og Voss museum har også planar om eit nasjonalt hardingfelesenter, og har fått utviklingsmidlar frå Hordaland fylkeskommune og Hardangerrådet til eit eittårig forprosjekt. ■■ Dei to aktørane har møtt kvarandre for å diskutere samarbeid. ■■ Kulturdepartementet ønskjer at eit nasjonalt hardingfelesenter blir knytt opp imot eit museum, og dei to partane er no bedne om å konkretisere planane.

Tekst: Knut Aastad Bråten Foto: Birthe Ulveseth

BØ: Arbeidet for å etablere ei lyttarforeining for folkemusikk er i gang. Målet er auka interesse for folkemusikken, i tillegg til meir folkemusikk i media, seier drivkraft i foreininga Agnes Buen Garnås. – Det er inga skam å sende ein slått i radioen eller på TV. Folkemusikk er for folk flest. Mange er glade i folkemusikken og ynskjer meir av han – også utanom dei faste programpostane som til dømes Folkemusikktimen, seier Buen Garnås. Foreininga vart stifta i Drammen i oktober 2010. Det fyrste årsmøtet, som skulle gå av stabelen i mai under Den Norske Folkemusikkveka på Ål, vart seinare avlyst. Førebels blir foreininga driven av eit interimstyre, som i tillegg til Buen Garnås består av Ellen Baskår, Åse Klundelien og Svein Bue – leiar for lyttarforeininga for klassisk musikk. 45 personar har meldt si interesse, eitt lag og 30 personar er betalande medlemmer i foreininga. – Det som forbausar meg, er at responsen i miljøet er så liten. Kanskje er det få som trur på makta i organisasjonslivet? – Korleis skal de jobbe? – Vi skal vera ei pressgruppe og koma med innspel til mediekanalane, mellom andre NRK. Lyttarforeininga har vore i møte med FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans, for å gjera saka og arbeidet i foreininga meir kjent. Dei har også sendt brev og informasjon om arbeidet til alle lokallaga i FolkOrg. – Er det bruk for ei lyttarforeining for folkemusikk? – Ja! Klassisk musikk har også si lyttarforeining. Dei arbeider for størst mogleg del av klassisk musikk i NRK og andre kringkastingsstasjonar. Resultata er gode. Nettopp difor har vi tru på ei eiga lyttarforeining – også for folkemusikken, seier Buen Garnås.

denne gongen som privatmann. Han er kritisk til framgangen i saka. – Endringar bør koma når det er konkrete framlegg om det. Eg kan ikkje sjå at det har kome presise påpeikingar av konkrete problem. Utfordringa no er at ein ikkje har definert problemet. Somme seier ein må endre seg, men ingen veit i kva retning ein skal gå.

LEIAR: Agnes Buen Garnås har engasjert seg for meir folkemusikk i media.

04/11 folkemusikk 9


KALOTTSPEL

Haikare guide folkem


Tekst: Anna Kleiva Foto: Hilde Mesics Kleven

ns til usikken Å vere på Kalottspel kjennest litt som å vere med ei venninne heim på besøk, og oppdage at ho har den trivelegaste familien i verda.

E

in tysdag kveld i august, ca. klokka halv tolv om kvelden, står eg på Koengen i Bergen i sommarkjole og gaular med på songane til ein av verdas største rapparar. 24 timar seinare er eg på Rundhaug i Troms, i mange lag med ull og oransje redningsvest. Vi ventar på å stige om bord i båtar som skal bere oss med straumen nedover Målselva, til tonane av norsk og samisk folkemusikk. Av og til føler ein seg litt meir mangfaldig enn elles. Det er kaldt under årets Kalottspel. Men det plar vere godt vêr på denne tida, blir eg fortald. Ein plar bade i elva fordi det er så varmt! Idet båtane sig gjennom vasskorpa denne kvelden, slår derimot ein gufs imot oss. Det er lite som minner om sommar. Og eg, som ser på meg sjølv som erfaren i utandørskultur, blir sitjande og hutre og klamre meg til skjerfet mitt. Langs elva

Men trass i kulda er sjølvsagt KulTur (som – trass det klamme ordspelet – faktisk også er namnet på eit arrangement under kultur-i-natur-festivalen Peer Gynt-stemnet) 04/11 folkemusikk 11


KALOTTSPEL

HU HEI: Barneframsyninga «Den vesle prinsen».

Det er stas med folk som meiner ei fin oppleving. Vi blir oppfordra til å vere stille, finne roa, berre late oss føre av straumen. Der eg kjem frå, veks ein opp med vissa om at elvestraumen kan ta liv. Eg er derfor først uroleg, sidan begeistra, for at ein her berre kan late seg føre av garde. Frå elvebreidda kan ein innimellom høyre musikk: feler, gitar, song. Andre gongar flyt vi forbi store bål. Det er mørkt elles; eg trur eg ser mannen som spelar gitar, men neste gong eg snur meg, ser eg berre ein stein. Etter vel ein time går vi i land, får ein Mack-øl i handa og litt mat. Så noko som skal vise seg å vere symptomatisk for denne festivalen: haik. Etter å ha varma oss nokolunde opp over eit bål begynner fotografen 12 folkemusikk 04/11

og journalisten å kjenne seg signe. Vi spør ho som serverte oss mat, korleis vi skal komme oss attende til sengene våre. «Det er alltid nokon som køyrer,» svarar ho. Og det er det. Kalottspel er ein festival som går føre seg over eit relativt stort geografisk område. Folk køyrer mellom arrangementa, og gir gjerne skyss. Dei som jobbar frivillig for festivalen, stiller med minibussar når privatbilar ikkje strekk til. Eg – ingen dansar

Skodda heng framleis om fjelltoppane då eg vaknar morgonen etter. Vêret er tydelegvis ikkje heilt med oss denne veka. Eg ruslar mot Bakkehaug skole, som er ein slags

hovudarena for festivalen. Nokre av konsertane blir arrangerte her, og alle kursa. I tillegg kan ein overnatte på skulen (noko fotografen fekk prøve seg på, sidan gjestegarden brått var fullbooka). Vi ser ei oppsetjing av «Den vesle prinsen» med folkemusikktilsnitt. Så tittar vi innom danse- og felekursa. Dansarane lærer pols, og spinn rundt med varierande suksess. Eg klør litt etter å vere med, sjølv om eg veit eg ville vore ein av dei som fører til at ein må ta i bruk adjektivet «varierande». Klokka fem bussar vi til Løvhaug gard, der Eli Storbekken Trio spelar songane til far hennar, Egil Storbekken. Allereie på 60-talet dreiv han med økologisk jordbruk


Dette er Kalottspel ■■ Kalottspel er ein folkemusikk- og folkedansfestival som har vore arrangert på Rundhaug sidan 1970. Sidan 2000 har festivalen vore arrangert kvart år. ■■ I løpet av året arrangerer festivalleiinga også ei rekkje konsertar under same namn. ■■ Festivalen arrangerer dansefest, seminar, spele- og dansekurs for både ungar og vaksne, i tillegg til konsertar. Kanskje mest kjend er den musikalske båtturen på Målselva. ■■ Tidlegare har blant andre Susanne Lundeng, Sondre Bratland og Valkyrien Allstars spelt på festivalen. ■■ Blant artistane i år var Sigrid Moldestad, Hazelius/Hedin og Earlybird Stringband. Sjekk meir her: www.kalottspel.no

MOEN KULTURLÅVE: Låvedans og låvespel.

LET’S DANCE: Dansekurs med Sigurd Johan Heide. Julie Alapnes Normann på fele.

musikken heilt inn til beinet og seterturisme, i tillegg til folkemusikken. Det passar dermed godt at konserten går føre seg i ein nyrestaurert fjøs; dette er ikkje seterturisme, men ein kulturgard. Dei slektar på kvarandre. Pølse og kake

Seinare den kvelden får vi skyss til nok eit originalt lokale. Moen Kulturlåve er ein låve gjord om til konsertscene. Publikum sit på stolar på golvet og på benkar festa opp langs veggane. På scena finst til og med eit improvisert backstage-område; ein sofakrok med bord, der bandet kan ta seg ein øl før konserten. Det er Earlybird Stringband som skal spele i kveld. Dei er eit bluegrass-

band som syng fleirstemt og snakkar mykje om fisking. Stemninga er god, vi kjøper pølse og kake og stadig fullare plastvinglas i baren. Etter konserten er det låvedans. Nok ein gong kjenner ein at det hadde vore fint å kunne vere med på jamminga eller dansinga. Men det er fint å glo også. I to-tida køyrer minibussen oss attende til gjestegarden. Turen tek kanskje 20 minutt, og blir akkompagnert av unison shala-lala-la-ing. Kalottspel er ein heimekoseleg festival; her blir vi plukka opp og køyrde heim frå fest, alle som ein. Fredag morgon vaknar eg til felespel. Eller drøymer eg det berre? (Eller held

nachspielet på enno?) Eg søv litt til, går så ut for å kjøpe meg frukost på Jokeren. Earlybird Stringband sit på trappa, sola stikk seg fram. Eg lurer på kva som skjedde etter eg la meg. Dei svarer at felespelaren på eit tidspunkt gøymde seg bak pianoet. Dei fortel også at dei allereie har vore på joggetur. Det er altfor sprekt, meiner eg. Vi reiser nok ein gong til Løvhaug gard. Eg snakkar med ein fyr frå Sveits som slumpa over ein plakat for Kalottspel medan han var i Tromsø. Han campar med sovepose i eit lite skur ute i skogen. Eg synest det høyrest kaldt ut, samtidig som det gler meg at nokon faktisk gjer sånt. Sveitsaren meiner at naturen her og organiseringa av 04/11 folkemusikk 13


KALOTTSPEL

festivalen kler kvarandre; landskapet er så ope, husa står så langt frå kvarandre, det passar godt at ein må køyre eit stykke for å komme frå konsert til konsert, seier han. Rørande

På Løvhaug høyrer vi Anders Bjernulf. Trass i at songane er sørgjelege, kjenner eg meg liksom oppløfta etter konserten. Det er stas med folk som meiner musikken heilt inn til beinet. Men jammen tek det på å rapportere frå festival. Ein må følgje med og ta inn alt heile tida. Klokka halv åtte er det ny konsert, med Sigrid Moldestad og bandet hennar. Ho opnar med fleire songar laga over dikta til Robert Burns, i Johannes Gjerdåker si norske omsetjing. Det er på dette tidspunktet at trøyttheita overmannar Folkemusikk. Fotografen held på å sovne, medan journalisten blir i overkant rørt og begynner å gråte. Sigrid refererer heile tida til bandet sitt som «gutane». Og det slår meg at det har vore ein del gutar på scena under festivalen. Riktig nok er Sigrid Moldestad og Eli Storbekken hovudfigurar – og det finst ei rekkje leiande kvinnelege folkemusikarar i dag. Men eit band er eit band er ei gruppe med gutar. Idet eg sukkar litt over dette, begynner Sigrid å fortelje om dei kvinnelege spelemennene som levde på Vestlandet for 200–300 år sidan. Ho snakkar om at det å spele eit instrument framleis er uhøyrt for kvinner fleire stader i verda i dag. Kalottspel går føre seg i to dagar til, men Folkemusikk må heim laurdag morgon. Før avreise får vi riktig nok med oss delar av dansefesten på Bondeheimen. Her finst utstoppa dyr på veggane og hardcore danseentusiastar frå Bodø. Vi blir påspanderte litt røykt whisky. Oppe på scena dukkar det opp stadig nye grupper. I ei av gruppene finst ei høggravid kvinne med fele. Det er festivalsjefen som er i barselpermisjon, kan nokon fortelje meg. Ho har termin i dag. At Kalottspel-stemninga er familiær, er ikkje ei overdriving. 14 folkemusikk 04/11

I MOLL: Flaggermusikk med Anders Bjernulf og Erlend Viken.

Flaggermusikk i moll Kalottspel går føre seg i mange ulike lokale rundt om i Målselv kommune. Eitt av dei er den nyrestaurerte flaggermusfjøsen på Løvhaug gard. Når ein svingar inn på tunet på Løv-

haug, ser det i grunnen ut som ein heilt vanleg gard. Det at gamlefjøsen er gjord om til konsertlokale, er i og for seg ikkje noko ein heiser opp augebryna for. Slikt finst det mykje av i Noreg for tida – og fint er det! Ein flaggermuskoloni er derimot ganske spesielt. Tre dagar på rad under Kalottspel opnar Hans Olav Løvhaug og Britt Talmo dørene for publikum. I den nyrestaurerte fjøsen, reist i 1857, blir gjestane serverte mjødurt i stetteglas og folkemusikk under pseudonymet «flaggermusikk». – Flaggermuskolonien bur i våningshuset, fortel vertskapet. – Men vi har bygd eit nytt rom til dei, i andre etasje av denne gamle fjøsen. Derfor kallar vi konsertserien Flaggermusikk. I spøkefull tone blir det sagt at musikken er plukka ut fordi han skal kunne lokke flaggermusa til å busetje seg i fjø-

sen. Og stemninga som rår under konsertane, er absolutt forlokkande. Det er varmt i rommet, kanskje aller mest i overført tyding. Det er lågt under taket, og tett i tett med folk på benkeradene. Under fredagens konsert med Anders Bjernulf sit Folkemusikk på einaste ledige benk på første rad. Det er slik at vi kjenner trampinga hans gjennom golvet og opp i kroppen, og bogen vippar nesten heilt inntil kjakane. – Det kommer bli mycket moll. Så ni är beredda på det, seier Bjernulf etter eit par låtar. Han skal spele favorittane sine, har han fortalt. Konserten kjennest personleg slik. Mot slutten plukkar han opp kompisen Erlend Viken på scena; dei har møtt på kvarandre nokre timar tidlegare på hotellet. Fire låtar spelar dei saman, og publikum svarar med brennvarm applaus.


over 100 år med musikk

1908–2008

ENGROS – DETALJ • DELER/STRENGER/REKVISITA

• Strykeinstrumenter • Trekkspill • Gitarer • Blåseinstrumenter • Mandoliner

• Banjoer • Forsterkere • Etniske instrumenter • Slagverk • Digitalpiano / keyboard

Storg. 43, 0182 Oslo E-post: firmapost@hornaas-musikk.no www.hornaas.no

23 32 77 70 Egne verksteder – Norges største utvalg av akustiske instrumenter – Musikk i 3 etasjer! Hornaas_ann. 7-10.indd 1

08.06.10 14.09

Ikkje alle kan bli folkemusikarar Utan mat og skulegong har ho inga framtid wfp.org/no

facebook.com/no.wfp

Verdas matvareprogram Laget for Folkemusikk arrangerer

Oslokappleiken Laurdag 29. oktober på Riksscenen i Oslo Sjokoladekappleik for dei minste frå kl. 11.00 til 13.00. Sjølve kappleiken byrjar kl. 13.00. Påmelding frå kl. 11.30 til 15.00. Kappleiksfest med godt dansespel til kl. 01.00. Premieutdeling etter kappleiken. Velkommen! Arrangør: Laget for Folkemusikk med gode hjelparar frå fleire lag i Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Samarbeidsorganet for folkedans og folkemusikk i Akershus (SAFFA)

04/11 folkemusikk 15


I artikkelen «Nytt harpetreff i 2011» i bladet Folkemusikk 1-2011 kom redaktøren til å underteikne artikkelen med sitt eige namn. Det er sjølvsagt ikkje rett. Skribenten som skal krediterast, er Mari Fossfoss. Bladet Folkemusikk beklagar feilen og spanderer eit årsabonnement på Mari for uhellet.

Foto: Tove Åsum Forwald

Feil namn

KJEM: Susanne Lundeng kjem til Voss i oktober.

Innkjøpt av staten Spelemannsbladet for 20 år sidan Oktober 1991 Staten ved innkjøpskomiteen har kjøpt inn heile sju folkemusikkproduksjonar som er produserte i år. I alt er 30 plater kjøpte inn, og folkemusikken kjem denne gongen spesielt godt ut. Følgjande folkemusikkproduksjonar er innkjøpte: Hauk og Knut Buen: Myllarfela, Byttingen: Prim, Hørkelgaddan: Ørsalmusikken, Susanne Lundeng: Havella, Leif Inge Schjølberg: Storsagje, Sør-Fron Spelmannslag: Den lykkelige frier, Ulens kvintett: Lugume leikje'.

Frå FolkOrg HEILE LANDET: Søknadsfrist for arrangørar av Landskappleiken 2014 og Landsfestivalen 2013 og 2014 er no sett til 1. november. Rapporten frå utvalet som har vurdert framtidig organisering av Landskappleik og Landsfestival, og i den samanheng samanslåinga til arrangementet «NM i Folkemusikk», blir lagt ut til høyring etter 16. september. Rapporten blir sendt ut på e-post til laga, og er elles å finne på folkemusikk. no. Høyringsfrist er 1. januar. Det vil bli eit seminar med utgangspunkt i prosessen og høyringssvar under FolkOrg sitt årsmøte i 2012, og styret ser for seg eit endeleg vedtak under årsmøtet 2013.

16 folkemusikk 04/11

Musikk og forTELJING VOSS: Seminaret under Osafestivalen på Voss går av stabelen 27.–28. oktober 2011 og har temaet «Musikk og forteljing». På seminaret vil Leif Stinnerbom gi av sin store kunnskap om forteljing som formidlingsform. Han vil rettleie musikarar frå ulike sjangrar i

Ti år HEILE LANDET: Norsk Kvedarforum er ti år i 2012. Foreininga vart starta i Bø i Telemark i april 2002. Forumet arbeider med alt frå kurs til arrangement til kvedarpolitiske saker. Neste år blir det jubileumsmarkering og fleire arrangement i samband med 200-årsjubileet for Ludvig Mathias Lindeman. Det blir tradisjonen tru kvedarseminar ein gong i september månad, skriv Jan Heier til bladet Folkemusikk. Vi gratulerer forumet med feiringa!

praksis når det gjeld tilhøvet mellom verbal og musikalsk formidling. Susanne Lundeng og Nils Henrik Asheim vil halde innleiingar til temaet frå sine innfallsvinklar i folkemusikk, samtidsmusikk og improvisert musikk.

Storverk i siget HEILE LANDET: Fleire bokverk om folkemusikk er i kjømda denne hausten. Eitt av dei er om telemarkssongarar på 1800-talet. Arbeidet med verket vart starta for mange år sidan av Bengt R. Jonsson, leiar for Svenskt visarkiv, skriv Astrid Nora Ressem i ei pressemelding. Jonsson døydde før arbeidet vart avslutta, men rakk å be Olav Solberg om å sluttføre arbeidet. Ressem skriv at Solberg har arbeidd med prosjektet eit par års tid, og at boka kjem i haust på Novus forlag. Boka blir gjeven ut som del av Svenskt visarkiv og Norsk visearkiv sin skriftserie.

Ny professor OSLO: Steinar Ofsdal er tilsett som profes-

LOGO: Slik ser logoen til kvedarforumet ut.

sor ved Noregs musikkhøgskole i Oslo. Det har vore ei kjend sak i lengre tid at skulen har hatt vanskar med å tilsette professor i folkemusikk ved skulen, noko bladet Folkemusikk har skrive om tidlegare. Ofsdal er tilsett i eit åremål i seks år. Ofsdal var også einaste søkaren til stillinga.


Foto: Johanne Landsverk

Fele til sals Gamal hardingfele til sals, laga av Anders Heldal, Bergen ikring 1840. Fela er i svært god stand. Interessert? Kontakt spelemannen Knut Hamre på mobil 957 28 255.

VINNAR: Tor Hoslemo.

det skjer! Oktober 7.–8.

Vestlandskappleiken, Sande i Sunnfjord

7.–9.

Dansehelg og VM i Rørospols, Brekken

8.

Samisk dag, Riksscenen, Oslo

15.

Vestopplandsstemne, Lunner

Hardingfele ønskes kjøpt

Kappleik på Rysstad

21.–23. Oktoberfestivalen i toradarspel, Voss

SETESDAL: Setesdalskappleiken vart ar-

28.–29. Musikarseminar, Rudi gard, Sør-Fron

Hardingfele bygget av Erik Johnsen Helland eller Eilev Johnsen Steintjønndalen ønskes kjøpt. God pris betales for god og original hardingfele. Mobil: 416 89 642.

rangert laurdag 6. august på Rysstad. Dette er nokre av vinnarane: Kveding klasse B: Inger Lien (Falkeriset / 116 poeng), kveding klasse D: Kittil Brekke (Vårlengt / 111 poeng), dans hardingfele klasse B: Gunnhild N. Hagane og Knut Arne Rysstad (Setesdal Spelemannslag / 88 poeng), spel hardingfele klasse B: Tor Hoslemo (Setesdal Spelemannslag / 116 poeng) og munnharpe senior: Jamie Lodberg (Setesdal Spelemannslag / 80 poeng).

29.

Hardingfele til salgs Anders Aasen hardingfele, nr. 54, bygget i 1980, vurderes solgt. Kun seriøse henvendelser. Mobil: 416 89 642.

27.–30. Osafestivalen, Voss

til minne, Øystre Slidre 29.

Forskar på danseband BØ I TELEMARK: Heidi Stavrum er cand. philol. i kulturstudium frå Høgskolen i Telemark, avdeling Bø. Stavrum har sidan 2004 jobba som kulturforskar ved Telemarksforsking i Bø i Telemark. Frå 2008 er ho i tillegg stipendiat ved Høgskolen i Telemark, avdeling Bø. Doktorgradsprosjektet hennar handlar om dansebandmusikk og dansebandkultur i Noreg. – Formålet med prosjektet er å beskrive og forstå danseband som musikalsk sjanger og kulturfenomen slik det blir erfart av dei som deltek, dei som er innanfor dansebandmiljøet, seier Stavrum. Prosjektet skal vere ferdig i løpet av våren 2012.

HEILE LANDET: Bladet Folkemusikk og FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans har produsert eit eige kappleiks- og festivalmagasin med fyldige intervju, reportasjar, bildeseriar og resultatlister frå Landsfestivalen og Landskappleiken. Det er fyrste gong bladet og organisasjonen gjer dette. Innstikket ligg ved i dette nummeret av Folkemusikk. God lesnad!

Erasmus Mundus

Foto: Arild Hansen

TRONDHEIM: Dansevitskap ved NTNU i

FOLK FLEST: Mange diggar dansebanda, men ingen

Trondheim har fått gjennomslag for to av seks søknader til det europeiske samarbeidsprogrammet Erasmus Mundus, skriv universitetsavisa.no. Studiet har fått rolla som koordinator for «Choreomundus», som er eit nytt internasjonalt masterprogram i dans som kunnskap, praksis og arv. Til vanleg blir det teke opp 20 studentar på masterprogrammet i dansevitskap. Med Erasmus Mundus-samarbeidet kan skulen ha von om mellom 10 og 12 stipend og ein del sjølvfinansierande studentar.

Haustfest med Petter A. Røstads orkester, Næroset

29.

Oslokappleiken, Oslo

November 3.–4.

Representantskapsmøte i Rådet for folkemusikk og folkedans, Trondheim

3.–6.

Kappleik og festival

Konsert og dansefest, Knut Steinsrud

4.–6.

Kvedarkurs med Unni Boksasp, Rauland Storkurs, instruksjon i hardingfele, dans og kveding, Bergen

7.

Søkefrist, Fond for utøvande kunstnarar

10.–13.

Hilmarfestivalen, Steinkjer

11.–13.

NORD11, Sälen, Sverige

11.–13.

Folkemusikkseminar med Kvarts, Kinsarvik

11.–13.

Folkemusikk- og dansehelg, Suldal

17.

Framsyning, elevar ved Ole Bull Akademiet og Rff-senteret, Riksscenen, Oslo

Desember 1.

Søkefrist, Norsk kulturråd

3.

Dansedykk Nord-Norge, Riksscenen

9.

Folkemusikkvelden, Vinstra

9.–11.

Folkemusikkfestival, Noregs musikkhøgskole, Oslo

For meir konsertinformasjon: www.folkemusikk.no www.riksscenen.no www.fordefestivalen.no www.hilme.no www.bls.no www.hardangerogvossmuseum.no

forskar på han. Her Ole Ivars.

04/11 folkemusikk 17


portrettet

Einar Eimhjellen ■■ Fødd i 1938 i Naustedalen, Sogn og Fjordane. ■■ Gift med Marit, som òg er med i spelemannslaget. Har tre born og sju borneborn. ■■ Byrja å spela fele og gitar i 11-årsalderen. ■■ Har arbeidd som jordbrukssjef i Naustdal kommune. ■■ Medskipar av Naustedalen Spelemannslag i 1953, leiar av laget frå 1968. ■■ Har samla slåttar og opplysningar om spelemenn frå Sunnfjord og frå det norske miljøet i Amerika. ■■ Eig og driv firmaet Naustdal Musikkproduksjon, stifta i 1988. ■■ Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv og folkemusikkprisen til Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

18 folkemusikk 04/11


Tekst: Ida Habbestad Foto: Oddleiv Apneseth

Innovatøren Einar sine interesser kan faldast ut på eit slektstre, der greinene er mange og tjukke, og med stadig nye kvister.

04/11 folkemusikk 19


PORTRETTET

L

unt, ryddig og oppfinnsamt. Desse orda fester seg snart då eg tek plass i den romslege sofaen på kontoret til Einar. Einar, som heiter Eimhjellen til etternamn, og som i heimen sin i Naustdal har lagt flid i å skapa denne inviterande hola: ein verkstad der han utspelar ein sentral del av livet sitt. Kor mange timar han har halde til her, veit ingen. Men sjølvsagt er det her me skal vera. Einar signaliserer med det at interessene hans, og alt han har gjort, i stor grad formar han som person. På veggane heng bilete, instrument, utmerkingar. Her er utstyr og maskinar. På bordet har han funne fram eit utval hefte, innspelingar – arbeid. I alt minner kontoret om eit anna eg minnest frå barndomen: bestefar sitt kontor, som hadde slik magisk kraft. Med eit nøkternt og oversiktleg oppsett, men med noko større og skapande i seg – noko som bobla bakom alt det ryddige. Denne kjensla vert underleg sterk i Naustdal. Er det ikkje berre eit spørsmål om tid før verktøy og skrivereiskapar også i dette rommet brest ut i noko kreativt? Einar sitt kontor er fylt av hendingar og meining. Det representerer ein stad der arbeid og hobby er førte saman til eit liv: Det gode livet, som han openbart har levt – her oppe, og med kona si, Marit, med familien, i bygda som han har vigt mykje merksemd. Når eg så opnar samtalen for å høyra meir om alt dette meiningsfulle, vert eg overraska. – Eg har i grunnen aldri vore god til noko som helst, seier Einar, nøkternt. Eg løftar augnebryna i protest. Han ser det, og held fram: – Ja, nei, eg har ikkje det. Men eg har hatt veldig mange interesser.

Det siste er sanning. Det er som kvar interesse han har, genererer nye. Spelemannslaget har ført til interessa for å gjera opptak. Det førte til nyfikna for utstyret

20 folkemusikk 04/11

i seg sjølv, og for å skriva ned musikk. Det førte til interessa for å læra seg nye instrument, i grunnen er det inga grense for kor mange instrument Einar kjenner i det grunnleggjande. – Ja, vil du høyra? Einar bort til platespelaren, og sanneleg: Frå høgtalaren kjem eit heilt lite orkester. Einar trakterer alle instrumenta sjølv, han har spelt inn spor for spor. I ungdommen gjekk han i snikkarlæra, og dernest tok han ei utdanning i jordbruk. Der andre spesialiserte seg, tenkte Einar breidde. Såleis har han kunnskap om husdyr og hage, om skog og om økonomi – alt kom godt med i verksemda hans som jordbrukssjef i kommunen. I yngre år var han dessutan ein aktiv idrettsmann. Særleg innanfor skihopping, der han vart kretsmeister som gutehoppar. Då han ein periode budde i Trøndelag, gjekk han til topps i fleire hopprenn. – Men det eg er aller mest stolt av, er då eg som juniorhoppar vann over senioren Leiv Blakset, som seinare vart stortingsmann, minnest Einar. – Det ser eg på som det største eg har oppnådd! Han er altså ikkje umedviten om kva han kan. Men når innsatsen i seinare år er møtt med heider, har han hatt vanskar med å skjøna det. – Eg heldt på å få sjokk. Det var heilt utenkeleg, seier Einar. Han er beden om å fortelja om ein spesiell episode. Den gongen han var på fylkeskappleiken, og trudde han skulle få folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane, då ordføraren plutseleg viste seg. «Kva er dette; kva har ordføraren med ein folkemusikkpris å gjera,» undra Einar, som snart forsto at han skulle få noko endå meir gildt i handa: Kongens fortenestemedalje i sølv, som takk for lang og tru innsats. – Utenkeleg, gjentek Einar. Og eg undrast: Kvifor var dette så utenkeleg? For ein mann som har vore umåteleg viktig for samhaldet i lokalmiljøet?

Det er vanskeleg for meg å setja skilje mellom gammaldans og folkemusikk.

Han er ikkje alltid like audmjuk. Somme ting gjer han faktisk svært så irritert. Som då han var med på landskappleik med spelemannslaget, kring 1972. Dei deltakande var høgst inspirerte, etter kurs med Sigbjørn B. Osa. Dei gjorde sitt beste. Jubelen var høg, inntil beskjeden kom: Dei var diskvalifiserte for å ha trekkspel med i gruppa. Einar protesterte. Det fanst ikkje nokon heimel for dette i vedtektene. Faktisk hadde styret endra regelverket under sjølve kappleiken. – Det vart gjort eit vedtak som verka attende i tid. Eg lika det ikkje, seier Einar, fast i blikket. Eg trur han gjerne. Men mot slutten av året vart mykje gjort godt, då Rolf Myklebust i Folkemusikktimens kavalkade trekte fram opplevinga med spelemannslaget som ei av årets beste. Det siste fortel han nøgd, Einar. Det som før var atterhalde, er lagt vekk til fordel for det meiningssterke. Kanskje er me ved kimen til svaret på kvifor han let seg overraska slik over at han, som enkeltperson, vart mottakar av ein så gjæv hyllest? For Einar opptrer helst på vegner av eit fellesskap. Mest same kva han gjer, munnar arbeidet ut i noko større, der gruppa og samhaldet er det viktige.


Musikalsk sett starta det i 1954. Einar

var med i spelemannslaget frå byrjinga, då ein samla kreftene som til då hadde spelt for seg sjølv. Han flytta ut for å studera, og då han kom attende i 1968, hadde laget ei tid hatt låg aktivitet. Det var tida for å gje eit løft – og Einar løfta. Han tok leiinga og har halde i trådane sidan. Han har òg vore engasjert i kampen om å få «vera noko» i folkemusikkmiljøet, særleg i tida då interesseorganisasjonane skilde lag. – Det er vanskeleg for meg å setja skilje mellom gammaldans og folkemusikk. Ein gjorde det for nokre år sidan, då det var konflikt i miljøet. Eg forsto det ikkje den gongen. I dag verkar det som dei unge tenker annleis. Dei spelar alle former for musikk; like gjerne reinlender som halling, og det er gledeleg. Eg meiner folkemusikken skal få romma både hardingfeletradisjonane og gammaldansformene, seier Einar.

Ikkje at han eigentleg er villig til å debattera den slags no. – Du skal ha eit godt liv på dine gamle dagar. Då skal du ikkje hissa deg opp over ting, seier han. I staden har han nytta tid på å skapa samhald. Dei siste åra har han arbeidd med å skipa til ein venskapsby med byen Kent i USA. Kommunane Naustdal, Førde, Jølster og Gaular er involverte, og samarbeidet skal mellom anna føra unge saman. – Me vil gjerne skapa nettverk mellom ungdomar. Det veit me er viktig no, seier Einar og vert tankefull. Arbeidet med venskapsbyen har samanheng med ei lang rekkje USA-turar. Først med spelemannslaget. Sidan på eige initiativ. Noko av det kjekke med turane har vore å finna att musikken frå dei som ein gong emigrerte. Frå Naustdal var talet på utvandrarar enormt, prosentvis mellom dei høgste i Noreg.

– Då eg oppdaga desse karane som heldt tradisjonen i hevd der borte, vart eg undrande i høve til korleis den skandinaviske folkemusikken hadde utvikla seg, fortel Einar. – Du veit, landet er litt av ein smeltedigel, og ein finn døme på korleis folkemusikken har blanda seg med andre uttrykk der borte. Det eg har vore mest interessert i, er dei eg kallar «oldtimers», som faktisk har lært i tradisjonen etter dei som vandra ut. Hjå fleire av desse, som Jeff Andersson frå staten Washington, meiner eg ein kan høyra ein westernstil i musikken. – Har du leikt med tanken på å la denne utviklinga flyta attende i det norske? – Nei, det tykkjer eg ikkje er rett. Men det er interessant. Då Alfred Maurstad var med i filmen Fant, spela han fele. Mellom anna spela han ein slått me kallar Nordfjordvalsen, som me trur er frå Nordfjord. Spør du ein svenske om kva melodi det er, svarer 04/11 folkemusikk 21


PORTRETTET

han truleg Svensk-Annas vals. I USA finn du han som Peek-A-Boo Walz, og det er her ein finn at han først vart nytta, i 1880. Teorien min er at songen kan ha oppstått i USA, og at han vart ført hit med somme av dei som returnerte til dei skandinaviske landa, seier Einar. Han går gjerne i djupna på fagleg innhald. Djerv i blikket stoppar han opp om han har nytta fagterminologi, spør om eg heng med. Ikkje på nokon uvenleg måte. Meir som ein pedagog som brått forstår at han kanskje må nytta andre ord. Men mildt krevjande; det skal ikkje vera noka unnasluntring heller. Kanskje er han slik når han underviser. Alle skal med. Ingen som søkjer opptak i laget, vert haldne utanfor. Men alt skal forståast på samlingane i spelemannslaget. – Det er ikkje slik at eg leverer ut ein note og seier kom att nest veke. Nei, me sit og terpar – frå byrjinga, seier Einar. Den eine veka øver dei, den andre spelar dei til dans. Når dei framfører ein melodi for første gong, er det ikkje sikkert alle kan han. Men ein kjem seg gjennom. Målet er ikkje å bli best, insisterer Einar. Som med stort tålmod lærer frå seg, frase etter frase, bogestrok for bogestrok, mot dette enkle målet: Musikken skal i bruk. Det stendige arbeidet har hatt meining for mange. På mange måtar fyller spelemannslaget funksjonen som kulturskulen i bygda skulle hatt; skulen som finst på papiret, men ikkje i praksis. Kva er det så som har drive han – gjennom alle åra med terping og nye innfall? Einar drar på det. Han veit ikkje heilt. – Det er veldig viktig å møta folk, å ha eit fellesskap, byrjar han. Så kjem han ikkje lenger. Tankane er liksom så sjølvsagde. Han har ikkje reflektert mykje kring dette, verksemda har fått gå, slag i slag. Eg forsøker på nytt.

22 folkemusikk 04/11

Du skal ha eit godt liv på dine gamle dagar. Då skal du ikkje hissa deg opp over ting. Var det eit kall, eller fall det heilt naturleg, innsatsen for så mange? Kva har det betydd for han? – Det er berre ein hobby. Eit menneske må ha hobbyar, svarer Einar. – Om det er jakt eller spel eller fiske. Det er slik for oss alle. Eit menneske må driva på med noko. Det er ikkje meir å seia om saka, og me er i ferd med å avrunda samtalen i konklusjonen om at kvar må byggja sin eigen kvardag, og finna det gode i den. Men best som eg pakkar saman tinga mine, er det som om Einar startar opp på ny.

Har han fortalt at han held på å skipa til kurs i munnspel, etter den gamle metoden? Har han fortalt om nye innspelingsprosjekt? Kan han kanskje fortelja om ein inspirerande lærar han har møtt? At han snart skal leggja ut på reise? Mannen som har passert 73-årsdagen, er langt frå sliten. Snarare verkar tiltakslysta sterkare enn nokon gong. Der dvelinga kring motivasjon og kjensler ikkje verkar viktig, gjev tiltaket i seg sjølv desto større kraft. Ei meistringsoppskrift, kanskje? – Eg likar å byrja med ting, konstaterer Einar.


BLI ABONNENT PÅ SYN OG SEGN FÅ GRATIS BOK! LINDA EIDE:

Øyvind Strømmen: Fanga

«Syn og Segn er format- og innhaldsmessig som skapt for ein lang frukost på senga. Og frukost på senga er noko med det beste eg veit!» SYNogSEgN: 0311

oesi er faktisk ein av dei få tinga her i JON FOSSE: livet ein ikkje kan stele.» «...p

dEt NorskE sAMlAGEt

978-82-521-7950-7

4672 sofiENBErG, 0506 oslo

118. ÅrGANG

rEturAdrEssE: sYN oG sEGN, PostBoks cover0311.indd 1

98 kroNEr

NÅR DET VESLE BLIR SToRT INTERPRESS NOREG

OTTAR GREPSTAD: «Bladet som gir deg lyst til å tvitre at nettet må greie seg sjølv i kveld.»

Politikk dEt NorskE sAMlA GEt

N oG Politikk

«Syn og Segn har opplyst lesarar sidan 1894, og ulikt anna ferskvare er det ikkje blitt dårlegare med åra, for å seia det slik.»

tidsskrift for kultur, sAMfu NN oG

tidsskrift for kultur, sAMfuN

id Luneit «Folk tenkjer så mangt. I Syn ogEldr Segn, den av Noregs eldste tidsskrift, er det plass nok til at ein ikkje treng å tenkja kort. Og det er det verdt å gje tid og rom.»

ARNHILD SKRE:

i nettet Bård Vegar Solhje ll: Afghanistan – Ein veg heim og ein veg vidare Anna Kleiva: Å vite kva ein vil (og så gjere det). Ein samtale med Eldrid Lunde Marta Norheim: Korleis kan n eg vite at ei bok er god? Eivind H. Natvig: Du er her no Grete Riise, Aud Søyland og Åse Wetås: Livet med nynorsk rettskriving Johannes Nymark og Rolf Theil: Dei ukuelege språka Anders Aschim: På eige tungemål. Bibelens rolle for morsm åla i verda Bjørn Hatterud: Vi som elskar Monaco Ingeborg Aasbrenn: Åstadg ransking Dag H. Nestegard: Irlands babylonske period e

Kåra til Årets tidsskrift 2010 og Årets nordiske tidsskrift 2010

Vi gløymer at det vanlege kan vere vakkert. Og at det vi ikkje ser kan vere farleg.

RETURVEKE 46

26.08.11 12.16

Som abonnent får du mange fordelar: • Du får Syn og Segn rett i postkassa fire gonger i året. • Du blir automatisk medlem i Litteratur­selskapet Det Norske Samlaget, om du ikkje reserverer deg. • Du kan kjøpe bøker frå Samlaget til redusert pris. • Flotte vervepremiar! Pris på abonnement: Ordinært abonnement kr 395 / Student kr 339 / Bedrift, institusjon kr 489

Du kan velje mellom desse bøkene:

Marit Eikemo: Mellom oss sagt Brit Bildøen: Mitt milde vesen Marta Norheim: Røff guide til samtidslitteraturen Ragnar Hovland: 1964 Jon Fosse: Andvake

Bestill abonnement på www.synogsegn.no eller ring telefon 227078 00


talent 2011

Morgondagens

heltar

Dei er scenevande og meistrar i faga sine. Og smålåtne. Ikkje alle veit om dei vil vera proffe musikarar på ordentleg. FØRDE: Sigrid har studert historie, men vil satse på musikken. Mads Erik endar kanskje opp som lærar? Jørgen, derimot, trur han blir ein miks av sylvsmed, bonde og spelemann. Under Førdefestivalen i sommar er dei fyrst og fremst glade representantar i prosjektet Talent 2011. Sigrid Kjetilsdotter Jore (23): – Kjempegaman å vera talent! Jørgen Bønstu Nyrønning (20): – Stas! Mads Erik Odde (19): – Ei ære! Om kulturmøte

– De er talent i prosjektet med same namn. Har det vore lærerikt å møte unge musikarar frå andre land? Mads Erik: – Det har vore hjelma lærerikt. Vi var sjølvsagt spente, og det har innimellom vore vanskeleg å ta til seg Mads Erik ein heilt ny musikk. Sjølv om vi spelar på dei same instrumenta, brukar vi dei på ulikt vis. Sigrid: – Det har vore mykje øving, så klart. Men vi fungerte godt i hop. Dei er meir vande med samspel enn oss. Vi driv mest solistisk. Det er eit vesentleg skilje.

Det ville vore moro om ein kunne levd av musikken, då, på heiltid

24 folkemusikk 04/11

– Og du har lært fleire nye språk, Sigrid? Sigrid: – Jepp. Litt rumensk, serbisk og tyrkisk denne gongen. – De blir kjent gjennom musikken. Men snakkar de mykje saman, eller dreier alt seg berre om musikk? Jørgen: – Vi snakkar om alt mogleg! Som om vi har kjent kvarandre heile livet! – Om kva då? Jørgen: – Veit eigentleg ikkje. Men dei studerer visstnok ikkje musikk. Dei har musikken berre som hobby, medan Mads Erik, Sigrid og eg studerer og har studert musikk. – Er det ein klisjé at musikken er eit universelt språk? Sigrid: – Nei, eg trur det er sant. Men som i andre språk finst det mange ulike dialektar – også i musikkverda. Nokre er enklare å skjøne enn andre. Om framtida

– De veks opp i ei tid med mange profesjonelle folkemusikkutøvarar. Eit mål for dykk òg? Mads Erik: – Nja, tja. Det ville vore moro om ein kunne levd av musikken, då, på heiltid. Men det er vanskeleg, og eg ser heller for meg ein lærarjobb i tillegg til speleoppdrag i ny og ne. Sigrid: – Eg prøvde å studere historie i Bergen. Men, nei, det var feil. Det er musikar eg vil vera. Ein får anledning til å reise og turnere. Eg har ikkje noko konkret mål for kva eg skal oppnå her i livet anna enn å gjera det eg tykkjer er spanande, og gripe dei moglegheitene som byr seg. Vegen er målet.

Jørgen: – Det må vera mogleg å prøve. Sjølv har eg ambisjonar om å bli både smed, sauebonde og spelemann. Eg trur det vil bli ein fin kombinasjon. Men det er nok lurt å vera allsidig. Skal ein berre drive med tradisjonell folkemusikk, er eg redd det blir kjedeleg. Ein må vera nyskapande, blande sjangrar. Då skil du deg ut. Sjå på Olav Mjelva. Han likar eg.

Sjå på Olav Mjelva. Han likar eg

Om sjangeren

– Kva er det mest spennande som skjer i folkemusikksjangeren i dag? Mads Erik: – Ser Jørgen vi ti år tilbake, har musikken fått fleire greiner å boltre seg i. Folkemusikken blandar seg med annan musikk. Skapar nytt. Folk frå klassisk og jazz ser mot folkemusikken og let seg inspirere av kreativiteten vår og korleis vi blandar sjangrar. Jørgen: – Folkemusikken er den sterkaste musikken i verda. Den har halde seg lenge, den. Sigrid: – Eg tykkjer det er moro å formidle musikk til nye publikumsgrupper. Då eg gjekk på ungdomsskulen, himla dei med augo når eg fortalde at eg dreiv med kveding. No er det mange som tykkjer det er interessant og vil lære om det. – Er det meir sjølvtillit blant unge folkemusikarar i dag enn for til dømes 10–20 år sidan?


Tekst: Knut Aastad Bråten. Foto: Oddleiv Apneseth

HELTAR: Mads Erik, Jørgen og Sigrid, her frå paraden under Førdefestivalen.

Mads Erik, Jørgen og Sigrid Sigrid Kjetilsdotter Jore (23/Bø) Studerer: Til bachelor, Ole Bull Akademiet. Vil bli: Musikar.

Sigrid: – Vi var ikkje der for 20 år sidan. Men er ein med, må ein også yte og prestere. Ein kan ikkje koma med fela eller trekkspelet dinglande etter seg. Ein må møte publikum på ein ordentleg måte. Om eigen musikk

– Kva vil de med musikken? Sigrid: – Eg vil gjerne skape god musikk i samspel mellom meg, andre musikarar og publikum. Jørgen: – Spele slik musikk eg likar å høyre. Då er eg nøgd. Mads Erik: – Det er viktig at vi har det artig. Kjedar eg meg på scenen, er det fare for at humøret smittar over på publikum og dansarar. – Kva slags musikalske førebilete har de? Jørgen: – John Ole Morken, Olav Mjelva og Tron Steffen Westberg.

Sigrid: – Eg har ikkje noko einskilt førebilete som står over alle andre, men det er mange eg hentar inspirasjon ifrå, både folkemusikarar og folk som held på med andre sjangrar. Eg har Eg har sans for musikarar du trur på når ikkje noko du høyrer musikken einskilt deira, det skal koma frå magen og ryggførebilete mergen! Mads Erik: – Når Sigrid ein spelar trekkspel, er det vel ikkje til å unngå å digge Stian Carstensen. For ein musikar! Det er sjølvsagt mange andre eg ser opp til, òg.

Mads Erik Odde (19/Oslo) Studerer: Utøvande folkemusikk ved Noregs musikkhøgskole. Vil bli: Musikklærar, trur eg. Jørgen Bønstu Nyrønning (20/Ålen) Studerer: Folkekunst i Rauland. Vil bli: Smed og spelemann. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, kalla Førdefestivalen, skipar til Talent kvart år. Talentfulle musikkungdomar frå Noreg får møte talentfulle musikkungdomar frå andre delar av verda, i år frå Tyrkia og Serbia. Musikalske leiarar i 2011 var Steinar Ofsdal og Jovan Pavlovic.

04/11 folkemusikk 25


Tekst: Ida Habbestad. Foto: Aleksander Andersen

plater+bøker

MUSIKALSK TOSPRÅKLEG: «Ei reise» kallar Ragnhild det, programmet på den nye plata si.

Tospråkleg debutant Ragnhild Hemsing er ein av få klassiske fiolinistar med tilsvarande folkemusikalsk skolering. Derfor er debutplata hennar bygd som ei veksling mellom uttrykka. OSLO: «Ei reise» kallar ho det, Ragnhild, programmet på plata som skiftar mellom folkemusikkens tradisjonsstykke og kunstmusikalske komposisjonar. Ferda vår er logisk stilt saman. Om ein springar vert presentert, finn ein springarforma att i det klassiske stykket som kjem etter. Og slik går det, på turen gjennom det folkemusikalske, med Sparre Olsen og Edvard Grieg som haldeplassar, før «YR» av Lasse Thoresen er reisa sin endestasjon. – Du nyttar òg ordet «identitetsplate» om innspelinga: Gjeld det identiteten din som person eller fagmenneske? – Meininga er å syna den utøvarperson-

26 folkemusikk 04/11

legdomen eg har nett no, svarer Ragnhild. Med opning for at dette kan handla ein del om person: Folkemusikken har ho valt ut frå området ho kjem frå – Valdres. Og utvalet er fint fordelt etter kva ho har lært heime og av dei ulike lærarane sine, nesten som ein gest til alle som har gjeve impulsar, frå ho starta sine parallelle løp ved musikkskulen i NordAurdal og Barratt Due musikkinstitutt i Oslo. Dei klassiske verka er ikkje like enkelt valde ut frå geografi. Men særleg eitt verk kjenner ho eigarskap til. Sjølv om «YR» vart skrive til fiolinisten Stig Nilsson for kring 20 år sidan, har Ragnhild hatt verket med seg ved såpass mange høve at ho nesten eig det no.

– Eg elska stykket med ein gong eg høyrde det. Det var så annleis alt eg hadde høyrt! Eg ville kasta meg over det, bli kjent med klangane og dei tekniske utfordringane: Blandinga av uttrykk var som skreddarsydd for meg, seier Ragnhild. Thoresen er mellom komponistar som nyttar folkemusikk i kunstmusikalske komposisjonar meir på folkemusikkens premissar enn tidlegare, då komponistane tilpassa skeive intervall og rytmar til meir «anstendige» mønster. Nettopp derfor er det ikkje mange som kan spela dette stykket godt, meiner Ragnhild. – Ein folkemusikar vil nok møta på


debuten min

Ragnhild Hemsing ■■ Fødd i 1988, frå Aurdal i Valdres. ■■ Bur for tida i Oslo og Wien. ■■ Har gått i lære på hardingfele hjå Harald Røine, Trygve Bolstad og Jan Beitohaugen Granli. ■■ Tek no timar i klassisk fiolin hjå Boris Kuschnir i Wien. ■■ Har vore solist med ei rekkje orkester nasjonalt og internasjonalt. ■■ Aktuell med «YR» på selskapet Simax. ■■ På plata finst eit bonusspor, ein video av danseoppsetjinga av «YR», koreografert og utført av Hemsings partnar, dansaren Hallgrim Hansegård.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

tekniske vanskar. Verket er virtuost på ein klassisk måte. Samstundes nyttar Thoresen kvarttonar, som kan vera utfordrande for ein klassisk utøvar. Ein stemmer fela som i gorrlaust stille og spelar utan vibrato. – Her og elles har du eit nært tilhøve til begge sjangrar. Opplever du skilnader mellom miljøa? – Det er vanskeleg å kategorisera. Det klassiske miljøet er internasjonalt på ein annan måte enn folkemusikkmiljøet. Som klassisk utøvar konkurrerer ein med folk frå heile verda om det same krevjande repertoaret. Det er Men folkemusikken vanskeleg er berikande for meg, som klassisk utøå katego- også var. Han gjev meg eit risera repertoar eg kan profilera meg gjennom, og eg trur han gjev meg ein friare tone. Ho er uansett viss på at ho vil halda fast ved begge delar. – Begge sjangrane har ein lang tradisjon som eg finn det viktig å ta vare på. Mitt bidrag kan vera å ta folkemusikken ut til den klassiske internasjonale verda, konkluderer Ragnhild. Som er tospråkleg, men langt frå språkforvirra.

KVeN: Unni Løvlid Kva: So ro liten tull / LL Distribution Når: 1999

Dei viktige songane Mamma, kal e du? E du på tabbelula? Kom inn att i esselula! Glyta di kokna, ’pika di ’lokna! Mamma, kal e du? Då eg tok til å interessere meg for folkesong, spurde eg dei eg lærte av i Hornindal om barnesongar, men fekk til svar at det kunne dei ikkje. Seinare, då mamma Oline Løvlid tok til å undervise, skjedde det noko. I samvær med barna kom songane til dei eldre fram att. Dei tok til å rette på barna når dei song ein annan versjon enn den dei kunne, eller dei kom på songar dei ikkje hadde sunge på mange år. Rare, korte stubbar, historier og leikar dei ikkje hadde ensa noko større. Der var ei musikkverd kring meg som eg ikkje hadde tilgang til. Eit hemmeleg rom av songar. Dette inspirerte meg til ideen So ro liten tull. Ved å lære dei yngste barnesongane håpa eg å kunne aktivisere dei eldste. I samband med lanseringa av So ro liten tull gjennomførte eg eit barnehageprosjekt i ti barnehagar i Hornindal, Sykkylven og Stryn som gjekk over eit halvt år. Eg leigde inn Arne Sølvberg, Eilif Gundersen, Oline Løvlid og fleire, og prosjektet vart avslutta med konsert i Stryn kulturhus med 200 barn på scena og fleire av kjeldene til materialet i salen. Det var ei fantastisk oppleving.

Det var Jørn Simenstad som skubba meg i gang med CD-produksjonen. Opptaka vart gjort over to dagar i Lindemansalen ved Noregs musikkhøgskole i 1999. Og uerfaren som eg var, song eg like godt inn 200 songar … Veldig kjekt for Jørn, som gjere etterarDet var Jørn måtte beidet. Vi enda opp Simenstad med ein produkpå 63 songar, som skubba sjon der den kortaste meg i gang songen varer i seks sekund. Ikkje akkurat ein debut av dei vanlege. På CD-omslaget er der «haudefotingar» (hovudfotingar) teikna av ei jente som budde på nabogarden der eg voks opp. Ho teikna desse kring 1923, og for meg viser dei eit glimt av noko som er på tvers av tid, og som rører ved meg akkurat slik som desse songane. Unni Løvlid

04/11 folkemusikk 27


plater+bøker

for å gjøre slåttane enda meir levande og interessante. Det gjeld ikkje så mykje å perfeksjonere takt og rein tone, snarare gjeld det å sleppe fram variasjonen i rytmikk og tonalitet. Det er òg mogleg å leggje inn eit høgare gir når det gjeld energien. Men eg høyrer at det er store moglegheiter i spelet til Sørbøen, og det skal bli interessant å følgje den vidare utviklinga hennes som felespelar.

Johan Westman

våga seg om det knirkar litt her og der. Prosjektet er sympatisk både som tradisjonsformidling og som personleg framføring, men utnyttar ikkje potensialet til å gjera sjølve plata til ei kunstform på eigne premissar. Når det er sagt, bør likevel Romtveit sjølv få koma til orde. Ho skriv i det fyldige tekstheftet at ho ser på det som ei viktig oppgåve å vidareføra desse visene til andre som vil læra: «Det er difor eg gjev ut denne plata.» Høyr på plata og syng med, seier eg!

Sigbjørn Apeland Fuggel’n Ingebjør Sørbøen Grappa/2011 54:00 minutt / 17 spor Produsent: Gunn Sølvi Gausemel Terningkast: 4 Dette er debutalbumet til Ingebjør Sørbøen frå Ål i Hallingdal. Ho har fordjupa seg i sin eigen tradisjon mens ho har gått på Ole Bull Akademiet, og har mellom anna fått Jens A. Myros minnepris. På albumet tar Sørbøen utgangspunkt i folkemusikk frå heimbygda si – og det gjeld bokstaveleg. Eitt av kriteria ho har sett opp, er at musikken og dei som er med, skal bli henta «frå ein omkrets på 10 min. i luftlinje frå garden Nordre-Sørbøen». Ål har ein rik folkemusikktradisjon, både i dag og historisk, så det er ikkje noko problem å oppfylle det litt tronge kriteriet. Utvalet av slåttar er òg bra og variert. Av dei 17 spora på albumet er 12 hardingfelesolo. Det er for det meste springarar, men òg eit par laus og ein lydarslått. Det blir bruka mange felestemmingar, noko som gjør sitt til å framheve den klanglege variasjonen i hallingspelet. Albumet inneheld dessutan fem samspelnummer. Sørbøen har fått med seg Margit Myhr på vokal, Arne Moslåtten på fløyter og Jo Asgeir Lie på akkordeon. Tre viser, ein reinlender og ein marsj skapar ein interessant kontrast mot det solistiske slåttespelet. Ingebjørs spel er friskt og taktfast. Samtidig er det speleteknisk eit stykke opp til førebileta. Ein kan høyre nokre småmissar. Men framfor alt er det kanskje mest merkbart at det ikkje verkar som det finst så mykje musikalsk spelerom å gå på. Ein del slåttar er krevjande, og Sørbøen synest av og til å ha fullt opp med å komme gjennom slåtten. Der er mykje å hente i tonalitet og rytme

28 folkemusikk 04/11

Kveding i heimetradisjon Øyunn Romtveit Etnisk Musikklubb/2011 57:05 minutt / 28 spor Produsent: Ikkje opplyst Terningkast: 4 Alle visene på denne plata er slike som Øyunn Romtveit har lært heime eller hjå grannar og slektningar i Vinje, VestTelemark. Svært mange av dagens vokale folkemusikkutøvarar rettar verksemda si inn mot konsertforma og nyttar ofte mykje energi på å få realisert kreative plateproduksjonar. I slike tider kan det vera godt å verta mint om folkesongen som ei kunstform for heimen, og ei kommunikasjonsform for meir intime situasjonar. Nett dette er både styrken og veikskapen til plata. Som dokumentasjon av heimleg musikktradisjon er prosjektet framifrå, men det reiser samstundes spørsmålet om plateformatet er den beste formidlingsforma for nett denne typen song. Romtveit syng på mange måtar slik som det er vanleg når me syng heime: Av og til trekker ho pusten midt i ei setning, og av og til strevar ho litt med å koma ned på dei djupaste tonane. Ho held seg innanfor same uttrykket uansett kva tekstane handlar om, men likevel er ho ein god tekstformidlar. Ho får oss til å høyra etter. Og då får det heller

Seljord anno 1935 Per Anders Buen Garnås ta:lik/2011 45:22 minutt / 17 spor Produsent: Anders E. Røine Terningkast: 6 Å nytta særskilde årstal eller tidsperiodar som utgangspunkt for konsert- eller plateproduksjonar er først og fremst noko dei «klassiske» musikarane har drive med. Folkemusikarar er gjerne opptekne av særskilde kjelder og geografiske område, men eit så tidsmessig konsentrert fokus som dette er noko nytt. Utgangspunktet var ein premie (plateproduksjon for vinnaren av A-klassa i hardingfele under Landskappleiken 2010), og eit oppdrag (frå plateselskapet ta:lik) om å tematisera produksjonen rundt bygda Seljord. Ifylgje det svært informative og velskrivne tekstheftet (spelemannen briljerer også med sin fagprosa!) var 1935 eit år der det krydde av gode spelemenn i Seljord. Alle slåttane på plata har såleis dette utgangspunktet. Buen Garnås har lært direkte av Eivind Mo. Elles har han lært slåttane etter opptak med Torkjell Haugerud, Høye Kvåle, Kjetil E. Flatin, Eilev Smedal og fleire.


Opptaka er gjort i Bø kyrkje, og teknikar Anders E. Røine har funne den gode balansen som gjer at spelet kjennest nært samstundes som rommet kling med. Spelet er dynamisk, men utan at det verkar teatralsk og poserande. Både rytmisk og klangleg er det noko lett over spelet som vitnar om ein sterk kombinasjon av kontroll og overskot til å formidla. Som heilskap er denne produksjonen eit glimrande døme på at eit historisk, nærast musealt utgangspunkt av ein god spelemann kan la seg omsetja til levande spel på høgste nivå.

Sigbjørn Apeland

Ho venta på rock Aslak O. Brimi & Erlend Viken ta:lik/2011 42:25 minutt / 14 spor Produsent: Gjermund Larsen Terningkast: 5 Aslak O. Brimi og Erlend Viken er begge to kjende utøvarar frå sine tradisjonsområde (Lom og Oppdal). Det første samspelalbumet deira, Duo, kom ut 2009, og no kjem oppfølgjaren. Duoen har halde fram med å utvikle samspelet, og funne fram til fleire slåttar frå heimtraktene sine, som dei presenterer i nye og interessante arrangement. Skilnaden i høve til det første albumet er at arrangementa er meir vågale og eksperimentelle. Spelarane har òg valt faste roller: Brimi spelar melodi, medan Viken spelar harmoniar på fele eller oktavfele. Som tidlegare er det òg med eit par solonummer. Duoen er tydeleg oppteken av arrangementa. Viken vekslar mykje mellom komp, harmonisering og stemmespel. Det blir lagt stor vekt på variasjon, og samspelet til duoen får eit originalt preg. Samstundes kan ein spore tydeleg påverknad frå andre norske/nordiske folkemusikkgrupper, og

kan hende særleg frå svensk samspel, der denne typen duospel med tett harmonisering har lang tradisjon. Utan tvil gir harmoniane og arrangementa nytt liv til dei gamle slåttane. Somme av dei, til dømes «Asbjørg-Kari», blir nesten hitlåtar med sine skarpe akkordvekslingar. Samstundes set det slåttane i ny kontekst, der harmonikken blir meir framtredande. Dette skjer kan hende på kostnad av andre kvalitetar i slåttespelet (mikrotonalitet, fraseringar). Spelemessig held duoen høg klasse. Men dei kunne kanskje ha arbeidd litt meir med synkroniseringa. Ambisjonen synest av og til å vere større enn resultatet. Dessutan merkar ein rollefordelinga litt for tydeleg: Brimi leier, og Viken følgjer. I eit optimalt samspel bør også melodispelaren vere lydhøyr. Elles er produksjonen bra. Albumet er innspelt på ein gard frå 1700-talet, og akustikken passar svært bra til duoens musikk. Med CD-albumet følgjer ei omslagsbok som gir ei humoristisk innramming av musikken. Dei har bede Sigmund Falch skrive morosame bilettekstar til gamle fotografi frå området. I ein av desse bilettekstane finn vi òg forklaring på tittelen på albumet. Alt i alt eit morosamt album som eg anbefaler.

Johan Westman

tipset Langeleik Olav Snortheim ta:lik/2011 59:14 minutt / 33 spor Produsent: Gunn Sølvi Gausemel Terningkast: 6 Det er ikkje mange langeleikplater på marknaden. I sommar fekk den spinkle samlinga mi fylgje av ei arkivplate med den fremste av dei alle: Olav Snortheim (1911–1988). Kanskje difor er dette ei må-ha-plate – anten du er glad i langeleik eller ei. Plata inneheld nokre av dei mest storslagne låttane til Snortheim: noko eigenkomponert, resten tradisjonelle, men likevel svært utbroderte og personlege utforma låttar. Her er også ei mengd godbitar for den som vil utvide repertoaret sitt og ikkje minst sin eigen teknikk. Dette er krevjande saker! Olav Snortheim er framleis, etter sin død, langeleikspelaren med den kjappaste og mest fleksible venstrehanda. Den stillfarne skulemannen med sitt karakteristiske nynorske mål er langeleikspelaren som er innom flest tonar på kortast mogleg tid. Stundom er det uråd å skjøne kva han gjer, kvar han plasserer fingrane. Spelet er likevel tydeleg og bestemt. Då får det stå si prøve at spelemannen slår unødvendig mykje med snerten på loket. Alt i alt: god, etterlengta og kvalitetsfylt produksjon frå tekst til tone.

Knut Aastad Bråten

Ima hutkosat Niillas Holmberg & Hildá Länsman DAT/2011 35:16 minutter / 12 spor Produsent: Miro Mantere Terningkast: 2 Den samiske dikteren Ima Aikio-Arianaick skreiv i 2007 tekster til barneplata Ima ipmašat (Ima undres), med musikk av tolv

04/11 folkemusikk 29


plater+bøker

etablerte artister fra nord. Dette blei en fin mønstring av samisk musikk på tvers av nasjonalitetsgrensene. Nå har hun igjen skrevet tekster for barn, men på Ima hutkosat (Imas påfunn) er tonesettinga overlatt til yngre krefter. 17-årige Hildá Länsman og 20-årige Niillas Holmberg er relativt ubeskrevne blad, og får en unik sjanse med denne utgivelsen, som er grundig økonomisk støttet fra både finsk og norsk hold. Å anmelde en reint samisk barneproduksjon uten å forstå et ord samisk gjør det vanskelig å vurdere den på mottakerens premisser. Derfor skal jeg nøye meg med å konstatere at tekstene etter de vedlagte engelske oversettelsene å dømme virker ytterst kompetente og stilsikre. De høres også reint lydlig sett aldeles ypperlige ut, allitterasjoner (bokstavrim) og vokallek gir utbytte også for den samisk-ukyndige. Men så var det musikken. Det er bare å konstatere at hverken Holmberg eller Länsman har det som skal til, ikke som utøvere, enda mindre som komponister. Særlig ikke som komponister. Det er nemlig dessverre sånn at lite på denne plata har noe utenfor gutte-/jenterommet å gjøre. De produksjonsmessige lekkerhetene og pene detaljene alt er pakket inn i, og av og til riktig dyktige arrangementer (som i «Rávnnji fárrui» og åpnende «BBB», platas beste), gjør faktisk situasjonen verre, ettersom de får ungdommenes sangskrivingsforsøk til å framstå som enda mer kantete og ubehjelpelige. Kanskje kunne for eksempel bluesaktige «Buoidda jorrá borrá» hatt en slags sjarm med enkelt gitarakkompagnement, men nå framstår den bare pinlig i all studiolekkerheten. En melodi er et mysterium. Det er ikke lett å gi noen god forklaring på hva en melodi egentlig er. Men det er lett å høre hva en melodi ikke er. Den er for eksempel aldri ørkesløs vandring mellom populære gitarakkorder. (At en rekke utbrente låtskrivere later til å ha overbevist seg selv om akkurat det, forandrer ikke den saken det minste.) Nei, dette er rett og slett mislykket. Samerådet og sametingene i Norge og Finland har opplagt hatt gode intensjoner bak støtten til dette produktet, men ikke fått valuta. Imas påfunn fortjener mye, mye bedre.

Sindre Bremnes

30 folkemusikk 04/11

effektene er holdt tilbake, der uttrykket og kvalitetene til hver enkelt av musikerne får utfolde seg – for på alle poster har bandet folk det er verdt å lytte til også hver for seg. Når samspillet også er topp, blir dette en produksjon som kommer til å få et langt liv på pod-er både innenfor og utenfor den indre sirkel av tradisjonsmusikkfans – eller var det jazz? Eller gammaldans? Ny musikk?

Tellef Kvifte

Makramé Hekla Stålstrenga ta:lik 39:19 minutter / 11 spor Produsent: Are Bredal Simonsen Terningkast: 5 Ikke er det tradisjonsmusikk, rock, pop, jazz, country eller gammaldans, skal vi tro presseomtalen fra ta:lik, som dermed fortsetter ”min musikk kan ikke settes i noen bås”tradisjonen som vi finner i de fleste genre (les: båser) i dag. Men noe er det jo i det: Som de fleste andre samtidige band i de genre som normalt omtales i dette bladet, har Makramés og Ragnhild Furebottens musikk referanser til mange genre, deriblant dem som er nevnt. Utfordringen er dermed ikke å få nok variasjon, men heller å samle de mange musikalske virkemidlene til et uttrykk som er helhetlig nok til ikke å bli springende, masete og usammenhengende. Og faren er der – her finnes tøffe rockeriff (eller er det jazzrock? Fusion?), sarte feletoner, rett-på-skillingsvisestilistisk sang, visesanggitarkomp ... som i utgangspunktet spriker i mange retninger. Men det går bra, og man opplever etter hvert en slags Hekla stålstreng-stil som holder det hele sammen. Det skjer mye variert, fikst og fint i kompet, men det er likevel damene i front som gir plata særpreg for meg. Jeg har alltid hatt stor sans for Annes ujålete rettpå, men likevel uttrykksfulle syngestil, og likeså Ragnhilds klare og fete tone i fela. Den produksjonsmessige utfordringen å få disse kvalitetene frem i en større bandsammenheng er stort sett godt ivaretatt, men jeg ønsker meg av og til at de kunne få noe større tydelighet i de tøffeste partiene, der kompet flesker til for fullt. I det hele synes jeg produksjonen har mest trøkk og særpreg i de partiene der pop-produksjons-

Er det runir: Gamle toner – nye klanger Westad / Håkanes / Haugan / Stensaker Etnisk Musikklubb 54:57 minutter / 15 spor Produsenter: Svein Westad og Anne Svånaug Haugan Terningkast: 3 Utgivelsen Er det runir: Gamle toner – nye klanger er et møte mellom de tre folkemusikerne Svein Westad, Halvor Håkanes og Anne Svånaug Haugan, og Svein Stensaker, som blant annet har en fortid i ulike storband og dixielandjazz-ensembler. Sammen har de forsøkt å blåse nytt liv i et knippe slåtter, middelalderballader, og sekulære så vel som religiøse sanger, ved hjelp av nye arrangementer. For eksempel er flere av slåttene som kvartetten har valgt ut til prosjektet, blitt omarrangert fra hardingfele til instrumenter som munnharpe og langeleik. Samtidig har de hatt et ønske om å framheve det rytmiske ved disse gamle sangene, noe som har ført til samarbeidet med perkusjonisten Stensaker. De fleste av sangene på dette albumet finnes allerede tilgjengelige på plater av kjente og, stilmessig sett, svært ulike musikere og orkestre. «Gamlestev» er blant annet å høre i en utsøkt versjon på


Kirsten Bråten Bergs utgivelse Min Kvedarlund, men finnes også i en spennende jazz-innpakning på albumet Sagn av Arild Andersen, for øvrig også her med vokalbidrag fra Bråten Berg. Riktignok går ingen av de nye arrangementene på Er det runir like langt som Arild Andersens. På kvartettens tolkning av «Gamlestev» blir vokalen – her som på store deler av albumet delt mellom Håkanes og Haugan – geleidet av lyre og forsiktig perkusjon. Åpningssporet «Runarvisa» har til forskjell fra andre kjente versjoner et høyere tempo, drevet fram av Stensakers tomtom-trommer. Balladen «Dei frearlause menn» blir også spilt i et høyere tempo enn man tidligere har hørt den. Som disse eksemplene antyder, er ikke de nye arrangementene spesielt radikale. De har i stor grad gått ut på å sette nye akkompagnementer til vokal, finne nye instrumentsammensetninger, og nyanseforskjeller i tempo og rytme. Instrumenteringen er i stor grad sparsommelig, oftest kun lett klimpring på et strengeinstrument sammen med litt perkusjon. Det er noen unntak, som deres versjon av slåtten «Førnesbrunen», hvor Haugan spiller hardingfele sammen med Westads langeleik og Stensakers spaltetromme og fingersymbaler. Dette er kanskje også utgivelsens høydepunkt. Men for det aller meste er de nye klangene, for å parafrasere platens undertittel, dessverre ikke spesielt spennende. Det er lite ved de nye arrangementene og tolkningene som engasjerer i noen særlig grad, men med unntak av det jeg opplever som litt skingrende vokal på et par av låtene, er det heller ikke noe som irriterer nok til å gå til verks med rødpennen.

Chris Monsen

i hylla Mye følsomhet Hvem: Frode Nyvold Hva: Skjemt og sjanti Når: 1998

Den fargen Frode gir til alle sine sanger, er med på å gjøre ham til en av mine yndlingssangere. Jeg kan ikke kopiere han, og her er ikke florlette kruller og kvitring, han har røff stil og grov stemme – men han synger likevel med mye følsomhet. Det klinger så hjertelig! Hvert spor på plata er ulikt det forrige. Fra lattermilde skjemteviser og grove småstev til sentimentale skillingsviser og inderlige kjærlighetssanger, og ikke minst drivende, upolert sjanti. «Venneslavisa» om stakkars liten Adam etterlater ikke mye til fantasien hva angår det erotiske, mens «Hør du Siri, dotter mi» er vemodig og kaller nesten på tårene. Frode er også troverdig i den mer tradisjonelle stilen når han synger bånsuller og viser. En av «eksempellåtene» mine er også på denne plata. Jeg bruker den når jeg har innføring i folkemusikk for høgskolestudenter – jeg kan jo ikke godt instruere sjanti på en troverdig måte selv! Frodes «Santianna» er mye mer autentisk, selv med et lite sjantikor på bare fem mann. Jeg er også glad i lydbildet og instrumentvalgene som er gjort. Det er upretensiøst, rytmisk og morsomt, med

Det klinger så hjertelig!

mye humor gjennom hele produksjonen. Et morsomt sidemoment er at sørlandsrepertoaret utvilsomt er beslekta med mitt eget nordnorske. Både «Sirivisa» og barneregla «Ola dilt», visa om den vonde kjerringa, og de mollstemte bånsullene ligger nær opp til melodiene her hjemmefra. Jeg har hatt plata siden den kom ut, og har hørt den hundrevis av ganger. Jeg bekjenner å ha knabba litt fra den også, både Gjest Bårdsen-visa «Fængsel og Frihed» og visa av mestertyven «Ole Høiland» sang jeg en gang for Politiforbundet. Jeg syntes de skulle høre litt fra den andre sida også – så Frode, du får bare ha takk for lånet!

Sigrid Randers-Pehrson Sanger og lektor i folkemusikk

04/11 folkemusikk 31


plater+bøker

Årbok for norsk folkemusikk 2010 Anne Hytta (redaktør) FolkOrg/2010 98 sider Det kan verke litt underleg å be ein lekmann som underteikna, med eit forholdsvis perifert forhold til folkemusikken og -miljøet å melde ei årbok for norsk folkemusikk. Men den same lekmannen har samtidig eit forhold til musikk generelt, og til kommunikasjon, og har, ikkje minst, stundom hatt gode opplevingar med norsk folkemusikk. Derfor kan eg vonleg seie nokre ord om i kor stor grad ein publikasjon av dette slaget kan ha noko å seie til dei som ikkje høyrer til dei innvigde. Det opnar iallfall lovande. Knut Buen skriv både godt og medrivande om spelemannslegenda Lars Fykerud. Ei historie om ein klassisk kunstnarlagnad, han som både opplevde den store suksessen og det store personlege fallet. Og ein, ser det ut for, atypisk spelemann, i og med at han dyrka improvisasjonen. Elles sit ein gjerne med eit inntrykk av at det ikkje finst nokon musikksjanger med strengare lover og vaktarar enn folkemusikken. Eller at det iallfall har vore slik. Men når ein les følgjande utsegn frå Annbjørg Lien, i eit intervju som Ida Habbestad har gjort med seks framståande musikarar om komposisjon: «Eg meiner det er ein utbreidd fryktkultur i folkemusikkmiljøet, for mange negative meiningar og for lite positiv attendemelding. Det må stoppast for at folk skal våga å stå på scena», så maner jo det til ein viss ettertanke. I det heile er dette eit interessant intervju som på variert vis behandlar det tydeleg kontroversielle spørsmålet om nykomponert musikk innanfor folkemusikken. Håkon Asheims artikkel om Ole Bulls store betydning for norske folkemusikk-

32 folkemusikk 04/11

utøvarar, med særleg vekt på forholdet til Myllarguten, bringar kanskje ikkje så mykje nytt, men er likevel interessant lesnad for folk som har ein noko overflatisk kjennskap til denne historia. Magne Myhrens detaljrike artikkel om hardingfeleslåttar i Hallingdal, derimot, må ein nok ha spesiell interesse for nettopp hardingfelespel i Hallingdal for å ha utbytte av, men ein kan ikkje heilt unngå å bli litt rørt når forfattaren fortel om sitt høyrsletap, som gjer at han ikkje lenger kan stemme fela og har mista «evna til å kjenna att tonar og låttar». Det er mykje bildestoff i boka, både historisk materiale og nyare bildestoff (boka blir avslutta med gode og actionfylte bilde av moderne spelemenn og -kvinner på konsertscena i 2010). Når det gjeld layouten, så kan den ved første augnekast verke litt forvirrande, det er mykje luft, og ein kan tenkje at redaksjonen har vore raus med papiret, men samtidig er det noko behageleg ved dette. Alt i alt er Årbok for norsk folkemusikk 2010 ein både forseggjord og lærerik publikasjon.

Ragnar Hovland

Music and Identity in Norway and Beyond Thomas Solomon (redaktør) Fagbokforlaget/2011 276 sider Denne boka er et resultat av det internasjonale symposiet «Music and Identity» som ble arrangert i Bergen i forbindelse med Grieg-året 2007. Utgangspunktet er identitet, ikke som et essensielt begrep, men noe som skapes gjennom historiske og kulturelle prosesser. To av bidragene relaterer seg delvis til norsk folkemusikk. Hans Weisethaunets

artikkel «Music and National Identity: Grieg and Beyond» diskuterer hvordan musikk kan være nasjonal, og hvordan Grieg og hans musikk har blitt brukt som et symbol på norskhet, uten at Grieg selv nødvendigvis hadde dette som mål. Her vies Slåtter, op. 72 – pianobearbeidelsene av slåttene Johannes Dahle spilte for Johan Halvorsen – særlig oppmerksomhet. Artikkelen er blant annet en kritikk av oppfatningen om at en nasjons musikk nærmest vokser ut av naturen og folkesjela. Dette er en romantisk oppfatning fra 1800-tallets kunstideologi som Weisethaunet imøtegår. Men er en slik kritikk fortsatt relevant, i 2011? Kanskje. Mye av dette kunne imidlertid vært skrevet tidlig på 1900-tallet. Artikkelen inneholder også en del selvfølgeligheter, som når vi får opplyst at Griegs Slåtter «ikke på noen måte kan regnes som en pålitelig representasjon av hardingfelemusikk, men må forstås på sine egne premisser og i historisk kontekst, som et musikkverk helt atskilt fra hardingfelas framføringstradisjon» (min oversettelse). Susan McClarys artikkel «Playing the Identity Card: Of Grieg, Indians, and Women» er et musikkanalytisk, men også personlig essay. Hun beskriver sin egen situasjon som outsider i akademia og med indianerbakgrunn, som en parallell til Grieg i hans Slåtter, der han fra sin utkant utfordrer sentrale strømninger i tidens komposisjonsmusikk. McClary skriver at hans originale harmoniske bearbeidinger faktisk har utgangspunkt i selve slåttene. I denne boka er dette litt befriende, siden det flere steder ellers blir gjentatt at Grieg fulgte kompositoriske moteretninger fra kontinentet som eksotiserte folkemusikk på samlebånd. Artikkelsamlingen er annerledes enn den tradisjonelle litteraturen om Grieg. Så handler den da sant å si ikke så mye om Grieg og hans liv. Boka er leseverdig for dem som vil oppdatere seg på humanistisk orientert musikkforskning, og for dem som ikke har fått med seg at musikkens identitet ikke ligger i selve musikken, men blir tillagt ut fra kulturelle konvensjoner. Man kan da velge å se på Grieg som lokkemat på coveret.

Gjermund Kolltveit


Slåtter og slåttetradisjon fra Lødingen Ola Graff (redaktør) Novus Forlag/2010 477 sider Daniel Hveding Pedersen Haar Hægstad var fødd i 1864 i Vestbygda i Lødingen i Nordland. Årstalet 1865 har tidlegare vore oppgjeve fleire stader, men det rette er altså 1864. Båe foreldra hans var av ei nordnorsk grein av Haar- eller Harr-slekta. Blant forgjengarane hans var lofotpresten Aron Arctander på 1700-talet. Far hans spelte fele, og Daniel lærte musikken frå han i 1870- og 1880-åra. Men han skreiv det ikkje ned på notar før han var pensjonist. Etter kvart vart han seminarist (1885), og første lærarjobben var i Øksfjord i Finnmark. I 1889 vart han gift med Hansine Jonette Taraldsen, fødd i 1868. Som skikken var i dei dagar, vara bryllaupet frå torsdag til måndag. Vi veit ikkje kven som spelte i bryllaupet, eller kva dei spelte, for dette har han ikkje skrive om. I 1900 kom han attende til heimbygda som lærar og kyrkjesongar. Ekteparet hadde etter kvart fire born som var fødde mellom 1890 og 1899. Ei jente av dei var fosterdotter. Daniel Hægstad døydde i 1950, 86 år gammal. Daniel Hægstad har i alt skrive ned 115 melodiar og nokre songar frå Lødingen. Han har i tillegg truleg laga slåttar sjølv. I dei 19 manuskripta som er etter han, er det mykje variasjon. Elles har han lite med informasjon om tradisjonane, både felemusikken og vokalmusikken. Dette gjeld òg om instrument og bygging av feler. Ola Graff har lagt manuskripta hans til rette for denne bokutgjevinga. Alle slåttane er for vanleg fele. Repertoaret er polsdans og halling, runddans og turdans. Felestillet står vanlegvis ikkje. I 20 slåttar er det notert tostemmig spel.

Det kan ha vore mykje meir av dette enn det som er skrive på notane. Han nemner ikkje dette med «sekundering», som var vanleg i Nordland, men truleg har dette òg vore nytta blant spelemenn der. Slåttane går mest i durtonalitet. Om vi samanliknar med til dømes Bardu og Målselv i Troms, er det meir mollslåttar i Målselv, og B-dur finst omtrent ikkje der og i Bardu. Triolar har førekomme, likeins posisjonsspeling. Såleis var spelemennene ikkje berre dårlege speleteknisk. Kor fort spelte dei? Det skriv han òg minimalt om – berre eit par stader at det ikkje skal vere «for langsomt». Det er lite med namn på slåttane, men nokre finst. Han har mellom anna ein versjon av «Havella», ein slått Susanne Lundeng har spelt veldig fint. På 1800-talet var det ifølgje Hægstad mange gode spelemenn i Lødingen – dette var før positivet og trekkspelet kom … Vi får vite om ein del tradisjonsberarar, men sidan Hægstad sjølv var såpass sparsam med opplysningar både om det eine og det andre, er det tenkjeleg at ting kan vere bortkomne. Kven var til dømes spelemennene «Spelmanns-Jo» og «E. A»? Graff har gått til kyrkjebøker og folketeljingar og sannsynlegvis funne ut kven dette kan ha vore. Alle som har litt røynsle med slikt arbeid, veit at det ikkje alltid går fort unna. Ola Graff skriv godt og formidlar stoffet med eit folkeleg språk. For meg som kjem frå sørfylket i Nordland og er heilt ukjend med denne tradisjonen, blir det såleis lettfatteleg å setje meg inn i han. Dette er den største samlinga med eldre tradisjonsmusikk frå Nord-Noreg som har komme ut. Graff har arbeidd med boka i fleire år, og her er mykje interessant lesing om alt frå skulegang og studentliv til korleis det gjekk føre seg i bryllaup. Og den gamle fela hans er det eit flott bilete av på side 176! Ho er enno spelbar. Musikkvitskaplege omgrep og arbeidsmåtar er nytta slik at ein som les, ikkje må vere veldig inne i dette. Graff skriv om livet til Hægstad frå vogga til grava – det er ikkje ei rein «notebok». Format og storleik er passeleg med god plass og skriftvariasjon, og boka blir då svært lesarvenleg. Boka er dessutan fint illustrert. Song- og musikknotane er tydelege og greie å lese, med stor skrifttype. Originalmanuskripta hadde det vorte meir krunglete å gje seg i kast med. 477 sider blir ikkje uoverkommeleg når ei bok er så variert og systematisk som her.

Og vi klarar å ta henne ut av bokhylla berre med ei hand. Graff og forlaget har valt eit praktisk og hendig format på boka. Ola Graff må få ein takk og gratulasjon for dette store arbeidet! Det ligg ein kolossal innsats bak eit slikt prosjekt.

Ståle Paulsen

Olea Crøger og tida ho levde i Anne Haugen Wagn og Berit Mogan Lindheim (redaktørar) Eige forlag/2011 112 sider Sjølv om Olea Crøger (1801–1855) var ein pioner, både som folkeminnesamlar og som kvinne innanfor dette fagfeltet, etterlet ho seg få skriftlege kjelder. Den vitskapleg organiserte utgjevinga av livsverket hennar er gjord av Brynjulf Alver, Reimund Kvideland og Astrid Nora Ressem, har tittelen Lilja bære blomster i enge, og er utgjeven av Norsk folkeminnelag i 2004. Elles har forfattaren Ingebjørg Mælandsmo (1898–1981) gjeve ut tre romanar – eller «dikta sanning», som ho sjølv kallar det – mellom 1966 og 1970. Denne nye boka plasserer seg fagleg mellom romanane og den vitskaplege utgjevinga. Ifylgje forfattarane, som har bakgrunn frå historiefaget og andre typar kulturstudium, er målet med boka å gje ei populærvitskapleg framstilling som kan gjera Olea Crøger betre kjend for «folk flest». Slik sett har forfattarane lukkast bra, og boka er rikt illustrert med fotografi, målarkunst og anna. Men i kva grad er dette god populærvitskap? Når forfattarane i føreordet hevdar at dei har «samla og redigert det som tidlegare har vore skrive om Olea Crøger i ulike artiklar og bøker», gapar dei altfor høgt. Boka er og blir ein kortversjon, anten ein samanliknar med Mælandsmo sine

04/11 folkemusikk 33


plater+bøker

romanar eller den vitskaplege Crøger-litteraturen. Forfattarane har hatt tilgang til arkivet etter Mælandsmo og hevdar at dei TAKT OG der har funne materiale om «ukjente sider TONAR ved Olea Crøgers liv og virke». Dette handlar først og fremst om verksemda hennar som lærar ved lærarskulen i Kviteseid og ein del opplysingar om Johan Landstad Anne Svånaug Haugan TAKT OG TONAR (bror til Magnus B.), som ho ei stund var forlova med. Boka sin styrke er at me får eit informaTakt og tone tivt innblikk i tilhøvet mellom bondekulAnne Svånaug Haugan (redaktør) tur, embetsstand, kyrkje og skulevesen i Folkemusikksenteret i Buskerud / 2011 Telemark på 1800-talet. Dette er nyttig 563 sider kunnskap når ein skal tolka Crøger si rolle både som kvinne og som folkeminnesamAv og til kalles en bok for en murstein. lar i denne tida. Dette er en murstein! En murstein spekket Men når det kjem til sjølve innsamlingsmed opplysninger om musikk- og dansebiten, er det lite å henta i boka: Berre 30 tradisjoner i Numedal fra de aller eldste sider er sett av til dette. Sju viser er attkildene og fram til i dag. Forfatter er Anne gjevne, dels i faksimile av Lindemans handSvånaug Haugan, som i tillegg har hatt skrivne notasjon, og dels i ny maskinskriven med seg en meget kompetent bokkomité notasjon. Det er uklårt formulert om dette som bidragsyter. er kopiert frå boka Lilja bære blomster i enge, eller om det er Henrik Ødegaard som Monografien er inndelt i seks tidsbolker, har skrive notane. Truleg er det han som foruten en velskrevet innledningsartikkel har laga besifringa til visene, men uansett med mye interessant kulturhistorie, skrevet går det ikkje an å ha kjeldetilvisingar som av Even Tråen. Boken har også en omfatdette: «Melodi: Henrik Ødegaard etter L.M. tende biografidel. Første del tar for seg Lindeman og O. Crøger». Boka inneheld og tiden fram til ca. 1725, da Kongsberg fikk to eventyr og seks korte segner som Crøger sin første stadsmusikant. Vi møter blant skreiv opp. annet de tidligste spelmennene man kjenGenerelt er boka skjemd av inkonsekvenner navnet på i Numedal, og vi får også en te kjeldetilvisingar og svært ufullstendig litgjennomgang av de eldste instrumenttrateraturliste. Sjølvsagt kan det ikkje stillast disjonene i området. same krav til den slags for populærformidDen andre delen omfatter den såling som for vitskaplege tekstar, men prokalte stadsmusikanttiden, da mye av blemet her er at den formale redigeringa musikkutøvelsen her i landet var styrt av boka ligg nær den vitskaplege, men er av en offentlig privilegieordning med en dårleg gjennomført, og det svekker tilliten stadsmusikant i de største byene og lokale til den vitskaplege oversikta som skal ligga forpaktere av musikken i landdistriktene. bak den populære kunnskapsformidlinga. Denne ordningen, som fikk svært mye å si Boka fyller eit tomrom: I dag er det, så for musikkutøvelsen på bygdene, opphørte vidt eg veit, berre den vitskaplege Crøgerformelt i 1800. I boken presenteres både de utgåva som er tilgjengeleg i handelen, og ulike stadsmusikantene på Kongsberg og ei vakker, lettlesen bok som dette kan nok de lokale forpakterne som var virksomme i vera ein appetittvekkar som kan gje folk Numedal. Vi får samtidig eksempler på de lyst til å lesa meir om norsk folkeminneinnkonfliktene som oppsto som en følge av samling. privilegiene. Sigbjørn Apeland Videre følger et kapittel som belyser musikken i perioden 1800–1850 i det som forfatteren kaller «blømingstid». Her er den eldste felebyggingen i Numedal og Kongsbergmarken to av temaene som blir belyst. Andre halvpart av 1800-tallet benevnes «brytningstid», og her kommer runddansmusikken inn for fullt. I tillegg rammer Kari Heie-vekkelsen deler av tradi-

34 folkemusikk 04/11

sjonsmusikken og dansen i Numedal sterkt. Bokens to siste deler tar for seg utviklingen på 1900-tallet. Dette er gjort på en særdeles grundig måte, hvor blant annet en stor del av felespillerne og danserne i området er nevnt. Her blir det nesten for mye av navn og oppramsinger, men vi finner også gode og perspektivrike skildringer av hovedtrekkene i utviklingen og de kulturelle, politiske og demografiske premissene som ligger til grunn. I en så omfangsrik bok er det ikke til å unngå at det finnes detaljer å sette fingeren på, samt at enkelte avsnitt inneholder feil eller mangler. Dette gjelder spesielt når forfatteren kommer inn på instrumenthistoriske spørsmål. Kapittelet om stadsmusikantordningen er også noe ufullstendig, og jeg savner flere perspektiver på betydningen av den såkalte bergmusikken på Kongsberg, som vi kjenner både i form av ensembler og kor. Disse innvendingene skygger likevel ikke for at Takt og tone står fram som et usedvanlig imponerende bokverk. Det er utrolig mye interessant materiale som er samlet mellom permene, og jeg har knapt lest en tilsvarende gjennomgang av forholdet mellom stadsmusikantene og de lokale forpakterne av musikken på 1700-tallet, for å nevne ett eksempel. Forfatteren Anne Svånaug Haugan og den lokale bokkomiteen skal ha all ære for sitt arbeid, og det er bare å gratulere Numedal med en folkemusikk- og dansehistorie som andre tradisjonsdistrikter her i landet bare kan drømme om!

Bjørn Aksdal


ut i verda Ånon Egeland er platemelder, musiker og lektor i folkemusikk ved Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. Han har plukka tre plater fra den internasjonale musikkfloraen. Alle platene blir distribuert av Etnisk Musikklubb.

Musikk på tvers Portugisisk eller ungarsk. Folkemusikken kjenner ingen grenser. Ana Moura: Coliseu Worldvillage www.worldvillagemusic.com www.anamoura.net Stemningsmetta live-opptak med ung, portugisisk sangerinne. Ana Moura har fått en del internasjonal oppmerksomhet i det siste. Den særegne, portugisiske fado-genren som hun representerer, er europeisk i forståelsen av melodikk, harmonikk og rytme, men sangstilen er umiskjennelig iberisk i uttrykket. Den formelig oser av inderlighet, melankoli og lengsel – det portugiserne sammenfatter i begrepet saudade. Ana Moura har alt dette så det holder. Du trenger ikke forstå portugisisk for å få utbytte av sangen hennes. Sangen følges lydhørt av den obligatoriske portugisiske gitaren og av spansk gitar og bass. Trioen tar seg forsiktige friheter i retning av en mer moderne harmonikk, men uten et øyeblikk å bryte med det tradisjonelle uttrykket. Smakfullt gjort.

Tűz lángja: Tovafelé. Music from beyond the Carpathian mountains FolkEurópa Kiadó www.hangveto.hu http://tuzlangja.hu Ung gruppe fra Budapest med musikk fra rumensk Moldavia. Ungarn har siden tidlig på 1970-tallet fostra ei rekke dyktige folkemusikkgrupper. Mange av disse har i stor grad fokusert på tradisjonsmusikken til den ungarske minoriteten i Transilvania i Romania. De åtte ungdommene i gruppa Tűz lángja, flere av dem studenter ved folkemusikkavdelinga til det velrenommerte Liszt-akademiet i Budapest, beveger seg enda lenger øst. De konsentrerer seg om tradisjonsmusikken til den ungarsktalende csángóminoriteten øst i Romania. Tűz lángja tillater seg noe eksperimentering, for eksempel i «Csángó Reinhardt», ei tradisjonell dansevise. Her er det glimt i øyet og musikalske nikk til string-swingen sin far. Nivået på musikerne er høyt, men jeg kan ikke fri meg helt for følelsen av at dette til tider blir litt vel «musikkhøyskoleflinkt».

Rendhagyó prímástalálkozó / Prímás Parade FolkEurópa Kiadó www.hangveto.hu www.myspace.com/primastalalkozo Forrykende, ungarsk stjernelag. Plata med den engelske tittelen Prímás Parade er nettopp det tittelen lover: ei mønstring av «primaser» – solister/orkesterledere – som her går sammen i et gnistrende musikalsk samarbeid. Laget teller ti av det ungarske folkemusikkmiljøets mest profilerte utøvere, både på tradisjonelle instrument og på instrument som er nokså uvanlige i denne sammenhengen, for eksempel elgitar. Konseptet er inspirert av tradisjonelle «primasdueller». Med litt regi, som her, fungerer det faktisk svært godt. Alle utøverne får glitre som solister. Plata viser solid tradisjonshandverk kopla med en passelig dose nyskaping. Sangernes flotte duett i begynnelsen av spor 6, «Gyimesi táncdallamok» (Danseviser fra Ghimeş, Romania) kan stå som et godt eksempel på den profesjonelle velklangen.

04/11 folkemusikk 35


MusikarseMinar 28.-29. oktober 2011 rudi Gard i sør-Fron

MusikkForMidlinG til barn oG unGe Vi inviterer musikarar innan alle sjangrar til seminar og workshop på vakre rudi gard i sør-Fron. korleis lagar ein gode framsyningar for barn og unge? Vegen frå idé til ferdig produksjon.

FredaG 28.okt kl. 16-23: • Frilansarar med og utan sikkerheitsnett Livet som frilansarar – gode råd Lars Christian Fjeldstad (MFo) • Middag • Konsert med Gjermund Larsen trio • open scene

laurdaG 29.okt kl. 10-16:

• Workshop: Musikkformidling til barn og unge – med leiken som inspirasjon Kven er barnet? Håkon Skoge (turnéorganisasjonen for Hedmark) • Presentasjon av produksjonar i Kulturmenyen i Oppland fylkeskommune thor kvande og Viviann Haverstadløkken (Den kulturelle skolesekken/rikskonsertane/kriblemidlar) • Oppsummering med panel

Påmelding til www.møst.org innan 10. oktober deltakaravgift: kr. 500 inkl. middag og konsert fredag og lunsj laurdag. overnatting på sygard Grytting kr. 980/700. For spørsmål: tlf. 97152445 ArrAngør: MøSt og AuStnorSk FoLkeMuSikkSenter i SAMArbeiD MeD MFo, oppLAnD FyLkeSkoMMune og turnéorgAniSASjon For HeDMArk.

Hilmar Alexandersen folkemusikkfestival

Steinkjer 10. -13. november 2011

Foto:Thor Østbye

Foto: Geir Dokken

BRØDRENE Gjermund og Einar Olav Larsen

SØSTRENE Ragnhild OG Elbjørg Hemsing

Opplev også: Frikar / Kirsten Bråten Berg / Henning Sommero / Tudor (Romania) / Benoit Tamba & Band (Senegal) / Harald Haugård og Helene Blum (Danmark) / Eli Storbekken / Steinar Ofsdal /Spellmannsmønstring / Buskspel / Oppdal Spelmannslag / PA Røstads orkester / Rasmus Joensen (Færøyane) / Kim Andre Rystad / Helene Høye og Ole Sigvard Lunnan / Erlend Viken (Hilmarkonserten) og mange fleire (ca 60 ulike arrangement). www.hilmarfestivalen.no

36 folkemusikk 04/11


NORDISK MESTERSKAP I FOLKEMUSIKK


fagkartet

Illustrasjon: Morten Vernegg. Kjelde: Knut Opheimsbakken, Sigvald Rørlien, Anders K. Buen og Sverre Sandvik si bok Vi byggjer hardingfele.

Nemningane på fela I tillegg til å forme flotte tonar er instrumenta ei språkleg skattekiste for dei som interesserer seg for slikt.

38 folkemusikk 04/11


I denne utgåva av bladet Folkemusikk har illustratøren Morten Vernegg teikna ei hardingfele på bakgrunn av ei mengd foto og ein illustrasjon av ei hardingfele i boka Vi byggjer hardingfele av Sverre Sandvik. Felebyggjarane Knut Opheimsbakken, Anders K. Buen og Sigvald Rørlien har vore hjelpsame med nemningane for dei ulike delane. Har du innspel til saka, eller andre, lokale nemningar som ikkje er komne med i denne saka, er det fint om du tek kontakt med redaksjonen på e-post knut@folkemusikk.no

Ustemt (vanleg for alle typar instrument), ustilt (der dei nyttar omgrepet stille, i tydinga å stemme). Andre vanlege ord er at fela er falsk, urein, eller at fela er i ulage (Ål, Flesberg, Seljord, Gjerstad, Søndeled, Holsnøy). Fela kan også vera rang (Nord-Aukra). Ifylgje Tor Erik Jenstad gjorde spelemannen Haldor Røyne eit forsøk på å skilje mellom falsk og urein. Falsk gjeld i dette tilfellet sjølve tonen, urein gjeld kvining, harking, surring, susing, eller anna «ulæte» i breidd med sjølve melodien, skriv Jenstad. Spelet kan vera ureint enda det ikkje er falskt. Noko av den same oppfatninga har ein også i Hallingdal, skriv Jenstad: Ei fele kan vera stemt, men låte ureint dersom til dømes strengene er slitne eller gripebrettet er slite. Andre nemningar er vanstemt (Nordland), sur (heile landet), gruggen (Stranda, Norddal, Smøla), grudden (Hallingdal, Sogn), græmen (Vang i Valdres, Ryfylke), rusken (Hornindal), soten (Flesberg), busten (Vang i Valdres), grufsen (Sigdal), uggen (Vang i Valdres). I tydinga sur nyttar ein omgrep som glæ (som i «mjølka var glæ»), sår (litt ustemt kvint/Surnadal) eller strid (litt for høgt stemt/Vågå). Er fela ustemt, kan ein også seia at «ho grin» eller skrik (fleire stader). Fela kan også kvine og rikse (Valsøyfjord): «No kvin og riksar ho». Det kan også bli sagt at ho ikkje «svarar». Kjelde: Tor Erik Jenstad: Ein repetis i obligatur. Novus Forlag, 2001.

Merknad * Dekorasjonar og innlegg: bein og perlemor, eventuelt andre materiale på ymse plassar på fela som til dømes gripebrettet, strengehaldaren og stilleskruvane. ** Sjå sak om nemningar på gripebrettet i bladet Folkemusikk 3-2011.

04/11 folkemusikk 39

fagordet

Den ureine fela


fagkronikk

Nicholas H. Møllerhaug (37), skribent, musikar og kurator. Tidlegare festivalsjef i Borealisfestivalen og Music Factory. I dag er han programutviklar i Festspillene i Bergen.

Praten med gamlingane Kor er dei eldre blitt av når me treng dei? Kor er dei gamle som kan fortelje og gje oss unge perspektiv? Lengst inne i Sognefjorden. Lengst inne mot Jotunheimen og Jostedalsbreen, der ligg ei liti fjellbygd som heiter Vigdal. Det var der eg vart fødd. Og der hadde eg mine barneår i lag med far og mor på den vesle garden som låg mellom fosseduren frå Vigdøla og tonane frå vinden som leika seg kring Rønolden. Eg kan so godt hugsa småfuglane som song so jublande om våren og rypene som kom ned i tunet vårt i skumringa om vinterkvelden og åt kveldsmaten sin i bjørkeriset. Vigdal. Ja. For meg er det ikkje berre eit namn. Det er eit draumerike. Og det er så underleg med folk som bur på slike plassar. Dei har ei eiga evne til å ta vare på alt som er gamalt. Første spor, Ragnar Vigdal: Tonereise til ei gamal samtid, Kirkelig Kulturverksted, 1997.

Ei plate med unikt nærvær

Færre og færre unge snakkar med gamle. Ein spring ikkje lenger ned dørene til eit eldre ektepar i nabohuset. Eller slår av ein tilfeldig prat med ei som steller plantene i bygarden like ved elva. Dei unge held seg for seg sjølve, og det same gjer jammen dei eldre også. NOVA (Norsk Institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) melder at einsemd blant eldre er i ferd med å bli eit stort problem – og vil bli ei av dei største utfordringane i framtida. Om ein vil motverke denne trenden – noko eg kan anbefale, kan ein få litt hjelp. For dei unge kan ta initiativet. Og dei unge kan bli inspirerte. For det finst ei råd. Det finst faktisk ei plate som kan endre på alt dette. Ragnar Vigdal (1913–1991) sin klassikar Tonereise til ei gamal samtid blei spelt inn i 1979 og kom ut på Kirkelig Kulturverksted i 1997. Den einaste plata jostedalskvedaren Ragnar Vigdal gav ut. Mannen med den mjuke stemma og den intri-

40 folkemusikk 04/11

kate, skeive, særeigne og emosjonelle kvarttonesynginga. Ei plate med unikt nærvær. Ei plate fylt med varme og patos. Ei plate fylt med kjærleik. Er ein kritisk, grensar det nesten til det patetiske. For det er patosfylte klisjéaktige grep som romklang, fuglekvitter, fossedur som akkompagnerer taleopptaka med Vigdal. Hadde det ikkje vore for at den kunstnariske dimensjonen er så sterk, hadde det vore patetisk og totalklisjé. Det er få som syng som Vigdal. Men det er mange eldre som snakkar som han. Eg skal kome tilbake til dette. I ei historisk tid som den me opplever i Noreg

no, eit lite nasjonalsamfunn prega av tragedie oppkopla mot politikk, er det mogleg at det er dette senior-nærværet som trengst. Kor er dei eldre blitt av når me treng dei? Kor er dei gamle som kan fortelje og gje oss unge perspektiv? Gamlingane som delte perspektivet og erfaringane sine med dei unge sist ein opplevde stor nasjonal uro, utryggleik – som under andre verdskrigen. I dag sit born framføre skjermar. Dei eldre, men stadig unge sit i sosiale nettverk. Dei eldste sit framføre svære flatskjermar, ofte i fellesskap, trilla inn på opphaldsromma på aldersheimane eller omsorgssentra. Rundt klokka 5 kvar dag blir dei trilla inn i kø. Og trilla ut att i god tid før leggetid etter nyheitene klokka 19. Seniorpolitikk og kampen mot den djupe generasjonskløfta kan skje på ulike måtar. Eg trur at denne Vigdal-plata er det som trengst i langt større grad enn prat om gode forsett. Når ein skrur på denne plata, opnar ein opp for den utrulege energien i ei gamal stemme. Ei levd stemme. Stemma til ein som ikkje poserer – men snakkar og syng.


