5 minute read

Laftebyggmeistaren på Rysstad - Side

Laftebygg meistaren på Rysstad

Rysstad Laftebygg AS er ikkje blant dei største trevareprodusentane på Agder, men i Valle kommune betyr 15 arbeidsplassar mykje både for dei tilsette og lokalsamfunnet.

Advertisement

Verksemda blei starta i 1974 av Hallvard Rysstad, far til noverande eigar Knut Halvardson Rysstad, som tok over det heile i 1995. Då var det fem tilsette i verksemda.

– Som namnet fortel var det hovudsakleg lafting av hus og hytter bedriften dreiv med dei første åra, fortel Knut til Bolig maga sinet. – Etter kvart er det kome til nye pro dukt, og me har bygd ut verksemda med sag bruk, laftehøvleri, torv taklegging, møbel produksjon, tran sport, hyt te service og mykje anna. Stutt sagt; me tek oss av tøm mer stokken gjenom heile ver di kjeda – frå han blir teken ut av setesdalsskogen, han sama i eiga sagverksemd – og fram til bua, bade stampen, hytta eller huset står klar til bruk.

Knut starta i tømrarlære hos sin far i 1988 og fekk fagbrevet sitt i 1990. Tømrarmeistar blei han i 1995 og same år tok han over Rysstad Laftebygg.

Handverkstradisjonar Rysstad Laftebygg, som er mest kjent for sine laftebygg, har i dag 15 tilsette som alle er innstilt på å gjere ein god jobb og levere eit kvalitetsprodukt. – Det var lafta tømmerhytter og hus verksemda starta med i 1976. Framleis er det mange som ynskjer seg ei heilnorsk hytte eller eit hus med rot i dei lokale hand verktradisjonane, seier Knut. – Det meste av om setnaden på 19 millionar (2020) kjem frå denne delen av verk sem da vår.

Eige sagbruk Frå sag bruket på Rysstad er det fyrst og fremst laftetømmer det gjeng i, men det kjem også kledningsbord, reis verk, dreide stolpar og andre spesialprodukt frå verk semda, både for sal til handverkarar og sjølvbyggjarar, men det meste blir nytta til eige bruk.

– Mest alt av trevirket blir henta frå lokale leverandørar, men stokken som skal nyttas til laftig må halde eit toppmål på minst 30 centimeter. Dette gjer det av og til naud synt å sjå litt utanfor setesdalskogane òg. Tøm meret til laftebygg treng også lang tørketid i friluft. Eit år eller meir er ikkje uvanleg...

Bedriften har sitt eige flishoggeri og nyt tar flisa til opp var ming av produksjonslokalane. Halv parten av energibehovet blir dekka med rest trevirke frå flisproduksjonen, resten blir henta frå andre flisprodusentar rundt om på Sør landet.

Modellverkstad Rysstad Laftebygg AS tok for nokre år til bake over Valle Modellverksted, ei verk semd som blei starta i 1975 av Kristiansand Jern støperi AS og overteke av dei tilsette i 2011. Her blei det frå starten hovudsakleg produsert mo del lar for jernstøyperiet i Kristian sand. Sei nare blei det glassfiber produkt, møblar og andre trearbeider. – Våre dyktige tilsette har kom pe tanse på modellbygging og me leverer model lar i tre og plast på bestilling, fortel Knut. – Her pro duserer vi både bade stam par både med og

– Tak kon struk sjonane i våre laftebygg er sjølvsagt berekna for torv, og hyttekjøparen treng ikkje engste seg for kvali teten. Knut H. Rysstad utan tak, gapahuk, hytteanneks, søppelskur, reid skaps buer, vente skur til busshaldeplassane i heile Setesdal. Vi på tek oss òg å utarbeida prototypar og mindre seriar. Tek du ein tur oppover dalen er det ikkje vanske leg å få auge på nokre av våre sermerkte produkt!

Hyttetomter Rysstad Laftebygg har omlag 30 hyttetomter rundt om i Valle. Til ein del av desse er vegen ferdig lagt til tomta, mens andre har moglegheit for veg. – Me er opptekne av at hyttene blir tilpassa terrenget og håper sjølvsagt at flest mogleg veljer ei laftehytte, men dette er ikkje eit krav for å kjøpe ei av våre tomter. Det er berre å ta kontake, så finn me både tomta og ein hyttemodell som passar inn i naturen.

Rysstad Laftebygg har bl. a. eit hyttefelt ved Sigurdsvatn, litt innafor Brokke ski senter. – Feltet ligg ved Suleskarvegen om lag ti kilometer frå Rysstad. Av 13 tomter er det berre fem tilbake. På staden skal me i gang med ei hytte som skal stå ferdig til som maren. Me har også ledige tomter i Rysstadkleivi og Jans Verk. Begge i Valle kommune. Tomtene seljer me utan byggjeklausul. Men me har god kapasitet til å ta oss av alt frå planleggjing byggjesøknader, grunnarbeider og sjølve byggjeoppdraget –med eller utan laft i vegger og tak!

God komfort – Me nyttar berre dei beste råvarer og kom bi nerer dei gamle hand verkstradisjonane med mo der ne produksjonsutstyr og verktøy. Vik tig er det sjølvsagt å sør g je for at kundane får det dei vil ha. Den som kjøper eit laftebygg frå Rysstad skal heller ikkje vere bekymra for hverken kvali tet eller komfort. Eit nytt laftebygg med torvtak er like ener gi gjerrig som andre moderne bustad bygg! Knut legg til at dei også leverer både hytter og hus med meir moderne reis verk. – Og det er alltid kundens ynskje som er vik tigast for oss, seier han.

Torvtak Skal du byggje på fjellet vil eit torvtak ofte bli krona på verket. Knut er stolt av at dei er med på å ta vare på denne tradisjonen også. Torvtaket ivaretek dagens krav til iso la sjonsevne og er haldbart på linje med tegl dekte tak. – Vi har god erfaring frå leve ran sar gjenom fleire år og har sett at taket held det vi har lova, seier han. – Det er viktig å få fram at eit laftebygg også treng god tak tyngde for å hale seg tett når temperaturen endrar seg når trevirket arbeider mellom årstidene. Tak kon struk sjonane i våre laftebygg er sjølvsagt berekna for torv, og hyttekjøparen treng ikkje engste seg for hverken kvali tet eller haldbarhet.

Over trevirket legg dei ein heilsveisa mem bran som sørgjer for å halde fukta på den rette sida. – Vi nyttar jord frå avfallshandteringsanlegget på Støleheia og legg jorda i trerammer før vi sår det heile til med frø som passar til naturen rundt hytta. Så er det berre for hytteeigaren å passe på at taket ikkje tørkar ut eller at vinden øydelegg for mykje, avsluttar han..

This article is from: