Kjelda nr. 2 2015

Page 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 2 - Juni 2015. Årgang 24

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Auka satsing på privatarkivområdet Av Arnt Ola Fidjestøl

Satsinga på den delen av samfunnsdokumentasjonen som ikkje er underlagt lovgjevne vedtak, privatarkiv, har lenge vore gjenstand for tilfeldigheter. Ein har stort sett vore prisgitt prioriteringar på det regionale nivået, ved at fylkeskommunar, kommunar eller lokale kulturinstitusjonar på ulike vis har sytt føre at dokumentasjonen ikkje har blitt kassert. Rett nok har Riksarkivet tildelt fylkesinstitusjonar eit regionalt ansvar, men med svært varierande resultat. Riksarkivet har også ein del privatarkiv i sine magasin. Ingenting av dette har ført til at vi i dag sit på noko som er i nærleiken av ein samla samfunnsdokumentasjon. Dette er imidlertid i ferd med å endre seg. Riksarkivet peikte i 2013 på privatarkiv som eitt av tre satsingsområde i prosjektet «Samla samfunnsdokumentasjon» (SAMDOK). Prosjektet representerer Riksarkivet si oppfølginga av Stortingsmeldinga om arkiv som kom i 2012. Det som er særleg gledeleg, er at Riksarkivet i dette arbeidet, samarbeider breitt. Det kommunale arkivfaglege miljø er sterkt representert i dette arbeidet. Underteikna har sjølv delteke i strategigruppa for arbeidet med privatarkiv. Rapporten «En helhetlig samfunnshukommelse» vart levert Riksarkivaren 31. desember i fjor. Den peiker på det faktum at arkiv frå privat sektor, som organisasjonar, bedrifter, institusjonar og enkeltpersonar, blir mykje mindre systematisk teke vare på enn det offentlege sine arkiv. Skal ein få ein heilskapleg samfunnshukommelse må desse arkiva takast vare på, av di dei utfyller kvarandre både som grunnlag for forsking og enkeltmenneske sine rettar. Rapporten kjem avslutnings2

vis med ein del tilrådingar knytte til det vidare arbeidet med privatarkiv. Eg vil trekke fram tre av dei som særleg viktige for å sikre den rette balansen i bevaringsarbeidet. Dei tre er: • Styrking av privatarkivvernet i arkivlova og i forskrifta. • Nasjonal koordinering av be varingsinstitusjonar, supplert ved behov med nettverk for enkelte sektorar/emne. • Sentrale statlege midlar til privatarkivarbeid og utviklings arbeid på arkivfeltet Ei overordna nasjonal koordinering trur eg er absolutt nødvendig, særleg i forhold til bevaring av bedriftsarkiv. Ein veit at enkelte næringar står sterkare i nokre deler av landet enn andre. Vi veit også at næringsliv og bedrifter er prega av svingingar. Når vi så veit at næringsverksemdene ofte pregar lokalsamfunnet, er det i aller høgaste grad relevant å sjå på regional- og lokal utbreiing. Dette er også svært viktig for å kunne sjå på kulturelle forskjellar. Vi veit at fiskerinæringa har stått sterkt langs kysten, vi veit også at næringa har blitt drive forskjellig i frå region til region. Ein finn store forskjeller i korleis fiskeriet er blitt drive i Oslofjorden, langs kysten av Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nord-Norge. Det å kunne få eit representativt utval av dokumentasjonen for å kunne gjere komparative studiar av næringane, og deira påverknad av omgjevnadene, er etter mitt syn absolutt naudsynt for å kunne gi ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon.. Så må ein sjølvsagt gjere det same for trelastnæringa, landbruket, petroliumsindustrien osb… Sentrale statlege midlar er naudsynt

av to årsaker. For det første skal det sikre at ikkje berre kapitalsterke næringar vert tekne vare på. For det andre vil det ha ein stimulerande effekt som lettare vil frigjere kapital i næringane. Det vil vere lettare for næringane å støtte opp økonomisk om bevaringsarbeidet, dersom ein veit at dette vil bli subsidiert med offentlege kroner. Det er liten tvil om at Sogn og Fjordane vil komme godt ut av ei slik satsing. Fylkesarkivet har arbeidd med privatarkiv i over 30 år, og sit i dag på rundt 1.500 hyllemeter med arkiv. Hovudmengda av materiale er etter lag og organisasjonar, men vi har også mange bedrifts- og institusjonsarkiv. T.d er bankarkiva og meieriarkiva av eit betydeleg omfang. Vi har truleg den største mengda meieriarkiv i landet. I alt har vi 73 meieriarkiv og 37 arkiv etter smørlag. Dersom innspela til strategigruppa vert teke til følgje, vil den dokumentasjonen vi sit med i fylket bli monaleg meir synleg på nasjonalt nivå. Det betyr igjen at Sogn og Fjordane vil vere ein vesentleg bidragsytar til den «helhetlige samfunnsdokumentasjonen» allereie i frå dag 1. I tillegg vil ei slik satsing garantert gjere det lettare å få bevart dei privatarkiva som framleis eksisterer, men som Fylkesarkivet anten ikkje veit om eller har fått hand om av ulike årsaker.

Innhald • LEIAR Av Arnt Ola Fidjestøl

s. 2

• Å LYTTE INNOVER Av Erle Hind

s. 4

• ST. SUNNIVA - verdas første spesialbygde cruiseskip i Gudvangen Av Hermund Kleppa

s. 8

• DEN TIDLEGE TURISMEN I SOGN Av Per Olav Bøyum/Olaus Dahle

s. 12

• TILVEKST TIL BIBLIOTEKET 27.02.2015-21.05.2015

s. 14

• STRYN HISTORIELAG, ÅRBOK 2014 Bokomtale av Randi Melvær

s. 15

• VELLUKKA ORDNINGSPROSJEKT FOR GULEN FORMANNSKAPSARKIV (1964-1995) Av Cecilie Astrup Bustad

s. 16

• KRIGSHANDLINGAR I STADNAMN Av Randi Melvær

s. 17

• FORSYNINGSNEMNDA - krigshistorie i kommunale arkiv Av Kjerstin Risnes

s. 19

• ARKIVET FRÅ KÅRE I. TORHEIM Av Per Olav Bøyum

s. 21

• KONTAKTKONFERANSEN 2015 Av Espen Sæterbø

s. 24

• FOTOGRAF NILS O. REPPEN I USA Av Elin Østevik

s. 26

Redaksjon

Per Olav Bøyum (red.), Arnt Ola Fidjestøl og Kjerstin Risnes.

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 08039682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. UTFORMING OG PRODUKSJON Skrivargarden AS - www.printfarm.no FYLKESARKIVET I SOGN OG FJORDANE Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 63 80 00 Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no FYLKESARKIVAR Arnt Ola Fidjestøl, tlf. 971 88 903, arnt.ola.fidjestol@sfj.no

ARKIVARAR Ole Stian Hovland (fagleiar kommunearkiv), tlf. 99 12 37 50, ole.stian.hovland@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 92, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 45, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 70, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 63 81 35, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 63 80 53, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 63 81 34, per.olav.boyum@sfj.no Lars Berg Hustveit (informasjonsarkitekt), tlf. 57 63 81 01, lars.berg.hustveit@sfj.no Espen Sæterbø (kommunearkiv), espen.seterbo@sfj.no , tlf. 57638065 NETTSTAD: www.fylkesarkiv.no FRAMSIDEBILETE: Stongfjorden sett frå fjellet. Fotograf: Stang, Paul. Datering: 1906 - 1923.

3


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Å lytte innover

Av Erle Hind

Fotograf: Oddleiv Apneseth

LINDA GYTRI • Norsk musikar og komponist fødd 6. februar 1980. • Oppvaksen på garden Gytri i Oldedalen i Stryn kommune. I dag busett i tettstaden Stryn. • Ho er mellom anna utdanna frå Raulandsakademiet (Høgskulen i Telemark, avd. Rauland), Ole Bull Akademiet på Voss i Hordaland og Sibeliusakademiet i Helsinki, Finland. • Linda Gytri har sleppt to plater: «Umbra» (Lærdal Musikkproduksjon, 2012) «Audire» (Lærdal Musikkproduksjon, 2015)

4

Nordfjordingen Linda Gytri skapar fornya interesse for trekkspelet med sine energiske og sprudlande melodiar, som samstundes er såre og melankolske. Bak dei fargerike låttitlane finst kompleks og lidenskapeleg musikk som er vel verdt å lytte til. Linda Gytri syner fram eit trekkspel. Det vesle trekkspelet har fylgt musikaren heilt frå ho var lita jente. Då Linda vaks opp på garden Gytri i Oldedalen, ynskte ho å lære seg å spele piano. I staden blei det trekkspel. Eit bittelite trekkspel heimehøyrande sør i landet, som snart fekk ein ny heim på ein gard i Nordfjord. Instrumentet var opphavleg i eige av tante Bjørg i Sør-Noreg. I dag står trekkspelet framleis i Linda si leilegheit i Stryn, men det er for

lengst bytta ut med eit i vaksenstorleik. Då ho var lita byrja Linda å få undervisning hjå Stryn kulturskule. Kulturskulen starta opp då ho var åtte år. På den vesle garden Gytri var det langt til næraste nabo, og ho hadde rikelig med tid. Linda og det vesle trekkspelet trivst godt i lag, og øvinga gjekk tidleg bra. På kulturskulen i heimkommunen fekk ho fyrst undervisning av lærarane Arnt Inge Sæter og Ketil Rasmussen. Etter kvart blei ho med i Hornindal trekkspelklubb, der ho fekk utvikle seg innan eit miljø av likesinna. Nordfjordingen tok til å tevle i distriktsmeisterskap på trekkspel då ho var 10-12 år. Undervisninga på kulturskulen heilt fram til ho flytta frå Stryn for å gå på vidaregåande.

«Kulturskulen i Stryn og trekkspelklubben i Hornindal har vore noko av det viktigaste for meg musikalsk, men samstundes har eg alltid vore slik at eg har søkt veldig ut. Søkt nye impulsar, høyrd masse på balkanmusikk, finsk musikk og alt mogeleg. Eg føler ingen geografiske avgrensingar på musikken,» fortel Gytri i dag.

Sibelius-akademiet i Finland. Etter opphaldet i den finske hovudstaden tok Linda sitt liv ein noko krunglete veg.

Linda begynte ikkje med folkemusikk før ho tok til å studere på Raulandsakademiet i Telemark. Britt Pernille Frøholm frå Hornindal fortalde henne om skulen på Rauland. Dei to musikarane blei kjende medan dei gjekk på Firda vidaregåande skule. Frøholm gjekk musikklinja, medan Gytri gjekk allmennfag. Linda visste ikkje heilt kva ho ville gjere etter vidaregåande. Frøholm oppmuntra henne til å søkje skuleplass på akademiet, og lokka med at akademiet skulle vere litt som å gå på folkehøgskule. Slik gjekk det til at Linda Gytri flytta til Telemark og byrja på Raulandsakademiet. For ein nordfjording som var vand med trekkspelklubben i Hornindal var det litt av ein overgang å kome til tradisjonsbundne Telemark.

«I eitt år budde eg i Finland og hadde berre fokus på speling. Då tenkte eg at eg måtte gjere noko fornuftig så snart eg kom heim att til Noreg. Difor tok eg til å studere bedriftsøkonomi i Sogndal,» fortel Linda. Men Vidar Lande, professor på Raulandsakademiet, ville det annleis. Same hausten som Gytri flytta til Sogndal og gjekk i gong med nye studiar, ringte han henne og spurde om ho ikkje skulle ta mastergrad i tradisjonskunst i Rauland. Den nyinnflytta studenten prøvde å forklare at ho hadde andre planar, men Lande var «ein entusiastisk herre». I følgje han ville det gå greitt å gjere begge deler. Difor byrja Gytri på studiar i Rauland og Sogndal parallelt, men det tok ikkje lange tida før ho skjønte at bedriftsøkonomi ikkje var hennar greie. «Eg føler at eg lærer vel så mykje av det som ikkje blir noko av, som det som det blir noko av. Det berre tek litt tid å skjøne at det kan vere ein bra ting,» seier ho i dag.

«Eg hugsar eg var heilt sånn på gråten då eg kom heim på juleferie», minnest Linda, og ler. For henne var det utfordrande å utkrystallisere melodien i hardingfelespelet. Det var mykje klang, opplevde ho, medan øyrene hennar er melodiorienterte. «Tidlegare har eg ikkje hatt noko særleg tradisjonsfokus, og så kom eg til Rauland, midt i Telemark, der tradisjonar er det viktigaste i livet!». Heldigvis blei nordfjordingen verande på akademiet, og opphaldet blei mykje kjekkare då ho fekk hardingfelespelet meir under huda. Linda hugsar dei to åra i Rauland som noko særs positivt. Etter eit år med interiørdesign i Bergen haldt ho fram med studia av folkemusikken, men denne gangen på Ole Bull Akademiet på Voss. Då utdanninga på Voss var fullført, fylgde eitt år på

DEBUTPLATE PÅ IMPULS «Debutplata var ei rein impulsinnspeling. Det var ein periode då eg ikkje hadde det så veldig bra, det var ting som var vanskeleg i livet. Eg var på ei kunstutstilling i regi av Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førdehuset, med foto av den finske fotografen Susanna Majuri. Det inspirerte meg så veldig. På den tida var eg sjukmeldt, og det var ingen andre som var på kunstutstilling midt i veka. Eg spurde om løyve til å sitje der med trekkspelet litt, og så viste det seg at det var særs god lyd i lokalet. Då tenkte eg, «Hm! Kanskje eg skal gjere innspeling no?». Eg forklarte dei på galleriet at akustikken i lokalet var så god, og spurde om løyve til å gjere ei innspeling medan kunstutstillinga framleis stod. Det var eit samspel mellom

Fotograf: Oddleiv Apneseth

rommet og bileta som var der. Det var greitt for galleriet, men utstillinga skulle takast ned om 2-3 dagar. Eg ringte lydteknikar Tom Karlsrud, og han kunne kome med sitt mobile studio,» fortel musikaren. I dialogen med Sogn og Fjordane kunstmuseum kom det fram at kunstutstillinga var ope for publikum fram til 17.0018.00-tida på ettermiddagen, så innspelinga kunne ikkje gjerast då. Samstundes måtte innspelinga vere ferdig for dagen innan kinoframsyninga på Førdehuset tok til klokka 20.00, på grunn av eit vifteanlegg som byrja å gå på heile huset. «Umbra» var altså ein lyn-innspeling, gjort på 3-4 timar i løpet av ein dag i januar 2012. At innspelinga av «Umbra» i det heile teke blei realisert, var litt av eit lukketreff. Linda Gytri kjente nemleg ikkje Tom Karlsrud frå før av, men ho tok ein telefon til austlendingen med base i Lærdal, og det viste seg at han hadde fått ei avlysing same veka. Saman spelte lydteknikaren og musikaren inn rundt 19 låtar i lokalet til galleriet i Førdehuset. Linda spelte inn ein del tradisjonelt materiale som ho hadde frå studietida på Ole Bull og Raulandsakade5


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

det er jo dét det kokar ned til. For min del har det gjort mykje for min livssituasjon. Eg har teke nokre val som gjev høgare livskvalitet. Vi har berre ein sjanse, vi har berre eitt liv. Då må ein bruke det på det som ein synest gjer ein godt. Tidlegare har eg heile tida fôre vidare, vidare, vidare og vidare. Då får ein ikkje tid til å reflektere over kva som skjer. Men … det med å stoppe opp, det med å faktisk lytte. Gje seg sjølv litt pusterom. Sjå kva som kjem ut av det. Det er viktig. Eg gløymer det tidt og ofte framleis, men om ein ikkje stoppar opp sjølv, så gjev kroppen beskjed», seier Linda. Også debutplata Umbra sin tittel er henta frå latin. «Umbra» tyder «skugge» på latin.

Fotograf: Jarle H. Moe

miet. Då ho sorterte melodiane etter innspelinga, innsåg musikaren at den finaste heilheta var då ho berre tok dei låtane ho hadde laga sjølv. «Allereie då «Umbra» blei sleppt, så hadde eg ein idé om «Audire». Det byrjar ofte med tematikken for min del. Eg ville ha fleire musikarar med på plateinnspelinga, fordi eg ville byggje ut musikken, og ta med det som ikkje blei med på den fyrste plateutgjevinga,» forklarar ho. « Heilt frå eg studerte i Finland har eg tenkt at det hadde vore kjekt å spele med Timo Alakotila, fordi eg hadde teke speletimer med han på Sibeliusakademiet. Endeleg tok eg motet til meg og spurde han, og han sa ja. Då fekk eg litt panikk!,» ler ho. I tillegg til piano, ynskte Linda å ha med kontrabass, på grunn av instrumentet sin djupn og botn. Det dannar ein god heilskap med melodien i trekkspelet, og fargane til pianoet. Etter at finske Timo Alakotila på 6

piano og Anders Bitustøyl frå Telemark på bass hadde takka ja til å vere med på plateinnspelinga, hadde alle tre ei øving i Bergen over nokre dagar i januar 2014. På førehand hadde Linda sendt alle melodiane til dei to andre musikantane. Linda hadde spelt med Timo Alakotila under opphaldet i Finland, men elles var musikarane nye for kvarandre. Opphavleg var planen å spele inn «Audire» våren 2014. Innspelinga blei forskyvd til hausten same år, og i løpet av alle desse månadane spelte ikkje trioen i lag i det heile. Linda er full av godord om samarbeidet med Tom Karlsrud i Lærdal Musikkstudio, samstundes som ho fortel at noko av det ho lærte, var at ho burde hatt eit par øvingsdagar med musikarane før sjølve innspelinga. Resultatet av plateinnspelinga blei likevel vellukka, og «Audire» har hausta særs gode meldingar. Meldarane skriv om komposisjonar av ypparste merke, om fine klangar,

om ein musikar med stort teknisk register og om melodiar med intens musikalsk kraft. Om ein skal lytte til Linda Gytri sin musikk, er det om å gjere å ha god tid. Å ta seg god tid. Tid til å lytte. LYTTING PÅ LATIN Andreplata «Audire» tydar nettopp det: å lytte. På spørsmål om kva som gjorde at utgjevinga fekk den tittelen den fekk, fortel musikaren at ho, dei seinare åra, har blitt meir og meir merksam på det å lytte, å stoppe opp, å gje seg sjølv litt pusterom. «Før var eg kanskje meir opptatt av kva andre meinte om kva eg gjorde. Det er kanskje naturleg i forskjellige fasar i livet. Men så var det ulike ting som gjorde at eg måtte bruke tid på å lytte innover og finne ut av kva eg sjølv eigentleg ville. Det er det eg vil formidle til andre: kor utruleg viktig det er å lytte. Ein har det mykje betre når ein følgjer hjartet. Det høyrest så svulstig ut, men

«Det er mange som har oppfatta det å kalle ei plate for «skugge» som noko trist. Men eg har ikkje tenkt på det slik. Eg tenkjer at skugge er noko nytt som oppstår når lys reflekterer ei flate eller ein ting. Slik er det med menneske og: vi ber alltid med oss skugga av dei som vi har møtt, i korleis vi er. Det er ein bra ting,» meiner ho. Ho har og ein tanke om at platene hennar skal vere ein slags trilogi, og tema for den tredje plata skal vere relasjonar. «Det er det vanskelegaste og vakraste vi har i livet,» seier ho. Om korleis ho arbeider fram låtane sine, fortel Linda at det ofte er titlane, eller historiene bak melodiane, som set i gong den kreative prosessen. «Eg noterer i små bøker og på lappar. Titlar, ting, eller folk som har inspirert meg. Og plutselig kjem det ein låt. Slik som melodien «Gabriel i glaskarmen». Då låta kom, så tenkte eg, «Dette er jo Gabriel Fliflet! Melodien må jo berre heite Gabriel!». Bruremarsjen «Vetle» er eit anna døme på ein låt som er skrive til nokon. Då Linda budde på Voss, studerte ho på Ole Bull Akademiet saman med Kari Malmanger. På denne tida hadde Kari funne man-

nen i sitt liv – ho var nyforelska i studiekameraten Hans Mark Svedal. Linda fortel at Kari berre venta på at Hans skulle fri. «Det høyrde vi ganske mykje om i matpausane,» ler Linda. «Ja, no har eg laga bruremarsj til dykk, så no er det berre å gifte seg!», kunngjorde Linda til kjærasteparet. Etter nokre år kom frieriet. Melodien blei altså skriven ganske mange år før dei gifta seg, men blei også framført i bryllaupet. Linda er veldig glad i ord og språk. Ein av låtane på siste plata hennar, «Betula Pendula», handlar om hengjebjørka. Medan «Apal», som er dialekt for «epletre», handlar om å leggje seg ned under treet og berre slappe av. «Eg synest alltid det er artig å høyre om kva publikum får ut av musikken,» fortel ho. Særleg når det gjeld melodiane om epletreet og hengjebjørka, opplever Linda at mange kjem bort etter konserten og fortel at dei kunne sjå føre seg at han eller ho låg sånn og sånn. «For meg er det fint å høyre kva publikum legg i låtane. Eg har skrive nokre tekstar i tekstheftet på plata, der eg har skildra min versjon av låtane, men så er det så flott når andre legg til sine historier og. Det synest eg er ein fin ting,» strålar ho. ANERKJENNING OG ARBEIDSSTIPEND Frå januar 2014 og ut desember 2015 har Linda Gytri Statens Arbeidsstipend for yngre nyetablerte kunstnarar. Det to-årige kunstnarstipendet frå Norsk Kulturråd har mellom anna gjort det mogeleg for henne å gje ut «Audire» saman med trioen. Ho er full av lovord om tildelingane. «Stipendet er ei utruleg god anerkjenning. Det sit nokon i Oslo som vurderar ein søknad eg har sendt inn, og som meiner at det eg gjer er sopass bra at eg lyt få jobbe med prosjekta mine. Det gjev meg ein ekstra motivasjon til å halde på med musikken. Samstundes kjenner

eg også på eit forventningspress og at eg må prestere for å vise at eg er stipendet verdig. Dette kjem kanskje mest innanfrå, og kan nokon gongar stå i vegen for kreativiteten», fortel Gytri. «Eg er slik anlagt at eg treng mykje tid og rom for å kunne vere kreativ. Arbeidsstipendet har gjort det mogeleg å kunne fokusere meir. Tidlegare arbeidde eg 100 % i kulturskulen, men no jobbar eg 50 % der og så har eg resten av tida til å arbeide med prosjekta innan kunstnarstipendet. Det er nokre gongar vanskeleg å balansere, og eg har lett for å jobbe altfor mykje i periodar, slik at eg brukar opp kruttet. Når eg jobbar med kjekke prosjekt er det lett å forsvinne inn i den kreative prosessen og gløyme det der med å trekkje pusten. Eg burde kanskje lytta litt til det eg prøvar å formidle til andre, men av og til er det hardt å innrømme at ein sjølv er menneskeleg. Det hadde vore så greitt om ein kunne vere litt superwoman, men eg er nok berre laga av kjøt og blod eg også. Eg har gått på nokre smellar eit par gongar, og tok det som nederlag, men har måtte lært å akseptere det. Etterkvart som eg opnar opp for andre om det viser det seg at dei aller fleste av oss har vore gjennom nokre slike rundar. Så er trikset å legge om ruta så ein ikkje fell attende igjen. «Bryte mønster. Ikkje alltid det enklaste det heller, men vi lærer langs med vegen», seier Linda. Etter å ha budd mange ulike stader bur Linda Gytri no i heimkommunen Stryn. Åtte år gamal tok ho til å spele trekkspel på den nyopna kulturskulen i Stryn. I dag er ho sjølv lærar på same skulen. Kanskje er ringen slutta for Linda. Om det er ein ting ein lærer seg av å høyre på Linda Gytri sin vare, nydelege, gladmelankolske trekkspelpoesi, så er det at ein skal lytte til seg sjølv.

7


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

St. Sunniva - verdas første spesialbygde cruiseskip i Gudvangen

«St.Sunniva» (I), spesialbygd for cruise-fart 1887 Skottland-Noreg. Ombygd for vanleg rutefart Skottland-Orknøyane-Shetland etter at The North Company la ned cruise-farten i 1908. (I boka The story of The North of Scotland, Orkney & Shetland Shipping Company.) Fotograf: Ukjent. Datering: 1886-1908.

Av Hermund Kleppa

Biletet står i boka Passage to the Northern Isles (..) (2010) med følgjande bilettekst: «The first purpose-built cruise vessel was the «St. Sunniva” (1). She is her in the Norwegian Fjords (Ferry Publications Library)”. Legg merke til skipet sin dampdrivne landgangsbåt i framgrunnen. Fotograf: Ukjent. Datering: 1886-1908.

Turistskip i Gudvangen kring århundreskiftet 1800/1900. Henta frå boka Coastal Express (…). Fotograf: Ukjent. Datering: kring 1900.

Sommaren 1892 ankra s/s «St. Sunniva» opp i Gudvangen. Skipet var det første i verda bygd som cruise-skip. På stader båten ikkje kunne leggja til kai, blei passasjerane frakta til og frå med eigen dampdriven småbåt. Og det var det vesle skotske rederiet med det lange namnet The North of Scotland & Orkney & Shetland Navigation Company som stod bak. I åra 1887-1908 var «St. Sunniva» fast sommargjest på Vestlandet. I 1892 stod det ei reiseskildring frå ein av turane, i ei australsk avis. REISEMÅL GUDVANGEN «St. Sunniva» er med på eit bilete i Mike Bent si bok Coastal Express The ferry to the top of the world. 8

Motivet er frå Gudvangen. Truleg er det attgjeving av eit postkort. På land står fullt med folk og eit tjue tals karjolar. Ute på fjorden ligg tre passasjerskip for anker. To er Bergenske Dampskibsselskab sine, det eine «Vega» (1895)(nærast), det andre enten «Mira» eller «Neptun». Det tredje skipet er «St. Sunniva». Lettbåtar fraktar folk til og frå. Inne ved kaia skimtar vi skorsteinen av den dampdrivne landgangsbåten til «St. Sunniva». Biletet viser Gudvangen rundt århundreskiftet 1800/1900, ein travel dag med besøk av ikkje mindre enn tre turistskip. “MED EGET DAMPSKIB» Den 22. juni 1886 hadde Fjordenes Blad, Nordfjordeid, ei notis om

sterkt aukande turistferdsle på Voss. Avisa hadde Søndre Bergenhus Amtstidende (Voss) som kjelde. Turistar kjem i heile karavanar frå Eide (Granvin) og Gudvangen, og jernbanen (Vossebanen opna 1883) «bringer os Engelskmænd i Hundrevis ad Gangen». «Turiststrømmen over Voss voxer stadig (…), hele Karavaner af Reisende ankommer snart frå Eide [Granvin], snart over Gudvangen, foruden at jernbanen bringer os Engelskmænd i hundrevis ad Gangen. Med Aftentoget igaar ankom saaledes 125 Personer i et Følge, der imorges fortsatte Turen til Gudvangen hvorfra de med eget Dampskib ut Sognefjorden gik nordover.» Notisen har ikkje med namnet på

det ventande dampskipet. Det har derimot ei reiseskildring i den australske avisa Launcestone Examiner, 6. august 1892. REISTE MED ST. SUNNIVA Ein ikkje namngjeven turist frå Tasmania fortel om ei reise med «the steam yacht St. Sunniva», eit vakkert fartøy på om lag 1000 tonn, med god kaptein, godt mannskap og hyggjelege medpassasjerar. Eit reisefølgje reiste med tog frå Bergen til Voss der dei overnatta på «a nice hotel.» Neste dag reiste turistane til Gudvangen. «Next day a journey of 30 miles to Gundvagen was made in a carrioles. Here the yacht awaited under the second largest waterfall in the world.

1500 ft; most glorious. Words can give no idea of the grandeur of the Naerodale Pass, the finest in Europe, seven miles long, between majestetic mountains, nearly perpendicular, between two of which Tears Falls descend. One is drenched with spray. After many turnings and windings at last you stand below that splendid fall, looking up from the depth to those giants mountains, through green hazel and rowan bushes, and a feeling of deep peace and thankfulness steals over the spirit.” EIT LITE REIARLAG SATSA STORT PÅ CRUISEFART The North Company (kortversjon av The North of Scotland & Orkney & Shetland Navigation Company)

trafikkerte Nord Skottland-Orknøyane-Shetland. I 1883 auka rederiet flåten sin med nybygde «St. Rognvald», eit skip på vel 1000 tonn, og med dette skipet innleia The North Company cruisefart Skottland-Noreg. Første cruise til Bergen og Vestlandet med avgang frå byane Leith og Aberdeen, 24 juli 1886, vart ein dundrande suksess. Oppskrifta var fastsett rute, kort varighet og etter måten rimeleg billett. Reiarlaget følgde opp med to turar til, same sommaren. Men ikkje berre det, vesle North Company kontraherte eit spesialbygd skip for cruisefart for levering til sesongen 1887. Somme stader står det at dette var verdas første skip bygd for cruisefart, andre stader at det var eit av verdas første. 9


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Utsnitt av reiseskildring sommaren 1892 i den australske avisa Louncestone Examiner, Tasmania. Faksimile. «St.Sunniva»-postkort, med Framnæs hotel ved Opheimsvatnet (på strekninga Voss – Gudvangen) og skisse av «St,. Sunniva» i norsk fjordlandskap. Fotograf: Ukjend. Datering: 1886-1908. Postkort frå ca 1900 som viser karjol med hest, ein passasjer og skyssgut. Biletet er frå Stalheim Hotel med utsyn mot Nærøydalen. Fotograf: GKA. Datering: ca 1900.

“St. Sunniva” Skipet fekk namnet “St. Sunniva”. Nettstaden Ships nostalgia har desse sespifikasjonane: Type: Cruise Ship North Company service: 1887-1930 Builders: Hall Russell & Co Ltd Yard: Aberdeen First voyage: 26 May 1887 Gross tonnage: 960 tons Net tonnage: 437 tons Length: 236 feet Breadth: 30 feet Depth: 22 feet Hull: Iron Engines: Triple expansion steam reciprocating Power: 141 kW at 96 rpm Propulsion: single screw Speed: 15.5 knots Maximum passenger accommodation: 142 Avvikla i 1908 Boka Passage to the Northern Isles (..) (2010) handlar om rutetrafikken 10

mellom Nord-Skottland og øygruppene Orknøyane og Shetland. Her står det om cruisefarten The North Company tok til med i 1886, først med ruteskipet «St. Rognvald», og frå 1887 med spesialbygde «St. Sunniva». Utanom cruise Bergen – Trondheim, hadde reiarlaget også turar til Nordkapp. Raskt aukande konkurranse frå større reiarlag, både norske, britiske og tyske, gjorde at The North Company avvikla cruisefarten på Norge i 1908. LITE I NORSKE TRYKTE KJELDER Eit kort og avgrensa leiteprosjekt North Company og «St. Sunniva» i cruisefart på Norge gav magert resultat. Ikkje eit ord i bygdebøker for Aurland, heller ikkje i jubileumsbøker for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Det Bergenske Dampskibsselskab. Dei einaste funna var eit bilethefte utgjeve på Beyer, Bergen, i 1905 og eit par setningar i

jubileumsheftet «1884-1984 Alexandra. Eit familiehotell – alltid i takt med tida» (1984): «S/S «St. Rognvald» som tilhøyrde reiarlaget Nord-Skottland, Orkenøyane og Shetland Steam Navigation Company, gjorde første turane til fjordane på Vestlandet i 1886. Dette selskapet hadde hovudkontoret i Aberdeen.» (…) «S/S «St. Rognvald» gjekk til Hardanger, Sogn og Romsdal første gongen i 1886.» LITTERATUR OG KJELDER Passage to the Northern Isles. Ferry Services to Orkney & Shetland 1790 – 2010. Miles Cowsill and Colin Smith. 2010. Harvey, Charles, W.: 1884-1984. Alexandra. Eit familiehotell – alltid i takt med tida. 1984 Louncestone Examiner, Tasmania, Fjordenes Blad, 22.06.1886 Framside på brosjyre «Summer trips from Leith and Aberdeen to Norway». Faksimile.

Boka Passage to the Northern Isles. Ferry Services to Orkney & Shetland 1790 – 2010. Miles Cowsill and Colin Smith. 2010. Faksimile.

11


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Disse tal økedes dog fort i 70-80 aarene og satte mer og mer et vist preg paa det reisende publikum i baatene. Av turiststeder maa først og fremst nævnes Lærdal og Gudvangen. Men da dampbaaten gik bare en gang om uken (indover og utover) maatte der ofte brukes robaat mellem disse steder.

Brita og Olaus Dahle i hotellhagen ved Mundal Hotel i Fjærland. Hotel Mundal opna 29.juni 1891. Det var Brita og ektemannen, lærar Olaus Dahle, som saman med hennar brør, Mikkel og Per Mundal og halvbroren Johannes, som starta hotellet. Fotograf: Ukjent. Datering: 1929. Hotel Mundal. Fotograf: Andreas Mathias Anderssen. Datering: ca 1890-1910.

omraade, om det kan være av nogen interesse for Dem at læse det.

Den tidlege turismen i Sogn Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand skal etter planen opne til hausten. Museet vil dokumentere og formidle norsk turisme. At det vart lagt til Balestrand er ikkje tilfeldig. På 1800-talet strøymde kunstnarar og turistar til bygda. Seinare kom keisar Wilhelm på årvisse besøk. Det staselege Kviknes Hotel vitnar om kor viktig reiselivet har vore i Balestrand. I Fjærland opna Olaus Dahle, med kona og svograr, Hotel Mundal i 1891. Dahle vart fødd i Grytten i Romsdal 21. september 1847. Etter fullført lærarutdanning flytta han

12

til Sogn i 1872. Fyrste åra arbeidde han på Vangnes. I 1886 fekk han seg lærarpost i Lærdal. I 1888 gifta Olaus seg med Brita Mundal frå Fjærland. Ho var søster til Mikkel Mundal, ein breførar og turistvert som i tillegg dreiv med landhandel. Saman med to andre svograr, Per og Johannes, fekk dei bygd Mundal Hotel, som opna dørene i juni 1891. Olaus var sentral i skipinga av Sogns Turistforening. Både som hotellvert og organisasjonsmann sat han inne med store kunnskapar om reiselivet

Av Per Olav Bøyum/Olaus Dahle

i regionen. Medan «minderne er klare» skreiv han ein slags rapport til ein direktør Solemdal i Bergen, der han gjorde greie for det han hadde opplevd innan reiselivsområdet den tida han hadde vore i Sogn. Skrivet er ikkje datert, men må truleg ha blitt forfatta på 1920eller 30-talet. Olaus Dahle døydde 6. april 1940. HR. DIREKTØR SOLEMDAL, BERGEN Tiderne skifter. Det viser sig ogsaa i turisttrafiken. Og nu mens minderne er klare vil jeg fortelle litt av det jeg har set og oplevet paa reiselivets

Da jeg kom til Sogn i 1872 havde Amtsbaatene to turer for uken til Sogn. Den ene gik til Skjolden som endepunkt uten anløp av Gudvangen og Aurland. Den anden gik til Gudvangen og Aurland, Lærdal som endepunkt. Men denne tur hadde anden hver uke anløp av Mundal i Fjærland. Foruten disse to ukentlige turer saa man av og til om sommeren engelske lystjakter, som gik ind eller ut Sognefjorden. Av utenlandske reisende var det den gang ikke mange med rutebaatene. Det var først og fremst engelske sportsfiskere og saa enkeltvis endel andre naturelskere eller interesserte for forskning av natur og folkeliv.

Fjærland havde længe været kjendt mellem vitenskapsmænd og kunstmalere for sine isbræer og sin storslagne natur; men dampskibet som gik ind med 14 dages mellemrum kunde ikke brukes, da man ikke fra skipet kunde se bræerne som ligger nesten en mils vei fra sjøen. Reisende som vilde til Fjærland maatte da gaa iland paa Balholm og reise med robaat frem og tilbake. Det blev baade kostbart og brysomt, saa det kunde ikke blive nogen stor strøm av reisende. Men det blev saa meget at landhandler Ole Kvikne saa snart at det blev absolut nødvendig at bygge for at skaffe rum til disse mennesker som om sommeren uavladelig kom og reiste. Dette var begyndelsen til Kvikne Hotel. Han bygde, rev ned og bygde op igjen aar for aar uavladelig i 10 aar, indtil han havde faaet under et tak de 2 smaa huse som stod ved stranden og meget, meget mer. Dette viser utviklingen. Saa blev det en stans paa 4 aar, saa bygde han paa ny grund den nuværende store spisesal og en del fællesværelser og soverum, nogle aar bakefter igjen den nuværende store røkesalong, og saa endelig i 1912-13 rev han hele den ældste bygning og satte op det nuværende hotel i flugt med spisesalen og det andre nybygg. Siden de to ukentlige turer paa Sognefjorden i begyndelsen av syttiaarene blev dampskibsfarten litt efter litt betydelig utvidet. Dampbaaten «Lærdal» blev sat i fart mellem Lærdal og Gudvangen som fik daglig forbindelse. Og efter bygning av

flere baater blev det sat flere ruter paa Sognefjorden . Den ene av dem havde Fjærland til endepunkt med en liggetid av 6 timer, saa de reisende kunde se en av bræerne og reise igjen med samme baat. Dessuten havde «Lærdal» en dag i uken tur fra Lærdal til Fjærland og tilbake igjen – ogsaa med liggetid, saa det kunde kjøres bræturer. Ved denne tid var det i 1890, at min svoger og jeg lot os overtale av kontorchef O. Paulsen til at bygge hotel i Fjærland. Det var et dumdristigt foretakende – ser jeg nu. For dets eksistens er absolut avhengigt av dampskipsfarten. Den gang var det saa at Amtsskipene var sterkt interesseret for at hotelforretningen skulde lykkes, for det vilde være til fordel for trafiken i det hele; men det var ikke sagt, at opfatningen altid vilde vedbli at være saadan. Men, det gik jo godt. I alfald sa Malling, senere direktør i reisef., at vort hotel slog rekorden for alle de i 90-aarene bygde hoteller. Og Rosasco skal ha sagt om min kone, at hun var vertinde paa det «bedste styrte hotel i Norges land.» Dette kan vel ikke ha saa meget at si, skjønt det er jo glædelig. Men av større betydning var det, at det lykkedes os at ha en stjerne i Baedeker like fra begyndelsen til krigen brøt ut, og i Yngvar Nielsen: «rost for utmerket stell i enhver henseende». Dr. Skarlett var os til megen hjelp og støtte. Han la flere «conducted tours» om Fjærland, tildels flere om uken. Men blandt dem var det især en som havde 2 dages ophold, fra lørdag til mandag middag, og som ubetinget var den bedste tur som Cook hadde paa Vestlandet. Det var altid mange med paa den, fra 10-12 til over 20 ja somme aar over 30. De kjørte til begge bræer og havde desuten en mindre tur enten til Horpedalen, til Mundalssæter, eller hvis 13


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

det var mange yngre folk i selskapet, tok disse en virkelig fjeldtur t.eks. paa Gretta 1500 m. Jeg husker hvor begeistrede de var en del unge som hadde været op der og havde set 2 unge bjørner. Hvor langt tidrum denne tur strak sig kan jeg ikke med sikkerhet sige. Men en høst tok Rendedal og frue en tur til London og besøkte doktoren i hans hjem og siden kom den tur ikke oftere paa programmet. Men derimot kom fru Skarlett og bodde i længred tid paa Hotel Balestrand, hvor Cooks conducted turs altid tok ind. Det er altid en glæde at tænke paa det interessante liv som min kone,

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

hendes brødre og jeg hadde sammen med de mange gode intelligente, fremmede mennesker som kom her aar efter aar. KJELDE OG LITTERATUR • SFF-87001 Mundal Hotell • Lokalhistoriewiki.no: Olaus Dahle

Ved varden på heimste Gretta i Mundal. Anders T. Mundal med to turistar. Fotograf: Ukjent. Eigar: Kari Mundal. Datering: ca 1920

Tilvekst til biblioteket

27.02.2015-21.05.2015

• 23 musikktrykk knytte til Sogn og Fjordane arrangert av Bjarne Volle frå Høyanger. • Opdal, Ivar A.: Tamreindrift og fjellfolk, erindringer og opptegnelser. Gjøvik 1956. Vi har kapitla: «Rein • • • • • • • • • • • •

14

og ulv på Nystuen i 1860årene» og «Tamreinholdet i Lærdal og Borgund» Sogn og Fjordane 250 år 1763-2013, jubileumsfesten 18.-22.september. Sogn og Fjordane fylkeskommune, faldar. Bergum, Leiv: Med helsing frå Sogn og Fjordane. Tekst Henning Rivedal. Skald, 2013. 204 s. Fuglehaug, Randi: Moods of Norway. Hvordan gjøre bestemor stolt. Om gründerskap, kreativitet og annet fanteri. Cappelen Damm, 2013. Naustdal, Paal: Sjå lidene dei lune, dikt i utval. Teikningar Inge Rotevatn. Nordfjordeid, Knut Naustdal, 1990? 96 s. Foss, Matthias: Justedalens kortelige Beskrivelse (1750) etter den prenta utgåva 1802. Utskrift av digital utgåve ved Oddmund L. Hoel. Jostedal Historielag, 2009. Kart over Nordre Bergenhus amt IV, Nordøstlige blad. Den geografiske opmaaling 1880. Fylkesarkivet sitt kart er trykt i 1924. Kart over Nordre Bergenhus amt II, Sydøstlige blad. Den georgrafiske opmaaling 1926. Oppmåling 1874. Kaupanger ungdomslag 100 år, historia om eit lag – historia om eit hus. Red. Rasmus Stokke. Laget, 2008. Losnegaard, Henrik Arne: Stadnamn frå Eivindvik. Hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Bergen, 1981. 242 s. Årboka for Sogn og Fjordane 2014. Selja forlag. Årbok for Nordfjord 2014. Tomasgard, Paul O.: Elektrisk straum til heim og samfunn. Historia om kraftforsyninga i Hornindal. Hornindal kraftlag, 1999.

Stryn historielag, årbok 2014 Dette er ei årbok med mange grundige artiklar. For dei som er interessert i lokalhistorie frå Stryn, er det mykje spanande å finne. Her er gode kjeldetilvisingar og opplysningar om forfattarane. «Havet – «stabbur» for fjordfolket av Jon Tvinnereim Han fortel at fjordfolket reiste ut til Bremanger og Vågsøy og tok del i sildefisket og torskefisket. Ein del fisk blei brukt av dei sjølve, og ein del blei selt. Han fortel og at opphaldet på kysten varte så lenge at einskilde bygde eigne hus. Dei måtte då bygsle grunnen for husa. Eit sørgjeleg 50-årsminne av Ståle Sunde (1963-2013) Dette er ei trist historie om korleis Leif Ivar Nesje, 23 år gamal miste livet på ein fjelltur i 1963. Han gjekk opp på det stupbratte fjellet Nesjehyrna og fall utfor eit stup på vegen ned att. Røynde fjellkarar måtte opp for å hente han heim. Truleg hadde han glide på eit moseflak og rutsja nedover og utfor eit stup. Hendingar som forklarar stadnamn av Kristian Solvang Kristian Solvang har skrive ein

Personalnytt

Bokomtale av Randi Melvær

lengre artikkel om stadnamn. Dette er namn som det knyter ei historie eller segn til. Artikkelen er illustrert med både teikningar og foto. Her finn vi to namn med tilknyting til «Meistar-Jo», presten Jon Mogensen Skanke som hadde Svarteboka. Vi får høyre fleire segner om garden Sølvberg og skattane som skal finnast der. Paa Hegjabottflyen av Per Grønfur d.e. (fødd 1875) Per Grønfur har skrive mange jakthistorier. Nokre av dei er her i årboka. Artikkelen handlar om reinsjakt. I 1912 gav han ut boka «Hilsen fra Norge, en Samling Jagtfortellinger, Reisebeskrivelser, Naturskildringer og Digte». Olden skysslag Ingolv Muri har brukt Olden skysslag sine protokollar frå 1925 til 1939 som kjelde når han skreiv «Turistferdsle og hesteskyss i Olden i mellomkrigstida». Truls Vassenden Sande Her er også ein lengre artikkel om ein mann med eit uvanleg liv: «Truls Vassenden Sande, glødelampa og Blikkhuset i Holten» av Olav munalt arkiv for Møre og Romsdal IKS i Ålesund. Selskapet tilsvarer i dag mykje av det som Fylkesarkivet representerer i Sogn og Fjordane.

R. Faleide. Denne Truls samarbeidde med oppfinnaren av glødelampa og var rundt i verda på forskjellige oppdrag. Han arbeidde m.a. i gullgruvene i Sør-Afrika og han møtte Mahatma Gandhi. «Ski-eventyret på Strynefjellet» Vi kan også lese om «Ski-eventyret på Strynefjellet» av Per Ytre-Eide. Inni mellom desse lengre artiklane er det kortare artiklar som tek føre seg slekter, prologar og dikt.