Denne plata er komponert som ei blanding av prateplate og songplate. Det musikalske materialet er folketonar frå jostedalsområdet som Vigdal var berar av. Desse er i seg sjølve definerte som meisterlege. Men om ein tok bort desse songane, ville plata framleis fungert utmerka som plate. Då som ei indremedisinsk plate. Vekselvis introduserer Vigdal songane med korte personlege minne frå gamle dagar. Stemma hans og erfaringane han fortel frå gjæv kraft. Ein kan diskutere ei slik rigid form. Ein kan også diskutere produksjonen. Mange av effektane som blir brukte i desse taleopptaka, bikkar nesten over til det banale. Særleg gjeld det bruk av romklang og kjenslevar fuglekvitter og fossedur i bakgrunnen. Eit døme er sporet med tittelen «Lekfolket og prestane». Det startar attacco med eit kakk i eit rom med stor romklang. Lakkskor av gamle sorten mot eit steingolv. Langsame steg innover i eit rom. Stor romklang. Etter nokre steg blir det miksa inn eit kyrkjeorgel – i rytme med stega. Organisten speler eit forspel over folketonen «Jesus, gjør meg stille, stille». Personen held fram med å gå langsamt inn i rommet. Tunge steg. Lakk mot stein. Ornamenta i orgelet flaksar oppover, kontrasterte av dei tunge svarte steg. Så kjem den lyse stemma til Vigdal inn: Han far og ho mor. Dei høyrde til dei gamle pietistiske lekfolka. Det var slik dei var kalla, dei som tok det så alvorleg med kristendomen som dei gjorde. Dei brukte dei gamle songane til oppbygging og trøst for seg sjølve. Og han far reiste og ikring i bygdene og song i forsamlingane. Det er ei kjend sak at det var ein strid mellom lekfolket og prestane i lang tid. Eg hugsar han far sa om enkelte prestar at dei hadde trua si sitjande tolv tommar for høgt. Det var ikkje nok å tru med forstanden. For det står skrive at det er med hjartet ein trur på rettferda.

RAGNAR VIGDAL: Mannen med den mjuke stemma og den intrikate, skeive, særeigne og emosjonelle kvarttonesynginga. Foto: Ukjent.

Sånn er denne plata. Eit talespor opnar for ein song. Vigdal introduserer sine eigne songar. I sporet «Samlingane» høyrer ein først ei stillegåande veggklokke. Ein føler tett lyd av ein gamal heim. Gamal lukt, kanskje. Dette er også lydar som er i ferd med å bli borte – nett som praten med gamlingane. Det er den varme lyden frå ein gamal heim me høyrer. Ein heim der det ikkje er flust med andre lydkjelder. Det er stillheit på plate. Og Vigdal som fortel.

04/11 folkemusikk 41


faginstrumentet

FELE: Gåve til Valdresmusea frå Martin Sælid. Fela blir kalla «Blilistuten», og skal vera laga av Ola Bendiksen Rudi (1798–1880). Det skal vera Martin Sælid som har kristna fela. Fela har tilhøyrt spelemannen Ola Knutson Melby/Øygarden, også kalla sme’n i Øygarde. Fela er bygd ein gong på 1800-talet, liknar i forma på ei trondefele og er i tillegg rosemåla.

FELESKRIN: Gåve til Valdresmusea. Utanpå skrinet står fylgjande namn: «Jørgen Nielsen Hilmen». På registreringskortet står det same namnet, men med lokal uttale, Jørn Hilme. Jørn Hilme er ingen ringare enn dåtidas kjendisspelemann Jørn N. Hilme (1778–1854) frå Ulnes i Valdres. Hilme blir rekna som den viktigaste spelemannen i valdrestradisjonen, iallfall i si eiga samtid og langt fram i vår tid. Mest kjend er han for ristetaka sine, og dei kronglete «Jørnsrengjene». Jørn Hilme-stemnet er kalla opp etter han.

Foto: Cathrine Dokken

42 folkemusikk 04/11


FOLKORG Organisasjon for folkemusikk og folkedans Postadresse Postboks 4613 Sofienberg, 0506 Oslo Besøksadresse Trondheimsv. 2, Bygg J Administrasjon Linda Dyrnes, dagleg leiar, linda@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 90, mobil: 481 05 075 Jorun Hagen, kontormedarbeidar, jorun@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 22, mobil: 958 70 079 Marit Vestrum, kappleik og lag, marit@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 20, mobil: 452 14 352 Lajla Renate Buer Storli, kappleik og lag, lajla@folkemusikk.no, mobil: 994 73 838 Informasjon/www.folkemusikk.no Eivind Kaasin, eivind@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 23, mobil: 473 03 847 Arvid Skancke-Knutsen, arvid@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 95, mobil: 473 81 959 Eller til info@folkemusikk.no

Folkelarm Trond Stenseth Moe, trond@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 93, mobil: 416 07 717 Organisasjonsnummer: 959390940 Kontonummer: 1600.20.36375

Folkemusikk 2011 Annonsestorleik og annonseprisar Storleik br x h i millimeter Prisane er eks. mva og inkl. mva Innstikk – kr 6900/8625 Bakside 218 x 214 + 5 mm bleed – kr 6900/8625 Heilside 190 x 245 – kr 6400/8000 Heilside utfallande 218 x 287 + 5 mm bleed – kr 6600/8250 1/2-side breidd 190 x 120 – kr 3600/4500 1/3-side breidd 190 x 78 – kr 2900/3625 1/3-side høgd 60 x 245 – kr 2900/3625 1/4-side høgd 92,5 x 120 – kr 2500/3125 1/6-side 190 x 38 – kr 1400/1750

04/11 folkemusikk 43


meiningardebatt

Delta i debatten – skriv til knut @folkemusikk.no. Innlegg som blir sendt elektronisk, blir prioritert. Kronikk: Maks 6500 teikn med mellomrom. Lesarinnlegg: Maks 2500 teikn med mellomrom.

Klaver og hardingfele – ei samanstilling Då eg gjekk musikkline for 20 år sidan, hadde eg undervisning i klassisk piano. Dette innebar ein del speling av Johann Sebastian Bachs klaverstykke, serskilt dei tostemmige invensjonane (12 i alt). På dette feltet drilla lærarane mine inn ein regel: Bruk aldri pedal! Bachs klaverstykke skulle spelast utan ekstra klang. Dette fordi instrumenta frå komponistens tid ikkje nytta pedal, og ekstra klang ville «graute til» lydbiletet. Som sagt, så gjort. Bach-speling er rein fingerøving. Då Bach skreiv sine stykke for klaver, var det i røynda cembaloen som dominerte. Eit plukHardingfela, keinstrument med tangentar, utan som klaveret, pedal, men med tørr har utvikla seg klang. Lange tonar med åra, og nye blei kompensert for prilling – og trilinstrumentale med lebruken på denne krav har fostra tida voks til ein heil instrument med vitskap. Om ein skal gå nokre år fram i tid, større klang kjem ein til nye storleikar som Scarlatti og Mozart, komponistar som fekk ekte piano å arbeide med, men desse klaviatura var små og lette, og stilistikken deira ber preg av det. Det var Beethoven som kravde større og tyngre klaver med breiare klang. Det høvde betre for hans musikk og musikalske lynne. Desse pianotypane har dominert musikken i åra etterpå. Men Bachs musikk er framleis utført utan pedalbruk, sjølv om utøvarane har brukt «moderne» klaverinstrument (folk som Rosalyn Tureck, Glenn Gould eller Sviatoslav Richter). 44 folkemusikk 04/11

Kvifor denne analogien? Fordi hardingfela, som klaveret, har utvikla seg med åra, og nye instrumentale krav har fostra instrument med større klang. Men motsett klaveret har ikkje fela nokon klangpedal. Difor kunne Glenn Gould sleppe unna med sine Bach-tolkingar på moderne Steinway. Men ei stor og dåmrik fele kunne syne seg å drukne i klang. Korleis kompensere for dette i ein stilart som frå gamalt av har kravd mindre klang, når kappleiksidealet gjerne krev storbygde feler? Bach levde som ein veit i barokken. Stilarten hans er prega av mykje trillebruk, utprega sans for danserytmikk og flokute fleirstemte liner. Om ein ser folkemusikken frå eit slikt perspektiv, ser ein og at somme stilartar krev visse instrument, på same vis som ein ikkje tolkar Bach som han var Beethoven. Problemstillinga gjeld og orkestermusikk, der barokktolkarar har vore nøydde til å fri seg frå ei «stororkestral» tvangstrøye etter mange år med romantisk tilnærming. Med dette vil eg og markere at våre folkemusikalske uttrykk ikkje støtt bør setjast i bås med populærmusikken, men like gjerne, eller helst, setjast i samband med utviklinga av «klassisk» musikktradisjon. Her har vi mykje å hente. Eilev Groven Myhren


Atle Lien Jenssen (1956–2011) minneord: En ekte spellemann har lagt

fra seg instrumentene for godt. Atle Lien Jenssen døde den 26. juli, etter en tids kreftsykdom. Han ble 55 år gammel. Atle var en allsidig folkemusiker, innsamler, forsker og komponist. Han vokste opp i Oslo, og ble med som felespiller i Østerdalsringens spelemannslag. Slekta hans kommer fra Hedemarken, og fra rundt 1980 gjorde han, sammen med Arne Møller, en omfattende innsamling av folkemusikk på Hedemarken og i sørlige deler av Hedmark fylke. Materialet og arbeidet resulterte i plater, bøker og artikler. Før Atle Lien Jenssen var dette området en såkalt hvit flekk på folkemusikkartet, ikke bare geografisk, men også sosialt. Gjennom innsamlingsarbeidet og sin formidling klarte han å plante en stolthet blant Hedemarkens husmannsfolk og deres etterkommere, som knapt nok visste at de hadde en egen musikktradisjon. I tillegg inspirerte han innsamlere fra andre deler av landet, gjennom sin varierte pedagogiske og musikalske virksomhet. Atle var også inspirerende i kraft av alt han fikk gjort. Han var sykepleier, og hadde en lang karriere i helsevesenet, blant annet som leder av AMK-tjenesten i Hedmark og Oppland. På «fritida» drev han med folkemusikk, før han i 2003 ble ansatt som fylkesmusiker i Hedmark. Han rakk blant annet å publisere seks bøker. En av disse var om visesangeren Guttorm Flisen fra Elverum (1987), en annen om O.M. Sandviks opptegnelser fra Solør, Odalen og Finnskogen (1996). På Budor vi danse skar (2007) er en omfattende dokumentasjon av folkemusikken på Hedemarken. Som musiker var Atle aktiv på svært mange fronter og trakterte en rekke instrumenter, som fele, gitar, mandolin, lutt, bukkehorn, fløyter og durspill. Han ga ut flere plater i eget navn og sammen med andre, og var aktiv på skolekonserter, festivaler og som musiker i teateroppsetninger.

I 2010, etter at han hadde blitt syk, fullførte han mastergraden i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark, hvor han tok for seg tungehornet i Norge. Som så mye annet han gjorde, var dette et nybrottsarbeid. Ved siden av sin effektivitet og utrolige arbeidskapasitet hadde Atle også en ro og tilstedeværelse som smittet over på omgivelsene, og som hørtes når han spilte. Med Atle Lien Jenssens bortgang har Folkemusikk-Norge tapt en helt spesiell tone og en unik ambassadør. Hans omfattende arbeid og hans musikk vil leve videre. Gjermund Kolltveit

minneord: Det var med stor sorg vi mottok budskapet om at vår medarbeider Atle Lien Jenssen døde den 26. juli 2011, etter lengre tids sjukdom. Atle ble ansatt i stiftelsen Musikk i Hedmark i 2003, og har vært en unik folkemusikkformidler for Hedmark. Kollegaer og hans store publikum kjente han både som musiker, lærer, foreleser, innsamler og forfatter. Atle spilte først og fremst fele, men også gitar, tungehorn (bukkehorn), enrader og flere strenge- og blåseinstrumenter. Han var en multimusiker.

Som kollega kjente vi Atle som en klok, vennlig mann med underfundig humor. Han var flink til å møte folk, fikk kollegaer til å yte sitt beste, og arrangerte gjerne musikk for sine medmusikere i ulike ensembler. Han delte raust av sin enorme kunnskap. Som representant for stiftelsen fremstod han med stor faglig tyngde og på en slik måte at vi var stolte av å være kollegaer med han. Atle var en musiker med stor respekt for kildene sine. Han kjente mange av dem personlig og var opptatt av å ivareta spillestilen. På samme tid gjorde han alltid musikken til sin egen, og var opptatt av at folkemusikken skulle være levende og finne nye uttrykk. Han var sjøl inspirert av blant annet folkrock og mente at folkemusikken tilhører alle, og at det skal være en levende musikksjanger. Dette formidlet han på en raus måte til dem han møtte i undervisning, under forelesninger og på konserter. I 2010 mottok han Egil Storbekkens musikkpris og Halteguttprisen. Han ga ut seks bøker, skrev en rekke artikler og medvirket på om lag 20 plateutgivelser. I 2010 fullførte han masterstudiet ved Institutt for folkekultur, Høgskolen i Telemark, med ei oppgave om tungehornet i Norge. Senest i juni i år hadde vi møte med Atle, hans kone Hanne og representanter fra Oplandske Bokforlag i forbindelse med utgivelsen av hans siste bok Det hendte sig en lørdagskveld ... Folkelig sangtradisjon på Hedmarken. Vi var enige om å markere utgivelsen med en egen konsert og presentasjon av boka onsdag 7. september. Vi var da innforstått med at Atle selv ikke kunne bidra musikalsk. Nå døde Atle 26. juli, og i samråd med familien og etter Atles eget ønske gjennomførte vi konserten for å hedre hans minne. Vi lyser fred over Atle Lien Jenssen sitt minne. Styret og kollegaer i stiftelsen Musikk i Hedmark 04/11 folkemusikk 45


meiningardebatt

Kjempeskuffa Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal var ein suksess. All ære til arrangørane. Det er likevel eit men, og det gjeld Open klasse. På folkemusikk.no (08.07.11) diskuterte eg forholdet mellom Open klasse og Gruppespel. Ymse kvalitet og låk påmelding tvingar fram eit spørsmål: Er det naudsynt å ha Open klasse både på Landskappleiken og Landsfestivalen? Eg sat spent før klassa og såg over lista med påmeldte. Eg tenkte at dette kunne bli bra. Men det var det ikkje. Eg vart kjempeskuffa. Sjølvsagt var det nokre innslag med høgt nivå. Men dessverre altfor få. Verre var det at fleire av deltakarane ikkje hadde noko i denne klassa å gjera. Halvparten burde stilt i Gruppespel. Spelar dei dansemusikk, og er to eller fleire personar utan «overmåte utbygd arrangement», så skal dei delta i Gruppespel. BarneTV-melodiar i reinlendartakt går ikkje under «overmåte utbygde arrangement», det er Må ein ha dansemusikk. Om ein legg dei nemnde kritekomp? Nei. ria til grunn, står vi att Må ein ha med i høgda fire innslag som høyrer heime med trekki klassa. Og sjølv om spel? Nei mange påmeldte ikkje stilte opp, så blir det for snautt. Mitt ynske er difor at Landsfestivalen satsar på det Landsfestivalen er god på, nemleg dansemusikk – dansemusikk i mange ulike former. Det å reindyrke det ein er god på, er ikkje synonymt med stagnasjon. Det er stort rom for nytenking og eksperimentering, både når det gjeld dansespelet, men også med sjølve dansen. Sommarens dansekonkurranse var eit godt døme på det. Det var underhaldning og kvalitet på høgt nivå!

46 folkemusikk 04/11

Mi von er at enda fleire stiller opp i Gruppespel. Eg tek opp att det eg skreiv i sommar: Eg meiner å ha opplevd ei standardisering innafor denne klassa. Det har kanskje vore uskrivne reglar om kven/kva som «passar inn». Dette skal vi passe oss for. Per i dag seier reglementet at det er fri instrumentering. Må ein ha komp? Nei. Må ein ha med trekkspel? Nei. Det er slik: Har gruppa di to eller fleire spelande, er slåttane dansbare, er minst halvparten av slåttane runddans, ja, så er Gruppespel arenaen for deg. Fele og toradar, klarinett og trøorgel eller ein trekkspelklubb; hovudpoenget er at det skal vera dansbart. Tru meg, det går fint an å stille berre to. Etter røynslene frå i sommar er eg ikkje i tvil om at Landsfestivalen kjem til å leva i mange år framover. Det var ein flott festival. Så lenge vi har arrangørar, vil Landsfestivalen alltid trekkje runddansglade folk. Men eg meiner vi bør ha ein Landsfestival med storsatsing på dansinga. La oss satse på Gruppespel og kutte Open klasse. Aslak O. Brimi


Hanne Kristine Fridtun (1991–2011) minneord: For oss i Spelemannslaget Fjelljom vart det ein ekstra tung laurdag under Landsfestivalen på Oppdal. Mellom dei sakna etter den tragiske hendinga på Utøya var ei av våre medlemer og vener, Hanne Kristine Fridtun frå Flo i Stryn. På Landsfestivalen på Nordfjordeid i fjor var ho med og spelte i laget og tok sin tørn med tilskipinga. I år prioriterte ho naturleg nok sommarleiren på Utøya, sidan ho var nyvald leiar for AUF i Sogn og Fjordane. Hanne Kristine kom frå ein heim der det har vore dyrka både folkemusikk og dans i fleire generasjonar. Kanskje var tante Liv ein av inspiratorane som gjorde at Hanne Kristine tok til med felespel. I Stryn kulturskule fekk ho innføring i den lokale speltradisjonen, og vegen var open til spelemannslaget og til Ferske Fjelljom. I laget tok ho og på seg oppgåva som styremedlem i tre år. Laget har høgt aktivitetsnivå, og når Hanne Kristine på grunn av skulearbeid eller anna var hindra frå å vere med, sende Hennar ho positive helsingar og engasjement ynskte oss andre lukke til. Etter at ho i 2010 og positive reiste til Førde på sjuinnstilling har kepleiarutdanning, vart det mindre med spetruleg gjort linga. Men i den siste sitt til at såe-posten leiaren fekk frå henne, skreiv ho at pass mange ho vona å kunne flytte unge i laget heimover og bruke fela held fram med meir om ikkje så altfor lenge. folkemusikken I tillegg til å vere med i lagspel deltok Hanne Kristine og nokre gonger i solo felespel på fylkeskappleiken, med gode resultat. Ho satsa ikkje på hard øving og perfeksjonering, men det sosiale var viktig. Ho synte i praksis at dansen og musikken høyrer saman. Mokurset var noko ho prioriterte høgt i sommarferien, både for musikalsk påfyll og for møte med veneflokken, som vart større år for år.

BLOMSTEREN I STRYN: Hanne Kristine Fridtun.

Med det vinnande og blide vesenet sitt hadde ho lett for å få seg vener. Hennar engasjement og positive innstilling har truleg gjort sitt til at såpass mange unge i laget held fram med folkemusikken. I 2008 fekk Hanne Kristine tildelt Emil Bolstads legat. Det skal gå til ungdom i Stryn som vil vidareføre Per Bolstads musikktradisjon. For oss i Fjelljom var det difor midt i sorga godt å kunne oppfylle familien sitt ynske om å framføre ein av Per Bolstads komposisjonar i gravferda i Oppstryn kyrkje. Og melodivalet var sjølvsagt. Den vakre valsen «Blomsten i Stryn» tona ut frå 18 spelarar ved alterringen. Vi vil hugse deg Hanne Kristine nettopp som blomsteren i Stryn, og vi lyser fred over minnet. Venene dine i spelemannslaget

04/11 folkemusikk 47


meiningarkronikk

Arnfinn Haram er dominikanarpater i St. Dominikus kloster i Oslo

Eit teologisk blikk på folkemusikken Hjarte talar til hjarte Cor ad cor loqitur – hjarte talar til hjarte.

Heile skaparverket er musisk

Dette mottoet til den engelske konvertitten og kardinalen John Henry Newman (han med «Leid, milde ljos») kjem føre meg når eg tenkjer på den norske folkemusikken, og særleg dei religiøse folketonane. Det handlar om tonar som opnar hjartet, til utøvaren og til dei som lyttar og tek imot. Reint personleg har eg òg denne røynsla av folketonane som hjarteopnande. Dei opna meg tidleg mot det vakre, mot det grenseoverskridande, mot det heilage, mot Gud. I eit teologisk ljos er det musiske noko meir enn sublimerte paringssignal og tilpassingsdugleik i evolusjonen. Musikken og songen uttrykkjer, saman med kunstartene elles, den grunnleggjande harmonien, meiningsmønsteret, Logos-karakteren i røyndomen, i kosmos. Ikkje minst den heilage Augustin har reflektert over dette og knytt saman den nyplatonske filosofien og estetikken med bibelsk-kristen tradisjon. Gud er Skaparen, Creator – og dermed sjølve Den kreative. Han har skapt mennesket i sitt bilete, som imago Dei – og såleis gjort det kreativt, til ein med-skapar. Både våre sosiale, våre etiske og estetiske evner og innsikter inneber ei deltaking i den guddomlege kreativiteten. Gud er ikkje fyrst og fremst den store ingeniøren, men kunstnaren. All poesi, biletskaping og musikalitet strøymer ut frå han og vender tilbake til han gjennom skaparverket. Det er difor ein sakleg teologisk-estetisk påstand og ikkje berre ein from tanke at det musiske uttrykkjer Guds hjarte og er ei bru mellom hans hjarte og vårt. Ikkje berre mennesket, men heile skaparverket er musisk. Det leikar og syng. I Bibelen les vi at fjell og hav, tre og vekstar lovsyng Gud, klappar i hendene, ja, dansar og hoppar av fryd for Gud, i skaparverkets liturgi. Ja, elementa og vêrlaget syng

48 folkemusikk 04/11

også med; regn og skodde, kulde og hete, dogg og rim, storm og lyn. Jamvel villdyra har sin plass i denne store lovsongen, når dei knurrande kjem ut av sine holar og forventar føde og livsopphald frå skaparhanda (Salme 104). Mennesket er ikkje åleine, som eit rasjonelt unikum; det er medlem i den store familien av alt som er. Lovsong, tilbeding og fryd er grunntonen i skaparverkets kreative utfalding. Vi skal ikkje forstå skapningens song som tomme metaforar. Det er verkeleg snakk om ein ibuande, artistisk eigenskap i alle ting. Noko av Guds «doksa», «gloria», «herlegdom» er ibuande i alt det skapte. I sentrum av dette store koret lyder den angeliske songen, serafsongen: «Heilag, heilag, heilag, er Herren Sebaot! All jorda er full av hans herlegdom!» (Jes 6). Det vi kallar folkemusikken og folketonane, seier oss noko om at det musiske er noko allment, ikkje berre noko for eliten. Musikken og songen har ein plass i djupet og i breidda av det menneskelege, det folkelege. Det er inga motsetning mellom den såkalla kunstmusikken og den folkelege musikken og songen. Dei samverkar ved at den breie kulturen alltid tek opp i seg og bearbeider det som kunstnarane yter, og kunstnarane hentar formelement og inspirasjon frå det som lever i den folkelege tradisjonen. For det dreiar seg om tradisjon, om overlevering. Folkemusikken er ikkje individualistisk, men er ei levande vidareføring av det songlege og musiske materialet. Dei religiøse folketonane er eit godt døme på møtet mellom den institusjonelle kulturen og den folkelege. Gjennom hundreåra var den gregorianske, einstemmige songen innsungen også i dei nordiske folka. Sjølv i si enklaste utføring, ved at djaknen (som seinare vert «klokkaren») leidde songen frå kordøra, blei kyrkjefolket kjent med nokre av dei viktigaste mes-


sene, kanskje ein del av vesper-materialet og nokre av dei mest sentrale, store Maria-antifonane som Salve Regina og Regina Coeli. Like eins med songar som Attende Domine (fastetida) og Rorate cæli (adventstida). Den gregorianske songen har truleg sitt opphav i orientalsk folkesong – og tok kanskje også opp i seg element frå andre folkesongtradisjonar. I alle høve er det lett å høyre slektskapen og samklangen mellom den nordiske og den gregorianske tonaliteten og stemninga. Dette minner oss om at song og musikk er brukskunst i si rot. Både folketonane og kyrkjesongen har vakse fram før borgarleggjeringa av kunsten, med scena, konsertsalen og utstillingslokalet som arena og med «publikum» pent på plass. Kyrkjekunsten og folkekunsten er brukskunst. Over heile spekteret frå vogga, via dansegolvet til kyrkjerommet, bøna og tilbedinga. Foreldra som svæver barnet, er både noko enkelt, funksjonelt, og samstundes det fyrste ur-inntrykket av det poetiske og det religiøse. Ikkje utan grunn tenkjer diktaren (Sivle) nettopp på «Den fyrste songen», «mor sin song ved vogga», som nettopp ur-intrykket av det estetiske og det heilage. Dei «mjuke ord» som går frå hjarte og til hjarte. Det undrar meg ikkje om det ei mor på Stalheim song for borna sine, var nettopp ein folketone, ein kveldssalme eller ein bånsull. Det undrar meg heller ikkje om det Vinje minnest som sin «sigerfulle song», sjølve den poetiske evna, var folketonen som mora – anten det er ho som fødde han eller folket han voks opp hjå – bles han «uti barmen inn», og som såleis gav han hans «mjuke hjarterot».

Sjølv om dansen kan vere vill, er også dansen eit djupt menneskeleg uttrykk. Leiken, spelet – det unyttige, det som seier oss at livet er eit mål i seg sjølv. Også gudstenesta og liturgien er eigentleg ein leik, leiken for Guds åsyn. Ja, Gud sjølv leikar; han skapte Leviatan, kaosmonsteret, til å leike seg med, seier Skrifta. Homo ludens og Deus ludens høyrer saman. Det leikande mennesket og den leikande guden. Det leikande livet som fascinerer oss og får fram fantasien og undringa i oss; «den leiken, den ville han sjå» (Aasen). Folketonen har alt dette som sitt klangrom. Voggesongen, leiken, den episke, forteljande songen, som i dei lange balladane. Ei grunnstemning i den nordiske folketonen er melankolien. Skyminga og demringa, brytinga mellom ljoset og mørkret, det ikkje-overflatiske som let oss utforske dei djupare sjikta i livet vårt, ja sjølve mysteriet i tilværet. Det er grunn til å merke seg at Brorsons pietistiske salmar var enormt utbreidde i Noreg og har, meir enn alle andre tekster, blitt kledde nettopp i folketonedrakt, kanskje fordi dei sameinar det djupe alvoret og den djupe, inderlege gleda. Inntrengande, insisterande, overvinnande. Det er denne kontemplative poesien og musikaliteten som er signaturen særleg til dei religiøse folketonane, slik eg opplever det. Det er «duva» som «sette seg på liljankvist, Gud at råde», som det heiter i den mellomalderske balladen, og som «syngje så fagert om Jesum Krist». Duva og den fagre songen. Der har du det.

04/11 folkemusikk 49


Forleden gikk det opp for meg at to tredeler av Valkyrien Allstars er homoer. Jeg ringte bestyrtet redaktøren av Folkemusikk for å fortelle at det finnes flere homoer enn ham blant folkemusikerne. Han lo, tok et godt drag luft og ramset opp en haug med navn på folkemusikkhomoer til meg. Dette er navn jeg ikke kan gjengi her, for jeg vet jo ikke om alle de Knut nevnte, er åpne om legningen sin, eller om dette bare er folk han har sett i kjelleren på London pub. For sånn er det med homoer. Vi nikker bare diskré gjenkjennende til hverandre hvis vi møtes utenfor homogettoen. I folkemusikkmiljøet må det være mye diskré nikking, for Knut fortalte meg at han aldri har vært i noe miljø der det har vært tilnærmet like mange homofile som det er i folkemusikkmiljøet. Og dette kommer fra en mann som startet karrieren sin med jazzballett! Ergo er det masse homofile blant folkemusikkfolket. Spørsmålet som melder seg da, er hvorfor det er slik? Knut nevnte en teori om at engasjementet grunner i et behov for å etterlate seg noe til ettertiden. Homofile kan jo ikke lage unger, selv om gudene Hva som skal vite at vi prømåtte dra ver (som homoakHarvey Milk lesbene inn tivist formulerte det). i miljøet, Og da er dyrking av en er jeg imid- tradisjonskultur slik måte å bringe lertid mer noe videre på. Jeg kjenner dette igjen i tvil om fra da jeg studerte kulturhistorie, et fag svært opptatt av tradisjonskultur, et fagområde med en overrepresentasjon av homser. Men egentlig, om jeg skal tillate meg å være litt freudiansk, så tror jeg det store antallet homser i folkemusikkmiljøet skyldes instrumentene LANGeleik og HARDingfele. Hva som måtte dra lesbene inn i miljøet, er jeg imidlertid mer i tvil om. Bjørn Hatterud 50 folkemusikk 04/11

Illustrasjon: Gunnlaug Moen

meiningarpetit

Tiltrekning

Ordlaus definisjonsmakt Nok ein gong kjem eg att frå landskappleik, og endå ein gong reiser eg heim utan annan lærdom enn den eg alltid får ved å danse. Men ein ting er endra: No får eg trivelege kommentarar frå folk som synest det er bra at eg endeleg dansar tradisjonelt. Kvifor kjem desse kommentarane no? Kjem dei fordi eg vann? Ein læremeister for lausdansen frå Valdres tok meg til sides og bad meg gå tilbake til 2010-dansen min fordi den var betre og meir tradisjonell. Det var den som kapra sisteplassen i fjor. Eg er forvirra. Ein blir lett forvirra av definisjonsmakter som FolkOrg når dei definerer kva og kven som er best, men ikkje set ord på det. For meg kjennest det heilt tilfeldig om eg kjem på fyrste eller siste plass. I tipping aukar sjansen for å vinne jo oftare og jo fleire klasser ein er med i. Det gjer det også på landskappleiken. Men kven blir motivert til meir øving når plasseringane kan opplevast

Kven blir motivert til meir øving når plasseringane kan opplevast som tilfeldige?

som tilfeldige? Når skal FolkOrg endre ambisjon frå å berre skaffe nok poenggjevarar til å ha kritikarar som grunngjev vurdering av kvalitet? Til og med kvigene på Dyrsku’n får meir konkret tilbakemelding, sjølv om dei kanskje ikkje får så mykje ut av det. Kvigene får nokre poeng for «kropp og bein» og andre for «jur». Kunne dette vore ein idé? Kanskje ville det vege opp for at lausdansen ikkje er skapt for jenter? Eller er den ikkje det? Vi har skriftlege kjelder attende til 1700talet for kvinneleg lausdans. Likevel har dommarar uttrykt at lausdans er for gutar. Kva stilperiode skal eigentleg vera ideal for dømminga? Skal vi konservere intensjonen bak dansen, eller den tekniske utføringa av stega? Korleis utviklar vi pedagogikk som tek vare på begge delar, når dansen før ikkje hadde pedagogiske metodar? Eller skal vi rett og slett akseptere at vi er i ei ny tid med nye personlege uttrykk? Som privilegert spaltist kan eg stille desse spørsmåla. Men papiret pratar ikkje attende. Eg skulle så gjerne sett eit forum der vi kunne diskutert slikt andlet til andlet. Prisen for at kappleiksmiljøet manglar eit språk for kvalitetsvurdering, kjenner eg ikkje til. Gjer du? Hallgrim Hansegård


ANNONSAR

Storkurs i Bergen 4.–6. november 2011

Instruksjon i både hardingfele, dans og kveding Tema: Fokus på springarar frå Vestlandet – former og forskjellar i dans, spel og slåttetralling.

t s n Ku g a f og

Målgruppe: Frå 8. klasse og oppover i alle aldrar. Instruktørar: Hardingfele: Arne Anderdal, Knut Hamre, Leif Rygg og Frank Rolland Dans: Knut Blikberg og Halldis Folkedal Kveding: Solbjørg Tveiten Stad: Gimle (Kong Oscars g. 18) Overnatting: Montana Ungdomsherberge Pris kurs: kr 400,Pris overnatting: kr 430,Påmelding til Sindre Vatnehol innan 1. oktober Mobil: 900 79 376, e-post: sindre.vatnehol@gmail.com Opplys ved påmelding kva gruppe du vil delta i, og om du treng overnatting.

Arr: Hordaland Folkemusikklag, BUL Ervingen, Fjellbekken og Bygdedanslaget

www.hordalandfolkemusikklag.no

OSAFESTIVALEN VOSS 27.–30. OKTOBER

TINGINGSVERK av Frode Fjellheim SEMINAR 27.—28.okt: «Musikk og forteljing» med Leif Stinnerbom

Rådet for folkemusikk og folkedans inviterer til fagdagar 3. - 4. november 2011 i Trondheim. Tema for fagdagane er: - folkedansen - prosjekt og utgreiing - Rff-sentret som fagorgan og situasjonen for folkemusikkarkiva - Rådet sine støtteordningar - folkemusikken og folkedansen i kulturpolitikken I tillegg blir det representantskapsmøte, utdeling av Rff-prisen, kunstnariske innslag og sosialt samver.

Susanne Lundeng, Sofia Karlsson, Frode Fjellheim, Steinar Ofsdal, Nils Økland, Sigbjørn Apeland, Sver, Knut Hamre, Alexandra Opsahl, Currentes, Hildegunn Øiseth, Ulla Pirttijärvi, Andreas Aase, Hans Hulbækmo, Berit Opheim Versto, Sjur Hjeltnes, Aasmund Kaldestad, Spindel, Judith Vestreim, Håkon Høgemo, Tom Karlsrud, Krudlalaget frå Sogn, Småkvedarane frå Voss, Oslo Kammerkor, Håkon Daniel Nystedt, Gjertruds Sigøynerorkester, Nils Henrik Asheim, Studentar frå Norges Musikkhøgskole og Ole Bull Akademiet, Småviltlaget, Voss Spelemannslag m fl

WWW.OSAFESTIVALEN.NO


B-BLAD Returadresse: FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans Pb. 4613 Sofienberg 0506 Oslo

ta:lik

DEN BESTE MUSIKKEN Camilla Granlien og Kristin Sevaldsen «Aftenstemning»

Sven Nyhus kvartett «Bergrosa» CD + DVD

meir info:

www.talik.no

Hekla Stålstrenga «Makramé»

Olav Mjelva og Ole Jørgen Tamnes «Gi mi pols!»

www.talik.musikkonline.no

tlf. 91 19 74 07

Neste nummer av Folkemusikk kjem i veke 40!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.