2 minute read

Søk etter flyfoto

Alle partar i geodata-samarbeidet Noreg digitalt kan no søke i digitalt sentralarkiv for vertikalbilde. Sjå kva flyfoto som finst, kvalitet og metadata.

Artikkelbilde øverst: Eldre flyfoto. Foto: Skjermdump fra Kartverket.no

Tekst: Sissel Kanstad, Kartverket

I flyfoto.kartverket.no er det mogleg å søke i digitalt sentralarkiv for vertikalbilde. For å få tilgang er det nødvendig å logge på med GeoID.

Søkeverktøyet gir informasjon om kva slags enkeltbilde som dekker eigedommar, plassering og eigenskapar – og inneheld metadata som dato, målestokk eller detaljgrad (gsd), id til flyfotoprosjekt (dekningsnummer), om bildet er digitalt eller analogt. Det er ikkje mogleg å laste ned eller sjå på sjølve flybilda.

Innsikt og oversikt med ein gong

Sentralarkivet for flyfoto og satellittbilde inneheld meir enn 1,3 millionar analoge flyfoto og til saman 2,7 millionar digitale vertikalbilde. Dette er originalar av samtlege flybilde tatt i Noreg frå 1935 og fram til i dag. Bilde frå 1935 til 1960 er som regel digitalisert. Andre historiske bilde må digitalisast på forespurnad.

– Informasjonen som folk ønsker å få ut av flybilda er veldig individuelt. Vi kan derfor ikkje forsikre om at informasjonen som akkurat du er ute etter, finst i bilda, fortel Hardy Buller i Kartverket, og fortset:

– Men, no kan kommunar og andre partar i Noreg digitalt sjølv gjere geografiske søk i sentralarkivet for flyfoto. Dette gir dei ei innsikt og oversikt med ein einaste gong over kva bilde som finst og om bilda er digitalisert.

Flyfoto blir brukt m.a. i kommunal saksbehandling, til samfunnsplanlegging, miljøutgreiing, til å avklare rettigheiter til eigedom – og til å lage kart.

Millionar med flyfoto

I sentralarkivet for vertikalbilde – flyfoto. kartverket.no – lagrar og forvaltar Kartverket digitale flybilde og tilhøyrande flyfotoprosjektog metadata.

Arkivet inneheld:

• over 20 000 flyfotodekningar

• meir enn 1,3 millionar vertikalbilde (flybilde som er tatt loddrett ned på bakken), kor ca. 500 000 er digitalisert p.t.

• informasjon om 3,5 millionar unike flybilde

Graderte flybilde ligg i eit separat og gradert informasjonssystem.

Det var i Stortingsproposisjon nr. 1 1979–1980 at Kartverket fekk i oppdrag å etablere «Statens sentralarkiv for flybilder og fjernmåledata», med formål om å sikre framtidige generasjonar tilgang til viktig bildemateriale.

Nyare flyfoto. Foto: Skjermdump fra Kartverket.no

This article is from: