Boligmagasinet nr. 1 2022

Page 28

Laftebyggmeistaren på Rysstad Rysstad Laftebygg AS er ikkje blant dei største trevareprodusentane på Agder, men i Valle kommune betyr 15 arbeidsplassar mykje både for dei tilsette og lokalsamfunnet. Verksemda blei starta i 1974 av Hallvard Rysstad, far til noverande eigar Knut Halvardson Rysstad, som tok over det heile i 1995. Då var det fem tilsette i verksemda. – Som namnet fortel var det hovudsakleg lafting av hus og hytter bedriften dreiv med dei første åra, fortel Knut til Boligmagasinet. – Etter kvart er det kome til nye produkt, og me har bygd ut verksemda med sagbruk, laftehøvleri, torvtaklegging, møbelproduksjon, transport, hytteservice og mykje anna. Stutt sagt; me tek oss av tømmerstokken gjenom heile verdikjeda – frå han blir teken ut av setesdalsskogen, hansama i eiga sagverksemd – og fram til bua, badestampen, hytta eller huset står klar til bruk.

Knut starta i tømrarlære hos sin far i 1988 og fekk fagbrevet sitt i 1990. Tømrarmeistar blei han i 1995 og same år tok han over Rysstad Laftebygg. Handverkstradisjonar Rysstad Laftebygg, som er mest kjent for sine laftebygg, har i dag 15 tilsette som alle er innstilt på å gjere ein god jobb og levere eit kvalitetsprodukt. – Det var lafta tømmerhytter og hus verksemda starta med i 1976. Framleis er det mange som ynskjer seg ei heilnorsk hytte eller eit hus med rot i dei lokale handverktradisjonane, seier Knut. – Det meste av omsetnaden på 19 millionar (2020) kjem frå denne delen av verksemda vår. Eige sagbruk Frå sagbruket på Rysstad er det fyrst og fremst laftetømmer det gjeng i, men det kjem også kledningsbord, reisverk, dreide stolpar og andre spesialprodukt frå verksemda, både for sal til handverkarar og sjølvbyggjarar, men det meste blir nytta til eige bruk.

– Mest alt av trevirket blir henta frå lokale leverandørar, men stokken som skal nyttas til laftig må halde eit toppmål på minst 30 centimeter. Dette gjer det av og til naudsynt å sjå litt utanfor setesdalskogane òg. Tømmeret til laftebygg treng også lang tørketid i friluft. Eit år eller meir er ikkje uvanleg... Bedriften har sitt eige flishoggeri og nyttar flisa til oppvarming av produksjonslokalane. Halvparten av energibehovet blir dekka med resttrevirke frå flisproduksjonen, resten blir henta frå andre flisprodusentar rundt om på Sørlandet. Modellverkstad Rysstad Laftebygg AS tok for nokre år tilbake over Valle Modellverksted, ei verksemd som blei starta i 1975 av Kristiansand Jernstøperi AS og overteke av dei tilsette i 2011. Her blei det frå starten hovudsakleg produsert modellar for jernstøyperiet i Kristiansand. Seinare blei det glassfiberprodukt, møblar og andre trearbeider. – Våre dyktige tilsette har kompetanse på modellbygging og me leverer modellar i tre og plast på bestilling, fortel Knut. – Her produserer vi både badestampar både med og


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.