I alle 26 kommunar i Sogn og Fjordane finst det ei dagsturhytte. Fysisk aktivitet og friluftsliv blir på den måten sterkt prioritert, og dagsturhyttene har på mange måtar blitt eit folkehelseprosjekt. Med ei hytte i kvar kommune, har alle innbyggjarane fått nye turmål, og ikkje minst si eiga hytte.
Vi ser at mange reiser til fleire av hyttene, og blir dermed også betre kjent i sitt eige heimfylke. Vi ser også at vårt eige fylke blir reisemål for stadig fleire. Sjølv om dei 26 hyttene er heilt identiske, så viser plasseringane mangfaldet vi har. Du finn dagsturhyttene til fjells, i skogen, nær busetnad, ved havet eller inst i fjordarmane.
Dette er vegvisaren til dei 26 hyttene som er på plass i Sogn og Fjordane.
Brosjyra er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Tekst/foto: Stig Roger Eide. Andre foto: Nora Lindblad (42, 43), Siv-Merete Hatlem (70). Utforming: Ivar Høyvik, Rakkar.