Leseforståing 3B nynorsk

Page 1

Hanne Solem Leseforståing 3B gir elevane trening i å lese tekstar innanfor varierte sjangrar, alle med oppgåver på ulike nivå knytte til forskjellige aspekt ved leseforståing og tekstskaping.

Leseforståing 3B

Nivådelinga på oppgåvene gjer at boka passar for samansette elevgrupper der ulike lese- og skriveferdigheiter er representerte. Boka inngår i serien Leseforståing, som dekkjer 1.–7. trinnet.

gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no

9 788249 222032

Leseforståing 3B Nynorsk ISBN 978-82-492-2203-2

GAN Aschehoug


Til dei vaksne

vu

rd

er in g

Leseforståing 3B er ei bok som gjev elevane trening i å lese varierte tekstar, alle med oppgåver på ulike nivå som er knytte til ulike aspekt ved leseforståing: å hente informasjon direkte ut av teksten, å tolke og kombinere informasjon og å reflektere rundt form og innhald. Nivåinndelinga på oppgåvene gjer at denne boka passar for samansette elevgrupper der ulike leseog skriveferdigheiter er representerte.

td ra

g

fo r

Leseforståing 3B har 22 oppslag som inneheld ein tekst med tilhøyrande oppgåver. Elevane møter sjangrane fagtekst, biografi, eventyr, instruksjon, oppskrift, brev, forteljing, forsøk, invitasjon, plakat og vers. Variasjonen av sjangrar gjer elevane fortrulege med ulike teksttypar. Kvart oppslag blir innleidd med eit spørsmål som tek utgangspunkt i det aktuelle temaet og i førforståinga til elevane. Spørsmåla, i tillegg til «Ord å snakke om», eignar seg fint som utgangspunkt for felles samtale og refleksjon før arbeidet med oppslaget.

U

Leseforståing 3B gjev også elevane inspirasjon til eiga tekstskaping. Kvart oppslag har skriveoppgåver som er knytte til temaet og den aktuelle sjangeren. Desse oppgåvene gjer elevane i ei eiga skrivebok. Boka inngår i serien Leseforståing, som dekkjer 1.–7. trinn.


Innhald

U

td ra

g

fo r

vu

rd

er in g

1 Gulsporv (fagtekst) .............................................................................. 4 2 Thorbjørn Egner (biografi) .................................................................. 6 3 Den grådige kongen (eventyr) ........................................................... 8 4 Å lage eit herbarium (instruksjon) .................................................... 10 5 Matmuffins (oppskrift) ......................................................................... 12 6 Vi vil kaste snøball! (brev) ................................................................... 14 7 Modige Mari (forteljing) ...................................................................... 16 8 Sjøhest (fagtekst) ................................................................................. 18 9 Dansande rosiner (forsøk) .................................................................. 20 10 Velkomen til venskapsgruppe (invitasjon) ..................................... 22 11 Å grave ned ein skatt (instruksjon) .................................................. 24 12 Sjiraffen (fagtekst) .............................................................................. 26 13 Dinosaurar (fagtekst) ......................................................................... 28 14 Håpar på flaks (forteljing) ................................................................. 30 15 Liknar hunden på eigaren sin? (fagtekst) ...................................... 32 16 Frå fasttelefon til mobiltelefon (fagtekst) ...................................... 34 17 Loppemarknad (plakat) ..................................................................... 36 18 Tøysevers ............................................................................................... 38 19 Nokre fakta om auget (fagtekst) ..................................................... 40 20 Ord og uttrykk (fagtekst/språklære) .............................................. 42 21 Tante Anna i farten (forteljing) ........................................................ 44 22 Leikar (instruksjon) ............................................................................ 46


EVENTYR

3 Den grådige kongen Ein gong for lenge sida, i eit land som ikkje finst lenger, budde det ein konge som blei kalla kong Grådig. Han ville ha alt det beste og ikkje dele med nokon.

er in g

Kva tyder det å vere grådig?

