KURSKATALOG AUTISMETEAMET Spesialpoliklinikken Psykisk helsevern for barn og unge Haust 2014 & V책r 2015
For kontakt ang책ande kurskatalog, send e-post til: rmb_hbepbu_autist@ihelse.net ( rmb_hbepbu_autist@ihelse.net)
2
INNHALD: KURS FOR FORELDRE: Kurs 1: Grunnkurs om autismespekterforstyrringar, foreldre ....
s. 3
Kurs 2: Grunnkurs i tilrettelegging for Asperger og ASF, foreldre
s. 4
Foreldreprogram
s. 18
KURS FOR FAGFOLK: Kurs 3: Grunnkurs om autismespekterforstyrringar, fagfolk
s. 9
Kurs 4: Grunnkurs i tilrettelegging for Asperger og HFA, fagfolk
s.5
Kurs 10: Autismespekterforstyrringar og psykiske lidingar, fagfolk
s.12
Kurs 11: Autismespekterforstyrringar og utfordrande åtferd, fagfolk
s.13
Kurs 13: "Jeg er noe helt spesielt" - psykoedukasjonsprogram, fagfolk
s. 15
Ulike netttverk
s.17
KURS FOR BÅDE FORELDRE OG FAGFOLK: Kurs 5: Tilrettelegging for førskulebarn, foreldre/ fagfolk
s. 6
Kurs 6: Workshop i opplæringsteknikkar for førskulebarn, foreldre/ fagfolk
s. 7
Kurs 7: Sosiale historier, foreldre/ fagfolk
s. 8
Kurs 8: Utfordringar omkring seksualitet for barn og unge som har ein diagnose innan autismespekterforstyrringar, foreldre/ fagfolk
s. 10
Kurs 9: KAT-kassen, foreldre/ fagfolk
s. 11
Kurs 12: PECS, alternativ og supplerande kommunikasjon, foreldre/ fagfolk
s. 14
Kurs 14: Autisme og helse, foreldre og fagfolk
s. 16
INFORMASJON: Informasjon om opplæringspenger for foreldre
s. 19
Påmelding og generell informasjon
s. 20
Påmeldingsskjema
s. 21
Informasjon om Autismeteamet
s. 23
3
KURS 1. Grunnkurs om autismespekterforstyrringar Diagnose og forståing av barnet sine vanskar For foreldre/ føresatte. Barn med autismespektrumsforstyrringar har ulike vanskar med å forstå og oppfatte på same måte som andre. Dette har samanheng med deira vanskar knytt til sosial kompetanse og kommunikasjon. Barn med autisme har også sine sosiale og kommunikative moglegheiter for forståing. Kvardagen kan ofte vere prega av misforståingar og konfliktar som skuldast at barna tenkjer og oppfattar annleis enn andre. Kurset vil gi grunnleggande kunnskap om diagnose og forståing av barnets vanskar. Det vil også bli gitt orientering om lover og støtteordningar ved representant frå NAV. Autismeforeining (brukarorganisasjon) vil gi informasjon om deira tilbod.
Målgruppe: Kursansvarleg:
Foreldre/pårørande til barn med autismespekterforstyrringar Psykologspesialist Elin Antoniussen og fagkonsulent Eli Wulf
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 15:00
Tal på plassar:
30
Pris:
Kr. 100,-
Stad:
Lærings – og meistringssenteret i Bergen, Adr: Ulriksdal 2.
Haust 2014: Dato:
10.09.14
Påmeldingsfrist:
29.08.14
Vår 2015: Dato:
13.01.15
Påmeldingsfrist:
13.12.14
4
KURS 2. Asperger syndrom/høgt fungerande autisme i familien? Korleis leggje til rette for ein enklare kvardag? For foreldre/ føresette Kurset vil ha fokus på grunnleggande kunnskap om tilrettelegging, visuelle verktøy og andre pedagogiske reiskapar og metodar som kan brukast for å kompensere for nokre av barnet sine vanskar i kvardagen. Vi ønskjer å gi mange praktiske eksempel på ulike hjelpemiddel/verktøy og metodar som kan vere til hjelp for å handtere desse utfordringane. På kurset vil vi gi eksempel på anbefalte hjelpemiddel/ verktøy for god tilrettelegging for menneske med autismespekterforstyrringar. Vi ønskjer blant anna å vise korleis struktur og organisering kan gi barnet ein meir føreseieleg kvardag og oversikt, og skape auka sjølvstende og fleksibilitet. Vi ønskjer også å gi eksempel på metodiske tilnærmingar/ strategiar som vil fremme og stimulere kommunikasjon, sosial utvikling og førebyggje utfordrande åtferd. Målgruppe:
Foreldre/føresette til barn i skulealder med Asperger syndrom eller høgt fungerande autisme.
Kursansvarleg:
Fagkonsulentane Marlin Haarstad og Unni Sagstad
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 15:00
Tal på plassar:
30
Pris:
Kr. 100,-
Stad:
Lærings – og meistringssenteret i Bergen, Adr. Ulriksdal 2.
Haust 2014: Dato:
12.09.14
Påmeldingsfrist:
12.08.14
Vår 2015: Dato:
29. og 30.01.15 NB ! kurset går over 2 dagar våren 2015.
Påmeldingsfrist:
22.12.14
5
KURS 3. Grunnkurs om autismespekterforstyrringar Diagnose og forståingsvanskar/moglegheiter For fagfolk/ opplæringspersonale. Kurset rettar seg mot fagfolk som er nye innan autismeområdet og vil gi grunnleggande kunnskap om kva som kjenneteiknar barn med diagnosar innan autismespekteret. Dei tre kjerneområda innan autismeproblematikk vil bli belyste og det vil bli tilvist til teoriar om kva problema skuldast. Hovudfokus vil vere på dei forståingsvanskane og moglegheitene menneske med autismespekterforstyrringar har.
Målgruppe:
Fagfolk/ opplæringspersonale som arbeidermed barnogungdommed autismespekterforstyrringar.
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 15:00
Tal på plassar:
30
Pris:
Kr. 500,-
Stad:
Haukeland hotell, Storsalen
Haust 2014: Dato:
16.09.14
Påmeldingsfrist:
29.08.14
Kursansvarleg:
Fagkonsulent Eli Wulf og psykolog Stine Mjåtvedt
Vår 2015: Dato:
05.02.15
Påmeldingsfrist:
05.01.15
Kursansvarlig:
Fagkonsulent Eli Wulf og psykologspesialist Kjellaug Grøsvik
6
KURS 4. Grunnkurs om tilrettelegging, visuelle verktøy og metodiske tilnærmingar, for skulebarn med Asperger syndrom/ høgt fungerande autisme. For fagfolk/ opplæringspersonale. Kurset vil ha fokus på grunnleggande kunnskap om tilrettelegging, visuelle verktøy og andre pedagogiske reiskapar og metodiske tilnærmingar som kan brukast for å kompensere for nokre av barnets vanskar i kvardagen. Kurset vil gi eksempel på mange ulike hjelpemiddel/verktøy og gi grunnleggande kunnskap og anbefalingar om god tilrettelegging for menneske med Asperger syndrom og høgt fungerande autisme. Vi ønskjer blant anna å vise korleis struktur og organisering kan gi oversikt og ein meir føreseieleg kvardag, skape auka sjølvstende og betre føresetnader for fleksibilitet, læring og auka mestring. Kurset vil også gi eksempel på tilrettelegging og strategiar for å fremme sosial kompetanse/ inkludering. Målgruppe:
Fagfolk/ opplæringspersonale som arbeider med barn/ unge i skulealder, med Asperger syndrom/ høgt fungerande autisme.
Kursansvarleg:
Fagkonsulentane Marlin Haarstad og Unni Sagstad
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 15:00
Tal på plassar:
30
Stad:
Haukeland hotell, Storsalen
Haust 2014: Dato:
18.09.14
Påmeldingsfrist:
29.08.14
Pris:
kr. 500,-
Vår 2015: Dato:
12. og 13.02.15 NB! Kurset går over 2 dagar våren 2015
Påmeldingsfrist:
12.01.15
Pris:
Kr. 800,-
7
KURS 5. Grunnkurs om tilrettelegging for førskulebarn og skulebarn med forseinka utvikling, med moglege autismespekterforstyrringar. Korleis leggje til rette for ein enklare kvardag. For foreldre/ føresette og fagfolk/ opplæringspersonale. Kurset vil ha fokus på grunnleggande kunnskap om tilrettelegging, visuelle verktøy og andre pedagogiske reiskapar og metodiske tilnærmingar, som kan brukast for å kompensere for nokre av barnets utfordringar i kvardagen. På kurset vil vi gi eksempel på anbefalte hjelpemiddel/verktøy for god tilrettelegging for barn med autismespekterforstyrringar. Vi ønskjer blant anna å vise korleis struktur og organisering kan gi barnet ein meir føreseieleg kvardag med oversikt, auka sjølvstende og fleksibilitet.
Målgruppe:
Foreldre/føresette til barn i førskulealder med autismespekterforstyrringar
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 14:30
Tal på plassar:
30
Pris:
Pårørande kr. 100,-/ fagfolk kr. 500,-
Stad:
Haukeland hotell, Storsalen
Haust 2014: Dato:
23.09.14
Påmeldingsfrist:
29.08.14
Kursansvarleg:
Fagkonsulentane Harry Hansen og Hanne Nordvik Ona
Vår 2015: Dato:
05.03.15
Påmeldingsfrist:
05.02.15
Kursansvarleg:
Fagkonsulentane Harry Hansen og Marit Bjerkan
8
KURS 6. Workshop i opplæringsteknikkar for førskulebarn med autismespekterforstyrringar. Går over 2 samlingar. For foreldre/ føresette og fagfolk/ opplæringspersonale. Å lære barn med autismespekterforstyrringar ferdigheiter kan vere ein lang og tolmodig prosess. Det krev mykje kunnskap og ferdigheiter hos dei vaksne. Vi har derfor sett opp to dagar, der vi tar føre oss dei mest grunnleggjande elementa i opplæringa. Opplæringa tar utgangspunkt i prinsippa frå tidleg og intensiv opplæring basert på anvendt åtferdsanalyse (TIOBA/ EIBI). Dei to dagane byggjer på kvarandre, slik at ein må delta begge dagane. Dagane vil bli lagt opp med veksling mellom teori og praktiske øvingar. Dag to vil det bli sett av noko tid til at deltakarane kan presentere noko av arbeidet og erfaringar frå første samling. Samling 1:
Tilrettelagt opplæring, opplæring i kvardagen, gjennomgang av dei tre hovudelementa i opplæringa og motivasjon
Samling 2:
Korleis gi hjelp, kva skal starte ei ferdigheit, korleis bruke ferdigheitene funksjonelt og automatisering av ferdigheiter, erfaringar og spørsmål/ drøftingar frå 1. samling.
Målgruppe:
Foreldre/føresette og fagfolk/opplæringspersonaletil barn i førskulealder med autismespekterforstyrringar
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 14:30
Tal på plassar:
25
Pris:
Pårørande kr. 200,-/ fagfolk kr. 800,-
Stad:
Haukeland hotell, Storsalen
Haust 2014: Dato:
25.09.14 + 24.10.14
Påmeldingsfrist:
29.08.14
Kursansvarleg:
Fagkonsulentane Harry Hansen og Hanne Nordvik Ona
Vår 2015: Dato:
14.04.15 + 12.05.15
Påmeldingsfrist:
14.03.15
Kursansvarleg:
Fagkonsulentane Hanne Nordvik Ona og Marit Bjerkan
9
KURS 7. Visuelle metodar i opplæring av barn/ ungdom med Asperger syndrom/ høgt fungerande autisme, skulebarn. Sosiale historier, Workshop For foreldre/ føresette og fagfolk/ opplæringspersonale. Kurset vil gi innføring i korleis ein lagar og bruker sosiale historier (Social Stories™) som metodisk reiskap. Sosiale historier er korte historier som skal fremme sosiale ferdigheiter og meir hensiktsmessig åtferd gjennom betre sosial forståing. På kurset vil vi også sjå sosiale historier i samanheng med uskrivne sosiale reglar og normer. Innhald: Teoretisk gjennomgang for utforming av sosiale historier WS: utforme ei sosial historie i gruppe Uskrivne sosiale reglar og sosiale historier Konkrete eksempel frå praksiserfaringar Diskusjon og erfaringsutveksling
Målgruppe:
Foreldre, opplæringspersonale og andre. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar
Kursansvarleg:
Fagkonsulentane Marlin Haarstad og Unni Sagstad
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 15:00
Tal på plassar:
50
Pris:
Pårørande kr. 100,-/ fagfolk kr. 500,-
Stad:
Scandic Neptun Hotell
Haust 2014: Dato:
24.09.14
Påmeldingsfrist:
29.08.14
Vår 2015: Dato:
NB! Ny dato: 14.04.15
Påmeldingsfrist:
NB! Ny dato: 14.03.15
10
KURS 8. Utfordringar omkring seksualitet for barn og unge som har ein diagnose innan autismespekterforstyrringar. For foreldre/ føresette og fagfolk/ opplæringspersonale. Seksualiteten har påverknad på våre tankar, kjensler, handlingar og samhandlingar, og dermed også på vår mentale og fysiske helse. På kurset tar vi for oss tema omkring seksualitet for barn og unge med ASF, og går gjennom følgjande område; Kort beskriving av innhald: Historikk Pubertet Spesielle utfordringar Målgruppe:
Foreldre, opplæringspersonale og andre. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar
Kursansvarleg:
Fagkonsulent Annie Louise Mathisen
Tidspunkt:
kl. 9:30 – 14:30
Tal på plassar:
30
Pris:
kr. 500,-
Stad:
Haukeland hotell, Storsalen
Haust 2014: Dato:
19.11.14
Påmeldingsfrist:
19.10.14
Vår 2015: Dato:
11.03.15
Påmeldingsfrist:
11.02.15
11
KURS 9. Visuelle metodar i opplæring av barn/ ungdom med Asperger syndrom/ høgt fungerande autisme, skulebarn. KAT-kassen For foreldre/ føresette og fagfolk/ opplæringspersonale. Kurset vil gi innføring i korleis ein bruker KAT- kassen og teikneseriesamtalar som metodisk reiskap i målretta arbeid, for å gi auka forståing og sosial kompetanse. Teikneseriesamtale er ein visuell metode utvikla av Carol Gray, som blant anna kan hjelpe personar med autisme og forstå og følgje med i dei hurtige vekselverknadene av informasjon og signal som oppstår i ein samtale. KAT – kassen (Kognitiv, Affektiv Trening) består av ei rekke konkrete visuelle element, som er utvikla med eit føremål om å fremme barnet/den unge si moglegheit for å kommunisere om eigne og andre sine tankar, kjensler og åtferd. Det vil også bli gjennomgått og illustrert korleis en kan nytta andre visuelle hjelpemiddel i kombinasjon med KAT- kassen og teikneseriesamtalen. Eksempel på verktøy brukt i kombinasjon er Psykologisk førstehjelpsskrin, Mine sirklar og +/- skjema. Innhald: Teoretisk bakgrunn for bruk av metodane Presentasjon av KAT- kassens element og målretta bruk i samtale/trening Korleis utarbeide og bruke Teikneseriesamtalar Konkrete eksempel frå praksiserfaringar Diskusjon og erfaringsutveksling
Målgruppe: Kursansvarleg:
Foreldre, opplæringspersonale og andre. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar Fagkonsulentane Marlin Haarstad og Unni Sagstad
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 15:00
Tal på plassar:
50
Haust 2014: Dato: Påmeldingsfrist:
29.10.14 29.09.14
Pris:
Pårørande kr. 100,-/ fagfolk kr. 600,-
Stad:
Blir oppgitt ved tildeling av plass
Vår 2015: Dato: Påmeldingsfrist:
12. og 13.03.15 NB! Kurset går over 2 dagar våren 2015 12.02.15
Pris:
Pårørande kr. 200,-/ fagfolk kr. 1 200,-
Stad:
Hotell Neptun
12
KURS 10. Autismespekterforstyrringar og psykiske lidingar For fagfolk/ opplæringspersonale. Menneske med autismespekterforstyrringar har ofte psykiske tilleggsvanskar/ diagnosar. Dette kan vere angst, depresjon, bipolare lidingar, ADHD, Tourettes syndrom, Katatoni og åtferdsvanskar. Vi ser at desse kjem i aukande grad når barna blir eldre. Mange er usikre på om symptombilde og tiltak er annleis for menneske med ASD. Overlege Ivar Mæhle vil her gi ei innføring i ulike tilleggsvanskar/ -diagnosar som ofte finst saman med ASD, moglege symptombilde og generelle forslag til tiltak. Målgruppe:
Opplæringspersonale og andre fagfolk. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar .
Kursansvarleg:
Overlege Ivar Mæhle
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 14:00
Tal på plassar:
50
Pris:
kr. 600,-
Stad:
Blir oppgitt ved tildeling av plass
Haust 2014: Dato:
04.11.14
Påmeldingsfrist:
04.10.14
Vår 2015: Dato:
21.04.15
Påmeldingsfrist:
21.03.15
13
KURS 11. Autismespekterforstyrringar og utfordrande åtferd For fagfolk/ opplæringspersonale Barn og unge med autismespekterforstyrringar vil i ulik grad kunne framvise ei åtferd som for personar i nærleiken og omgivnadene kan opplevast som problematisk og utfordrande. Slik åtferd vil variere i hyppigheit, intensitet og styrke. Forutan å kunne medføre skade på barnet sjølv eller andre i omgivnadene, kan åtferda og bidra til stigmatisering og utstøyting frå sosial omgang med andre menneske.
Målgruppe:
Opplæringspersonale og miljøpersonale rundt barna. Kjennskap til autismespekterforstyrringar er ein fordel.
Kursansvarleg:
Overlege Ivar Mæhle og fagkonsulentane Unni Sagstad og Ingelin Aarra
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 15:00
Tal på plassar:
30
Pris:
kr. 500,-
Stad:
Haukeland hotell, Storsalen
Haust 2014: Dato:
14.11.14
Påmeldingsfrist:
14.10.14
Vår 2015: Dato:
24.04.15
Påmeldingsfrist:
24.03.15
14
KURS 12. 2-dagars workshop basert på erfaringar i forhold til PECS, Picture Exchange Communication System. Eit alternativt og supplerande kommunikasjonssystem for barn med autismespekterforstyrringar. For foreldre/ føresette og fagfolk/ opplæringspersonale. PECS, Picture Exchange Communication System, er utvikla for barn med autismespekterforstyrringar. PECS er eit alternativt og supplerande kommunikasjonssystem som raskt kan hjelpe barn til å utvikle funksjonelle kommunikasjonsferdigheiter. Systemet lærer barnet å kommunisere med bilde, men kan også bidra til å etablere/vidareutvikle verbal tale. Workshopen tar utgangspunkt i vår erfaring med innlæring av dei seks ulike fasane i PECS. Det vil bli vist video og deltakarane er aktivt med i form av individuelle - og gruppeoppgåver.
Målgruppe:
Foreldre/føresette og fagfolk/ opplæringspersonaletil barn med autismespekterforstyrringar, som treng alternativ og supplerande kommunikasjon.
Kursansvarleg:
Fagkonsulentane Harry Hansen og Hanne Nordvik Ona
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 14:30
Tal på plassar:
20
Pris:
Pårørande kr. 200,-/ fagfolk kr. 800,-
Stad:
Haukeland hotell, Storsalen
Vår 2015: Dato:
17. og 18.02.15
Påmeldingsfrist:
17.01.15
15
KURS 13. Psykoedukasjon for barn og ungdom med autisme og asperger syndrom. «Jeg er noe helt spesielt!» For fagfolk/ opplæringspersonale. Kurset gir ei innføring i programmet «Jeg er noe helt spesielt!» av Peter Vermeulen. Kurset vil ta for seg den teoretiske delen med fokus på Empowerment, sokratisk metode og sjølvforståing. Vidare vil eksempel på arbeidsark og gjennomføring bli vist. Kurset vil også seie noko om korleis tilpasse innhald til grupper for barn og ungdom. Det vert innslag av erfaringsutveksling og gruppediskusjonar på kurset.
Målgruppe:
Fagfolk/opplæringspersonale. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar
Kursansvarleg:
Fagkonsulent Marlin Haarstad
Tidspunkt:
kl. 09:15 – 15:00 (Registrering kl. 09.00 – 09.15)
Tal på plassar:
28
Pris:
kr. 500,-
Stad:
Haukeland hotell, Storsalen
Vår 2015: Dato:
13.05.15
Påmeldingsfrist:
13.04.15
16
KURS 14. Autisme og helse For foreldre/ føresette og fagfolk/ opplæringspersonale.
Hos menneske med autismespekterforstyrringar må ein også ha kompetanse på eventuelle tilleggsvanskar som for eksempel epilepsi, mage/tarm- problem, det å vere overfølsam for lyd, lys, berøring osv. Der er utfordringar i forhold til sære matvanar og dermed risiko for utilstrekkeleg ernæring. Søvn er eit anna tema. Der er utfordringar knytt til legebesøk og tannpleie. Alminneleg sikkerheit i kvardagen krev meir omtanke enn vanleg.
