Autismeteamet Kurskatalog vår 2014

Page 1

KURSKATALOG

AUTISMETEAMET Spesialpoliklinikken Psykisk helsevern for barn og unge V책r 2014


2

INNHALD Kurs 1: Grunnkurs om autismespekterforstyrringar, foreldre……………….….…….……………. 3 Kurs 2: Grunnkurs i tilrettelegging for Asperger og ASF, foreldre…..………..….……..……….. 4 Kurs 3: Tilrettelegging for førskulebarn, foreldre/ fagfolk…………………………..………...………. 5 Kurs 4: Workshop i opplæringsteknikkar for førskulebarn, foreldre/ fagfolk..………..…….. 6 Kurs 5: Grunnkurs om autismespekterforstyrringar, fagfolk…………………………………………… 7 Kurs 6: PECS, alternativ og supplerande kommunikasjon, foreldre/ fagfolk.………………….. 8 Kurs 7: Grunnkurs i tilrettelegging for Asperger og HFA, fagfolk…………………………………….. 9 Kurs 8: Sosiale historier, foreldre/ fagfolk……………………………………………………………………….10 Kurs 9: Utfordringar omkring seksualitet for barn og unge som har ein diagnose innan autismespekterforstyrringar, fagfolk………………………………….…………….…………..……..11 Kurs 10: Autismespekterforstyrringar og psykiske lidingar, fagfolk.……………….…………..……12 Kurs 11: KAT-kassen, fagfolk……………………………………………………………………………………..…….13 Kurs 12: Autismespekterforstyrringar og utfordrande åtferd, fagfolk……………………….……..14 Kurs 13: "Jeg er noe helt spesielt" - psykoedukasjonsprogram, fagfolk……….…………….………15 Nettverk for 1. og 2. linje………………………………………………………………………………………………….16 Påmelding og generell informasjon………………………………………………………………………………….17 Påmeldingsskjema………………………………………………………………………………………………..………….18


3

KURS 1. Kurs for foreldre/føresette dato: 06.03.14

Grunnkurs om autismespekterforstyrringar. Diagnose og forståing av barnet sine vanskar

Barn med autismespektrumsforstyrringar har ulike vanskar med å forstå og oppfatte på same måte som andre. Dette har samanheng med deira vanskar knytt til sosial kompetanse og kommunikasjon. Barn med autisme har også sine sosiale og kommunikative moglegheiter for forståing. Kvardagen kan ofte vere prega av misforståingar og konfliktar som skuldast at barna tenkjer og oppfattar annleis enn andre. Kurset vil gi grunnleggande kunnskap om diagnose og forståing av barnets vanskar. Det vil også bli gitt orientering om lover og støtteordningar ved representant frå NAV. Autismeforeining (brukarorganisasjon) vil gi informasjon om deira tilbod.

Målgruppe: Kursansvarleg:

Foreldre/pårørande til barn med autismespekterforstyrringar Psykologspesialist Elin Antoniussen og fagkonsulent Eli Wulf

Dato:

06.03.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 15:00

Påmeldingsfrist:

06.02.14

Tal på plassar:

30

Pris:

Kr. 100,-

Stad:

Lærings – og meistringssenteret i Bergen, Adr: Ulriksdal 2.


4

KURS 2. For foreldre/føresette. Dato: 07.03.14

Asperger syndrom/høgt fungerande autisme i familien? Korleis leggje til rette for ein enklare kvardag?

Kurset vil ha fokus på grunnleggande kunnskap om tilrettelegging, visuelle verktøy og andre pedagogiske reiskapar og metodar som kan brukast for å kompensere for nokre av barnet sine vanskar i kvardagen. Vi ønskjer å gi mange praktiske eksempel på ulike hjelpemiddel/verktøy og metodar som kan vere til hjelp for å handtere desse utfordringane. På kurset vil vi gi eksempel på anbefalte hjelpemiddel/ verktøy for god tilrettelegging for menneske med autismespekterforstyrringar. Vi ønskjer blant anna å vise korleis struktur og organisering kan gi barnet ein meir føreseieleg kvardag og oversikt, og skape auka sjølvstende og fleksibilitet. Vi ønskjer også å gi eksempel på metodiske tilnærmingar/ strategiar som vil fremme og stimulere kommunikasjon, sosial utvikling og førebyggje utfordrande åtferd.

Målgruppe:

Foreldre/føresette til barn i skulealder med Asperger syndrom eller høgt fungerande autisme.

Kursansvarleg:

Fagkonsulentane Marlin Haarstad og Annie Louise Mathisen

Dato:

07.03.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 15:00

Påmeldingsfrist:

07.02.14

Tal på plassar:

30

Pris:

Kr. 100,-

Stad:

Lærings – og meistringssenteret i Bergen, Adr. Ulriksdal 2.


5

KURS 3. For foreldre/føresette OG fagfolk/ opplæringspersonale. Dato: 11.02.14

Grunnkurs om tilrettelegging for førskulebarn og skulebarn med forseinka utvikling, med autismespekterforstyrringar? Korleis leggje til rette for ein enklare kvardag?

Kurset vil ha fokus på grunnleggande kunnskap om tilrettelegging, visuelle verktøy og andre pedagogiske reiskapar og metodiske tilnærmingar, som kan brukast for å kompensere for nokre av barnets utfordringar i kvardagen. På kurset vil vi gi eksempel på anbefalte hjelpemiddel/verktøy for god tilrettelegging for barn med autismespekterforstyrringar. Vi ønskjer blant anna å vise korleis struktur og organisering kan gi barnet ein meir føreseieleg kvardag med oversikt, auka sjølvstende og fleksibilitet.

Målgruppe:

Foreldre/føresette til barn i førskulealder med autismespekterforstyrringar

Kursansvarleg:

Fagkonsulentane Harry Hansen og Hanne Nordvik Ona

Dato:

11.02.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 14:30

Påmeldingsfrist:

24.01.14

Tal på plassar:

30

Pris:

Pårørande kr. 100,-/ fagfolk kr. 500,-

Stad:

Haukeland hotell, Loftet


6

KURS 4. For foreldre/føresette OG fagfolk/ opplæringspersonale. Dato: 18.02.14 + 18.03.14

Workshop i opplæringsteknikkar for førskulebarn med autismespekterforstyrringar. Korleis lære førskulebarn med autismespekterforstyrringar ferdigheiter? Å lære barn med autismespekterforstyrringar ferdigheiter kan vere ein lang og tolmodig prosess. Det krev mykje kunnskap og ferdigheiter hos dei vaksne. Vi har derfor satt opp to dagar, der vi tar før oss dei mest grunnleggjande elementa i opplæringa. Opplæringa tar utgangspunkt i prinsippa frå tidleg og intensiv opplæring basert på anvendt åtferdsanalyse (TIOBA/ EIBI). Dei to dagane byggjer på kvarandre, slik at ein må delta begge dagane. Dagane vil bli lagt opp med veksling mellom teori og praktiske øvingar. Dag to vil det bli sett av noko tid til at deltakarane kan presentere noko av arbeidet og erfaringar frå første samling. Samling 1:

Tilrettelagt opplæring, opplæring i kvardagen, gjennomgang av dei tre hovudelementa i opplæringa og motivasjon

Samling 2:

Korleis gi hjelp, kva skal starte ei ferdigheit, korleis bruke ferdigheitene funksjonelt og automatisering av ferdigheiter, erfaringar og spørsmål/ drøftingar frå 1. samling

Målgruppe:

Foreldre/føresette OG fagfolk/opplæringspersonaletil barn i førskulealder med autismespekterforstyrringar

Kursansvarleg:

Fagkonsulentane Harry Hansen og Hanne Nordvik Ona

Dato:

18.02.14 + 18.03.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 14:30

Påmeldingsfrist:

24.01.14

Tal på plassar:

30

Pris:

Pårørande kr. 200,-/ fagfolk kr. 800,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


7

KURS 5. For fagfolk/ opplæringspersonale. Dato: 20.02.14

Grunnkurs om autismespekterforstyrringar Diagnose og forståingsvanskar/moglegheiter

Kurset rettar seg mot fagfolk som er nye innan autismeområdet og vil gi grunnleggande kunnskap om kva som kjenneteiknar barn med diagnosar innan autismespekteret. Dei tre kjerneområda innan autismeproblematikk vil bli belyste og det vil bli tilvist til teoriar om kva problema skuldast. Hovudfokus vil vere på dei forståingsvanskane og moglegheitene menneske med autismespekterforstyrringar har.

Målgruppe:

Fagfolk/ opplæringspersonale som arbeidermed barnogungdommed autismespekterforstyrringar.

Kursansvarleg:

Psykolog Line Ulstein og Stine Mjåtvedt, og fagkonsulent Eli Wulf

Dato:

20.02.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 15:00

Påmeldingsfrist:

24.01.14

Tal på plassar:

30

Pris:

Kr. 500,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


8

KURS 6. For foreldre/føresette OG fagfolk/ opplæringspersonale. Dato: 11.-12.03.14

2-dagars workshop basert på erfaringar i forhold til PECS, Picture Exchange Communication System. Eit alternativt og supplerande kommunikasjonssystem for barn med autismespekterforstyrringar. PECS, Picture Exchange Communication System, er utvikla for barn med autismespekterforstyrringar. PECS er eit alternativt og supplerande kommunikasjonssystem som raskt kan hjelpe barn til å utvikle funksjonelle kommunikasjonsferdigheiter. Systemet lærer barnet å kommunisere med bilde, men kan også bidra til å etablere/vidareutvikle verbal tale. Workshopen tar utgangspunkt i vår erfaring med innlæring av dei seks ulike fasane i PECS. Det vil bli vist video og deltakarane er aktivt med i form av individuelle og gruppeoppgåver.

Målgruppe:

Foreldre/føresette OG fagfolk/opplæringspersonaletil barn med autismespekterforstyrringar, som treng alternativ og supplerande kommunikasjon.

Kursansvarleg:

Fagkonsulentane Harry Hansen og Hanne Nordvik Ona

Dato:

11.-12.03.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 14:30

Påmeldingsfrist:

11.02.14

Tal på plassar:

20

Pris:

Pårørande kr. 200,-/ fagfolk kr. 800,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


9

KURS 7. For fagfolk/ opplæringspersonale Dato: 25.03.14

Grunnkurs om tilrettelegging, visuelle verktøy og metodiske tilnærmingar, for skulebarn med Asperger syndrom/ høytfungerande autisme.

Kurset vil ha fokus på grunnleggande kunnskap om tilrettelegging, visuelle verktøy og andre pedagogiske reiskapar og metodiske tilnærmingar som kan brukast for å kompensere for nokre av barnets vanskar i kvardagen. Kurset vil gi eksempel på mange ulike hjelpemiddel/verktøy og gi grunnleggande kunnskap og anbefalingar om god tilrettelegging for menneske med Asperger syndrom og høgt fungerande autisme. Vi ønskjer blant anna å vise korleis struktur og organisering kan gi oversikt og ein meir føreseieleg kvardag, skape auka sjølvstende og betre føresetnader for fleksibilitet, læring og auka meistring. Kurset vil også gi eksempel på tilrettelegging og strategiar for å fremme sosial kompetanse/ inkludering.

Målgruppe:

Fagfolk/ opplæringspersonale som arbeider med barn/ unge i skulealder, med Asperger syndrom/ høgt fungerande autisme.

Kursansvarleg:

Fagkonsulentane Marlin Haarstad og Annie Louise Mathisen

Dato:

25.03.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 15:00

Påmeldingsfrist:

25.02.14

Tal på plassar:

30

Pris:

Fagfolk kr. 500,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


10

KURS 8. For foreldre/ føresette OG fagfolk/ opplæringspersonale Dato: 02.04.14

Visuelle metodar i opplæring av barn/ ungdom med Asperger syndrom/ høgt fungerande autisme, skolebarn. Sosiale historier, Workshop Kurset vil gi innføring i korleis ein lagar og bruker sosiale historier (Social Stories™) som metodisk reiskap. Sosiale historier er korte historier som skal fremme sosiale ferdigheiter og meir hensiktsmessig åtferd gjennom betre sosial forståing. På kurset vil vi også sjå sosiale historier i samanheng med uskrivne sosiale reglar og normer. Innhald: o Teoretisk gjennomgang for utforming av sosiale historier o WS: utforme ei sosial historie i gruppe o Uskrivne sosiale reglar og sosiale historier o Konkrete eksempel frå praksiserfaringar o Diskusjon og erfaringsutveksling Målgruppe:

Foreldre, opplæringspersonale og andre. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar

Kursansvarleg:

Fagkonsulentane Marlin Haarstad og Annie Louise Mathisen

Dato:

02.04.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 15:00

Påmeldingsfrist:

02.03.14

Tal på plassar:

30

Pris:

Pårørande kr. 100,-/ fagfolk kr. 500,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


11

KURS 9. For fagfolk/ opplæringspersonale Dato: 23.04.14

Utfordringar omkring seksualitet for barn og unge som har ein diagnose innan autismespekterforstyrringar. Seksualiteten har påverknad på våre tankar, kjensler, handlingar og samhandlingar, og dermed også på vår mentale og fysiske helse. På kurset tar vi for oss tema omkring seksualitet for barn og unge med ASF, og går gjennom følgande område; Kort beskriving av innhald: -

Historikk Spesielle utfordringar Kartlegging Rutinar for varsling Førebygging av overgrep

Målgruppe:

Opplæringspersonale og andre. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar

Kursansvarleg:

Fagkonsulent Annie Louise Mathisen

Dato:

23.04.14

Tidspunkt:

kl. 10:00 – 14:00

Påmeldingsfrist:

23.03.14

Tal på plassar:

30

Pris:

Fagfolk kr. 500,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


12

KURS 10. For fagfolk/ opplæringspersonale Dato: 29.04.14

Autismespekterforstyrringar og psykiske lidingar Menneske med autismespekterforstyrringar har ofte psykiske tilleggsvanskar/ -diagnosar. Dette kan vere angst, depresjon, bipolare lidingar, ADHD, Tourettes syndrom, Katatoni og åtferdsvanskar. Vi ser at desse kjem i aukande grad når barna blir eldre. Mange er usikre på om symptombilde og tiltak er annleis for menneske med ASD. Overlege Ivar Mæhle vil her gi ei innføring i ulike tilleggsvanskar/ -diagnosar som ofte finst saman med ASD, moglege symptombilde og generelle forslag til tiltak.

Målgruppe:

Opplæringspersonale og andre fagfolk. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar .

Kursansvarleg:

Overlege Ivar Mæhle

Dato:

29.04.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 14:00

Påmeldingsfrist:

29.03.14

Tal på plassar:

30

Pris:

kr. 500,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


13

KURS 11. For foreldre/ føresette OG fagfolk/ opplæringspersonale Dato: 07.05.14

Visuelle metodar i opplæring av barn/ ungedom med Asperger syndrom/ høgt fungerande autisme, skolebarn. KAT-kassen Kurset vil gi innføring i korleis ein bruker KAT- kassen og Teikneseriesamtalar som metodisk reiskap i målretta arbeid, for å gi auka forståing og sosial kompetanse. Teikneseriesamtale er ein visuell metode utvikla av Carol Gray, som blant anna kan hjelpe personar med autisme og forstå og følgje med i dei hurtige vekselverknadene av informasjon og signal som oppstår i ein samtale. KAT – kassen (Kognitiv, Affektiv Trening) består av ei rekke konkrete visuelle element, som er utvikla med eit føremål om å fremme barnet/den unge si moglegheit for å kommunisere om eigne og andres tankar, kjensler og åtferd. Innhald: o Teoretisk bakgrunn for bruk av metodane o Presentasjon av KAT- kassens element og målretta bruk i samtale/trening o Korleis utarbeide og bruke Teikneseriesamtalar o Konkrete eksempel frå praksiserfaringar o Diskusjon og erfaringsutveksling Målgruppe:

Foreldre, opplæringspersonale og andre. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar

Kursansvarleg:

Fagkonsulentane Marlin Haarstad og Ingelin Aarra

Dato:

07.05.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 15:00

Påmeldingsfrist:

07.04.14

Tal på plassar:

30

Pris:

Pårørande kr. 100,-/ fagfolk kr. 500,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


14

KURS 12. For fagfolk/ opplæringspersonale Dato: 27.05.14

Autismespekterforstyrringar og utfordrande åtferd Barn og unge med autismespekterforstyrringar vil i ulik grad kunne framvise ein åtferd som for nær personar og omgivnadene opplevast som problematisk og utfordrande. Slik åtferd vil variere i hyppighet, intensitet og styrke. Forutan å kunne medføre skade på barnet sjølv eller nærpersonar og omgivnadene, kan åtferda og bidra til stigmatisering og utstøyting frå sosial omgang med andre menneske.

Målgruppe:

Opplæringspersonale og miljøpersonale rundt barna. Kjennskap til autismespekterforstyrringar er ein fordel.

Kursansvarleg:

Overlege Ivar Mæhle og fagkonsulentane Unni Sagstad og Ingelin Aarra

Dato:

27.05.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 15:00

Påmeldingsfrist:

27.04.14

Tal på plassar:

30

Pris:

kr. 500,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


15

KURS 13. For fagfolk/ opplæringspersonale Dato: 17.06.14

«Jeg er noe helt spesielt!» Psykoedukasjon for barn og ungdom med autisme og asperger syndrom.

Kurset gir ei innføring i programmet «Jeg er noe helt spesielt!» av Peter Vermeulen. Kurset vil ta for seg den teoretiske delen med fokus på Empowerment, sokratisk metode og sjølvforståing. Vidare vil eksempel på arbeidsark og gjennomføring bli vist. Kurset vil også seie noko om korleis tilpasse innhald til grupper for barn og ungdom.

Målgruppe:

Fagfolk/ opplæringspersonale. Deltakarane må ha kjennskap til autismespekterforstyrringar

Kursansvarleg:

Fagkonsulent Marlin Haarstad

Dato:

17.06.14

Tidspunkt:

kl. 09:00 – 15:00

Påmeldingsfrist:

17.05.14

Tal på plassar:

30

Pris:

kr. 500,-

Stad:

Haukeland hotell, Storsalen


16

FAGNETTVERK For fagfolk/ opplæringspersonale i 1. og 2. linja

Fagnettverk for fagpersonar i 1. og 2. linja. Fagnettverk for fagpersonar i 1. og 2. linja som driv/ vil starte grupper for barn, ungdom og vaksne med høgt fungerande autisme eller Asperger syndrom. Vi har møte 2 dagar i året frå 10.00 – 15.00 med fokus på bl.a. faglege tema og materiell som gjer det lettare å starte og drive grupper.

Fagnettverket blir drive av fagkonsulent Marlin Haarstad. Interesserte kan kontakte ho på e-post: marlin.haarstad@helse-bergen.no eller telefon: 920 63 466.


17

PÅMELDING OG GENERELL INFORMASJON. Påmelding: Påmelding på eige skjema (sjå neste side): - Pr. post: Helse Bergen, PBU, Autismeteamet, Postboks 1400, 5021 Bergen - Pr. epost: rmb_hbepbu_autist@ihelse.net Påmeldingsfrist står under kvart kurs. Pris for kursa: Pris står under kvart kurs. Faktura vil bli sendt i etterkant av kurset. Det vil bli servert enkel lunsj og kaffi/ te. Avmelding: Avmelding må gjerast innan 1 veke før kursstart pr. e- post (same som til påmelding). Viss ikkje, må kursavgifta betalast i si heilheit. Oppmøte: Alle må møte opp minst 15 minutt før start for registrering. Ved spørsmål om kursa kan ein sende e-post til rmb_hbepbu_autist@ihelse.net . Lokale: - Lærings- og meistringssenteret i Bergen. Adresse: Ulriksdalen 2, 4. etasje. - Haukeland hotell, Storsalen, sjå kart under (bygg nr. 19 – raud ring rundt). Parkering: For dei som har moglegheit, anbefaler vi kollektiv transport. Vi anbefaler å sette av tid til å finne parkering enten i Sentralblokka eller ved hotellet.


18

PÅMELDINGSSKJEMA FOR KURS VED AUTISMETEAMET Nr

Kurs type

Målgruppe

Dato:

1

Grunnkurs om ASF-diagnose

Foreldre

06.03.14

2

Asperger syndrom/HFA– korleis leggje til rette for ein enklare kvardag? Grunnkurs

Foreldre

07.03.14

3

Grunnkurs om tilrettelegging til førskulebarn og skulebarn med forseinka utvikling

Foreldre og fagfolk

11.02.14

4

Workshop i opplæringsteknikkar for førskulebarn med ASF

Foreldre og fagfolk

18.02.14 18.03.14

5

Grunnkurs om ASF diagnose

Fagtilsette

20.02.14

6

2-dagars workshop PECS

Foreldre og fagtilsette

11.12.02.14

7

Grunnkurs om tilrettelegging, visuelle verktøy og metodiske tilnærmingar v/ Asperger syndrom/ HFA

Fagtilsette

25.03.14

8

Sosiale historier, Workshop

Foreldre og fagtilsette

02.04.14

9

Utfordringar omkring seksualitet for barn og unge som har ein diagnose innan autismespekterforstyrringar.

Fagtilsette

23.04.14

10

ASF og psykiske lidingar

Fagtilsette

29.04.14

11

KAT-kassen

Foreldre og fagtilsette

07.05.14

12

ASF og utfordrande åtferd

Fagtilsette

27.05.14

13

«Jeg er noe helt spesielt»

Fagtilsette

17.06.14

Antall:

Namn (dersom fleire frå same arbeidsstad ønskjer å melde seg på same kurs, må vi ha namna til alle som ønskjer plass):

Pårørande (set kryss): Kontaktperson (ved fleire påmelde): Tlf: Mail/ ev. adresse (der vi kan sende stadfesting på ev. plass): Arbeidsstad (kun for fagpersonar): Fakturaadresse: Organisasjonsnummer eller personnummer (MÅ VERE MED):

Fagperson/ anna (set kryss):


19

AUTISMETEAMET, PBU, HELSE BERGEN Målgruppa er barn og unge med autismespekterforstyrringar og liknande tilstandar, i aldersgruppa 0-18 år. Autismeteamet er ein del av spesialpoliklinikk, som bistår dei lokale poliklinikkane. Tilvising skjer til lokal poliklinikk (BUP). Verksemda er retta inn mot tre område rundt pasientar: 1. Utgreiing og diagnostisering Barn som er tilvist, blir greidd ut og diagnostisert poliklinisk over 2-3 dagar. Utgreiinga er tverrfagleg og blir gjennomført av lege, psykologar og fagkonsulentar. Utgreiinga inneheld vanlegvis lokal observasjon, diagnostiske testar/ intervju/ observasjonar, legeundersøking og ev. språktestar og kognitive testar. Foreldre og lokale instansar blir deretter innkalla til ein tilbakemeldingssamtale. 2. Oppfølging, rettleiing og kompetanseheving Oppfølging og rettleiing blir gitt til foreldre/faggrupper. Oppfølginga blir gitt lokalt med utgangspunkt i eigne oppfølgingsmodellar for førskule- og skulebarn. Det blir etablert ein samarbeidsavtale med barnehage/skule og PPT. Oppfølgingstid og område varierer etter barnet sine vanskar og pårørande sitt behov for rettleiing. 3. Kompetanseutvikling Arbeidsgrunnlag Det blir brukt ulike tilnærmingsmåtar og metodar for læring; som anvendt åtferdsanalyse (ABA-trening), TEACCH-metodikk, sosial læringsteori m.m. Eit heilskapleg syn på barnet sitt miljø og moglegheiter blir vektlagt. Personell - kompetanse Seksjonen blir leia av ein seksjonsleiar. Faggruppa består av lege, psykologar/ psykologspesialistar og fagkonsulentar.


20

KURSKATALOG AUTISMETEAMET VÅR 2014


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.