Posisjon 2023-4

Page 21

Søk etter flyfoto Alle partar i geodata-samarbeidet Noreg digitalt kan no søke i digitalt sentralarkiv for vertikalbilde. Sjå kva flyfoto som finst, kvalitet og metadata. Tekst: Sissel Kanstad, Kartverket

I

flyfoto.kartverket.no er det mogleg å søke i digitalt sentralarkiv for vertikalbilde. For å få tilgang er det nødvendig å logge på med GeoID. Søkeverktøyet gir informasjon om kva slags enkeltbilde som dekker eigedommar, plassering og eigenskapar – og inneheld metadata som dato, målestokk eller detaljgrad (gsd), id til flyfotoprosjekt (dekningsnummer), om bildet er digitalt eller analogt. Det er ikkje mogleg å laste ned eller sjå på sjølve flybilda. Innsikt og oversikt med ein gong Sentralarkivet for flyfoto og satellittbilde inneheld meir enn 1,3 millionar analoge flyfoto og til saman 2,7 millionar digitale vertikalbilde. Dette er originalar av samtlege flybilde tatt i Noreg frå 1935 og fram til i dag. Bilde frå 1935 til 1960 er som regel digitalisert. Andre historiske bilde må digitalisast på forespurnad. – Informasjonen som folk ønsker å få ut av flybilda er veldig individuelt. Vi kan derfor ikkje forsikre om at informasjonen som akkurat du er ute etter, finst i bilda, fortel Hardy Buller i Kartverket, og fortset: – Men, no kan kommunar og andre partar i Noreg digitalt sjølv gjere geografiske søk i sentralarkivet for flyfoto. Dette gir dei ei innsikt og oversikt med ein einaste gong over kva bilde som finst og om bilda er digitalisert. Flyfoto blir brukt m.a. i kommunal saksbehandling, til samfunnsplanlegging, miljøutgreiing, til å avklare rettigheiter til eigedom – og til å lage kart.

Eldre flyfoto. Foto: Skjermdump fra Kartverket.no

Det var i Stortingsproposisjon nr. 1 1979–1980 at Kartverket fekk i oppdrag å etablere «Statens sentralarkiv for flybilder og fjernmåledata», med formål om å sikre framtidige generasjonar tilgang til viktig bildemateriale.

Nyare flyfoto. Foto: Skjermdump fra Kartverket.no

Millionar med flyfoto I sentralarkivet for vertikalbilde – flyfoto. kartverket.no – lagrar og forvaltar Kartverk­et digitale flybilde og tilhøyrande flyfoto­prosjektog metadata. Arkivet inneheld: • over 20 000 flyfotodekningar • meir enn 1,3 millionar vertikalbilde (flybilde som er tatt loddrett ned på bakken), kor ca. 500 000 er digitalisert p.t. • informasjon om 3,5 millionar unike flybilde Graderte flybilde ligg i eit separat og gradert informasjonssystem.

POSISJON NR. 4 - 2023

21


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Reven rasker over isen

3min
page 3

Vi kan, vi vil - sammen får vi det til

3min
page 4

Fyrlyktpris til Stavanger og Trondheim kommune

3min
page 5

Geomatikkutdanninger i Norge

7min
pages 6-7

Fagskoleutdanning innen Geomatikk

3min
page 8

Fagnettverk for plan, bygg og geodata i Telemark og Vestfold

3min
page 9

GeoForum sin stipendordning

1min
page 10

Endelig fikk jeg muligheten til å delta på ESRI UC!

2min
page 10

FME-festen i Bonn - hvor data blir til dans og koordinater blir kule!

3min
page 11

Kartlegging av Fannaråkbreen siden 1955: En fotogrammetribasert studie av sesongmessige og historiske endringer

4min
page 12

Masteroppgave presentert på forskningskonferanse i Kairo

3min
page 13

Er kommune Norge forberedt på å stå uten autoriserte landmålere

4min
page 14

Studieplasser og kapasitet

5min
page 15

Autorisasjonsordningen: Tanker om overgangsordningen

3min
page 16

Den Kloke Teknologi

3min
page 17

Bjørn Geirr Harsson (1940 - 2023)

4min
pages 18-19

-Du bestemmer retningen for GeoAI

4min
page 20

Søk etter flyfoto

2min
page 21

FIG-Working Week, Orlando 2023

5min
pages 22-23

Nytt om Navn - Karsten Lien og Rolf Martin Raknes

2min
page 23

Nasjonal kartografisk rapport - norway.cartography.no

3min
page 25

Internasjonal kartografikonferanse i Cape Town

4min
pages 26-27

Norkarts brukermøte 2023

2min
page 28

Brukermøte Norconsult Digital

3min
page 29
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.