rd

Tenaren til kongen var veldig lei av at kongen var grådig, og han ville gje kongen ein lærepenge. Men korleis skulle han klare det? Tenaren fekk ein idé.

fo r

vu

Neste morgon sat kongen som vanleg og venta på å få servert frukosten. Det einaste han fekk, var ein tom tallerken. – Kva er dette for noko? Eg vil ha egg og mjølk! – Beklagar, sa tenaren. – Høna vil ikkje dele på egga sine, og kua vil ha mjølka si sjølv.

g

Det hjelpte ikkje kva kongen sa, han fekk ikkje noko mat. Det same skjedde til middag og til kvelds. Kongen fekk ein tom tallerken.

td ra

– Kva er dette? Kongen var rasande, men det hjelpte ikkje.

U

Slik heldt det fram i fleire dagar. Tenaren fann stadig på nye unnskyldningar for at kongen ikkje fekk mat. Kongen blei tynnare og tynnare, medan tenaren blei tjukkare. Etter kvart begynte tenaren å bli like grådig som kongen hadde vore. Men kongen begynte å forstå kva som hadde skjedd, og han angra på grådigskapen sin. No var det på tide å gje tenaren ein lærepenge! Korleis skulle kongen klare det, trur du? Ord å snakke om: grådig, lærepenge, servert, angre 8


A

Set ring rundt ordet som passar

B

er in g

1 Handlinga skjedde i går for lenge sidan førre veke 2 Kongen ville ha alt det verste minste beste 3 Kongen pleidde å få frukosten av kokka dronninga tenaren 4 Kongen ville ha egg og mjølk kaffi jus 5 Kongen fekk ein tom kopp kartong tallerken 6 Kongen blei stadig grådigare tjukkare tynnare

Svar på spørsmåla

rd

1 Skriv setninga i teksten som viser kvifor kongen blei kalla kong Grådig.

vu

2 Kva synest tenaren om at kongen var grådig?

fo r

3 Kva brukte tenaren som unnskyldning for at kongen ikkje fekk egg?

g

4 Kva var den eigentlege grunnen til at kongen ikkje fekk egg?

td ra

5 Kvifor blei tenaren tjukkare, trur du?

U

6 Kva tenkte kongen etter kvart om grådigskapen sin?

C

Vel oppgåver

1 Skildre ein firerettars middag du trur kong Grådig ville blitt glad for. 2 Skildre kong Grådig. Teikn til. 3 Korleis gjekk det då kongen skulle gje tenaren ein lærepenge? Skriv ei forteljing. 9


FORSØK

9 Dansande rosiner Kvifor gjer vi forsøk på skulen? – I dag skal de gjere eit forsøk, seier Kaja. – Vi skal få rosiner til å danse!

er in g

Kaja deler elevane inn i tre grupper, og kvar gruppe får utdelt • ei nesten full flaske vatn • ei nesten full flaske vatn med kolsyre

• 20 rosiner • eit ark å skrive på

rd

– No skal de leggje ti rosiner i kvar flaske, seier Kaja. – Og ikkje set på korken igjen. Observer kva som skjer med rosinene.

fo r

vu

Det er full aktivitet i klassen. Alle gruppene observerer forsøket saman. I flaska med vanleg vatn er rosinene i ro. Men i den andre flaska dansar rosinene! Først dansar dei opp til overflata, og så dansar dei nedover mot botnen. Slik held det fram, opp og ned, opp og ned.

td ra

g

Men kvifor dansar rosinene? Alle gruppene skriv eit forslag til forklaring: • Rosinene blir skubba rundt av boblene. • Rosinene blir lettare av boblene. • Rosinene vil gjere det same som boblene.

U

– Alle har litt rett, forklarer Kaja. – Boblene legg seg rundt rosina. Etter kvart blir det så mange bobler at rosina blir løfta heilt opp til overflata. Der sprekk boblene, og rosina søkk ned igjen. – Held det fram til evig tid? spør Olivia. – Nei då, svarar Kaja. – Det held berre fram så lenge det er bobler i vatnet! Kor lenge er det, trur de? Ord å snakke om: forsøk, kolsyre, observere 20


A

Set ring rundt ordet som passar

B

er in g

1 Læraren heiter Kari Olivia Kaja 2 Elevane blir delte inn i par grupper gjengar 3 Flaskene er nesten fulle tomme nye 4 Ein av elevane heiter Kaja Olivia Oliver 5 Til forsøket treng dei to rosiner ark flasker 6 Elevane skal få rosinene til å hoppe symje danse

Svar på spørsmåla

rd

1 Kvifor treng elevane akkurat 20 rosiner?

vu

2 Kva skal dei bruke arket til?

fo r

3 Kva er det som får rosinene til å stige?

g

4 Kva er det som får rosinene til å søkke?

td ra

5 Kvifor dansar ikkje rosinene til evig tid?

U

6 Kvifor tek dei rosiner i ei flaske med vanleg vatn også?

C

Vel oppgåver

1 Lag ein teikneserie som viser forsøket med dansande rosiner. 2 Prøv oppskrifta sjølv og skriv korleis det gjekk. 3 Skriv om eit anna forsøk du har vore med på.

21


FAGTEKST

12 Sjiraffen Kva veit du om sjiraffar?

er in g

Visste du at sjiraffen er det høgaste dyret i verda? Han kan bli nesten seks meter høg! Halsen er veldig lang, og den treng sjiraffen når han skal ete blad frå høge tre. Praktisk, ikkje sant? Sjiraffen strekkjer ut den lange tunga si og forsyner seg. Tunga er skikkeleg tjukk, så derfor merkar ikkje sjiraffen noko dersom han stikk seg på tornar i jakta på blad og skot. Sjiraffen et om dagen og kviler om natta.

vu

rd

Det er ikkje berre halsen som er lang, beina er også lange. Sjiraffen kan både gå og galoppere fort, så fort som 60 kilometer i timen. Det er bra dersom han blir jaga av ein leopard eller andre rovdyr. Sjiraffen er også god til å sparke! Ungane til sjiraffen spring ikkje like fort, derfor blir ganske mange av dei tekne av rovdyr.

fo r

Fordi sjiraffen er ein planteetar, jagar han ikkje etter andre dyr. Han likar å leve fredeleg i flokk med andre sjiraffar. Ein sjiraff kan godt leve til han blir 25 år gammal.

U

td ra

g

Sjiraffen held til i Afrika. I fleire land i Afrika er sjiraffane blitt heilt utrydda. Det er mellom anna fordi mange har jakta på dei, sjølv om det er ulovleg. I dag er heldigvis mange opptekne av at vi må ta vare på sjiraffane.

Ord å snakke om: tornar, galoppere, planteetar, rovdyr 26


A

Set ring rundt ordet som passar

B

er in g

1 Tunga til sjiraffen er lang tynn tornete tjukk 2 Sjiraffen kan bli nesten 4 meter 6 meter 7 meter 3 Sjiraffen et om natta kvelden dagen 4 Sjiraffen er ikkje glad i leopardar mus skjelpadder 5 Sjiraffen kan både galoppere og hoppe skubbe sparke 6 Sjiraffen likar å leve åleine i par i flokk

Svar på spørsmåla

vu

2 Kva fordelar har sjiraffen av beina sine?

rd

1 Kor høg må ein vere for å vere det høgaste dyret i verda?

fo r

3 Kva er fordelen med den tjukke tunga?

g

4 Kvifor blir sjiraffungane lettare tekne av rovdyr?

td ra

5 Kva har skjedd med sjiraffane i Afrika?

U

6 Kvifor jagar ikkje sjiraffen andre dyr?

C

Vel oppgåver

1 Teikn sjiraffen og skriv ein faktatekst til. 2 Skriv ei liste over dyr som lever i Afrika, men ikkje i Noreg. 3 Skildre ein vanleg dag for ein sjiraff, slik du trur han er.

27


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.