1 minute read
Til dei vaksne
Mange lærarar ønskjer seg fleire oppgåver i leseforståing på ulike nivå. Mange ønskjer seg også fleire kartleggingsprøver som kan tilpassast individuelt, og der ein ikkje nødvendigvis er oppteken av stoppeklokke. Hannes moro med lesing er meint å møte desse behova.
Boka gjev mellom anna • omgrepstrening og trening i leseforståing • eit bidrag til kartlegging av leseferdigheitene og omgrepsforståinga til elevane • høve til å tilby elevar tilpassa oppgåver i lesing ut frå ferdigheiter og behov
Advertisement
Boka inneheld eit utval varierte oppgåver basert på det eg sjølv har erfart at ein ønskjer meir av i leseopplæringa. Her finn du enkle oppgåver der elevane skal kople ord eller setning til bilete, oppgåver som trenar arbeid med omgrep, synonym og antonym, og oppgåver som krev at ein brukar eigne erfaringar, hentar opplysningar ut frå ein tekst og trekkjer slutningar. Tekstane varierer mellom fagtekstar og fiksjon.
Ønskjer du å bruke nokon av oppgåvene som leseprøver, er det lurt å arbeide med den same oppgåva fleire gonger med noko tid mellom, for å sjå om eleven har progresjon. Eventuelt kan du ta tida for å sjå om det er samanheng mellom lesefart og leseforståing, eller for å sjå om lesefarten endrar seg over tid. Bakarst i boka finn du ein fasit til alle oppgåvene. Bruk han som ei praktisk hjelp for deg sjølv. Å gå gjennom fasiten saman med enkeltelevar og ha ein dialog rundt feil og eventuelle misforståingar kan gje verdifulle tips til vidare trening og bruk av lesestrategiar.
Målgruppa for Hannes moro med lesing er elevar på småskuletrinnet, elevar med behov for forsterka norsk og elevar som av ulike grunnar treng tilrettelagd omgreps- og lesetrening.
Som lærar finn du sikkert mange ulike bruksmåtar for boka, samtidig som ho kan gje deg inspirasjon til å lage eigne oppgåver.
Ønskjer du eit større tilfang av bøker i leseforståing, finn du det på gan.aschehoug.no.