Elevane arbeider med kvar skrivehandling gjennom tre ulike oppgåver. Dei får skriverammer og hjelp til idemyldring, og iblant ei ferdig innleiing. Tanken er at elevane skal få gode måtar å setje i gang skrivinga på, slik at dei får skrive ein tekst dei er stolte av og har lyst til å ta vare på.
Hanne Solem
Skriveforståing 3 – skriv tekstar
EM PL AR
Bøkene i serien Skriveforståing – skriv tekstar tek utgangspunkt i fem grunnleggjande skrivehandlingar som er sentrale i skriving som grunnleggjande ferdigheit.
VU
R
ng
D
ER
IN
G
SE
KS
Dei vaksne får dessutan ei kort innføring i skrivehandlingane, eksempeltekstar til kvar skrivehandling og rettleiing til korleis ein kan vurdere tekstane for å hjelpe elevane vidare.
Mi te
m a s kst
li
gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no
9
788249
219131
Skriveforståing 3 Nynorsk ISBN 978-82-492-1913-1
GAN Aschehoug
Til dei vaksne Skriveforståing – skriv tekstar er ein serie bøker som skal vere ei hjelp, eit praktisk verktøy og ein inspirasjon i den grunnleggjande og tilpassa skriveopplæringa.
EM PL AR
Skriving er ein prosess, og Skriveforståing – skriv tekstar er er meint å setje i gang prosessen, men skal også vere ei bok der dei ferdige tekstane blir skrivne, eller eventuelt limte, inn. Slik blir boka ein dokumentasjon på tekstskapinga til eleven. Utkast til tekstane kan elevane gjerne skrive på eigne ark.
KS
Skriveforståing – skriv tekstar tek utgangspunkt i skriving som grunnleggjande ferdigheit og fem grunnleggjande skrivehandlingar, som alle er henta frå skrivehjulet (www.skrivesenteret.no). Ei nærare innføring i skrivehandlingane står på side 4. Eksempeltekstar finn du på side 36.
ER
IN
G
SE
I Skriveforståing – skriv tekstar får elevane tre skriveoppgåver til kvar skrivehandling. Dei får skriverammer og hjelp til idemyldring, og kanskje ei ferdig innleiing. Dette varierer frå oppslag til oppslag. Tanken er at elevane skal få lære gode måtar å setje i gang si eiga skriving på, slik at dei får skrive ein tekst dei er stolte av og har lyst til å ta vare på.
VU
R
D
Det er fleire aspekt ved det å skrive ein tekst som det er nyttig å kjenne til. Desse aspekta er • kommunikasjon • innhald • tekstoppbygging • språkbruk • rettskriving • teiknsetjing Når vi vurderer tekstane til elevane, kan vi vurdere kvart aspekt uavhengig av dei andre. Slik blir vi medvitne om dei ulike kvalitetane ved skriveferdigheita til eleven. Meir om denne analytiske vurderingsmåten finn du i kapittelet Vurdering av tekstar – vurderingsområde på side 41. Vi tilrår at du set deg inn i det kapittelet før de tek boka i bruk.
Innhald Oversikt over skrivehandlingane ........................................................................4 Å skrive ein tekst .....................................................................................................5
EM PL AR
Å førestille seg 1 Ein dag med flaks ................................................................................................. 6 2 På jobb i dyrehagen ..............................................................................................8 3 Enden av regnbogen ...........................................................................................10
KS
Å skildre 4 Eit vilt dyr ............................................................................................................. 12 5 17. mai i Noreg .....................................................................................................14 6 Kortspel ................................................................................................................. 16
G
SE
Å overtyde 7 Halloween ............................................................................................................. 18 8 Vi fortener sommarferie! ................................................................................... 20 9 Kjæledyr ................................................................................................................22
D
ER
IN
Å utforske 10 Kva veit vi om dinosaurane? ...........................................................................24 11 Å vere vaksen ......................................................................................................26 12 Kvifor regnar det? .............................................................................................28
VU
R
Å reflektere 13 Å kunne lese og skrive ..................................................................................... 30 14 Fritid .....................................................................................................................32 15 Sola .......................................................................................................................34
Eksempeltekstar ............................................................................................36–40 Vurdering av tekstar – vurderingsområde ............................................41–43 Ekstra sider .................................................................................................... 44–47
Oversikt over skrivehandlingane Til dei vaksne:
EM PL AR
Teksten på side 4 og 5 er formulert i du-form, til eleven. Som lærar finn du din metode for å formidle innhaldet til elevane ut frå klassetrinn og faglege føresetnader. Vi tilrår at du lanserer dei ulike skrivehandlingane gradvis for elevane, for eksempel som ein del av eit årshjul i skriveopplæringa.
Til deg som er elev:
KS
I denne boka møter du fem skrivehandlingar. Skrivehandlingane kan nok i fleire samanhengar likne litt på kvarandre. Det kan likevel vere nyttig for oss for å øve på å skrive på ulike måtar. Det handlar mykje om kvifor vi skriv, kven vi skriv for, og kva vi vil bruke skrivinga til.
G
SE
Å førestille seg vil seie at du skriv om noko som du tenkjer deg har skjedd, eller som kan skje, men som ikkje er verkeleg. Det kan likne på det verkelege livet, men det er fantasi. Du skriv gjerne for å underhalde andre. Det du skriv, kan vere spennande, morosamt, alvorleg eller kvardagsleg.
ER
IN
Å skildre tyder at du skriv om noko verkeleg, gjerne for å informere andre. Det kan for eksempel vere å forklare korleis noko verkar eller skal brukast, eller å skildre ein leik, eit dyr eller ein stad. Det kan også vere å skrive eit referat eller eit samandrag.
R
D
Å overtyde vil seie at du uttrykkjer meiningane dine for å påverke andre til å bli einige med deg. Då må du grunngje meiningane dine på ein god måte og utdjupe det du meiner. Du må argumentere for å overtyde.
VU
Å utforske tyder at du brukar det du kan og veit, for å finne ut noko meir og utvikle ny kunnskap. Det kan for eksempel vere å bruke det du har lært om naturen, for å finne ut kva som skjer med dyra om vinteren. Å reflektere tyder at du skriv ned tankane dine – du tenkjer over noko. Det kan vere at du tenkjer over korleis du har utført eit arbeid, og vurderer kva du synest om innsatsen din. Det kan vere at du tenkjer over korleis du trivst på skulen, og korleis du likar å ha det med vener. Når du reflekterer, er det som om du snakkar med deg sjølv.
4
Å skrive ein tekst
EM PL AR
Når du skal skrive ein tekst, må du planleggje teksten. Først må du vite kva du skal skrive om. Kanskje treng du å samle idear og kunnskap før du begynner å skrive? Kanskje bør du notere ned ord du kan ha bruk for? Ofte kan det vere nyttig å bruke skriverammer som ein del av planlegginga. Det kan gje deg idear til både innhald og til korleis du kan byggje opp teksten din, slik at du kan sjå føre deg teksten du skal skrive. I denne boka ser du forslag til korleis du kan bruke ulike skriverammer. Nokre av ideane er henta frå www.skrivesenteret.no. Der kan du finne fleire skriverammer.
G
SE
KS
Undervegs i skrivinga di vil du sikkert forandre på noko av teksten din. Det kan vere nyttig å få hjelp av ein læringspartnar eller ein vaksen. Når du er ferdig med å skrive eit utkast, er det lurt å lese teksten høgt. Er det noko meir du bør endre på? Har du svart på oppgåva? Har du bygd opp teksten din på ein god måte? Utdjupar du? Har du lært å bruke avsnitt? Har du variert ordbruken og korleis du begynner setningane dine? Er det noko anna du burde ha tenkt på?
VU
R
D
ER
IN
Til slutt skal du vere din eigen sekretær. Då ser du etter om dei fleste orda er skrivne rett, og om du har hugsa å setje inn punktum og andre skiljeteikn du har lært deg. Læraren din vil fortelje deg kva du skal sjå etter, og korleis du skal gjere det.
5
1
Å førestille seg Kva tyder det å førestille seg? Sjå side 4.
Ein dag med flaks
Skriv ein tekst der du førestiller deg ein heil dag med flaks.
EM PL AR
Førestill deg at du på ein vanleg kvardag hadde skikkeleg flaks. Alt gjekk bra, du var heldig heile tida. Korleis blei denne dagen?
Ei skriveramme kan vere ein måte å planleggje skrivinga di på. Her har du forslag til ei utfylt skriveramme. Du kan både stryke over og fylle inn meir. Bruk gjerne ein læringspartnar.
Hovuddel
Skikkeleg flaks ein heil dag.
Fann ein hundrelapp på veg til skulen.
SE
G
Læraren hadde bursdag, alle fekk kake.
IN
Skal fortelje om den dagen.
KS
Innleiing
D
ER
Eg klarte alle oppgåvene. Kunne svare på alt.
VU
R
Best i ballspel i gymtimen.
Ikkje lekser.
Fekk ein kattunge av naboen.
På neste side ser du innleiinga til forteljinga. Skriv hovuddelen og avslutninga. Det er lurt å kladde på eit ark først. 6
Avslutning
Dagen over. Slutt på flaks. Men kattungen var min!
Ein dag med flaks No skal eg fortelje om ein dag eg hadde skikkeleg flaks. Alt gjekk bra den
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
EM PL AR
dagen, både på skulen og elles. Flaksen begynte allereie på skulevegen.
7
2
Å førestille seg Kva tyder det å førestille seg? Sjå side 4.
På jobb i dyrehagen
Skriv ein tekst der du førestiller deg ein dag du tok over som dyrepassar i dyrehagen.
EM PL AR
Å jobbe i ein dyrehage er eit stort ansvar. Førestill deg at ein dyrepassar i dyrehagen blei sjuk, slik at du måtte ta over for ein dag. Korleis blei den dagen? Korleis var det å passe dei ulike dyra?
Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar. Innleiing
Avslutning
G
SE
Dyrepassar sjuk. Desse dyra passa eg på: Eg får jobben.
KS
Hovuddel
D
ER
IN
Dette gjorde eg med dyra:
VU
R
Noko spesielt som skjedde:
Anna:
På neste side ser du innleiinga til forteljinga. Skriv hovuddelen og avslutninga. Det er lurt å kladde på eit ark først. 8
PĂĽ jobb i dyrehagen Ein gong blei ein som jobbar i dyrehagen, sjuk. Eg fekk ta over og
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
EM PL AR
blei dyrepassar for ein dag. Det blei litt av ein dag!
9
3
Å førestille seg Kva tyder det å førestille seg? Sjå side 4.
Har du høyrt at det gjev lykke å finne enden av regnbogen? Der skal det vere noko spesielt. Kva kan det vere? Ein skatt? Tenk om det var deg som oppdaga enden av regnbogen. Kva fann du der? Skriv ein tekst der du førestiller deg at du fann enden av regnbogen.
EM PL AR
Enden av regnbogen
Hovuddel
Ein gong ville eg prøve å finne enden av regnbogen.
Dette skjedde undervegs:
ER
IN
G
SE
Innleiing
KS
Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
VU
R
D
Ved enden av regnbogen fann eg:
Dette gjorde eg med det eg fann:
Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 10
Avslutning
11
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
4
Å skildre Kva tyder det å skildre? Sjå side 4.
Eit vilt dyr
EM PL AR
Vel deg eit vilt dyr som lever i Noreg. Kva er spesielt med dette dyret? Korleis ser det ut? Kva likar det å ete? Korleis får det tak i mat? Kvar i landet held det til? Når får dyret ungar? Kven er fiendar? Kva for spesielle eigenskapar har dyret? Kan det springe fort, har det spesielt godt syn, eller har det nokon andre eigenskapar? Søv dyret om vinteren?
Skriv ein tekst der du skildrar eit vilt dyr som lever i Noreg.
KS
Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar. Dyret eg har valt:
SE
Innleiing Hovuddel
Utbreiing:
Mat:
IN
G
Utsjånad:
ER
Bustad:
VU
R
D
Storleik:
Ungar: Anna:
Spesielle eigenskapar: Fiendar:
Avslutning Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 12
Korleis skaffar det seg mat:
13
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
5
Å skildre Kva tyder det å skildre? Sjå side 4.
17. mai i Noreg
Skriv ein tekst der du skildrar korleis vi feirar 17. mai i Noreg. Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
EM PL AR
Kvart år kjem det turistar til Noreg for å oppleve korleis vi feirar 17. mai. No skal du skildre denne feiringa for ein turist som aldri har opplevd 17. mai i Noreg før.
Hovuddel
SE
Dette gjer vi 17. mai. Om morgonen:
Typiske klesplagg 17. mai:
IN
G
Grunnen til at vi feirar 17. mai:
KS
Eg skal skildre korleis vi feirar 17. mai.
Innleiing
Typisk mat 17. mai:
VU
R
D
ER
Om føremiddagen:
Om ettermiddagen/kvelden:
Avslutning Det eg likar best med 17. mai, er:
Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 14
Anna:
15
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
6
Å skildre Kva tyder det å skildre? Sjå side 4.
Kortspel
EM PL AR
Når vi spelar kort, er det viktig at alle som er med, kan reglane. Nokre gonger har vi kanskje lært ulike reglar for eit kortspel. Då er det viktig å bli einige om kva reglar som skal gjelde, før spelet begynner. Skildre reglane i eit kortspel du kan, for ein som ikkje kan spelet. Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
Eg skal skildre reglane i kortspelet ________________________
Innleiing
Reglane vi følgjer:
Slik blir spelet avslutta:
VU
R
D
ER
Så mange kort til kvar:
IN
G
SE
Så mange kan delta:
KS
Hovuddel
Kven begynner:
Avslutning
Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 16
Lure tips:
17
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
7
Å overtyde Kva tyder det å overtyde? Sjå side 4.
Halloween
EM PL AR
Foreldra på skulen har føreslått eit forbod mot å feire halloween. Dei har høyrt at nokon blir haldne utanfor, og at ein del kjøper dyre kostyme. Det er dessutan ikkje alle vaksne som likar at ungar ringjer på døra og ber om godteri. Du synest at de skal få lov til å feire halloween, og vil prøve å overtyde dei vaksne. For å klare det må du ha fleire gode grunnar. Skriv eit brev til foreldra på skulen der du prøver å overtyde dei om at de skal få lov til å feire halloween.
KS
Planlegg skrivinga di ved å fylle ut resten av skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
SE
Eg meiner vi skal få feire halloween fordi vi kan gjere det på ein måte som gjer det kjekt for alle.
IN
G
Grunnen til at eg meiner dette, er: Vi kan lage ein plan, slik at alle har nokon å gå saman med.
R
VU
D
ER
Andre gode grunnar: Vi treng ikkje bruke pengar på kostyme. Vi kan låne av kvarandre.
Dessutan:
Til slutt vil eg seie at:
Det er lurt å kladde på eit ark først. 18
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
EM PL AR
Til foreldra
Helsing 19
8
Å overtyde Kva tyder det å overtyde? Sjå side 4.
Vi fortener sommarferie!
Skriv eit brev til rektor der du prøver å overtyde han eller henne om at de fortener sommarferie.
KS
Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
EM PL AR
Rektor på skulen lurer på om de lærer nok på skulen til å fortene sommarferie. Du synest at de lærer mykje og arbeider mykje på skulen, og at ferien derfor er vel fortent. Dessutan meiner du at de har godt av ferie. Du vil prøve å overtyde rektor om at du har rett.
ER
IN
G
Grunnen til at eg meiner dette, er:
SE
Eg meiner at vi fortener sommarferie fordi vi lærer og arbeider nok i løpet av den tida vi brukar på skulearbeid.
VU
R
D
Andre gode grunnar:
Dessutan:
Til slutt vil eg seie at:
Det er lurt å kladde på eit ark først. 20
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
EM PL AR
Til rektor
Helsing 21
9
Å overtyde Kva tyder det å overtyde? Sjå side 4.
Kjæledyr
EM PL AR
Tenk deg at du ønskjer deg eit spesielt kjæledyr du synest de bør ha heime. Det er viktig for deg å overtyde dei vaksne om at det vil vere bra for heile familien å ha akkurat dette kjæledyret. Skriv eit brev til dei vaksne der du prøver å overtyde dei om at de treng eit spesielt kjæledyr. Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
KS
Eg meiner at fordi vi
R
D
ER
Andre gode grunnar:
IN
G
SE
Grunnen til at eg meiner dette, er:
VU
Dessutan:
Til slutt vil eg seie at:
Det er lurt å kladde på eit ark først. 22
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Kjære
Helsing
23
10
Å utforske Kva tyder det å utforske? Sjå side 4.
Kva veit vi om dinosaurane?
EM PL AR
Dinosaurane er ei utdøydd dyregruppe som levde for fleire millionar år sidan. Det var mange ulike typar dinosaurar. Kva typar var det? Kva åt dei? Kor store var dei? Fekk dei levande ungar, eller la dei egg? Bruk det du veit frå før, og det nye du finn ut, for eksempel ved hjelp av bøker, for å utforske dette.
Skriv ein tekst der du utforskar kva vi veit om dinosaurane. Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
KS
Kva veit vi eigentleg om dinosaurane? Det har eg prøvd å finne ut.
Innleiing
Felles kjenneteikn for dinosaurar: Kvar dei levde:
G
Temperatur og natur:
SE
Hovuddel
IN
Ungar:
ER
Anna:
Ulike dinosaurar Namn
Utsjånad og storleik
R
VU
2
D
1
Mat
3 4
Avslutning Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 24
Anna
25
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
11
Å utforske Kva tyder det å utforske? Sjå side 4.
Å vere vaksen
Skriv ein tekst der du utforskar korleis det er å vere vaksen.
EM PL AR
Korleis er det å vere vaksen? Kva har ein av fridom og ansvar? Kva fordelar har ein som vaksen? Er det nokon ulemper også? Det skal du utforske.
Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
Korleis er det eigentleg å vere vaksen? Det har eg undersøkt ved å
Innleiing
Ansvar
Fridom Arbeid:
G
SE
Arbeid:
KS
snakke med ________________________
ER
IN
Økonomi:
Fritidsaktivitetar:
VU
R
D
Bustad:
Familie:
Ferie:
Avslutning
Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 26
Anna
27
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
12
Å utforske Kva tyder det å utforske? Sjå side 4.
Kvifor regnar det?
Skriv ein tekst der du utforskar kvifor det regnar.
EM PL AR
Nokre gonger er det fint at det regnar, andre gonger vil vi helst sleppe regn. Men kvifor blir det eigentleg regn? Kvar kjem regnet frå? Bruk det du veit frå før, og det nye du finn ut, for eksempel ved hjelp av bøker, for å utforske dette.
Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar. Innleiing
KS
Kvifor regnar det? Kvar kjem regnet frå? Det har eg prøvd å finne ut.
Hovuddel
SE
Regn er ein del av kretsløpet til vatnet. Det har ingen start og ingen slutt.
VU
R
D
ER
IN
– Havet blir varma opp av sola.
G
Eg begynner med havet:
Ulike typar regnvêr:
Avslutning
Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 28
29
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
13
Å reflektere Kva tyder det å reflektere? Sjå side 4.
Å kunne lese og skrive Har du tenkt over kor heldig du er som kan lese og skrive? Det er noko du har bruk for kvar dag. Det gjer det også mogleg å gjere ting du elles ikkje kunne ha gjort.
EM PL AR
Skriv ein tekst der du reflekterer over kva det å kunne lese og skrive har å seie for deg. Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
Kva har det å seie for meg at eg kan lese og skrive? Det har eg tenkt over.
Hovuddel
Dette brukar eg skriving til i kvardagen:
ER
IN
G
SE
Dette brukar eg lesing til i kvardagen:
KS
Innleiing
Skriving gjer det også mogleg for meg å:
VU
R
D
Lesing gjer det også mogleg for meg å:
Avslutning
Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 30
31
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
14
Å reflektere Kva tyder det å reflektere? Sjå side 4.
Fritid
Skriv ein tekst der du reflekterer over kva fritid er for deg.
EM PL AR
Å ha fritid vil seie å ha tid til å gjere noko ein har lyst til å gjere. Det kan for eksempel vere leik, ballspel, å spele eit instrument, danse, teikne eller syngje. Du har sikkert noko du likar å drive med i fritida. Kvifor er det viktig for deg? Tenk over kva det du gjer i fritida, har å seie for deg.
Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
SE
KS
Innleiing
Derfor er det viktig for meg: 1
ER
IN
Dette brukar eg fritida til: 1
G
Hovuddel
2
VU
R
D
2
3
3
Avslutning
Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 32
33
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
15
Å reflektere Kva tyder det å reflektere? Sjå side 4.
Sola
Skriv ein tekst der du reflekterer over kva sola er for deg. Planlegg skrivinga di ved å fylle ut skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar.
KS
Innleiing
Vi treng sola fordi:
ER
IN
G
SE
Hovuddel Dette får sola meg til å tenkje på:
EM PL AR
Korleis er det å vakne til ein solskinsdag? Kva får du lyst til å gjere når sola skin? Kvifor treng vi sola?
Anna:
VU
R
D
Dette får eg lyst til å gjere når sola skin:
Avslutning
Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 34
35
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Eksempeltekst – Å førestille seg Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.
Konge for ein dag
EM PL AR
Ein morgon eg vakna, vakna eg som konge. Eg veit ikkje korleis det hadde skjedd, men eg var altså blitt konge av Noreg for ein dag. Eg skjønte at det kom til å bli ein spennande dag, så eg spratt ut av himmelsenga. Tenaren hadde lagt fram fine klede. Eg kledde på meg i ein fei. Krona av gull passa akkurat.
KS
Først åt eg ein herleg frukost. Det var nybakte bollar og iskald sjokolademjølk. Dronninga hadde nok ikkje stått opp, for eg åt heilt åleine. Då eg skulle rydde av bordet, spratt det fram ein tenar. Kongar ryddar jo ikkje opp etter seg!
G
SE
Eg tok ein tur ut på balkongen. Det er jo der kongen står 17. mai og vinkar. Eg prøvde å vinke med krona, men ho var for tung. Flosshatt er nok best.
ER
IN
Snart var det møte med statsministeren og regjeringa. Det var ganske kjedeleg. Eg skreiv under på mange papir og håpa at dei snart ville bli ferdige med møtet.
R
D
Med ein gong møtet var over, gjekk eg tilbake til himmelsenga. Ho var super å hoppe i!
VU
Og kvifor ikkje ete middag i senga? Tenarane serverte meg kalkun og ei heil sjokoladefontene. Eg blei så stappmett at eg sovna. Det var litt synd at eg sovna, for då eg vakna, var eg berre meg sjølv i mi eiga seng.
36
Eksempeltekst – Å skildre Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.
Slangar
EM PL AR
Ein slange har ikkje lemmer. Det tyder at han ikkje har armar og bein. Likevel kan han bevege seg veldig raskt, og han kan til og med klatre i tre.
Alle slangar er rovdyr. Det vil seie at dei jaktar og et andre dyr. Dei fleste slangar et dyr som er mykje større enn dei sjølve, for dei kan nemleg opne munnen til eit kjempegap. Ein pytonslange kan svelgje både griser og antiloper, ja, til og med ei hel krokodille!
SE
KS
Sjølv om slangane har tenner, kan dei ikkje tyggje. Tennene brukar dei til å gripe om byttet og skyve maten ned i svelget. Nokre slangar har gifttenner i tillegg, slik som hoggormen. Større giftslangar som kobra og klapperslange lever ikkje i Noreg.
IN
G
Heldigvis jaktar ikkje slangar på menneske, men dei kan bite oss dersom dei blir skremde.
VU
R
D
ER
Blir ein biten av ein giftslange, må ein oppsøkje lege. Hos legen kan ein få sprøytt inn ei motgift. Slangebit er nok verre for dyr!
37
Eksempeltekst – Å overtyde Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.
Kjære rektor
EM PL AR
Du seier at vi ikkje får kaste snøball på skulen. Det synest eg er dårleg gjort. Eg håpar du vil ombestemme deg etter at du har lese dette brevet. Eg meiner at snøballkasting skal vere lov, fordi det er ein kjekk leik som ikkje treng å vere farleg. Vi klarer heilt fint å kaste snøball utan å sikte etter hovudet. Eg synest du skal stole på oss.
SE
KS
Ein annan grunn er at sjølv om snøballkasting er forbode, får ein likevel lyst til å kaste snøball. Men då må ein gjere det fort når ingen vaksne ser det. Då er det faktisk mykje meir sannsynleg å treffe hovudet og skade andre.
IN
G
Ein tredje grunn er at det ikkje er så mykje å finne på ute i friminutta. Då er det slik at dersom snøen er kram, er snøballkasting topp. Vi kan sjølvsagt byggje snømann, men det er ikkje alltid nok snø til det. Dessutan er det ofte nokon som øydelegg han.
D
ER
Her vi bur, er det ikkje så mange dagar om vinteren at det er kram snø. Altså treng du ikkje vere redd heile vinteren for at nokon skal få skadd hovudet sitt av ein snøball.
VU
R
Til slutt har eg to gode forslag: 1 Vi kan ha eit område i skulegarden som er merkt med «Snøballfri sone». Eg kan lage den plakaten. 2 Der det er lov med snøball, kan vi ha plakatar med «Forbode å sikte på hovudet». Dei kan eg også lage. Og du kan finne på ei straff for dei som ikkje følgjer regelen. Eg håpar du ombestemmer deg! Beste helsing Knut
38
Eksempeltekst – Å utforske Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.
Korleis var klesvask i gamle dagar?
EM PL AR
Eg legg ofte kleda mine til vask når dei er litt skitne. Det er veldig lett å vaske klede i dag. Men korleis var det før – altså før ein hadde innlagt vatn og vaskemaskin, og før ein hadde mange klede å byte mellom? Det har eg prøvd å finne ut av.
KS
For 150 år sidan var det veldig mange som ikkje hadde andre klede enn kleda dei hadde på seg. Det må jo tyde at kleda aldri eller sjeldan blei vaska. Det kan ikkje ha vore særleg bra å gå i dei same skitne kleda heile tida! Det lukta nok vondt også.
ER
IN
G
SE
Eg har funne ut at nokre stader vaska ein kleda sine éin gong i året. Eg trur det alltid var damer som vaska. Dei vaska kleda i elva eller i store kar, og ofte i kaldt vatn. Nokre varma opp vatn over elden, og det tok lang tid. Dessutan var det glovarme vatnet farleg. Eg har lese at dei brukte mykje anna enn såpe, for eksempel mjølk eller vatnet som var igjen i gryta når fisken var kokt. Det vanlegaste var visst lut. Lut er veldig sterkt, så mange må ha fått såre hender av å vaske klede.
D
Då nokon fann opp ei oppskrift på såpe, laga ein gjerne såpa sjølv. Det var altfor dyrt å kjøpe henne. Såpa laga ein av lut, olje og vatn.
VU
R
Kleda blei som oftast tørka ute. Det vil seie at vêret var viktig for at vasken skulle tørke. Etter kvart blei det nok vanleg å vaske klede litt oftare. Likevel var det tungvint før ein fekk vaskemaskin. No er det dessutan ikkje berre damer som vaskar!
39
Eksempeltekst – Å reflektere Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.
Å ha ein stad å bu
EM PL AR
For dei fleste i Noreg er det sjølvsagt å ha ein stad å bu. Det er berre ikkje alltid vi tenkjer over kor heldige vi er.
Dersom nokon spør kvar eg bur, kan eg svare på det. Eg har ei adresse. Det er det ikkje alle som har. Eg har ein stad eg kallar heim. Når eg har vore ein stad, går eg heim etterpå. Eller kanskje blir eg henta. Når vi er på ferie, er det godt å kome heim.
KS
Heime har eg tinga mine. Eg treng ikkje å bere på alt eg eig, fordi eg ikkje har nokon stad å bu. Eg kan ha tinga mine på rommet. Det deler eg med søstera mi. Men eg har mitt eige skåp.
IN
G
SE
Det er fint å ha ei seng. Eg er glad for at eg kan krype under dyna om kvelden og vere der til neste morgon. Sjølv om eg kan bli sur når mamma seier eg skal leggje meg, så er eg glad i senga mi. Eg er så glad i henne at eg ofte ikkje har lyst til å stå opp!
VU
R
D
ER
Eg har ein stad å bu. Det er eg glad for.
40
Vurdering av tekstar – vurderingsområde Det er fleire aspekt ved det å skrive ein tekst som det er nyttig å kjenne til. Desse aspekta er
EM PL AR
• kommunikasjon • innhald • tekstoppbygging • språkbruk • rettskriving • teiknsetjing
IN
G
SE
KS
Når vi vurderer tekstane til elevane, kan vi sjå nærare på dei aspekta ved skriving som er nemnde ovanfor, som vi også kallar vurderingsområde. Ved å sjå på kvart vurderingsområde for seg, altså ved å gjere ei analytisk vurdering, kan vi sjå kvalitetar ved teksten uavhengig av andre aspekt. Ein elev kan for eksempel ha bygd opp teksten sin på ein god måte sjølv om innhaldet kanskje ikkje er særleg relevant for skriveoppgåva. Ved å vurdere ferdigheitene til eleven samla innanfor kvart vurderingsområde kan vi danne oss ein enkel meistringsprofil. Den kunn skapen dette gjev, hjelper oss som lærarar til å korrigere vår eiga undervisning.
VU
R
D
ER
Det er i stor grad vår undervisning, rettleiing og tilbakemelding som er avgjerande for skriveutviklinga til eleven og kor motivert han eller ho er for skriving. Eleven er også avhengig av å få gode og varierte skriveoppgåver, gode måtar å setje i gang på og hjelp til gode prosessar frå utkast til ferdig produkt. Skriverammer er eit godt hjelpemiddel. Gode eksempeltekstar er svært nyttig. Bruk gjerne gode elevtekstar som modelltekstar når det er mogleg – dei vil vere innanfor eit nivå som elevane kan strekkje seg etter. Du som lærar kan også skrive modelltekstar. Dei forventningane vi har innanfor kvart vurderingsområde, er naturlegvis avhengige av føresetnadene og klassetrinnet til skrivaren, av typen tekst og av den opplæringa vi har gjeve elevane.
Kommunikasjon Som skrivar er det viktig å kunne kommunisere med lesaren. Då må teksten fange interesse. Det kan skrivaren oppnå ved å vende seg direkte til ein lesar på ein måte
41
EM PL AR
som passar til føremålet med skrivinga, gjerne både i innleiinga og undervegs i teksten. Ein tittel og ei innleiing som fangar interesse og orienterer oss om kva teksten handlar om, gjev oss lyst til å lese vidare. Dersom interessa blir halden oppe i den vidare lesinga og teksten verkar truverdig, kommuniserer teksten godt. Sjølv om mottakaren, altså lesaren, kan vere ein tenkt mottakar, veit skrivaren kven teksten er meint for. Dette påverkar skrivemåten. Det er nyttig at elevane blir vande til å lese tekstane sine høgt for kvarandre, eventuelt at læraren les høgt. Då høyrer ein lettare i kva grad teksten kommuniserer. Trekk gjerne fram element ved ein tekst som bidreg til kommunikasjon, som gode eksempel for elevane.
Innhald
IN
Tekstoppbygging
G
SE
KS
Innhaldet skal vere relevant. Det skal altså svare på «skriveoppdraget». Teksten bør ha fleire innhaldsmoment, og det bør vere ein viss grad av utdjuping av dei ulike momenta. Eit tips kan vere å be elevane ha med eit visst tal moment når dei skriv, og at dei må utdjupe kvart moment med éi eller fleire setningar. Momenta kan gjerne vere ein del av eit tankekart eller ei skriveramme i forkant av skrivinga, gjerne som eit felles arbeid i klassen.
R
D
ER
Tekstoppbygging handlar om organisering av teksten – det at teksten har ein struktur. Innleiing og avslutning er ein del av ein slik struktur. Det å meistre ein tematisk samanheng mellom og innanfor dei ulike delane av teksten er ein viktig del av skriveopplæringa. Etter kvart lærer elevane å organisere tekstane i tematiske avsnitt som også er markerte grafisk.
VU
Tekstoppbygging handlar også om flyt i teksten – tekstbinding. God tekstbinding gjer teksten god å lese. Eksempel på bindeord som kan bidra til flyt, er og, men, fordi, dessutan, elles, for eksempel, sidan.
Språkbruk Språkbruk handlar mellom anna om variasjon i språket – variasjon i ordforråd og variasjon i byrjinga av setningane. Gje gjerne elevane eksempel på ulike setningsstartarar: Vi spela fotball i storefri. / I storefri spela vi fotball. / Som vanleg spela vi fotball i storefri. / Fotball var det vi heldt på med i storefri.
42
Bruk av adjektiv gjer også språket rikare. Elevane kan gjerne få øvingar der dei skal «fargeleggje» setningar ved å bruke adjektiv/adverb. Eksempel: Hunden sneik Den store, rufsete hunden sneik seg lydlaust etter den vesle kvite seg etter katten. katten.
EM PL AR
Ordbruken bør dessutan vere relevant – for eksempel bør ein fagtekst innehalde fagord. Setningane bør vere meiningsberande.
Rettskriving
Dei lydrette orda er dei vi først forventar at elevane skriv rett. Deretter kjem dei mest brukte høgfrekvente orda, der utvalet stadig blir utvida, og så samansette ord. Dialektrelaterte feil må vi rekne med. Stor bokstav etter store skiljeteikn er også ein del av rettskrivinga.
ER
Teiknsetjing
IN
G
SE
KS
Når du vurderer rettskrivinga til eleven, er det nyttig å sjå etter om eit feilskrive ord er ein «slengjarfeil» eller ein feil som gjentek seg. Er for eksempel stum h utelaten i eit ord éin stad, men ikkje i liknande ord seinare i teksten, er det ein typisk slengjar feil som eleven enkelt kan rette opp. Er eleven meir konsekvent i å utelate stum h eller andre stumme lydar, er dette noko de må arbeide spesielt med. Når elevane skal vere sekretær på sin eigen tekst, bør læraren velje kva dei skal rette spesiell merksemd mot, ut frå ferdigheitene til kvar enkelt elev.
R
D
Det første elevane meistrar av teiknsetjing, er store skiljeteikn som punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn. Etter kvart tek dei i bruk hermeteikn, kolon, tankestrek og parentes.
VU
Dei enklaste kommareglane er komma framfor men og ved oppramsing. Det er først på mellomtrinnet at vi kan rekne med at elevane meistrar komma mellom heilsetningar og etter leddsetningar. Når du skal vurdere bruken av skiljeteikn, tek du utgangspunkt i det nivået du forventar ut frå opplæringa.
43
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
EM PL AR KS SE G IN
ER
© 2018 GAN Aschehoug, H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) AS ISBN 978-82-492-1913-1 Nynorsk 1. utgåve / 1. opplag 2018
D
Forlagsredaktør: Kristin Hide Omsetjing til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland
R
Grafisk design og tilrettelegging: Format B7, Beate Syversen Trykk og ferdiggjering: 07 Gruppen AS, 2018
VU
Illustrasjonar: Thor W. Kristensen Forfattaren har fått støtte til utgjevinga frå Det faglitterære fond. Har du spørsmål om utgjevingane våre, kan du rette dei til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo forlag@gan.aschehoug.no gan.aschehoug.no Materialet i denne publikasjonen er omfatta av føresegnene i åndsverklova. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er det berre tillate å framstille eksemplar av dette verket eller gjere innhaldet tilgjengeleg dersom det er heimla i lov eller tillate gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Utnytting i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel.