Kulturprogram april 2010

Page 1

Teater-Kino-Galleri-Bibliotek-Symjehall-Idrettshall

April 2010

www.førdehuset.no

DRAGETRENEREN Am. animasjon. 1t. 38 min 7 år Regi: Peter Hastings Norsk tale med m.a. Alexander Rybak, Helge Jordal, Kjersti Sandal Frå studioet som laga "Shrek", "Madagaskar" og "Kung Fu Panda" kjem no filmen ”Dragetreneren” Her vert vi tekne med til den mytiske vikingtida, fylt av ville dragar og spanande eventyr.

Folkofonen STEVnemøte 21. og 22. april

Hvem er redd BFO: Vårkonsert for Virginia Woolf? Solist: Eldbjørg Hemsing 28. april

6. mai


FolkJazzScena: Folkofoni og STEVnemøte I april byr Førdefestivalen på ein konsertserie med Ole Hamre, denne mannen som er meir kreativ gal enn dei fleste når det gjeld musikk, rytme og ikkje minst instrument. I vår presenterer FolkJazzScena to av kreasjonanen hans: FOLKOFONI og STEVnemøte. FOLKOFONEN er eit lyd og bilete-orgel av menneskestemmer. Alle typar folk, frå Jens Stoltenberg til Megafonseljaren på hjørnet, ser inn i videokameraet og syng ein lang tone. Dei ulike tonane med tilhøyrande person vert aktivert på storskjerm av Ole Hamre, i samspel med nokre av Norges finaste musikarar. Lyden av menneske i sorg, glede, arbeid og leik vert her forvandla til musikk. Ole Hamre viser stadig at han har eit godt lag med born og unge. Han tek born på alvor, og med STEVnemøte har han laga ein barnekonsert der folketonar vert presenterte på ein ny, spennande og underhaldande måte - i samspel med born på scena. Medverkande: Ole Hamre - perkusjon med meir, Per Jørgensen - trompet og vokal, Harald Dahlstrøm - tangent, Kato Ådland - gitar og vokal, Ole Ludvig Kruger - trommer og perkusjon. Framsyninga vart ein stor suksess då den første gong vart framført på Bajazz hos Bergen Jazzforum i 2009. Sjå også www.fordefestival.no og www.førdehuset.no

Førdehuset, festsalen Folkofoni onsdag 21. april kl 20.00 STEVnemøte torsdag 22. april kl 19.00 STEVnemøte i samspel med kor frå Førde kulturskule Bergen Filharmoniske Orkester I år kan vi glede oss til vårkonsert i Førdehuset med Bergen Filharmoniske Orkester! Eldbjørg Hemsing er solist i Max Bruchs eviggrøne fiolinkonsert. Ho er kjent frå TV som prisvinnar i Virtuos og den europeiske finalen i «Unge Musikere». Konserten vert innleia med ein av dei symfoniske dansane til Grieg, og her kan vi lett kan høyre preget av norsk folkemusikk. Dirigent Ole Kristian Ruud og orkesteret avsluttar med ein av Jean Sibelius sine mest populære symfoniar som gjorde komponisten til finsk nasjonalhelt etter urframføringa.

