1 minute read

Nyttige tips

Next Article
Skildrande tekstar

Skildrande tekstar

Stemma

Finn avsnitt i teksten der du kan variere stemma på ulike måtar. Ved å variere stemma kan du gjere teksten meir spennande og truverdig.

Advertisement

Øv for deg sjølv

Les teksten høgt for deg sjølv, gjerne framfor ein spegel. Øv på å skape augekontakt og å variere stemma. Bruk munnleg språk. Det inneber at du seier ting slik du ville sagt dei på dialekten din, ikkje slik dei står i teksten. Dersom du stoppar opp ved noko i teksten, kan du endre eller stryke det for å gjere flyten betre.

Respons på framføringa

Når du har øvd nokre gonger, kan du fortelje for ein medelev. Lytt også til medeleven. Kor godt lykkast han eller ho med framføringa? • innleie på ein spennande måte • få augekontakt med publikum • fortelje med innleving • variere stemmebruken

Framfør teksten

No er det tid for å framføre den skildrande teksten for eit publikum. Bruk responsen du har fått, til å finjustere teksten. Lykke til!

This article is from: