Årsmelding 2024



2024 har vore prega av jamn drift av Grannehjelpa. Sjølv om ny dagleg leiar, Siriann Lillevik, ikkje begynte i stillinga si før i mars, var tilsetjinga avklara før me begynte på 2024. Dei faste aktivitetane dannar basis i sentralen, men nye prosjekt kjem til som ny fast aktivitet eller som ein aktivitet i ein prosjektperiode. Døme på nye prosjekt i 2024 er Jentebase og Måltidskompis. Kreative tilsette og støttespelarar gjer at idear om prosjekt er klekt ut, medan midlar og kapasitet gjer at dei ikkje er realiserte enno. For å ha ei slik drift som me har i dag, er me avhengig av engasjerte frivillige og tilsette, me set stor pris på at me har det.
Vennefamilie er prosjektet som har hatt mest ressursar og fokus i 2024. Det har gått på å kopla familiar i Kvam med kort butid med familiar med minst 10 års butid i Kvam. Prosjektet har som årsmeldinga viser hatt god aktivitet, men sidan prosjektet ikkje har vore finansiert heile året, har for mykje tid siste del av året gått til å prøva å skaffa nye prosjektmidlar.
Styret har utvida den faste tilsetjinga ved sentralen frå 1,55 stillingar til 1,8. Grunngjevinga for dette er økonomien til Grannehjelpa, aktivitetsnivået me har hatt over tid og at det er riktig med tanke på tilsette. Me har i tillegg hatt 50% i prosjektstilling. Slik styret vurderer stoda no, vil det ikkje vera grunnlag for å auka faste stillingar, og at me vil vera avhengig av prosjektstillingar i tillegg når det er behov for det. Me har dei same tilsette ved starten i 2025 som me hadde som tilsette ved starten på året i 2024. Styret meiner det har gjeve den stabiliteten me ønskte, og at det har vore eit godt arbeidsmiljø ved sentralen.
Ved sidan av dei vanlege styreoppgåvene som går igjen frå år til år, har me særleg hatt fokus på rekruttering og HMT (helse, miljø og tryggleik). Når det gjeld rekruttering har me samla nokre eldsjeler som brukar mykje tid på frivillig arbeid i ulike grender for samtalar og drøftingar kring rekruttering i tre møte. Arbeidet i denne gruppa vert følgt opp i styret. Når det gjeld HMT så har Grannehjelpa dei same krava til seg som andre verksemder, både når det gjeld tilsette og frivillige. Her har ei arbeidsgruppe frå styret vore i arbeid. Arbeidet med desse planane er ikkje fullførte, men me må koma i mål med dette våren 2025 – men arbeidet sluttar ikkje der. Oppfølging av desse temaa vert eit kontinuerleg arbeid.
Styret opplever at Grannehjelpa har eit godt omdømme i Kvam. Det kjem ikkje av seg sjølv og må haldast ved like. I møte med administrasjon og politikarar frå Kvam herad får me gode tilbakemeldingar, som t.d. då Grannehjelpa var invitert til open time i heradsstyret i september. Me er svært takksame for støtta me får frå Kvam herad, og vil særleg trekkja fram at heradet auka tilskotet til Grannehjelpa for 2025.
Eit godt omdømme får Grannehjelpa gjennom aktiviteten dei frivillige utfører. Utan dei frivillige hadde det ikkje vore noko Grannehjelpa – så største takken går til dykk!
Frode Sandven Leiar
Unni Bergtun Nestleiar
Geir Madsen
Siri Moripen Øverland
Ingunn Bjørke
Siv Haabrekke, rep Kvam herad
Jonny Roy Knudsen – pers vara for Siv Haabrekke
Mari-Anne Sørstrømmen, rep Fagforbundet Aud Irene Mortensen – pers vara for Mari-Anne Sørstrømmen
1. vara Kjell Einar Sekse
2. vara Mariusz Oniszcuk
3. vara Ismael Khalefa
Gjennom 2024 har styret hatt 5 styremøte og handsama i alt 40 saker. I tillegg til at det har vore arrangert eit styreseminar der det vart arbeida med strategisk plan for perioden 2024 til 2026.
Valnemnda bestod i 2024 av 1. Yamen Bohsas
2. Camilla Chitona Gangdal
3. Susanne Wærn Van Hoek
Generalforsamlinga vart halde 21. mars i Gamleskulen på Norheim. Styreleiar Kari
Mostad leia møtet. Det var 21 frammøtte med stemmerett.
Trude Soma Augestad gjekk av som leiar 31. januar. Frå 1. februar til 1. mars var det Kari Mostad som hadde det daglege ansvaret 1. mars starta Siriann Lillevik opp som ny dagleg leiar. Helena Rykkje har jobba i 80% stilling heile 2024. I juni 2024 fekk Helena 80% fast stilling. Sarifa Moola-Nernæs har jobba som prosjektleiar i «Vennefamilie»-prosjektet i 50% stilling Prosjektmidlane hennar gjekk ut juni 2024, men det vart bestemt at Sarifa skulle verta løna med vanlege driftsmidlar ut året. Dette vart gjort i håp om at det skulle dukka opp nye prosjektmidlar i «Vennefamilie»-prosjektet.
Arbeidsmiljøet i Grannehjelpa er tilfredsstillande. Det har ikkje vore skadar eller ulukker i 2024. Stiftinga forureinar ikkje ytre miljø. Stiftinga Grannehjelpa diskriminerer ikkje tilsette eller besøkjande, brukarar eller frivillige i høve til alder, kjønn, funksjonsnedsetjing, religion, kulturell bakgrunn eller seksuell orientering. Frå og med 2024 er Stiftinga Grannehjelpa medlem i Bedriftshelse 1
Grannehjelpa deltek i fleire nettverk og organisasjonar: 1. Nettverk Hardanger og Voss – eit samarbeidsorgan for frivilligsentralane i regionen I 2024 hadde dette nettverket eitt fysisk møte og eitt digitalt møte. 2. Frivillig Vestland – ein interesseorganisasjon for frivilligsentralar i Vestland 3. Norges Frivilligsentraler (NFS). Grannehjelpa deltok på landsmøtet i NFS i april. Hadde to gode og nyttige dagar på Gardermoen. Kjekt å høyra kva andre sentralar har av aktivitetar og laga seg eit nettverk med tilsette frå andre sentralar i Noreg.
Dagleg leiar og styreleiar har deltatt på og gjennomført kurset «Grunnkurs for nye daglege leiarar og styreleiarar» i regi av NFS.
Grannehjelpa nyttar fleire gratiskanalar til marknadsføring: Facebook, www.frivillig.no, e-post og oppslag, og oppmodar alle til å både lika og dela innlegg som vert publisert. Når økonomien tillét det, nyttar me annonsar i Hordaland Folkeblad. I tillegg har me nytte av lystavlene i vindauga. Dei gjev merksemd til aktivitetane, og me registrerer at mange stoppar opp og les på plakatane.
Me er også så heldige å ha ein frivillig som tek turen og heng opp plakatar på plakattavler i nær heile kommunen. Gjennom året har det vore fleire artiklar i Hordaland Folkeblad, og
me set pris på det gode samarbeidet med lokalavisa vår.
Innskytarlag
Stiftinga Grannehjelpa hadde 23 innskytarlag i 2024:
Kvam Idrettsråd
Kvam Høyrsellag
Kvam Revmatikarlag
Kvam Senioruniversitet
Kvam herad
LHL Kvam
Ungdomslaget Samhald
Lions Club Norheimsund
Norheimsund Indremisjon
Norheimsund Kvite Band Øystese Pensjonistlag
Oma Kvinne- og familielag
Øystese Kvinne- og familielag
Vikøy Sokneråd Øystese Røde Kors Øystese Sanitetslag
Fykse Sanitetslag
Buspareklubben
Lions Club Strandebarm
Kvam Soge- og kulturminnelag
Ålvik Pensjonistlag
Arbeidstakarorganisasjonane
Strandebarm Pensjonistlag
Grannehjelpa har gode kontor- og møtelokale sentralt i Norheimsund. Alle tilsette har eigne kontor. I tillegg til sofagruppe i foajeen, er det 2 møterom: møterom i 1. etasje med plass til inntil 15 personar. Møterom i 2. etasje inntil 30. Begge møteromma er utstyrte med projektor og lerret.
Grannehjelpa disponerer hovudetasjen i Gamleskulen på Norheim til meir plasskrevjande aktivitetar og utleige. I 2024 har Gamleskulen berre vert brukt til ein fast dagaktivitet i veka. På ettermiddagstid/helg er
Gamleskulen ofte brukt. Både av lokale lag og organisasjonar, men også til private samlingar. Grannehjelpa sjølve har hatt nokre samlingar på Gamleskulen i 2024. Me nytta oss av lokalet både under KvammaVeko, Datakurs for eldre og ein kurskveld i samarbeid med Demensforeininga i Kvam: «Korleis snakka med menneske med demens». Grannehjelpa sine digitale møterom i Whereby, etablert i 2020 i samband med koronapandemien, er no mindre nytta.
Facebook-gruppa «Møteplassen Grannehjelpa» har vore mindre i bruk, men turgruppene Fotalaget og Trakkatrimmen legg ut bilete frå dei vekentlege turane sine der.
Grannehjelpa ynskjer mange deltakarar, og å leggja til rette for gode møte mellom menneske. Tal deltakarar er ikkje systematisk registrert, men alle frivillige vert registrert i datasystemet vårt, InVi Her loggar me også frivillige oppdrag og timar.
Grannehjelpa er ein av 546 frivilligsentralar i Noreg. Sentralen vert drifta i tråd med eigne vedtekter, har som føremål å styrkja den frivillige innsatsen i Kvam og stimulera grupper og einskildpersonar til å delta i frivillig arbeid gjennom å driva frivilligsentral.
Grannehjelpa koordinerer aktivitetar på eldreinstitusjonar i nær heile kommunen.
Tiltaka vert gjennomført i samarbeid med ulike lag og organisasjonar, tilsette på institusjonane og einskilde frivillige. Me har jamleg møte med dei frivillige og leiarane for institusjonane.
Dei frivillige har vore med på aktivitetar på Mikkjelsflaten, Toloheimen (både i 2 etasje RE/BE og 3. etasje Gr. 3 Vest og Firkløveren), Tolo omsorg og Strandebarm omsorg.
På Strandebarm omsorg har det vore kafé ein gong i månaden. I tillegg har dei hatt kaffikos på stova eit par gonger i året.
Torsdagstrimmen har vore særs populær – det er trim for heimebuande som kjem til Strandebarmsheimen og trimmar med påfølgjande middag. Songandakt har vore halde ca. 1 gong i månaden. «Karalag» har vorte omgjort til «Måndagstreff», då damene også gjerne ville vera med på dette treffet.
På Tolo omsorg møtast Karalag 2 gongar i månaden. Karane tek med seg kaffimat medan kaffien vert laga på huset. Dei frivillige hentar og bringer bebuarar frå Toloheimen som vil vera med.
Me kan og nemna handlevogna som frivillige går rundt med på Mikkjelsflaten annakvar veke og kvar veke på Strandebarm omsorg. Dette er kjærkome for bebuarane som både får besøk og høve til å handla
Det vert arrangert Trivselskafé og songstunder på Tolo omsorg ein gong i månaden og vår gode pianist har hatt pianostund på alle avdelingar.
Dei frivillige stovegjestene på Mikkjelsflaten har hatt ulike aktivitetar som bingo-kveldar, velvære på stova, turgåing eller manikyr. Dei har faste song- og lesestunder. I fjor haust starta dei opp ei «Karaprat»-gruppe på
Mikkjelsflaten. Dette fungerte bra ein periode, men pga mangel på frivillige vart det lagt litt på is på slutten av året. «Strikk og Drøs» er også ein viktig aktivitet for bebuarane på Mikkjelsflaten. Det er ikkje alltid det vert så mykje strikking på bebuarane, men praten flyt godt.
Tysdag 25. juni 2024 stod ungdomshuset
Dalatun i Steinsdalen pynta til fest med blomar og flagg Flotte frivillige danna ein stor og glad velkomstkomité som tok imot gjester frå Øysteseheimen, Mikkjelsflaten, Toloheimen og Tolo omsorg. Nokon kom med familie eller pårørande, andre kom saman med tilsette i heradet. Hardanger Taxi var behjelpeleg med å frakta gjestene både til og frå festen. I år var blomane sponsa av Spar Norheimsund og Gimle Gartneri. Borda var plasserte slik at det i midten var plass til ein svingom for dei som ynskja det.
På menyen stod nydeleg betasuppe frå Heidi Helgheim og gode kaker frå Hardanger Bakeri. Dyktige frivillige sørgde for god stemning. Før og etter middag vart det spela musikk frå ekteparet Ugletveit. I tillegg, kom systrene Gjerdevik og song.
Festen er ein årviss tradisjon som starta opp i 2011 og er avhengig av rause sponsorar og frivillige som står i bresjen. Arrangementet var godt organisert og gjennomført. For både gjester og frivillige er dette ein dag som handlar om å dela gode opplevingar i
fellesskap og me takkar alle som bidrog til ein flott sumarfest!
Språktreff
I 2024 har Språktreff gått som vanleg. Aktiviteten er etter kvart veletablert, og har fast tid kvar veke i biblioteket i Norheimsund. Ein trufast gjeng frivillige byter på å ha ansvaret, og førebur eit tema for kvar gong.
Målet med treffa er å skapa ein møteplass der dei som lærer seg norsk skal få praktisera språket, møta norskspråklege sambygdingar, og bli kjende med norsk samfunn og kultur. Me synest også det er viktig å ha gode opplevingar saman, og syna kva moglegheiter og tilbod som finst i lokalmiljøet vårt.
Då me fekk innvilga midlar frå Norges Frivilligsentraler i 2024, brukte me difor ein del av desse på ei flott sommaravslutning på Bjørketeigen gard. Dei fleste som var med, kjende ikkje til garden på førehand På garden, fekk me læra om gardshistoria, smaka på norsk tradisjonsmat, og sjå gamle arbeidsverktøy. Overraskinga var stor då mange kjende att ulike reiskapar frå eigne heimland, noko som sette i gang engasjert samtale, og mykje latter.
Resten av tilskotet, nytta me til å laga kveldsmat på eit av dei ordinære Språktreffa våre. Dette viste seg å vera eit fint samlingspunkt, og fekk verkeleg praten til å gå. I staden for å dela oss inn i mindre grupper, som me plar, sat alle saman rundt eit langbord, og måtte senda ulike matvarer fram og tilbake. Det heile vart både lærerikt og veldig hyggjeleg.
Me arrangerte familiedag i lag med Fartøyvernsenteret den 4. februar i 2024. Familiedagen var ein suksess, der me fekk introdusera familiar for kvarandre, fekk dei til å leika saman, løysa oppgåver og bli kjent med kvarandre. Etter familiedagen fekk me kopla fire vennefamiliar. Me fekk kopla fleire, og resultatet var 9 av 10 koplingar.
Formålet om å bygga nettverk, praktisera språk og læra om ulike tema har vore vellykka. Fleire vaksne har uttrykt glede over å møta kjente ansikt i butikken eller på gata. Det er tydeleg at prosjektet har bidratt til å styrka tilliten mellom deltakarane, og innvandrarfamiliar med det norske samfunnet.
Tilbakemeldinga var at i tillegg til koplingar, må me skapa fleire trygge møteplassar der folk kan møtast, bli kjent med kvarandre, og bygga gjensidig tillit og fellesskap. Då blir det lettare å rekruttera fleire til å vera med.
Prosjektet var støtta av Sparebankstiftinga Hardanger og Gjensidigestiftelsen i 2024. Me fekk midlane i 2023 til 2024 I 2024 brukte me masse tid på å søka nye midlar til prosjektet.
Me fekk ikkje midlar i 2024 og avslutta prosjektet i desember.
Prosjektet har jobba med barnefamiliar, men det har vore vanskeleg å kopla familiar med ungdomar og besteforeldre. Grannehjelpa har jobba i lag med Utekontakten og etablerte «Jentebasen». I tillegg jobba me med Øystese sanitetslag og etablerte Kvam Internasjonale Kvinnegruppe (KIK).
Kvam Internasjonale Kvinnegruppe (KIK)
Me starta KIK 16. oktober 2024 fordi mange kvinner fortalte oss at dei var einsame og saknar kvinnegruppa Grunnen til at mange kvinner med innvandrarbakgrunn har falle ut av samfunnet, er at dei ikkje er i introduksjonsprogrammet, nokon er arbeidsledige, kan for lite språk, er sjuke eller er for gamle. Med KIK ynskjer me å skapa ein trygg møteplass for kvinner med innvandrarbakgrunn og etnisk norske kvinner, hjelpa innvandrarkvinner til å bli kjent med lokalsamfunnet, utvida nettverket sitt, fremja mangfald og inkludering og jobba med kvinnehelse
Me har workshop rundt forskjellige tema, språkpraksis, deler informasjon om forskjellige aktivitetar og organisasjonar, handarbeid, kvinnehelse, og markerer FN-dagar
Prosjektet fekk støtte frå Sparebanken Vest.
Bygdemødre
Bygdemødre i Kvam var ei gruppe beståande av 11 frivillige kvinner – alle med minoritetsbakgrunn – som hadde som mål å hjelpa andre kvinner og familiar som kjem til Kvam til rette i samfunnet Gruppa var ein del av paraplyorganisasjonen Bydelsmødre. Prosjektet starta opp i 2020, men var inaktivt i både 2023 og 2024 Under eit møte med kvinnene i september vart det vedteke at prosjektet skulle avsluttast, og det lokale laget leggjast ned. Kvinnene som var involvert i prosjektet var likevel samde om at dei gjerne
vil halda fram med å hjelpa til, og ynskjer å bli kontakta om oppdrag som er relevante for deira ekspertise.
KvammaVeko
KvammaVeko er ei markering av Verdsdagen for psykisk helse, arrangert for ellevte gong i 2024 Markeringa er årleg eit stort løft for Grannehjelpa Tema for 2024 var: Me treng å snakka meir saman. #gje8minutt.
Som tidlegare år, har arbeidsgruppa vore samansett av representantar frå Grannehjelpa, Kvam herad og Mental Helse Kvam, samt einskilde frivillige. Det har vore stort engasjement og vilje til å gjennomføra arrangementet og KvammaVeko 2024 var vellukka.
Gratisprinsippet er viktig for oss som arrangør; økonomi skal ikkje vera eit hinder for deltaking. Me rettar difor ei stor takk til alle som har sponsa KvammaVeko gjennom å kjøpa annonsar.
Torsdag 5. desember 2024 arrangerte Grannehjelpa ei fering av FN sin internasjonale dag for frivillig arbeid. Me hadde i utgangspunktet tenkt at dette arrangementet skulle vera på Gamleskulen, men pga mange påmeldte måtte me flytta arrangementet til amfisalen på Kvam ungdomsskule Det var godt over 50 personar som var med oss denne kvelden. Dette året var me særs heldige då Folkeakademiet Kvam både sponsa sjølve festen og føredragshaldar. Me avslutta kvelden med basar med flotte vinstar som var sponsa av lokalt næringsliv, samt ein frivillig sponsor.
Gjennom Ung Fritid får born og unge i alderen 11-18 år tilbod om gratis aktivitetar i sumarferie, haustferie og vinterferie.
Tiltaket er eit samarbeid mellom Kvam herad, Grannehjelpa og lokale frivillige lag og organisasjonar. Grannehjelpa deltek i arbeidsgruppa som planlegg og gjennomfører aktivitetar. I år klarte Grannehjelpa å skaffa ekstra midlar til Ung Fritid. Me fekk støtte både frå Sparebanken vest og Stiftelsen Ulvsnesøy Skolehjem. Dette førte til at me fekk laga til både «Bygdasjau» til ungdomar og «Bygdaskoi» til familiar. To vellukka arrangement der Grannehjelpa var med på både planleggings- og gjennomføringsfasen. Dette er eit kreativt og godt samarbeid der me bidreg med idear til aktivitet, samt frivillige til ulike arrangement. Alle aktivitetar var gratis.
Etter initiativ frå 2 ungdomar søkte Grannehjelpa om midlar til eit «Jentebase»prosjekt, der jenter frå 13-20 år kunne møtast jamleg, ein trygg møteplass med trygge vaksne. Der dei også kunne ha fokus på psykisk helse, inkludering, og verta kjend med ulike lag og organisasjonar i heradet vårt. Me fekk 72 000,- til dette prosjektet frå LNU (Landsrådet for Norges barn og ungdommar). Det blei eit samarbeidsprosjekt saman med Utekontakttenesta i Kvam herad. Jentene har møttest kvar måndag frå september til desember. Dei har hatt gjester på besøk som td. Pappillion frå Bergen, og helsesjukepleiar. Dei har vore å testa ulike aktivitetar som td. Klatreklubben i Kvam. Dei har vore på byturar og avslutta prosjektet med ein hyttetur. Dette har vorte ein trygg møteplass for mange jenter med ulik etnisk bakgrunn. Dette er ungdomar som Utekontakten ikkje møter på andre arenaer
Ungjobb har som føremål å gje sumarjobb til ungdom i alderen 13-16 år. I perioden frå mai til oktober delte 9 ungdomar på arbeidet med å halda sentrum av Norheimsund reint og fint. Alle utførte si oppgåve på aller beste måte. Tiltaket er initiert og finansiert av Norheimsund Næringslag.
Turgruppene Fotalaget, Karatrakk og Trakkatrimmen har halde fram også i 2024. Kvar gruppe har eigne frivillige turleiarar som
kvar veke, i all slags vêr, tek med seg turglade vaksne ut på tur i nær heile kommunen. Trim og mosjon er viktig, men det sosiale aspektet er kanskje endå viktigare. Kvam Turlag er god samarbeidspartnar her, og bidreg mellom anna med midlar til annonsering i avisa og kjøp av naudsynt utstyr
Ein turglad gjeng utanfor Bjørnafjorden Hotell
I mai arrangerte turgruppene ein fellestur til Arboretet i Bergen Her stilte ein av turleiarane i Karatrakk opp som guide, og det var mogleg å gå både lange og korte turar. På heimveg, køyrde me gjennom Os, der me fekk servert middag på Bjørnafjorden Hotell. Vår trufaste samarbeidspartnar, Kvam Turlag, sponsa leiga av buss, annonsering i HF, samt middagen til alle turleiarane. Med slik
økonomisk stønad kunne me tilby heile turen til ein svært snill pris til alle dei andre deltakarane. Både personar med og utan tilknyting til turgruppene deltok. Til saman var 41 personar med.
HLF Kvam sine likepersonar har også dette året gitt gratis høyrselhjelp Ein likeperson er til stades på Grannehjelpa den fyrste og tredje torsdagen i månaden. Dei har også lageret sitt på Grannehjelpa, og det er mogleg å kjøpa batteri og anna utstyr i opningstida. Laget har elles Grannehjelpa som fast møtelokale for si interne møteverksemd.
I 2024 har det vore litt endringar i Høyrselhjelp-ordninga. Det har vorte utdanna to nye likepersonar, og vår trufaste Høyrselhjelpar Reidar Kvandal, gjekk av med
pensjon etter mangeårig teneste. Reidar har vore ein bauta i Kvam Høyrsellag i ei årrekkje, og det er nok få som har strekt seg like langt som han i si teneste til andre. Han har teke i mot oppdrag langt utanfor kontortida, og reist rundt i heile kommunen for å hjelpa med høyreapparat. Etter han hadde site si siste vakt, var det difor på sin plass å takka han av på skikkeleg vis. Kvam Høyrsellag og Grannehjelpa tok han med på Sjøhuset, der det vart servert høge rekesmørbrød og eplemost i stetteglas. Me takkar Reidar for den enorme innsatsen. Tusen takk!
Tematreff i Torefjell
Tematreff i Torefjell er eit tilbod om sosiale og interaktive aktivitetar på internett kvar torsdag. Treffa kan vera kulturarrangement, føredrag og kurs, matlaging, trening eller sosialt samkome. Aktiviteten starta som eit prosjekt under koronapandemien i 2020, og har sidan vore ein fast aktivitet, særleg retta mot dei som ikkje så lett kan koma seg ut Folkeakademiet Kvam støttar aktiviteten med økonomiske tilskot.
Programkomiteen som organiserer og gjennomfører sendingane er sett saman av engasjerte frivillige, samt tilsette ved Kvam bibliotek og Grannehjelpa
I 2024 har me hatt 17 sendingar. Dette er nokre færre enn tidlegare år. Arbeidsgruppa
var samde om å korta ned på sesongane, då sjåartalet har ein tendens til å gå litt ned i dei periodane det er lyst ute på kveldstid.
Dette året har me også investert i nytt teknisk utstyr: PC, kamera, mikrofonar, og høgtalar. Me såg dette som naudsynt då me har opplevd litt tekniske problem siste halvår i 2024 Det var også eit poeng å auka kvaliteten på både bilete og lyd, og å gjera frakta av utstyret så lett som mogleg.
Sjåartala er framleis gode med mellom 10-20 unike innloggingar kvar gong. Me veit at mange sit fleire bak same skjerm, så desse tala kan nesten doblast om ein skal rekna reine sjåartal.
Lions-klubbane i Norheimsund og Strandebarm har samarbeid om strøsand. Grannehjelpa tek i mot og vidareformidlar bestillingar. Representantar frå Lions leverer til eldre, uføre eller andre som har behov.
I samarbeid med Kvam LHL arrangerte me hausten 2024 «Datakurs for eldre». Her var målet å nå eldre som har behov for å styrka sin digitale kompetanse og digitale deltaking. Kvam LHL hadde fått stønad frå landsorganisasjonen for å skipa til dette kurset. Eirik Kvarv var kursleiar. Grannehjelpa stilte med minst to frivillige under kvar samling. Dei hadde til saman 6 samlingar og det var mellom 8-10 kursdeltakarar. Kurset vart evaluert i etterkant. Kursdeltakarane var særs nøgde med kurset – og fleire ynskte å delta på fleire slike kurs.
Korleis snakka med menneske med
demens:
Den 27. august arrangerte Grannehjelpa saman med Demensforeininga i Kvam ein temakveld på Gamleskulen. Fleire av våre
frivillige som skipar til aktivitetar på dei ulike institusjonane i Kvam ytra eit ynskje om ein slik temakveld. Demensforeininga i Kvam stilte velvillig opp og ein tilsett med fagkompetanse hadde også ein bolk på denne temakvelden. Det var svært godt oppmøte. Over 30 stk. møtte opp på denne temakvelden.
Besøk
Hausten 2024 prioriterte dagleg leiar å besøkja ulike lag og organisasjonar rundt om i heradet. Dette for å driva informasjonsarbeid om Grannehjelpa. Men også for å høyra kva dei ulike laga driv på med, er opptatt av og evt. samarbeid rundt ulike prosjekt. Me var heldige og fekk reisa på besøk til; Ålvik Pensjonistlag, Øystese sanitetslag, Kvite band, Tørvikbygd pensjonistlag, Kvam Eldreråd og Øystese Kvinne og familielag. Me ser heilt klart at dette er ei viktig oppgåve som me også kjem til å prioritera i 2025.
Styret meiner at årsrekneskapen gjev eit rettvist bilete av stiftinga sine eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat Største bidragsytar er Kvam herad. Sentralen fekk i 2024 eit driftsoverskot på kr 166 383,-
Det var budsjettert med 140 000,- i underskot. Styret meiner føresetnaden for å
ÅRSREKNESKAP 2024 resultatsammendrag 2024 2023
Annen driftsinntekt 2 254 080 2 499 304 sum driftsinntekter 2 254 080 2 499 304
lønnskostnader 1 321 709 1 386 473
andre driftskostnader 812119 900135 sum driftskostnader 2 133 827 2 286 608 driftsresultat 120 253 212 696
annen renteinntekt 46 131 26 669
Årsresultat
Balansesammendrag
EIGEDELAR
omløpsmidler kunde fordringar 17 503andre fordringar 34 160 265 550
sum fordringar 51 663 265 550
investeringar
Odin rentefond 31 096 28 012 bankinnskot, kontantar 1 563 253 1 516 929
Sum omløpsmidler 1 646 012 1 810 492 sum eigedelar 1 646 012 1 810 492
Balanse
EIGENKAPITAL OG GJELD eigenkapital stiftingskapital 12 000 12 000
annan eigenkapital 1 371 507 1 205 123
sum eigenkapital 1 383 507 1 217 123
GJELD
kortsiktig gjeld
leverandørgjeld 34330 54 887 skyldig offentlege avgifter 98 645 72 758
annan kortsiktig gjeld 129 530 465 723 sum kortsiktig gjeld 262 506 593 368
sum gjeld og eigenkapital 1 646 012 1 810 492
halda fram med drifta er til stades. Stiftinga sin likviditet er god. Det er Azetz som har ført rekneskap. Revisor er Hardanger Revisjon AS. Grannehjelpa søkjer tilskot til tiltak og arrangement. Me har fått stønad frå fleire lokale frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv. Me har òg fått stønad hos Sparebanken Vest, Gjensidigestiftinga, Helsedirektoratet, Stiftelsen Ulvsnesøy Skolehjem, LNU, IMDI og Kvam herad til konkrete prosjekt. Me takkar for dette.
Salgs- og driftsinntekter
Sal/gåver/anna 73 000
Refusjon MVA 180 000
Driftstilskot Kvam Herad 1 440 000
Tilskot prosjekt 370 000 SUM inntekt 2 063 000 utgifter lønn 1 487 000 driftsutgifter
Husleige/lys/varme/reinhold 216 900 kontorhald
000 Inventar/utstyr 15 000 Revisor 30 000
500 Møte/aktivitet
000 Prosjektutgifter
000 telefon/porto 26 000
Reise /kurs tilsette 14 000
Reise frivillige 10 000
Marknadsføring 20 000 forsikring 20 000 div anna 26 250 SUM utgift 783 650 finans 46 800 inntekter 2 063 000 utgifter 2 270 650 Underskot - 160 850
Eldsjelprisen 2023 vart delt ut under Hardanger Trebåt- og Handverksfestival laurdag 15. juni. Prisen gjekk til Leif Johan Fonneland. Frå grunngjevinga: «Ein som alltid stiller opp, han tek initiativ og får med seg fleire på dugnadsarbeid»
Utdelinga av prisen ved representant frå kulturkontoret i Kvam herad Mary Ann Sørheim. Ein av gåvene han fekk var eit bilete av kunstnar Lina Lyngseth – og det var sjølvsagt eit bilete av Sandvenholmen.
Leif Johan er ein person som har vore nominert til prisen i fleire år. Han vert omtala som ein mann som gjer ting utan at nokon spør han om å gjere det. Han ser ting og gjer noko med det på eige initiativ til glede for andre og forhåpentlegvis for seg sjølv. Han gjer ting i det stille utan å søkje så mykje merksemd om eigen person. Men han er samstundes flink til å få folk med seg.
Det han har jobba med som har fått mest merksemd, er arbeidet som er gjort på Sandvenholmen. Her er det rydda og sett istand friområde med naust og troskjykkje. Det er lagt ned mange timar med dugnadsarbeid.
Men det er ikkje berre på Sandvenholmen at han har vore i aktivitet. Tolohagen vel har hatt glede av innsatsen hans i nærområdet der han bur. Han har rydda rundt Gamleskulen, ved Straumbrua og skråninga ned mot Sundsvik – og lista kunne vore lenger.
Mary Ann Sørheim frå Kulturkontoret i Kvam herad delte ut prisen saman med representant frå Sparebanken vest; Liv Turid Tømmervik og styreleiar i Grannehjelpa Frode Sandven. Leif Johan mottok ein diplom, bilete av kunstnaren LinaLyng og kr 5000,- frå Sparebanken Vest som vinnaren gjev vidara til eit lag eller ein organisasjon etter eige val
Du finn oss i Sandvenvegen 1B i Norheimsund
På nettsidene våre www.grannehjelpa.no finn du mellom anna informasjon om alle aktivitetane våre. Her kan du òg melda deg som frivillig. Me er sjølvsagt også på Facebook.
Kom gjerne innom oss i Grova for ein prat, eller ring eller send e-post.
Telefon 901 22 688 | 480 72 456
E-post: post@grannehjelpa.no