9 minute read
Skildrande tekstar
from Snakk A
1 Skildrande tekstar
Du har sikkert vore med på fleire morosame og spennande hendingar i livet. Kanskje har du også vore med på ting som har vore triste. Menneske skildrar gjerne minne og hendingar for kvarandre. Her er eit minne som Maria skildra til klassen.
Beinbrotet
Alle som kjenner meg, veit at mitt verste mareritt er å kome for seint. Eg hatar å ikkje kome tidsnok på skulen, og ein morgon blei marerittet til verkelegheit. Det er den morgonen de no skal få høyre om. Først må eg fortelje kva som førte til at dette blei ein marerittmorgon. Ei veke tidlegare hadde læraren vår fortalt at vi skulle på tur i skogen. Dette gledde eg meg veldig til. Vi skulle gå på tur, leike leikar og lage mat på bål. Kvelden før turen pakka eg alt eg trong å ha med meg, i ryggsekken. Men då eg skulle sove, fekk eg det ikkje til. Det kjendest som om eg låg vaken i fleire timar, men til slutt sovna eg heldigvis.
Neste morgon vakna eg av at mobilen ringde. Det var ikkje alarmen, men bestevenen min, Daniel. Han lurte på kvar eg blei av. Då eg såg på klokka, skjønte eg at eg hadde forsove meg! Eg fekk panikk og blei redd for at klassen skulle reise utan meg! Eg kledde raskt på meg, heiv i meg litt frukost og slengde sekken på ryggen. Då eg sprang ut av huset, la eg ikkje merke til at det striregna. Steintrappa utanfor døra vår var såpeglatt. Eg glei og slo meg skikkeleg. Eg prøvde å reise meg, men klarte ikkje å leggje vekt på høgrebeinet. Det gjorde kjempevondt! Mamma ringde etter ambulanse. På sjukehuset tok dei røntgen av beinet og såg at det var brekt. Eg fekk gips og måtte bli på sjukehuset i fleire dagar. Det var sjølvsagt kjedeleg å gå glipp av den kjekke utflukta, men eg har lært meg éin ting: å ikkje skunde meg for mykje sjølv om eg har dårleg tid. Det er ikkje verdt å brekke beinet for å kome tidsnok!
Takk for at de høyrde på minnet mitt.
No skal du få lære meir om skildrande tekstar.
Kva er ein skildrande tekst?
I ein skildrande tekst fortel ein noko som har skjedd tidlegare. Det kan vere eit minne eller ei hending ein har vore med på. Ein skildrande tekst kan vere underhaldande og morosam, men også alvorleg eller trist. Når ein skildrar med sine eigne ord, er det ikkje berre teksten som er viktig, men også måten ein skildrar på. Stemma, kroppsspråket og innhaldet utgjer eit samspel i forteljinga.
Strukturen i ein skildrande tekst
Ein skildrande tekst har tre delar: ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Til saman utgjer dei strukturen i den skildrande teksten.
Innleiing
I innleiinga skal du prøve å få merksemda til publikum. Det kan du gjere på ulike måtar. Du kan til dømes gjere publikum nysgjerrige ved å seie at du skal avsløre noko om deg sjølv.
1 Kva gjer Maria for å gjere publikum nysgjerrige?
Hovuddel
I hovuddelen skildrar du kva du har vore med på, med dine eigne ord. Du kan fortelje om kven som var med. Du kan også fortelje om kvar og når det skjedde.
2 Kvar og når går minnet til Maria føre seg?
I hovuddelen kan du fortelje om kva kjensler du hadde, og kva du meinte og tenkte om det som skjedde.
3 Kva for ulike kjensler viser Maria i teksten?
Forstå
Alle som kjenner meg, veit at mitt verste mareritt er å kome for seint. Eg hatar å ikkje kome tidsnok på skulen, og ein morgon blei marerittet til verkelegheit. Det er den morgonen de no skal få høyre om.
Kvelden før turen pakka eg alt eg trong å ha med meg, i ryggsekken. Men då eg skulle sove, fekk eg det ikkje til. Det kjendest som om eg låg vaken i fleire timar, men til slutt sovna eg heldigvis.
Eg fekk panikk og blei redd for at klassen skulle reise utan meg!
Språket i ein skildrande tekst
Ved hjelp av språket får du merksemda til publikum. Stemma di og kroppsspråket ditt verkar også inn på korleis lyttarane tek imot den skildrande teksten.
Skildringar
I ein skildrande tekst skildrar du ting som har skjedd. Du kan skildre korleis det såg ut, lukta eller høyrdest ut. Skildringane gjer at publikum trur på det du fortel.
6 Korleis skildrar Maria steintrappa ho glei på? Det var sjølvsagt kjedeleg å gå glipp av den kjekke utflukta, men eg har lært meg éin ting: å ikkje skunde meg for mykje sjølv om eg har dårleg tid. Det er ikkje verdt å brekke beinet for å kome tidsnok! Takk for at de høyrde på minnet mitt.
Steintrappa utanfor døra vår var såpeglatt.
Hendingsgang
Hendingane du gjev att, kan du fortelje på ulike måtar. Når du refererer munnleg, er det enklast å fortelje i kronologisk rekkjefølgje, altså i den rekkjefølgja hendingane skjedde i. Det gjer det lettare for publikum å følgje med i hendingsgangen.
4 Skriv i kva rekkjefølgje desse hendingane skjer i forteljinga til Maria: Mobiltelefonen til Maria ringjer,
Maria pakkar sekken, læraren fortel om turen, Maria blir køyrd til sjukehuset i ambulanse, Maria glir på trappa.
Avslutning
Når du har fortalt ferdig, er det på tide å avslutte. Dette kan du gjere på ulike måtar. Du kan til dømes samanfatte kva du har snakka om, eller fortelje om du har lært noko av det som skjedde. Du kan også knyte avslutninga til det du sa i innleiinga.
5 På kva andre måtar kunne Maria ha avslutta teksten?
Tid
Tid skildrar når noko skjedde. I ein skildrande tekst gjev du att du ting som allereie har skjedd. Derfor fortel du i preteritum (fortid).
7 Skriv setninga til høgre av i presens (notid).
Tidsord
For at publikum skal forstå at tida går medan du fortel, kan du bruke tidsord for å gjere det tydelegare.
8 Kva for tidsord brukar Maria når ho skildrar?
Tidsord: når, då, deretter, etter ei stund, seinare, om kvelden, neste dag, etterpå, til slutt
Stemma og kroppsspråket
Når du skildrar munnleg, er stemma og kroppsspråket viktige verktøy. Gjennom å bruke dei kan du få publikum si merksemd, slik at dei høyrer godt etter.
9 Når synest du det passar å bruke stemma og kroppsspråket for å leggje vekt på noko spesielt viktig i teksten til Maria?
TIPS
På side 62 i kapittelet «Nyttige tips» kan du lese meir om korleis du kan bruke stemma og kroppsspråket. Eg kledde raskt på meg, heiv i meg litt frukost og slengde sekken på ryggen.
Neste morgon vakna eg av at mobilen ringde.
Lytte og skildre med eigne ord
● Byt på å lytte og skildre.
I denne oppgåva skal du fortelje ein medelev om eit måltid du har ete. Det kan til dømes vere middagen eller frukosten du åt i går. Skildre måltidet så tydeleg som mogleg. Kva åt du? Korleis såg maten ut? Korleis smakte han? Fortel også om eventuelle uvanlege ting som hende, til dømes at du velta eit glas med mjølk. Når du har fortalt, skal medeleven skildre kva du åt, og kva som skjedde under måltidet. Byt deretter roller, slik at begge får prøve å lytte og skildre.
1 Kva var vanskelegast med å fortelje? Kvifor var det vanskeleg?
2 Kva var det vanskelegaste med å lytte og skildre med eigne ord? Kvifor?
Avslør løgna
● Lytt etter det som ikkje er sant.
Det er sjølvsagt ikkje fint å lyge, men i denne oppgåva skal vi gjere eit unntak. Kvar og ein i gruppa skal fortelje tre ting om seg sjølv. Det kan til dømes vere kor mange søsken ein har, kva for ein matrett ein likar, eller kva land ein har vore i. Når du fortel, skal to av tinga du fortel om deg sjølv, vere sanne, og éin skal vere usann. Oppgåva til gruppa er å finne ut kva som ikkje er sant. Byt på å fortelje for kvarandre.
3 Kva gjorde du for at det skulle bli vanskeleg for gruppa å gjette rett om deg?
4 Kva gjorde det lett eller vanskeleg å gjette på kva som var sant eller ikkje om dei andre i klassen?
No skal du førebu deg på å fortelje. Først skal de gjere to øvingar, i par eller gruppe.
Førebu
Førebu den skildrande teksten din
Du skal førebu deg på å fortelje om ei hending frå livet ditt. Følg trinna nedanfor.
1 Vel eit minne
Kva for eit minne frå livet ditt skal du fortelje om? Skal du fortelje om ei morosam oppleving eller ei alvorleg oppleving? Kvar går minnet føre seg? Når skjedde det? Kven var med?
2 Avgjer rekkjefølgja
I kva rekkjefølgje skal du fortelje om hendingane i minnet?
3 Finn fram fakta
Er det nokon fakta du må få tak i, som har med hendinga å gjere? Finn fram fakta om hendinga ved til dømes å snakke med personar som var med.
TIPS
Er det vanskeleg å kome på eit minne du kan fortelje om? På side 70 i kapittelet «Nyttige tips» kan du få inspirasjon.
Begynn å skrive
● Skriv eit førsteutkast til den skildrande teksten.
Innleiing
Korleis skal du få merksemd frå publikum? Er det til dømes noko i forteljinga som du trur kan gjere dei nysgjerrige?
Hovuddel
Gje att hendinga i kronologisk rekkjefølgje. Fortel om kven som var med, og når det skjedde.
Avslutning
Avslutt teksten ved å knyte avslutninga til det du sa i innleiinga. Du kan også fortelje kva minnet har hatt å seie for deg.
Språk
Bruk språket for å skildre minnet så levande som mogleg. Tenk på at du skal fortelje i preteritum (fortid).
TIPS
På side 7–9 kan du lese meir om struktur og språk i skildrande tekstar.
Formulere
No skal du halde fram arbeidet med den skildrande teksten. Du har valt kva for eit minne du skal fortelje om, og du skal formulere teksten skriftleg.
Respons på teksten
Når du har skrive eit førsteutkast til den skildrande teksten, er det på tide å få respons. Byt tekst med ein medelev. Har medeleven fått med dette? • ei innleiing som vekkjer merksemda til publikum • ein hovuddel der hendinga blir skildra • skildringar av hendinga, personar og stader • ei tydeleg avslutning
TIPS
På side 68 i kapittelet «Nyttige tips» kan du lese meir om korleis du kan gje respons.
Skriv teksten ferdig
No er det tid for å skrive den skildrande teksten ferdig. Bruk responsen du har fått, som hjelp. Arbeid med teksten til du blir nøgd.
Gratulerer! No har du skrive ein skildrande tekst.
Før du framfører den skildrande teksten
Her finn du tips til ting å tenkje på før du framfører teksten.
Lær teksten utanåt
For at framføringa skal bli så bra som mogleg, kan du lære deg store delar av teksten utanåt. Jo meir du klarer å hugse av teksten, dess meir tid kan du leggje i sjølve framføringa.
Talemanus
Når du fortel, kan du bruke eit talemanus som støtte. Eit talemanus kan vere sett opp på ulike måtar. Har du lært deg teksten utanåt, kan det vere nok å ha eit tankekart på eit manuskort. Du kan også velje å ha heile teksten nedskriven på eitt eller fleire manuskort.
TIPS
På side 64 i kapittelet «Nyttige tips» kan du lese meir om talemanus.
Få merksemda til publikum
Tenk gjennom korleis du kan bruke innleiinga i teksten til å få merksemda til publikum. Kan du vende deg direkte til dei?
Fortel med innleving
Dersom du lever deg inn i teksten medan du fortel, vil publikum også gjere det. Korleis kan du ved hjelp av innleving få publikum til å følgje med i teksten? Korleis kan du med stemme og kroppsspråk vise dei kjenslene teksten inneheld?
Framføre
Du har skrive den skildrande teksten ferdig. No er det snart tid for å framføre han for eit publikum.