4 minute read

Korleis skape ei hyttebygd med låge avtrykk?– SIDE

Korleis skape ei nye uttrykk og lå

Berekraftig hyttebygging – er det mogleg?

Advertisement

Åseral kommune er ein typisk hyttekommune, med få fastbuande og mange deltidsinnbyggjarar. Utviklinga har gått frå å vere ei forsiktig, naturtilpassa utbygging av hyttefelt på 60/70-talet utan veg, vatn og kloakk, og hytter bygd på pilarar, til terrengtilpassing og flatsprenging av tomteområde. Hyttene har auka dramatisk i storleik og har full standard med veg, vatn og kloakk. Dei seinare åra har kommunen fått stadig meir kritikk for store naturinngrep og for å ta lite omsyn til naturen. Er det mogleg å kombinere hyttebygging og bærekraft?

Bortelid

Bortelid har i dag om lag 1500 fritidsbustader fordelt på hytter og leiligheiter, samt campingplass.

Midt i området ligg eit mindre, eldre skisenter med fem skitrekk. Det fins og butikk, ladestasjon/drivstoffstasjon og eit lite servicesenter i sentrumsområdet.

Bortelid har om lag 120 km skiløyper og turvegar, gapahukar, sykkelcross- og sykkelløyper, badestrand, sykkel- og kanoutleige, klatre/buldrevegg, minigolf, frisbeegolf, skiskytterarena, ljosløype og rulleskiløype. Langt inne i heia ligg Gluggen kafé som er open i helger, vinterferie og påske.

I kommunedelplan for Bortelid ligg det inne nye utbyggingsområde, samt mange område med potensiale for fortetting. Utviklinga har fram til nå vore tradisjonell, med lite fokus på bærekraft.

Reiseliv er ei svært viktig næring i Åseral kommune. Både kommunen og reiselivsaktørar i Bortelid har eit stort ynskje om at framtidig utvikling skal bli klimavenleg og berekraftig. Eit viktig skritt i rett retning er å endre fokuset i hyttebygginga frå tradisjonell til framtidsretta.

Gjennom Gnist-programmet ynskjer vi difor å utforske korleis vi kan bygge hytter med mest mogleg inngrepsfrie løysingar i ein sårbar natur. Kan vi få til å bygge hytter som er økonomisk konkurransedyktige, og som samstundes ivaretek den lokale identiteten i Bortelid? Og korleis kan utbygginga bidra til å skape møteplassar og fellesskap i lokalsamfunnet? Kva er GNIST?

Gnist er eit innovasjonsprogram for kommunar som vil jobba på nye måtar med steds- og næringsutvikling. Programmet gir kommunane ny kompetanse, metodar og verktøy for å ta tak i sine spesifikke utfordringar, og snu desse til moglegheiter med konkrete løysingar saman med innbyggarar og næringsliv.

Åseral, Lom, Vanylven, Sortland, Suldal, Nome, Sogndal/Luster/Aurland, Nore og Uvdal og Skjervøy er årets Gnistkommunar.

Desse blei valgt ut blant 32 søknader frå kommunar i heile landet. DOGA, Nordic Edge og Distriktssenteret stod for utvelgelsen i tett samråd med fylkeskommunane, som og bidrar med finansiering og støtte til dei utvalgte kommunene.

Gnist-kommunane får nå hjelp til å koble på design- og arkitekturkompetanse, og annan relevant kompetanse, for å avdekke moglegheiter og ressursar, og drive fram nyskapande og bærekraftige løysningar på viktige utfordringar.

Litt meir om utviklinga i Bortelid

Turistnæringa starta tidleg i Åseral. På 1890-talet vart Åseral Turisthotel bygd ved Lognavatn (ligg litt sør for Bortelid), og Åseral gjekk inn i ei storheitstid med mykje utanlandske turistar i bygda i sommarsesongen. Grunneigarar i Bortelid har på den måten vore nært knytt til turismen i generasjonar. Omtrent samstundes som dei fyrste hyttene kom i Bortelid vart det bygd hotell! I 1963 bygde Håkon Torsland Haakonseter, med bar, utandørs basseng og sjølvtråkka skiløyper.

Grunneigarane i Bortelid etablerte Borte -

Eit døme på ei tradisjonell utbygging med store inngrep.

hyttebygd med åge avtrykk?

Vi må ta meir omsyn til naturen og bevare Åseral sin identitet og bjellbygdas kvalitetar inn i framtida. Foto Lillian Lie

lid Utmarkslag i 1972, og med dette la dei grunnlaget for den store satsinga innan reiselivet i Bortelid. 50 år seinare held utmarkslaget fortsatt stand og har vidareutvikla seg ved å etablere BDU, Bortelid Drift og Utvikling. Banda er tette, relasjonen til hytteeigarane er sterk, og den lokale forankringa er tydeleg.

Tidene er imidlertid i ferd med å endre seg. Presset på naturen og aukande klimakrav, samt protestar frå hytteeigarane i området på at naturinngrepa er for store, har medført at utmarkslaget ynskjer å tenke nytt. Ikkje bare fordi ein må ta meir omsyn til naturen, men og for å bevare Bortelid sin identitet og kvalitetar inn i framtida.

Kva er målet med prosjektet i Bortelid

Det langsiktige målet er å designe framtidas Bortelid og få til ei meir usynleg utvikling i både uttrykk og avtrykk. Vi vil sette standarden for framtidas hytteutbygging!

Delmål • Åseral kommune skal vere ein foregangskommune innan berekraftig og innovativ hytteutbygging. • Konkurransedyktig økonomi for eit berekraftig alternativ • Minimale naturinngrep • «Smart» infrastruktur (kollektive transportløysingar, veg, VA, delingsøkonomi, fellesareal) • Stolthet og synleggjering av lokal identitet • Utvikle eit levande, mangfoldig og attraktivt lokalsamfunn med gode møteplassar

Kva skjer nå?

Det er i samarbeid mellom Åseral kommune og Bortelid Utmarkslag utarbeida eit konkurransegrunnlag som vart lagt ut med frist den 11. april. Det kom inn heile 15 tilbod. Kommunen og utmarkslaget står nå midt i den vanskelege jobben med å velje ut leverandør.

Prosjektet skal vere ferdig i oktober i år, og forventningane til prosjektet er skyhøge! Målet er at GNIST skal munne ut i fleire konkrete prosjekt.

«Nå håper vi at utanforståande kan hjelpe oss å løfte blikket, peike på bærekraftige løysingar og sjå innovasjonspotensialet i Bortelid! Me er interessert i å kome i kontakt med alle slags kompetansemiljø og aktuelle firma som har lyst til å samarbeide med oss når GNIST er ferdig. Det er bare å ta kontakt med oss!» seier planleggjar og kontaktperson Kari Røynlid.

Morgonstemning Bortelid. Foto: Eva Lie

This article is from: