Har du gode tips til HF? Ring 90 13 11 88
Bygdedyret lever i Øystese Bygdedyret spelar ei viktig rolle i forfattar Agnes Matre sin nye roman, Kledd naken. Handlinga er lagd til Øystese. Bård Valvatne valvatne@hf.no
– Kledd Naken er ei bok som nærmar seg thrillersjangeren. Hovudpersonen Iselin bur på Steinhus, ein gard litt oppe i bygda. Etter ein fuktig bygdefest vert Iselin brutalt valdteken av ein kjenning. Bygdedyret observerer og lagar historier. og Iselin slit veldig med det ho har opplevd, seier Matre til HF. Ho fortel at bakgrunnen for valet av tema er at rundt nitti prosent av alle valdtekter i Noreg ikkje vert melde. – Det er alvorleg og verdt å skriva om. Valdtekter skjer ikkje berre i Slottsparken, men også i idylliske bygdesamfunn der alle kjenner alle. Då er det kanskje endå verre å gå vegen til politistasjonen for å melda frå. I romanen er det ikkje vasstette skott mellom ulike etatar. Teieplikta vert teken på med harelabb. Når overgripar, offer, lensmann og prest er venner, er det ikkje så enkelt, seier Matre, som presiserer at boka er rein fiksjon. Kjenner Øystese godt Matre bur i Haugesund og arbeider som adjunkt på Hauge skule. Likevel kjenner ho Hardanger godt. Ho vaks opp på Vines i Ullensvang, og er gift med ein mann som vaks opp i Øystese. Koplinga mellom Øystese og bygdedyret er tilfeldig, ifølgje forfattaren. – Eg har mine eigne erfaringar med bygdedyret med meg i sekken, og plasserer det i Øystese. Øystese har nok eit bygdedyr som alle andre bygder. Bygdedyret kan skalta og valta med menneske på godt og vondt, og i Iselin sitt tilfelle er bygdedyret ein av antagonistane. Rykte går, noko valdsmannen veit å nytta seg av, fortel ho. Matre er oppteken av kontrastane mellom det vonde og det va-
Lokalkjend: Forfattar Agnes Matre bur i Haugesund, men er gift med ein mann frå Øystese. – Eg vitjar Øystese ofte og kjenner bygda godt. Samstundes kjenner eg ikkje så mange som bur der personleg. Det er på mange måtar ein ideell kombinasjon når ein skal skriva om ein stad, seier ho. Pressefoto
Kontrastar: Agnes Matre er oppteken av kontrastar, og i romanen Kledd naken er den vakre naturen i Hardanger bakteppe for ei dramatisk handling.
kre. – Øystese er noko av det va-
kraste me har i Norge. Det vonde i det vakre er mi greie. Livet er ikkje svart-kvitt. Det er alltid lyse dagar sjølv om ting ser svarte ut. Eg bruker tid på å skildra den vakre naturen. Ei snødekt Folgefonna mot blå fjord ein sommardag, kva er vel betre enn det? Matre trur folk i Øystese kjem til å ta godt imot den nye romanen. – Eg trur at folk vil flira i skjegget når dei les om bygdefest og sladrekjerringar, barnevern og politi. Sjølv om dette er ei ganske røff forteljing, vil nok mange kjenna seg att i mykje. Eg håpar eg har handsama bygda og folket med respekt, sjølv om ein og annan karakter tillèt seg i overkant mykje, seier ho. Bok om bulimi Kledd naken er den andre romanen til Matre. Ho debuterte i november 2012 med boka Stryk meg
over håret, som til no er seld i om lag tre tusen eksemplar. Matre fortel at boka handlar om ei dame frå Bergen, Guro, som lir av bulimi, og som får klar melding frå lækjaren om å ta tak i sjukdommen. – Ho gjer då det mange med ei spiseforstyrring gjer; ho stikk av. Det ber av garde til Provence der ho møter Marie, ei eldre dame som har mykje livsvisdom, seier Matre. Ho skildrar romanen som ei godvond sommarbok, og fortel at boka er basert på eigne erfaringar med bulimi. – Sjølv om det er ei dame med ryggen til på framsida, er dette også ei bok som bør lesast av menn. Den kan få pårørande til dei med spiseforstyrring til å forstå meir, seier ho. Bokmål og nynorsk Kledd naken vert gjeven ut av Co-
mino forlag i Bergen, og Matre fortel at boka kjem både på bokmål og på nynorsk. – Når eg låner ei bygd i ein kommune som kallar seg sjølv herad, så skulle det berre mangla at boka også blir gjeven ut på nynorsk. Eg har sjølv hatt nynorsk som hovudmål i ungdommen. Sidan me har to målformer i Norge, skal me ta det på alvor. Dette er første gong i Noreg at nokon gjev ut ein skjønnlitterær roman på bokmål og nynorsk samstundes. Det har vore litt kjekt ekstraarbeid, men eg er svært kry av å heidra nynorsken på denne måten, fortel ho. Sidan handlinga i romanen er lagd til Øystese, har Matre bestemt seg for å ha lanseringsfest i bygda. Dette skjer på kafeen Sutalaus fredag 2. oktober.
Jubilerte til inntekt for Helgatun Vilde Grimelid Oppedal oppedal@hf.no
Førre helg feira Knut Inge Røen og Marit Andresen Røen frå Samnanger ei rekkje jubileum med ein konsert på Voss. Knut Inge feira 50 år som artist. Marit feira 60-årsdag og 40 år som evangelist og barnekor- og leirleiar. Inntekte-
ne frå konserten gjekk til leirplassen Helgatun i Myrkdalen. I sommar fekk også heile familien kulturprisen til Samnanger kommune for å ha drive med song, musikk og barnekor gjennom mange år.v Kring fem hundre personar møtte fram på konserten i den gamle kinosalen på Voss, og paret
har samla inn ein stor sum til Helgatun, truleg kring 120.000 kroner, skriv Marit Andresen Røen i ein e-post til HF. Ekteparet Røen har eit nært forhold til Kvam då dei to har sunge, underhalde og tala mykje her. I tillegg har begge borna til paret vore elevar ved Framnes kristne vidaregåande skule.
Fleire kvemmingar deltok. Blant andre stilte Gloria AS og Vidar Sangolt med konsertband og mange dyktige artistar. Arrangørane er svært nøgde med konserten, som dei tykkjer vart ei stor musikalsk oppleving. – Det vart eit variert song- og musikkprogram for folk i alle aldrar med den kristne bodskapen i
sentrum, skriv Røen. Ho tykkjer det var kjekt å få mange gode tilbakemeldingar etter konserten. – Mange hadde hatt ei sterk og god oppleving. Då er me nøgde, seier ein takksam og audmjuk arrangør.