1 minute read

AURLAND - Vinjaåsenhytta

Høgde: 302 moh Lengde: 2 km éin veg Tid: 45 minutt opp

Frå dagsturhytta i Vinjaåsen i Aurland vil du ha panoramautsikt over båttrafikken på verdsarvfjorden.

Advertisement

Frå kyrkja kan ein følgje hovudvegen Bjørgavegen nordover i omlag 150 m. Ta deretter av på sideveg mot sør, og følg Doktarbrekka i 200 m til ein kjem til Rygg. Dette er den øvste vegen i bustadområdet, han går først austover opp til vassverket, før han svingar vest- og deretter nordover igjen. Ved enden av vegen er det snuplass, og der er det merkt til dagsturhytta på Vinjaåsen.

Vinjaåsenhytta ligg på eit lite platå, og med god hjelp av utbygd platting, har ein panoramautsikt, både rett ned til Aurlandsvangen og til heile det indre bassenget av Aurlandsfjorden. Her er det mange båtar, og heile sommar ser ein nærast dagleg store cruiseskip. Det er også mogleg å gå frå Vinjaåsenhytta og vidare oppover til den populære turistattraksjonen Stegastein. Dette utkikspunktet ligg 640 moh. på fv. 243 over Aurlandsfjellet.

Stien går bratt oppover og er tydeleg heile vegen. Etter ein eldre geitefjøs går stien gjennom ei grov ur, før han held fram nordover under eit langt stup. Ved enden av dette tek stien så meir sørleg retning, og er ikkje lenger så bratt. I denne sørvestvende lia er det svært frodig og gode veksttilhøve.

I utgangspunktet vil turen til Vinjaåsenhytta starte nede på sjølve Aurlandsvangen, ved fjorden. Her er det godt med parkering. Gjennom eit samarbeid med kommunen og Nærøyfjorden Verdsarvpark er det planlagt eit felles skilt- og informasjonsarbeid.

This article is from: