Boligmagasinet nr. 3 2021

Page 20

Velkomen til Åseral er ein vasskraftkommune med store hei- og fjellområde og har eit samla areal på 887,5 km2. Kommunen grenser til Hægebostad og Kvinesdal i vest, til Bygland og Evje og

Hornnes i nord og aust, og til Lyngdal i sør. Det er for tida omkring 920 fastbuande i Åseral. I tillegg har kommunen fleire hytteområde som gjer at folketalet i periodar er tidobla.

Minne kultursenter

Idrett og kultur

Eit av dei viktige møtepunkta i Åseral er Minne kultursenter. Her er det aktivitet gjennom heile året. Mange flotte utstillingar kan du vitje og du kan også få noko å bite i. Åseral har gjennom dei siste åra satsa mykje på filmatisering av viktige hendingar i historia. Siste tilskot i rekka av dokumentarfilmar omhandlar utvandringa til Amerika. Ulike kulturminne i kommunen er òg dokumentert med film gjennom nokre «kulturminnesnuttar». Alt dette kan du sjå dersom du vitjar Minne kultursenter.

– Vi har også eit flott anlegg ved skulen i Åseral med moglegheit for mange ulike aktivitetar, fortel Odd Helge Liestøl, einingsleiar service, reiseliv og kultur, til Boligmagasinet. – Her er det kunstgrasbane, friidrettsbane, volleyballbane, berre for å nemne nokre. Fleirbrukshall, treningssenter og symjehall er og plassert i same området for trening innandørs. Kulturlivet elles er også rikt i Åseral. Mange ulike lag og foreiningar gjer at det alltid er noko å finne på.

Åseral er blitt ein kjend arena for ulike festivalar og marknader. Eikerapen Roots Festival, Høyt & Vilt i Eikerapen, og Haustmarknaden i Bortelid er dei tre største. Her kjem det fleire tusen menneske kvart år på dei ulike arrangementane. Det er med andre ord liv og røre i Åseral gjennom året.

Ljosland gjer at du som tilreisande kan handle naudsynte matvarer når du treng det. I tillegg har vi bensinstasjon og industri & landbruksservice i Kyrkjebygd og drivstoffpumper i Bortelid. For ikkje å tale om «Oppas hus» som frivilligsentralen driv i sentrum. Her kan du få kjøpt det meste av brukte varer.

Handel Ulike festivalar og marknader Butikkane i Kyrkjebygd, Bortelid og

Eit av dei viktige møtepunkta er Minne kultursenter.

Overnatting

– Dersom du ynskjer overnatting har vi Eikerapen Gjestegard og Ljosland Fjellstove kor du kan få deg ei god seng og eit godt måltid. Eikerapen Gjestegard kan i tillegg by på guida turar inn til Lordehytta (det meste av vegen i båt) samt ein ridetur eller kanefart i Eikerapen. På Ljosland fjellstove kan du smake på mange ulike kortreiste og lokalproduserte produkt.

Vintersport Åseral har tre vintersportsstader med alpinanlegg og milevis med oppkøyrde skiløyper. Desse finn du i Bortelid, Eikerapen og på Ljosland. Alle desse er knytt til hyttefelt kor det sjølvsagt er mogleg å få seg ei hytte – om enn for berre nokre dagar.

Fjellturar Det er ikkje berre vintertid du kan ta turen inn i fjellheimen i Åseral. – Vi kan tilby mange merka turstiar for vandring om sommaren, opplyser Liestøl. – Frå Åseral er blitt ein kjend arena for ulike


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.