Voss gymnas brosjyre

Page 1

VOSS GYMNAS Læring i sentrum

1


VOSS GYMNAS Ein ny og moderne skule

Voss gymnas skal vera ein skule for framtida og eit kraftsenter for utdanning i Indre region i Hordaland. Me er ein skule som har læring i sentrum. Skulen legg vekt på å vera i samhandling med og ha eit godt samarbeid med andre samfunnsaktørar, som t.d. kommunar, næringsliv, lag og organisasjonar. Skulen er del av ei verd som er i stadig endring, noko som gjer det viktig å utvikla ny kompetanse, fleksibilitet og omstillingsevne. Voss gymnas tilbyr utdanning for ungdom og vaksne inn mot høgare utdanning og fagutdanning. Voss gymnas har også eit vaksenopplæringssenter for Indre Hordaland. Du vil som elev møta ein toppmoderne skule med flotte undervisningsrom, nytt utstyr og gode spesialrom. Skulen har m.a. det største idrettsanlegget som er bygd i ein vidaregåande skule i Hordaland fylkeskommune. Me ser deg som eit heilt menneske. Skulen er ein helsefremjande skule og me tilbyr m.a. gratis frukost til elevane våre. Gjennom undervisning, rettleiing, utfordringar, kunnskapsdeling, dialog og refleksjon skal me bidra til at du som elev skal lukkast i di utviklingsreise. Velkomen til Voss gymnas til gode skuleår med læring og utvikling på veg mot framtida di!

Voss gymnas tilbyr desse utdanningsprogramma: ► Design og handverk ► Helse- og oppvekstfag ► Service og samferdsel ► Innføringskurs for minoritetsspråklege elevar ► Påbygging til generell studiekompetanse ► Idrettsfag med toppidrett handball og fotball ► Kunst, arkitektur og design ► Musikk, dans og drama ► Studiespesialiserande med retningane realfag og språk, samfunnsfag og økonomi ► Toppidrett ski i samarbeid med Olympiatoppen Vest

Unn Fauskanger Rektor

Kontakt oss Voss gymnas Besøksadresse: Gymnasvegen 5, 5700 VOSS Postadresse: Boks 70, 5701 VOSS Telefon: 57 30 77 00 Heimeside: www.hordaland.no/nn-NO/skole/vossgymnas 2


Voss – bygd for sterke opplevingar! Du kan som elev søkja deg til Voss gymnas frå alle stader i Hordaland. Bygda vår er regionsenteret i indre strok. Du finn alt du treng i bygda, både butikkar, bibliotek og kino, i tillegg til mengder av fritidstilbod. Her er varierte kulturarrangement, høve til å dyrka ekstremsport, alle typar idrettar og friluftsliv både sommar og vinter. Keisamt er her ikkje! Voss ligg ved Bergensbanen med togstasjon midt i sentrum. E16 går gjennom bygda og me har såleis god kommunikasjon både mot aust og vest.

3


STUDIESPESIALISERANDE Planlegg du universitets- eller høgskuleutdanning etter vidaregåande skule? Om du vel eit studiespesialiserande programområde, får du studiekompetanse til høgare studium i Noreg og i utlandet. Dette er eit trygt val for deg som enno ikkje har bestemt kva karriere du vil satsa på, eller for deg som veit du vil studera.

Likar du språk og historie? Synest du det er interessant å læra om korleis samfunn vert til, fungerer og vert påverka? Har du lyst til å vita meir om kva lover og reglar som gjeld og korleis ein les og nyttar dei?

Veit du ikkje heilt kva du vil bli? Dette er eit studieførebuande program som gjev deg generell På studiespesialiserande har alle eit fellesår studiekompetanse og eit godt grunnlag for mange først, der du kan velja kva framandspråk og type ulike studie. matematikkfag du vil ha. For Vg2 og Vg3 må du velja fordjupingsretning innan ”Språk, samfunnsfag og økonomi” eller ”Realfag”. Nokre av programfaga er: Begge fordjupingsretningane legg opp til ekskursjonar knytta til ulike tema, slik at du får oppleva teorien i praksis.

Språk, samfunnsfag og økonomi Med språk, samfunnsfag og økonomi som fordjuping får du mellom anna: ► Læra om grupperingar og organisasjonar for å sjå og forstå samanhengar i samfunnet ► Studera historiske hendingar og fordjupa deg i ulike tema ► Utvikla språkkunnskapane dine

4

► engelsk ► rettslære ► sosiologi ► historie og filosofi ► politikk og menneskerettar ► økonomi


Realfag – spesiell studiekompetanse Tek du fordjuping i realfag, får du spesiell studiekompetanse, og det kan gje deg inngang til alle typar studium. Kan du tenkja deg å bli lækjar, arkitekt eller kanskje farmasøyt, ingeniør eller sivilingeniør? Valfridomen er stor dersom du vel realfag. Du får høve til å fordjupa deg i utfordrande matematikk, du vil forstå samanhengar i den fysiske verda, studera natur, planter og menneske og læra meir om teknologi. Høyrest noko av dette interessant ut, kan realfagsfordjuping vera retninga for deg. Dersom du vel ei fordjuping innan realfag får du eit breitt grunnlag for vidare studie.

Nokre av programfaga er: ► matematikk ► fysikk ► kjemi ► biologi ► informasjonsteknologi

Er du oppteken av berekraftig utvikling og vil jobba for å vera med å løysa dei store klima- og teknologiutfordringane i verda, er realfag inngangsporten.

5


IDRETTSFAG Likar du å trena og vera i aktivitet? Då er idrettsfag plassen for deg. Hjå oss kan du velja toppidrett og fokusera på idretten din, eller breiddeidrett, der du vel ein kombinasjon av to idrettar. Voss er kjend som ei stor idrettsbygd der det ligg til rette for ulike idrettar både sommar og vinter. Ny skule, flotte fasilitetar og dyktige lærarar gjev deg høve til å kombinera skule og idrett på ein god måte. Idrettsfag dreg årleg på friluftstur med overnatting, og Vg3 reiser på treningsleir til Lanzarote i ei veke. Idrettsutdanning gjev deg generell studiekompetanse og kvalifiserer deg til vidare studium ved universitet og høgskular. Idrettsfag har Nordplus-utveksling til Island for fotball og handball.

6

Toppidrett: ► fotball ► handball ► friski

Breiddeidrett: ► fotball/friski ► handball/friski


TOPPIDRETT SKI Voss gymnas har toppidrett ski som eit eige Toppidrett ski: tilbod på idrettsfag. Her kan du få generell studiekompetanse medan du får best mogleg ► alpint rettleiing i idretten din. Olympiatoppen region Vest er ein sentral samarbeidspartnar som m.a. bidreg på treningsdelen, med testing og med helsefaglege ressursar. Skulen har eit godt samarbeid med lokale idrettslag og klubbar, slik at du får eit heilskapleg opplegg når du tek sporten din steget vidare. For å søkja på dette tilbodet må du vera konkurranseutøvar i idretten din og ha eit klart ynskje om å utvikla deg vidare.

► freestyle ► langrenn ► skiskyting ► friski/snøbrett

7


MUSIKK, DANS OG DRAMA Spelar du eit instrument? Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Utdanningsprogram for musikk, dans og drama er for alle dei som er interesserte i musikk. Dette er staden for dei som drøymer om å bli konsertpianistar, rockegitaristar, hiphopdansarar eller har ei songstemme dei vil utvikla – og for dei som ynskjer eit godt fagleg grunnlag for vidare utdanning innan musikk, dans eller drama. Kvart tredje år har me ei stor framsyning med musikk, dans og drama der alle elevane er med. Søkjer du musikklina som førsteprioritet, får du tilbod om opptaksprøve. Her kan du få tilleggspoeng for musikalsk dugleik, i tillegg til poenga dine frå ungdomsskulen. Første året er det undervisning i både musikk, dans og drama, men andre og tredje året har me fordjuping i musikkfag.

8

Hjå oss får du blant anna: ► instrument og samspel ► musikkhistorie, teori og praktisk musikklære ► kjennskap til ulike stilartar som jazz, rock og klassisk musikk ► instruksjon og musikkproduksjon ► konsertar både som utøvar og publikum ► innføring i drama og dans


KUNST, DESIGN OG ARKITEKTUR Likar du å teikna, legg du merke til harmoni i Hjå oss får du mellom anna læra fag relevante fargar og bygg, og er du oppteken av grafikk? for desse utdanningane: Utdanningsprogrammet Kunst, design og arkitektur er målretta for dei kreative, og passar for deg som er interessert i design, form og farge, som er glad i å teikna og i å skapa. På Kunst, design og arkitektur får du generell studiekompetanse samstundes om du får utvikla dei kreative evnene dine.

► arkitekt, landskapsarkitekt eller interiørarkitekt ► produktdesignar, industridesignar eller grafisk designar ► kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar

Etter tre år på Kunst, design og arkitektur kan du utdanna deg vidare på universitet og høgskular.

9


UTVEKSLING OG INTERNASJONALISERING På Voss gymnas er me opptekne av den vide verda me er ein del av, og difor tilbyr me ulike utvekslingsordningar. Dersom du er interessert i språk og andre lands kulturar, kan tenkja deg eit heilt år eller eit kortare opphald i utlandet, har me ulike tilbod for deg. Hordaland fylkeskommune har eigne Vg2klassar der du kan ta andre året på studiespesialiserande som eit teljande år: ► Vg2 i Frankrike – utveksling i regi av Voss gymnas ► Vg2 i Wales – utveksling i regi av Knarvik Vgs ► Vg2 i USA – utveksling i regi av Øystese gymnas ► Vg2 i Tyskland – utveksling i regi av Askøy Vgs Du kan òg reisa ut med ulike organisasjonar som t.d. AFS, EF eller YFU.

10

Me legg òg til rette for kortare opphald i England, Frankrike, Spania og Tyskland, samt treningsopphald i utlandet for idrett og toppidrett ski. Du som går på yrkesfaglege utdanningsprogram kan søkja på fire veker praksis i utlandet i fordjupings­faget ditt. Dette er ei stipendordning gjennom Erasmus+. Me har òg eit opplegg for elevar på Kunst, design og arkitektur gjennom denne ordninga. Faga som er ute i praksis er: ► IKT-servicefag ► helsearbeidarfag ► barne- og ungdomsarbeidarfag ► frisør


DESIGN OG HANDVERK Er du kreativ og full av gode idear? Er du opp- Etter fullført skulegang kan du ta to år i lære teken av design og utsjånad, og kan tenkja deg og så sveineprøve, eller du kan ta påbygging til å arbeida med handverksfag frå idé til ferdig generell studiekompetanse. produkt? På design og handverk får du to år der du bruker tida på å skapa, vera kreativ og læra om produksjon. Det første året gjev eit breitt grunnlag for handverksfag. Du får undervisning i komposisjon, teikning, form- og fargelære, produktutvikling, entreprenørskap, maskiner, verktøy og teknikkar. Det andre året kan du velja å fordjupa deg i frisørfaget. Du får mellom anna høve til å delta i konkurransefrisering og praksis i inn- og utland.

På Voss gymnas tilbyr me: ► Vg1 Design og handverk ► Vg2 Frisør

11


HELSE- OG OPPVEKSTFAG Helse- og oppvekstfag er for deg som kan visa På Voss gymnas tilbyr me: at du set andre sine behov i sentrum og satsar på ei utdanning der du kan vera til støtte og ► Vg1 Helse- og oppvekstfag hjelp for andre i kvardagen. Du må lika å koma i kontakt med andre og vera ein god samar► Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag beidspartnar. På helse- og oppvekstfag blir det lagt vekt på kva som krevst av deg som profesjonell yrkesutøvar. Du vil læra om kommunikasjon, humanbiologi, utviklingspsykologi og ernæring. I yrkesfagleg fordjuping vil du få praksisplass som skulen skaffar. På Vg2 vil ein fordjupa seg i arbeid med barn og unge eller arbeid med sjuke og funksjonshemma. Elevane har praksis i bedrift både på Vg1 og Vg2. Etter Vg2 er det ditt val om du vil søkja læreplass og ta fagbrev, eller få studiekompetanse på Vg3 påbygging.

12

► Vg2 Helsearbeidarfag


SERVICE OG SAMFERDSEL Forstår du kundar sine behov eller har du kanskje ein gründer i magen? Er du serviceorientert og vil hjelpa folk med reiseliv, halda datakurs for andre eller vera med å drifta og vedlikehalda datasystem. Då er dette utdanningsprogrammet for deg. På Vg1 får du innføring i kvalitetssikring av gode produkt, i marknadsføring og i god service. I tillegg er ekskursjonar til verksemder og oppdrag frå næringslivet og festivalbygda Voss ein viktig del av utdanninga.

