Fylkesting for ungdom 2019 – Fråsegner

Page 1

FYLKESTING FOR UNGDOM 2019 FRÃ…SEGNER

www.sfj.no


2

Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

POLITISK PROGRAM FOR UNGDOM 2019/2020

Dette heftet er ei oversikt over fråsegnene som vart vedtatt på fylkesting for ungdom 2019. Fylkesting for ungdom er det øvste talerøyret til ungdom i Sogn og Fjordane og arbeider for å fremje interessene til ungdom i fylket. På fylkesting for ungdom 2019 vart det vedteke 21 regional- og/eller lokalpolitiske saker som angår ungdom. Desse sakene skal ungdomspolitisk utval arbeide for i perioden 2019/2020. Vi håpar at de som er politikarar og byråkratar vil dra nytte av dette heftet i dykkar viktige arbeid.

Ungdomspolitisk utval 2019/2020


Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Ungdoms politisk utval (UPU) er arbeidsorganet til fylkesting for ungdom (FFU). UPU er sett saman av fem medlemer og varamedlemar. Desse vert valde på fylkesting for ungdom. UPU arbeider etter mynde frå fylkesting for ungdom, og følgjer opp vedtak gjort av fylkesting for ungdom og rapporterer til FFU om måten dei har følgt opp vedtaka sidan førre tingsete. UPU skal fungere som referansegruppe i arbeidet med fylkeskommunale planar og saker som gjeld barn og ungdom. UPU står for planlegging og gjennomføring av ei årleg nettverkssamling for ungdomsråda i kommunane og det årlege fylkestinget for ungdom.

UNGDOMSPOLITISK UTVAL 2018/2019: ■■

Marthe Teigen Refsnes, leiar

■■

Leander Sunde, nestleiar

■■

Lisa Horpen

■■

Sofie Krumsvik

■■

Mathilde Tjønneland

Meir informasjon: www.sfj.no/ungdomsdemokrati

3


4

Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Vedtekne fråsegner fylkesting for ungdom 2019 Samarbeid med planstaben Ungdomspolitisk utval skal i perioden 19/20 føre eit samarbeid med planstaben angåande regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna). UPU skal hjelpe planstaben med å formidle og vidaresende informasjon til ungdomsråda i kommunane i perioden mai-juli, då handelsføresegna er på høyring.

Nasjonale retningslinjer for val av ungdomsråd Dagens reglement for ungdomsråd er ikkje tilstrekkeleg. Ungdomsråd er no blitt lovpålagd, men det står ingenting om korleis det skal gjennomførast. Dette fører til: ■■

Varierande kvalitet på ungdomsråda

■■

Varierande grad av opplyst ungdom

■■

Varierande grad av ungdomsdemokrati og ungdomsmedverknad

Difor ønskjer fylkesting for ungdom lovbestemte retningslinjer for ungdomsråd i Vestland, helst i heile Noreg. Det skal være representantar frå alle skulane. Kommunane kan sjølv velje om dei vil tillate frie lister. Ein tilsett i kommunen skal ha rådmannfunksjon for ungdomsrådet. Dette kan til dømes vere kultursjefen. Skulane skal ha ein «politisk dag» i førekant. Her får dei som ønskjer å stille til val moglegheit til å presentere seg og sine hjartesaker. Dette vil fremme ungdomsdemokratiet og på lang sikt heile demokratiet. Ungdomsråda skal være representert med møte- og talerett i by-/ kommunestyra, formannskapa og skal ha moglegheit


Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Amila Adzemovic på talastolen.

til å delta i alle relevante utval. Dersom ein kommune har etablert ei velfungerande organisering, kan det vurderast om dei treng å følje desse retningslinjene. Det er ikkje ynskjeleg at desse retningslinjene øydelegg for allereie etablerte ungdomsråd. Her skal lova vise skjønn. Innspel til strategi: Flora/komande Kinn kommune har veldig bra utgangspunkt, ungdomsråda er involvert og sit i styringssetet ved utforming av det nye ungdomsrådet. Kontakte UPU/UFU i dei andre fylka. Spele inn til vaksenpolitikarane på fylkesnivå, og nasjonalt.

5


6

Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Talerett på fylkestinget Per dags dato har fylkespolitikken svært låg grad av ungdomsmedverknad i Sogn og Fjordane. Fylkesting for ungdom er kjempebra, men at UPU har orientering når fylkespolitikarane inviterer dei, er ikkje at ungdommen blir høyrd. Dersom vaksne politikare er seriøse om at dei vil høyre kva ungdommen meiner, må dei la engasjert ungdom få delta i debatten. Difor må leiar og nestleiar i UPU få møte- og talerett på fylkestinget slik at ein snakke om sakene når dei er relevante i debatten.

Leiar i ungdomspolitisk utval Kamilla Rivedal på talarstolen.


Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Den kulturelle søppelsekken Utfordringa med klima og miljø er ofte manglande kunnskap om kva ein kan gjere som einskildindivid. Det er difor svært viktig å ha fokus på korleis ein påverkar samfunnet og miljøet rundt seg. Ein burde satse tidleg på å gje tilstrekkeleg informasjon om kva ein sjølv kan gjere for å skape eit betre miljø i framtida. Kunnskap er nøkkelen til ei god haldning for eit berekraftig samfunn. For å auke bevisstheita vil vi introdusere den kulturelle søppelsekken som ein del av Den kulturelle skulesekken. Den kulturelle søppelsekken skal bestå av ulike aktivitetar, spel, filmar og foredrag om marin forsøpling, klimautslepp og forureining generelt. Ungdomspolitisk utval skal jobbe for å få på plass den kulturelle søppelsekken som ein del av den kulturelle skulesekken. Det går fint om ordninga ikkje heiter den kulturelle søppelsekken, men innhaldet skal være det same.

Sjukemelding frå tilsette i skulehelsetenesta Den siste tida har det vore vanskelegare for skuleelevar å skaffe seg sjukemelding då legane har vore dei einaste med fullmakt til å skrive ut slike. Dette er kostbart og tidkrevjande for dei sjuke, i tillegg til at det setter legestanden i større arbeidspress enn nødvendig. Dessutan bidrar det til å spreie sjukdom i befolkninga. Difor skal ungdomspolitisk utval (UPU) arbeide for at tilsette i skulehelsetenesta på skular i fylket skal ha fullmakt til å skrive sjukemeldingar for elevane. UPU skal kontakte kommuneoverlegar i fylket og jobbe for at desse skal gi tilsette i skulehelsetenesta på vidaregåande skular fullmakt til å skrive sjukemeldingar. Denne ordninga vart prøvd ut i Flora, men vart fjerna fordi dei opplevde at mange utnytta den, og kommuneoverlegen ønskte betre oversikt over sjukdomsbilete i kommunen. Dei tilsette i skulehelsetenesta må ikkje å få løyve til å skrive ut sjukemelding over telefon.

Kulturkort for ungdom Vestland fylkeskommune Fylkesting for ungdom ynskjer at fylkeskommunen i samarbeid med kulturlivet opprettar ei kulturkortordning. Ungdom bør få moglegheita til å delta på kulturarrangement, besøke musea i Vestland eller dra på kino med vennane sine for ein billeg penge. Målet med ordninga bør vere å auke kulturforståing og spreie kunnskap blant ungdom.

7


8

Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Lokal transport for ungdom: LTU Lokaltransport for ungdom (LTU) gjer det mogleg for ungdom å reise kollektivt til og frå fritidsaktivitetar, også når det ikkje går ordinære ruter. I eit fylke med store avstandar, der ungdomane bur spreidd og ofte langt frå fritidstilboda, er det umogleg å ha eit ordinært rutetilbod som passar alle. Mange unge opplever at det spesielt er på ettermiddag og kveld at kollektivtilbodet er avgrensa. Det er sett av 1. million kroner som kan nyttast for å betre reisetilbodet for ungdom mellom 13 og 19 år, som treng skyss til og frå aktivitetar på ettermiddag og kveld. Kvart år blir kommunane og ungdomsråda inviterte til å utforme eit skyssopplegg, og søkje om prosjektmidlar. Søknadsfristen for 2019 er 29. mars. LTU-midlane blir mellom anna brukte til transport til og frå skisenter, ungdomsklubbar, kino, skuleball, diskotek og konsertar. Lokalt tilpassa skyss for ungdom er praktisk for ungdomane, samtidig som den skapar trivsel fordi den gjer det mogleg for ungdomane å gjere noko sosialt saman. Tiltak: ■■

