14 minute read
ARENAER FOR STORE AUGEBLIKK
from Faktafyk 2021
SAN SIRO: Heimebanen til Inter og Milan, og det største fotballstadionet i Italia.
2020 HAR VORE EIT ÅR ULIKT ALLE ANDRE, OGSÅ FOR FOTBALLEN. UNDER KORONAPANDEMIEN HAR FOTBALLENTUSIASTAR VERDA OVER MÅTTA LÆRA Å FORHALDA SEG TIL TOMME FOTBALLSTADION PÅ EIN NY OG ANNLEIS MÅTE, I DET RESTRIKSJONAR I SAMBAND MED SMITTEVERN HAR FØRT TIL AT DEI FLESTE KAMPAR MÅ SPELAST FRAMFØRE INGEN ELLER SVÆRT FÅ TILSKODARAR.
Advertisement
TEKST: NILS HENRIK SMITH FOTO: GETTY IMAGES Dette har ført til ei auka forståing av stadionet sin funksjon i fotballen, som åstad for den rituelle ramma kring spelet: Tilskodarane som støttar laget sitt i form av rop og song, faldar ut sine banner i gilde fargar, pip ut dommaren og så bortetter.
Eit fotballstadion er i seg sjølv ein berar av fotballens historie, kultur, tradisjon og atmosfære. Men når tribunane står nakne på sjølve kampdagen, er det noko som manglar. Spelet framstår annleis og fattigare, både for spelarane, for supporterane som under normale omstende ville vore til stades, og for dei som ser kampen på TV.
Ein dag vil pandemien vera over, og dei fotballhungrige tilskodarskarane vil atter kunne vende attende til stadion. Men enno er det ingen som veit når det kan skje. I mellomtida skal vi i denne artikkelen sjå nærare på tre klassiske fotballstadion frå tre av verdas fremste fotballnasjonar: Italia, Tyskland og Argentina. Dei står der dei har stått i tiår, for tida ruvande og tause, medan dei ventar på å kunna ynskje sitt trufaste publikum velkomen attende.
SAN SIRO, MILANO, ITALIA San Siro er heimebanen til to av verdas historisk sett største, mektigaste og mest suksessrike klubbar, Inter og Milan. Offisielt er stadionet oppkalla etter Giuseppe Meazza, legenda som spelte for begge klubbane i mellomkrigstida, og som var kaptein då Italia vann VM-gull i 1938. Det opna i 1926 og er i dag det største stadionet i støvellandet, med ein maksimal kapasitet på 78 275 tilskodarar.
San Siro har vore renovert, utvida og ombygd i fleire omgangar. Den mest omfattande rekonstruksjonen vart utført før VM i 1990, då stadionet fekk sin karakteristiske fasade av stål og betong. På ein solfylt dag kan ein frå toppen av vesttribunen få eit glimt av det andre store landemerket i Milano, nemleg byens berømte katedral.
Stadionet har vore vertskap for kampar i to VM og eitt EM. Det var her Kamerun sensasjonelt slo regjerande verdsmeister Argentina i opningskampen i 90-VM. Vest-Tyskland, som vann VM det året, spelte fem av sine sju sluttspelkampar her, inkludert den klassiske semifinalen mot England.
Finalen i Serievinnarcupen/Champions League har vore spelt på San Siro fire gonger. Den første gongen, i 1965, vart Inter det hittil siste laget som vann den gjævaste klubbturneringa i Europa på sin eigen heimebane. Totalt har Inter notert seg for tre og Milan for sju triumfar i turneringa.
Talrike av tidenes fremste spelarar har hatt arbeidsplassen sin på San Siro. Vi snakkar her både om lokale og lojale legender som Giacinto Facchetti og Sandro Mazzola (Inter) og Gianni Rivera, Franco Baresi og Paolo Maldini (Milan) og dyrt innkjøpte stjerner som Lothar Matthäus, Ronaldo, Marco van Basten og Andrij Sjevtsjenko. Den største profilen som held hus på stadion i dag, er den svenske superveteranen Zlatan Ibrahimovic.
Per Bredesen spelte for Milan frå 19561958. Han er framleis den einaste nordmannen som har vunne Serie A. Steinar Nilsen var innom klubben på slutten av 90-talet og scora mellom anna på frispark i derbyet mot Inter. I dag er det Jens Petter Hauge som har æra av å representera Noreg i den legendariske raude og svarte drakta. WESTFALENSTADION, DORTMUND, TYSKLAND Heimebanen til Borussia Dortmund er det største reine fotballstadionet i Tyskland og vart opphavleg bygd til VM på heimebane i 1974. Men to år før sluttspelet presterte Dortmund å rykka ned frå Bundesliga, og dermed oppstod den heller uvanlege situasjonen at stadionet til eit andredivisjonslag vart brukt i ei VM-turnering.
Totalt har Westfalenstadion vore vertskap for ti VM-kampar. To av dei skil seg ut. Den første er oppgjeret mellom Nederland og Sverige i 1974, då Johan Cruyff introduserte finta som for all framtid skulle verte kjend som «Cruyff-vendinga», for eit vantru og måpande publikum verda over. Den andre er semifinalen mellom vertsnasjonen og Italia i 2006. Tyskland hadde aldri før tapt i Dortmund, men her måtte dei sjå seg overvunne etter ekstraomgangar i ein av dei beste VM-kampane i moderne tid.
WESTFALENSTADION: Heimebanen til Borussia Dortmund, og det største reine fotballstadionet i Tyskland.
LA BOMBONERA: Heimebanen til Boca, og opna i 1948 under argentinsk fotballs første gullalder.
Dortmund er, i europeisk samanheng, ingen stor by, men han ligg midt i det særs tettfolka Ruhr, historisk sett eit viktig industriområde og nervesenteret i tysk fotball. Her finst fotballklubbar overalt, og rivaliseringa er mildt sagt intens. Derbyet mellom Dortmund og Schalke 04 er det utan samanlikning største i Tyskland.
Westfalenstadion har ein kapasitet på 81 365 tilskodarar og er så godt som alltid nesten fullt. Sesongen 2011–12 sette klubben europeisk publikumsrekord med eit snitt på 80 588 selde billettar per kamp. Tribunen bak det sørlege målet tek åleine 24 454 tilskodarar og er med det den største ståtribunen på kontinentet. Her står den harde kjernen av supporterar, kjend som Den gule veggen, kanskje det fremste symbolet for den publikumskulturen moderne tysk fotball er så beundra for. Både synet og lyden av ein fullsett sørtribune er iallfall særs imponerande.
Steinar Pedersen vart den første nordmannen som vann Champions League då han representerte Dortmund sesongen 1996–97. Jan-Derek Sørensen og André Bergdølmo har òg vore innom klubben. Det må likevel seiast at alle desse gjorde lite vesen av seg samanlikna med dagens norske Dortmund-spelar, scoringsmaskinen Erling Braut Haaland. Jærbuen kom til Westfalenstadion i januar i år og har sidan stadfesta sin posisjon som ein av dei farlegaste angriparane i verda.
LA BOMBONERA, BUENOS AIRES, ARGENTINA La Bombonera – Konfektøskja, som namnet tyder på norsk – opna i 1948, under argentinsk fotballs første gullalder, då kreativt angrepsspel og individuell briljans vart prioritert over alle andre verdiar og såleis la grunnlaget for at landet seinare skulle utvikle ballgeni som Alfredo di Stefano, Diego Maradona og Lionel Messi.
Stadionets særeigne form og akustikk gjer heimekampane til Boca til ei særs høglytt oppleving. Supporterane er entusiastiske og talrike – klubben sjølv hevdar at «halve Argentina pluss ein» held med Boca. I dag er det nokså vanleg at publikum vert kalla «lagets tolvte mann», men Boca-supporterane var dei første i verda som fekk dette tilnamnet, allereie for meir enn hundre år sidan.
Boca kivar med River Plate om hegemoniet i argentinsk fotball. Rivaliseringa er ekstrem. Då laga skulle møtast i finalen i Copa Libertadores i 2018, tok kjenslene på begge sider overhand. Etter at den første kampen på La Bombonera enda 2–2, utarta det til regelrette opptøyar, og returoppgjeret måtte flyttast til Europa (!).
Ingen nordmann har spelt for A-laget til Boca, men i 1981 var Pablo Nicotra frå Rykkin på eit fleire månader langt treningsopphald i klubben. Han delte garderobe og treningsfelt med sjølvaste Diego Maradona og fekk også spele ein juniorkamp for eit fullsett La Bombonera. Han skaut i tverrliggjaren og kampen enda 0–0. Pablo meiner framleis i dag at han kanskje ville fått proffkontrakt viss det skotet hadde gått inn, men kan i det minste trøyste seg med at Diego roste han for eit godt forsøk etterpå.
BOKUTDRAG
VERDENS BESTE LIVERPOOL
av Ragnhild Lund Ansnes
J.M. Stenersens Forlag 2020
Født: 10. april 1992 Fra: Bambali, Senegal Draktnummer: 10 Posisjon: angrepsspiller – ofte på venstre ving Høyde: 1,75 Tidligere klubber: Metz, Red Bull Salzburg (serie- og cupmester 2013/14), Southampton. Debuterte på Senegals landslag 2012 Sivilstatus: Ugift, ingen barn Styrke: Eksplosiv, ekstrem akselerasjon, svært høy toppfart, snur og vender raskt, er vanskelig å lese God til å: lese spillet, kliniske avgjørelser, balanse, drible, til å posisjonere seg, headinger og god under press Sadio vokste opp på 1990-tallet med å spille barbeint på den hardpakkede, røde sanden. Stokker eller store steiner var satt opp som mål. Fotballer var luksus og ikke så lett å få tak i, så de spilte med grapefrukt om de måtte, eller hva som helst som kunne fungere som ball.
Sadio utmerket seg tidlig som den beste spilleren blant landsbybarna.
Kvinnene håndvasket klærne ute i baljer. Mat ble laget på et ildsted på bakken foran huset. Det var i det hele tatt få hus som hadde innlagt strøm, og slik er det fortsatt. Så da det var fotball-VM i 2002 dro Sadio og kompisen hans til et av de få husene som hadde tv. Riktignok var det svart-hvitttv, men det spilte liten rolle: For første gang i historien hadde Senegal spilt seg til sluttspillet i VM. Dette var storhetstiden til Senegals landslag. Fra ingenting spilte de seg til kvartfinalen i verdensmesterskapet, og senere til finalen i Afrikamesterskapet. Heltene var El-Hadji Diouf, Aliou Cissé og Fadiga. I tillegg til den brasilianske ballkunstneren Ronaldinho, som storspilte i dette mesterskapet. Der og da besluttet ti år gamle Sadio at han skulle bli god. Skikkelig god. Like god som de beste i verden.
Problemet var bare at familien ikke ville at han skulle bli fotballspiller. Mange av familiemedlemmene likte ikke fotball. Noen regelrett hatet det. Dessuten var faren imam, den religiøse lederen ved moskeen, og da var det forventet at sønnen skulle gå foran som et godt eksempel. Han fikk beskjed om at han ikke fikk lov til å spille. Han skulle ikke bli en av de mennene som det fantes så mange av i landsbyen, de som hadde spilt fotball hvert sekund av livet, uten å lykkes og uten å ha fått seg en jobb. Sadio skulle jobbe hardt på skolen. Derfor fikk han kjeft når han spilte fotball, og familien gjorde alt de kunne for å få ham til å slutte.