På Voss gymnas tilbyr me: ► Vg1 Service og samferdsel ► Vg2 IKT-servicefag ► Vg2 Reiseliv (må politisk godkjennast)

På Vg2 IKT-servicefag får du ei grundig og god opplæring i programvare, maskinvare, nettverk, programmering og service og kundebehandling. Elevane har praksis i bedrift både på Vg1 og Vg2. Hausten 2019 vonar me Vg2 reiseliv er tilbake på Voss gymnas. Etter Vg2 er det ditt val om du vil søkja læreplass og ta fagbrev, eller få studiekompetanse på Vg3 påbygging.

13


VG3 PÅBYGGING TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE Det er aldri for seint å læra meir. Dersom du har teke ei yrkesfagleg utdanning, men ønskjer å få generell studiekompetanse for å kunna studera på universitet og høgskular, kan du ta eit år med påbygging.

Som elev på Vg3 påbygging får du desse faga: ► norsk ► historie ► naturfag ► matematikk 2P-Y ► kroppsøving ► valfritt programfag

14


VAKSENOPPLÆRING Voss gymnas er vaksenopplæringssenter for Du har rett til gratis vaksenopplæring Voss og indre Hardanger. Her tilbyr me ei rekkje dersom du: vidaregåande utdanningar for vaksne, som kan gje deg studiekompetanse, fagbrev eller yrkes► fyller 25 år eller meir det året du søkjer kompetanse. Vaksenopplæringssenteret har rådgjevarar som kan gje informasjon om ulike vaksenopplæringstilbod og gjennomføra realkompetansevurdering. Ta kontakt på: e-post vo.vgy@hfk.no eller på telefon 57 30 77 00.

► har fullført grunnskule eller tilsvarande ► ikkje har fullført vidaregåande utdanning

tidlegare

► søkjer i heimfylket ditt ► har gyldig opphaldsløyve

(gjeld minoritetsspråklege)

15


INNFØRINGSKURS FOR MINORITETSSPRÅKLEGE ELEVAR Voss gymnas tilbyr innføringskurs for minori- For å søkja må du ha: tetsspråklege elevar som har behov for opplæring i norsk for å ta vidaregåande utdanning. ► fylt 16 år Kurset følgjer planar som førebur deg på å kunna fullføra Vg1 året etter, med undervisning i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving. Kurset gjev ingen formell kompetanse, men gjer det mykje lettare for deg å ta ei vidaregåande utdanning.

16

► dokumentert fullført norsk grunnskule-

opplæring eller tilsvarande (alternativt realkompetansevurdering)

► lovleg opphaldsløyve i Noreg


TRENG DU EIN STAD Å BU? Om du er tilflyttar, så er internatet staden for deg. På internatet får du vener for livet. Du bur på Rogne, nær både Voss gymnas og sentrum, i lag med elevar frå begge dei vidaregåande skulane på Voss. Du bur i dublett med felles bad eller i enkeltrom med bad. Du får i tillegg felles opphaldsrom, kjøkken, stove og aktivitetsrom. Internatet er ein trygg og god bustad for elevane, der det også er miljøarbeidarar og nattevakt. Dei syte for at alle vert tekne vare på og at alle får ta del i den positive fellesskapen på internatet. Dei legg også til rette for transport til skiarenaer, hjelper med vekking dersom det er naudsynt og ser etter deg dersom du vert sjuk.

Internatet tilbyr: ► eigen hybel ► trådlaust internett ► felles opphaldsrom med kjøkken og stove ► bordtennis, biljard og aktivitetsrom ► felles kveldsmat (mot eit lite tillegg) ► rabattordningar på ulike tilbod på Voss ► skistall og prepperom

For prisar, sjå www.hordaland.no/nyevossvgs Ynskjer du å vera hybelbuar, vil internatleiar kunna gje deg kontaktinformasjon til private utleigarar. Skulane på Voss har også ein eigen elevkoordinator som arbeider for hybelbuarane med sosiale aktivitetar og oppfylging av einskilde elevar dersom det er naudsynt.

17


18


19


Kontakt oss Voss gymnas Besøksadresse: Gymnasvegen 5, 5700 VOSS Postadresse: Boks 70, 5701 VOSS Telefon: 57 30 77 00 Heimeside: www.hordaland.no/nn-NO/skole/vossgymnas 20


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.