
1 minute read
3 Set kryss på rett setning
9 Les teksten og sjå på teikninga
Reisa til Mars
Advertisement
Karl drøymer om å reise. Han vil reise til Mars. Han vil vere den første som
bur på planeten Mars.
Korleis kjem ein seg til Mars? Med eit romskip! Karl byggjer sitt eige romskip. Han håpar det toler heile den lange reisa. Kva skal romskipet heite? Kva med Sputnik? Sputnik høyrest bra ut.
Det er plass til to i Sputnik. Det kan vere greitt å vere to på Mars. Ha nokon å prate med, nokon å le med og nokon å besøkje. Kven skal han spørje om å bli med?
Karl spør Arthur om han vil vere med til Mars. Arthur svarar så klart ja. Dei avtalar å reise så snart Sputnik er heilt klar. – Når vi landar, vil eg gå først ut av Sputnik, seier Karl. Arthur ser på han. – Kvifor det?
Kva trur du Karl svarar?