Målgruppe:
Foreldre/ føresette og opplæringspersonale og andre fagfolk. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar .
Kursansvarleg:
Overlege Ivar Mæhle
Tidspunkt:
kl. 09:00 – 14:00
Tal på plassar:
50
Pris:
Pårørande kr. 200,-/ Fagfolk kr. 600,-
Stad:
Blir oppgitt ved tildeling av plass
Vår 2015: Dato:
19.05.15
Påmeldingsfrist:
19.04.15
17
FAGNETTVERK Fagnettverk for fagpersonar i 1. og 2. linja. Fagnettverk for fagpersonar i 1. og 2. linja som driv/ vil starte grupper for barn, ungdom og vaksne med høgt fungerande autisme eller Asperger syndrom. Vi har møte 2 dagar i året frå 10.00 – 15.00 med fokus på bl.a. faglege tema og materiell som gjer det lettare å starte og drive grupper. Fagnettverket blir drive av fagkonsulent Marlin Haarstad. Interesserte kan kontakte ho på e-post: marlin.haarstad@helsebergen.no eller telefon: 920 63 466.
TERAPEUTNETTVERK Terapeutnettverk for tilsette i bufellesskap og avlastningsbustader i 1. linja. Terapeutnettverk for tilsette i bufellesskap og avlastningsbustad. Autismeteamet bidrar med faglege tema og i drøftingar på generelt grunnlag. Koordinator og kontaktperson for nettverket: Monica Agledal i Bergen kommune. E-post adresse: Monica.Agledal@bergen.kommune.no
LÆRARNETTVERK Autismeteamet kan bidra til etablering av faglege nettverk. Vi er aktive i nettverk for lærarar i Hordaland som arbeider med barn med utviklingshemming og autisme, med formål kompetanseheving og erfaringsutveksling. Koordinator og kontaktperson her er Marian Sæbø: Marian.Olsmo.Sæbø@bergen.kommune.no. Er du interessert i å etablere eit nytt lærarnettverk, ta gjerne kontakt med fagkonsulent Eli Wulf på Autismeteamet: eli.wulf@helse-bergen.no .
18
FORELDREPROGRAM Autismeteamet startar ein ny runde med foreldreprogram våren 2015. Foreldreprogrammet er utvikla av Glenne regionale senter for autisme, og har utgangspunkt i Webster Stratton/ «de utrolige årene» sitt foreldreprogram. Programmet går føre seg i gruppe med totalt 6 foreldrepar og vil vere vinkla mot kva ein som foreldre kan gjere for å betre samhandling mellom foreldre og barnet, stimulere til auka sjølvstende i daglegdagse situasjonar og førebyggje åtferdsvanskar hos barn med ASD. Kvar samling inneheld introduksjon eller gjennomgang av eit tema. Det vil bli lagt vekt på individuell tilpassing av aktuelle tiltak og det blir anledning til å øve på korleis ein kan gjennomføre tiltaka. Det blir gitt heimeoppgåver mellom kvar rettleiing, og dei erfaringane ein gjer seg ved utprøving blir evaluert på neste rettleiing. Foreldreprogrammet er eit tilbod til foreldre med barn som har ei autismespekterforstyrring i alderen 3 til 8 år. Diagnosen skal vere sett minimum eit halvt år før deltaking på foreldreprogrammet. Det går over totalt 7 dags samlingar, i tillegg til eit informasjonsmøte (1/2 dag) og ei oppfølgingssamling etter 6 månader (1/2 dag). Foreldre som blir tatt opp på foreldreprogrammet må ha barn som er tilvist via lokal poliklinikk/ BUP til Autismeteamet. Lege må tilvise på standard BUP-skjema, der ein spesifiserer ønske om å delta på foreldreprogrammet. Om ein alt mottar oppfølging frå Autismeteamet trengs det ikkje ny tilvising. Tilvisinga må vere mottatt før ein kan melde seg på informasjonsmøte.
Målgruppe: Kursansvarleg:
Foreldre/ føresette. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar . Fagkonsulentane Harry Hansen og Hanne Nordvik Ona
Dato informasjonsmøte: 10.02.15 Tidspunkt:
kl. 09:00 – 11.30
Tal på plassar:
30
Påmeldingsfrist
16.01.15
Stad:
Lærings – og meistringssenteret i Bergen, Adr. Ulriksdal 2.
Informasjonsmøte er uforpliktande og vil gi ytterlegare informasjon om programmet. Påmelding til informasjonsmøte: rmb_hbepbu_autist@ihelse.net innan 16.01.15. Ved stor etterspørsel vil det bli sett opp ventelister. For spørsmål angåande foreldreprogrammet: hanne.nordvik.ona@helse-bergen.no / harry.hansen@helsebergen.no
19
OPPLÆRINGSPENGAR TIL FORELDRE Kven kan få opplæringspengar? Du kan få opplæringspengar viss du er yrkesaktiv og har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Det er ikkje berre foreldre som kan få opplæringspengar, men også andre som har omsorg for barnet, for eksempel søsken. Ved behov kan fleire omsorgspersonar få opplæringspengar samtidig. Når kan du få opplæringspengar? Du må som hovudregel ha vore i arbeid dei siste fire vekene før kurset eller opplæringa, og ha tapt arbeidsinntekt. Det er eit vilkår for rett til opplæringspengar at opplæringa er nødvendig for å kunne ta seg av og behandle barnet. Du kan få opplæringspengar dersom du får opplæring ved ein godkjent helseinstitusjon eller deltar på eit foreldrekurs ved eit offentleg spesialpedagogisk kompetansesenter. Du har ikkje rett til opplæringspengar når du deltar i opplæring som blir arrangert utanfor helseinstitusjon, for eksempel av humanitære organisasjonar, brukarorganisasjonar eller tilsvarande. Du kan få opplæringspengar også etter at barnet har fylt 18 år. Kva kan du få? Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar og utgjer 100 prosent av sjukepengegrunnlaget. Det er ingen arbeidsgivarperiode ved opplæringspengar. Du får opplæringspengar frå NAV frå første dag. Arbeidsgivar kan forskottere opplæringspengane og krevje refusjon frå NAV. Korleis søker du om opplæringspengar? Du søker om opplæringspengar ved å fylle ut legeerklæring (NAV 09-11.08). Del 1-2 skal vere fylt ut av lege og du får denne av legen eller andre ved den ansvarlege helseinstitusjonen. Blanketten skal vere underskriven av den som søker om opplæringspengar. Viss du er arbeidstakar må arbeidsgivaren din sende inn skjema for inntektsopplysningar (NAV 08-30.01) til NAV. Du kan få opplæringspengar for opptil tre månader før den månaden NAV mottek søknaden, viss vilkåra var oppfylt i denne perioden. Du er sjølv ansvarleg for at søknaden blir sendt inn. Han blir forelda etter tre månader. (Utdrag henta frå NAV – sjå meir informasjon på www.nav.no)
20
PÅMELDING OG GENERELL INFORMASJON. Påmelding: Påmelding på eige skjema (sjå neste side): - Pr. post: Helse Bergen, PBU, Autismeteamet, Postboks 1400, 5021 Bergen - Pr. e-post: rmb_hbepbu_autist@ihelse.net (rmb_hbepbu_autist@ihelse.net) Påmeldingsfrist står under kvart kurs. Pris for kursa: Pris står under kvart kurs. Faktura vil bli sendt i etterkant av kurset. Det vil bli servert enkel lunsj og kaffi/ te. Avmelding: Avmelding må gjerast innan 1 veke før kursstart pr. e- post (same som til påmelding). Viss ikkje, må kursavgifta betalast i si heilheit. Oppmøte: Alle må møte opp minst 15 minutt før start for registrering. Ved spørsmål om kursa kan ein sende e-post til: rmb_hbepbu_autist@ihelse.net (rmb_hbepbu_autist@ihelse.net) Lokale: - Lærings- og meistringssenteret i Bergen. Adresse: Ulriksdalen 2, 4. etasje - Scandic Neptun Hotell, Valkendorfsgate 8 - Scandic Bergen City Hotell, Håkonsgt. 2 - Haukeland hotell, Storsalen, sjå kart under (bygg nr. 19 – raud ring rundt). Parkering: For dei som har moglegheit, anbefaler vi kollektiv transport. Vi anbefaler å sette av tid til å finne parkering enten i Sentralblokka eller ved hotellet.
21
PÅMELDINGSSKJEMA FOR KURS VED AUTISMETEAMET Nr
Kurs type
Målgruppe
Dato:
Grunnkurs i diagnose
Foreldre
10.09.14
Grunnkurs i diagnose
Foreldre
13.01.15
Tilrettelegging AS/HFA
Foreldre
12.09.14
Tilrettelegging AS/ HFA
Foreldre
29.og 30.01.15
Grunnkurs diagnose
Fagfolk
16.09.14
Grunnkurs diagnose
Fagfolk
05.02.15
Tilrettelegging AS/HFA
Fagfolk
18.09.14
Tilrettelegging AS/ HFA
Fagfolk
12.og 13.02.15
Tilrettelegging førskulebarn
Foreldre/fagfolk
23.09.14
Tilrettelegging førskulebarn
Foreldre/fagfolk
05.03.15
Workshop for førskulebarn
Foreldre/fagfolk
Workshop for førskulebarn
Foreldre/fagfolk
Sosiale historier
Foreldre/fagfolk
24.09.14
Sosiale historier
Foreldre/fagfolk
14.04.15
Seksualitet
Foreldre/fagfolk
19.11.14
Seksualitet
Foreldre/fagfolk
11.03.15
Kat-kassen
Foreldre/fagfolk
29.10.14
Kat-kassen
Foreldre/fagfolk
12.03.15 13.03.15
Psykiske lidingar
Fagfolk
04.11.14
Psykiske lidingar
Fagfolk
21.04.15
Utfordrande åtferd
Fagfolk
14.11.14
Utfordrande åtferd
Fagfolk
24.04.15
12
PECS
Foreldre/fagfolk
17.02.15 18.02.15
13
«Jeg er noe helt spesielt»
Fagfolk
13.05.15
14
Autisme og helse
Foreldre/fagfolk
19.05.15
1
2
3
4
5
6
25.09.14 24.10.14 14.04.15 12.05.15
7
8
9
10
11
Antall:
22
Namn (dersom fleire frå same arbeidsstad ønskjer å melde seg på same kurs, må vi ha namna til alle som ønskjer plass):
Pårørande (set kryss): Kontaktperson (ved fleire påmelde): Tlf: Mail/ ev. adresse (der vi kan sende stadfesting på ev. plass): Arbeidsstad (kun for fagpersonar): Fakturaadresse: Organisasjonsnummer eller personnummer (MÅ VERE MED):
Fagperson/ anna (set kryss):
23
AUTISMETEAMET, PBU, HELSE BERGEN Målgruppa er barn og unge med autismespekterforstyrringar og liknande tilstandar, i aldersgruppa 0-18 år. Autismeteamet er ein del av spesialpoliklinikk, som bistår dei lokale poliklinikkane. Tilvising skjer til lokal poliklinikk (BUP). Verksemda er retta inn mot tre område rundt pasientar: 1. Utgreiing og diagnostisering Barn som er tilvist, blir greidd ut og diagnostisert poliklinisk over 2-3 dagar. Utgreiinga er tverrfagleg og blir gjennomført av lege, psykologar og fagkonsulentar. Utgreiinga inneheld vanlegvis lokal observasjon, diagnostiske testar/ intervju/ observasjonar, legeundersøking og ev. språktestar og kognitive testar. Foreldre og lokale instansar blir deretter innkalla til ein tilbakemeldingssamtale. 2. Oppfølging, rettleiing og kompetanseheving Oppfølging og rettleiing blir gitt til foreldre/faggrupper. Oppfølginga blir gitt lokalt med utgangspunkt i eigne oppfølgingsmodellar for førskule- og skulebarn. Det blir etablert ein samarbeidsavtale med barnehage/skule og PPT. Oppfølgingstid og område varierer etter barnet sine vanskar og pårørande sitt behov for rettleiing. 3. Kompetanseutvikling Arbeidsgrunnlag Det blir brukt ulike tilnærmingsmåtar og metodar for læring; som anvendt åtferdsanalyse (ABA-trening), TEACCH-metodikk, sosial læringsteori m.m. Eit heilskapleg syn på barnet sitt miljø og moglegheiter blir vektlagt. Personell - kompetanse Seksjonen blir leia av ein seksjonsleiar. Faggruppa består av lege, psykologar/ psykologspesialistar og fagkonsulentar.
Du finn oss her: http://www.helse-bergen.no/omoss/avdelinger/pbu/Sider/autismeteamet.aspx
24
http://designbyravenmuse.com/autism_graphics.htm