Informere kommunane om å bruke tiltaket

■■

Løyve meir pengar om nødvendig

■■

Utvida søknadsprosess ( utgått søknadsfrist)

Yrkesfag med idrettstilpassing I dagens valmoglegheiter for ungdomar til vidaregåande skule, er det berre idrett med studiespesialiserande, som er mogleg for ungdomen i fylket å velje. Dette ynskjer vi å gjere noko med. Derfor foreslår vi å arbeide for å jobbe for yrkesfag med idrettstilpassing. Elevar som har lyst til å satse på idretten sin, eller berre generelt halde på med idrett, bør få moglegheita til dette.


Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Fylkespolitikarar under spørjetimen.

Tiltak som kan gjerast: ■■

Dialog mellom idrettsutøvarane og fylkeskommune.

■■

Løyve utstyr, midlar, pengar osv. til tiltaket.

■■

Forlenge studietida over tre år i staden for to, for å få nok tid til trening, restitusjon, samlingar osv.

HOP ON- sykkel «Hop on»- sykkel, syklar utplassert i sentrum. Gratis tilbod skapar aktivitet og eit kollektivtilbod for alle. GPS- sporing for å forhindre tjuveri. Miljøvenleg tilbod. Å «låse opp» sykkelen, gjerast via ein app. Kan utvide med el- sykkel med passasjersete. Tiltak: fylkeskommunen, ev. Sparebankstiftinga, kan løyve pengar som kommunane kan søke om for å få «hop on»- syklar i kommunane.

9


10

Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Praktisk ID Det må bli lettare å framvise gyldig ID/legitimasjon. Ein kan få på plass ei digital løysing, t.d. på mobilen som app. Eit anna alternativ er at ein gjer studentbevisa som ein får gjennom skulen til gyldig legitimasjon. Uansett må det komme løysingar som er meir lettvinte enn å ta med seg passet sitt på fest. UPU skal difor jobbe for å lage eit nytt alternativ for å framvise gyldig legitimasjon. Løysinga kan være nettbasert, app-basert eller som eit plastkort. Dersom løysinga ikkje vært teknologisk, må den være vasstett.

Stemmerett for sekstenåringar I lokalpolitikken er det eit svært hol i aldersgruppa unge vaksne i byar utan høgskule/universitet. Dette er fordi dei fleste unge flyttar når dei fyller 18, fordi det ikkje er noko som held dei i byen. For å styrke lokaldemokratiet, og skape meir mangfald i by- og kommunestyra, ønskjer vi at stemmealderen ved kommuneval bli satt ned frå 18 til 16 år. Dette vil opne opp for mange unge eldsjeler, som ein stenger ute med dagens ordning. Dersom UPU ser at dette ikkje kan gjennomførast, må dei jobbe for å tillate 16-18 åringar å stille til kommuneval.

Fleire og betre BUA/utlånsordningar BUA er en nasjonal utlånsordning for idrettsutstyr. Målet med en slik ordning er å betre folkehelsa, at det blir en lågare terskel for å drive med idrett og minske sosiale skilnader. I dag finnes det 2 BUA ordningar i fylket. Det er alt for få, og det er ikkje nok bredde i utvalet. Ungdomspolitisk utval skal: ■■

Gje noverande BUA/utlånsordningar støtte for å betre utvalet.

■■

Oppmode kommunane til å opprette BUA eller anna utlånsordning der det ikkje allereie finnast.


Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Betre nynorskundervisning I det nye fylket er det viktig at nynorsk blir meir prioritert på skulen. Vi har alt for lite nynorskundervisning i dag, og nokre har det omtrent ikkje. Ungdomspolitisk utval skal: ■■

Jobbe mot å lage et minimumskrav om tall nynorsktimer for de som har nynorsk som sidemål.

■■

Sikre at nynorskundervisninga startar tidleg i ungdomsskulane.

Fritt skuleval I dag er det slik at mange elevar er nøydde til å gå på nærskolen sin når dei skal byrje på vidaregåande. Sånn bør det ikkje være. Du veit best sjølv kva skule og linje du vil gå på. Derfor skal sjølvsagt du ta dette valet, ikkje en politikar eller byråkrat som bestemmer det ut i frå postnummeret ditt.

Gjenopprette YSK – IKT ved Måløy VGS For 3 år sidan vart YSK/TAF IKT lagt ned ved Måløy vidaregåande skole. YSK - IKT er ei linje som gir deg fagbrev som IKT – service medarbeidar, spesiell studiekompetanse og løn under utdanning. I tillegg opparbeider du relevant arbeidserfaring gjennom heile løpet og får ein god start i arbeidslivet seinare. I alle bransjar vil du stille sterkare om du har IT – ferdigheiter, då alt digitaliserast og automatiserast. I tillegg er det ein stor fordel å ha IKT i tillegg til studiekompetanse om du skal gå vidare på eit teknologisk studie, som det heile tida blir fleire av. Eitt av verdas mest spanande IT- miljø finnast i Måløy, og fylket veit at næringslivet etterspør linja. Vi har blant annet Localhost, Lefdal Mine Datacenter, Videonor og Nordfjordnett. Derfor må UPU gjenopprette YSK – IKT som studieretning på Måløy VGS.

11


12

Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Digitalt busskort Det er lett å miste busskortet sitt, så difor er digitalt busskort ei bra løysing. Ein kan ta fram mobilen og vise/skanne det i staden for å bruke eit vanlig busskort. Både vanlig busskort og gratis skulebusskort. Det betyr ikkje at ein droppar der fysiske kortet, med ein gong, men kanskje i framtida.

Betre datasystem Mange av datasystema til skulen er utdaterte og treng ei oppussing både på utsjånad og funksjonalitet. «Skulearena» er spesielt treigt og ser uprofesjonelt ut. Dette er system elevane ofte er borti og dei bør vere meir optimalisert enn dei er no. UPU burde be fylkeskommunen gå gjennom sine datasystem som er brukt av elevane og forbetre/få nye system.

Satsing på kollektivtransport i Vestland Vi er no i ferd med å slå oss saman med Hordaland, om 270 dagar blir det Vestland. Det er bra, men vi må fortsette satse på å forsterke kollektivtransport, for det er noko viktig i vårt område med tanke på avstand og geografisk.

Talerett/ taletid UPU skal via fadderordninga ta kontakt med ungdomsråd/bystyre for at dei skal få innført eller oppretthaldt tale- og framleggsrett i kommunestyret.

Elevmentor- opplegg UPU vil oppfordre alle vidaregåande skular til å ha tiltak som betrar klasse- og skulemiljø, som t.d. elevmentor, MOT og Elev- ven.


Fylkesting for ungdom 2019 | Fråsegner

Skulepsykolog Fleire elevar opplev mobbing, og mange norske ungdommar lev med ei psykisk liding. Det er viktigare enn nokon gong å setje inn ressursar der ungdommane er. Elevar som slit psykisk skal ha hurtig behandling. Fylkesting for ungdom meinar at alle ungdom skal ha tilgang til skulepsykolog. For det første er vi nøydde til å gje kommunane meir midlar til å tilsette fleire skulepsykologar. Midlane til helsesjukepleiarar har auke, men det er ei utfordring med kommunar som brukar midlane til andre tiltak. Fylkesting for ungdom krev difor at fylkeskommunen øyremerker midlar til skulepsykologar, både i grunnskulen og på dei vidaregåande skulane.

13


Ă˜M ERK E T

IL J

9 Tr ykksak 6

1

M

9

FylkesrĂĽdmannen Fylkeshuset Askedalen 2, 6863 Leikanger Telefon: 57 65 61 00 Telefaks: 57 65 30 20 E-post: postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no

24


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.