Erle Hind har slutta som musikkarkivar. Ho tok til i stillinga 14. juni 2010. Fylkesarkivet takkar for kjempegod innsats i fem år!

Arnt Ola Fidjestøl tok til som fylkesarkivar 4. januar og er tilsett i fast stilling. Fidjestøl kjem opphavleg frå Førde, er gift og har tre gutar. Han er utdanna cand. philol. ved Universitetet i Bergen og starta si yrkeskarriere ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 1996. Frå og med 2000 fram til og med 2014 har han vore med på å byggje opp Interkom15


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Krigshandlingar i stadnamn

GULEN-ARKIVET SOM NO ER ORDNA BESTÅR AV FØLGJANDE: • Barneårskomiteen 1979 • Byggenemnda for Dalsøyra skule- og samfunnshus • Byggenemnda for Eivindvik barne- og ungdomsskule • Dyrevernnemnda • Fiskarmanntalsnemnda • Formannskapet • Forsyningsnemnda • Friluftsnemnda • Generalplannemnda • Gulen kulturstyre • Hovudutval for miljøvern og naturforvaltning • Innkvartering- og tilflyttingsnemnda • Plannemnda for eldresenter på Dalsøyra • Plan- og byggenemnd for Byrknes alderstun • Reguleringsnemnda • Samferdslenemnda • Tiltaksnemnda • Valstyret • Viltnemnda

I fylket vårt er det svært mange stader der det har føregått krigshandlingar og der det er eller var byggverk frå krigstider. Det kan anten vere frå den andre verdskrigen eller frå tidlegare ufredstider. Eg søkte i stadnamndatabasen vår med kulturkode K 254 – Krigshandling. Då fekk eg 66 treff. Det er ikkje så mange. Dersom innsamlinga vår hadde gått føre seg på 1950-talet, hadde vi truleg fått mange fleire namn med kodinga for krigshandling. Midt på 1980-talet var mange av stadnamna ute av bruk. Dei fleste stadnamna vi har registrert er frå kystkommunane. For Solund har vi registrert heile 10 av dei 66 namna, for Selje også 10 namn og for Fjaler 9 stadnamn. 75 ÅR FOR STARTEN AV KRIGEN – 70 ÅR FOR FREDEN Vi har to jubileum å markere i år, både for krigsutbrot og fred, difor denne artikkelen. Dei fleste av dei 66 stadnamna eg fann i databasen vår har tilknyting til den andre verdskrigen. Elles er det også namn frå m.a. folkevandringstida.

Gulen formannskapsarkiv for perioden 1964-1995 er no ferdig ordna. Annette kan stolt vise fram resultatet. (Foto: Fylkesarkivet)

Vellukka ordningsprosjekt for Gulen formannskapsarkiv (1964-1995)

Av Cecilie Astrup Bustad

18. november 2014 reiste to representantar frå Fylkesarkivet til Eivindvik for å hjelpe til med å pakke formannskapsarkivet for perioden 1964-1995 på pallar. Arkivet skulle transporterast til Leikanger for å ordnast hos oss. No, 8 månader seinare, er arkivet ferdig ordna og oppstilt i magasin, tilgjengeleg for publikum og forskarar. Sjølve pakkinga av arkivet var det kommunen sjølv som måtte syte 16

Av Randi Melvær

for. Materialet måtte listeførast slik at innhaldet kunne kontrollerast ved mottak på Fylkesarkivet, og alt i alt vart det 91 banankassar. I tillegg til sjølve formannskapsarkivet skulle også dei ulike nemndene frå denne perioden følgje med. Annette Langedal Holme vart tilsett 1. januar 2015 for å ordne arkivet. Ho har jobba på Nordfjord museum i fleire år, og klarte overgangen til arkiv-verda svært bra. Gulen kommune overleverte eit arkiv med

god orden, men Annette har likevel hatt ein stor jobb. Binders og plast skulle fjernast, saman med kopiar og rundskriv, og slitte omslag og boksar skiftast ut. Deretter skulle alt registrerast, heilt ned på saksmappe-nivå, før ho til slutt kunne lime på etikettar. Resultatet av ordningsprosjektet vart 38 hyllemeter med ferdig ordna arkiv. Arkivet er ordna slik at det no er lett å finne fram i det, og enkelt å gi innsyn til publikum.

På kysten bygde tyskarane opp mange anlegg. Dette var kystfort med kanonar, utkikkspunkt og bunkersar. Her prøvde dei å halde auge med skipstrafikk og fly til og frå Skottland og Shetland. Langs heile kysten finn vi liknande anlegg. Bunkersar og kanonar retta mot vest og mot seglingsleia. Hovden er eit slikt anlegg i Selje. Her er det mange bunkersar på ein runda topp med utsikt mot vest. Denne ligg i utmarka til Ervik, gardsnummer 45. Daniel Ervik var informant til dette stadnamnet. Sølvberghogen på Furnes i Fjaler er ein stor haug, 61 m.o.h. Namnet kjem truleg av at det er så mykje kråkesylv (glimmer) her. Tyskarane laga gangar gjennom heile haugen. På to stader er det portar. På toppen er det støypt ein platting for utkikk og skyting. Her kan ein også gå ned i haugen. Haugen ligg på garden Arstein. Informant har vore Anton Furenes. Nesje Fort i Hyllestad blei bygd i 1940 for å kontrollere innfarten til Sognefjorden. Det stod ferdig i no-

Frå innsida til ein av bunkerane i Gudvangen med plass til maskingevær og god utsikt til fjorden. Fotograf: Kjell-Ragnar Berge. Datering: 2012

vember månad. Her var det ei stor skyteulukke den 28. juni 1941 då 14 mann mista livet. VAKTHALD I Solund hadde tyskarane vakthald på Husefjellet. Det er under garden Steinsund, 24/5. Det er Bjarne Eide som har vore informant til dette namnet. Dette var ein flymeldepost. Her stod vakter og speida etter fly. Dei hadde ei vakthytte også. I Høyanger finn eg to stadnamn som har med vakthald å gjere, Tyskarhytta og Tyskarleiren. Den første ligg på garden Nedre Tune, den andre på Åkre.

På Lisetflona i Kalvåg bygde tyskarane ein vaktstasjon. På Flonafjellet ovanfor Liset er det fritt og vidt utsyn over innlaupet til Frøysjøen. Vaktstasjonen bestod av fleire brakker og hadde eit mannskap på 12 til 15 mann. Stasjonen vart riven like etter krigen. MINER OG BOMBER Sprenging av miner og bomber sette spor etter seg i terrenget. I Flåm er det framleis ein høl i elva som blir kalla for Bombehølen etter tysk bombardement av bygda i 1940. I Solund finn vi Hundegytten. Det er ei klove med ur. Her gjekk det av ei 17


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

mine under krigen. Det var ikkje ur her før eksplosjonen. Hundegytten ligg på Utvær, gardsnummer 1/1,2. Rotehola ligg også i Solund. Dette er eit hol etter ei mine sprengd under den andre verdskrigen. Det er ei sandstrand her og det veks kusymre. Rotehola ligg på Inderøy, gardsnummer 19/1,2. Etter krigen måtte ein kvitte seg med mange miner. I Fjaler finn vi eit stadnamn som peiker på dette. Mineholet er tre store hol i marka. Dette var sprengingsplass for landminer etter krigen. Holene er delvis overgrodde i dag. Det er Gudrun Stølen fødd i 1924 som har fortalt om desse holene. Ho forklarer at dei helst gjekk på berg og ikkje på grasmark etter krigen. Det var ikkje så rart når ein veit at det var 6 minefelt med heile 3 066 miner her. Staden ligg på garden Lammetun 272/1. MOTSTANDSKAMP Vi finn ein del stadnamn knytt til motstandskampen. Storeura (eller Storura som det står i Arnfinn Haga si bok) er ei ur på Staveneset i Askvoll. Der budde det radiotelegrafistar under krigen. Dei observerte skipstrafikken langs kystleia og sendte opplysningane over til England. Det var radiotelegrafistar her i to periodar, først i 1941-42, så i 1944-45. Etter den første perioden flykta telegrafistane og vertsfamilien Petrine, Harald og Chester Saltskår til Skottland. Etter den andre perioden flykta telegrafistane, men vertane ville vere att. Hans Hollevik, Oddny Saltskår og Anton Hollevik blei arrestert i mars 1945 og torturert. Heldigvis var det då ikkje lenge før det vart fred i landet. Søre Djupesundet i Solund er eit smalt og djupt sund. Her ankra ein spionbåt opp. Den blei oppdaga av tyskarane. Mannskapet blei ført til Ulven leir ved Bergen og alle blei skotne. Stadnamnet er frå Færøyna, gardsnummer 60/3. Informant har vore Ola H. Færøvik. 18

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Radiohola er ei hole som blei brukt under krigen. Den ligg i utmarka til Fløde, gardsnummer 17/2 i Selje. Truleg har vel denne vore i bruk til illegal radiolytting under den andre verdskrigen, viss ikkje den blei brukt av radiotelegrafistar? På Målsnes i Balestrand finn vi Radioeiki. Dette var eit innholt eiketre der dei gøymde ein radio under krigen. På Eikenes i Askvoll finn vi Pota, som var krattskog og gøymeplass for radio. Krossuri er ei ur der folk gøymde gevær under krigen. Dette låg før i Balestrand, no i Sogndal kommune under garden Bjåstad. RUSSERLEIREN OG RUSSELEIREN Eg fekk berre desse to treffa på stadnamn som byrjar på Russ-. Truleg finst det mange fleire stadnamn i fylket som har dette førsteleddet. Russerleiren ligg like ved ungdomsskulen og Havrenesvegen i Flora kommune. Her budde russiske krigsfangar som blei brukt på forskjellige store arbeidsprosjekt fleire stader i fylket. No er det ei minneplate her. I Fjaler er det eit stadnamn, Russeleiren. Dette er Anton Furnes informant på. AT-STEINEN ELLER ARBEIDSTENESTESTEINEN Det var ikkje mange leirar for Arbeidstenesta i fylket vårt under krigen. På Hermansverk i Leikanger kommune var det ein leir i 1943 og ein i 1944. Her bygde m.a. ungdomane veg innover Henjadalen. Der sette dei opp ein minnestein som framleis vert kalla for AT-steinen eller Arbeidstenestesteinen. Den er vel ein meter høg, 45 cm brei og 35 cm tjukk og står like inntil vegen omlag 4 km inne i dalen. Steinen er pryda med Arbeidstenesta sitt merke, ein sirkel med spade og bokstavane AT. I tillegg kjem årstala 1943-44. Truleg er dette den einaste minnesteinen etter Arbeidstenesta i fylket.

UTE AV DAGLEG BRUK Vi må rekne med at vi hadde fått inn mange fleire stadnamn knytt til krig dersom vi hadde samla inn stadnamn rett etter den andre verdskrigen. Midt på 1980-talet var ikkje minne om dette like aktuelle ved innsamlinga av stadnamn og ein del av stadnamna var gått ut av dagleg bruk. KJELDER OG VIDARE LESING:

• Fylkesarkivet sin stadnamndatabase.

• Fylkesarkivet sin fotodatabase. • Berge, Kjell-Ragnar: Nesje • • • • • • •

Fort. Artikkel i Kulturhistorisk leksikon Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten. Eige forlag, 1995. Haga, Arnfinn: Nødrop fra Staveneset. Cappelen Damm, 2014. Krigsår, liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-45. Selja forlag, 2005. www.nrk.no/sf/fylkesleksikon Kjelda 2/1995: Mineholet – eit stadnamn frå krigen på Lammetun i Fjaler. Svartefoss, Einar: 5-årsnatta, Leikanger i krigsåra 1940-45. Systrond sogelag, 1994. Kleppa, Hermund: Minnestein om vegbygging i Henjadalen. Kulturhistorisk leksikon.

AT-steinen i Henjadalen står tett attmed vegen om lag 4 km inne i dalen. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2000.

Forsyningsnemnda

- krigshistorie i kommunale arkiv

Av Kjerstin Risnes

I vår har vi hatt hyppige besøk på lesesalen av ein historiestudent frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han skulle skrive bacheloroppgåve om dagleglivet under 2.verdskrig. Studenten hadde blinka seg ut to ulike kommunar der han mellom anna ville sjå litt nærmare på rasjonering og matforsyning. Det var då naturleg å finne fram arkivet etter forsyningsnemnda. FORSYNING I KRISE- OG KRIG 2.verdskrig sette sitt preg på liva til einskildmenneska, men også på kommunale styringsorgan, administrasjon og institusjonar. Forsyningsnemndene er eit av dei kommunale organa som fekk stor innverknad på kvardagslivet til folk flest, både før, under og etter krigen. I krig- og krisetider sette styresmaktene i verk tiltak for å handtere den spesielle situasjonen som oppstod ved å syte for at det var tilgang på viktige forbruksvarer og sjå etter at det ikkje vart samfunnskadeleg prisstiging. Det vart oppretta både sentrale, regionale og lokale organ for å fylle desse oppgåvene. Under 1.verdskrig vart det oppretta provianteringsråd i alle kommunar, i samband med 2.verdskrig vart det oppretta forsyningsnemnder. Oppgåvene var om lag dei same. 9. juni 1939 vart lov om Forsyningsnemnder vedteken ved kongeleg resolusjon. Lova vart sett i verk 25. august same året. Alle kommunar skulle no opprette forsyningsnemnder, forsyninga måtte sikrast for eitt år framover. Nemnda skulle ha tre medlemmer som vart oppnemnde av kommunestyret. Det skulle også tilsetjast ein forretningsførar til å ta seg av dei daglege

Ein ivrig historiestudent som skriv om kvardagslivet under krigen.

gjeremåla. Nemnda hadde som oppgåve å følgje med på forsyningssituasjonen for viktige varer som brensel, drivstoff, mat og for. RASJONERING FRÅ 1939 Noreg var i stor grad avhengig av importerte varer, og krigen førte til innførselsstogg på alle varer frå land som Tyskland var i krig med. For at det ikkje skulle verte hamstring, og for at det som fanst av varer vart fordelte, vart det alt i 1939 sett i gong rasjonering på kaffi og sukker. Då landet vart okkupert , auka rasjoneringa gradvis på. Ei uttal av ulike rasjoneringskort som varte for kortare og lengre tid om gongen vart allemannseige. Reglane for bruk var strenge, og det var forsyningsnemnda som skulle syte for at rasjoneringsreglane vart fylgde. Ei anna oppgåve var å sikre tilgang til viktige varer og gjennomføre tiltak som styresmaktene gav ordre om. Grunna beredskapssituasjonen vart ikkje nemndene nedlagde då krigen var over. Forsyningssituasjonen be-

tra seg litt etter litt, men fleire nemnder fungerte til ut på 1960-talet. OMFATTANDE ARBEID OG FINMASKA NETT FOR KONTROLL OG RASJONERING Den som har ordna slike arkiv, kan raskt konstatere, berre ut frå mengdene med ulike lister og registreringar, at arbeidet til forsyningsnemndene må ha vore svært omfattande. Nemndene delte mellom anna ut rasjoneringar (som rasjoneringskort), førte ei mengd ulike daglister for å halde kontroll med forbruket, skreiv rapportar til styresmaktene og handsama søknader om tilleggsrasjonar. Dei sytte for ulike teljingar, mellom anna av husdyr, areal, poteter og varelagera hos forretningsdrivande. For at systemet skulle fungere, måtte det ei storstila rapportering og kontrollføring til, også frå dei næringsdrivande. Når folk kom og handla med rasjoneringskorta sitt, vart merka klipte av og handelsmannen måtte levere desse til forsy19


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

ningsnemnda for å få nye varer. I det store og heile vart det utvikla eit utruleg finmaska og sinnrikt system for at styresmaktene til ei kvar tid skulle ha oversikt over forsyningssituasjonen. ARKIVMATERIALET Det finst mykje og spanande materiale etter forsyningsnemndene i fylket i magasina våre. Desse arkiva kan vere rikhaldige med møtebøker, brevjournalar, kopibøker, korrespondanse, rekneskap, tilvisingsprotokollar og ei mengd kartotek, register, daglister, kontrollister, oversikt over ulike varetypar, søknader og liknande. Det vil variere frå kommune til kommune kor mykje som er teke vare på og kva ein kan finne av relevant materiale. Sjølv om arkiva ikkje er fullstendige, fortel dei ei historie om ei tid og eit system som er totalt ukjent for dagens forbrukarar. Arkiva fortel om folk sine prøvingar i fem lange år, men dei fortel også om situasjonen etter krigen. Det tok si tid å byggje opp att landet og få tilgang på viktige importartiklar . Mjølk, sko, ost og egg vart fyrst frigitt frå rasjoneringsordninga i 1949. Fyrst i 1952 kunne ein fritt handle kjøt, sukker og kaffi. MØTEBØKER EI VIKTIG KJELDE Møtebøkene kan vere gode kjelder for å få innblikk i arbeidet til nemndene og vurderingar dei eventuelt gjorde seg, og vi har plukka fram nokre smakebitar frå Naustdal og Lavik. Frå møteboka til Naustdal forsyningsnemnd ser vi at dei dei hadde sitt fyrste møte fredag 29.september 1939, vel ein månad etter at lova om Forsyningsnemnder vart sett i verk. Fem personar møtte, mellom anna ordføraren og ei kvinne, Marta Jonstad. Det kan sjå ut til at det ikkje var uvanleg at kvinner var med i desse nemndene. 20

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

(…) «Sak 1. Form. las Rasjonaliseringsmelding nr. 3 og 4 om telling av Personer og beholdningen av kaffi og sukker.» Nemnda si fyrste oppgåve vart å dele kommunen inn i 19 krinsar som dei saman med medlemane i kommunestyret skulle kartleggje. Sak nr.2 handla om å lyse etter forretningsførar for nemnda i avisa Firda i Førde. Som sak nr 3 vedtok nemnda at den dei tilsette skulle ha kontordagar i Naustdal tre dagar i veka. Det skulle raskt vise seg at det vart travlare tider. På møte 31. mai 1940 vart det vedteke (..)» at forretningsføraren fyrebils, må halda kontordag kvar dag, då arbeidet har auka svert i det siste. « Etter okkupasjonen måtte forsyningsnemndene ikkje berre syte for sitt eige folk, men også for den tyske vernemakta. I møteboka til forsyningsnemnda i Lavik, datert 23.april 1941, ser vi eit spesielt vedtak. Dei ville ikkje utan vidare vil godta pålegget frå Fylkesforsyningsnemnda om å levere heile 4500 kg høy til den tyske vernemakta. Møtet den 23.april vart halde saman med jordstyret, og vedtaket var samrøystes: «Høymengda 1940 var for dei fleste bruk under det normale. For ikkje å få besetningane heilt øydelagde, måtte ein difor i tide ty til hjelpefor: skav, ris og tang. Dertil sellolose. Det er fleire bruk i heradet som ikkje har anna for enn sellolose og bjerg (?). Trass i all sparing er høyet alt no ein saga blott for andre dyr enn hesten. Skal nå Lavik levere 4500 kg høy, vil det heile brotne saman med våronna som no står fyre. Her er ikkje anna trekkraft enn hesten, og skal den stå på svelteforing, må det vere klart, korleis det går. Me vil på det alvorligaste bede styresmaktene om at det høyet som heradet har ikkje må verte teke, då her ikkje er meir enn hesten treng.

Skal hesten setjast ut av funksjon på grunn av formangel, vil jordstyret fråseie seg alt ansvar korleis det kan verta med den planlagde auka av åkerarealet. Elles viser ein til fråsegna frå Landbruksselskapet og Fylkesforsyningsnemnda. Lavik er til vanleg eit av dei herad i fylket som kjøper mest høy. Ein kan difor, før ny haust kjem, ikkje fordele den oppgjevne mengda på dei ymse leverandørar.» KJELDER

• Mykland, L. & Masdalen K.O.

«Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommune» Universitetsforlaget. 1987 • Vindenes, K. S. Forsyningsnemnda i Lavik. I: Kjelda nr 1, 2007 • Arkivmateriale frå Naustdal forsyningsnemnd, møtebok 1939-1974 • Internett: http://no.wikipedia. org/wiki/Rasjoneringskort lese 31.05.15

Arkivet etter Fjaler forsyningsnemnd er under ordning og tal boksar aukar på.

Arkivet frå Kåre I. Torheim Det er i år 75 år sidan det tyske åtaket på Noreg. Dei fem tunge okkupasjonsåra skapte parolen som etter krigen lydde «aldri meir 9. april». Kåre I. Torheim såg det som ei viktig oppgåve å formidle lærdom frå krigen - for framtida. Kåre I. Torheim vart fødd 1. februar 1913, og døydde 2. oktober 2002. Foreldra var Ivar og Karolina Torheim. Kåre gjekk militærvegen, og var fenrik og instruktør på Bømoen våren 1940. Han gjorde ein heltemodig innsats under krigen. Kåre Torheim gjekk ikkje alltid stille i dørene. Det er ålment kjent at han ikkje kom godt overeins med lensmannen i Davik, Alf Rosenlund. Han hadde elles sterke meiningar om mange ting, anten det no galdt stamvegen i Gloppen eller flytting av HV 10 administrasjonen til Jølster. «DIFOR KOM KRIGEN» Torheim gav i 1992 ut boka «Difor kom krigen». I denne kom han med flengande kritikk mot nedbygginga av militærstellet og det han såg på som lunkne forsvarshaldningar i åra før den andre verdskrigen. Særleg fekk Arbeidarpartiet gjennomgå. Ja, heile arbeidarrørsla kom under kraftig skoteld. Torheim hevda det «brotne geværet» nærast inviterte til eit angrep på Noreg. Forfattaren runda av boka med ti konklusjonar som han meinte burde vere lærdom for ettertida. Ikkje så overraskande var det eit sentralt poeng at den einaste måten å sikre fred på er avskrekking, at alle potensielle angriparar må vurdere eit åtak på Noreg som ulønsamt.

1.møte i Naustdal forsyningsnemnd.

Kåre Torheim sette tvillaust søkeljos på veikskapar ved det norske forsvaret i åra før siste verdskrigen. Men han verkar kan hende litt bastant i

Av Per Olav Bøyum

konklusjonane sine. Bodskapen vert mest skriken ut, med store bokstavar. Svaret på spørsmålet om eit sterkt norsk forsvar i 1940 ville ha hindra det tyske åtaket på Noreg er neppe likeframt. Men boka er viktig på den måten at ho insisterer på at me må ta lærdom av historia. I tillegg inneheld ho eit interessant kapittel om Torheim sine eigne opplevingar frå aprildagane 1940. Han var i Bergen då krigen braut ut, og fortel om mobilisering og motstand mot dei tyske invasjonsstyrkane som ikkje nett gjekk på skinner. GESTAPO PÅ TORHEIM Engasjementet Kåre Torheim la ned for forsvarssaka etter krigen er fullt ut forståeleg. Han fekk personleg oppleve kva konsekvensar okkupasjon og undertrykking frå ei framand makt kunne få. Etter demobiliseringa i 1940 vende Kåre attende til Torheim med våpen og ammunisjon, som han gøymte unna. Under krigen vart han ein sentral del av heimestyrkane i Nordfjord.

Kåre Torheim ved monumentet «Mor Noreg» i Nordfjordeid. Minnesmerket er laga av Dyre Vaa. Fotograf: ukjent. Datering: ukjent.

HV-parade på Sandane i 1947. Fotograf: ukjent.

I februar og mars 1945 vart det etter ei avsløring i Høyanger arrestert over 70 Milorg-folk i Sogn og Fjordane. Torsdag 15. februar kom Gestapo til Torheim. Dei oppførte seg trugande og påstod dei ville brenne ned garden om ikkje Kåre og to av brørne hans kom heim. Onsdagen veka etter starta marerittet for alvor. Karolina Torheim, mor til Kåre, skildra opplevinga slik: Vi fekk leve ifred til onsdag, men då vart det nokre fæle dagar like til og med laurdag. Onsdag ettermiddag kom 2 nye gestapistar, Willy Arentzen frå Bergen, og tyskaren Kløtscher. Ja, slikt folk må ha mykje på sam-

Frå arkivet Kåre Torheim etterlet seg. Eit kapittel i soga om heimestyrkane i Nordfjord handlar om Karolina Torheim sine opplevingar av krigen. 21


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

vitet sitt. Desse to instalerte seg på likningskontoret, og tok sengeplass på eit arkrom som nr. 2 og kona hans hadde. Det fyrste dei gjorde var å sende ordre til alle vaksne mannfolk på garden om at dei måtte møte opp her. Ein unggut som køyrde ved måtte gå frå hesten og fylgja tyskaren med ein gong. Alle vart då sitjande arresterte i storstova vår til laurdag. Fyrste kvelden fekk dei mat hjå oss. Men eg spurde Arentzen om dei ikkje skulle få gå heimatt og få seg mat. ”Nei, de har spist nok her på gården” sa han hådleg. So måtte då nabo-born eller kvinner bere mat til folket sitt. Vi bar inn halm og sengklær so dei fekk liggja som best dei kunne. Det vart so ei ransaking over heile huset og alle uthus, om det skulle finnast våpen eller andre ulovlege ting. Tankane arbeidde: Skal vi få berge livet, eller kor skal dette ende. Tårer og bøner læt seg ikkje telja. Torsdagsmorgonen når eg vakna, fekk eg desse orda: ”Kall på meg på nødens dag, eg vil utfri deg, og du skal prise meg.” […] So spurde Arentzen om eg visste at garden her skulle brennast om so sønene våre ikkje kom heimatt snart. Då svarte eg at «De får i Guds namn brenna. Vi hev ikkje gale gjort, før var det lov og rett i landet so dei fekk lide dei som var skuldige.» Då vart Kløtscher sint, og sa mykje som eg ikkje forstod. Då dotter mi var til forhøyr, var ho mellom anna spurd av Arentzen om ho hadde hug til å sjå at dei tok 5 av dei sprækaste gutane som sat nede i stova og skaut dei. Ho gløymde seg vekk og sa at so djevelske kunne dei ikkje vera. «Jo det kan eg» svarte han arg. «Ja då er du ein devel» slengde ho or seg. Men då vart han sint for alvår, spratt opp og treiv henne i armen, men ho reiv seg laus og kom seg på dør. Då fyrst skyna ho at ho hadde vore for dryg i munnen, så vi trudde ho hadde fått svidt for det, men heldigvis gjekk det bra.

22

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Ivar og Olav Torheim, faren og broren åt Kåre, vart sterkt mishandla av Gestapo. Ivar vart sett fri etter torturen, medan Olav resten av krigen sat fange på Espeland. Kåre og to av brørne hans slapp derimot unna Gestapo. Kåre heldt seg nær heimen på Torheim, og var vitne til delar av framferda til okkupasjonsmakta. Denne episoden må openbert ha gjort sterkt inntrykk på han. ARKIVET Me vert aldri ferdige med krigen. Kjeldestoda er særs rik. Både einskildpersonar og offentlege organ har skapt store mengder arkivmateriale. Nye generasjonar vil dessutan skrive om krigsåra, frå sin ståstad. Slik sett er boka Kåre Torheim skreiv og arkivet han skapte viktig. Det går inn i eit større kjeldetilfang om okkupasjonsåra, og gjev eitt perspektiv på krigen og årsakene til at landet vårt vart knua av ei framand makt i fem år. Kåre meinte at framstillinga av krigen hadde feil og manglar. Denne historieformidlinga såg han på som avgjerande å korrigere. Konklusjon 5 i boka hans lyder slik: «POLITIKK ER KUNSTEN Å FÅ LAGT ANSVARET FOR EIGNE TABBAR OVER PÅ ANDRE, VIDARE KUNSTEN Å GRAVE TIL SEG ÆRA FOR DET SOM ANDRE HAR GJORT» Og vidare konklusjon nummer 7: «DEI FÅRLEGASTE LØGNENE ER SANNINGAR SOM BERRE ER LITT FORVRENGDE» Ein del av arkivet består av manus og bakgrunnsmateriell til skriftet «Heimestyrkane i Nordfjord i krig og fred». Det er noko uklart for underteikna om boka vart publisert. Søk i bibliotekkatalogar gjev ingen treff. Kanskje vart delar av innhaldet oppfatta som litt for kontroversielt. Men manuskriptet inneheld interessant informasjon om heimefronten i Nordfjord. Mellom anna finst det eit

kapittel der Karolina Torheim, mora til Kåre, fortel om eigne opplevingar i krigsåra. Særskild kjem ho inn på hendinga då Gestapo kom til garden og torturerte mannen og yngste sonen. Arkivet inneheld elles ein god del korrespondanse og rapportar i åra etter frigjeringa. Det består dessutan av ein del dokument knytt til heimevernet i Nordfjord, og lesarinnlegg og ymse anna skriv frå Kåre Torheim si hand. Arkivet ber preg av at det kjem frå ein person som ikkje kvidde seg for å seie meininga si. Me tek med ein liten smakebit frå arkivet. Det er ein tale Kåre Torheim heldt på Eid 7. juni 1945. KJELDER OG LITTERATUR • SFF-97015 Torheim, Kåre I. • Todørshelleren - møtestad for motstandsfolk • http://www.fylkesarkiv.no/kl/ detalj/?id=485 • Torheim, Kåre I.: Difor kom krigen. Nordfjordeid: Nordfjord Forsvarsforening, 1992. ISBN 82-992577-0-0 • NRK Fylkesleksikon http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Gestapo-terror_p%C3%A5_Torheim • PFU-sak 020/06 NN (m. flere) mot Fjordabladet http://presse.no/pfu-sak/02006/

Tale for H.M. kongen Holdt av fenrik Kaare Torheim paa Eid 7/6 1945. Godt folk. Kongen vaar er komen heimatt i dag. Vi staar her no igrunn for første gong paa fem harde aar, og ser atter opp mot den graa bautasteinen. Og det er vel slik med dei fleste av oss, vi har mest vanskeleg for aa tru, og fatte, at det er verkeleg sant alt dette. Sant at vi har faatt igjen gamle, fedrelandet vaart, at vi har faatt igjen fridomen, at alt dette vi ser ikring oss er vaart. Og i dag er og kongen komen attende. Men, lat oss no, her ved denne bautasteinen, love kvarandre at vi aldri, aldri vil gløyme kva det har kosta, alt dette vi har faatt attende desse siste vekene, av sorg og sakn og liding. Lat oss, atter i dag, minnast vaare falne. Dei som sette livet til i framandt land, og her heime. Dei som vert pinte, ofte til dauden kom. Og lat oss – om vi kan – prøve aa lette børa for dei som i dag maa sakne nokon av sine. Om vi verkeleg, fullt ut, dreg oss til nytte den syrgjelege kostesame lærdomen desse 5 aara har gjeve oss, saa vil det aldri meir hende at Noregs søner staar usamde naar ransmenn atter trugar. Og aldri vil nordmenn atter vere med naar Noregs merke skal hoggast ned. Vi staar her i dag, paa Noregs eldste ekserplass, og vi kjenner alle minna fraa ei lukkeleg, sorglaus tid strøyme attende mot oss. Og kor mange, mange, minne knyter seg vel ikkje til denne plassen. Kor mange av gamlekarane tenkjer vel ikkje, med smil i auga, attende paa tida som kongens kar her paa moen, kanskje, er minna her fraa, mellom dei beste dei har. Men det har ikkje alltid vore so lett aa vere kongens kar siste aara. Eg har ingen ting aa klage over for min eigen del, og lite vilde det søme seg, om eg tok iferd med slikt no. Men sumt maa likevel nemnast, andaatil i dag, fordi det er slikt som ikkje maa hende oppatt, og fordi det fraa gamal tid har vore eit sterkt band mellom kongen og kongens menn. Alle vi, som i tida fraa 1930 og utover av og til gjekk i uniform, vi har meir eller minder, støytt paa det som vi kanskje best kan kalle den «sleipe fliren». Men kor mykje god og ærleg vilje har ikkje den fliren øydelagt. Det vart sagt oss, at vaar plikt var aa ofre livet for land og folk, om det kravdest. Men, det vilde vel kjennast tungt, aa ofre alt for dei som flirde aat oss. So kom 9. april 1940. Det var tunge dagar aa stride seg gjennom, og det vart meir og meir klart for oss alle, at slaget var tapt før det tok til. Det vart demobilisering, vaapna vart nedlagde. Tyngre stund trudde vi det ikkje det gjekk an aa oppleve. Diverre var det mange, som likevel hadde det tyngste att daa dei kom heim. Særleg befalet vart skulda for feigskap, dugløyse og landssvik. Og det kjendest saarast av alt, for alle dei mange, dei fleste, som hadde gjort alt dei evna, sjølv om det kanskje ikkje alltid var høve til so mykje. Eit lite døme: Ein ung sersjant hadde misst alt han eigde i krigen, og kom heimatt til kona og born med to tome hender, dei hadde ingenting aa leve av. Sersjanten vende seg daa til heradskasseraren i den kommuna han daa budde, og bad om aa faa laane litegrand til livsopphald, til dess han kunde faa utbetalt den løna han hadde til gode. Han fekk seg daa førelagt eit skjema paa fleire sidor som han maatte fylle ut, og so fekk han heile FEMTEN KRONOR utbetalt. For desse 15 kronene kom det rekning til fattigkassa i heimbygda hans. Feigskap og landssvik fanst nokk, baade mellom offiserar og andre, men tilfella var faa. Og so skal vi vere merksame paa at no framover er det at alt ugras som enno staar att skal reinskast vekk. Det vil bli gjort.

Våpenlager frå 1940. Personen på biletet er ukjent. Fotograf: ukjent.

Det er sant at desse 5 aara var tunge; herteke var landet vaart, burte var fridomen, burte var rett og rettferd, burte var kongen vaar, hans huslyd og fremste menn. Men i dag er alt kome attende til landet. Og difor er det no i «Norig atter dag med vaarsol og song om alt». Lat oss no halde klaart for oss kven som har ansvaret for at Norig heretter skal vere eit fritt, sjølvstendigt, folkestyrt land, der borna vaare kan vekse opp som frie menneske, utan træleband. Dette ansvaret kviler paa oss alle, som i dag er vaksne, tenkjande menneskje. Det nyttar ikkje aa skulda paa storting og regjering og militærstell, eller anna. Vi er alle med og deler ansvaret. Og det kviler so mykje tyngre paa oss, fordi desse 5 aara har gjeve oss ein slik syrgjeleg kostesam lærdom. Hermed ynskjer vi Kongen, hans huslyd og menn hjarteleg velkomne attende. Maatte vi no kunne lage det slik, at det aldri, vart turvande aa røme landet att.

23


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kontaktkonferansen 2015

Av Espen Sæterbø

Kva ventar dei kommunale arkivtenestene i åra framover? Korleis vil kommunereforma påverke arkiva i kommunane? Korleis er stoda i dei elektronisk skapte arkiva?

Statsarkivaren i Kristiansand, Kjetil Reithaug, kunne fortelje om dei store utfordringane som kommunane har i forbindelse med dei elektroniske arkiva. Det er altså ikkje berre kommunereformen som står i vente for kommunale arkiv, men og store mengder med elektroniske arkiv frå dagens kommunar som skal sikrast, og avleverast i løpet av åra som kjem.

Dette var nokre av spørsmåla som årets kontaktkonferanse tok føre seg. Kontaktkonferansen er eit årleg arrangement som Fylkesarkivet står bak. Her møter Fylkesarkivet arkivleiarar og arkivmedarbeidarar, i tillegg til andre kommunetilsette som jobbar opp mot arkiv og arkivfaglege problemstillingar. Kontaktkonferansen for 2015 gjekk over to dagar på Quality Hotel Sogndal 19. og 20.mai. Fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl opna konferansen, før Martin Bould frå Evry AS hadde eit føredrag under tittelen «Korleis ta tilbake eigarskapen til dei elektroniske arkiva våre?». Føredraget til Bould tok føre seg korleis kommunane kan få oversikt og kontroll over dei elektronisk skapte arkiva, slik at dei vert forsvarleg sikra for ettertida. Tidlegare i år arbeidde Bould med ein rapport på det same emnet på oppdrag frå kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn. Ut frå dette føredraget vart det deretter ein workshop der deltakarane jobba med problemstillinga: Korleis kan vi forbetre dokumentfangsten og tilgjenge til arkiva og samstundes sikre at dei vert tekne vare på? Det synte seg frå presentasjonen til gruppene i etterkant, at det er fleire problemstillingar ein må jobba kontinuerleg med. Det etterfylgjande føredraget synte eit framtidsbilete på digitalisering av arkivmateriale, der IKA Møre og Romsdal og Norse Digital fortale 24

vart utført den gongen, og det var mange redningsaksjonar og detektivarbeid for å finne fram att arkiv etter ulike arkivskaparar.

Tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet Hermund Kleppa fortel om arkiva etter den førre kommunereforma av 1964. Espen Sæterbø

Etter ein dag fylt med fagleg påfyll, var det duka for andre perspektiv. Oddgeir Bruaset, kjent frå programserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», underheldt konferansedeltakarane med eit biletføredrag på kvelden, noko som vart sett stor pris på blant tilhøyrarane. Deretter samlas både føredragshaldarane og deltakarane seg til felles middag på hotellet. MED KOMMUNEREFORM PÅ PROGRAMMET Det er varsla store endringar i kommunesektoren og kommunestrukturen dei komande åra, og desse endringane vil ha store følgjer for arkiva i kommunane. Difor

Riksarkivar Inga Bolstad kunne diverre ikkje kome i år, men sendte videohelsing. Espen Sæterbø

valde Fylkesarkivet å fokusera på kommunereforma på andre dag av konferansen. Tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet gjennom ei årrekke, Hermund Kleppa, innleia andre dag av konferansen med å fortelje om arkiva etter den førre kommunereforma. Kleppa kunne fortelje om dei eldre arkiva ein samla inn rundt om i kommunane. Vi fekk blant anna høyre om sonen etter ordføraren i Innvik(no Stryn kommune) som hadde funne store mengder med arkivmateriale på garden. Det var ein krevjande jobb som

Rådmann i Førde kommune, Ole John Østenstad, om prosessen med kommunesamanslåing i Sunnfjord. Espen Sæterbø

Etter føredraget deltok Kjetil Reithaug i lag med Fylkesarkivaren og rådmennene i Gulen, Førde og Gloppen kommunar i paneldebatt der det var diskutertert kva kommunane kan forvente av Fylkesarkivet og Arkivverket i samband med den komande kommunereforma. Bakgrunn frå kommunesamanslåing hadde konferansens siste føredragshaldar, Thorvald Hillestad(ordførar i Re kommune). Hillestad vart vald til ordførar i Våle kommune i 1999, som i 2002 slo seg saman med Ramnes kommune og vart til Re kommune .

om digitaliseringa av Herøy kommune sitt byggesaksarkiv. Her har IKA Møre og Romsdal digitalisert store deler av Herøy kommune sitt byggesaksarkiv, noko som gjev lett tilgang til informasjon både for sakshandsamarar, privatpersonar og andre.

Tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet Hermund Kleppa fortel om arkiva etter den førre kommunereforma av 1964. Espen Sæterbø

Paneldebatt mellom 3 rådmenn, Fylkesarkivaren og Statsarkivaren i Kristinansand. Dei debatterte korleis ein arkivfagleg sett skal klare å handtere kommunereforma på best mogleg og forsvarleg måte. Espen Sæterbø

AVSLUTNING Konferansen vart avslutta med eit framtidsperspektiv på Fylkesarkivet sine tankar om utvikling av tenestene for kommunane og fylkeskommunen. I tillegg til det faglege programmet, er kontaktkonferansen og ein viktig arena for Fylkesarkivet til å treffe dei tilsette i arkivtenestene rundt om i kommunane. Det vart mange gode faglege diskusjonar og spørsmål i pausane, og mellom dei faglege bolkane. Fylkesarkivet takkar alle føredragshaldarar og deltakarar som bidrog til konferanse. Vi vil og takke Oddgeir Bruaset for at han hadde høve til å halda føredrag for oss.

Kontaktkonferansen hadde nærare 90 deltakarar. Espen Sæterbø

25


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Fotograf Nils O. Reppen i USA I Kjelda nr. 1, 2014, vart fotograf Nils O. Reppen sine stereofotografi frå Sogn presenterte. Men Reppen jobba også som fotograf i USA i to periodar. REPPEN SINE USA-REISER Nils O. Reppen (1856-1925) emigrerte til USA for første gong 30. juni 1882. Ved utreisa vart han registrert i emigrantprotokollen som «arbeidsmand». I 1880-åra jobba Reppen som fotograf i småbyen Browns Valley i delstaten Minnesota. Byen låg i den sørvestlege delen av Minnesota på grensa mot delstaten Dakota. Det var ein «ung» by Reppen etablerte seg i. Browns Valley var blitt oppretta i 1866, og hadde ved folketeljinga i 1900 berre 721 innbyggjarar. Det var i hovudsak pelsjakt og handel som utgjorde det økonomiske grunnlaget for busetnaden i Browns Valley. På eit tidspunkt reiste Reppen heim att til Noreg, men allereie 13. september 1895 utvandra han til USA att. Denne gongen vart han

ved utreise frå Bergen registrert som «fotograf» i emigrantprotokollen. Vi veit ikkje om Reppen reiste attende til Browns Valley i 1895, eller om han etablerte seg som fotograf i eit anna område av USA. Ved folketeljinga i 1900 er Reppen igjen busett i Sogndal og jobbar som fotograf. I fotosamlinga etter Nils O. Reppen er det bevart nokre få spor etter USA-reisene. Eit bevart visittkortportrett syner at Reppen på eit tidspunkt også hadde fotoatelier i byen Morris i Minnesota. FJORDAR, FJELL OG INDIANARAR Dei mest interessante fotografiske spora etter Reppen si verksemd i USA er ei handfull positive stereofotografi der eit utval av Reppen sine stereoskopimotiv er lista opp på baksida. Blant bilete av norske fjordar og fjell finn vi også fleire bilete av urfolk i Dakota lista opp: - No. 25. Indianerhøvding. G. Renville. Dakota.

Bakside av stereoskopi med liste over eit utval av Reppen sine stereoskopimotiv. 26

Av Elin Østevik

Portrett frå Reppen sitt atelier i Morris, Minnesota. Fotograf: Nils O. Reppen.

- No. 26. Indianerunderhøvding. Wekjarpinopa. Dak. - No. 27. Indianerkvinde. Dak. - No. 28. Indianerfamilie paa Vandring. - No. 29. Indianerhytte og Telt.

- No. 85. Indianeren «Wekjarpinopa». - No. 88. Skolebygning for Indian. Børn, Dak. Stereoskopia er alle merka «N. O. Reppen, Photographer. Sogndal. Sogn». Reppen har altså truleg funne ein marknad for nokre av USA-motiva sine her heime i Noreg. I Reppen-samlinga er ingen av negativa med motiv frå Dakota bevart, men vi har to positive stereoskopi i samlinga. Det eine biletet er Reppen sitt stereoskopi nummer 27 : «Indianderkvinde. Dak.». Det andre stereoskopiet er unummerert, men på baksida har Reppen skrive følgjande: «Indianerkvinden «Nancy» (Itumrinde) klippende Papir. Dakota.». Bileta er truleg tekne i løpet av Reppen sitt første opphald i USA. Dersom du har eitt eller fleire av Reppen sine stereoskopi med motiv frå USA, er vi svært interessert i å låne inn og avfotografere dei. Ta kontakt med fotoarkivar Elin Østevik på e-post elin.ostevik@sfj.no eller telefon 57 63 80 53.

Venstre halvdel av stereoskopi. Reppens nr. 27 «Indianerkvinde. Dak.» Fotograf: Nils O. Reppen.

KJELDER • Browns Valley, www.brownsvalleymn.com, besøkt 26.05.2015 • Browns Valley, Minnesota , http://en.wikipedia.org/wiki/ Browns_Valley,_Minnesota, besøkt 26.05.2015 • Digitalarkivet, http://arkivverket.no/ Digitalarkivet, besøkt 26.05.2015 • Directory of Minnesota Photographers, www.mnhs.org/ people/photographers, besøkt 21.05.2015 • Morris, Minnesota, http://en.wikipedia.org/wiki/ Morris,_Minnesota, besøkt 26.05.2015 • Morris, MN, http://www.morrismn.info/ history.htm, besøkt 26.05.2015 Høgre halvdel av stereoskopi. Unummerert. På baksida er det skrive: «Indianerkvinden «Nancy» (Itumrinde) klippende Papir. Dakota. Fotograf: Nils O. Reppen 27


Kjelda, nr. 2 – 2015, årgang 24

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Foto frå Flåm. Personen på biletet er ukjent. Fotograf: Nils Reppen. Datering: ca 1898.

Faktura

Rekning for Kjelda 2015 er enno ikkje sendt ut. Den kjem i posten etter sommarferien.

28


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.