Førdehuset, torsdag 6. mai kl 19.00 2


Hvem er redd for Virginia Woolf? Den Oscarnominerte regissøren Petter Næss står i spissen for eit kunstnarisk stjernelag når Riksteatret set opp eit av etterkrigstidas mest kjente teaterstykke. Anette Hoff, Ingar Helge Gimle, Nils Jørgen Kaalstad og Marian Saastad Ottesen er alle kjent frå TV, film og teater. No får dei bryne seg på kvarandre i denne styrkeprøva av ei forestilling - med spesialskriven musikk av Nils Petter Molvær. Med svik og sex, jævelskap og humor, krig og fest har Hvem er redd for Virginia Woolf? vorte verdas mest kjende nachspiel. Fasaden revnar, livsløgna sprekk, og linja mellom hat og kjærleik er syltynn når ekteparet George og Martha inviterer det yngre paret Nick og Honey heim på fuktig etterfest. Hvem er redd for Virginia Woolf? var ein av regissør Petter Næss si fyrste teateroppleving, og ein utløysande faktor i valet hans av karriere. - Stykket er ei perfekt foreining av full krig og full fest. Det er fascinerande kor grusomme menneske som elskar, kan vere mot kvarandre. Denne attkjenninga i stykket gjorde meg nysgjerrig på mennesket, og var ei inspirasjonskjelde tidleg i livet til at eg ville jobbe med teater, seier Næss. Hvem er redd for Virginia Woolf? vann både Pulitzerprisen og Tony Award. Filmversjonen med Elizabeth Taylor og Richard Burton i hovudrollene vann Ca 2 t. 15 min. inkludert pause. heile fem Oscar i 1966. Sjå biletserie og ein filmsnutt på YouTube, eller les gjennom programmet på nettsidene våre, lenkjer finn du på www.førdehuset.no

Førdehuset, onsdag 28.april kl 19.30 Rabattar ved kjøp i billettluka (Førdehuset/Servicetorget): ♦ Gruppe >=5 ♦ Honnør, student ♦ Firdakort ♦ Teatrets vener ♦ Utdanningsforbundet ♦ Bygdekvinnelaget ♦ Bokklubb medlemar ♦ Tilsette ved sjukehuset ♦ Tilsette ved høgskulen 3


Menn som stirrer på geiter Am. komedie/drama/action. 1t. 33 min. 15 år. Regi: Grant Heslov Med: George Clooney, Ewan McGregor, Jeff Bridges, Kevin Spacey. Ein journalist på jakt etter nyhende snublar over eit militært eksperiment av det bisarre slaget. Ei topphemmeleg avdeling i det amerikanske forsvaret har funne på noko som skal fungere betre enn vanlege våpen, nemleg psykisk krigføring!

Shutter Island Am. drama/thriller. 2t. 19 min. 15 år. Martin Scorsese presenterar ein film basert på ein roman av Dennis Lehane. Shutter Island er historia om heimsøkte mysterium og psykologisk spenning i eit sjukehus for sinnssjuke kriminelle på ei festningsliknande øy. Året er 1954, den kalde krigen er på det kaldaste, då U.S. Marshal Teddy Daniels (Leonardo DiCaprio) og den nye partnaren hans Chuck Aule (Mark Ruffalo) blir sendt til Shutter Island for å etterforske ei sak. Ei briljant morderske som var stengt inne i eit lukka rom i det ugjennomtrengelege Ashecliffe Hospital, har forsvunne i lause lufta.

Dragetreneren

-

- Lisjesalen Su. 21. kl. 18.00 kl. 20.00 Ty. 23. kl. 19.30 On. 24. kl. 19.00 To. 25. kl. 20.45

- Storsalen Ty. 23. kl. 20.00 On. 24. kl. 20.30 Fr. 26. kl. 20.15 Su. 28. kl. 20.00 Ty. 30. kl. 20.15 On. 31. kl. 20.15 To. 01. kl. 20.30 Må 05. kl. 20.45

Noregspremiere

- Storsalen Am. animasjon.2D 1t. 38 min. 7 år. Regi: Peter Hastings Norsk tale: Alexander Rybak, Helge Jordal, Fr. 26. kl. 18.00 Kjersti Sandal, Ida Elise Broch, Knut Joner, Per Lau 27. kl. 13.00 Skjølsvik, Jan Martin Johansen Su. 28. kl. 17.30 Bli med til den mytiske vikingtida, fylt av ville dragar Ty. 30. kl. 18.00 og spanande eventyr. Vi møter den unge vikingOn. 31. kl. 18.00 guten Hikken, som ikkje heilt passar inn med dei To. 01. kl. 16.00 andre vikingane. I landsbyen har dei ein lang Må.05. kl. 16.30 tradisjon med heroiske dragedreparar, som det blir forventa at Hikken skal tre inn i. Men når han møter sin første drage blir livet hans snudd på hovudet. Filmen er basert på boka til Cressida Crowell

Valentine`s Day Am. komedie. 2t. 05 min. (A) Ungd/Vaksne. Med Bradley Cooper, Anne Hathaway, Jessica Biel, Jessica Alba, Julia Roberts, Ashton Kutcher. m.fl. Det er den dagen i året då kjærleiken skal blomstre meir enn vanleg. For travle par og single i Los Angeles gir dagen prestasjonsangst. Kva om den ekte kjærleiken ikkje er så ekte? Og finst det noko slikt som den perfekte partnaren? Gjennom små h istorier møter vi menneske med små og store forventningar til Valentine`s Day. Dei tråklar seg gjennom ein dag så uventa som berre kjærleiken kan vere 4

- Lisjesalen Fr. 26. kl. 19.30 Su. 28. kl. 20.30 Ty. 30. kl. 20.45 On. 31. kl. 18.30 To. 01. kl. 20.00 Må. 05. kl. 20.15


.Alice in Wonderland - Lisjesalen Am. eventyr/familiefilm/fantasy. 1t. 48 min. 11 år. Regi: Tim Burton Med: Johnny Depp, Anne Su. 28. kl. 18.15 Hathaway, Helena Bonham Carter, Stephen Fry, Alan Rickman. ”Tim Burtons skrudde eventyrunivers Ty. 30. kl. 18.30 glimter magisk av både skrekk og skjønnhet” V.G.(5) On. 31. kl. 21.00 To. 01. kl. 17.45 19-årige Alice (Mia Wasikowska) kjem attende til Må.05. kl. 18.00 den merkelege verda ho møtte første gong då ho var barn. Her møter ho igjen barndomsvenene: The Mad Hatter , White Rabbit, Tweedledee og Tweedledum og alle dei andre i Wonderland. Alice legg ut på ei fantastisk reise for å finne sin sanne skjebne og sette ein stoppar for The Red Queen sitt terrorvelde

En helt vanlig dag på jobben No. komedie/drama. 1t. 25 min. (A) U/V. Spelefilmen "En helt vanlig dag på jobben" byggjer på tidlegare Se & Hør-journalist Håvard Melnæs si bok med same namn. Dette er den spanande og sanne historia om ein ung i det største sladrebladet her til lands, som bytta ut høge ideal med feit løn og tvilsame arbeidsmetodar. Heilt sidan H. Melnæs var liten drøymde han om å bli journalist. Han ville fortelje historier som kunne forandre verda, avsløre maktmenneske og forsvare den lille mann. Det gikk ikkje heilt som han hadde ønska, men ein slags journalist vart han.

En ganske snill mann No. komedie. 1t. 52 min. (11) U/V. Regi: Hans Petter Moland. Med: Stellan Skarsgård, Bjørn Floberg, Gard B. Eidsvold, Bjørn Sundquist, Jannike Kruse, K. Holmen, J. G. Røise, A. Hennie, Jorunn Kjellsby Ulrik er ein ganske snill mann. Han har drepe nokre menneske, lemlesta litt. Når ein arbeider som kriminell er det ein del av jobben. Etter at han er ute frå sitt siste fengselsopphald oppsøker han son sin. Ein bra mann, med utdanning, sambuar og framtid. Sambuaren har lite til overs for den drapsdømde svigerfaren. Familien hennar driv ikkje med slikt. Dei driv med planteskule, og så har dei nokre prinsipp. Ulrik er ein ganske snill mann - men kor snill kan han bli?

Green Zone Am. action/thriller/krigsfilm 1t. 55 min. 15 år. Regi: Paul Greengrass. Med: Matt Damon, Jason Isaacs, Brendan Gleeson, Greg Kinnear. I denne filmen møter vi ein soldat som går uvanleg langt for å avsløre ein konspirasjon som har greiner langt inn i eit land på veg inn i ein krig.

- Storsalen -/ -Lisjesalen To. 01. kl. 18.15 Må. 05. kl. 18.45 ...

- Lisjesalen Frå ca 11.april

- Storsalen Frå 9. april

5


Til Huttetuenes land – norsk versjon Am. eventyr/drama/familiefilm. 1t. 42 min. 7 år. Max er ein vilter og kjenslevar gut. Etter eit raseriutbrot der Max blir sendt på rommet sitt utan middag, bestemmer han seg for å flykte. Han hamnar hjå "Dei Ville"; nokre store, rare skapningar i eit aude landskap. Først tenkjer dei på å ha Max til middag, men med fabulerande evner klarer han å overbevise huttetuene om at han er den nye kongen deira, og at han skal gjere dei lukkelege. Men som hjå familien til Max, er huttetuene sine liv òg prega av gleder og sorger. Max innser at alle har sitt å stri med, og flukta hans blir læring for livet - i fantasi som i det verkelege.

Crazy Heart Am. drama. 1t. 52 min. (TA) U/V- OSCAR for beste mannlege hovudrolle - Jeff Bridges for beste originale song "The Weary Kind" - Ryan Bingham og TBone Burnett I Crazy Heart spelar Jeff Bridges hovudrolla som den semitragiske, romantiske antihelten Bad Blake. Bad er ein nedkjørt countryartist som har hatt alt for mange ekteskap, alt for mange år på turnè og alt for mange drinkar alt for mange gonger. Likevel kan han ikkje motstå freistinga å få hjelp frå Jean (Maggie Gyllenhaal), en musikkjournalist som oppdagar mannen bak artisten.

Asfaltenglene No. spenning. 1t. 22 min. 7 år Born/Ungd. Det er ferie og 12-åringane Maja, Rikke og Ohna driv dank på Ohnas familierestaurant Saigon House. Dei har store ambisjonar om å ikkje løfte ein finger denne sommaren, men så dukkar politiet opp og finn narkotika gøymt i restauranten sitt kjølelager. Saigon House vert stengd og storebroren til Ohna vert arrestert. Jentene veit at han er uskuldig men han kan ikkje sleppast ut av fengsel før narkotikaligaen er avslørt. -Asfaltenglene tek saka.

Yohan barnevanderen No. drama/fam.film. 2t. 06 min. 7 år. Regi: Grete Salomonsen. Med m.a. Robin Daniel, Mathilde Berg, Dennis Storhøi, Aylar Lie, Alexander Rybak, Alejandro Fuentes. 10 år gamle Yohan vert tvungen ut på vandring til dei rikare gardane for å bli gjetar og passe buskapen mot ulv og bjørn og truande menneske. Filmen er tru mot historiske fakta om barnevandringane på Sørlandet på slutten av 1800-tallet. Mot alle odds lukkast Yohan i å overleve, sjølv om utgangspunktet er fattigdom og mange utfordringar. 6

- Storsalen -/ - Lisjesalen Frå sund. 11.

- Storsalen -/ - Lisjesalen Frå 16. april

- Storsalen -/ - Lisjesalen Frå 18. april

- Storsalen -/ - Lisjesalen Frå ca 21. april


Førde bibliotek i april:

Symjehallen

Krim til påske!!

Born under 10 år i følgje med vaksne. Sesongkort? Ta med bilete. Sal av klippekort

Er du av dei som berre MÅ lese ei krimbok eller to i påska? Sjølv om dei fleste les krim heile året, er det noko spesielt med krim og påske. På biblioteket finn du masse grøss og mysterium, gamle klassikarar og nye krimgåter!

Lesetips: Havfruen Camilla Läckberg Magnus Kjellner, lukkeleg gift og far til to, forsvinn sporlaust i Fjällbacka. Tre månadar seinare blir han funnen fastfrosen under isen, med merke etter vald...

Tysd.— fredag

familie 18.00 - 20.00 vaksne 20.00 - 21.00

Laurdag

vaksne 10.00 - 11.30 familie 12.00 - 15.00

Søndag

familie 15.00 - 19.00

Vassklie 38 m, stupebasseng, 25 m basseng med 28 0C, barnebasseng, leiker til vassleik. Vi sel badeartiklar som antiklor-shampo, symjebriller, armvinger og badebleier.

Billettbestilling, telefon 57 72 19 00 i opningstida til Servicetorget og Resepsjonen i Førdehuset. Henting av tinga billettar og sal av billettar: Servicetorget (Førde kommune), Sentrum Sør 08.00 - 15.30 Måndag - fredag Førdehuset, resepsjonen når det er kino / bading / konsert eller teater Måndag 12.00 - 16.00 Tysdag-fredag 12.00 - 21.00 Laurdag 12.00 - 15.00 Søndag 15.00 - 21.00 Førde Bibliotek 11.00 - 16.00 Måndag og fredag Tysdag, onsdag, torsdag 11.00 - 20.00 Laurdag 11.00 - 15.00

Lesestund Måndag 19. april kl. 10.30 vert det lesestund for dei minste. Temaet denne gongen vert ”Vennskap”. Bibliotekar Anne Sagen les og fortel. Passar best frå 3-6 år.

Kunstsenteret Tysdag, onsdag, fredag Torsdag Laurdag Søndag

Med atterhald om eventuelle feil og endringar i programmet

tlf. 57 72 19 36 11.00 - 16.00 11.00 - 18.00 12.00 - 15.00 15.00 - 18.00

7


Marit Helen Akslen - ”Nettverk av skjortesnippar” Marit Helen Akslen er frå Ålesund, men er no busett i Sykkylven. Ho vart utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen i år 2000 og har i dei seinare åra vekt vesentleg merksemd, både nasjonalt og internasjonalt med sine originale tekstilarbeid.

Kunstnaren nyttar klede eller delar av klede som ho set saman, ofte til monumentale, store vegginstallsjonar. Den kvite herreskjorta står sentralt i mange av arbeida, der ho kan nytte snippar, lommar eller mansjettar. Gjennom val av klede og korleis ho nyttar dei ønskjer kunstnaren å fokusere på tema som kjønn, sosiale skilje, makt og maktmisbruk.

Kunstsenteret, 25. mars - 30. mai

Det skjer i Førdehuset

Billettar 57 72 19 00

25.3 - 30.5 Marit Akslen - Nettverk av skjortesnippar - tekstilutstilling Kunstsenteret 10.-11.4

Volleyballturnering - Førde Volleyballklubb

Idrettshallen

12.4

Lesestund på biblioteket, for dei mellom 3-6 år

Førde bibliotek

14.4

Senioruniversitetet - Oljeressursane utanfor kysten av Sogn og Fjordane - danning og utvinning

Lisjesalen

15.4

Volleyballmeisterskap for ungdomdomsskular

Idrettshallen

17.4

Matias Orheim - Ekstra framsyning (førehandssal FH)

Førde kyrkje

Frå 17.4

Vestlandsutstillinga

Festsal/Utstillingssal

21.4

FolkJazzScena: FOLKOFONI

22.4

FolkJazzScena: STEVnemøte

28.4

Hvem er redd for Virginia Woolf?

6. mai

Bergen Filharmoniske Orkseter, solist:Eldbjørg Hemsing Kinosalen

7. mai

Riksteatret: AliBaba og de førti røverne

Ole Hamre m.fl.

Festsalen

Ole Hamre m.fl.

Festsalen

Riksteatret

Kinosalen Kinosalen

Møte-/kurslokale i Førdehuset: Kva skjer i tida framover? Sjå kalenderen på www.fordehuset.no Leige lokale til møter/kurs: 57 72 19 00 8


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.