PL AR
EM
SE KS
G
IN
ER
D
VU R
Tannfelling Kvifor mistar vi tenner? Kor mange tenner mistar vi? Når mista du den første tanna di? Kanskje då du var seks år? Det er ganske vanleg. Det er gjerne dei to midtarste framtennene i underkjeven som fell ut først. Deretter skjer det same med framtennene i overkjeven. Når du er blitt tolv år, eller kanskje litt før eller seinare, har du mista 20 tenner! Det er desse tennene vi kallar mjølketenner.
KS
EM
PL AR
Kvifor losnar eigentleg mjølketennene? Dei losnar fordi det veks opp nye tenner som treng plass. Dei nye tennene et på ein måte opp røtene på mjølketennene. Utan røter har ikkje mjølketennene noko feste, og då fell dei ut.
D ER IN G
SE
Dei nye framtennene som kjem opp, er større enn dei som var der før. Dei nye jekslane er litt mindre. Du får òg litt fleire jekslar enn dei du hadde.
VU R
Når ei ny tann har komme heilt opp, er ho ferdig utvikla. Ho veks seg ikkje større, sjølv om kroppen din veks. Den største forskjellen på mjølketennene og dei nye tennene er at du skal ha dei nye tennene heile livet. Derfor bør du ta godt vare på dei.
© GAN Aschehoug 2016
A Svar på spørsmåla. 1 Når mista du den første tanna di? 2 Kvifor losnar mjølketennene? 3 Kva for tenner mistar vi først? 4 Kor mange tenner er det vanleg å miste? 5 Kva for nye tenner er større enn mjølketennene? 6 Kva for nye tenner er mindre enn mjølketennene?
PL AR
B Svar på spørsmåla.
EM
1 Når er det vanleg å miste den første tanna si? 2 Kva for tenner kallar vi mjølketenner?
KS
3 Kvifor har tennene røter?
SE
4 Kva vil det seie at den nye tanna er ferdig utvikla? din veks?
D ER IN G
5 Kor mykje veks dei nye tennene etter kvart som kroppen
VU R
6 Kvifor må vi passe godt på dei nye tennene?
C Vel oppgåve.
1 Kva skjer når du har mista ei tann? Skriv og teikn. 2 Skriv ei liste med gode råd til ein som vil ta vare på tennene sine. 3 Skriv om ein gong du var hos tannlegen.
© GAN Aschehoug 2016
Slangar Kva veit du om slangar? Kva for slangar har vi i Noreg? Har du høyrt uttrykket «å krype ut av sitt gode skinn»? Det er akkurat det slangen gjer. Når den yttarste huda på slangen blir tynnsliten, veks det eit nytt lag under. Og ein dag kryp slangen ut av det gamle skinnet!
PL AR
Slangen har ikkje lemmer. Det vil seie at han ikkje har armar og bein. Likevel kan han røre seg veldig raskt, han kan til og med klatre i tre.
D ER IN G
SE
KS
EM
Alle slangar er rovdyr. Det inneber at dei jaktar på og et andre dyr. Dei fleste slangar et dyr som er mykje større enn dei sjølv, dei kan nemleg opne munnen til eit kjempegap. Ein pytonslange kan svelgje både griser og antiloper, ja, til og med ei heil krokodille!
VU R
Sjølv om slangane har tenner, kan dei ikkje tyggje. Tennene bruker dei til å gripe om byttet og skyve maten ned i svelget med. Nokre slangar har gifttenner i tillegg, slik som hoggormen. Større giftslangar som kobra og klapperslange lever ikkje i Noreg. Heldigvis jaktar ikkje slangar på menneske, men dei kan bite oss dersom dei blir skremde. Den som blir biten av ein giftslange, må til lege. Hos legen kan ein få sprøytt inn ei motgift. Slangebit er nok verre for dyr!
© GAN Aschehoug 2016
A Svar på spørsmåla. 1 Korleis kvittar slangen seg med det gamle skinnet? 2 Kva er lemmer? 3 Kva tyder det at slangen er eit rovdyr? 4 Kva for store dyr kan slangen ete? 5 Kva for giftige slangar har vi i Noreg? 6 Kva må ein gjere dersom ein blir biten av ein giftslange?
PL AR
B Svar på spørsmåla.
EM
1 Kvifor treng slangen nytt skinn?
2 Vi ser oftast slangar på bakken. Men kvifor kan ein finne dei
KS
i tre òg?
SE
3 Kvifor treng ikkje slangen jakte så ofte?
D ER IN G
4 Kvifor tygg ikkje slangen maten?
5 Kva ville du gjort om du blei biten av ein slange? 6 Kvifor kan slangebit vere verre
VU R
for dyr enn for menneske?
C Vel oppgåve.
1 Teikn ein slange og skriv ein faktatekst til. 2 Skriv om ein gong du såg ein hoggorm. 3 Skriv om eit anna krypdyr.
© GAN Aschehoug 2016
Fotballkort Kva liker du å gjere i friminutta? Even gleder seg til friminuttet. Han har lomma full av nye fotballkort! Han kikkar på klokka og høyrer nesten ikkje kva Ingrid seier. Ingrid er læraren. Even tenkjer på kva for kort han vil byte bort, og kva for nokon han vil ha.
PL AR
– I første friminutt skal vi leike i vennskapsgrupper, seier Ingrid. – De møtest på den vanlege staden. Æsj, tenkjer Even. Då må eg vente med fotballkorta til storefri.
SE
KS
EM
– Men vi har framleis litt igjen av timen, held Ingrid fram. – Bruk tida til å jobbe vidare med skriveoppgåva: «Dette gjer eg i fritida.» Hugs at det er fadrane dykkar som skal lese teksten.
D ER IN G
Even har ikkje komme lenger enn til overskrifta: FOTBALL. Han fargelegg bokstavane. O-en blir til ein fotball.
VU R
– Og mens eg hugsar det, seier Ingrid, – så har vi avgjort at i vekene framover er det ikkje lov med fotballkort i friminutta. Det har vore mykje krangling i det siste, og mange masar på foreldra sine om å få fleire kort. Sånn kan det ikkje vere. Even held rundt korta med handa. Dette blir verre og verre. Men Ingrid er ikkje heilt ferdig: – Den regelen begynner vi med på måndag, seier ho. Even pustar letta ut. © GAN Aschehoug 2016
A Svar på spørsmåla. 1 Kvifor gleder Even seg til friminuttet? 2 Kven er Ingrid? 3 Kva skal elevane gjere i det første friminuttet? 4 Kva for skriveoppgåve har klassa fått? 5 Kvifor rekk ikkje Even meir enn overskrifta? 6 Kvifor skal det bli forbode med fotballkort på skulen?
PL AR
B Svar på spørsmåla.
EM
1 Kvifor kikkar Even på klokka?
2 Kvifor tenkjer Even at han må vente med fotballkorta
KS
til storefri?
SE
3 Kvifor skal fadrane lese det klassa skriv, trur du?
D ER IN G
4 Korleis veit du at Even er veldig oppteken av fotball? 5 Kvifor tenkjer Even: «Dette blir verre og verre»?
VU R
6 Kvifor pustar Even letta ut?
C Vel oppgåve.
1 Skriv om kva du liker å gjere i fritida. 2 Skriv ei liste med argument for og imot den nye regelen om fotballkort. 3 Skriv ei liste over friminuttleikar.
© GAN Aschehoug 2016