Da Sadio var sju år fikk faren hans plutselig sterke magesmerter. Hadde det nye sykehuset, som Sadio Mané har betalt for, vært der den gangen,
kunne mye vært annerledes. Men uten sykehus i landsbyen forsøkte familien og naboene å hjelpe med tradisjonell medisin i stedet. Så bar de faren til en annen landsby for å få hjelp.
Sadio husker dagen godt. De skulle akkurat til å leke på markene, da et søskenbarn kom og sa:
«Sadio, faren din er død.»
Sjuåringen tenkte at fetteren tullet. Han kunne ikke tro at faren kunne dø av å ha vondt i magen. Det var svært utrygt på landeveien på den tiden, så familien kunne ikke ta med kroppen hans hjem. De valgte å gravlegge ham der han døde.
Hvert år leser familien fra Koranen for faren, og den dag i dag forsøker Sadio å be for hans minne hver dag. Før avspark gjør han ofte en du’a: Han holder albuene inntil kroppen og håndflatene opp, nesten som han holder en bok, og ber. «Jeg er en muslim, og for meg er troen den jeg er. Jeg forsøker å be fem ganger hver dag,» forteller han. Noen dager ber han ekstra om det er noe han trenger hjelp til. I gode og vanskelige dager takker han Gud.
Det var en utrolig tøff tid. Heldigvis hadde Sadio fotballen. Han spilte så ofte han kunne sammen med de andre i landsbyen. Var han alene, sparket og trikset han med hva som helst, bokser og steiner, og lot som det var fotballer. Men etter hvert som han ble eldre, måtte han stadig oftere hjelpe familien med å jobbe.
I landsbyen var det ett yrke som gjaldt, og det var å jobbe på åkrene for å tjene til livets opphold. En dag onkelen hans, Ibrahima Touré, vekket ham for å jobbe på jordene, sa Sadio: «Onkel, du tar meg alltid med på åkrene. Med Guds hjelp skal jeg en dag gjøre det unødvendig for deg å dra på arbeid på jordene.» «Det er umulig!» sa onkelen. Sadio bare lo. Han hadde bestemt seg for at han skulle leve et annet liv.
Selv om de fleste i Sadios familie var skeptiske til fotball, hadde han også en onkel som delte interessen hans. Onkel Sana Touré hadde ansvar for et fotballag og hjalp Sadio så mye han kunne. Det var han som kjøpte fotballsko til nevøen, så han kunne begynne å spille kamper med et lag. Så ofte han kunne, satt Sadio ved banen og beundret spillerne. De var hans største helter. Og han gikk på kampene til det lokale laget og drømte seg bort.
Da Sadio begynte å spille på et lag og delta i turneringer, viste han seg raskt som et supertalent. Vennene hans kalte ham «ballonbuwa»: ball-trollmannen. «Jeg var hundre prosent sikker på at så snart jeg forlot landsbyen ville jeg bli fotballspiller,» forteller Sadio i dokumentarfilmen om hans liv, Sadio Mané. Made in Senegal.
«Men aldri i livet om familien ville ha latt meg reise.»
Dermed la han en plan i all hemmelighet. Han var 15 år og snakket med en kar i landsbyen, som fortalte at han hadde en kompis med et fotballag i Dakar, hovedstaden i Senegal. Bare navnet Dakar var som Paris for Sadio. Over 300 kilometer unna lå den moderne sivilisasjonen. Der kunne han oppnå drømmen om å bli fotballspiller. Han fortalte bare bestevennen Luc at han skulle prøve lykken i hovedstaden. Han pakket sammen alt han eide og tok bussen grytidlig om morgenen. Han var spent og glad.
Det var en lang reise. Han kjørte på humpete veier i buss og måtte gjennom nabolandet Gambia på veien. Det var flere kontroller underveis. Han hadde ikke id-kort, så han hadde tatt med seg skoleelev-papirene sine. Han som foreslo at Sadio skulle reise til Dakar, hadde en venn som bodde med familien sin i hovedstaden, og tenåringen på rømmen fikk bo hos dem i
en uke mens han trente med laget.
Sadios familie startet en leteaksjon etter sønnen. Moren spurte Luc om han hadde sett ham. Luc sa nei. Andre truet kompisen med bank om han ikke sa fra hvor Sadio var – men bestevennen sa ingenting.
Etter to uker fant de ham. Han returnerte til landsbyen på en betingelse: han skulle gå ett år til på skolen. Etter det skulle han satse på fotballen. «Den første dagen tilbake i landsbyen, var den verste dagen i mitt liv. Der og da følte jeg hat mot familien min,» har Sadio fortalt i ettertid. Men familien respekterte beslutningen hans. Fra det øyeblikket skoleåret var over, stilte de opp og hjalp ham til å finne et sted hvor han kunne spille og utvikle seg videre. Løsningen kom da han spilte en turnering med sitt lokale lag i Mbour, over 200 kilometer hjemmefra.
Han scoret bøttevis av mål i turneringen og ble oppdaget av representanter fra et akademi i Dakar. Génération Foot er drevet som en stor fotballklubb, der hovedmålet til akademiet er å sende så mange unge spillere som overhodet mulig for å prøve lykken som fotballproff i Europa. Derfor har de mange talentspeidere på vakt i regionen for å se på alt fra femåringer og oppover. Akademiet ble etablert i år 2000, med hjelp fra popstjernen Youssou N’Dour.
Seksten år gamle Sadio Mané dro dit på opptaksprøve sammen med massevis av andre spillere. Kledd i slitte, stive fotballsko og gamle klær. Han måtte komme seg inn der, det var hans eneste sjanse. Og han måtte gjøre et bedre inntrykk på banen enn utstyret han stilte i. Før han hadde prøvd seg, kom en talentspeider bort og spurte hvordan han hadde tenkt å bli fotballspiller med de skoene og klærne.
«Det er alt jeg har,» sa Sadio. Han var sjenert og holdt seg for seg selv.
Så spilte han sin første kamp og scoret fire mål. Etter det var det ingen som gjorde narr av klærne og fotballskoene hans. Akademi-sjefen var imponert. Han tenkte med det samme at Sadio var eksepsjonelt god og nølte ikke med å ta ham inn. Dermed flyttet Sadio inn på akademiets hybel i køyeseng. Treningene startet klokka 8, men han var på plass og trente lenge før de andre. Akademi-sjefen fikk høre livshistorien hans. At han kom fra en fattig familie og hadde mistet faren. Han behandlet Sadio som sin egen sønn, og gjør det fortsatt den dag i dag.
Akademiet hadde en avtale med klubben Metz i Frankrike. Klubbens franske talentspeider er regelmessig over i Afrika og ser etter nye talenter. Den første gangen han så supertalentet spille, fikk Sadio tak i ballen inne i egen boks og gikk med den over hele banen, før han sentret perfekt til medspilleren, som scoret. «Det var som å se et videospill. Det var ikke normalt,» sa talentspeideren henrykt på dokumentaren om Sadio.
Eksplosiviteten, hurtigheten, dribleferdigheten og en mot en-spillet var imponerende.
Men Sadio måtte fortsatt reise hjem og arbeide i ris- og peanøttåkrene når han hadde ferie.
18 år gammel fikk Sadio lærlingkontrakt hos andredivisjonsklubben Metz. Han skulle til Frankrike, men våget ikke å tro det var sant. Da de kom til flyplassen i Dakar spurte han hvert femte minutt: Når skal vi dra? Det var jo ingen som hadde bedt dem gå om bord i flyet, og Sadio hadde aldri flydd før. Han var redd de skulle dra fra ham. Men på flyet tenkte han: Nå skjer det!